Den norske folkeviseringen
Ei melding i heftet "Folkedansen i 20 aar. 1903-1923" av Jørgine Hovdan

FOLKEDANSEN I BÆRUM

I mai 1922 sette Bærums maalag ned ei nemnd som skulde freista få i gang eit skeid i songdans og folkeviseleik op Stabekk. Valde vart ingenir Foss, journalist Brunvoll og Jørgine Hovdan.

Fyrste skeidet vart utlyst i Bærumsbladi i september og der melde seg 26 vaksne gjentor og 1 gut. Nemndi vedtok å setja i gang eit skeid for bornmed det same, og det melde seg 54 born. Barneskeidet vart ikkje utlyst i noko blad. Me berre sa det til some som me venta vilde vera med, dei fekk fleire med seg. Skeidet tok til i Idrottshuset på Stabekk den 10. oktober med barneringen frå kl 6-8, og dei vaksne frå 8-10, med Øygard til lærar. Fru Øygard var med og hjelpte til nokre gonger. Skeidet varde i 10 kveldar til og med 19. desember.

Den vaksne ringen hadde avslutningsfest med framsyning i Folkests  hus, Høvik saman med mållagsfesten 6. januar 1923.

Barneringen hadde si festframsyning på Løkkesalen, Sandvika, 2. januar 1923. Me våga ikkje å lysa ut barnefesten i bladi, då me meinte det fyrst og fremst var foreldre og syskin som burde kome å sjå på dei. Romet kunde elles vorte for lite. Frammøtet var godt, og festen gjekk bra. Både born og vaksne var vel nøgde.

Då dette første skeidet gjekk so uventa godt, sette me i gang eit nytt skeid den 1. februar 1923 i Idrottshuset med Øygard til lærar. Det melde seg 17 vaksne og 82 born. Borni laut delast i to ringar, og fyrste ringen hadde si øving frå kl. 4-6, andre frå 6-8 og dei vaksne fr 8-10 kvar torsdagskveld. På dette skeidet som på det fyrste gjekk leik og song med liv og lyst. Det var eit hardt arbeid for Øygard. Men det skal segjast her at han sparde seg ikkje, og både born og vaksne vart glade i han og frua som og var med av og til på dette skeidet. Då dei 10 øvingane var ifrå seg gjort hadde borni festframsyning i Folkests hus, Høvik, 15. april 1923. Der møtte umlag 200 mennesker - borni medrekna, endå det ikkje var utlyst på annan måte enn med borni. Dette skulde vel tyda på veksande interesse og godhug for folkeviseleiken. Foreldre som hev havt born på desse skeidi, hev uttala ynskje um at leikarringen må halda fram. Mange som ikkje kom med i vinter, vil gjerne vera med seinare.

Då fyrste skeidet tok til var det ikkje mange som hadde nasjonalbunader i ringane. Men det synte seg at folk snart fekk augo upp for ast folkeviseleik og nasjonale bunader høvde i hop. Det varde ikkje lenge fyr gargane skifte soleis, at på siste barneframsyning hadde nasjonalbunadene overtaket.

I den vaksne ringen hadde og sume nasjonalbunader, men ikkje som manger eter måten som i barneringane.

I den vaksne ringen er dr sime som er svært interesserte for folkeviseleiken og songdansen, og dei hev tala um å få i stand ein fast leikarring på Stabekk. Um dei får det til er ikkje godt å vita no. Men ein barnering vil det vera lett å halda ved lag um nokon tek sig av det. Og når borni etter kvart veks til, so er det reuleg at dei vil halda fram og verta ei god motvekt imot "Jassen" millom bordi på restaurantane.

Jørgine Hovdan