Den norske folkeviseringen
Ei melding i heftet "Folkedansen i 20 aar. 1903-1923" av Knut Hansen Kaasa

NASJONALDANSEN I TELEMARK

Det me kallar for nasjonaldans her, er for det meste springar og Gangar. Desse liver framleis og er ålment i bruk når ein unatek dei nedre bygder der rundddansen i lenger tid hev havt ein breid plass.

So hev me Telemarks-halling og noko me kallar trimanndans eller trispringar (ein gut og tvo gjentor). Enno fins her rett spreke hallingdansarar um det enn er noko sjeldan å treffa på dei. Trimannsdansen er vel best kjen i Bø og Heddal, elles er det lite å sjå av den no.

Takti i Telemarksdansen er sermerket for Telemark, og skil seg mykje ut fra dansetakti i andre landsluter.

Folkevisedansen hev i dei siste åri vunne seg mykje fra i Telemark. "Dag" leikarring i Skien hev her gjort eit godt arbeid med å reisa rundt i bygdene og halde framsyningar. Mest i alle frilynde ungdomslag og mållag er no folkeviseleik og turdansar innførde, og ale stader vert dei mottekne med glede.

Knut Hansen Kaasa