Om Leikrådsmøtet i Trondheim 1921

Første leikmøtet i Trondheim 1921
I 1921 - 6. og 7. juli - var det jubileumsstemne  for Noregs Ungdomslag i Trondheim - NU vart skipa der i 1896. I samband med dette stemnet vart det også kalla inn til eit Leikrådsmøte, og 91 leikarar frå heile landet møtte.  Ein kan seie at dette vart opptaket til at NU for alvor tok leikarbeidet med i sitt arbeidsområde. Dermed vart også folkedansarane i landet organisert i ein landssamskipnad. Frå den tid vart det årvisst eit Leikrådsmøte i samband med stemnet og årsmøtet i NU. Det vart også oppretta eit ombod som leikrådgjevar i NU, og Asmund Svinndal vart første leikrådgjevaren. 

Initiativet til å halde leikmøte i Trondheim i 1921 kom frå folk i Leikarringen i BUL Oslo, med P.A.Schanke, Åsmund Svinndal og Mikal Gulla i brodden (dei tre var då leiar, nestleiar og skrivar i Leikarringen i BUL). Dei vende seg til Edvard Os
(biletet) som vart oppglødd for ideen. Styret i NU var også positive og dei sette av tid på stemneplanen til møtet. Behovet for ei nasjonal organisering av folkedansarane hadde dei særleg sett og opplevt via det nordiske folkedanssamarbeidet.

Aasmund Svinndal var ordstyrar på møtet, og Mikal Gulla innleidde til ordskifte. Etter to dagars drøfting vedtok dei eit forslag til årsmøtet i NU.
1) Leikstemna vel ein sakkunnig rådgjevar som skal vera styret i Norigs Ungdomslag til hjelp med arbeidet for nasjonaldansen.
2) Leikstemna i Nidaros 1921 bed styret i Norigs Ungdomslag um å senda uppmoding til einskildlaga i samskipnaden um å organisera arbeider for nasjonaldansen soleis at det i alle lag vert leiarringar, nemnder eller einskildmenner som står for arbeidet.
3) Leikstemna bed Norigs Ungdomslag um å skipa noardisk stemne sumaren 1922. Styret i Norigs Ungdomslag set fast stemnestaden.
4) Leikstemna uppmodar Norigs Ungdomslag å skipa eit landsskeid for uppskuling av fylkeslærarar i nasjonaldans, med den tanke at desse seinare kan halda liknande skeid kvar i sitt fylke.
5) Leikstemna ver styret i Norigs Ungdomslag um å senda desse uppmodingar til einskildlaga i samskipnaden:
    a) At dei berre nyttar nasjonaldans på alle samkomer innan laga.
    b) At dei tek upp arbeidet for nasjonalbunadene soleis at der i alle bygder vert skreddarar som syr høvelege og             ekte nasjonalbunader.
6) Leikstemna set ned ei nemnd på 7 mann til å arbeida ut reglar for rettleidingar i norsk nasjonaldans (song  og musikk-dans).
7) Leikstemna uppmodar styret i Norigs Ungdomslag um å skipa til tevling i nasjonalt felespel i samband med årsstemna.

Årsmøtet i NU vedtok straks etter framlegget utan særlege endringar. Aasmund Svinndal vart vald til første leikrådgjevaren. Leikarane hadde øvingar i to dagar, og til slutt hadde dei ei vellukka framsyning under leiing av Klara Semb.

Ordninga med leikrådsmøte og leikrådgjevar i NU vart ståande til etter krigen. Aasmund Svinndal  (bildte) var første leikrådgjevaren (1921-23), Johs. A. Dale (1924-27) og  Klara Semb (1928-46).

Tidleg på hausten sendte NU ut rundskriv til laga om det leikstemna hadde bede om. Dei prøvde også å få i stand eit leiklærarkurs for heile landet, men det var for lita interesse. Men NU heldt ungdomsleiarkurs  i Måløy 6.-27. november 1921 med Os som leiar og Harald Indergaard som leiklærar. Og det var leikkurs på Sunnmøre, Kongsvinger og Hallingdal. Året etter vart så det første landskurset halde i Oslo 14. juni til 5. juli. Klara Semb var leiklærar, Edv. Os hadde kurs i lagsarbeid. Prof. Liestøl, Olav Midttun, Hulda Garborg og Aasmund Svinndal heldt foredrag om folkevisene. I årsmeldinga til NU for 1921/22 står det at leikarbeidet "har bore godt fram i det farne året, Klara Semb har atter ofra seg heilt for dette arbeidet og halde i alt 14 skeid i ymse landsluter for til saman 745 elevar i det framfarne året". Av andre som har hatt kurs er nemnde Ragna og Einar Øygard, Harald Indergaard og Rasmus Hvitsten.


(No skal vi ikkje gløyme at det alt i november 1919 vart skipa ein frittståande landssamskipnad for folkedansarar: "Den norske folkeviseringen" (DNF). DNF hadde også utgangspunkt i Oslo med kjende leiklærarar som Einar og Ragna Øygard og norskdomsmannen Johan Austbø i brodden. Samskipnaden nytta det gamle norske solkorset som sitt merke. DNF voks utruleg fort frå 6 lag og 118 medlemer i 1919 til 72 lag og 4326 medlemer i 1922, og det vart også skipa nokre fylkeslag. Mange leikarringar melde seg inn i DNF, til dømes Oslo Sangdanslag, og nokre leikarringar i Oslo med utgangpunkt i arbeiderungdomslag,  kommunistiske ungdomslag og fråhaldslag. Leikarringen i BUL derimot vedtok ikkje å bli med. Det ser ut til å ha utvikla seg motsetnader mellom folk der og dei leiande i DNF. Etter 1923 gjekk det ikkje lenge før DNF dovna bort (i løpet av 1924). 
(Kanskje er det berre tilfeldig, men Leikarringen i BUL vart godkjent som særlag i BUL 14. november 1919, medan DNF vart skipa 17. november same året. Oslo Fylkeslag av DNF vart skipa 9. februar 1923 (18 lag) medan Oslo Fylkeslag i NU vart skipa knapt ein månad seinare - 14. mars  (9 lag). Det kom protest frå DNF mot å nytte namnet Oslo Fylkeslag, men på skipingsmøtet vedtok dei å sjå bort frå protesten.)