Bondeungdomslaget i Oslo
Diverse om framvoksteren frå 1899 og framover

I 1899 vart Bondeungdomslaget i Oslo skipa, nær knytt til Noregs Ungdomslag og målarbeidet, med Christopher Bruun (1839–1920) som "åndeleg far" og med bladmannen Klaus Sletten (1877-1946) som ei ung drivande kraft. Han vart første leiaren i BUL og var det i mange år framover, til 1916. BUL fekk svært mykje å seie for utviklinga av mesta alt frilyndt og målpolitisk arbeid i hovudstaden, ja i heile landet. Ikkje minst fordi laget raskt vart sterkt også økonomisk, og dreiv etter kvart mange forretningar: fleire kafear, hotell, bunadutsal og eige lagshus - Bondeheimen. Det gjorde at dei kunne gje økonomisk stønad til mange tiltak, til dømes nynorske blad. Mange av dei leiande både innan politikk og kultur var med i BUL-miljøet, både statsrådar, stortingsmenn, forfattarar, teaterfolk, bladfolk ol. I 1900 vart laget "Oslo Gilde" skipa, eit forum for eldre målfolk i hovudstaden, delvis dei same som var med i BUL.  Same året vart "Norsk Målkontor" skipa, med Klaus Sletten som krumtapp, og som organisasjonane som stod bak var Det Norske Samlaget, NU, Studentmållaget og BUL . Desse organisasjonane stod også bak serien av opplysningsskrift "Norske Folkeskrifter" (1902). Noregs Mållag vart ikkje skipa før i 1906, med BUL som vertskap. Av sentrale personar i dette miljøet nemner vi, attåt dei som er nemnt før, første målprofessoren Marius Hægstad (  -1928), jusprofessor Nikolaus Gjelsvik (1866-1938), som vart leiar i NU i nokre år, utanriksminister og målhovding Jørgen Løvland (1848-1922), diktarane Per Sivle (1857-1904) og Rasmus Løland (1861 - 1907), stortingsmemmene Lars Liestøl og Andreas Lavik, målpresten Peter Hognestad (1866-1931).

At motkreftene til målrørsla, riksmålsfolka vart aktive på denne tida (1898-1900), samla målfolket til innsats. Mellom dei var Bjørnstjerne Bjørnson. I 1894 vann Vestre styringa i hovudstaden, og det bana også vegen for framgangen for norskdomsrørslene.

Som nemnt vart BUL snøgt eit stort  og økonomisk sterkt lag. I skipingsåret var dei 120 medlemer, i 1909 var dei 450 medlemer, i 1919 1550, i 1925 1705 og i 1928 1680.  På medlemsmøta kvar fredag var det svært mykje folk, mellom 400 og 700 på kvart møte i 1919.  Første kaffistova - den første i landet - opna alt i 1901. På ein målmarknad deiskipa til i 1902 fekk dei inn heile kr 1800 og kaffistova vart gjeldfri! Andre kaffistova opna i 1909 og den tredje på Stortorget i 1912. I 1913 bygde så BUL sitt eige hus - Bøndernes Hus (1,15 mill kroner) med ny Kaffistove, Bondeheimen og Teatersalen. Same året tilsette BUL den første skrivaren - Ola Haraldseth 1913-1918, etterfylgt av Kristen Solheim  som var skrivar i heile 42 år (1918-1960). Ny kaffistove på austkanten kom i 1917. På det meste hadde dei 6 kaffistover i drift. Mange særlag voks også fram etter kvart Skyttarlaget (1905), Saumarlaget (1909), Spellaget (teater) 1900-1904 og fast frå 1915, Songlaget (1914), Idrottslaget (1913), Musikklaget (1918), Leikarringen (1919), Mannskoret (1919), Bragegildet (1921) (litteraturlag), Barnelaget (1924). Første hytta - Rødkleivhytta - fekk dei i 1916 og Bondehytta i 1920, dei kjøpte husflidsutsalet Heimen i 1923, og i 1919 kjøpte dei også ein stor bygard. Frå 1919 fekk dei eige trykt medlemsblad - "Lagsbladet". I 1919 hadde BUL 2 millionar i omsetning på forretningsdrifta, og 130 tilsette! I 1914 var dei tilsvarande tala 1/2 million og 80 tilsette.

BUL stod i fremste rekkja også då "Det Norske Teateret" vart skipa i 1912, og seinare har BUL gjeve stor stønad til teatert, ikkje minst i pengevegen. Det Norske Teateret voks på eit vis ut av "Det Norske Spellaget" som Hulda Garborg fekk vitalisert  som eit amatørteater hausten 1910 og som reiste på to store teaterferder rundt om i landet i 1911 og 1912 med stor suksess. Det Norske Teateret hadde første oppsettinga si i oktober 1913 i den nye Teatersalen, med "Jeppe på Berget". Rasmus Rasmussen var første teatersjefen.

På 1920-talet blomstra forretningsdrifta i BUL, og laget løyvde store summar til nesten alt som fast av godte tiltak innan norskdom, særleg målsaker. I 1921 vart Oslo Nye Sparebank skipa (gjekk saman med Vestlandsbanken i 1979). I 1922 kjøpte dei bygarden  Drammensveien 2 og dreiv der Parkstova og Parkheimen i nokre år. Då BUL feira 30 år i 1929 hadde dei 6 kaffistover, to hotell, ei husflidsforretning, to bygardar og to hytter.  Forlaget Noregs Boklag vart skipa i 1922 med støtte av BUL, og i 1930-åra gjekk dei inn som ein viktig deleigar. I 1922 fekk BUL eigen bokhandel - "Bokbua"På 30-talet vart det nok trongare tider, men BUL tente framleis gode pengar og ga store pengegåver til mange norskdomstiltak, særleg støtte til nynorske blad og aviser. I 1923 gjekk BUL og nokre av bygdelaga i Kristiania saman og skipa "Oslo Fylkeslag", ein samskipnad for bygdelaga i hovudstaden.

Fedraheimen", som Arne Garborg dreiv. "Den 17de mai" 1894 - 1935 (dagblad frå 1914). Rasmus Steinsvik var redaktør til han døydde i 1913. Frå 1935 "Norsk Tidend" dagblad til 1937, og vekeavis vidare. "Dag og Tid" frå 1962.