"Sumt um arbeidet"
Ein artikkel Klara Semb skreiv i "Folkedansen i 20 år 1903-1923"

Songdansen i 20 år ja, - er det verkeleg so lenge sidan?

Det var ikkje mange som trudde, at songdansen kunne vinne rom att her i Noreg for 20 år sidan, - men sjå no i dag! Det er ikkje mange stader i landet utan at dei har feista seg, i minsto.

Fyrste gongen for meg var då eg som 14-15 års småjente fekk vera med Bondeungdomslaget nokre kveldar og fru Hulda Garborg lærde oss dei fyrste stega og dei fyrste visene.

So vart dei ei framsyning ute på Folkemuseet som eg aldri gløymer. Alle dei vakre nasjonale bunaderne og uppe på leikarvollen i den halvljose sumarnatta. Og rytmen og songen verka so forundarleg kjend og kjær - som eit fagert eventyr eg hadde kunna eingong for lenge sidan - og so gløymt att. Og no vart det fortalt åt meg ånyo.

De eg var 161/2 år gamall heldt eg fyrste skeidet mitt. Eg spara nok korkje elevane hell meg sjølv, for eg heldt det gåande til kl 2-3 um natta.

I fyrstninga var interessa sjølvsagt ikkje stor. So er det med alt nytt som skal brøyta seg fram. Det var no dette at det skulde syngjast til og det skulde lærast vers - utanboks, - det skræmde mange. Eg laut gjera lange reiser millom kvart skeid. Eit skeid i Østerdalent.t.d., - so eit på Sørlandet, - og det tridje skeidet laut eg kanskje halde heilt uppe i Trøndelag. Men eg var ung, og glad yver å gjera dette arbeidet og få sjå so mykje av landet vårt. Berre på festane kjende eg meg fatig ender og då, når programmet var dansa igjennom ein gong og dragspelet kom fram, so dei kunde få seg ein "skikkeleg svingom". Då hende det ofte at eg lova meg sjølv at "dette skeidet skulde vera det siste".

På heimstaden min, i Oslo, freista eg ofte samla ein dansarring i Bondeungdomslaget. Eg kryssa og  tagg ihop nokre par, men det var uråd å hald ringen saman, so det vart alltid nye å arbeida med. Soleis gjekk då nokre år med skeid i ny og næ på bygdene og ender og då ein liten ring i Oslo.

So var det at Bondeungdomslaget skulde ha 10-årsfest i 1909. Som den yngste i festnemndi fekk eg i uppdrag å vera med og syta for moroa, og kom då på at eg vilde feista samla nokre par til ein ring, som skulde syna fram songdans på festen. Eg hadde laga nokre einfelde brigde i dansemåten på sume av visene, - soleis liljeblomen til Bendik og Årolilja, dansemåten til visa um Inga Litimor, Gudmund og Signeliti og nokre til - då eg tenkte, at vart det meir brigde i dansemåten, so vilde folk kanskje lika dansane betre. Eg hadde freista å dansa på denne måten i bygdene siste skeida eg hadde halde, men aldri i Oslo.

Den vesle dansarringen gjorde lukke og avisene let vel dagen etter. Eg fekk ringen til å halda saman enno ei tid, og laga so fleire dansar.

I 1910 vart Ole Bull-laget skipa med fru Hulda Garborg som formann. Nestformann og skrivar var eg. Dette var fyrste songdanslaget. Det levde ikkje lenge, då fru Garborg hausten 1911 reiste ut med "Det norske spellaget" der ogso eg vart med. So nytt som arbeidet med dette laget var, som var det ingen som kunde taka styringa på seg. Det vart ikkje lyst til møte meir, laget somna av og kassestyraren, herr Sørum, gav medlen åt laget til Bondeungdomslaget.

Sumaren 1911 skipa Vestmannalaget til ei ferd til Færøyane (bilete), og prof. Gjelsvik sytte for at eg kom med. Og då eg fekk sjå færingane dansa, då fyrst skyna eg dansen. Heilt  med måtte ein gjeva seg med heile si sjæl  so ein gløymde alt utanum og berre gikk upp i stemninga i visa. Då vilde innhaldet i visa fanga oss so heilt, at vi ikkje trong noko brigde i dansemåten til å fylla ut med. Og det er mi tru, at når songdansen for ålvor vinn att romet sitt, då vil alle desse brigde i dansemåten falla burt av seg sjølv.

Då eg kom heim frå Færøyane, freista eg å greida ut for elevane mine kva songdans var. Eg fortalde um dansen eg hadde set på Færøyane og gav meg ikkje fyrr eg fekk alle til å læra versa og syngja med.

Vi hadde fyrr alltid dansa i eit tempo, men no med den nye forståinga av dansen let vi tempoet skifta - dansa livleg eller stilt - alt etter som stemningane i visa skifte. Når visene vart tolka på denne måten, greip dei lettare dansarane, og fleire og fleire tok til å skyna og vart tekne av dansen. Og det er mange - mange år sidan no, at dei laut taka til dragspelet på festane for å få seg "litt skikkeleg moro" etter alt strevet med songdansen.

Etterkvart som dansen vann seg rom, fekk mange augo åpne for den samfundsuppbyggjande verknad songdansen hadde. Lag som arbeidde tungt og tregt, vart tidt som umskapa etter dei hadde teke til å arbeida med songdansen, og gjekk med liv og  lyst sidan. Snart var det so mange lag som ynskte å læra dans at eg kunde reisa mest heile året, og taka fylke etter fylke so eg slapp fara fram og attende frå eine landsenden til hin for kvart skeid. Fleire gonger vart eg beden um å koma til lærarskular, og elevane frå desse skeida vart som ferdige lærarar spreidde ut yver heile landet. Dei tok dansen med seg og lærde so upp ungdomen kvar på sin stad.

Hausten 1916 fekk eg hjelp av frk. Ingebjørg Fedje som i 4 år reiste kringum og heldt skeid og gjorde eit godt arbeide.

Dei siste 3-4 åra har interessa vakse so fort, at ein reint må undra seg. Der er no mange interesera leiklærarar som arbeider med atterreisinga av songdansen. I Oslo tok fru og herr Øygard til å arbeida, og gjer eit godt arbeid - ikkje minst med borna. Og det er borna ein lyt byrja med - helst.

Det som verkeleg har verd, det vinn seg fram. Soleis med songdansen. Det vesle fræet som fru Hulda Garborg sådde for vel 20 år sidan, det har i dag vakse seg til eit stort tre, som strekkjer greinene sine ut yver heile Noregs land.