Den 4. nordiske folkedansstemna i Gøteborg 1923
Kort referat frå stemna av Aasmund Svinndal i "Hugmål"

Frå 3. til 6. august 1923 vart den fjerde nordiske folkedansstemna halden i Gøteborg i samband med utstellinga der. 1600 utsendingar kom og av dei 21 frå Osloringen. Veret var fint og opningsferda strålande. Framsyningane skifta frå Slottskogvallen og Kongresshallen, siste dagen også i stora Gården. Der var det samla om lag 40 000 menneske. Men best kom dansen til sin rett ute på den store grøne flata  på Slottskogvallen. Utstellinga var ei vakker råme om stemna. Serleg var det eventyrleg om kvelden når alt låg lauga i ljos. Men det vart lite tid til hugnadsamt samver for dansarane. Det vart å fly frå ei framsyning til hi, og heile utstellinga måtte og takast med, jamvel "Nöjesfältet". Det var difor slitne folk som drog nordover att siste kvelden; men det stod ikkje verre til enn at dei under førarskap av formannen og skrivaren i N.U.L. kunne gjeva gratis nattframsyningar på dei svenske stasjonane der toget stogga.

Det har elles legi ein serleg glans over dei nordiske dansestemnene som no hadde vorte ein fast institusjon.