Fraa Stockholmsferda 1903
Ein artikkel av ukjent forfattar i "Folkedansen i 20 år 1903-1923"
Forfattaren var med på ferda.

Sumaren 1903 var den fyrste norske dansarflokken i Stockholm. det var etter upptak av direktøren for Nordiska museet, den kjende doktor Hazelius og fru Garborg at turen kom istand. Fru Garborg tok med seg nokre av dansarane i Bondeungdomslaget i Oslo, - alle hadde vore med i folkeviseleikinga frå fyrste stund, og dei fleste var flinke i andre nasjonaldansar som springar, gangar, halling osv.; frå umse kantar av landet. Dertil var det "rekvirert" 2 dansepar frå Setesdal, dei glupaste derburte, og den kjendte halling- og spring-dansaren frå Telemark Mikkel Mandt, (no lensmann). Spelemann på ferdi var fyrsteprimivinnaren frå so mange stemner, valdrisen Olav Moe.

Svenskane hadde fyrebudd alt på beste måte, og dansarane fekk ei festleg mottaking derburte. Framum alle, som synte godhug, må nemnast den vidkjendte Ann Margareth Holmgren (frua til professor H.) ho tok seg av flokken som ei mor. Elles var det mange som kappast med henne i å gjera det festleg for dansarane. Dei gjekk som i ein festrus heile vika til ende. På sjølve Skansen var det dr. Hazelius og frua som var vertsfolk.

Dansarane vart veldig åtgådd sosnart dei synte seg i gatene i sine nasjonalbunader, framum alle setesdølerne, som bakfrå likna ikkje so lite på bjønnar (karane altså) i sine brune vadmelsbunader med dei store skinnbøterne bak. Alt fyrste kvelden var der tusenvis av menneske på "Skansen", og dette varde ved kveld etter kveld, og det var veldig jubel. Blada hadde alle spaltelange artiklar og kappast i å kjyte.

Deltakarar i Stockholmsferda 1903:
Hulda Garborg, fru bankchef Hektoen, Klara Semb, Marta Ullestad (no fru Mandt), Elisabeth Grude (no fru Kviberg), Dina Sletten, Malene Hauge, frk. Berner (datter av borgarmester B.), spelemannen Olav Moe, Mikkel Mandt (no lensmann), Fredrik Bentsen (seinare avliden), Aslak Tonna (lærar, no formann i Oslo Fylkeslag), arkitekt Nord, Jonas Watne, Narve Fulsaas (no ordførar i Rollag), Gunnar Bjørgulfson, Rysstad og ein setesstølgut og tvo gjenter, som eg no ikkje hugser namne paa
.
(Kommentar: Som vi ser er det 30 på biletet. Truleg var det 10 dansepar som reiste saman, Garborg og to andre reiste dagen før. Det ser ut til å vere 6 som ikkje har bunad, dei er truleg svenskar.)

Utanum dei vænaste og gildaste folkeviseleiane, som den gongen var innøvd, vart det dansa ymse nasjonaldansar som springar (valdris- og telemarks-)   halling, gangar, vossarull, tritur og andre "turar" osv. Mandt gjorde veldig lukke med sin lette og fine telemarkspringar og sine spræke hallingkast. Og setesdølene vart reint storfagna for dei væne og kraftfulle dansane sine frå heimbygda. Då "bjønnarne" kom på tilet spratt dei som viskelærballar og ein skulde tru dei hadde stålfjører i beina. Mange av dei andre i danseflokken synte og fram ymse nasjonaldansar, som gjekk sverande
godt.

I folkeviseleikane var det skikken den tid, at ein song visurne og dei hine var med på umkvedi. Kvendi son dei mjuke og syrgjelege songarne som Gudmund og Signeliti, mens kararne song dei morosame og "sterke" visurne. Av kvendi var det fyrst og framst fru Garborg, Marta Ullestad og Klara Semb som song fyre; av karane var det serleg Kveim, Bentsen og Kviberg.

På dei mange festane var det ofte stevjing, der storparten av flokken kom med kvar sine stev ettersom det høvde. Serleg setesdølerne var ypperlege stevjarar og gjorde veldig lukke med dei steva, som dei laga på ståande fot um hendelsane i Stockholm o.l. Dette hende m.a. på den drustelegaste av alle festarne, der det "lava" av adelsfolk og prinsar og prinsessur og annan fiff, - alle i bunader sjølvsagt.

Ein som var med

Kommentar: Marta Ullestad var frå Voss og vart på turen godt kjent med Mikkel Mandt frå Dalen i Telemark. Dei vart seinare gift og busette seg i  Lårdal og Dalen i Telemark. Desse er besteforeldra til Folke Flateland - kjent dansar i Oslo. Folke opplyser at Hulda Garborg i dagboka si skriv at Mikkel Mandt var frå Vinje, men det rette skal vere Dalen.