Litt frå bladet "Symra"
Symra var namnet på eit ungdomsblad som kom med første nummer 19. desember 1901. Formannen i det nyskipa Bondeungdomslaget i Oslo (skipa 1899) Klaus Sletten var bladstyrar. Vi tar med nokre klipp frå bladet som har med folkedansen å gjere. Klippa er henta frå "Hugmål" av Åsmund Svinndal 1952.

Den 13. mars 1902 skriv Symra om den første gongen Hulda Garborg synte fram folkevisedans og Arne Garborg tala om "Nordisk folkedans":
"Bondeungdomslaget hev lota flutt attende til Møllergata 20 med møti sine. Men marknaden vilde laget halda i sine eigne rom. Og det gjekk godt og vel til Garborg skulde halda fyredraget um "Nordisk folkedans".

Då sa politiet at no fekk det vera slutt med å samle folk i fjorde høgda. Kom det noko på vara det vandt å vita om det stod til berging. Og folk gjekk på måfå den kvelden. Men trudde du dei vart tykne og sat heime fredagen etter (7. mars 1902), tok du i miss. 500-600 menneske kom inn isalen, og dei utanfor stod i rad og rekkje, vart ikkje talde. Dore Lavik las opp eit par bolkar or "I Helheim", og dei sterke ordi skok folket upp, soleis som dei vart framsagde.
Arne Garborg vart fagna på det aller beste då han steig upp på stolen og tok til å tala stillsleg og einfeldt på sitt jærbu-mål."

"So kom Hulda Garborg med 7-8 kvende i brikjande nasjonalbunader fram på tilet og synte korleis ein kunde dansa på gamal gjerd til norske folkevisor. Dei song "Knut liten og Sylvelin", "Per spelemann" og "Torstein tala til staven sin".
Folk sat i undring, og meir enn ei gjente brann etter å få freista. Dei segjer gutane kan vera med og, so det vert visst ikkje lenge bia fyrr folkevisedansen vinn seg fram."

Den 8. mai hadde Hulda Garborg eit innlegg om folkevisedansen der ho viser til Thuren si bok om dansen på Færøyane:
"Skal ein freista å taka uppatt visedansen, so var det fulla best um me freista å få han i samklang med våre eigne visor. Og so måtte ein freista å få fram i lag og måte å "trøda" på dei ymse visor. Då eg her i vetter gjorde ein liten freistnad saman med nokre kvende frå Oslo, bruka me dei 6 steg på færøyvis. Men til visor so "Liti Kjersti", "Gudmund og Signeliti" o.l. dansa me so stilt som råd var, mest so at ingen kunde høyra at med trødde; til "Dalebu Jonson" og andre kjempevisor trødde me fast i tilet og let rørslorne vera sterkare i det heile. I ymse småvisor som "Torstein tala til staven sin", "Reven og bjørnen" o.a. gjekk me ikkje strengt etter færøymåten, men trødde i dei lette etterslengjerne på onnor gjerd so det gjekk lite friskare. Vil ein taka uppatt noko som er gamalt og avgløymt som folkevisedansen, må ein ikkje vera for redd. Det er rom for nye tankar og påhitt, nåpr dei berre ikkje bryt stilen. Men det er sjølvsagt, at skal ein dans verta ålmen og kunna lærast av alle, so må han hava nokre faste grunnreglar. Difor er det godt at me no har færøydansen å byggja på."

I referatet frå 17. mai-festen i Bondeungdomslaget står det:
"Leid på kvelden var det folkevisedans og annan leik, so folk totte det var gaman".

Det framgår også at det var haustfest på Folkemuset på Bygdøy, med framsyning av folkeviseleik og barneleikar.

Etter årsfesten i BUL står det i Symra: 
"Folkeviseleiken gjekk med meir liv enn nokon gong fyrr, alle vilde vera med".

Det kjem også fleire folkeviser, og det blir også gjort freistnad på å sette steg under notane, slik at det vert lettare å læra dansane.

I februar 1903 har Hulda Garborg eit nytt stykkje i Symra: 
"Eg ser at dei vil taka til med folkevisedans kring i bygdene. Det gjeng fortare enn eg hadde tort vona, og ingen kan vera gladare for det enn eg. Men som vert eg uroleg og, stundom. Det kunde koma til å gå vel fort, so folk ikkje rett fekk tak ikva det gjaldt. Dei kunde tru det var noko på lag som annan "dans" so dei bedre lærde dei ytre fakter og stig og rørslor ..
Vona vil eg då at folkevisedansen snart må verta so ålkjend i Noreg som han var fyrr, og som han enno er på Færøyane, so at unge og gamle, så og store kan vera med her som der".

I pinsehelga i slutten av mai 1903 reiste ei dansegruppe med Hulda Garborg i spissen til Stockholm. I referatet i Symra står det:  
"Me var 20 i fylgje. Fru Garborg og tvo andre for dagen føreåt. Dr. Hazelius, han som styrar heile Skansen, tok hjarteleg i mot oss. Vi kjende oss litt ottefulle for fyrebuingstidi var stutt og vandt var det å ssleppa i frå, so vi måtte lata det stå til med lite øving. Men då vi tok til, gjekk alt vel, og hjarteleg glade var me. Fullt av folk var det, og det såg ut til at dei tykte vel om både nasjonaldansen og folkevisedansen vår". .... "Det gjeng fråsegner um at dei var framifrå fagna av svenskane at fyrste kvelden. Serleg hugtok songdansen (folkevisedansen) so bladi spår han vinn seg eit rom i Sverike med. Nasjonaldansen - springar og gangar frå Telemark og Sætesdal - vart vel umtykt og Olav Moe fekk sterke lovord for spelet sitt. Svenskane er gjestmilde og mykje vænt er å sjå burte i Stockholm, so flokken segjer seg å ha fengje ei fagnad-ferd. Dei er attventande i morgon. Laurdag skal dei hjelpe til på vårfesten åt Norsk Folkemuseum".

Den 8. oktober 1903 står det vidare å lese i Symra:
"Delsbo-Stintan hev vore her i Oslo og sunge sine visor og fortalt småsogorne sine frå Helsingland. Og fagnad og gaman hev det vore kvar kveld. Fyrre måndag var det fullt hus i Studentsamfundet. Stintan fortalde og dansarflokken åt Bondeungdomslaget med fru Garborg i brodden synte fram dei glupaste nasjonaldansar og folkevisedansar. Folk sparde ikkje på fagningi".

Heilt på slutten av året, rett før bladet Symra gjekk inn, står det eit stykkje om songdansen: "Folkeviseleiken hev vorte gjæv i ungdomslag landet rundt. Men enno er det fåe etter måten som hev lært leiken skikkeleg. Fru Garborg hev ikkje trøytna, no skal ho til Valdres. Men aller stader kan ho ikkje nå heller. Det er fleire av dei beste i Bondeungdomslaget som vil kunde gjeva upplæring og so dyrleigde vert dei visst ikkje. Lag som ynskjer hjelp til å læra folkeviseleikane kan skriva til Norsk Målkontor".