Den første Norderlandske Folkedans- og spelmannsstemna
i Stockholm 1920

Den første nordiske folkedansstemna var i Stockholm i byrjinga av august. Tanken om eit slikt stemne kom  truleg opp i Oslo sumaren 1917. Då var ei gruppe svenske folkedansarar frå "Brage Gille" i Stockholm med Ernst Granhammar i spissen. Dei var mykje saman med norske dansarar, særleg folk frå BUL. Asmund Svinndal skriv i "Hugmål" at dei var samde om det burde skipast til eit stort nordisk folkedansstemne. Det vart i Stockjholm i 1920.

Vi saksar det som Aasmund Svinndal skriv om dette stemnet i "Hugmål":

Den fyrste store oppgåva den nyskipa Leikarringen fekk å arbeide med, var å representere landet på den fyrste nordiske dansestemna i Stockholm, sommaren 1920.

Vi hadde heile tida stått i brevbyte med Ernst Granhammar, som med eld og glod gjekk inn for oppgåva. Då det ikkje var fleire enn 6 par som kunne reise frå Ringen, vart det sendt innbeding til nokre andre lag som vi visste hadde leikarringar, og endelykta vart at desse kom til å fara:
Frå Ringen:
P.A. Schanke, Mikal Gulla, Olav Strand, Ottar Grann, Harald Indergård, Aasmund Svinndal, Ingeborg Bøhn, Kalla Kolstad, Inga Glomnes, Gydny gGlomnes, Kristi Øynebråten, Solveig Breien og som spelemann Henrik Gjellesvik.
Dessutan Klaus Vabø og Linken Øvereide frå B.U.L., Bergen, Rasmus Hvitsten og Kitty Guddal frå Ervingen, Bergen, Mattis Glærum og Astrid Følling frå Fosna Mållag, Kristiansund, Olav og Anna Bringa frå Dag, Skien og hallingdansaren Sigvat Tveito frå Aal.

Det var etter måten ein framifrå ring. Generalprøva vart halden på Folkemuseet 28. juli, og på vegen til Stockholm dansa vi på festningsvollen på Kongsvinger - Olsokdagen.

Så bar det over grensa til nokre hektiske stemnedagar som vel ingen av dei som var med gløymer. Det vart ein fest frå fyrst til sist. Vi gjorde lukke med dansen vår. songdansen vekte mest åtgaum, og Ormen Lange måtte dansast oppatt fleire gonger. Elles var Fakkeldansen, som så ofte seinare, eit glansnummer. sigvat Tveito dansa framifrå Halling og Gjellesvik spela seg inn i hjarta til alle. På hovudfesten i Höganloftet spela han slik at folk sat med anden i halsen. Det var så stilt under spelet at ein ville ha høyt ei nål falle, og etterpå braka det laus med ei fagning som ingen ende ville taka. Brage Gille var serleg vertskap for nordmennene, og eg skal seie dei tok vel hand om oss. Siste kvelden var dei ein høgtidsstemt fest saman med vertsskapet. Venskapsband vart knytt som seinare har vori grunnfaste. Ja Lasse vart heilt svensk denne kvelden og reagerte ikkje på norske ord i det heile.
(Lasse = det vanlege namnet på Henrik Gjellesvik.)

Det var fint ver under heile stemna - til avskilstimen kom, då sila regnet ned. Då nytta Gunnar høvet til desse avskilsorda: "Titta Stockholm gråter när ni reser." Men det var ikkje berre Stockholm som gråt. Tårene sila frå alle gjentene våre, og gutane hadde store klumpar i halsen.

På denne stemna vart det svenske Riksförbundet skipa - det som no heiter Svenska Ungdomsringen för Bygdekultur.