Sitat frå "Songdansen i Nordlandi" 
Frå 3. utgåva, Aschehoug 1922.

I 1903 skreiv Hulda Garborg eit heftet på 25 sider -"Songdansen i Nordlandi" - der ho greidde ut om færøydansen og om songdans i mellomalderen. Hefte kom i ny og større utgåve i 1913 (78 sider) og ei 3. utgåve i 1922 (100 s). Her kjem nokre sitat frå boka. (Vi nyttar over alt å i staden for aa.)

Fyriord til tridje utgåva
Sidan andre utgåva av denne boki kom ut i 1913 hev eg funne eit og anna nytt, som her er medteke.
Dansen hev i dei siste åri breidt seg utruleg fort over lande, og av folkevisesamlingar hev me fengi fyrste hefte av den store folkeutgåva ved professor Liestøl og Moltke Moe, eit storhende i kultursoga vår. Ho kom i 1920, etter at Landstads samling hadde vore utseld i ein halv mannsalder.
I 1915 fekk med og professor Liestøls forvitnelege bok "Norske Trollvisor og norrøne sogor" med utgreidngar.
I 1920 kom tridje utgåva av "Norske Dansevisur" (med tonar); og "folkeskriftnemndi" hev gjevi ut fleire små visehefte.
I bøkane sine um Olea Crøger og Magnus Bostrup Landstad hev Rikard Berge gjevi livfulle bilæte av folkeviserenæssaaaancen vår. Det er som eit eventyr å lesa um desse fyrste eldhuga visesamlarane; men enno lærer norsk ungdom ingenting um dette kulturarbeidet i skulane.
Vil ikkje folke snart krevja, at norsk ungdom skal lære norsk kultursoge?
Eg hev no i 20 år havt høve til å sjå og høyre, kor grenselaus fåkunna er i desse ting. Ungdom som ikkje hadde gjengi på ein folkehøgskule visste ikkje meir um norsk folkedikting enn ein mann frå månen.
Kor lenge skal det gå slik?
Hvalstad 1922                                                             H.G.

Boka er ikkje inndelt i kapittel. Side 3-24 er eit innleiande tilleg der ho skriv diverse om det som har hendt i utviklinga av folkevisedansen - det arbeidet ho sjølv hadde stått i brodden for. Her er desse innleiande sidene i boka.
"Stigum fast á várt golv;
sparum ei vár sko!
Gud má ráde, kvar me drekkum onnor jol"
     
(Stev til færøysk Dansevise.)

Tjuge år er gjengne sidan fyrste utgåva av denne vesle boki kom ut, og i desse åri hev songdansen rotfest seg att i Norig; det torer eg vel no segja.
Det hev gjengi betre enn eg drøymde um; og det er eg sjølvsagt gald for.
Det vil då her høve, at er fyrst fortel um kóss arbeide med dansen tok til.
                                                              *
Då eg i ungdomen fekk høyre Torvald Lammers syngje norske folkevisur, var det ei ny verd som opna seg for meg.
Det høver stundom so heppeleg, at rette mannen kjem i rett tid; so var det med Lammers.
Gode mennar hadde lengi arbeidt med å grava fra att or gløymslo dei gamle folkevisune våre; men det som kom i dagen vart berre gravlagt att, i boksamlingar og eldfaste skåp. Det vitskaplege arbeide med visune vilde ta lang tid; og det var på det uvisse, når den framgravne skatten kunde bli folkeeige i rett meining att.

Då kom Torvald Lammers. Hav var sjølv som hoggen ut av dei norske fjelle; staut, herdebreid, ljosdæmd, med ei røyst som kunde minne om storfossen i sitt velde, men og um fjellbekken roleg og klår. Då eg hadde høyrt homom kveda folkevisur, kunde eg ikkje gløyme deim att; dei song seg inn i hugen min for alle tidir.

Og eg vart forviti etter å høyre meir; måtte lære å kjenne denne nye gamle verdi, som åtte slik song og slik tale.

På målskulen til Ivar Mortensson (i "Fedraheimen" 1885), der me og stundom hadde Lars Liestøl til lærar, høyrde eg mangt eit fint sæbygg- og telemarksstev og mang ein gamall visestubb og slått; dertil for fyrste gong fin norsk tale. Og eg gjekk ut frå skulen med ein nytt syn på norskt åndsliv. Eg hadde lært, at me hadde ein gamall kultur her i lande, ein som var "større enn mange vil tru"; og Vinje, Aasen, Garborg kom i bokhylla mi saman med Wergeland, Bjørnson, Ibsen - og dei russiske, som den gongen hadde mest ei fårleg magt yvi ungdomen.

At me hadde tvo mål i lande hadde fyrst av alle Andreas Hølaas lært meg. Den fyrste landsmålsboki eg åtte var umsetnaden hans av Peter Schlemil.

Folk flest hadde i den tidi endå mindre enn no greie på norsk folkedikting; Lammers vart vegbrøytar her. Og ved Universitete var det vel nytt, det meste av det prof. Moltke Moe bar fram i dei fyrelesingane som han kalla "Indledning til folkeviserne" (1886 og frametter).

Alt Henrik Wergeland hadde havt ei sterk kjensle av, at det måtte vera eit nationalt samanheng i sogo vår; han trudde og vona at der enno livde restar av gamal folkedikting upp i fjellbygdine; men det var vandt å få greie på dette. I dei bygdine der han var kjend var alle minne frå den gamle bondekulturen slokna, å kalle; folk låg og bala med alt det nye, som dei helst fekk tak i det låkaste av; og "intelligensen" la seg etter å vera dansk. Melte heilt det framande magta han ikkje; eit tvidrag i den norske daningi var der og vart der verande - til uboteleg skade for all åndeleg vokstr.

Wergeland såg og kjende tvidrage betre enn nokon; det var til hinder ikkje minst for han sjølv, og serleg i det store arbeide hans for folkevekkjing.

Som so mange andre "framhuga drengjer" kring i landom i den tidi var han heilt med på den national-folkelege tanken i det romantiske straumdrage som spreidde seg frå Frankrike etter Rousseau og den store revolutionen. Gjennom mennar som Herder, Lessing, Goethe, Schiller i Tyskland og Øhlenschläger og Grundtvig i Danmark nådde dette straumdrage til nordheimen med.

Herders tyske umsetjing av folkevisur frå ymse land vart ein merkestein i arbeide for den nationale atterreisnaden i Tyskland.
(Fotnote: Den "franske leteraturperioden", då franskt hadde vore kulturmål i Tyskland, var då slutt; med Herder, Lessing, Goethe,  Schiller kom det tyske måle til ære att etter lang vanvyrding. I Macauleys bok om Fredrik den store fær ein eit framifrå bilæte av denne yvigangstidi i Tyskland.) Wergeland fekk tak i Herders visesamlingar; og i desse samlingane sakna han Norig so sterkt, at han sjølv freista å laga norske folkevisur (på bygdemål). Dei kom ut i 1942 ("Langeleiken"; sml. prof. Kohts gode folkebok um Wergeland).

Men det vilde ikkje bli nokon rett folkeleg tone i desse visune; det var og vart verande kunstdikting, - kanskje meir kunstig enn den vanlege. Dette kjende wergeland sjølv.

Då han ein dag i Studentersanfunde (vinteren 1934) høyre ein presteson frå Trondheimskanten spela ein underleg lund på  fele. Han fauk upp: "Hvad fanden er det du spiller der? Om igjen! hvor har du den fra! Syng, om du kan!" - Det var "Ifjor gjætt' e' gjeita".

Frå den dagen var Wergeland trygg på at det fanst norske folkevisur i dalom. Og han sende uppmodingar til folk både her og der um å finne deim fram og lata hen få deim til utgjeving.

Den dagen då "Vinterblommer i Barnekammeret" kom ut (den boki som er fyrste frukti av folkeviselesingi hans), skreiv han eit brev til Fredrika Bremer, den kjende svenske fyregangskvinna, som hadde spurt 'n etter norsk folkedikting. Det brevet er så forvitneleg at noko av det lyt eg taka med her.

"Det er Tidens Ånd, at Sagn og Sange dør på dens tobaksrygende og thedrikkende Læber. Og - der kommer ingen nye istedet; især inge nye nationale, ingen Ballader, ingen Sange af sorg og Glæde. Da jeg var heftigere politisk, troede jeg, at det antydede en indre Minfornøielse. Det frapperede, at det "lykkelige" norske Folk ikke sang, at Skoven stod grøn, men at Fuglene ikke sang. Jeg troede, at det følte sig ikke så lykkeligt endda, og at det vidste hvor skoen trykkede. --- Men imod disse traurige Gisninger stiller sig lysere erfaringer. Jeg fandt, at det er Slaverne, Russerne, Serberne etc. som synger. De trøster sig dermed som Burfuglene, og for mig, der troede, at mit Folk var sygt i sit hjerte, var dette en Trøst. --- Dog, jen kan ikke forsone mig med at et lykkeligt Folk ikke skal synge. ---

--- Man iler nu med at fange de døende Sagn og Viser, som dog er tusinde Gange mere indtagende på en gammel Kjærrings eller en Brudepiges eller en liden fødblommet Gjentunges Mund end i et Skillingsmagazins Stereotyper eller i en "elegant", med en lang Fortale om Eventyrets og Folkesangens Natur udstyret Sagn- og Sangsamling.

Jeg mener ikke med mine Veklager, at Folkesangen ganske er død; men man må tilfjelds for at finde den, og da må man fostå Sproget. --- Nordmændene har mere end andre Folk to sprog, skriftsproget, som Folket tvinges til at lære for Religionens Skyld, og som det forkaster, såsnart Tvangen er forbi, og aldrig taler og allermindst synger i, og Talesproget, hvori de dannede ikke trænger såvidt ind, at de kan redde dets leende Sange for de Degenerasjoner, de er undergået og undergår.

Men - Materien vokser mig under Hånden. Jeg får i Kortehed sige Dem, at jeg - og det er sagt med Smerte - ikke tør love synderligt bidrag til Folkets Karakteristik af dets Sange. Det synger i det hele ikke; dets egentlige Sange i dets eget tungemål er så ubkjendte som Gaelic (Fotnote: En kltisk dialekt), og dets gjennem Skriftsproget indympede er slette og utartede. Danmark med sin Masse af kunstgjorte Viser, der alle beile til folkets Gunst, men kun lever i Månedsskrifterne, viser noksom, at en bedre Periode for Folkesangen må komme af sig selv. Og jeg tror på Menneskehedens evige selvforyngen, og at Norge, når det får bygget og ryddet fra sig og bliver gammelt i det nye, vil igjen blive besøgt av sine blåklædte Huldrer med Langeleiken i Hænderne. Så ser Folkesangens Muse ud. - O, hvad siger jeg! Mit Folk har ikke Poesi nu? og i dette Øieblik (det er Marked) toner en Halling fra Gaden, fra en omvandrende Spillemand i skindbukser og hvid Kufte. Denne eiendommelige, vilde, rørende Musik er vor Nationalpoesi. Hvortil behøves Ord, når ingen Nordmand, ihvor denationaliseret han end kan være, kan høre den uden med den Vexel af hjemlige Vedmodsfølelser, af Lidenskaber, af Erindringssyner fra Landets og Folkelivets Inderste, som så kjendeligt har beveæget disse musikalske Naturgeniers Sjæle, idet de bøiede Hovedet over den metalstengede Hardangerfele og overlode sig til Indskydelserne. Der er samme Alf i Ole Bulls og den berygtede "Malicerknuds" Violin og Komposisjoner  -... Men skulde - De vil erindre, at jeg har vedgået min Incompetenz til at dømme om vor Fjeldpoesi, på hvis Tilvær og væsen jeg ikke mere tør sværge end på Åndernes, men som jeg ligesåvist tror - skulde en så malende Musik være uden en ligeså riig Folkepoesi? Nei, jeg tror den er til, men som sagt, på Høiderne og i Aftagende."

Dette breve syner Wergelands sikre instinkt; og det syner kóss folk som tenkte, hjå oss som i andre land tok til å leite seg attende til det nationale.

So kom Jørgen Moes samling av norske folkevisur; og Wergeland var storglad. Nye vonirvakna hjå han; oga det var no, han tok til å drøyme um atterreising av sjølve folkemåle. Uppglødd skreiv han til Jørgen Moe, bad um fleire visur og sende'n eit par av deim han sjølv hadde laga på Romeriksmål.

Me ser koss det bryt og brydder i den norske skoegen. Og det er sårt å minnast, at Wergeland ikkje fekk liva den dagen då Landsads samlin av folkevisur frå Telemarki kom (1853). Storglad hadde han vorti, hadde han fengi sétt den skatten, - alt det som seinare er funni ikkje å nemne.

Når eg no um dagen ser ein ungdomsflokk fagert og heilhuga syngje og danse "Bendik og Årolilja", "Åsmund frægdegjævar", "Haugebonden" o.a. herlege visur, so er det tvo mennar eg ofte minnest: Henrik Wergeland og Ole Bull. Eg trur dei hadde "gråti av glede", um dei hadde fengi sett og hørt dett me no hev nått i; for i den tidi var ikkje karane likare enn at dei tok til tårune, dei med, både i sorg og glede.

Då Herders
(Fotnote: Johan Gottfried Herder, tysk filosof og bokmeister, 1744-1803.) samling med umsette visur (1778) var utkomi, tok tyskane til å leite fram sine eigne folkekvæde. I 1806 kom den kjende store samlingi "Des Knaben Wunderhorn" med Armin og Brentano; seinare er mange andre samlingar utgjevne.

Snart kom Nordheimen og med i arbeide; og det synte seg, at den gløymde skatten var større og rikare heruppe enn nokon hadde tenkt. slik storfeld folkedikting som på Færøyane og i Norig hev det inginstad funnest.

I Danmark og Sverig
(Fotnote: I Danmark hadde dei Anders Vedels samling alt frå 1591, Peder syvs (1695) o.a. I sverig kom Afzelius og Geijers i 1814, i 40-åri Arvidsons.) fanst det fleire gamle handskrevne visesamlingar som var til stor hjelp; hjå oss hadde ingen tenkt på slikt. Her var det å skrive upp alt frå nytt, etter song eller framsegjing av gamle folk; og mangt var halvgløymt, burtblanda, utskjemt. Men endå kunde me vera glade for det som var berga. (Fotnote: Mange av dei beste norske visune finst elles i danske samlingar; m.a. fekk Nyrup fleire visur herifrå. Men alle gjeld dei no for danseke. - Peder Syvs visebok hev vore mykje bruka i Norig. I Telemarki, der ho vart kalla "Kjæmpeboki", var ho ofte å finne på gardane like ned til vår tid.)

Men Landstads "Norske Folkeviser" ar diger og dyr og kunde ikkje verte nokor folkebok.

Dei fyrste samlingane ved Jørgen Moe og sofus Bugge er ikkje å få dei heller. Fyrst i 1911 gav Rikard Berge ut eit gjug telemarksvisur att, samla av sophus Bugge og utgjevaren, med yndefulle teikningar av Hohanna Bugge Berge. (Jacob Dybwads forlag.) Gild var denne vesle samlingi, men med merknadir og bilæte dyrare enn folkebøkar må vera.

I 1912 fekke me ei lita fin visesamling for Universitete og dei høgare skulane ved Knut Liestøl og Moltke Moe. Det er 14 av dei beste visune me eig frå millomalderen; dertil ein bundel gamle stev, perlur alle.

I innføringi til "Svenska folkvisor" skriv Erik Gustav Geijer:

"Folkvisans element är likeväl ei papperet, utan friska luften, skogarene och den nordisska naturen. I århundraden hafva de blott lefvat i sångens melodiska vågor: släkten efter släkten hafva derras enfäldiga toner funnit ett uttryck for sina känslor; och deras offentlige framställande för konstkännarens näsa är egentligen en standing på det torra. Og för att säga sanningen: det gör mig hjärtiligen ondt at se dem" (på prent).

Han har sjølvsagt rett. På folketunga høyrer folkevisurne heime. Men likevel må me no vera indeleg glade for kvar vise som vert framfunni att og prenta; det er einaste måten til å få lært deim for oss som no liver.

Torvald Lammers var den fyste som tenkte på å få ut billege visehefte åt folket med tonar til (og i folkeutgåvur er tonar plent turvande). Det kom tvo eller tri hefte med visur som han og fru Lammers hadde songi; og dei vart til glede vidt og breidt, endå visune var svært avstytta.

I 1890-åra tok eg til å tenkje på, um ikkje den beste måten å få upp visune  på skulde vera å få den gamle visedansen i gang att.

Men um denne dansen var det lite upplysning å få. Dei få og stutte rettleidingane som fanst i gamle bøkar var ikkje til å få nokon skikkeleg dans i stand etter; og til Færøyane, der den gamle visedansen enno skulde trivast, var vegen lang.

Eg vart difor ikkje lite glad, då ein færing kom til Oslo og lova oss å danse færøydans og syngje færøyvisur åt oss ein kveld på målmarknaden i 1898.

Men færingen kom ikkje. Og det var rimelegt nok: ein mann kann ikkje danse færøydans, som eg snart kom etter.

Noko seinare fekk eg tak på eit hefte um "Dans og Kvaddigtning paa Færøerne" av dansken Hjalmar Thuren; etter den freista eg å få i stand noko dans til lette visur. Men eg kom ikkje langt. Og sist på såg eg at der var berre ei råd: eg laut til Færøyane.

Då eg hadde vore der, kom eg etter at Thurens uppskrift i sumt var noko misvisande.Som rimeleg kunde vera; han hadde ikkje sjølv set dansen den gongen.

Men i november 1902, då han hadde vore på øyane, skreiv han i eit brev til meg:

"Jeg har i den lille afhandling som De nevner, kun skildret den enkleste for for dansen og ikke taget hensyn til de mange varianter, som trives på øerne. I thorshavn og omegn har den oprindelig ret langsomme dans nærmest antaget karakter af springdans. Kun enkelte steder, som i Sumbø, er den gamle form bibeholdt. I sumbø, hvor overhodet de ældste tradisjoner er bevarede, dansede en snes gamle mænd for mig. Her var ikke tale om hop eller spring; trinerne fulgte regelmessigt efter hinanden, som jeg har skrevet det."

Eg var på øyane like fyre Hjalmar Thuren, men fekk ikkje sjå den "springdansen" som han nemner frå Torshamn. Likevel var det ein livleg og sterkt dramatisk dans eg fekk sjå. Og eg merka meg straks koss dei stod i ringen, og måtte stå, for å få han til å svive fritt og ledugt mot vinstre. (Sjå bilæte av Færøydansen på titelblade.) Berre under ringbrote vert uppstillingi skipla.

I 1908 sende Thuren ut det store verke sitt: "Folkesangen paa Færøerne"; der er Færøydansen skildra betre enn nokon annan stad eg veit um. Likevel vantar der og det viktige punkte um uppstellingi. Hjalmar Thuren var fyrst og fremst musikmenneskje, men hev likevel røkt vel etter alt som vedkjem danseformi. M.a. hermer han noko av ei samtale um stegi i ringdansen etter den gamle franske presten Jehan Tabourot. Det er forvitneleg å sjå, koss Tabourot strævar med å greie ut at ringen kan svive til vinstre, når dansarane og skal ta steg til høgre innimillom. Han meiner at ein må ta stegi til høgre stuttare enn dei til vinstre. Men steller ein seg etter kvarandre og held kvarandre under armen på same måten som færingane, så vert stegi med høgre foten òg tekne mot vinstre; det er løyndomen.

Tabourot hadde vilja vekkje hug for den gamle dansen, som var undantrengd av dei skamlause dansane me kjenner frå det 16de og 17de hundreåre i Europa. Boki kom ut i 1588 og vart uppattprenta 1888 i Paris.

- På grunnlage frå Færøydansen hev me då sidan arbeidt med å få upp att ein norsk folkeviseleik, ein som kunde høve til våre visur og vår tid.

Færøydansen åleine kunde me ikkje greie oss med; han krev stor ring og øvde eldhuga songarar, skal han bli god. Den rette Færøydansen, "den store ringen", som eg vil kalle han, fær ein ikkje rett iv og magt i, utan det er som mange med, at ein kann "brjote ringen" (meir seinare um det); men her lyt me ofte taka til med små ringar og med reint uøvde folk som fyrst og fremst må lære å syngje. Og lære å skyna åndi i visune.

Det er med dansen som med alt; nye tidir krev nye formir. Me laut laga mykje nytt, lettare formir med fleire brigde; og til dette hev bilæte og bøkar om gamle dansar frå ymse land vore meg til noko hjelp; men mest vart det å laga so godt ein kunde på eigi hand.

Andre er det og som hev laga dansar; sume av desse nydansane er etter mi meining rett gode, andre mindre høvelege. Men dei som er musikalk mistydde kann vel ikkje halde seg uppe, fær me tru.

Reint gali er det, at mange hev fuska burt eit av dei 6 stegi, som må bli haldne klåre, um dansen skal høve til dei gode dansevisune. Der er endå freista med ein "reformera" dans, som ser reint stillaus ut og høver lite med åndi i visune. Men kannhende det med tidi kan vekse fram godt nytt av slike feistnadir og?

Folkevisedansen, d.e. dansen etter episke visur, var gløymd i Sverig og Danmark med, ja endå på Island; dei bad meg då i 1903 koma til Stockholm med nokre norske dansarar og vise dei dansen. Me reiste 10 par; og ffolk derinne vart so glade i songdansen, at det åre etter vart skipa ein dansering av svensk ungdom som eg hadde stor glede av å arbeide med. Høvelege svenske dansevisur fann eg hjå Afzelius og Arvidson; og um det var i Sverig som her, at alle hadde "gløymt sine gmale stev", so var då både unge og gamle glade vedå lære dei "andre gongen".
(Fotnote: Fru Ann Margret Holmgren, enkja etter prof. Frithiof Holmgren, som for meir enn 20 år sidan tok upp arbeide for svenske folkedansar og -bunadir, var tilstades og fagnast storleg ved dansen og kvædi. "Alle desse herlege visune er nye for meg", sa ho; "det er gullgravararbeid, dette.") Og eg skal segja det vart song!

Sume av dei norske og færøyske kvædi vart og godt lika; nokre vart umsette, soleis Aasens  "Aka på isen håle" /ved diktaren Karlfeldt) og "Dvergemøy"
(Fotnote: Etter mi norske umsetjing.) og "Ormen Lange" (Fotnote: Færøysk kvæde um Svolderslage etter norsk umsetjing ved Per Sivle.) (ved dr Ruben G.son Berg). "Per Spelemann" tok dei utan umsetjing. (Alle inntektene i Otto Hellgren's "Sånglekar från Nääs.")

Jamvel bokmennar og vitskapsmennar var hugtekne i dansen. Professor Montelius, styraren for Stockholms Nationalmuseum, var soleis ofte og såg på oss; og han synte den norske dansarflokken godhug på mange måtar. Han hev disan vist saki sin samhug med å sende meg dei bilæti av dansen i gamletidi på Cypern og Hellas som eg her tek med. (Sjå lenger uti.)

I 1905 var eg ved lærarskulen på Nääs ved Gøteborg (der leik er ein av hovudfagi) og dansa med ungdom frå ymse land; der var folk av 11 nationalitetar ved skulen den sumaren. Og styraren, hr. Salomon, ein gamall røynd pædagog
(Fotnote: S. hev skapt det ry som skulen på Nääs hev i alle land. (Det hev vore elevar frå Argentina, Chile, Japan, Brasilia, Uruguay, Rusland, Croatia, Rumænia, Oransje-Fristatane o.s.v.) Skrifte han om Pestalozzi og dei pædagogiske fyrelesingane hans er kjende og vyrde vidt ikring.) heldt folkevisedansen for "eit herleg gåve til ungdomen". Å hjelpe dei unge til fin leik var noko av det fyrste i alt uppsedingsarbeid; ein ungdom som gjev seg heilhuga og friskt med i god, sømeleg leik, "för honom er jag säker", sa han.

Sidan leik hadde vorti fast fag , so alle samla seg på leikvollen um kveldane, hadde heile arbeidet vorte lettare ved den store skulen. "Nu vet jag hvar jag har dem; och nu vet jag de alla äro glada och muntra, och inte finna på galenskaper", sa den store ungdomslæraren, som endå han var gamall og sjuk stod og såg på leiken kvar kveld, sulla songane med og slo takten med staven sin; han såg ut som han gjerne vilde vori med.

I "Redogörelse för 1904" skriv han um folkevisedansen, som han då berre kjende gjenom nokre av Stockholmselevane mine: "... Desse folkevisedansar torde vara av icke obetydeligt kulturhistorisk interesse, og måhända kunna de genom skolan ånyo komma till heders i vårt land." I 1905, då han fekk sjå desse dansane heilt utførde, vart han reint teken. Det var den fine, store leiken med kraft og åndsinnhald, som me hadde sakna so lenge; den måtte blifast i alle ungdomsskular og hjelpe til med å drive burt alle dei ufine visur og åndlause leikar som no skjemde folkelive. At eg vart glad ved å finne tru og samhug hjå denne geniale pædagogen (som han jamt vart kalla) seigjer seg sjølv.
(Fotnote: Salomon er no diverre avliden.)

Folkevisedansen hev seinare vunni seg godt rom i Sverig; i Stockholm hev dei  - umframt dei store gamle lagi som arbeider med svenske folkedansar
(Fotnote: Det fyrste, "Folkedansens vänner", vart skipa i Uppsala av professor Holmgren for meir enn tretti år sidan.) - eit godt lag som arbeider serskilt for visedansen.

Millom deim som var med i dansen på Nääs var ei tysk dame, frk Gertrud Meyer, som sidan hev ført folkevisedansen til Tyskland. I ei liti bok: "Tanzspiele und Singtänze" (Leipzig 1908) hev ho fyrst sanka ihop tyske barneleikar (mange av dei same som me kjenner frå Nora Kobberstads norske leikbok "Lett-på-Tå"); som er der nokre svenske leikar, og til slutt kjem ei umsetjing av "Per Spelmann" og "Kråkevisa". Etter "songdansen i Nordlandi" fortel ho um Færøydansen og finn fram tyske visur som høver til den. Boki er komi i fleire upplag.

Ei onnur dame frå Nääs hev ført dansen til Amerika; men eg veit ikkje um han der kann trivast.

Me ser at songdansen er vortin vide kjend på desse 10-12 åri; (Fotnote: No i 1922 er arbeide med songdansen på god veg til å bli organisera gjennom ungdomslagi.) og held det fram som det no stemner, so skulde det vera von til at me um eit tjug år eller so kan syngje og danse folkevisur att som i gamle dagar.

Då eg var på Færøyane i 1902 vart det meg sagt, at dansen der ikkje lenger er so god som han hev vori. det same les eg i vessle hefte av Sverre Patursson: "Nøkur ord um hin færøyska dansin". "Det finst enno dans hjå oss", segjerhan, "som endå den vandaste må kalle god; men dei bygdine som kann syne fram dans som duger er so få mot dei som hev mindre god dans, at dei mest ikkje er reknande." DEnne nedgangen viser seg i, at dei som er med "ikkje dansa, men renna", og då er det ikkje dans lenger; alt ver upp i ei røre. Etter det eg såg der burte kann dette vera sant; men det var på ei ulugum tid eg var der (um sumaren, då dei ikkje plar danse anna enn i Olavsvuku); det var nok berre ein gong eg såg retteleg god dans. Men det var og herlegt.

På side 44 i "Folkesangen på Færøerne" skriv hjalmar Thuren m.a. "Når Færingerne nuomstunder tidt sætter høire fod frem foram venstre i det næstsidste trin, er det en nyere uskik, fremkaldt af en modrne trang til at komme saa hurtigt afsted som vel muligt. Alle ældre Færinger er meget indignerede over den decadence der præger de yngres dans, og gjør med rette opmærksom paa den orden og klarhed, der i modsætning hertil er over den rigtige danseform".

Plent det same hev eg sett sume gjera i Noreg og - ja endå sume som lærer frå seg dans. Det skiplar stilen heilt. Mi von er, at mange unge no skal få sjå gode færøydansarar på dei nordiske leikstemnune etterkvart.

Visst er det, at noko av det eg i alle år hev stræva mest med er å få flokken til å trø rett og ikkje "renne"; eg kann og segja, at med i Norig alt hev dans som er betre enn den so ein stundom kann sjå på Færøyane. Me vonar, at me, på vår vis, skal må same høgdi som dei derburte hev nått - med tidi. At songdansen vil halde seg uppe, um det sundom kjem nedgangstidir, det kann eg ikkje tvila på lenger.

Visune merkjer danse: dei gamle, sterke kvædi gjev eldhug og sprækleik; men til låk vise vert det låk dans.

Det er dei som trur, at Færøydansen er lett å lære. Men det skal lang tid til å skapa ein god stordans som den færøyske ringdansen. skal det vli liv og magt og venleik i han, so må ein helst vera "fødd med kvædi"; må kunna deim og elske deim, so ein i dansen kann liva upp att den sogo som vert ssong. Den store færøyringen krev mykje, av kropp som av sjel. Og i vår trøytte tid er det ikkje mange som kann bli fullgode kvedarar og dansarar til dei gamle storkvædi (kjempevisune).

Men eg hev då sett ikkje so få som med arbeid og god vilje kan nå langt. Likevel vert det vel enno ei tid di lettare songdans-måtnae som vert mest ålmenne, dei som me berre hev lånt stegi til av færøydansen, og som me elles fær kalle norsk folkevisedans.

At den og kann bli god og ven og vel umtykt hev me alt røynt, ikkje minst på dei tri ferdine, "det norske spellage" gjorde kring lande i 1910-12. Då vart det dansa songdans kvar kveld; og alle stader vart han storleg fagna. Alle blad, kva farge dei hadde, so roste dei dansen, og sanna at me der hadde funne fram ein gamall kulturskatt som alle måtte fegnast ved.
(Fotnote: Rett færøydans kunde me ikkje freiste å danse på desse ferdine; me var for få.) Og alle stader vilde dei lære dansen. Men arbeidarane er enno få; det gjeng ikkje so fort her som i sverig og Danmark, (Fotnote: I Danmark hev dei sidan 1901 havt eit lag som arbeider for folkedans og bunadir, skipa ved kandidat Otterstrøm. Det hev med "ministeriel understøttelse" samla dansar, bunadir og tonar yvi heile Danmark. Då det hadde statsstunad fekk det lett den privathjelpi det trong, og det hev kome godt i veg og gjeve ut fleire skriftir. Laget heiter "Foreningen til Folkedansens Fremme".) der arbeide med folkedansen vert jamstelt med arbeidet for andre folketradisjonaer.

Men det vilde vera ei større "sak" enn mange trur, um me kunde få songdansesskeid ved alle folkeskular i byane t.d. (Fotnote: Dei dansar "folkevisedans" i gymnastiktimane ved mange skular; men lærarane hev ikkje lært rett mykje sjølve, og dansen vert då deretter - ofte reint utskjemd.) For god leik gjer meir til å vende bånehugen frå usømd enn alle moralpreikur.

Men hev sett so, at songdansen er ein godk skule både for bån og vaksne; dei fine songane og dei morosame og i alle måtar friske og sømelege rytmiske rørslur utviklar kropp og sjæl samstundes. Eg er aldri i finare og huglegare lag enn songdanslagi. Og møter eg ein ung gut eller ei ung gjente som hev lært seg folkevisur og dansar etter deim, hugheile og glade, so veit eg, at det er frisk, framhuga ungdom  som eg aldri vil finne i lag med geiparar og garpar eller på nattlege sluskeferdir frametter vegane.

Sidan fyrste utgåva av "Songdansen i Nordlandi" kom ut, hev eg lært og røynt eit og anna, so eg vonar denne utgåva skal bli noko betre; ikkje minst vonar eg, at bilæti vil gjera skildringi av dei ymse dansane meir livande.

Skildre dansen soleis at ein kann lære å danse berre etter skildringi, det vil eg ikkje feiste no meir enn fyrr, av di det etter mi røynsle er rådlaust; men for deim som hev sett og lært noko, skulde denne boki bli til hjelp i arbeide lenger frametter, tenkte eg. Og kunde ho gjeva ein og annan hug berre til å lære norske visur, so var ho endå ikkje skrivi til fånyttes.