Innleiing
Det er vanleg å rekne at "leikarbeidet" i Noreg tok til i 1902
i Bondeungdomslaget i Oslo (BUL), utløyst
ved den framsyninga som Hulda Garborg (1862-1934) og ein liten ring med
unge musikalske Kristiania-damer hadde på eit lagsmøte i
Bondeungdomslaget 7. mars 1902, og der Arne Garborg (1851-1924) tala om
"Nordisk folkedans". Svært mange høyrde og såg, og
mange kom ikkje inn i salen, og dei vart svært oppglødde for
folkevisedansen. Etter dette vart det etter kvart vanleg med folkevisedans
på lagsmøta i BUL, og dansen breidde seg snart til andre stader. På
målmarknaden i Bergen hausten 1902 var det såleis også framsyning av
folkevisedans etter at Hulda Garborg var der og lærde bort nokre dansar.
Om bakgrunnen
Men det starta på eit vis før, med dei nasjonale, frilynde og
målpolitiske rørslene som voks fram på 1890-talet, ikkje minst i Oslo.
På slutten av 1800-talet auka folketalet i Kristiania sterkt, mest pga
stor innflytting. I 1875 var folketalet kring 95 000 og i 1900 var det
heile 227 000. Av måltiltak var Det Norske Samlaget (1868) tidleg ute. I
1894 fekk desse rørslene eit viktig talerøyr i bladet "Den 17de
mai", der Rasmus Steinsvik (1863-1913) var redaktør i mange år,
heilt til han døydde (dagsavis frå 1914). "Syn og Segn" kom i
1894. I 1895 fekk målfolket i gang "Målkassa" - eit kulturfond
for målreisinga. På 1880-talet og særleg på 1890-talet
voks det fram mange ungdomslag, "lesarlag", eller mållag som
arbeidde for nasjonal reising og folkeleg opplysning. Sume av desse laga
var nokså radikale, til dømes "Fram" (skipa i 1890) og
"Friheten" (1891), andre meir typiske bygdelag der innflyttarar
kunne møtest, eller meir politiske lag som enten var sosialistiske eller
sokna til Venstre.
Laget "Fram" gjorde særleg mykje for å stø framvoksteren av
dei "frilynde" tankane på 90-talet. Arnstein Myhr var ein av
dei leiande, ofte formann, og studentar som Halvdan Koth og Nicolaus
Gjelsvik gjorde stor innsats. Fram skipa til det første ungdomsstemnet i
hovudstaden for Eidsiva i 1895, og Koth og Myhr tok i dette laget
initiativet til å skipe eit landslag av frilynde ungdomslag. I 1896 vart Noregs Ungdomslag skipa i Trondheim
av 9 fylkeslag. I 1998 1. - 18. september, gjekk norskdomsfolk i Oslo
saman og skipa "Den norske Marknaden" -
"Målmarknaden" på Tivoliområdet. Det vart samla inn ei
mengd gåver (snikkararbeid, rosemåling, treskurd, vevnad, saum ..)
som vart seldt, og samtidig var det kulturelle tilstellingar av mange
slag. Det var foredrag om nasjonale emne, Hulda Garborg stod i brodden for
teateroppsetjingar på nynorsk, det var folkevisesong av mellom andre
Torvald Lammers, nasjonalt felespel, nasjonaldans, det var
"Peisestove" og "Huskestove" og mykje anna. Og det kom
inn svært mykje pengar (ca 20000 kr) til målarbeidet. I 1899
starta Hulda Garborg og andre "Det Norske Spellaget" - eit
teater utan fast scene, med Hulda som teatersjef. I dette miljøet var Arne Garborg var den
sentrale "åndshøvdingen".
Bondeungdomslaget vert skipa
I 1899 vart Bondeungdomslaget i Oslo skipa, nær knytt til Noregs
Ungdomslag og målarbeidet, med
Christopher Bruun (1839-1920) som "åndeleg far" og med
bladmannen Klaus Sletten (1877-1946) som ei ung drivande kraft. Han vart
første leiaren i BUL og var det i mange år framover, til 1916. BUL fekk
svært mykje å seie for utviklinga av nesten alt frilyndt og målpolitisk
arbeid i hovudstaden, ja i heile landet. Ikkje minst fordi laget raskt
vart sterkt også økonomisk, og dreiv etter kvart mange forretningar:
fleire kafear, hotell, bunadutsal og eige lagshus. Lagshuset Bondeheimen
vart bygt i 1913, og der fekk også Det Norske Teateret, som vart skipa
same året, tilhald. Det
gjorde at dei kunne gje økonomisk stønad til mange tiltak, til dømes
nynorske blad, Det norske Teateret og mykje anna. Her står det
meir om den snøgge utviklinga i BUL dei første åra.
Dei første åra i BUL
I BUL var det møte kvar fredagskveld, med framifrå talarar og kulturelle
program - opplesing, handskreve blad, musikk og folkevisesong. Norsk
nasjonaldans (springarar, gangar etc) og felespel kunne det også vere,
mellom andre av Torgeir Torgeirson sonen til Myllarguten.
Stordansaren Jon Dale frå Valdres heldt kurs i springar, gangar og
halling, og dansane vart vist fram for publikum. Leik og moro var det
mindre av, og dans ikkje. Klaus Sletten var ein streng formann som meinte
at dans tok merksemda vekk frå "høgre hugmål". (Men
i laget "Oslo Gilde", som vart starta i 1900 for litt eldre
målfolk, kunne dei også danse.) Iblant kunne det vere stevleik, dei hadde fleire lagsfolk som
var flinke i slikt som Lars Liestøl, og dei kunne og lage aktuelle nylaga
stev. Elles kunne dei drive med leikar som "Ut å gå på
brandvakt", "Veva vadmål", "Kjerringa med
staven", "Riss, rass fillebombombom",
"Hindeleiken" og andre frå samlinga til Bernt Støylen (1899).
I 1900 fekk Margit Bruun - dotter til presten og folkehøgskulemannen Chr.
Bruun (1839-1920) - samla ei lita gruppe lagsfolk som tok til å
syngje folkeviser etter Landstads visebok. Dette arbeidet gjorde nok at
då Hulda Garborg i mars 1902 viste songdansen sin, var det god grobotn
for at mange snøgt vart interessert. Det byrja straks å kome folkeviser
i det nye bladet "Symra" som leiaren i BUL Klaus Sletten var
bladstyrar for, både tekst og tonar, mellom andre "Gudmund og
Signeliti", "Kongen og Knut liten", "Reven og
bjørnen" og "Liti Kjersti". I referatet frå
17.-mai-festen i BUL i 1902 stod det: "Leid på kvelden var det folkedans og
annan leik, so folk totte det var gaman". Og frå årsfesten i
oktober: "Folkeviseleiken gjekk med meir liv enn nokon gong fyrr,
alle vilde vera med". Dei viste også fram folkeviseleik og
barneleikar på Folkemuseet på Bygdøy. Alt tyder difor på at iallefall
ein del av medlemene i BUL var med å dansa folkevisedans, og at Hulda
Garborg hjelpte til med å lære dei dansar i tida etter ho viste dansen
på møtet i mars. Elles fortel Hulda Garborg at ho allereide i 1900 tok
til å øve dansar med dei 6-7 jentene "sine".
Sumaren 1902 var Hulda Garborg på studietur til Færøyane og fekk der oppleve
dansen færøydansen for første gong. Om det dramatiske møtet med den
levande tradisjonen der skreiv ho til Arne Garborg: "Slig Hedenskab
har jeg aldri set i Dans. Gamle, veirbidte Mænd blev rent vilde og
skraalede af Fryd og Livsglæde." Ho dansa så lenge ho kunne stå
på føtene, skriv Johs A. Dale i biografien om henne. Denne tida brukte
ho mykje av tida si på dansen. Om hausten var ho til dømes i Bergen og
lærde opp ein flokk dansarar til Målmarknaden der, den første gongen
dei dansa folkevisedans der. Dette vart starten på eit kurs som varde i 4
månader med 60 elevar. Lærar Einar Bø og Arne Hatlestad var dugande
instruktørar. Begge desse dreiv aktivt som danselærarar i åra framover,
attåt andre, til dømes Rasmus Hvidsten.
I februar 1903 skreiv Hulda Garborg eit stykkje i "Symra": "Eg
ser at dei vil taka til med folkevisedans kring i bygdene. Det gjeng
fortare enn eg hadde tort vona, og ingen kan vera gladare for det enn eg.
..." (Sjå også
her) Hulda Garborg og BUL vart våren 1903 invitert til å kome til
Stockholm og vise folkedans. I pinsa 1903 reiste dei, både dansarar frå
BUL og frå Setesdal og Telemark, med Olav Moe frå Valdres som spelemann. Dette vart ei
svært vellukka ferd på alle vis, og gav god PR for dansen, også her i
landet. Les meir om denne ferda
her. Mellom dei frå BUL kan vi nemne Klara Semb, Marta Ullestad
(seinare gift Mandt), Elisabeth Grude (seinare gift Kviberg), Dina Sletten
(søster til Klaus Sletten) og Aslak Tonna (lærar, seinare første
formannen i Oslo Fylkeslag). Dei mest ihuga dansarane i BUL, mellom andre dei som var med til
Stockholm, øvde no saman og var nærast som ein framsyningsring å rekne (sjå
biletet),
og Hulda Garborg hjelpte ofte til. I byrjinga av oktober står
det i "Symra": "... dansarflokken åt
Bondeungdomslaget med fru Garborg i brodden synte fram dei glupaste
nasjonaldansar og folkevisedansar. Folk sparde ikkje på fagninga."
Den 22. november dansa dei i "Oslo Gilde" og den 1. februar 1904
i Fredrikstad med 800 som såg på. I januar 1904 hadde Hulda Garborg eit
vellukka kurs på folkehøgskulen i Valdres. I 1904 var ho i Stockholm
då "Folkeviselaget" var starta der (også den svenske
kronprinsen var med), og i 1905 på lærarskulen på Nääs ved Gøteborg og heldt kurs
der. Ho hadde kurs i Seljord (den turen hadde ho 8 kroner i tap), og i
januar 1906 i Hallingdal. Det var herifrå ho skreiv brev til Arne Garborg
at "kvar kveld i hennar liv var spilt om ho ikkje fekk danse springar
med Lars Bråten!", og då fekk ho ein Ål-bunad i gåve frå
dansarane på kurset. I 1908 hadde ho kurs i ungdomslaget "Ivar
Aasen" i Ålesund. Ein del av dette fortel ho om i dagboka
si. På slike ferder kombinerte ho gjerne arbeidet med
dansen og folkedraktene. Etter kvart tok andre meir over kursverksemda,
særleg Klara Semb.
Også i BUL tok andre over leiinga av dansen. Hausten 1904 tok dei til med
faste leikøvingar i BUL, skriv Svindal i "Hugmål". Øvingane
vart haldne i ein sal over Kaffistova i Øvre Slottsgate. Øvingane vart
kalla "Laurdagssamkomer". I tillegg til øvingane var det også
andre aktivitetar. Ein kveld etter øvingane var det ein halv time med
runddans, og dette vart det oppvask om i bladet "Heimatt". I
dette ordskiftet framgår det også at det er svært mykje folk på
øvingane, det er trongt om plassen, og det blir gjort framlegg om å dele
øvingane i flokkar på 30 med kvar sin rettleiar. Ein av dei som
rettleidde på øvingane var Jon
Borgan. I 1904 dansa "framsyningsringen" på 80 års dagen
for Aasta Hansteen, den 17. mai 1905 i Turnhallen (her braut plattingen
saman under framsyninga og dansarane vart borte mellom plankane, skriv
Svinndal i "Hugmål") og i 1905 på nobelprisfesten
for Bertha von Suttner.
Skriftleg materiale
At det no kom skriftleg materiale om folkevisedansen var også viktig for
at framvoksteren sette fart. I 1903 skreiv Hulda Garborg eit heftet på
25 sider "Songdansen i Nordlandi" der ho greidde ut om
færøydansen og om songdans i mellomalderen. Hefte kom i ny og større
utgåve i 1913 (78 sider) og ei 3. utgåve i 1922 (100 s). Hulda Garborg i
samarbeid med Halvdan Koth gav ut eit meir praktisk hefte i 1903
"Norske folkevisor" I der Hulda Garborg skreiv ei utgreiing om
folkevisedansen, og der det også var 14 viser med tonar til. Halvparten
var gamle folkeviser og halvparten nyare viser som "Per
spelemann", "Kraakevisa", "Aka paa isen haale",
"Aa Torstein tala til staven sin". Tre kvad frå Færøyane var
også med: "Ormen lange" omsett av Per Sivle (13 vers), og nokre
vers av "Dvergemøy" og "Sjurdarkvædi" omsett av
Hulda Garborg. Heftet vart fort utselt. Same året kom ny utgåve (6000
eks.), i 1904 10000 eks., i 1912 kom 7. utgåva med 30000 eks. og i 1917
8. utgåva (35 000 eks.) med ny utgreiing om folkedansen ved Harald Tveit.
Så kom heftet "Norske Folkevisor" II ved Halvdan Koth i
1904 med 21 viser, det vaar ei rein visesamling. Her var 8 gamle ("Bendik og Aarolilja",
"Solfager og Ormekongen", "Aasmund Frægdegjævar",
"Margit Hjukse"...) og nyare viser ("Han Mass og han
Lasse", "Paal paa haugen", "Aa kjøre vatten",
"Fanteguten", "Anne Sveltihel",
"Øystredøls-marsjen", "Olav alvemøyi" (islandsk) og
"Knyte kjærleiksband" (svensk leik, omsett til norsk av H.G.). Dette heftet kom også i
mange opplag (6000 i 1904), 3. opplag i 1912 med 17000 og i 1924 24000. I
1920 kom "Norske Folkevisor" III med 14 viser - nokre gamle og
nokre nyare - i utval ved Harald Tveit. I tillegg gav Hulda Garborg ut heftet "Norske dansevisur" i 1913, med nye og auka utgåver i
1917, i 1920 og i 1923. Dei tre folkevisehefta vart i 1922 slegne saman
til ei bok "Norske folkedansar I. Dansevisor" med totalt 50
viser. Professor Knut Liestøl skreiv innleiinga, og Klara Semb valde ut nyare
viser. I tillegg til "Draumkvedet", kom det inn viser av kjende
diktarar som Vinje, Sivle, Garborg, Janson og Mortensson. Denne boka kom
etter kvart i mange utgåver, alle redigert av Klara Semb.
I 1922 kom også Klara Semb med første utgåva av rettleiingsboka si
"Norske Folkedansar II, Rettleiing um dansen" på 166 sider. Her
er både rettleiing om dei einkelte songdansane, og rettleiing om
turdansar som etterkvart vart tekne i bruk. Denne boka kom også i mange
og auka utgåver. Ikkje minst vart denne rettleiingsboka eit svært viktig
reidskap for å spreie kunnskap om dansane og var til stor hjelp for
rettleiarane.
(Vi skal elles minnast at parallelt med arbeidet med
folkevisene, la Hulda Garborg ned eit stor arbeid for folkedraktene og
bunadene. Første heftet "Norsk Klædebunad" kom alt i 1903, ny
utgåve i 1905 (6000 eks.) og eit større hefte i 1917 med 100 bilete og 8
mønsterteikningar.)
Klara Semb
På Austlandet var Klara Semb (1884-1964)
tidleg ute med å halde
kurs rundt om i bygdene. Ho byrja i BUL då ho vart komfirmert i 1901,og
vart ihuga med då folkevisedansen byrja i 1902. Klara hadde god
songrøyst og sers givnad for dans, skreiv Hulda Garborg. Klara var med på Stockhomsferda i 1903, og var jamt med på
øvingane i BUL, og i mange år hadde ho eit nært samarbeid med Hulda
Garborg. Når Hulda ikkje hadde tid til å reise og halde kurs, fekk ho
stundom Klara i staden sin, den første tida særleg i romeriksbygdene. Ho
tok realskule og handelsskule og arbeidde eit par år på bibliotek. I
1905 sa ho opp jobben sin, og om hausten la ho ut på si første
"langferd" til Storelvdal og heldt mange kurs der i to vintrar.
Ho fortel at ho første tida tok 10 kroner for eit 10 dagars kurs, men
seinar 50 kroner. Seinare fekk ho fast jobb att i nynorskavisa "Den 17de
Mai", der ho arbeidde til ho byrja reise med "Det norske
spellaget" i 1912, så på kursferd
til Sørlandet, og seinare ei kort tid med det "Det Norske Teateret"
i 1913. Frå 1914 vart det folkedans på heiltid for Klara Semb resten av
livet. Meir om arbeidet i BUL
Frå
1906 og frametter vart det i BUL valt ei leiknemnd som skulle organisere
leikøvingar, syte for leiken på lagskveldane, ordne med framsyningar
etc. I 1907 vart Bjarne Foss leiar i nemnda, i 1908 Jon Borgan, og i 1909
Adolf Indrebø. Klara Semb var også med i nemnda, iallfall i 1908 og i
1909. Vinteren 1908/09 var det leikkurs i Turnhallen med Einar Bø som
lærar. (Bø gjekk på Centralskulen og vart seinare inspektør i Bergen.
Det var han som "utforma" Vestlandsspringaren bygd på
springarar frå Hordaland). I desse åra fekk Klara Semb i stand fleire
leikarringar, men det var uråd å halde dei saman, fortel ho. Klara Semb fortel
også at til 10-årsfesten til BUL
i hausten 1909 hadde ho ansvaret for ei gild framsyning på festen, og at
ho her for første gong våga å bruke dansemåtar ho hadde laga til
større episke folkeviser, mellom dei "Bendik og Årolilja",
"Gudmund og Signeliti" og "Inga litimor". Både
dansarane og pressa tok vel imot det nye, fortel Klara
Semb. Det mannskapet ho hadde på denne framsyninga heldt saman ei tid
framover.
I 1910 vart eit frittståande lag for folkevisedans - Ole Bull-laget - skipa med
Hulda Garborg som leiar. Nestleiar og skrivar var Klara Semb. Men
aktiviteten dovna bort då Hulda Garborg og Klara Semb reiste på spelferd i 1911 med "Det Norske spellaget". På dei 3
spelferdene var det alltid
folkedansframsyning etter skodespelet. Mellom dei som var med var Klara
Semb, søster hennar Anna Helene Semb, Hulda Garborg, Rasmus Breistein,
Olai Breistein, Edvard Drabløs, Tuften Garborg, brørne Olav og Lars Nygard, Anders Underdal og spelemannen Olav
Moe (litt ulikt mannskap på dei tre spelferdene). Desse framsyningane gjorde
svært mykje
for å gjere folkedansen kjent omkring i landet (biletet
er frå siste spelferda). Ofte vekte dansen vel så stor jubel som
spelstykka.
I åra 1912-14 vart leikarbeidet i BUL organisert på ein ny måte.
"Leikøvinga åt Bondeungdomslaget" vart organisert som eit særs
øvingslag for BUL-medlemene, med 3-månaders kurs kvart halvår. I 1912
og 1913 var Ola Haraldset danseleiar, nokre gonger med hjelp frå Hulda
Garborg, og i 1914 Dina Sletten (søster til Klaus Sletten). I 1913 var Henrik Gjellesvik spelemann
på kurset, han som skulle etter kvart bli fast spelemann i BUL i halvannan
mannsalder. Løna hans var kr 2 per kveld. Det var mykje folk på desse kursa,
våren 1914 var det 129 deltakarar, mellom dei seinare kjende dansarar som
Aasmund Svinndal og Karl Drabløs. Dei øvde på folkevisedans og
turdansar som treturar, trekarspolska (svensk), sekstur, åttetur, Pas
d'Espagne, Vossarull og sognespringar (Johan Klingenberg frå Lærdal var
lærar). Om desse åra fortel Ola Haraldseth svært morosamt i 30-års
skriftet til BUL.
I 1915 vart det skipa nytt songdanslag
att, kalla "Leikarlaget". Sigurd Sørum og Dina Sletten rettleidde
der. Sumaren 1916 hadde dei faste framsyningar på Folkemuseet. Men laget
vart oppløyst allereide hausten 1916. Då aktiviteten i laget vart lagt
ned , brukte dei pengane i kassa til eit kurs i Valdresspringar. Dei var 8
par som kalla seg "Springdansringen", med Aasmund Svinndal som
formann, Jon Dale var lærar og svært dugande springardansar og Henrik
Gjellesvik spelemann. Dei skreiv også ned springaren, og denne oppskrifta
vart seinare brukt ein del.
Frå hausten 1916 vart leikaktiviteten i BUL knytt til
dei årvisse leikkursa, og i åra fram til 1919 var Ragna Gunleivsen
(seinare gift med Einar Øygard) rettleiar. Ho hadde gått på kurs i BUL
nokre år før, og vart ein sers dugande rettleiar. Vinteren 1918/19 var det heile 190 elevar
delt på 2 kurs. Sumaren 1917 var svenske folkedansarar på vitjing i
Kristiania. Dei vart kjende med dansarar i BUL, og dette la eit grunnlag
for eit spirande nordisk dansesamarbeid. Dei dansa også framsyning rundt
ikring, mellom anna var dei på folkehøgskolen på Eidsvoll og på
olsokstemne i Sarpsborg. Vi må nemne spesielt den store
jubileumsutstillinga på Froger i Oslo i 1914. Til kabareen
"Huskestua" hadde Klara Semb øvt inn ei fin framsyning og
dei dansa kvar kveld i 3 månader for fulle hus. Kjetil Flatin spela til
bygdedansane og Carsten Carlsen til turdansen. (Carsten vart seinare gift
med Lalla Christensen, som også var med og dansa) (biletet
viser deltakarane). Etter dette slutta
Klara Semb som skodespelar på Det Norske Teateret, og resten av livet
dreiv ho som "frilans" folkedansrettleiar. Viktig for dette
valet var den turen ho fekk vere med på den
store turen til Færøyane i 1911, der ho fekk sterke inntrykk av kva
songdans eigentleg var.
Leiarringen i BUL vert skipa
Sumarane 1918 og 1919 hadde Det Norske Teateret
skodespel på friluftsteateret på Folkemuseet på Bygdøy, mellom anna
stykket "Liti Kjersti" av Hulda Garborg. Ein del dansarar frå
BUL var med det som statistar og dansa både norsk og svensk folkedans. I
"Hugmål" fortel Svinndal at det var mellom desse dansararne eit
fast særlag i BUL
måtte skipast. Truleg var det Ragna Gunleivsen som
var drivkrafta bak. Dei drøfta spørsmålet på fleire
møte og i november 1919 vart "Leikarringen" godkjent som som
særlag av BUL, og arbeidet tok til, med Einar Øygard som formann, og
Mikal Gulla som varaformann. Andre sentrale dansarar var til dømes P.A.
Schanke (biletet), Aasmund Svinndal og Ingeborg
Bøhn (seinare gift Schanke). Første rettleiaren var Ragna
Gunleivsen. Einar Øygard var leiar i Leikarringen berre første året, og
Ragna Gunleivsen slutta også snart som rettleiar. I nokre år framover
var desse to svært aktive som rettleiarar for mange kurs og ringar i og
ikring Oslo. I Leikarringen i BUL var det mest Aasmund Svinndal som
rettleidde mest i 1920-åra. Heilt til lenge etter 2. verdskrigen var
Leikarringen i BUL ein framsyningsring, med etter måten få utvalde
medlemer (30-50) - ein elitering å rekne. I lovene for Leikarringen stod
det at dei som skulle vere med i ringen, måtte vere medlemer i BUL, og
måtte kunne å danse, og styret skulle godkjenne dei som dugande nok. Andre
medlemer i BUL gjekk på kurs og
dansa folkedans på medlemsmøta og lagsfestar.
Organisering av leikarbeidet
Arbeidet i Leikarringen i BUL fekk svært mykje å seie for utviklinga i
"leikarbeidet" i Noreg, nær knytt som dei var til Noregs
Ungdomslag og med Klara Semb som ein sentral medlem og aktør. Den første
store oppgåva deira vart å representere landet på den første nordiske
dansestemna i Stockholm sumaren
1920. Frå Leikaringen i BUL reiste det 12
dansarar og spelemannen Henrik Gjellesvik. Dessutan var det 3 frå BUL
Bergen, 2 frå Ervingen i Bergen, 2 frå Fosna Mållag (Kristiansund), 2
frå "Dag" (Skien) og hallingdansaren Sigvat Tveito frå Ål.
Som førebuing dansa dei på Folkemuseet på Bygdøy og i Kongsvinger på
veg til Stockholm. Dette var ein svært dugande dansering og ein framifrå
spelemann, og dei
gjorde svært stor lukke med dansen sin i Stockholm. Det andre
viktige spørsmålet dei arbeidde med var korleis leikarbeidet i Noreg
skulle organiserast. Leikarringen sette i 1920 ned ei nemnd til å greie
ut spørsmålet, og dei kom til at det var best å organisere
leikarringane gjennom Noregs Ungdomslag. Difor sa dei nei til å bli med i
den nye organsasjonen "Den Norske folkeviseringen". Som resultat
av dette tok Leikarringen kontakt med NU for å få i stand eit folkedansstemnae
i samband med NU sitt 25-års stemne i Trondheim sumaren 1921. Der
vart grunnlaget for at NU vart den leiande organisasjonen for
"leikarbeidet" (songdans og turdans) i landet. Sumaren 1921 var
dei også sentrale i den 2. nordiske folkedansstemna i Kjøbenhavn. Den
norske flokken var stort sett dei same som var på stemnet i Stockholm.
Her fekk dei også møte dansarar frå Færøyane, og det gjorde eit
sterkt inntrykk. Året etter, i 1922, hadde Leikarringen i BUL
hovudansvaret for den
vellukka 3. nordiske folkedansstemna i Oslo, samstudes med Årsmøtet
i NU.
Den Norske Folkeviseringen
Her minner vi også om at det i åra under og etter den første
verdskrigen var ein god del folkevisedans i Kristiania utanom BUL. Det
var i stor mon knytt til arbeid på austkanten i byen, knytt til
fråhaldslosjar, arbeidarungdomslag, kommunistiske lag. Ragna
Gunleivsen og Einar Øygard var mellom dei sentrale rettleiarane i dette
arbeidet. Dei to var også sentrale då organisasjonen "Den Norske
folkeviseringen" (DNF) vart skipa i 1919, som ein frittståande
organisasjon for folkedansarane. Leikarringen i BUL gjekk ikkje med i DNF,
og det var motsetnader mellom leiande folk i BUL og i DNF. DNF vaks
snøgt, og det vart også skipa to fylkeslag, til dømes i Oslo, og i
1923 var det over 7000 medlemer i DNF. I løpet av 1923/24 vart DNF
nedlagt.
1923 eit viktig år
Året 1923 vart eit svært viktig år for framvoksteren av
folkedansrørsla både i Noreg og i Oslo. Den 14. mars gjekk 9 av
bygdelaga i Oslo med i alt ca 2300 medlemer, mellom dei BUL, saman og
skipa Oslo Fylkeslag, som skulle vere medlem av Noregs Ungdomslag.
Skrivaren i NU Edv. Os var pådrivar for tiltaket. Aslak Tonna
(1881-1934), lærar i Oslo frå 1911, var då leiar i Teleringen, opprinneleg frå Vinje. Oslo Fylkeslag fekk mykje å seie for bygdelaga i
hovudstaden, særleg etter at dei fekk sitt eige hus i Nordahl Bruunsgt.
22 i 1927. Frå 1926 hadde Fylkeslaget eigen leikrådgjevar - den første
var P.A. Schanke ( - 1928). Dei hadde prøvt å skipe Fylkeslag i Oslo
før, men det stranda pga usemje om "målsaka".
Ikkje mindre viktig var det at på "Den 3. norske forlkedans- og
spelemannsstemna" i Bergen i månadsskiftet juni/juli vart
spelemennene i landet samla i ein organisasjon - Landslaget for spelemenn.
Det var Arne Bjørndal, Jon N. Dale og Rikard Berge, kjende spelemenn og
granskarar, som stod bak, og det praktiske arbeidet i samband med skipinga
var det Edv. Os som
gjorde. Formelt vart laget underlagt NU, men kom til å arbeide svært
sjølvstendig. Arne Bjørndal vart første formannen (og heilt til til
1936) i styret saman med Gunnulf Borgen, Jon N. Dahle, Lorenz Hop og
Anders Sandnes. På stemnet var det også kappleik. Der deltok 24 spelemenn
av
28 påmelde. Best vart Dreng Ose og Halldor Meland. Ein del av
bakgrunnen til at landslaget vart skipa, finn vi i laget "Foreningen
til folkemusikkens fremme" som vart skipa i Oslo i 1918 med grosserar
Herbrand Hagen i spissen. Det laget hadde i åra før skipa til
"landskappleikar" i Oslo, den siste i 1922.
Den store leikstemna i Bergen vart også ei gild mønstring av
folkedansen. Det var store festar og mønstringar både innandørs, til
dømes festframsyning i Losjen, og utandørs på Møhlenpris og
avslutningsstemne i Nygårdsparken. Frå Leikarringen i BUL Oslo var det
heile 14 par, mellom dei hallingdansaren Johan Hoverud og gangardansaren
Gunnar Gakkestad frå Setesdal. I etterkant av dette stemnet skipa NU til
ei vidgjeten ferd til Nordkapp med "Hardangerfjord". Det var 150
med då dei starta i Bergen, mellom dei 9 frå Leikarringen i BUL. I
Trondheim kom 7 trønderpar til. Der båten stoppa på veg nordover var
det mellom anna framsyning av folkedans, under leiing av Klara Semb, og
dette var ein god kveik for arbeidet med folkedansen. I Harstad var det
ein lengre stogg og Årsmøte i NU. Dei dansa også midnattssol på
sjølve Nordkapp-platået. Skrivaren i NU Edv. Os har på ein morosam
måte skildra denne ferda og ferda til den nordiske folkedansstemna i
Gøteborg seinare på sumaren, i boka "Stemneskrå" som NU ga ut
i 1924.
Frå 3. til 6. august 1923 vart den 4. nordiske folkedansstemna halden i
Gøteborg i samband med den store verdsutstillinga der. Det var 1600
deltakarar frå Sverike, Noreg, Danmark, Åland og Tyskland. På
opningsfesten i Kongresshallen var også den svenske kronprinsen til
stades. Elles var det mange framsyningar mellom anna på Slottsskogvallen.
På avslutningsdagen i Stora Gården var det 40000 menneske.
Avslutning
På dei første dryge 20 åra frå 1902 har folkedansen vakse seg fram til
ei organisert rørsle som dei siste åra hadde vakse svært snøgt.
Nasjonalt hadde både dansarane og spelemennene fått ei stø
organisasjonstilknytning, det nordiske samarbeidet var i godt gjenge, det
var i ferd med å kome skrifteleg materiale til hjelp for rettleiarar og
leikarringar, og arbeidet for å rekonstruere lokal bunader var i gang
mange stader. Les også korleis Hulda Garborg så på dette i Innleiinga
til "Songdansen i Nordlandi" som kom i 1923, og korleis Klara
Semb oppsummerer stoda same året.
Litteraturliste for dette stoffet:
Johan Krogsæter: "Fram dansar, Leikarringen i
Bondeungdomslaget 1919-1969". Noregs Boklag 1969
Einar Breidsvoll (red): "Bondeungdomslaget i Oslo.
30-årsskriftet" , Oslo 1929
Johan Austbø og Einar Øygard: "Folkedansen i 20 år.
1903-1923." Oslo 1923
Hulda Garborg: "Songdansen i Nordlandi", 3. utgåva 1923.
Aschehoug 1923.
Aasmund Svinndal: "Hugmål Eit minneskrift. Bondeungdomslaget i Oslo
i 50 år i arbeid for norsk folkedans", Oslo 1953.
Victor Krüger (red): "Oslo Fylkeslag 1923-1953". oslo 1953
Jostein Mæland: "Landslaget for spelemenn 1923-1973", Voss
1973.
Johs. A. Dale: "Hulda Garborg", Noregs boklag , Oslo 1961
Tor Obrestad: "Hulda", Gyldendal norsk forlag, Oslo 1992
Kristoffer Sælid (red): "ho tok oss med. Festskrift til Klara Semb
på 80-årsdagen 17. oktober 1964" Noregs Boklag , Oslo 1964
|