Hulda Garborg startar med songdans

Etter det Hulda Garborg sjølv fortel var det allereide i 1900 at ho gjorde dei første freistnadene med songdans. Ho var sterkt oppteken av dei gamle norske folkevisene, som ho på 1890-talet hadde høyrt mellom andre Thorvald Lammers (1841-1922) syngje, ho hadde lært om dei av Lars Liestøl (1839-1912) og høyrt han syngje stev, og ho hadde fått låne førelesingsnotatar av Molke Moe (1853-1913). Så fekk ho lese eit lite hefte som dansken Hjalmar Thuren gav ut i 1901 om dansen på Færøyane - "Dans og kvaddiktning på Færøerne". Heftet omtala ho i ei bokmelding i januar 2002, og ivrar for at Noreg må "ta oppatt" folkevisedansen.  (Han ga ut ei stor bok om emnet i 1908: "Folkesangen på Færøerne".) Seinare skreiv ho: 

"Eg trur det vilde bli ein låk leik som aldri var liv laga, um det ikkje var so, at vi tykte moro i å leika til folkevisorne."
"I 1890-åri tok eg til å tenkje på, um ikkje den beste måten å få upp visune på skulde vera å få den gamle visedansen i gang att."

Hulda Garborg var godt kjent med mange "fine" damer i Oslo, og det var i dette miljøet ho starta opp. Visstnok var det etter eit selskap hos Kitty Kielland at ho samla ein liten ring der ho byrja å øva på folkeviser med dans til. I alt var det 7 damer, mellom dei Ella Anker, frøken Motzfeldt (seinare gift med amtmann Løken), Randi Blehr og Janna Kielland. Mellom dei første folkevisene var "Per spelemann", "Kongen og Knut liten" og "Torstein tala til staven sin".

Den første gongen den vesle jenteringen viste dansen sin offentleg, var på eit møte i Bondeungdomslaget i Oslo 7. mars 1902. Først tala Arne Garborg om "Nordisk folkedans" og så viste jentene fram dansen. Om dette møtet skreiv Hulda: "Eg skreiv upp det eg visste åt han for eg rekna med at folk vilde gjeva meir gaum på det han sa, enn på meg."

Den 13. mars 1902 skriv bladet "Symra" om dette møtet (truleg er det bladstyrar Klaus Sletten som skriv):

"Bondeungdomslaget hev lota flutt attende til Møllergata 20 med møti sine. Men marknaden vilde laget halda i sine eigne rom. Og det gjekk godt og vel til Garborg skulde halda fyredraget um "Nordisk folkedans".
Då sa politiet at no fekk det vera slutt med å samle folk i fjorde høgda. Kom det noko på vara det vandt å vita om det stod til berging. Og folk gjekk på måfå den kvelden. Men trudde du dei vart tykne og sat heime fredagen etter (7. mars 1902), tok du i miss. 500-600 menneske kom inn i salen, og dei utanfor stod i rad og rekkje, vart ikkje talde. Dore Lavik las opp eit par bolkar or "I Helheim", og dei sterke ordi skok folket upp, soleis som dei vart framsagde.
Arne Garborg (biletet) vart fagna på det aller beste då han steig upp på stolen og tok til å tala stillsleg og einfeldt på sitt jærbu-mål."
"So kom Hulda Garborg med 7-8 kvende i brikjande nasjonalbunader fram på tilet og synte korleis ein kunde dansa på gamal gjerd til norske folkevisor. Dei song "Knut liten og Sylvelin", "Per spelemann" og "Torstein tala til staven sin".
Folk sat i undring, og meir enn ei gjente brann etter å få freista. Dei segjer gutane kan vera med og, so det vert visst ikkje lenge bia fyrr folkevisedansen vinn seg fram."

Den andre framsyninga hadde jenteringen den 22. november 1902 i "Oslo Gilde". (Oslo Gilde var eit lag i Oslo skipa i 1900, der mange målmenn og norskdomsmenn var med.) Hulda Garborg skriv så om den tredje gongen: "og tridje gongen dansa vi inn 2000 kr. til dei arbeidslause paa ein fin-fin the hjaa statsminister Blehr, der billetten vart betalt med fem kroner".

Den 8. mai 1902 hadde Hulda Garborg eit innlegg i "Symra" om folkevisedansen der ho viser til Thuren si bok om dansen på Færøyane:
"Skal ein freista å taka uppatt visedansen, so var det fulla best um me freista å få han i samklang med våre eigne visor. Og so måtte ein freista å få fram i lag og måte å "trøda" på dei ymse visor. Då eg her i vetter gjorde ein liten freistnad saman med nokre kvende frå Oslo, bruka me dei 6 steg på færøyvis. Men til visor so "Liti Kjersti", "Gudmund og Signeliti" o.l. dansa me so stilt som råd var, mest so at ingen kunde høyra at med trødde; til "Dalebu Jonson" og andre kjempevisor trødde me fast i tilet og let rørslorne vera sterkare i det heile. I ymse småvisor som "Torstein tala til staven sin", "Reven og bjørnen" o.a. gjekk me ikkje strengt etter færøymåten, men trødde i dei lette etterslengjerne på onnor gjerd so det gjekk lite friskare. Vil ein taka uppatt noko som er gamalt og avgløymt som folkevisedansen, må ein ikkje vera for redd. Det er rom for nye tankar og påhitt, når dei berre ikkje bryt stilen. Men det er sjølvsagt, at skal ein dans verta ålmen og kunna lærast av alle, so må han hava nokre faste grunnreglar. Difor er det godt at me no har færøydansen å byggja på."

I februar 1903 har Hulda Garborg eit nytt stykkje i "Symra": 
"Eg ser at dei vil taka til med folkevisedans kring i bygdene. Det gjeng fortare enn eg hadde tort vona, og ingen kan vera gladare for det enn eg. Men som vert eg uroleg og, stundom. Det kunde koma til å gå vel fort, so folk ikkje rett fekk tak i kva det gjaldt. Dei kunde tru det var noko på lag som annan "dans" so dei bedre lærde dei ytre fakter og stig og rørslor ..
Vona vil eg då at folkevisedansen snart må verta so ålkjend i Noreg som han var fyrr, og som han enno er på Færøyane, so at unge og gamle, så og store kan vera med her som der".