Den norske folkeviseringen
Ei melding i heftet "Folkedansen i 20 aar. 1903-1923" av Borghild Streitlien

SONGDANSEN I ØSTERDALEN

Arbeidet med songdansen i Østerdalen går seint men godt. Det var kring 1906 fyrste gongen Klara Semb reiste i ungdomslagom i bygdene og heldt songleikskeid. Og folk var svert uppglødde for den stilfulle dansen; men det der var so heildt nytt vart det for stutt tid og lere uppatt på og fylgjen vart ar dansen vart gløymd. Betre gjekk det etter dei skeidi som vart haldne våren 1915 av Klara Semb, då det ikkje var so heildt nytt. Det har i mange lag vanta fyresongar eller leidare. Dei seinare åra har det vore halde skeid i umlag alle lag i "Breidablik". Det har då synt seg at songdansen har halde seg reinast i dei bygdene som kje har hatt stasjons og gruvekultur i nærleiken. Men dei 2 siste år syner det seg at songdansen vinn seg rom på st. og gruvor og. Det feins og fleire lærarar som tek songdansen med i gymnastikken og fleire stader er det kome igang leikskeid for barn. På Tynnset folkehøgskule fær elevane rettleiding i songdans kvart år av lærarane der, Ivar og Ragnar Streitlien som og held skeid utanfor skulen. Andre som arbeider med songdansen er Gudrun Dalstrøen og Borghild Streitlien.

Borghild Streitlien.