Litt morosamt om dansen i BUL 1910-14
av Ola Haraldseth

I boka "Bondeungdomslaget gjennom 30 år" står det eit morosamt stykke om folkedansen i BUL ca 1910-1914. Ola Haraldseth var ein av rettleiarane for denne "dansarringen" denne tida.

"Ja, det var ein dansarring i 1910-14 eller 15. Korleis den kom til eller frå verda hugsar eg ikkje so godt, men vi dansa og mora oss og andre det vesle vi kunde. Fyrste danselæraren var kaptein Os, han tok det på sin sermerkte måte, og det gjekk bra. Det eg serleg hugsar av undervisninga var instruksen i springdans, "to steg med høgre og eit steg med vinstre", og so halta dugeleg på høgre foten. - Alle gode springdansarar haltar meir eller minder," sa Os. Ja vi halta og dansa og halta, verst var det å hugsa på haltinga, når ein skulde snu seg eller gjera ein og annan sprett.

Kven som var med? Eg vågar ikkje å nemna for mange namn, men seinare lagsformann og reformator Arne Falk var ein av elevane. Han melde seg inn for å bli kjend med ei gjente, men eg fekk laga det so vride til at det gjekk eit år fyrr han kom i lag med ho, og i denne tid måtte han halda ut, - han lærde å dansa til slutt.

Jon Midttun lyt eg og nemna, han var so sleivut av seg, men ein bra kar elles; og so hadde han gild bunad. Når vi var mange nok utan Jon, drog vi berre bunaden av han og bytte millom dei andre karane. Ein gong måtte han - etter han var avklædd - likevel vera med, og vi pelte då på han det som fanst, millom anna broka til professor Gjelsvik. Etter dansen kom ei av åskodarane (ei vakker russisk grevinne) burt og skulde studera bunaden til Midttun, serleg hadde ho fest seg ved den digre broka. Då vart Midttun for fyrste gong arg. "Da æ kje mi brok dan der, denna vabroki høyrer professor Gjelsvik til ho. Han der (Kristiania-Olsen) har mi brok han, men då han æ so liten, so laut han få broki mi. Kunde du koma att i morgo du, so ska e ha mi eigi brok på meg." Etter denne dag var det verre å få Midttun til å låna burt broka si.

Kvar vi dansa? Alle stader, men oftast på Folkemuseet, på fråhaldsstemnor, marknader og so under dei store rusarinnefestane, der Asphaug, Breidsvoll og dei mest drivande kavalerane elles ikkje hadde blund på augo på åtte dagar; ja det var festlege dagar og netter, serleg for dei som dugde noko i kvinnfolkvegen. Vi dansa elles rundt kring byen, fleire vendor for fiffen i Asker. På ei stor ungdomsstemne i Rælingen dansa vi i ei steinurd, so det jamnan sat ein eller fleire fast etter kvar dans.

Og so lærde vi svenskane å dansa, akk ja san, kven hugsar ikkje den store svensketuren i 1916. Eg kunde ha hug til å skriva mykje um den, men får vel halde meg til saka. Vi dansa i Säter i eit uhorveleg stort friluftsteater, og i ein varme som ikkje let seg skildra på prent. Det var der han Torleif Løstegaard braut spjeldrebeinet i foten sin, so vi laut bera han på ryggen resten av ferda. Leksand-turen var elles ein herleg tur, eit framifrå rot, der alle gjorde som dei vilde og ingen som dei skulde. Mange forvitnelege ting såg vi og. Det mest forvitnelege eg såg var då han Tore Ørjasæter raka seg i hønsehuset på Leksand gjestgjevargard jonsok-morgonen.

Medlemstalet? Åja, det var både upp og ned, ofte ned. Største tapet var då han Endre Svello slutta, han var den einaste som med ære og vyrdnad kunne ta på seg broka til Gjelsvik, og den fylgde oss trutt alle stader.

Økonomiske vanskar? Nei, det hadde vi ikkje. Kvar betalte for seg, og dermed var den saka i orden. Jau ein gong måtte vi ty til Bondeungdomslaget med spurnad um garanti for 17 kronor, som vi skulde betala for leige av drakter. Det vart eit kvasst ordskifte i laget um dette; og det verste var eit framlegg frå Johan Løkken um at danseringen skulde dansa utan drakt heldt på å bli vedteke. Til all lukke fekk Løkken ikkje fleirtal, endå han brigda framlegget til å lyda "utan nasjonaldrakt".

Um vi var flinke? Ja, vi var flinke alle saman, med eit og anna sjeni innimellom. Kari Semb var vel den som nådde høgst, og utan henne hadde ringen snautt hange i hop. Seinare kom Dina Sletten, og frå elevrekkja frk. Ragna Gunleivson (fru Øygard), Bergens-Olsen, Einar Øygard og fleire. Eg trur at Svinndal eller i allfall kona hans fekk si fyrste upplæring i denne dansarringen."