Den Norske Folkeviseringen, 1919-1923

I tida under og etter den første verdskrigen var det ein god del folkeviseleik i Kristiania som ikkje var knytt til Bondeungdomslaget. Det var særleg knytt til austkanten i Oslo, ikkje minst til arbeidarungdomslag og kommunistiske ungdomslag og fråhaldslag. I november 1919 vart det skipa ein frittståande landssamskipnad for folkedansarar: "Den norske folkeviseringen" (DNF). DNF hadde utgangspunkt i Oslo med kjende leiklærarar som Einar og Ragna Øygard og norskdomsmannen Johan Austbø (1879-1945) i brodden. Samskipnaden nytta det gamle norske solkorset som sitt merke. DNF voks utruleg fort frå 6 lag og 118 medlemer i 1919 til 136 lag og 7286 medlemer våren 1923, og det vart også skipa to fylkeslag. Mange leikarringar melde seg inn i DNF, til dømes Oslo Sangdanslag, og nokre leikarringar i Oslo med utgangpunkt i arbeiderungdomslag,  kommunistiske ungdomslag og fråhaldslag. Leikarringen i BUL derimot vedtok ikkje å bli med. Det ser ut til å ha utvikla seg motsetnader mellom folk der og dei leiande i DNF. Om motsetnadene botna i at DNF var frittståande, og målpolitisk nøytral, er ukjent. Etter 1923 gjekk det ikkje lenge før DNF dovna bort (i løpet av 1924-25).

Einar Øygard, som ser ut til å vere den leiande krafta i DNF, vart første formannen då Leikarringen i BUL vart skipa hausten 1919, og kona hans Ragna Øygard vart først lettleiaren i den nyskipa leikarringen. Einar Øygard gjekk ut av styret på halvårsmøtet i Leikarringen våren 1920, og Ragna slutta også som rettleiar då.

Kanskje er det berre tilfeldig (?), men Leikarringen i BUL vart godkjent som særlag i BUL 14. november 1919, medan DNF vart skipa 17. november same året. Oslo Fylkeslag av DNF vart skipa 9. februar 1923 (18 lag) medan Oslo Fylkeslag i NU vart skipa knapt ein månad seinare - 14. mars  (9 lag). Det kom protest frå DNF mot å nytte namnet Oslo Fylkeslag, men på skipingsmøtet vedtok NU-laga å sjå bort frå denne protesten frå DNF.

I 1923 gav DNF ut eit hefte dei kalla "Folkedansen i 20 aar. 1903-1923". Dette heftet er lite kjent mellom folkdansarar, og vi tar difor med litt frå heftet her. Det var Johan Austbø og Einar Øygard som var skriftstyre, og innleiinga til hefter er slik:

"
Arbeidet med folkedansen har no vore drive i 20 år. Vi reknar då frå året 1903 då Hulda Garborg steig fram med den fyrste Leikarringen på Folkemuseet, Bygdøy. Fyremålet for dette skriftet skulde difor vera å gje eit attersyn over arbeidet i dei lidne åra. det har ikkje vore so greit å sanka ihop tilfanget til eit slikt attersyn. Til det vantar det for mange meldingar og upplysningar frå dei fyrste åra, då ingen vert sett til å halda greide på dei ting som kunde vera til nytte for ettertida. Det vanta samskipnad. aarbeidet rekk over eit vidt felt og tilskipinga har ikkje gått so snøgt fram som ein kunde ynskje. Det gjekk mange år med spreidd yrke, snart her so der. Mykje god sed vart sådd men noko fall og på steingrunn og vart kvevd av ugras. Som kom endeleg året 1919 , og med det Den Norske Folkeviseringen. sidan den tid har folkedansen liksom fått eit fast grunnlag. Den Norske Folkeviseringen vart den ryggrad som skulde halda folkedansen uppe og pusta nytt liv og kraft i arbeidet. Og når ringen har vokse seg so stor og sterk som den no er, so kjem det i fyrste mun av det at D.N.F er skipa på eit heilt frit grunnlag, og strengt har halde seg burte frå alle serinteresser. Soleis kjem det seg at det i dette skriftet er git løyve til å nytta de mål som den einskilde gjev melding på. Arbeidet med folkevisene leider fram til dei stadeigne bygdemåla, og det er dei vi skal halda liv i."

Med dette vil vi ynskje at dette skriftet må bli til glede for alle folkedansarar og dei som vil stø arbeidet med folkevisene og nasjonaldansane våre.
Skriftstyret
Johan Austbø            Einar Øygard


Første artikkelen i skriftet er eit oversyn som Einar Øygard skriv. Den finn du her.

Andre artikkelen i heftet er ei reportasje frå ferda til Stockholm i 1903. Den finn du her.

Tredje bolken heiter "Arbeidet med folkedansen" og er meldingar frå sume av leiklærarane:

Arbeidet med Folkedansen
Her kjem nokre meldingar frå leiklærarane um arbeidet med folkedansen i dei ymse landsluter. Fleire medlingar er komen som seint at dei ikkje kunde bli med for trykkinga si skuld endå så gjerne vi vilde hat dei med.             Skriftstyret

Først er det stykkjet "Eit lite attersyn" frå Sigmund Espeland. Det finn du her.
Så eit stykkje som heiter "Sumt om arbeidet" av Klara Semb. Det er her.
Så ei melding om "Folkedansen i Nord-Odal" av Ingeborg Aabraaten. Den er her.
Så  eit lite stykkje om "Nasjonaldansen i Telemark" av Knut Hansen Kaasa. Den er her.
Om "Songdansen i Østerdalen" skreiv Borghild Streitlien. Den er her.
Om dans "I Sigdal og Eggedal" skriv Einar Øygard. Den er her.
Om "Nasjonaldansen på Eiker" skreiv Johan Austbø. Den er her.
Om "Folkedansen i Bærum" skreiv Jørgine Hovdan. Den er her.
Om "Barna og folkedansen" skreiv Ragna Øygard. Den er her.
Om "Folkedansen og Arbeiderbarna" skreiv Tryggve Try. Den er her.


Eit stykke om Hulda Garborg sin innsats for folkedansen er skreve av Johan Austbø. Her.

Eit stykke om Folkedansmerket til Den norske folkeviseringen av Einar Johnsen. Einar Johnsen var første formannen i Oslo Sangdanslag som vart skipa i 1922. Her.

Eit kort avsnitt om "Norsk folkedansmarsj" er også med. Her.

Så har Johan Austbø ei litt lengre skildring  frå ferda han var med på til Færøyane i 1911. Her.

Så står det nokre minneord om Anna Johannessen. Ho hadde tydeleg lagt ned eit stort arbeid for Den norsk folkeviseringen. Her.

Så står det eit oversyn med bilete over dei leiklærarane som styret i DNF hadde godkjent. Dei godkjente var: Klara Semb, Rasmus Hvidsten, Kitty Guddal, Sigmund Espeland, Ragna Øygard, Einar Øygard, Ingeborg Skancke, P.A. Skancke, Ingeborg Aabraathen, Trygve Try og Knut Hansson Kaasa.

Deretter står eit bilete av deltakarane på Oslo-kappleiken 21-22 april 1923.

Siste delen av heftet er Årsmelding 1922-1923 frå DNF. Her er det også korte Årsmeldingar frå Oslo Fylkeslag, frå nokre leikarringar og melding frå ein del leiklærarar.