"I vesterviking"
Ein artikkel Johan Austbø skreiv i "Folkedansen i 20 år 1903-1923"

Ferda til færøyane i 1911 vart skipa av Vestmannalaget i Bergen. Det var om lag 70 deltakarar. Mellom dei var Klara Semb, Lars Eskeland, Anders Hovden og forfattaren av denne artikkelen Johan Austbø.

Det er i klubbhusimum (bileta er frå artikkelen). Den store salen er rudd etter festmiddagen som Havnar ungamannafelag hadde stelt til her etter stemna under vardi, og etter hallingane (Sigvat Tveito, Olav Torshaug, Asle Perstølen, fru Brun, Anna Hove (no Brusletto), Astrid Sandåker (no Viken), Anna Torshaug o. fl.) hadde dansa springar og halling på likvollnum i Gundadali. Gjæv middag! Færøyske fikebollar, uksesteik, skjerpekjøt og rømastampir (rjomekolla). Gilde talar ved bordet (av J. Paturson, Eskeland, Math Jochumsen og Hovden) hadde me fått. (Klubbhusinum i Thorshavn)

No ligg golvet der vidt og ryddig. Og lokkande. festklædd ungdom av mange aldrar langs veggjene. Gamle kvad leikar i hugen. Den eine ser på den andre. Kvar er fyresongaren?

Jau, der trør han fram, folkehovdingen og storsongaren, Paturson. No set han i å syngja med si sterke røyst, so det ljomar i salen. Det er eit gamalt stridskvad. Ein etter hin dansar fram og kjem med i songen. Kjeda vert hekta. Fleire og fleire aular fram og hektar seg på; lenger og lenger vert kjeda, medan songen stig med større og større makt. Dei syng seg fram på golvet, syng seg inn i leiken, syng seg saman i dansande ring.

Det går roleg fyrestundes. Men der dirrar noko under, der ligg ei sterk spaning over alle, noko uvanleg er i vente. Det gamle kvadet skjelv gjennom romet, fyller alt og alle. Den sterke tonen ber bod frå gamle tider og tek ein med ei underleg makt.

No er det åt og snører til. Det er midt inne i harde kvardagen. Hendene kreistar til, knip åt so det mest verkjer, andliti vert harde, augo stikk med uttrykk av redsla og villt mod. Songen dirrar gjenom lufti, golvet svagar og knokor under hard tramping. Og sveitten dryp frå raudblømande andlit. (Dei ca 70 deltakarane)

Kring 400 er no komne med i ringen. Det går i endelaus buktingar innimillom kvarandre. Det er som endelause ormar som tvinnar og vrir seg fram. Alle i ringen kjem til å dansa framum einannan - det er som når lyni krossor kvarandre uti synsrandi. Ein kjem til ei tid eller onnor til å stå andlit til andlit med kvar mann elle kvinna som i ringen finst. Når kjenningar dansar framum kvarandre, figurerar dei mot kvarandre med spelande minikk i andlitet, og øser einannan upp.

No tek handtaki til å verta linnare. Fred og ro legg seg over dansen. smil går over alle andlit. Augo lyser. Ein hoppar so lett og glad. Det har løyst seg upp. Striden er ende. Siger er vunnen.

Og her går dei med i ringen bonde og fiskar, kropps- og ådsarbeidar; endå presten som stod uppunder Vardi og preika idag - no er han med i dansen med heil hug. Her dansar det unge, halvvaksne gutar og gjentor og kvitskjegga menn i 70-åri. Bestefar, far, son - tri ættled - leikar og hyggjer seg saman som born. Tenkjer dei som mange heime i Noreg: er det synd?. Det ser ikkje ut til dei har den minste tanke um sovore. Religiøst trongsyn har ikkje lagt seg over dansen her som i Noreg. Her dansar dei med godt samvit. Difor kann dei gjeva seg med liv og sjel i leiken. Dei leikar og syng seg burt frå kvardagsstrevet, inn i fagrare heimar. Dei dansar ut sorg og sut, harm og trege, hat og hemn. Dei er ein glad, samhaldig, endefram barneflokk. Song og dans har gått dei i blodet. gjennom hundradtals år livde dansen og songen hjå fedrene deira - ætt etter ætt. Nye visor og kvad vart stødt dikta - um strid og herferd, um arbeid og strev, um elsk og svik, sorg og sut, gaman og gleda. Visor på fleire hundrad vers. Dei lærde det alt. borni lærde dei heime ved gruva - av far og mor. Og fyrst og fremst vart dei lærde i dansen. Det var Dvergemøy, Olavskvadet, Ormurin Lange, Fuglekvadet og endelaust mange andre. Gjennom ættled etter ætled gjekk ord og tonar og takt og rytme inn i folkehugen, vov seg inn i folkelivet. Det vart kjøt og blod av dei sjølve, noko av deira eige liv. Noko dei ikkje kunde missa. - -

Høyr no, livnar det til att i ringen! Ei ny visa er i upptak: Ormurin Lange (Dikta av Jens Christian Djurhuus i Kollarfirdi (på Færøyane) i 1830.):
Vilgid tær høyra kvedi mitt,
viljid tær ordum trugva,
um han Olav Trygvason,
hagar skal riman snugva.

Glymur dansar i høll,
dans slaid i ring!
Gladir rida Noregsmenn
til Hildar ting.

(og så 10 vers til som vi ikkje tar med her)

Kor dei bur seg til herferd; kor dei fegnast over den unge djerve hermannen Einar Tambarskjelvar! Kor dei fylgjer kong Olav på hans fagre, tragiske herferd! - Nei, dei går ikkje tankelause, halvsovande gjennom dansen, som ein gjerne gjer i dei moderne dragspeldansane.
- - - - -
Atter noko nytt i ovring. No er det Fuglakvædi - dette spottekvadet på 229 vers, som Pall Nolsoy dikta vinteren 1806-07. Men kvifor er dei endå meir innharme og brennhuga no enn fyrr? Det er då beinfram som harmen lyser, og sinnet og øsna sparkar og fræser!

Jau, dette grip meir beinfram inn i deira eige liv enn flestalle andre kvad. Det handlar um deira økonomiske strid med danskane, deira strid for livet. - Det er fuglelivet på øyane som er skildra.
Gevid ljød og lydid å,
leggid vel å minni,
medan eg kvødi um fuglagleim
alt å einum sinn.


Ymse rovfuglar vil tyna småfuglane:

Har kom rita og fullkobbi,
alka og teisti vid
masi, bakur, svartbakskuri,
alt tad fuglalid.

Har kom skarvarur og hiplingur,
drunnhviti hin snjalli,
her kom lundi og lomvigu
og lyraskarpurin halli.

Då kjem tjaldur (Tjelden; Færøyane sin nasjonalfugl! - han som dei og har i merket sitt.) og verjer dei. Han er modig. Med den lange nebben sin høgg han hol i bringa på rovfuglane. Difor heiter det i umkvedet:

Fuglin i fjøruni
vid sinum nevi reyda,
mangt eitt djor og høviskan fugl
hevur han greitt fra deyda,
fuglin i fjørumi.

Rovfuglane er bilete paa dei danske embætsmennene, som i gamle dagar var til mein for færøyingane paa mange vis. Færøy-folket rådde ikkje sjølve for sal og kjøp; alt i 1573 var handelen komen i utaenlendske hender, og det tilstandet varde ved heilt til 1856. Dei laut bøta med gardar og gods, um dei braut dette kongsbodet. Det var tidt naud, mange døydde av svolt. So stod Nolsoyar-Pall fram kring 1800. Han streid av livs makt for å få kasta av monopolhandels-oket. Han vågar å føra korn inn, til folket sitt. Og då embætsmennene og handelsstyret vil gjera han mein for dette, løyser han harmen sin ut i dette flirande spottekvadet.

Kvar gong færøyingane no dansar Fuglakvædi, lever dei uppatt sut og sakn, svolt og naud hjå fedrane sine, og den brennande harmen mot danskestyringi. - - -

Eg sit og tenkjer: Kann dei då alle desse versi? - Jau, det er ikkje anna likt til - berre fyresongaren gjer upptaket. - Mange tusund vers må fyresongarane kunna. Paturson kann kring 30 000 vers, vart det sagt meg. Og me nordmenn som snaudt orkar syngja tilendes ein song på 10-12 vers!

Snart vert me norske "vikingane" og rivne med i dansen. Det spørst ikkje um me kann, dei tvingar takt og rytme inn i oss, elektriserar oss. Um me ikkje kann versi - åndi i versa må me inn i.

Eg lyt tenkja: For ein arv færøyingane har her! - Um med kunde syngja og leika soleis i Noreg! Her syng dei soga si, og lever henne. Me nordmenn har ei storfeld soga, men me har mykje gøymt henne burt i store bøker. Islendingane fortel si soga. Færøyingane lever si soga - i songdansen sin. Det vert ikkje berre leik, dette; det vert ikkje berre dansa drama heller, det vert ei nasjonal uppseding; ein nasjonal styrkedrykk. Eit nasjonalt styrkebelte har songdansen vore for færøyingane.

All natti "glymur dansar i høll". Ei natt då det ikkje er natt, berre ei trolsk skyming, ein døkk ljoske frå nordlegare heimar, der soli ikkje går ned. Ein eventyrleg stemning ligg over land og by.