Den norske folkeviseringen
Eit lite stykkje om Anna Johannesen i heftet "Folkedansen i 20 aar. 1903-1923"

ANNA JOHANNESEN

BAALFERD

Krematoriet var fullsett av slegt og vener som vilde visa henne den siste æra. Det er skjeldan det er so høgtidsfult som vei ei bålferd, og denne var vel millom dei som var mest fylt med sorg av dei bålferder som ein kan vere tilstades ved. Alle var syrgjande.

Einar Øygard heldt denne tala ved båra:

Når eg møter som representant for ein stor part av den norske ungdom, so vil eg bera fram den siste takk til deg for det arbeidet du har gjort på det kulturelle umkverve, fordi du stod vort arbeid so ner, nærare enn mange i di velmaktstid viste, fordi du var vor ven og aldri svikta dit venskap. Du var banebrytar, du viste veg der vi skulde fylgja etter. Du gav kraft og mot til å arbeide slik som du sjølv arbeidde. Du sleit deg ut på vor kulturelle arbeidsmark. Å måtte vi læra av deg å arbeide. aldrig viste vi at dauden vaar so uretvis som når han tok deg. Vi hugser deg kanskje best som den milde og blide som møtte oss når vi steig inn døra i dei trange roma nede i Rosenkrantsgaten til deg og mannen din, men vi minnest ogso det ljose og fagre humøret dit når vikunde få vera samen meddeg på fest og i høgtidsstunder. No er de burte båe tvo. Må du og dit arbeid stå som lys for oss kulturelle arbeidarar. Frå Den Norske Folkeviseringen legg eg denne kransen på båra di.

Einar Johnsen la i få ord krans frå Oslo Fylkeslag av D.N.F. og Oslo Sangdanslag. Einar Øygard la på ein blomsterkvast frå Barneringene. Eit sangkor sang. Presten Jakob Sletten foretta ved bålferda.