Dans for Bertha von Suttner i 1905
Kort referat ved Aasmund Svinndal i "Hugmål"

I 1905 dansa dei på ein fest for Bertha von Suttner. Det var på Grand, og Bjørnstjerne Bjørnson var til stades. Bertha von Suttner var i landet i høve at ho hadde fått fredsprisen det året, og norsk folkedans ville ho sjå. Men Bjørnson var ikkje blid. Det var i verste måletartida hans, og som han sat der like ved tilet under framsyninga eksa han seg svært opp. Noko dumbe fek han nok over seg då karane rektig spende i golvet, og då stakkane til gjentene lyfte seg vel høgt, koka det over for han. Han snur seg til fru Garborg og seier så høgt at alle kan høyre det: "At De som er en fin og dannet dame kan drive med sådant svineri." Fru Garborg kom reint på gråten, stakkar, og fru Randi Blehr måtte få ho bort i ein krok og trøyste ho.

Randi Blehr (1851 – 1929) var målkvinne og var kona til statsminister Otto Blehr. Han var statsminister for Venstre  frå 1902 til 1903 og frå 1921 til 1923.

Det som er skreve ovanfor stemmer ikkje heilt med det som Hulda Garborg skriv i dagboka si. Der framgår det at det var fru Bjørnson som uttalte seg negativt om folkedansen. Les her.