Den norske folkeviseringen
Eit lite stykkje om Norsk Folkedansmarsj i heftet "Folkedansen i 20 aar. 1903-1923"

NORSK FOLKEDANSMARSJ

Ole Olsen - den gjæve musikk-skalden - har gjeve folkedansarane ein marsj som visseleg vil bli nytta mykje og vel. han har etter gamal god trønderskikk sett låten ut for 3 felestemmer, og den kling umåteleg fint. Motivet som denne marsjen er bygd på er ein eldgamal Ringgangsslått frå Namdalen; og veit du ikkje kva ringgangsslått er, so spør ein gamal mann eller kona du råkar i Namdalen - det same kven det er - so veit dei å fortelja: Kanskje dei dansar etter ein og.