På
Osterøy spelar alle torader!
På Osterøy er det heile 70 unge som spelar torader, og
no har norgesmeister Inge Gjevre vore der på kurs, og
Bergens tidende har intervjua han og den vanlege
læraren deira Linda Skjerping. Les
meir her.
(6/2-02) |
Bransjetreffet
"Norrsken" har blitt flytta til midten av
mars.
Det nordiske bransjetreffet for folkemusikk og
verdsmusikk er flytta frå februar til 14.-15. mars. Meir
info får du her.
(1/2-03) |
Folkemusikkpøbben
i Oslo med vårprogrammet
FolkemusikkSCENA
- Oslo offentliggjerr programmet for FolkemusikkPØBBEN
på Cordial Scene (Storgata 45). Billettene kostar kr
60, dørene åpner klokka 20.00 og konsertane startar
20.30. Det er mange spennande program: 17. februar Odd
Nordstoga, 3. mars Flukt, 31. mars Helene Høye og Mari
Eggen, 28. april Granlien/Røine/Høyvik/Skeie Ljones,
26. mai Gjermund Larsen. Alt er på måndarar. Meir
om programmet her.
(1/2-03) |
Mange
vil følgje etter gruppa Gåte, spår Hallvard Kvaale
Det er tydeleg at gruppa Gåte har vekt stor oppsikt i
året som gjekk. Halvard Kvåle spår at det i tida som
kjem blir mange grupper som på liknande måte vil bruke
folkemusikken som grunnlag. Les
meir om dette her. Les også intervju med jenta i
Gåte Gunnhild Sundli som framleis likar å ha på seg
den fine Orkdals-bunaden sin. Les
om det her.
(1/2-03) |
Aagot
Noss tildelt S. Olavs orden
Vi les at tidlegare førstekonservator ved Folkemuseeet
Aagot Noss frå Hallingdal, busett i Oslo, har blitt til
utnemnt til ridder 1. klasse av Den kongelege St. Olavs
orden for sitt store arbeid innan folkedraktforskninga.
Vi gratulerer!
(30/1-02) |
Hilmar
Alexandersen-festival i Steinkjer siste helga i april
Dei har siktra seg Arve Tellefsen mellom dei som skal
opptre, fortel prosjektleiaren Odd Sæheim i Bul,
Steinkjer til Trønderavisa. Les
meir her.
(28/1-03) |
Stor
ungdomskonsert i Numedal
Numedal Spel- og dansarlag arrangerer stor konsert for
unge utøvarar i folkemusikk, dans og kveding siste
laurdagen i januar. Det skjer på Høgheim i Lyngdal.
Det er meir enn 25 ungdomar påmeldt, melder
Lågendalsposten.
(28/1-03) |
Norsk
folkemusikk marknadsført i USA
I byrjinga av februar reiser Norsk Folkemusikkformidling
til USA på Folk
Alliance International Conference saman med
duoen Jon Anders Halvorsen /Tore Bruvoll. Det er tredje
året at NF er med på denne konferansen. Les
meir her.
(28/1-02) |
Norsk
Visearkiv feirar 20 år laurdag 25. januar 2003
Norsk Visearkiv har i det siste vorte kjende fdordi dei
manglar pengar til drifta. I Ballade
skriv leiaren for arkivet Velle Espeland litt om
arkivet si stilling i dag.
(26/1-02) |
Frist
for påmelding til Nordlek i Danmark er 1. februar
Nordlek 2003 er i Næstved i Danmark 8-13. juli. Fristen
for å melde seg på nærmar seg raskt. Ringar og lag
har no fått tilsendt ei omfattande brosjyre med
opplysningar program etc. Les meir på heimesida til www.nordlek2003.dk
.
(26/1-02) |
Majorstuen
til topps i Oppland/Hedemark
Torsdag 23. januar fauk gruppa Majorstuen rett inn på
2. plass på NRK Hedemark/Oppland sin "ti i
skuddet" med sin nye CD. Kan det bety at
folkemusikken faktisk er i ferd med å bli folket sin
musikk att? Det blir spennande å sjå om Majorstuen
blir eit nytt "Gåte".
Les meir her.
(25/1-02) |
Store
forventningar til Majorstuen sin nye CD
Den nye CD'en har fått mykje fin presse. I samband med
lanseringa har dei konsertar:
04.02.03
Plateslepp. Fryd, Oslo
07.02.03
Konsert. Flygelet, Lillehammer
08.02.03
Konsert. Briskeby Cafê, Fagernes
09.02.03
Konsert. Ole Bull Akademiet, Voss
10.02.03
Konsert. Columbi Egg, Bergen
"Norwegian
fiddlers rule the world, and this CD is solid proof"
skriv mellom anna Cliff
Furnald, cdRoots.
Her
kan du lese meir og høyre utdrag av CD'en.
(23/1-02) |
Norsk
Folkemusikklag inviterer til seminar om folkedansen
Tema fdor seminaret er "Folkedansen - opp på
scenen eller ut på golvet? - funksjoner arenaer og læringsprosesser".Det
skjer i Trondheim frå fredag 14. februar til søndag
16. februar. Vi får presentasjon av mange av dei
prosjekta som har med scenisk folkedans å gjere. Mellom
anna om prosjektet "Fjordapuls", om
Hardingfeleprosjektet, om sceneopplegget på
"Gamaldansfestivalen i Melhus", danselærar
Mats Nilsson snakkar om "Scenearbeid med folkedans
og folkemusikk", Vigdis Espeland om "Identitet
presentert gjennom musikk og dans", og Kjell
Klausen om "Danseteater". Ja, her er det
sanneleg mange interessante tema. Påmelding til
seminaret ragnhild.knudsen@hit.no,
tel. 35 95 29 19 innen 1.februar. Meir
informasjon her.
(23/1-02) |
Unni
Løvlid i sentrum i Aftenposten 23. januar
Unni Løvlid (26) var den første som tok eksamen i
folkesong ved Musikkhøgskolen. Ho vil leve av å vere
folkemusikar. I 1999 kom ho med plata "So ro liten
tull", ho er med i gruppa "Rusk" saman
med Frode Haltli og Vegar Vårdal og i
"Fjøgl" med Liv Merete Kroken og Sigrid
Moldestad. I år arbeider ho mellom anna med ei bok. Les
intervjuet her.
(23/1-02) |
Nitelva
- Spellemannslag med engelsk leiar
Laget Nitelva er eit nokså nytt spelemannslag i Nitedal
- skipa i 2000, og leiaren Wendy Grant er frå England.
Mange av dei andre i laget er også frå utlandet,
Danmark, Sverike og Skottland. Les
meir om spelemannslaget her.
(23/1-02) |
"Festspillene
turne" deler ut kr 600 000 til turneverksemd frå
Nord-Norge
Denne organisasjonen får litt pengar frå Staten til
fordeling på frie grupper. Av fordelinga for 2003 ser
vi at eit tiltak er innan folkemusikk. Det er Susanne
Lundeng Band som får kr 40 000 til ein turne i
Tyskland, der Susanne Lundeng gjorde stor suksess i
2002. Les
meir her.
(21/1-02) |
Jorun
Marie Kvernberg intervjua av Romsdals Budstikke
Jorun Marie går på Musikkhøgskolen og er med i
"Majorstuen" som er plateaktuell i desse
dagar. Ho har vakse opp i ei svært musikalsk familie,
der broren Ola Kvernberg er mest kjent. Les
intervjuet med henne her.
(20/1-03) |
Det
er dødskult med folkedans!
Det fortel to unge jenter i Folkedanslaget Sølja til
Hamar Dagblad. Det er ikkje så mang unge i ringen, men
likevel trivst dei godt. Les
meir her.
(20/1-03) |
Hedemark
Juniorspelemannslag øver godt
Det er Marit Larsen og Thomas Westling som er leiarar
for det unge spelemannslaget i Løten, og det lyder godt
på øvingane
fortel Hamar Dagblad.
(20/1-03) |
Kandidatane
til Spellemannsprisen er klar
I kategorien Folkemusikk/Gamaldans er desse nominert:
PER ANDERS BUEN GARNÅS "Åleine" NYRENNING,
ANNBJØRG LIEN "Aliens Alive" GRAPPA
MUSIKKFORLAG, ØYONN GROVEN MYHREN og ODD NORDSTOGA
"Nivelkinn" HEILO. I kategorien Viser er ELIAS
AKSELSEN "Hjemlandsklokker" VIA MUSIC nominert.
MARI BOINE "Eight Seasons" UNIVERSAL er
nominert i Open klasse og gruppa GÅTE "Jygri"
WARNER MUSIC er nominert som "Årets
nykommer". Sjå
alle nominasjonane her.
(18/1-03) |
Vellukka
nyttårskonsert på Kleppe i Vågå
Arve Moen Bergset, Per Sæmund Bjørkum og Jon Faukstad
hadde ein fin julekonsert fortel GD. Verten på Kleppe
Ingunn Munch synest det var så vellukka at det godt kan
blir fleire konsertar seinare. Les
meir her.
(14/1-03) |
"Majorstuen"s
tur i 2003? spør Aftenposten
Knut Utler i aftenposten skriv ein lang artikkel om
gruppa "Majorstuen". Han peikar på at året
2002 var "Gåte " sitt år innan folckerocken,
og lurer på om det i 2003 blir eit Majorstuen-år. Han
gjev svært rosande omtale både av Majorstuen og dein
nye CD'en som gruppa nyleg ga ut.
(14/1-02) |
Valle-elevar
på turne i USA
I byrjinga av januar er mange av elevane ved
folkemusikklina i Valle på tur til Midtvesten i USA med
eit progam med folkemusikk, folkedans, song og
bunader. Det er heile VK2 klassen (15 elevar) i
musikk som er med på turen. Rektor Haugen vonar det kan
bli ein tradisjon for skulen. Les
meir her.
(11/1-02) |
Tilskot
til musikkfestivalane for 2003
Tilskota frå Norsk Kulturråd er no offentleggjort.
Tilskota er omtrent dei same som i fjor. Den Norske
Folkemusikkveka er den einaste som får redusert
tilskot. Størst auke har Jørn Hilme. Tilskota er: Den
Norske Folkemusikkveka (Ål) kr 400 000, Førde Int.
festival: kr 1 550 000, Jørn Hilme kr 150 000,
Osafestivalen: kr 125 000, Telemarkfestivalen: kr 650
000, Viser ved kanalen: kr 100 000. Heile
lista finn du her.
(11/1-02) |
Folkmusikhuset
i Stockholm, ein svært aktiv institusjon
Programmet for tida framover viser at det skjer mykje
innan folkemusikk og dans på Folkemusikhuset i
Stockholm. Kurs av mange slag, konsertar etc. Her
finn du meir.
(11/1-02) |
Folkemusikkpøbb
i Bergen: Columbi Egg
Denne polulære pøbben er i gang igjen og programmet
for våren 2003 ser spennande ut. Den vanlege møtedagen
er måndagar, men også nokre laurdagar, og staden er
Michels i Øvregaten 12. Mellom norske grupper i vår er
Blåmann, Blåmann, Majorstuen og Flukt, og fleire
utanlandske grupper. Heile
programmet står her.
(11/1-03) |
Ensemblestøtten
for 2003: Tradisjonsmusikk
Kulturrådet støttar i år 6 ensemble som driv med
tradisjonsmusikk med kr 625 000. Det er kr 200 000 meir
enn i fjor og 4 nye grupper er med. Av dei som driv med
tradisjonell folkemusikk får Kvarts kr 100 000 og Rusk
kr 75 000. Les
meir her.
(9/1-03 |
Rundsnuen
Danselag - eit lite men aktivt lag i Oslo
Eit av dei yngste laga i Bygdelagssamskipnaden i Oslo er
også eit av dei mest aktive. Dei har serleg satsa på
gamaldans som den sentrale aktiviteten, i tillegg til
nokre utvalde bygdedansar. Onsdag 8. januar startar dei
danseøvingane sine (annankvar onsdag), og laurdag 11.
januar har dei nyttårsfest med den kjente gruppa
Kvarts. Du
finn meir om Rundsnuen her.
(7/1-03 |
Annbjørg
Lien skal spele til fjells i Vågå
Gudbrandsdølen/Dagningen fortel i sin kulturkalender at
Annbjørg Lien skal torsdagskvelden 24. juli sspele ved
Gjende. Les
meir her.
(5/1-02) |
Folkemusikkveka
i Ål blir 25. mai -1. juni
Programmet for Folkekmusikkveka i Ål 2003 har som tema
"nytt norsk - nytt svensk". Mellom dei
gruppene som kjem er svenske "Triakel"
og "Sinklipass" som er ei kombinert musikk og
dansegruppe. Også Magnus
Stinnerbom og Daniel Sanden Warg kjem, og
gruppa "Lortbeckers". Av norske kan nemnast
"Triispann" "Knut Heddis minne",
"Tre begredelige piger", "Dalakopa",
Nivelkinnforestillinga og anna. Jau, dette ser ut til å
bli nok ei spennande folkemusikkveke.
Les meir her.
(5/1-03) |
Fin
julekonsert i Ringebu stavkyrkje
Kvartetten Helene Høye, Camilla Granlien, Per Anders
Buen Garnås og Ingvill Marit Buen Garnås heldt ein fin
folkemusikk-konsert i kyrkja, fortel Gudbrandsdølen/
Dagningen. Les
meir her.
(30/12-02 |
Bjarne
Herrefoss vart minna under Jolekappleiken i Høydalsmo
Sonen Magne Herrefoss og venen Knut Hamre var mellom dei
som spela på minnekonserten etter Bjarne Herrefoss som
gjekk bort tidlegare i år. Les
her.
(30/12-02) |
Jens
A. Myro døydde på Ringerike sjukehus 27. desember
Spelemannen Jens A. Myro frå Ål døydde 81 år gamal.
I mange 10-år har han vore ein av dei aller fremste
spelemennene i Hallingdal og som dansespelemann er han
rekna som ein av dei aller beste i landet. Både i
heimbygda og i slekta hans var det mange spelemenn, så
han byrja å spele alt som 4-åring, og lærde tidleg
låttar i tradisjon etter Dekko-karane og Myreguten,
særleg av Sevat Sataøen. Han har delteke på ei rad
kappleikar og spela for eit utal dansarar, og vore ein
viktig tradisjonsberar og miljøskapar i Hallingdal. Han
var også ein framifrå fotograf og ein del av dei mange
bileta hans frå spelemannsmiljøet kom i bokform for
nokre år sidan. Han har også vore med på fleire
plater. Den siste soloplata "Hallingspel" frå
1997 inneheld mange av dei beste danseslåttane hans. I
1989 vart han utnemnd til heiderslagsmann i Landslaget
for Spelemenn. I det sivile var han tilsett ved
HV-skulen på Torpomoen. Mange vil minnast Jens A. Myro
for hans store innsats for folkemusikken og dansen. Les
meir her.
(30/12-02) |
Stildans
og stildansball populært også ved dette årsskiftet
Dei siste åra har interessa for stildans auka kraftig.
Det er no mange leikarringar som har stildans som ein
"attåt-aktivitet" i tillegg til det vanlege
repertoaret. Dessutan har det vakse fram ein del
stildansgrupper som berre driv med stildans. Ved
årsskiftet 2002/2003 har vi notert oss stildansball
desse stadene:
Nasjonaltheateret - Bærum
Balselskab (29/12-02)
Sandefjord - Sandarringen (4/1-03)
Stange - Sølja (11/1-03)
Skiptvedt - Smaalenene Stildansgruppe (25/1-02)
Heistad - Grenland Stildansgruppe (15/02-03)
Sjå meir om stildans på Stildanssida.
(30/12-02) |
"Majorstuen"
er månadens artist for desember
Majorstuen har nyleg kome med ny CD og er månadens
artist i Norsk Folkemusikkatalog. Her ser vi at dei
har fått mykje rosande omtale for den nye CD'en sin.
(20/12-02) |
Veggpryden
utgir første CD med musikk frå Østfold
Det er gruppa "Veggpryden"
som skaper historie ved å vere dei første nokon gong
som utgir folkemusikk frå Østfold. Seks av dei 17
kutta er frå Vestfold etter Anton Svendsen Myrvoll fra
Vassås i Hof. Musikken frå Østfold bygger på
notemateriale særleg frå Idd, men også frå Aremark
og Hobøl. Dei som er med i Veggpryden er Vigdis
Andersen, Helle Steinsholt Jansen, Lene Furuli, Guro
Elise Fredheim, Ronny Lie Solbakken og Trond Borg Grønnerud.
Meir om CD'en kan du finne i Sarpsborg
arbeiderblad, i Fredrikstad
Blad, og Jarlsberg
avis.
(20/12-02) |
Helene
Bøksle og Hannah Wilder har julekonsert med song og
hardingfele
Dei to unge jentene har julekonsertar i sørlandsbyane i
dagane føre jul. Hannah Wilder går i hardingfelelære
hjå Halvdan Furholt og Helene Bøksle lærer song hjå
Sondre Bratland og Anne Karin Kaasa. Les
meir her.
(17/12-02) |
Agnes
Buen Garnås med endå ein CD i år:
"Soltreet"
CD'en inneheld opptak frå 1982 til i dag, til saman 41
ulike kutt. Plata kjem ut på det nye forlaget
"Nyrenning" som Broren Knut Buen driv. På
plata er dei fleire gjesteartistar: Mari Boine, Jan
Garbarek, Kåre Nordstoga, og Knut Buen. Det følgjer
eit rikt teksthefte med CD'en. Les
meir om den gilde plata her.
(17/12-02) |
Kjersti
Wiik fekk Lindås kommune sin kulturpris for 2002
Kjersti Wiik ffekk prisen for framifrå innsats for
vokal folkemusikk i Nordhordland. Frå tidleg på
90-talet har ho studert og samla vokal folkemusikk i
Nordhordaland. Det har mellom anna resultert i 2
CD’ar; ”Strilesølv” i 1997 og ”Ro, ro til
Siraland” i 1999. Les
meir her.
(17/12-02) |
Ny
prosjektleiar for Den Norske Folkemusikkscena
Asgaut Høgmo Bakken er tilsett som nye prosjektleiar
frå 1. januar 2003. Han er frå Vinje, bur i Oslo, og
har utdanning mellom anna frå Rauland og
Distriktshøgskulen i Bø. Han er kjent som gitaristen i
gruppa "Blåmann, blåmann". Sjå
her.
(15/12-02) |
Chr.
Borlaug: "respektløst, fornærmende og
meningsløst"
Det er nokre av dei orda som spelemannen Chr.
Borlaug nyttar i Kvinten (5/6 2002) om den nye plata med
eigne komposisjonar "Isslått" som
Ragnar Heyerdahl nyleg gav ut. Heyerdahl er med i gruppa
"Sturm und Drang" og spelar i
Oslofilharmonien. Borlaug har ikkje mykje fint å seie
om CD'en.
(15/12-02) |
Folkedansteater
også i Noreg?
I Sverike har det dei siste 30 åra vakse fram eit
teater som byggjer på element frå folkedansen og
folkemusikken. Det er Västanå teater der Leif
Stinnerbom er koreograf, regisør og kunstnerisk leiar.
På Osafestivalen i haust gjorde han greie for arbeidet
ved teateret. I Kvinten (5/6 2002) har Helene Høye eit
godt referat av foredraget til Stinnerbom. Stinnerbom
har også vore engasjert i Noreg. Han var regissør og
koreograf i forestillinga "Skal - skal ikkje"
frå Førdefestivalen i år, og frå oppsettinga
"Peer Gynt" ved Rogaland Teater i fjor. Som
råd til vårt land dersom ein også her vil starte med
folkedansteater, meiner han at det er lurt å starte i
det små til dømes med prosjektorientert samarbeid.
(15/12-02) |
Norsk
Kvedarforum med nytt styre
Under Kvedarseminaret i Valle i november vart det valt
nytt styre etter det interimstyret som hadde førebudd
valet. Leiar er Jarnfrid Kjøk, og styremedlemer
er Agnes Buen Garnås, Margrethe Nordmoen, Ingvill Marit
Garnås og Åsne Bergset. Det er ca 50 som har meldt seg
inn i Norsk Kvedarforum.
(15/12-02) |
Bernt
Balchen med ope brev til NFD
Felespelaren Bernt Balchen har gjennom mange 10-år vore
ein sentral person i norsk folkemusikk. Han var aktivt
med då Norsk Folkemusikk og danselag vart oppretta på
80-talet. I siste nummer av medlemsbladet Kvinten skriv
han eit ope brev til NFD der har ottast at også
Kvinten/NFD skal svikte det tradisjonelle slåttespelet
og bygdedansen. Leiaren i NFD Halvard Kaasa forsikrar i
eit svar at det ikkje er grunn for slik uro.
(14/12-02) |
Songaren
Sondre Bratland fekk Fylkeskulturprisen for Telemark
Sondre Bratland frå Vinje fekk fylkeskulturprisen for
2002 på 50 000 kr. Bratland ein ein av våre best
kjente kvedarar og har gjeve ut mange plater. Har har
sunge i 500-600 av kyrkjene her i landet, fortel han til
NRK Telemark. Les
meir her.
(14/12-02) |
Salve
Austenå på CD med Tovdalsmusikk
Norsk Musikksamling kom i november med ein CD med musikk
som spelemannen Salve Austenå har spela inn. Her finn
ein mange kjend slåttar frå denne dalen som ligg
mellom Setesdal og Telemark. Mellom slåttane er mellom
andre Skuldalsbruri, Fille.Vern, Tveitlien, Kjempe-Jo og
Den kaldsteikte. Det er Tellev Kvifte og Hans-Hinrich
Thedens, som begge kjenner spelet til Salve Austenå
godt, som står bak CD'en.
(14/12-02) |
"Forum
for folkemusikk og dans" eit nytt samarbeidsforum
Etter Arnestad-rapporten har dei sentrale
organisasjonane Landslaget for Spelenenn, Norsk
folkemusikk og danselag og Noregs Ungdomslag etablert
eit nytt samarabeidsforum som dei kallar FFD (Forum for
folkemusikk og -dans"). Det er dagleg leiar i NFD
Jan Lothe eriksen som skriv det i siste nummeret av
lagsbladet deira Kvinten (5/6 2002)
(14/12-02) |
Herdis
Lien: Den folkelege songmåten har endra seg lite
Herdis Lien er frå Møsstrond i Vinje og tilsett ved
Folkemusikkarkivet i Telemark. I ei hovudoppgåve ved
Universitetet i bergen har ho studert om yngre kvedarar
syng annleis enn dei eldre som dei har lært av.
Konklusjonen er at skilnaden ikkje er så stor som det
sumtid blir hevda. Ho la resultata sine fram for
Kvedarseminaret som var i Valle tidlegare i haust.
(14/12-02) |
Hardingfelemeister
Torbjørg Aas Gravalid fekk to utmerkingar
Då Telemark folkemusikklag feira 50 år med kappleik i
oktober, vart "hardingfelas grand old lady"
stor heider til del for sin langvarige innsats for
folkemusikken. Ho er no 90 år gamal og vann
landskappleiken i 1967. Heilt til det siste har ho gjort
mykje for å lære opp nye spelemenn og kvinner, og ho
er ein viktig tradisjonsbærar etter Torkjell Haugerud
serleg. Ho vart utnemnt til æresmedlem i Seljord
Spelemannslag og fekk også Myllaragutens æresmedalje
av Telemark Ungdomslag. I kappleiken var det Per Anders
Buen Garnås som vann hardingfele klasse A føre
Torgeir Straand.
(14/12-02) |
Kjent
svensk folkband på OsloFOLK i Oslo fredag
13. des
Bandet Hoven Droven blir å høyre på Parkteateret
(Olav Ryes Plass 1) fredag 13. des kl 21. Bandet har
spela i mange år, har turnert i mange land, vore mange
gonger i radio og på TV og gjeve ut fleire
plater. Det er første gong dei opptrer i Oslo, så
dette blir ein fin konsert. Meir på heimesida
deira og på OsloFOLK.
(10/12-02) |
Berre
25-30 har svennebrev i bunadtilverking
Etter at lova om fagopplæring kom i 1998 er det knapt
30 som har teke svennebrev i bunadtilverking. Norsk
Husflid (6/02) fortel at no har dei to syerskene ved
Romsdalsmuseet Signe Brunvoll og Grete Bruaseth
teke svennebrev. Som praktisk prøve laga
dei herrevest og kvinnevest.
(9/12-02) |
Husfliden
i Ålesund tapte i retten om einerett til sal av
Ørskogbunaden
Tvisten mellom firmaet "Håndverk og Form AS"
og Husfliden i Ålesund og Bunadnemnda for Sunnmøre
frilynde Ungdomslag har pågått sidan 1998.
Heradsretten meinte Husfliden hadde krav på vern av
sine bunader, men no har altså Lagmannsretten bestemt
at også det nye firmaet har rett til å selje sin
versjon av Ørskogbunaden (dei to versjonane er svært
like). Husfliden har ikkje bestemt om dei vil anke
dommen. Det er Norsk Husflid (6/02) som skriv dette.
(9/12-02)
|
Etnisk
Musikkklubb: 3 CD'ar i nordisk profil for
november/desember
Det er "Viser på vandring" med musikkk frå
Romanifolket som er på den eine CD'en. Den andre er ein
dobbelt-CD med "Slåtter på vandring" og er
musikk som dei "reisande" tok med seg rundt om
til ulike deler av landet. På denne dobbelt-CD'en er
det innspelingar av Ånond Egeland (også produsent),
Vidar Lande, Salve Austenå, Otto Furholt og Nils Bakke.
Det er Etnisk Musikklubb sjølv som står bak platene.
(7/12-02) |
Bukkene
Bruse sin julekonsert på NRK2 fredag 13. desember kl 22
Den kjende gruppa med Annbjørg Lien i spissen heldt i
desember 2000 ein julekonsert i Bjørke kirke i
Nannestad - ei gamal sermerkt kyrkje. Konserten blir no
sendt på nytt. Les
meir om det her.
(3/12-02) |
Majorstuen
med ny CD 20 desember
"Majorstuen"som
består av 6 studentar på Musikkhøgskolen i Oslo, kjem
med ny CD rett føre jul. Musikkgruppa har både som lag
og som einkeltpersonar gjort det svært god på
kappleikar i seinare tid, mellom anna på
landskappleiken i Vågå i sumar. Plata kjem på selskapet
2L.
(3/12-02) |
BUL
i Mo og Mo Trekkspillklubb feirar i lag
Mo trekkspillklubb og
Bondeungdomslaget i Mo (BUL Mo)
feirar 30 og 40 år saman. Les
meir her.
(26/11-02) |
Diskusjonsforum
for Folkemusikk i Valdres
Valdres Folkemusikklag set i gang med eit
diskusjonsforum på Fagernes, der ein kan diskutere
aktuelle saker. Meir
her.
(26/11-02) |
Musikkskole-elevar
lærer folketonar
I Rana får elevane i Musikkskulen lære norsk
folkemusikk. Elevane har også vist det dei har lært
for publikum, og det var vel motteke. Meir
her.
(26/11-02) |
Det
norske stadionprogrammet på Nordleik i Næstved i 2003
Stadionprogrammet har vi fått tilsendt av Folke
Flateland, og du finn
det her.
(26/11-02) |
Hallvard
T. Bjørgum på Søndagsmatine i Det Norske Teateret
Laurdag 30. november kl 14.30 blir det Matine på
teateret Hallvard T. Bjørkum saman med Elshan Mansurov
og dansaren Kari Anne Bjerkestrand. Det er Samspill som
står bak konserten. Les
meir her. Les også meir
her.
(26/11-02) |
Kjell
Klausen illustrerer folkevisa "Åsmund
Frægdegjæva"
Føre jul i år vil Kjell Klausen gje ut ei bok på 50
sider der han illustrerer alle dei 61 versa i folkevisa
Åsmund Frægdegjæva. Boka har han planlagt i mange
år. Prisen er kr 100. Kjell Klausen er ein kjent dansar
i Oslo, og er no særleg interssert i folkedansteater.
(21/11-02) |
CD og
lanseringskonsertar med Sinnika
Langeland og Andreas Liebig
Dei to gjev no ut ny CD "Stjerneklang" der dei
kombinerer musikk av Bach og norsk
folkemusikktradisjonar. I samband med det har dei
lanseringskonsertar både i Noreg, Tyskland og USA. Om
konsertane i Noreg sjå
her.
(17/11-02) |
Folkemusikkpubb
på ny plass i Trondheim
Vi har fått melding om at Folkemusikkpubben i Trondheim
byter plass til POSEPILTEN, som ligg i krysset
Dronningensgate / Prinsensgate. Første gong er måndag
18. november kl 19.00. Du blir oppfordra til å ta med
instrument og gode dansesko. Tilbodet er kvar 3. måndag
i månaden i første omgang. Mat og drikke får du også
kjøpt.
(17/11-02) |
Noregs
Ungdomslag har hatt eit vellukka songdans-seminar i Oslo
I helga midt i november hadde NU eit seminar om
Songdansen si stilling, utvikling og framtid i
landet vårt. Ca 50 deltakarar drøfta ulike
problemstillingar i lokala til BUL i Oslo, og
Leikarringen i BULvar teknisk tilskipar. Leiaren i
folkedansrådet Vegard Opheim, folkedansaren og
musikaren Geir Egil Larsen og songaren Tone Juve var dei
sentrale førelesarane på seminaret, som tok
utgangspunkt i at songdansen i Noreg er 100 år.
Laurdagskvelden var det ein fin songdanskabaret og
leikfest i Teatersalen. Attåt mange andre deltakarar
var også ein statssekretær og ein sakshandsamar i
kulturdepartementet med. Bilete frå seminaret
her.
(17/11-02) |
Folkedanskrise?
Leikarringen i BUL i Oslo stiller kr 100 000 til
rådvelde
Leikarringen i BUL i Oslo har nyleg bevilga kr 100
000 for å styrke folkedansen si stilling. Føresetnaden
er at andre lag og organisasjonar til saman kan kome opp
med minst kr 400 000 til slik at det kan bli råd å
opprette ei prosjektstilling som kan arbeide til beste
for folkedansen. Dette er eit initiativ som NU heilhuga
støttar opp om, seier leiaren i NU Johan Einar Bjerkem.
(17/11-02) |
Trekkspelkafe
på "Fryd og Gammen" på Eleverum
På Eleverum skal det bli lettare å oppeleve
trkkspelmusikk. Det er Arne Jonny Reiten som har flytta
frå Oslo heim til Hernes som tar ideen med seg frå
Oslo, der det har vore Trekkspillkafe i mange år. Les
meir her.
(17/11-02) |
Noreg
var stor på Womex-messa i Tyskland i slutten av oktober
Ola K. Berge frå Norsk Folkemusikkformidling hadde godt
utbytte av å delta på årets Womex. Blant de norske
deltagerne på Womex 2002 var Grappa, 2L/Lindberg Lyd,
Norsk Folkemusikkformidlinmg, Rikskonsertene, Førde
Folkemusikkfestival. Les
meir om messa her.
(17/11-02) |
Sigurd
Nesdal døydde tysdag 12. november 2002
Sigurd Nesdal vart 87 år gamal. Han har gjennom mange
10-år vore ein sentral person i danse- og
spelemanns-miljøet. Han gjorde mellom anna eit stort
arbeid for at dansen Gamalt frå Nordfjord skulle takast
i bruk att. Han var frå Norfjord men budde dei meste av
livet i Oslo, der han var aktivt med i fleire lag. Han
er også kjent for sine mange morosame dikt.
(15/11-02) |
Ei
kvinne er blitt ny leiar i LfS
Det skulle gå 80 år før det vart kvinneleg leiar i
Landslaget for spelemenn. Den nye leiaren heiter Randi
Skeie. Ho bur og arbeider på Lillehammer, og har vore
med i LfS i mange år men har ikkje tidlegare hatt
sentrale tillitsverv. Så ho rykker raskt opp, og vart
valt samrøystes. Skeie er frå Hamar, og har slekt i
Valdres. Ho har vore aktiv dansar i mange år og har
delteke på Landskappleiken. Ho er mor til den kjende
felespelaren Andreas Skeie Ljones. Les
meir om dette her.
(13/11-02) |
Landslinene
for folkemusikk
Kristin Clemet fastheldt i Stortinget at statlege pengar
til desse landslinene fell bort. så er det opp til
fylkeskommunane å syte for at dei overlever. Meir
her frå agderposten.
(16/2-02) |
Vokal
folkemusikk i omforming?
Norsk Folkemusikklag sitt kvedarseminar på Rauland 2.
helga i februar samla mange kvedarar, og dei drøfta
mellom anna kva som skjer med songen når han vert
overført frå "heimen" til scena. Blir det
fleire krullar og meir utkroting? Her
er eit kort referat frå seminaret.
(16/2-02) |
FolkemusikkPøbb
i Oslo
Framover våren blir det mykje folkemusikk på Cordial
Scene i Storgata 45 på måndagar. Sume måndagar er det
FolkemusikkScena som står bak, andre er med Chateau
Neuf spelemannslag. Programmet
er no klart, og ser spennande ut.
(16/2-02) |
Kvarts
i USA og i OL
Gruppa Kvarts vil bli å sjå i NRK sitt OL-studio, og
har også andre konsertar i USA, både på Kennedy
senteret i Washington DC og i Florida.Turen er arrangert
av Norsk Folkemusikkformidling
Oppdraget i Salt Lake City er i samarbeid med TINE.
Konsertane i Washington og Jacksonville er støtta av
Utanriksdepartementet. Les
meir her.
(16/2-02) |
Synnøve
Bjørset: Nasjonalt ensemble bra!
Synnøve
går på folkemusikkstudiet ved Norges Musikkhøgskole,
og fortel
til Nasjonen at tanken om eit profesjonelt norsk
folkemusikk- ensemble er god. Ho tenkjer sjølv å
arbeide som profesjonell folkemusikar når ho er ferdig
med studiet. Men det er andre som er skeptiske til
tanken, mellom dei Trond-Ole Haug og Hilde Bjørkum.
(16/2-02) |
Vegar
Vårdal danselærar i Sverike
Vegar Vårdal,
som er ferdig på Norges Musikkhøgskole, fortel at han
no jobbar i Malung i Sverike, som danselærar. Han
fortel at "det er spennende å være i Sverige som
norsk danselærer, men det går bra og studentene er
fornøyde".
(16/2-01) |
Rettleiarsamling
i BLS
Folkedansnemnda i BLS/Oslo samla ein del av rettleiarane
i leikarringane i Oslo-området til samrådingsmøte
søndag 10. februar. Det vart mellom anna drøfta
korleis ein kunne få fleire til å ta på seg
rettleiaroppdrag. Ein av tankane som var framme var å
lage ein "pool" av rettleiarar som kunne ta
på seg kortare oppdrag. Kjell
Klausen innleidde.
(12/2-02) |
Spennande
på Ål 26/5-1/6
Det er tida for Folkemusikkveka
i år, og det blir fortalt om eit spennande program.
Store premiar på kappspelinga - kr 30 000 og Olav Thons
sølvpokal. Fykerud-framsyning og Amerikansk- orsk
temaveka. Det kjem 25 spelemenn og dansarar frå USA med
Loretta Kelly og Karin Code i spissen. Tore Bolstad og
Per Anders Buen Garnås deltar, "Trollstilt"
og kvedargruppa "Dvergemål" er i gang att.
(9/2.02) |
Fykerud-prosjekt
I år er det 100 år sidan den legendariske spelemannen
Lars Fykerud (1860-1902) døydde. Det blir markert på
fleire måtar. Teater Ibsen i Skien set opp "Ei
fantastisk forteljing om felekaren Fykerud" av
Veslemøy Haslund. skodespelaren Ola Otnes er med og
Knut Buen. Det er eit felles initiativ fra
Folkemusikkveka i Ål ogg Telemarkfestivalen.
(9/2-02) |
Folkemusikarar-naboar
i Oppdal
På gardane Viken og Bjørkås i Oppdal er det mange
folkemusikarar - sume er mellom vår aller beste. Adressavisen
har laga ein atrikkel om dei.
(9/2-02) |
Jan
Wesenberg tar til motmæle
Etter at lærarane Siri Haukenes og Sylvi Kielland gav
ut boke "Lidele galen, lideleg god" med
tilhøyrande CD med vokal folkemusikk, har det kome
sterk kritikk frå lærarar ved Ole Bull Akademiet fordi
dei utan "løyve" har "stole" mykje
av deira undervisningsmateriale. Det har og vore
snakk om rettsak. I Spelemannsbladet (1/02) går
spelemannen Jan Wesenberg kraftig til mothogg. Han
skriv: "Sjelden har jeg sett snevre ego-ambisjoner
til de grader kollidere med det jeg opplever som
folkemusikkens vesen."
(9/2-02) |
Dommarkurs
i 2002 - vanleg fele
Trøndelag folkemusikklag og Rff skipar til samlingar i
Trondheim. To samlingar i april og ei etter sumaren.
Påmelding til Margot Sollie tlf 72413429 eller Mary
Barthelemy tlf 72414152
(9/2-02) |
Er
plata til "Bukkene Bruse" så dårleg?
Rett før jul kom gruppa med ein ny CD - "Den
fagraste rosa". Plata er også nominert til
Spelemannsprisen i år. I siste nummer av
Spelemannsbladet vert plata omtala av Jens Graasvoll - i
svært negative ordelag. Rett nok får vi høyre at det
er flinke musikarar, men plata får svært dårleg
karakter: "Somme spor gjev kjensla av at musikarane
står i kvart sitt rom og spelar, eller skulle vi seie
på kvar sin planet." Arve Moen Bergset blir også
kritisert for songen sin, og dei får kritikk for
språket på omslaget (for å få seldt plata i Bærum
og på Ullern?, undrar meldaren). Finn ut sjølv - er
plata verkeleg så dårleg?
(9/2-02) |
Folkemusikktimen
i NRK i ny form
Den faste P"-timen på søndagar (reprise fredagar)
blir endra: Første halvtimen blir
"aktualitetar" med kortare innslag, og andre
halvdel på lag som før. Leiv Solberg og Kjetil
Bjørgan vil veksle om å vere programleiarar. Dei
ynskjer tips frå publikum: Leiv
og Kjetil
(9/2-02) |
Nyoppretta
pris til Ottar Kåsa
Under Telemarkfestivalen 2001 fekk Ottar Kåsa ein
nyoppretta pris: "Eckbo legaters Folkemusikkpris
for unge utøvere", kr 15000. Prisen skal gå til
unge utøvarar (under 18 år). Kåsa er no elev
ved Valle vgs, folkemusikklina.
(9/2-02) |
Øyvind
Kvile annonsemedarbeidar
Som ny annonsemedarbeidar i Spelemannsbladet er Øyvind
Kvile Geilo/Trysil engasjert, etter Lars Kristian Berg.
(9/2-02) |
Olav
Einemo er død
Dansaren Olav Einemo døde 14. januar og vart gravlagd
22. januar ved Lørenskog Kirke. Han var frå Lærdal,
men budde det meste av sitt vaksne liv i Oslo-området.
Han var ein dugande dansar og pedagog. Olav var
A-klassedansar og deltok på mange kappleikar. Han heldt
ei lang rekkje kurs, særleg i Vestlands-springar. Han
var æresmedlem i Sogn og Fjordane ringen i Oslo,
og dansarar derifrå stod æresvakt då han vart
gravlagd.
(1/2-02) |
Konsert
for Ole
Bull Akademiet
Studieleiar Gunnar Stubseid ved Ole Bull Akademiet på
Voss fortel til Nationen at dei vil bygge ut akademiet
for kr 10 mill. For å skape blest om saka, og
inntekter, blir det ein stor konsert i Grieghallen i
Bergen 14. juni med mange velkjende artistar. Meir
her.
(31/1-02) |
Kr
500 000 til folkemusikarar
Oppland fylkeskommune vil gje 500 000 til eit par
folkemusikarar eller ei gruppe som vil satse
profesjonelt. Pengane skal først og fremst gå til å
administrere aktiviteten til musikarane. Gudbrandsdal og
Vestoppland er dei mest aktuelle distrikta. Meir
her i Gudbrandsdølen Dagningen.
(31/1-02) |
Landskappleiken
2002: Open klasse
Ny klasse for nyskapande samspel. Men det framgår av
artikkel i Nasjonen at ikkje alle er like
begeistra. Ingvill Buen Garnås, Lars Underdal,
Øysten Rudi og Sigrid Moldestad uttalar seg. Les
meir her.
(29/1-01) |
Kvedar
med fin konsert
Gruppa kvedar hadde 25/1 og 26/1 konsertar i Oslo. Vi
var til stades i Det Norske Teateret - ein fin konsert
der eit felles nordisk repertoar kom godt fram. Men
det var altfor få som såg på!
(29/1-01) |
Norrsken
på Røros nærmar seg
Nationen
skriv om det nordiske bransjetreffet som startar 1.
februar. Her er sume av artistane som kjem: Mats
og brudarna, Per
Anders Buen Garnås, Synnøve
Bjørset, Yggdrasil
og Bruvoll/Halvorsen.
(25/1-02) |
Landskappleiken
vil vare 5 dagar
Kappleiknemnda i Vågå fortel til GD
at kappleiken i 2002 vil var i 5 dagar, mot dei normale
4 dagar. Nemda er redd det blir ny rekorddeltaking slik
det var i 1996. Vågå spel og dansarlag som fyller 50
år kjem også med ny CD snart.
(24/1-02) |
Titanofestivalen
får kongepokal
Vi les i Gudbrandsdølen
Dagningen at Titanofestivalen
får lov til å dele ut kongepokal i gamaldansmusikk. Det er kongen som gjev slikt løyve, og
sjefen for Titanofestivalen Eddy Lyshaug er med rette stolt.
(24/1-02) |
Folkemusikklinene
redda (?)
Det ser ut til at fylkeskommunene vil overta ansvaret,
der staten fråsa seg sitt. Dei to linene ser ut til å
bli landsdekkande tilbod, slik at elevar frå andre
fylke får tilskot frå sine heimefylke for å gå der. Meir
her.
(22/1-02) |
NFD
med brev til kulturkomiteen
Norsk folkemusikk og
danselag har sendt brev til kulturkommiteen i
Stortinget når det gjeld oppnemning av styre til Fond
for utøvande kunstnarar. Dette fondet vil også gjelde
folkemusikk og dans.
(21/1-02) |
Bygda
dansar - storsatsing på dans
Prosjektet "Bygda dansar" er ei stor satsing
på "profesjonell" dans i ulike delar av
landet. Det er Rff som står bak, med Egil Bakka
som prosjektleiar, og finaniseringa står i hovudsak
Norsk Kulturråd for. Fagkonsulent Siri Mæland arbeider
aktivt med prosjektet, og prosjektet har eigen
teig på heimesida til Rff. I år er det i gang eit
prøveprosjekt i Sogn og Fjordane, med namnet
"Fjordapuls", med Arne Sølvberg som
lokal prosjektleiar, og med støtte frå S&Fj.
teater, S&Fj Ungdomslag, S&Fj Folkemusikklag,
fylkeskommunen og Sparebanken S&Fj. Dei satsar på
ungdom i vg skole, og har vore rundt på fleire vg
skolar i fylket med eit presentasjonaprogram for å
rekruttere dansarar. I byrjinga av desember var det samling
på Vassenden i Jølster for ca 20 dansarar og lærarar.
Ut på nyåret er det meininga at det skal kome i gang
lokale øvingar på feleire av dei vidaregåande skulane
i fylket.
I prosjektet "Bygda dansar" er det så
meininga at ein kvart år skal kome i gang med liknade
prosjekt i eit nytt distrikt.
I utgreiinga si er Arnestad ikkje svært optimistisk
når det gjeld kva resultat ein kan oppnå i dette
prosjektet.
(16/12-01) |
Sør-Fron
Spelemannslag med ny CD
"Milstein" er namnet på den nye CD'en, som
kjem 10 år etter den førre. Neste år fyller laget 25
år, så det høver bra med ei markering, fortel
Ivar Nesmoen og Erik Bjørke til GD. Plata er delt
ca halvparten på gamaldans og eldre folkemusikk. Plata
har eit opplag på 2000 og kjem i butikkane 15.
desember.
(14/12-01) |
Minnekonsert
for Olav Brattås
Spelemannen og rosemålaren Olav Brattås frå Numedal
ville fylt 100 år i haust, og det var eit minneprogram
om han i Flesberg i november. Mellom andre var Hauk Buen
og sonen Asbjørn Brattås med. Likeeins barnebarnet
Pål Bratås. Olav Baratås samla mange slåttar og stff
om folkemusikken, og ein CD med slåttar han samla vert
utgitt på ein CD. Sjå
her.
(14/12-01) |
Arnestad
til NRK Sogn og Fjordane:
Fylkesmusikarane bør vere på åremål, og ikkje som no
fast tilsette. I dag har Sogn og Fjordane 5 fast
tilsette fylkesmusikarar. Han meiner at det ville vore
betre om dei var på åremål.
(14/12-01) |
Kirkelig
Kulturverksted reduserer
Vårt
Land melder at plateselskapet KK må kutte 3 av 9
stillingar og halvere talet på plater. Det går ikkje
minst ut over folkemusikken. Selskapet opplever ein
kraftig svikt i salet av CD'ar. Dei må avslutte eller
utsette påbyrja prosjekt, og det kan vere fare for at
dei misser artistar, fortel leiaren Erik Hillestad.
(14/12-01) |
Folkemusikk-liner
i fare?
Det vert spekulert i om dei to folkemusikklinene på
vidaregåande skule (Vinstra og Valle) står i fare
etter kommiteinstillinga i Stortinget. Desse linene er
det staten som finansierer, og det er vedteke ein
reduksjon på 30 millionar eller 25% til slike liner. Sjå
her. Men Rolf Reikvam (SV) meiner at sidan det berre
er to slike liner i landet, må
dei sparast.
Siste: Landslinene kan halde fram som før!
Finanskommiteen seier: "Ordningen med direkte
tilskudd til landslinjer ved videregående skoler
opprettholdes." Men bevilgninga på 140 mill kr er
ikkje auka frå i fjor. Sjå
her.
(12/12-01) |
Einsretting
av NRK-musikk?
Mange folkemusikarar reagerer sterkt på at
distriktskontora i NRK skal styrast meir i sine
musikkval. Det vil gå ut over folkemusikken, meiner
mange folkemusikarar, mellom dei Kirsten Baråten Ber og
Øystein O. Rudi. Les
meir her.
(12/12-01) |
Kommentarar
til Arnestad-utgreiinga
Det har vore mange kommentarar. Her
er nokre synspunkt frå aktørane i Nationen
(12/12-01) |
Kongens
fortensmedalje i gull til Olav Viken
Felemakaren og langeleikbyggjaren Olav Viken frå
Fagernes fekk kongens fortensmedalje i gull på ei
tilstelling ved Fagernes Folkemuseum 8. desember 2001.
Viken har nyss fylt 80 år. Tilsaman har han reparert ca
1000 feler, og mange av felene til våre beste spelemenn
har han sett i stand og rigga. Han har også vore ein
sers viljug og dugande læremeister for andre både i
fele- og langeleikbygging. Mange av dei fremste
spelemennene i Valdres var med og heidra Viken med
spelet sitt. Meir
her.
(12/12/01) |
Kva
skal skje med Rff?
I utgreiinga si peikar Arnestad på at funksjonen til
Rådet for folkemusikk og folkedans bør vurderast. Det
ser ut til at dei involverte aktørane vil tenkje seg om
litt før dei uttalar seg for bestemt. Dei vil ikkje
køyre saka i pressa, blir det hevda. Nationen
har fleire detaljar om dette.
(9/12-01) |
Illustrerte
folkeviser
Teiknaren Harald Aadnevik, godt kjent av mange i
folkedansmiljøet i Oslo og Bergen, har illustrert nokre
av folkevisene våre. Desse illustrasjonane har
tidlegare stått i lagsbladet til Oslo Songdanslag. No
får vi høve til å vise dei her på folkedans.com. Den
første av dei, Horpa, kan du sjå her. Verkeleg
fine, og humoristiske illustrasjonar!
(8/12-01) |
Få
plater blir innkjøpt
Larry Bringsjord, formann i FONO Foreningen Norske
Plateselskaper, uttaler
til "Ballade" at det er alt for få
fonogram som blir innkjøp gjennom den statlege
innkjøpsordninga. I siste runde for 2001 vart bere 35
av 180 innkjøpt. Av folkemusikk var det 4 av 14 som
vart kjøpt. Her
kan du sjå kva plater som vart kjøpt og ikkje kjøp i
siste del av 2001. I første del av 2001 var
det også 4 folkemusikkplater som vart kjøpt inn.
Det var desse som vart innkjøpt i 2001: Harnihomba,
Knut Buen (Feledåmm), Sjugurd og Trollbrura og Svein
Westad (munnharpe), Honndalstausene (Frie former), Nils
Økland (Straum), Susanne Lundeng (Vals til den røde
fela) og Vibå spelemannslag (Fela i ura).
(1(12-01) |
Sigmund
Eikås fekk kulturprisen
Kulturprisen for Sogn og Fjordane for 2001er tildelt
spelemannen Sigmund Eikås frå Vassenden i Jølster.
Prisen er på kr 40 000. Eikås har gjennom mange år
lagt ned eit stort arbeid for folkemusikken, både i
sitt heimefylke og på landsplanet. Han er ein av våre
fremste spelemenn, organisasjonsmann, lærar og
tradisjonsformidlar og ikkje minst leiar i Indre
Sunnfjord spelemannslag. Til dagleg er han tilsett som
fylkesmusikar i 60% stilling og underviser også ved
fleire skular. Her
er meir informasjon.
(28/11-01) |
Nils-Aslak
Valkeapää er død
Den
kjente joikaren, komponisten, biletkunstnaren og
skribenten er død 58 år gamal. Han kom frå Finland,
men budde i Noreg dei siste åra. Han var ein av dei
aller fremste ambassadørane for samisk kultur. Mellom
anna var han sentral i dei samiske innslaga unde OL på
Lillehammer i 1994. Han fekk Nordisk Råds
litteraturpris i 1991. Si første joike-plate gav han ut
i 1968. Meir info her
og
her.
(28/11-01) |
Sinnika
Langeland held julekonsertar
Sinnika Langeland og Andreas Liebig (orgel) held
julekonsertar på fleire stader i desember, og
avsluttar i Nidarosdomen. Der blir programmet teke opp,
og skal bli til CD. Sinikka har nett kome tilbake frå
ein stor turne i Finland.
(27/11-01) |
Per
Anders Buen Garnås med ny CD
"Åleine" heiter den nye CD'en som Per Anders
kjem med no føre jul. Den 14. desember, på Pizzafjoset
i Bø, blir det "plateslepp". CD'en inneheld
25 slåttar som vert lite spela. Opptaka er gjort av
Lindberg Lyd i Ullensvang kyrkje i Hardanger, og
kjem ut på det nye forlaget "Nyrenning" til
onkelen Knut Buen. Dette nye forlaget skal satse på
unge spelemenn og nyskaping.
CD'en kan tingast
her.
(27/11-01) |
Gruppa
Gåte vekkjer oppsikt
Ei ny og utradisjonell gruppe på 5 unge musikarar frå
Trondheim vekkjer oppsikt med sin form for folkemusikk.
Dei kjem med EP i 2002. Du kan lese litt
om dei på NRK, eller på heimesida
deira.
(23/11-01) |
Debatt
om Arnestad-utgreiinga
Både før, under og etter seminaret i Norsk Kulturråd
21. november. Det var ca 70 med på seminaret. Her er
lekkjer til artiklar om saka: Referat
i Ballade. Intervju
med Hallvard Kaasa (NFD).Tidlegare
drøfting i Rff. Intervju
med Arnestad i Nationen, IdaLou
Larsen i Nationen kommenterer, Johan
Einar Bjerkem (NU) uttalar seg til Nationen. Brit
Håland (Rff) kommenterer saka i Nationen. Johan
Einar Bjerkem (NU) kommenterer saka i Nationen.
(23/11-01) |
Intervju
med Georg Arnestad
Han har skreve utgreiinga for Norsk kulturråd om
folkemusikken og dansen. Han har blitt intervjua av NRK
Sogn og Fjordane og fortel at folkemusikken er fornyande
og erotisk, medan dansen er gamal og sær og uerotisk! Høyr
her på kva han seier.
(23/11-01) |
Open
klasse på landskappleiken 2002
Spelemannsbladet (7/2001) melder at LfS har vedteke at
det blir open klasse i Vågå 2002. Men klasse for
durspel bygdedans vert det ikkje i denne omgangen.
(17/11-01) |
Rff:
Utdelte tiltaksmidlar oktober 2001
Av 72 søknader var det 27 som fekk løyving. Det
vart delt ut kr 298 000 og total søknadssum var på ca
kr 1,3 millionar. Dei fleste stønadane gjeld
CD-utgjeving og læring og innsamlin av folkemusikk. Her
er ei liste over alle tildelingane.
(17/11-01) |
Nytt
kulturnettverk: Folkemusikk Nord
I slutten av november såg eit nytt kulturnettverk i
Nord Norge dagens ljos i Tromsø. Dette skal vere eit
samarbeidsorgan innan folkemusikk og folkedansfeltet og
Nordnorsk Kulturråd har vore pådrivar for å få
tiltaket i gang. Det er mange organisasjonar med:
Nordnorsk kulturråd, Nordnorsk folkemusikksamling ved
Tromsø Museum/Universitet, Nordnorsk senter for
folkemusikkforskning ved Høgskolen i Nesna, Nord-norsk
folkedans- og folkemusikkråd som er eit samordnande
organ innan NU med sete i Lakselv og Nordnorsk
Folkemusikksenter i Målselv. Tanken er at dei skal
samarbeide på mange område: til dømes
informasjonarbeid, samle utøvarar, instruktørar og
forelesarar, gjere bøker og plater meir tilgjengeleg,
utarbeide kurs, bygge opp kompetanse, samarbeid om
arenaer og arrangørstader.
(17/11-01) |
Færøydans
i Nordens Hus i Oslo
Onsdag 14. november var det Færøysk-Islands samkome i
Norden Hus i samband med at elevar frå lærarskulane i
Torshavn og Reykjavik var på vitjing på
lærarhøgskolen i Oslo. Etter ei kort kåserande
innleiing frå lærarane, var det færøydans eit par
timar. Arni Dahl frå Torshavn var ein dugande skipar. Her
er bilete av Arni
og her bilete av
dansen.
(16/11-01) |
Kongens
fortenstmedalje til Olav P. Hjelvik
Olav P. Hjelvik vart på landskappleiken æresmedlem i
LfS, og no har han også fått kongens fortensmedalje
for sitt arbeid for folkemusikken. Han har vore leiar i
fleire lag, spela for leikarringen ved folkemuseet i
Molde i mange år, og gjer det enno.
(16/11-01) |
Aslak
Brekke-seminar i Vinje
I samband med at det er 100 år sidan Aslak Brekke vart
fødd, blir det seminar i Vinje 23-24 november. Meir
info her.
(16/11-01) |
Aftenposten
om Myllargutkonserten
Aftenposten spanderer ei halv spaltelengd på
Myllargutkonserten i Gamle Losjen i Oslo, der våre
fremste folkemusikk-jenter avslutta Myllargutåret. Knut
Utler fortel om ein fin
konsert, men det var berre ca 100
til stades.
(16/11-01) |
Arnestad-utgreiinga
ligg føre!
Så er Norsk Kulturråd si utgreiing om norsk
folkemusikk og folkedans ferdig. Ho er på heile 224
sider. Utgreiinga blir presentert på eit seminar
onsdag 21.november 2001 - Kl. 10.00 - 14.00 hjå Norsk
kulturråd, Auditoriet, Grev Wedels plass 1, Oslo.
Seminaret er gratis, og du får meir informasjon,
program og påmelding her:
http://www.folkogdans.no/nfd/index.html
Rapporten kan bestillast på e-post kultur@kulturrad.dep.no
Arnestad rår til at det blir ei ny utgreiing. Han
skriv at folkemusikkfeltet står overfor både
organisasjonmessige og kulturpolitiske utfordringar. Han
ser spenningar mellom profesjonell kunst og
fritidsbasert aktivitet. Arnestad skriv også at det
offentlege har teke lite ansvar for folkemusikken og
folkedansen. Han seier at folkemusikken langt på veg er
integrert i norsk musikkliv, men at folkedansen treng
profesjonalisering og modernisering for å bli redda.
Arnestad kjem med ei rad tilrådingar. Mellom annna at
feltet må bli meir synleg i kulturdepartementet sine
budsjett, og at Rff si stilling må vurderast på nytt i
ei framtidig utgreiing.
Rapporten er allereide omtala i Nasjonen:
http://www.nationen.no/49/94/37/7.htm
http://www.nationen.no/49/94/33/2.html
Etter
seminaret skipar Rff til eit samrådingsmøte for
folkemusikk og folkedanssektoren, der LfS, NU og NFD vil
drøfte korleis utgreiinga kan følgjast opp. Ti kl
14.30-1700 Norsk Kulturråd. Påmelding her:
Rådet for
folkemusikk og folkedans
(13/11-01) |
Folkemusikk
i musikkskolen i Oslo
Oslo kummunale musikkskole har eit par gonger
tidlegare gjeve tilbod for born i folkemusikk (sang,
fele, hardingfele og dans). Dette skal no bli meir
omfattande og blir kalla månadssamlingar. Det vert i
vår 21. mars, 4. april og 2. mai kl 1800 - 2000.
Kontakt Torfinn Hoffart tlf 22057784. Det er i samarbeid
med Laget for Folkemusikk, og lærarar er Unni Løvlid,
Andreas Skeie Ljones og Hallvard Kvåle/Silje Dæhlie.
Eit fint tiltak!
(21/1-02) |
Gruppa
"Kvedar" held konsertar
Gruppa kvedar har konsertar i Oslo 25. og 26
januar, og seinare i Telemark og på Røros. Desse er med i Kvedar: Agnes Buen
Garnås, Eli Storbekken, Halvor Håkanes, Geirr Lystrup,
Aiva Insulander, Marianne Maans og dansaren
Cathrine Smith. Dei syng både eldgamle kvad, yngre
viser og heilt nye viser. Her
er meir informasjon. Dei er månadens artist.
(25/1-02) |
Folkedansen
si stilling - i BUL Oslo
Torsdag 16. januar hadde BUL Oslo møte om folkedansen
si stilling og framtid, på bakgrunn av rapporten til
Arnestad. Arnestad (bilete) innleidde, og leiaren i NU
Johan Einar Bjerkem "kommenterte". Det
var ca 40-50 frammøtte i Teatersalen.
(17/1-01) |
Songdansen
fyller 100 år
I 2002 er det 100 år sidan Hulda Garborg starta
arbeidet sitt med songdansen i landet vårt. Vi reknar
med at dette på ulike måtar blir markert i
leikarringar og ungdomslag. Her
på www.folkedans.com har vi oppretta ei songdansside
der vi vil samle diverse stoff om songdansen.
(15/1-02) |
Folkemusikklinene
....
Nationen
har intervjua Rolf Reikvam og Tarjei Haugen, og
presenterer bakgrunnen for alt oppstyret omkring
folkemusikklinene i Valle og på Vinstra. Går det mot
at fylkeskommunene overtar? Her
kommenterer Ida Lou Larsen spetakkelet omkring
landslinene.
Frå andre aviser har det også vore reaksjonar, til
dømes Gudbrandsdølen
Dagningen.
(10/1-02) |
NU
i pengenaud:
Ikkje noko ekstra i denne omgangen
Som kjent har NU prøvt å få stønad til sitt arbeid
med folkedansen over kulturbudsjettet, ikkje berre som
stønad til dei under 26 år via Barne og
familiedepartementet. Hordaland ungdomslag har sendt
brev til Kulturdepartementet og Statsministeren om NU
sin svake økonomi, men svara er ikkje konkret positive
i denne omgangen. Sjå
meir her.
(12/1-02)
|
Ola
K. Berge tilsett i NFD
Norsk Folkemusikk- og Danselag har tilsett Ola K. Berge
i den nyoppretta
stillinga (50%) som prosjektmedarbeidar i Norsk
Folkemusikkformidling (NFF).
Arbeidet knyter seg til formidling av utøvarar,
tilrettelegging av program
for oppdragsgjevarar samt marknadsføringstiltak i inn
-og utland. Meir
her.
(10/1-02)
|
Spelemannsprisen:
Dei nominerte er...
Ingen store overraskingar i nominasjonane. I kategorien
folkemusikk/Gammeldans er desse nominert: Per Sæmund
Bjørkum: "Berg og vatn", Knut Buen:
"Spelemannsprøva", Bukkene Bruse: "Den
fagre rosa" og Kvarts: "Filigran".
Dessutan er Kirsten Bråthen Berg nominert i klassa
viser med "Syng du mi røyst".
(7/1-01) |
Folkemusikkliner
i fare likevel?
Som kjent kuttar Stortinget i dei landsdekkjande linene
på vg skole, og det er enno ikkje bestemt kva tilbod
dette vil gå ut over. Dei fleste linene av dette slaget
er idrettsliner. Situasjonen for linene i Valle og på
Vinstra er altså framleis uviss. Meir
her.
(7/1-02) |
Flott
ball i Sandefjord 5/1-002
Stilballet til Sandarringen og Sandar Spelemannslag ved
det tiande på rad, og nesten 100 deltakar fekk vere med
på eit fint gjennomført ball. Det var på dei
særmerkte gamle lokala til det gamle Kurbadet. Her
finn du nokre bilete frå ballet.
(7/1-02) |
Olea
Crøger (1801-1855) - 200 år
I låvekyrkja i Heddal 1. desember 2001 vart 200-års
dagen folkeminnesamlaren Olea Crøger markert. Hæge
Manheim hadde dramatisert historia om Crøger, Velle
Espeland kåserte, Kari Lønnestad spela langeleik og
kveda. Det var også fleire andre som song og spela. Det
var ei fin og stilig framsyning fortel Spelemannsbladet
(1/02).
(9/2-02) |
Meir
folkemusikk i NRK-Telemark
Sidan oktober har det vore underskrifts-lister i gang i
Telemark om å få meir folkemusikk i lokalsendingane.
Johan Vaa stod bak, og listene er no overlevert. Men i
mellomtida har situasjonen betra seg, og det har vorte
meir folkemusikk. Meir
her.
(9/2-02) |
"Vintermåne"
med CD
Gruppa består av Anne Gravir Klykken (31), Frøydis
Grorud (27) og Torjus Vierli (24), og kjem 28. februar
med CD som også heiter "Vintermåne". Songane
på plata er frå ulike delar av Telemark. Gruppa har
også konsertar rundt om. Sjå
her.
(6/2-02) |
Norrsken,
Røros, vart vellukka
Det var vel 200 deltakarar på den første Norrsken
skipa til utanfor Sverike. Her
skriv "Arbeidets rett" litt om seminaret.
(6/2-02) |
Seminar
om folkemusikken/dansen
Den 29/1 skipa Rff til eit seminar om stillinga til
folkemusikk og folkedans, etter Arnestad-rapporten som
kom føre jul. Representantar frå dei tre store
organisasjonane var til stades: Landslaget for
spelemenn, Norsk folkemusikk og dansalag og Noregs
Ungdomslag, frå Rff og andre. Det kom mellom anna
framlegg om å slå saman dei 3 organisasjonane. Det var
det ikkje semje om. Men eit nærare samarbeid skulle det
ligge til rette for. Rff si stilling vart også drøfta.
Her er lenkjer til fleire avisoppslag: Nationen,
Nationen,
Nationen,
Nationen
Rff skulle arbeide vidare på grunnlag av det som kom
fram under diskusjonen.
(1/2-02) |
Knut
Buen nominert ca 10 gonger!
Knut Buen fortel til "Telen" at han til saman
er blitt nominert ca 10 gonger til spelemannsprisen,
første gong i 1972 - til den første prisen. Og no
igjen i år - eit spenn på 30 år. Han har vunne prisen
"to og ein halv gong". Les
her.
(1/2-02) |
Spelemannsprisen:
Bjørgum 5 gonger
Hallvard T. Bjørgum har vunne prisen 5 gonger (saman
med andre), første gong med "Slinkombas" i
1979. Han fortel til Fedrelandsvennen at han er i gang
med ny plate, saman med både folkemusikarar og heilt
andre musikarar. Meir
her.
(1/2-02) |
S&F
teater jubilerer med folkedans
Sogn og Fjordane teater jubilerer (25 år), og det gjer
dei mellom anna med å få folkedansen inn i ei
teateroppsetjing. Det er eit nyskreve manus - Svik - som
skal tilpassast. Lokale musikarar og dansar skal vere
med, og Oddbjørn Hesjevoll. Meir
her.
(1/2-02) |
Norrsken
på Røros 1. helga i februar
Programmet for Norrsken, som i år for første gong er
lagt til ein annan stad enn Falun, tar no form. Dette er
ein fin plass for spelemenn og frupper å profilere seg
og musikken sin for dei som skipar til festivalar etc.
Vi les at frå Noreg vil hardingfelespelemenn som
Per Anders Buen Garnås og Synnøve Bjørset delta,
likeeins Glåmos Spellmanslag og Småviltlaget og meir
eksperimentelle band som trønderbandet Gåte. Kjende
profilar frå Sverike, Danmark og Finland kjem. Meir
her.
(5/1-02) |
Hemsing-jentene
i sentrum 1. nyttårsdag
På NRK TV 1. nyttårsdag var dei to søstrene Hemsing
frå Aurdal verkeleg i sentrum. Dei to spelar som
kjent framifrå både på fiolin og hardingfele, og har
også tidlegare utmerka seg. På TV spela dei som
solistar i konserten frå Olavshallen i Trondheim. Og
dei delte også eit stipend på kr 50000 som vart
utdelt under konserten. Dei skulle bruke pengane til nye
feler og til kikkert, fortalde dei. Tidlegare på
kvelden var den eldste av jentene, Ragnhild, solist i
Årstidene av Vivladi med eit orkester frå Baratt Dues
Institutt.
(1/1-02) |
Vil
registrere sangskattar i Østfold
Ingunn Skjelfoss fra Hobøl studerer folkemusikk på
Rauland, og vil gjerne samle inn gamle sangskattar frå
Østfold. Ho reknar med at det framleis er ein del som
ikkje er registrert, fortel ho til Fredrikstad
Blad. Frå før er det registrert ca 100 melodiar
frå Østfold, dei første av Lindemann i 1868, Ole
Bjerke i 1881 og
Catarinus Elling
ved hundreårsskiftet.
(31/12-01) |
Buen
i Aftenposten
På årets siste dag spanderer Idar Karevold sin
kommentar på norsk folkemusikk, nærare bestemt på
Knut Buen. Han skriv at norsk folkemusikk har meir å by
på enn dei fleste er klar over. Han nemner dei tre
platene som Knut Buen har kome med i år:
"Spelemannsprøva", med opptak frå "unge
år" 1965-76, plata "Felesong" med Kåre
Nordstoga i ny utgjeving i år, og endeleg
"Myllargutens draum" som er Buens hyllest til
Myllarguten i jubileumsåret.
(31/1-01) |
Annbjørg
Lien i Dagbladet
På årets nest siste dag skriv Dagbladet
om Annbjørg Lien (30). Ikkje om musikken hennar eller
spelekvinna, men om spelaren. Annbjørg Lien fortel at
ho heller spelar Game Boy enn lese ei god bok når ho
skal slappe av på ein flyplass eller på turnebussen.
Ho har elles fått mange nye spel til jul, og ynskjer
seg endå fleire.
(31/12-01) |
Tilskot
til musikkfestivalar 2002
Tilskota frå Norsk Kulturråd og 2002 er nå
offentleggjort. Av folkemusikkfestivalane er det dei
same som får i år som i fjor. Berre Jørn Hilme
stemnet og Osafestivalen får litt meir enn i fjor,
elles er tilskota uendra. Til saman er
20,5 millionar kroner fordelt på 41 musikkfestivaler i
2002.
Folkemusikkfestivalane som får er:
Førde Intern. folkem.-festival kr 1500 000
Den norske folkemusikkveka kr 450 000
Jørn Hilme
stemnet
kr 125 000
Osafestivalen
kr 125 000
Telemarkfestivalen
kr 650 000
Heile
tildelingslista finn du her.
(21/12-01) |
Nordmørsbunad
til prinsesse Märtha Louise
Husfliden i Kristiansund vil gje kronprinsessa ein
Nordmørsbunad i forlovelsesgåve, melder
Tidens Krav. Som kjent har Ari Behn Nordmørsbunad
frå før - han har deler av slekta si og namnet
Bjørshol frå Averøy på Nordmøre. Kanskje dei to vil
nytte bunad under bryllupet i Nidarosdomen, undrar
Elisabeth Sørli ved Husfliden i Kristiansund.
(21/12-01) |
Ny
klassedeling i langeleik
LfS melder at det frå og med Landskappleiken i 2002
blir det to klassar i staden for fire i langeleik: solo
og samspel senior og solo og samspel junior. Det er
etter ynskje frå utøvarane.
(15/12-01) |
Knut
Hamre best på Vestlandkappleiken 2001
På Vestlandskappleiken i Jølster vart Knut Hamre
best i hardingfele kl A, med Gro Marie Svidal på andre
plass. Anders Eikås vart best i klasse B. Indre Sunnfjord
spelemannslag vart best av spelemannslaga.
Inger Marie Støylen og Endre Hope var best i dans kla
A. Resultatlista
kjem her.
(15/12-01) |
Edvard
Ruud er død 93 år gamal
Ruud var frå Elgsnes utanfor Harstad.
Han har gjennom 2-3 mannsaldrar vore ein framifrå
representant for den nordnorske folkelege kulturen,
særleg folkemusikken og den folkelege songen. Han song
inn nærpå 200 songar i NRK. I mange år reiste han i
bygd og by og fortalde og song. Han gjorde også mykje
for ungdomslag, målsaka, museumsarbeid og mangt anna.
(20/8-01) |
Litt
bunad og folkedans i Bryllupet
Framfor slottet var det ei fin rekkje med ulike bunader
då folk reiste til og frå vielsen. Også i kyrkja og
under middagen såg vi ein del bunader, om enn ikkje så
mange. Vi merkte oss at Ari Behn hadde bunad. Elles var
det innslag av folkedans på slottsplassen om kvelden -
barnelaget i BUL var mellom dei frivillige
organisasjonane som var i sving.
Elles har ein lagt merke til at mellom andre Aftenposten
har nytta eit bunadkledd kronprinspar som logo for sine
reportasjar føre bryllupet.
(26/8-01) |
Også
folkemusikk i Bryllupet
I kronprinsbryllupet var det også folkemusikk. I
domkyrkja song Mari Boine "Mitt hjerte alltid
vanker" i joik-tradisjon. Jan Garbarek spela
folketonen "Eg vil binde blomsterkransa" med
Kåre Nordstoga ved orgelet, og dei spela også
brudemarsjen "Gamal brudemarsj" eller
"Brudemarsj frå Gudbrandsdal" til avslutning.
Ein nykomponert brudemarsj av Nils Henrik Asheim vart
også framført. Anders Vassbotns "Å leva det er
å elska" var mellom salmane. Folkemelodiane vart
svært fint framført, men likevel sakna vi nok
(harding)fela.
(26/8-01) |
Mykje
folkemusikk i bryllupsgåve
I regjeringa si gåve til
kronprinsparet var det eit CD-skåp med 1000 CD'ar. Her
var det også var eit breitt utval med folkemusikk - 79
CD'ar til saman. Her
finn du heile lista.
(25/8-01) |
Platebutikken
Edna legg ned
Edna finn å måtte leggje ned drifta, og det er
opphørssal ut august. Rabatten er 40% på plater og 30%
på bøker og notar. Edna opna i 1999 og har lagt
vekt på norsk musikk, medrekna folkemusikk. Dei har
hatt ca 700 CD-titlar i folkemusikk i hyllene
sine. Meir her.
(24/8-01) |
Utredninga
om folkemusikk sterkt forseinka
Georg Arnestad si utredning om norsk folkekemusikk
på oppdrag frå Norsk Kulturråd er sterkt forseinka.
Ho skulle vere ferdig sumaren 2000, og enno er
ikkje manuset heilt ferdig. Men det nermar seg, skriv
Nasjonen (21/8-01). No vert det lova at ho skal
vere klar før slutten av oktober.
(23/8-01) |
Belgiaden
i Geiranger vellukka
I Geiranger vart Belgiaden trekkspeltreff skipa til for
21. gongen, og det var svært god oppslutning, 300-400
personar. Mange kjende artistar og grupper deltok.
Arrangøren Ørskog og Omegn trekkspelklubb er godt
nøgd, fortel leiaren Kjell Opsal til Sunnmørsposten.
(13/11-01) |
Annbjørg
Lien med 2 nye plater
Bukkene Bruse kjem med juleplate 19. november -
"Den fagraste Rosa". Det er ei
"annleis" juleplate med mange nokså ukjente
melodiar, men også nokre gamle som "Et barn er
født" og "Mitt hjerte alltid vanker".
Opptaka vart gjort i Sofienberg kirke for nesten eit år
sidan.
I mars 2021kjem så plate nr 2 med Annbjørg Lien, ei
samleplate som det vart gjort opptak til på turnear
våren 2001. Den foreløpige tittelen på CD'en er
Aliens Alive fortel Annbjørg til Sunnmørsposten
(fredag 9. nov), ein tittel som høver svært godt, legg
ho til.
(12/11-01) |
NU
ber om pengar
Vi høyrer at Noregs Ungdomslag ber om pengar på to
frontar: Dei oppmodar medlemslaga om å yte NU sentralt
eit rentefritt lån i 3 år, store lag blir bedt om kr
20000 og mindre lag om kr 5000. Onsdag
8/11 var leiaren i NU Johan Einar Bjerkem i Symra og
informerte om den vanskelege økonomiske stoda, særleg
mangelen på likvide midlar no ved nyttårseitet. Dagen
etter, 9/11, er han i Stortinget og forklarer for
kulturkommiten at NU gjerne vil ha ein million
kroner over kulturbudsjettet. Johan Einar ser det som
ein halv siger at dei slepp til i Stortinget. Så får
vi sjå kva resultatet blir. I forslaget til
statsbudsjett var det ikkje sett av pengar til NU. Sjå
bilete av Johan Einar på denne sida.
(8/1-11) |
Ny
norsk CD med sigøynermusikk
Vi har fått tilsedt ein ny CD frå gruppa "Opre
Roma Gypsy Orchestra". Denne gruppa har 11
medlemer, ca halvparten er norske og dei andre kjem frå
andre land. Gruppa vart stifta i Bergen i 1999 og
Opre Roma er første CD'en deira. Dei fleste i gruppa er
vokalistar og muskken er sterkt vokal-prega med
trekkspel og gitar som dei viktigaste instrumenta. Les
meir om CD'en her.
(3/11-01) |
Folkemusikk
frå Akershus på nett
Dokumentasjonssenteret for musikk i Akershus er et
samarbeidsprosjekt mellom Fylkesbiblioteket i Akershus
og Akershus musikkråd. Dei har no produsert 48 CD'ar
med folkemusikk-opptak, og alt
saman er lagt ut på nettet.
(3/11-01) |
Folkemusikkutgreiinga
kjem snart!
Nationen
har funne ut at utgreiinga som Georg Arnestad i
Sogndal har hatt ansvaret for, blir presentert innan
midten av november. Utgreiinga har vore lova ferdig
mange gonger, men no er det vistnok alvor!
(3/11-01) |
På
Womex i Rotterdam
var også norsk folkemusikk representert med Kirsten
Bråten Berg og Blåmann Blåmann. Til denne
presentasjonen av verdsmusikk hadde NFD laga ein
særskild CD med norske artistar. Nasjonen
skriv at Annbjørg Lien og Susanne Lundeng ikkje var
med på CD'en, og synest det var rart. NFD fortel at
grunnen var at dei hadde teke med artistar frå Norsk
Folkemusikkatalog, og dei to kjende speljentene har
ikkje meldt seg inn der.
(3/11-01) |
Oslokappleiken
2001
samla bra med deltakarar, men færre publikum, i Oslo
27. oktober. Det var få deltakarar i A-klassane
og i C-klassane, men mange i B-klassane. Høgst poengsum
fekk dei to vinnarane i spel klasse A: Per Anders Buen
Garnås (hardingfele) og Andreas Skeie Ljones (fele) -
begge med 132 poeng og 1. premie. Her
er mange bilete frå kappleiken. Full resultatliste
finn du her.
(2/11-01) |
Lite
til folkemusikk
Tildelinga av midlar til lokale musikktiltak for 4.
kvartal er offentleggjort. Kr 700000 går til 88 tiltak,
mest konsertar, av i alt 238 søknader. På lista finn
vi Vårflaumen spel- og dansarlag, elles er det lite
folkemusikk å sjå på lista
som du finn her.
(02/11-01) |
Jentene
avsluttar Myllaråret
LfS står bak avslutningskonserten i Gamle Losjen i
Oslo 14. november. Dei som skal i elden er
Annbjørg Lien, Anette Torsheim på torader, gruppa
Fjøgl frå Sogn og Fjordane og gruppa "Mot
Normalt" frå Numedal. Programleiar er Maria
Høgetveit Berg. Billettprisen er kr 180/150 (medlemer
FfS). Konserten startar kl 20.
(2/11-01) |
Symra
sitt oktoberball 2001
Det var første gongen Leikarringen Symra i Oslo
skipa til ball, og det vart eit stilig og vel
gjennomført arrangement. Desverre var det færre
påmelde enn ein hadde rekna med, og ballet måtte
derfor flyttast frå Høyres hus til Engebret kafe i
Oslo sentrum. Sjølv om ballsalen var litt liten, var
det brukbar plass til dei drygt 60 dansarane.
Christiania Tour og runddansensenble sytte for fin
musikk. Her kan
du sjå ein del glimt frå ballet.
(30/10-01) |
Oppstyr
om ny folkemusikkbok
Tidlegare i år ga Siri Haukenes og Sylvi Kjelland ut
folkemusikkboka "Lideli galen lideli god" på
Norsk Musikkforlag. Boka er ei opplæringsbok i
folkemusikk og dans i førskole og barneskole.Dei to er
lærarar på førskuleutdanninga ved Lærarhøgskolen i
Oslo, og har gått på kurs på Ole Bull akademiet.
Lærar ved akademiet føler seg misbrukt ved at dei to
utan løyve har nytta mykje materiale som dei har fått
då dei i fleire år tok med elevar på kurs ved Ole
Bull Akademiet. Mellom dei som føler seg misbrukt er
Kirsten Bråten Berg og Gunnar Stubseid. Og ein har
prøvt å hindre at boka kom ut. Meir
om dette her.
(26/10-01) |
Per
Sæmund Bjørkum i folkemusikktimen i NRK 28.
oktober. Her
er intervju med han.
(26/10-01) |
Verds-musikk
festival i Oslo
I Oslo er det Verden i Norden festival frå 26. oktober
til 4. november, og då vert det mykje gild musikk frå
mange land, både folkemusikk og dans. I alt blir det 23
konsertar på 8 ulike stader i byen. Meir
her.
(26/10-01) |
Boka
til Steinar Ofsdal
"Norsk folkemusikk og Folkedans" får ein lang
og positiv omtale i Aftenposten 23. oktober, underteikna
Knut Utler. Boka er meint som handbok for lærarar og
andre og har som vedlegg ein dobbelt-CD med mange ulike
musikkdøme. Utler hevdar at boka er eit nybrottsarbeid
og at ho høver godt for målgruppa. Han spekulerer
også over kvifor norske skuleborn og andre kjenner så
lite til vår eigen folkemusikk. Han vonar boka kan vere
med å rette på mishøvet.
(25/10-01) |
Hulda
Garborg også i Norsk Husflid
I nr 5/2001 av Norsk Husflid finn vi ein lang og
informativ artikkel om Hulda Garborg og innsatsen hennar
for norske folkedrakter og kultur. Artikkelen tar mellom
anna utgangspunkt i den fine Bunadutstillinga på Asker
museum i sumar i samband med NU-stemnet.
(25/10-01) |
Rff-prisen
til Kirsten Bråten Berg
for 2001. Ho har fått prisen for sin store innsats som
kvedar og kulturformidlar gjennom mange år. Ho har
vunne landskappleiken to gonger (også kongepokal), hatt
ei rad konsertar i inn og utland, og har vore med på i
alt 20 plateinnspelingar, tre av dei har fått
spelemannsprisen. I desse dagar er ho på ny aktuell med
ei ny soloplate: "Syng du mi røyst". Meir
her.
(22/10-01) |
Rff-møtet
i Trondheim 19-21 oktober
Det var meininga at Arnestad- utgreiinga om norsk
folkemusikk/ folkedans skulle presenterast på fredag.
Men no les vi i programmet
til Rff-senteret at ho ikkje vart ferdig!
(21/10-01) |
Vegard
Vårdal snart ferdig
på Musikkhøgskolen.
Han skal i haust ha to avsluttande konsertar, torsdag 25
oktober kl 19.30 i Levinsalen og 6. desember i
Lindemansalen kl 19.30. Begge konsertane er gratis. På
den første blir det ståttestoff etter Svein Eikeland
frå Bjerkreim. På den andre konserten blir det både
dans og musikk, Rusk blir med, Majorstua spelmannslag,
duoen Haltli/Vårdal og duoen Sørnæs/Vårdal, og med
etterfølgjande dans. Så her blir det ein spennande
kveld.
(18/10-01) |
Tre
unge i Italia
Avisa Opdalingen
fortel at 3 unge frå Oppdal har vore på folkemusikk-
seminar i Italia - Eurofolk 2001. Dei tre heldige er
elevar ved Vinstra vg skole, Andreas Bjørkås, Even
Røhjell og Erlend Viken. Det var NFD som valde ut dei
tre heldige.
(18/10-01) |
Osafestival
med vellukka dans
Avisa Hordaland
fortel i ei reportasje om eit svært vellukka dansekurs
i Vossaspringar på festivalen, med Håkon Dregelid som
rettleiar, og ca 30 deltakarar. Om kvelden var det dans
ut dei dei små timar til svært fin dansemusikk frå
Marylands og austerikske Die Tanzgeiger.
(18/10-01) |
Gruppa
Glima med ny CD
Fredag 19. oktober vert det CD-slepp i Seljord, Granvin
kulturhus kl 20. Trioen seier dei "lagar nytt
av gamalt. Med i Glima er Torunn Raftevold Rue
(hardingfele), Ragnhild Knudsen (bratsj/hardingfele) og
Helene Waage (cello/vokal). Slåttestoffet er både frå
Telemark og Vestlandet. Meir
om plata her.
(15/10-01) |
Statsbudsjettet
2001: Ikkje pengar til NU på kulturbudsjettet.
Etter det Nasjonen melder var ikkje NU tilgodesett med
løyving over kulturbudsjettet i AP sitt framlegg, noko
NU hadde søkt om og vona på. Kan det bli ei endring
under Bondevik?
(15/10-01) |
Eit
vellukka GD-stemne i Sør-Fron
På stemnet 12-13. oktober var det både mange konsertar
og tevlingar. Det var kyrkjekonsert og folkemusikkpub og
dansefest. Det var tevling i heile 15 klassar. I spel
klasse A vann Leif Inge Schølberg (128 p) frå
Vågå knapt føre Knut Kjøk (127 p) med Erik
Bjørke (125) på tredje og Roger Slåstuen (123) på 4.
plass. Leif Inge fekk med seg vandrepremien som
hadde gått i ei årrekkje. I dei yngste klassane var
det mange deltakarar i spel, færre i dans. Harpefoss
Spel- og dansarlag var tilskipar.
(15/10.01) |
Gruppa
Fri Flyt med ny CD
CD'en heiter Flyr fritt og er Månedens album i nordisk
profil hjå Etnisk Musikklubb. Dette er musikk som
sprenger grensene for ulike sjangrar, norske tradisjonar
med pols, brudemarsj møter sigøynermusikk, gresk
folkemusikk og samisk joik. Gruppa er også på
Norgesturne, både i Oslo, Bergen Telemark og andre
stader.
(14/10-01) |
CD
med Otto Furholt
Nettsida
til NRK melder at Vidar Lande på eige selskap har
gjeve ut ein CD med opptak med Otto Furholt. Opptaka er
frå NRK-arkivet og det er slåttespel frå Agder. Otto
Furholt er fødd i 1921, og det er i høve 80-års-dagen
hans at CD'en kjem ut. Furholt var i mange 10-år mellom
dei fremste spelemennene i Agder. Han fekk kongens
fortenstmedalje i gull i 1986.
(13/10-01) |
Knut
Hamre vann Vestlandskappleiken
Første helga i oktober var det Vestlandskappleik i
Jølster. Knut Hamre vann hardingfele klasse A med Gro
Marie Svidal på 2. og Øyvind Vadbø på 3. plass.
Anders Eikås vann hardingfele klasse B og Benedicte
Maurseth klasse C. Det var mange deltakarar i dans,
særleg i yngste klasse. Her
er fullstendig resultatliste.
(13/10-01) |
Vellukka
stildanstreff på Hamar
søndag 7. oktober. Moulineten stildansgruppe hadde
invitert dansarar frå andre dansemiljø på Østlandet
til dansing og sosialt samvær. Marita Ramstad var
instruktør. Det var knapt 30 deltakarar i alt. Her
er bilete og namn på deltakarane.
(12/10-01) |
Chateau
Neuf Spelemannslag spelar
fast på "Nye Cordial" i Storgaten i Oslo. Dei
skal spele der annakvar måndag - første gongen var 8.
oktober. Cordial er ein av dei verkeleg klassiske brune
kafeane/pubane i Oslo. Dei tre siste åra har gruppa -
15 totalt - gjeve ut 3 CD'ar, "Sspell",
"Tjuvgods" og "Curing Norwegian
Stiffness"
(12/10-01) |
Fin
haustfest i Rundsnuen!
På Rundsnuen sin haustfest 6. oktober i Storsalen i BLS
i Oslo var det fullt hus 140 (nokre kom ikkje inn) og
god stemning, ikkje minst på grunn av framifrå
dansemuikk ved Sven Nyhus kvartett. Sven og dottra
Åshild hadde også ein minikonsert før dansen, og det
vart vel motteke. Sven Nyhus sitt orkester er ikkje så
ofte å høyre på dansefestar lenger, og det er synd!
(7/10-01) |
Årbok
for norsk Folkemusikk 2001
ligg no føre og er via Eivind Groven,
komponisten, spelemannen og
radioreporteren, som var fødd den 8. oktober for hundre
år sidan. Dei som skriv er Arne
T. Aabø, Magne Myhren, Leiv Solberg, Vidar Lande,
Steinar Ofsdal og Dagne Groven Myhren. Utgjevar
er Norsk Folkemusikk- og Danselag og redaktør
Tore Skaug. Med følgjer også ei n heilt ny CD med
Grovenopptak frå NRK. Meir
her.
(5/10-01) |
Ole
Bull akademiet får kr 500 000
Pengane skal vera eit
tilskot til påbygging av fleire undervisningsrom, øvingsrom
og kontor, i tillegg til rehabilitering av det eldste bygget.
Ole Bull festivalen 2001 er via Eivind Groven og vert
opna av kulturminister Ellen Horn den 12. oktober
(5/10-01) |
Marit
Jacobsen ny dagleg leiar i NU
Ho startar i jobben 1. januar 2002. Ho har frå 1986
arbeidd i Norsk Musikkråd som studie- og kultursjef.
Marit er frå Asker, men har også røter i bygde-Noreg.
Mor hennar er frå Voss, fortel ho i eit intervju
med Nynorsk Pressebyrå.
(29/9-01) |
Bunadseminar
i Valdres 12-14 oktober
Helga 12.-14. oktober 2001 arrangerer Noregs Ungdomslag
i samarbeid med Valdres Ungdomslag bunadsseminar på
Fagernes. Programmet
ser spennande ut. Her er også opplysningar om pris og
påmelding.
(29/9-01) |
Knut
Buen med to nye CD'ar
Han har i september kome med to nye CD'ar på ein gong.
Den eine heiter Spelemannsprøva og inneheld opptak frå
ein lang periode, 1965 til 1986. På den andre -
Myllargutens draum - spelar Buen slåttar som har
tilknytning til Myllarguten, i spelestil og repertoar.
(27/9-01) |
Folkemusikkseminaret
2001 i Valle 19-20 oktober
Tema for seminaret er Hardingfela, og etter programmet
å døme blir det eit svært spennande seminar. Konsert
med Knut Hamre og Knut Buen, Folkemusikkpub, Messe,
konsert med Knut Heddis minne, Hallvard
T. Bjørgum held meisterklassar i spel, det blir
utstilling og sal av feler, fotoutstilling av Knut
Jonsson Heddi og foredrag om felemakar Gunnar Røstad
ved Kjell Midtgaard og andre aktivitetar.
Les meir om seminaret her.
(25/9-01) |
Selstreffprisen
2001til Eli Storbekken
Selstreffet vart på ny ei fin mønstring av norsk
folkemusikk. Mange kjende utøvarar var i elden, som
Torill Aasegg (Heimdal), Nini Furuli (Sør-Fron),
"Krøklun" frå Sør-Fron, Dalakopa, Nye
Ringnesin, Fiin Gammel Aargang, Grindstuen og Midtlis,
Pål, Jan og Frode, Oppsop (Heidal). Like eins tre
Raulandsstudentar frå Gudbrandsdalen: Linda Grindstuen,
Kari Grøsland og Mari Skeie Ljones. Eli Storbekken har
vore aktiv i mange 10-år som kvedar, samlar og pedagog.
For ei tid sidan var ho med på CD-prosjektet "Det
syng" og er no med på det nordiske prosjektet
"Kvedar". Ho er første kvinne som har fått
prisen.
(25/9-01) |
Fjøgl
fekk første stipendet
Det første ungdomsstipendet frå 'Sparebanken Sogn og
Fjordane på kr 30 000 gjekk til Fjøgl (Løvlid,
Moldestad, Kroken). Det vart tildelt under
Førdefestivalen.
(21/9-01) |
NU-styret
får kritikk og støtte
Etter at dei økonomiske vanskane i NU vart kjent, med
permittering av alle tilsette på NU-kontoret frå 1.
oktober og ut året, kom tidlegare styreleiar i NU
Anders Gjerland med sterk kritikk av NU-styret i
Nationen (18/9-01), og han meinte styret burde gå av
eller stille sine plassar til disposisjon. Han er også
kritisk til at NU-leiaren no får lønn frå NU, salet
av "NU-butikken", og Gjerland meiner at
NU-styret burde gjort meir med økonomien tidlegare. I
dagane etterpå har styret i NU, og NU-leiaren spesielt,
fått sterk støtte frå mange, mellom andre leiarane i
Samfunnsrådet, Teaterrådet, Bunadrådet og
Folkedansrådet. Like eins frå leiaren i BUL i Oslo og
andre lagsfolk i NU. Dei peikar på at det er positivt
at NU-styret viser handlekraft og prøver gjere noko med
den svært vanskelege økonomiske situasjonen i NU.
(20/9-01) |
Folkemusikk
på Hurtigruta
I midten av august kunne pasasjerane på Hurtigruta
Vesterålen frå Bergen til Rørvik og på Nord-Norge
tilbake til Bergen oppleve folkemusikk og dans. Det var
Randi Torgersen, leiar for prosjektet Den norske
folkemusikkscena, som stod for tiltaket saman med Jørn
Siemenstad, Ivar Odnes, Kjell Bitustøyl og Nils Øyvind
Bergset. Dei hadde tre program kvar dag, og dei meiner
at tiltaket vart godt motteke av turistane om bord.
Truleg blir det liknade tiltak neste sumar.
(20/9-01) |
NU
i store økonomiske vanskar
Frå 1. oktober og ut året blir alle dei 4 tilsette i sentralleddet
(Kontoret) til Noregs Ungdomslag permittert. NU-leiar Johan Einar
Bjerkem seier til Sunnmørsposten at NU har fått
redusert tilskota sine med 10% per år dei siste
10 åra, og fått ein samla reduksjon på minst 2/3 av
statstilskotet. Årets kr 700 000 i stønad er oppbrukt.
Reglane for stønad krev at 60% av medlemene skal vere
under 26 år, og slik er det ikkje i NU. NU har no inne
søknad til Kulturdepartementet om driftsstønad. NU har
i dag ca 16000 medlemer, ca 600 ungdomslag og 350
ungdomshus. Som eit av sparetiltake skal NU flytte til
nye og billegare lokale hjå BUL i Oslo.
(19/9-01) |
Jenter
spelar på Myllargutkonsert
Den 14. oktober blir det "avslutningskonsert"
for Myllargutåret i Gamle Losjen i Oslo. På konserten
vil ein sjå på framtida for folkemusikken. Og typisk
for vår tid blir det berre jenter med i konserten. Kven
som blir med på konserten er enno ikkje bestemt, eir
Magnar sundt til Aftenposten 19/9-01.
(19/9-01) |
Slått
som ringetone på mobilen?
Det
kan du få her. Det kostar kr 10.
(16/9-01) |
Møte
i Rff 19-21 oktober
Rff har representantskapsmøte på Dragvoll i Trondheim.
Fredag kl 19 vert Arnestadutgreiinga presentert. På
laurdag snakkar Leif Rygg om formidling, og festkveld
med utdeling av Rff-prisen 2001. Søndag er det om
Etnisk musikklubb og presentasjon ved prisvinnaren.
Presentasjonane er opne for alle.
(16/9-01) |
Markeringsdag
for NU 22. september
NU arbeider med synleggjering - Aksjon Lokalkultur,
Kultur i sentrum. Den 22/9 er peika ut til
markeringsdag. Då skal ungdomslaga syne fram
aktiviteten sin. Den dagen skal NU også overlevere
underskriftslister til Barne og familiedepartementet for
å få dei til å endre forskriftene for støtte til
barne og ungdomsorganisasjonar.
(16/9-01) |
"Kven
veit?" utsett til 2002
Kven veit er som kjent den landsomfattande
spørjetevlinga til NU. Av økonomiske grunnar blir
første runden i februar 2002, men påmeldingsfristen er
15/11-01. Tema for tevlinga vert norsk film og
eventyråret.
(16/9-01) |
Frode
Haltli held mange konsertar
Han er både klassisk akkordionist og folkemusikar på
trekkspel. Han
held mange konsertar. Søndag 16. september har han
lanseringskonsert i Kulturkirka Jacob i Oslo. I vår
vart han kåra til Årets Unge Solist 2001 under
Festspela i Bergen.
(14/9-01) |
Linda
Røyrseth fekk pris
Den 19 år gamle kvedaren frå Meland i Nord-Hordland
fekk 8. september Medaasprisen 2001 under ei
tilstelling i Bergen. Linda rykte i år opp i A-klassen
i kveding, og har Kjersti Wiik som viktigaste
læremeisteren sin. Linda driv også med innsamling,
gjev konsertar og underviser.
(14/9-01) |
Bunadseminar
i Valdres
Helga 12. –
14. oktober 2001 arrangerer Noregs Ungdomslag i
samarbeid med Valdres Ungdomslag bunadsseminar på
Fagernes i Valdres. Her
er meir informasjon.
(14/9-01).
|
Instruktørsamling
i Trondheim
Stil og kvalitet i turdansen er tema for samlinga av
instruktørar i Trondheim 9 - 11 november. Egil Bakka og
Folke Flatland er instruktørar. Frist for påmelding er
19. oktober. Pris, leikfest medrekna, er kr 1000. Her
er meir info om samlinga.
(14/9-01) |
Gild
Distriktskappleik på Røros
Helga 7-9 september var det distriktskappleik på
Røros. Det er ein stor kappleik, med nesten 200
påmelde grupper, solistar og lag i 30 ulike klassar.
sør-Fron vann lagspel både i klasse A og B både
serior og junior. Dessutan vann leiaren deira Erik
Bjørke A-klassa i fele. Nina Ovren Furuli, Sør-Fron,
vann B-klassa i spel føre Hans Sandum, Heidal, og Hans
Brimi, Lom. I C-klassen delte Aslak Opsahl Brimi, Lom,
førsteplassen i spel med Andreas Bjørkås frå
Oppdal. Aud Johanne Jermunds og Stein Vidar Sundt
frå Brekken vann A-klassa i dans med pols frå Feragen.
Marte og Øyvind Sandum vann dans klasse B med
Vågåspringleik. Lausdansarane kom stort sett frå
Østerdalen, medan alle som spela langeleik kom frå
Gjøvik. Her
er full resultatliste.
(10/9-01) |
Etnomusikologi
i Rauland
I dagane 7-10 september er det 17. europeiske seminaret
om etnomusikologi. Frode Nyvold ved Institutt for
folkekultur leiar seminaret som samlar ca 50 deltakarar
frå fjern og nær.
(10/9-01) |
Sommarkurset
til NU 2001
i august var i år på Trondarnes folkehøgskole. Til
saman var det ca 80 deltakarar frå heile landet på
kursa i folkemusikk, folkedans, bunader og teater.
(9/9-01)
|
NU-leiar
Bjerkem i valkampen:
Johan Einar Bjerkem slapp i august til i Nationen
som gjesteskribent, og kommenterte mellom anna det
statsminister-kandidatane ikkje diskuterte av kultur.
(9/9-01) |
Profesjonell
folkedans i Sogn og Fjordane?
Prosjektet "Bygda dansar" har for 2001 fått
kr 159 000 av Norsk Kulturråd til oppstartsmidlar og
for 2002 får dei kr 500 000 til vidareutvikling av
prosjektet. Det er Rff, Sogn og Fj. Folkemusikklag, Sogn
og Fj. Ungdomslag og Sogn og Fj. Teater som står bak
prosjektet. Målet med prosjektet er tredelt: Sikre at
landet har gode individuelle dansepar /hallingdansarar i
ulike tradisjonar. Sikre at landet har gode
folkedansensemble. Og å utvikle nye idear og teknikkar
for presentasjon av dans. Egil Bakka er
prosjektansvarleg.
(09/9-01) |
Ny
CD med Synnøve S. Bjørset
Synnøve, som er 22 år, frå Jølster og studerer
folkemusikk på Musikkhøgskolen, kjem med sin første
CD 24. september. Det er NORCD som gjev ut CD'en som har
fått tittelen "Ram". Musikken er frå Sogn og
Fjordane mest og Vestlandet elles. Synnøve har hatt
Sigmund Eikås og Håkon Høgemo som sine fremste
læremeistrar. Plata er den tredje i ein
"serie" med unge utøvarar, dei to første var
Lars Underdal og Åse Teigland. Synnøve
er månadens artist for september i Norsk
Folkemusikkatalog.
(9/9-01) |
"Låvende
saker" svært vellukka
I august arrangerte Øystein O. Rudi konsertar og kurs
heime på garden sin. Han fortel til Nationen (31/8) at
kvar dag var det mellom 350 og 400 besøkande, og at
stemninga var fantastisk. Publikum kom både frå nær
og fjern. Fredag var det ca 40 artistar i sving og
laurdag nærare 75. Rudi reknar med at det blir liknande
tiltak neste sumar.
(3/9-01) |
Spennande
konsert i Trondheim
I dagane 4-9 september er det Kammermusikkfestival
i Trondheim, og folkemusikk har også fått plass,
fredag 7. sept kl 18.00 i Erkebispegarden, Herresalen.
Mellom andre deltar Nils Økland.
(29/8-01) |
Til
Stockholm?
Då kan du stikke innom Folkmusikhuset.
Der er det mykje som skjer utover hausten. et startar 2.
september. søndagane framover er det ulike kurs.
(30/8-01) |
Osa-festivalen
12-14 oktober
Programmet for denne 9. festivalen i rekkja ligg no
føre. Det kjem musikarar frå Finland, Austerrike
og Irland i tillegg til Noreg. Dette er ein
festival som knyter saman klassisk musikk og
folkemusikk. Sjå
her.
(28/8-01) |
Ny
plate med Haldor Røyne
Plateselskapet Ta:lik i Valdres kom i sumar med sin
andre CD. Opptaka er til dels private og delvis litt
teknisk dårlege fortel
dei til Nationen. Opplaget er på 2000. Fleire
prosjekt er under planlegging, berre dei får støtte.
Dei som står bak selskapet er brørne Niels og Anders
Røine, Frode Rolandsgard og Tore Bolstad.
(25/8-01) |
FolkemusikkPøbb
i Oslo
Hausten 2001 blir PØBB'ane i Oslo på Asylet
(Grønland 28). Den første i år blir 23. august kl
20.00, der det blir "bakgårds-buskspill-jam"
med ulike artistar og presentasjon av høstens program på
FolkemusikkPØBBEN og konsertserien OsloFOLK. Meir
her.
(18/8-01) |
E2002
søkjer etter talent
E2002 er ei gruppe i NU som arbeider med aktiviteten i
2002. Dei har fått pengar av KUF til prosjektet
"Frå øvingsrom til scenegolv", og vil ha tak
i unge som er flinke å spele til dans, synge, spele
teater eller danse. Den første store presentasjonen av
resultata av prosjektet blir på
Folkekulturfestivalen på Beitostølen neste sumar. Det
skal vere om lag 30 ungdomar i gruppa som skal få god
opplæring og dekte utgifter og litt betaling.
"Påmelding": E2002
NU, Pb 414 Sentrum, 0103 Oslo post@folkekulturfestivalen.no
(10/8-01) |
Aksjon
lokalkultur - Kultur i sentrum
i slutten av valkampen. Landsrådet for Barne og
Ungdomsorganisasjonar med over 1 million medlemer stør
tiltaket. NU oppfordrar alle lag og foreiningar å
flytte øvingane sine til rådhuset i byen/bygda. Sjå
meir her.
(9/8-01) |
Bryllupsmusikk?
Heilo gir i sumar ut ein samle-CD med
"bryllupsmusikk". Plata heiter "Tre dagar
til ende" og inneheld kjende brureslåttar,
brudevalsar og marsjar. Det er kjente utøvarar som
spelar. Kanskje dette kan bli ein del av musikken den
25. august?
(9/8-01) |
Ragnhild
Furholt er månadens artist i
Norsk Folkemusikkatalog for
august. Ho er kjent kvedar, fekk kongepokalen på
landskappleiken i år, har vunne kappleiken 3 år
tidlegare og kjem i sumar med ny plate: "... på
alle strengjer".
(9/8-01) |
NU
bør ta sjølkritikk
seier Vidar Lund, leiaren i BUL i Oslo, til Nationen
8/8-01. Han meiner NU må revurdere sine
prioriteringar og etterlyser større
samfunnsengasjement. Det er ikkje nok med folkedans,
bunad og teater, meiner han. Han nemner at talet på
utsendingar på årsmøtet viser at sakene i NU ikkje
engasjerer nok. I 1996 var det 300 utsendingar frå
lokallag og fylkeslag, medan det i 2001 berre var 111.
(8/8-01)
Men NU-leiar Johan Einar
Bjerkem avviser kritikken frå Vidar Lund. Bjerkem
hevdar i Nationen
9/8-01 at NU er samfunnsengasjert, men at dei ikkje
er flinke nok til å synleggjere dei ulike sidene ved NU
sitt arbeid, og formidle NU sitt samfunnsengasjement.
(9/8-01) |
Sylvi
Kaupang sluttar som general- sekretær i NU 1. november
2001
I eit intervju i Nationen
7/8-01 fortel Sylvi Kaupang Paulsen at ho er trøytt
og sliten av å kjempe med dårleg økonomi i NU. Etter
fleire år med spinking og sparing gjekk NU i år 2000
med 350000 kr i driftsunderskot. Stillinga som
generalssekretær blir lagt ned og erstatta med dagleg
leiar. NU vart sist slanka frå 7 til 5 sentralt
tilsette, og skal no redusere til berre 4. Ho meiner at
største feilprioriteringa i NU har vore arbeidet mot
Barne- og familiedepartementet, som etter
regelendringane i 1997 ikkje lenger rekna NU som barne
og ungdoms- organisasjon. Av totalt 18000 medlemer
er ca 6000 i dag under 26 år, og prosentvis er det for
få. Ein burde i staden jobba meir mot
Kulturdepartementet for å få støtte til folkedans- og
bunadarbeidet. Det vart gjort frå mars i 2001. Dersom
ting ikkje endrar seg radikalt, trur eg NU vil avgå ved
døden, seier Sylvi K. Paulsen pessimistisk.
(8/8-01) |
Bolstads
minnepris til Gunnar Kværne Amundsen frå Aurdal
På Hilme-stemnet fekk han utdelt minneprisen på 5000
kr for 2001.
(8/8-01) |
Telemarkfestivalen
vellukka
Også i år blir det meldt om ein vellukka festival:
Vel 4400 besøkande (noko meir enn i fjor), knapt
3000 selde billettar, 150 artistar på 25 tilskipingar,
160 kursdeltakarar og 150 dugnadsfolk er festivalen i
tørre tal. Eckbo Legaters folkemusikkpris på kr 15000
vart delt ut for første gong og gjekk til Ottar Kaasa
(17) frå Vinje. Festivalen ser ut til å gå i balanse.
(8/8-01) |
Vellukka
Hilme-stemne 2001
Veret var fint, og det var mykje folk på Jørn
Hilmestemnet på Fagernes siste helga i juli. I alt var
det ca 5000 besøkande og 130 personar var med på
tevlingane. I tillegg til kappleik var det mange
konsertar, teater og anna. For første gong fekk
stemnet støtte frå Norsk kulturråd.
(8/8-01) |
Leikarringen
Symra på festival i Tyskland
Kvart år reiser nokre norske leikarringer og
spelemannslag på turar til utlandet, ofte kan det vere
på festivalar. Leikarringen Symra frå Oslo var ein av
dei som reiste sumaren 2001 - denne gongen til Neustadt
i Holstein i Tyskland. Saman med grupper frå 12 andre
land var dei ei veke i lag, og hadde det strålande. Her
er ein del glimt frå turen.
(8/8-01) |
Pengar
frå Norsk Musikkråd til LfS
LfS har fått tildelt kr 222 900 av tilskotsordninga
Frifond, melder Spelemannsbladet 5/2001. Lokallag kan
søke om stønad til barne og ungdomsarbeid, og laget må ha
minimum 1/3 av medlemene under 26 år. Søknadsfrist er
1. september.
(21/7-01) |
Opplærings-CD
i song frå Valdres
Øystre Slidre spel og dansarlag har gjeve ut ein CD
og eit teksthefte basert på eit kurs dei hadde i volkal
folkemusikk i 2000. Det er songstoff frå heile Valdres.
Songen har fått tonefylje på hardingfele, fele og
langeleik. Dei som syng er: Kristin Guldbrandsen, Eli
Marit Fuglesteg og Knut Arne Jacobsen. CD'en skal delast
ut gratis til alle borna i småskolen i Øystre Slidre.
(21/7-01) |
Knut
Buen med nytt plateselskap
"Nyrenning" heiter det nye plateselskapet,
og den første CD'en heiter "Felesong".
Selskapet er ein del av "Buen Kulturverkstad"
og skal gje ut nyskaping. Felesong er dominert av
folkesongar tolka på hardingfele av Knut Buen sjølv,
dels med assistanse av Kåre Nordstoga på
tangentinstrument.
(21/7-01) |
Fint
NU-stemne i strålande ver
NU-stemnet 2001 var i Asker 4-8 juli, med BLS som
tilskiparlag. Stemneområdet låg fint til i Asker og
dei fleste aktivitetane var på Bleiker og Bondi skolar,
og i Bondihallen og Askerhallen. Men også i Kulturhuset
i Asker sentrum. Talet på deltakar låg vel på ca 700
i alt, så NU-stemna er ikkje så svært omfattande
lenger. Men programtilbodet var både omfattande og godt
og det var eit godt organisert stemne. Vi
må nemne konserten med "Åtte potte",
"Haugtussa folkedansteater", Kyrkjekonserten,
gilde leikfestar, framsyningskappleik,
teaterframsyningar, bunadtog, hovudstemne, nattdans,
barneleikfest, sommarball og mykje anna. Dessutan var
det mange ulike kurs både for unge og eldre. Her
kan du sjå ei omfattande biletreportasje frå stemnet.
Les her kva
Nasjonen og Asker
og Bærum Budstikke skriv om stemnet.
(9/7-01) |
På
TV: Fin reklame for folkemusikken
Annbjørg Lien, Sigmund Eikås og Ludvik Eikås laga
framifrå reklame for norsk folkemusikk på
TV i beste sendetid i programmet
"SommerDag" med Dag Lindebjerg ein dag midt i
juli. Annbjørg Lien var gjest på både, og dei farta
omkring i Jølster, også innom besteforeldra til
Annbjørg.
(19/7-01) |
I
VG: Fjøgl får god reklame
Tre nakne jenter - Sigrid Moldestad , Unni Løvlid
og Liv Merete Kroken - på fin plass i VG i juli, føre
Førdefestivalen! Dei omtaler folkemusikkabareen
"To feler og ein diva". Og skriv at
folkemusikk er i skuddet som aldri før. Sjå
her.
(19/7-01) |
Full
klaff for Gamaldansfestivalen 2001 i Melhus.
Det blir meldt om 5000 publikum og 900 deltakarar i
tevlingane, like mykje som då det var på topp for
nokre år sidan. Den største festivalen sidan 1991, fortel
Arild Hoksnes til Nationen.
(19/7-01) |
Landskappleiken
2001: Folk med formell utdanning i folkemusikk
dominerer tevlingane, skriv Gudbrandsdølen/Dagningen.
Dette er ei omstridd utvikling, leg dei til.
(19/7-01) |
Unike
folkemusikkopptak i gåve
"Familien" fortel at Oskar Finsrud (84) har gjeve 84 timar
på video med lokal folkemusikk til Buskerud Folkemusikksenter.
Opptaka er frå 1980 og frå 93 kappleikar. Opptaka skal
ha stor verdi som dokumentasjon.
(15/7-01) |
På
festival i Ungarn
På Kalaka-festivalen i Ungaren, den 22. i rekkja med ca
50 grupper frå 22 land, var det også deltakarar frå
Noreg og NRK: Annbjørg Lien og Ferdafolk (Ingunn Linge
Valdal og Knut Ivar Bøe). Opptak derifrå blir også
sendt i NRK. EBU hadde samatundes sitt årlege møte i
Miscole.
(19/7-01) |
Flott
Landskappleik 2001 på Rauland!
Det vart ein sers vellukka landskappleik med mykje
folk og mange deltakarar På finalekonserten var det
visstnok 1500 inne i Ridehallen, og talet på
tilreisande ca 3000. Song, musikk og dans på svært
høgt nivå, eit godt og presist avvikla stemne, gode
forhold for publikum, til dømes god lyd, og stor
stemning ute og inne, og nokre gilde konsertar.
Kongepokalen (i kveding) gjekk til Ragnhild Furholt,
best i hardingfele (kl A) vart Tore Bolstad frå Valdres
og på vanleg fele, Torill Aasegg frå Heidal og beste
hallingdansar (kl A) vart Sigbjørn Rua, Jondalen.
Premien for beste Myllarslått - ei byste av Myllarguten
- gjekk til Øystein Romtveit frå Vinje. Det
var utpeika 3 nye æresmedlemer i LfS: Jan Petter
Blom, Olav P. Hjelvik og Lisa Halvorsen.
Alle
resultata frå kappleiken finn du her, og her
er Nasjonens kommentar.
Her finn du mange bilete
frå Landskappleiken.
(1/7-01) |
NU-stemnet
nærmar seg
NU-stemnet i Asker 5-8 juli nærmar seg raskt. NU
har sendt ut ei pressemelding der dei minner om nokre
viktige ting.
(24/6-01) |
Gruppa
"Marylands"
med plate
Marylands er namnet på ei gruppe spelemenn i Bergen
rundt Finn Vabø. Under landskappleiken 2001slepper dei
ei ny plate med runddansmusikk frå Bergensområdet. Ein
uvanleg CD. Svært mange gode spelemenn er med. Her
kan du lese ei pressemelding.
(23/6 2001) |
Folkedansteater
- kva er det?
Er ei heilt ny kunstnarleg uttrykksform i ferd med
å vekse fram? Teater bygd på folkelege danseelement. I
samband med NU-stemnet i Asker 5-8 juni blir
stor-satsinga "Haugtussa" vist for første
gong. Les
kva NU seier om dette i ei pressemelding.
Prosjektet har no også fått si eiga side!
(19/6-01) |
Rff
treng meir pengar
I første søknadsrunde for 2001 kom det inn 73
søknader om nesten 1,3 mill kroner, og Rff forvaltar
berre 0,5 mill., fortel Brit Håland til Aftenposten
(17/6.01). Dette er pengar som går til innsamling,
publisering, CD etc. Trond Helleland (h) i
Kulturkomiteen i Stortinget svarar at folkemusikk-
miljøet må samle seg, så kan det bli meir pengar til
miljøet.
(19/6-01) |
Stilig
stilball på Tyrifjord hotell
Laurdag 16. juni 2001 hadde Kvadriljetten i Drammen sitt
2. sommarball. Her
kan du sjå glimt frå ballet.
(17/6-01) |
Norsk
Bunadfabrikk i Afrika
I Norsk Husflid 3/2001 finn vi ei reportasje frå ein
norsk bunadfabrikk i Ghana. Det er Ate Lyssand, norsk
bunadhandverkar, og Rolf Hagebø, pallegrossist, som
står bak fabrikken som har 30-40 arbeidarar. Etter det
vi forstår er det mest brodering som foregår, mellom
anna av Fanabunad.
(17/6-01) |
Omlegging
av distriktsmusikar- ordninga i Valdres?
Fylkeskommunen i Oppland har foreslått ei omlegging av
ordninga, frå 4-årige tilskot til 2-årige
prosjekt-tilskot. Dette vekkjer motstand i Valdres, der
dei trur at Valdres Folkemusikkgruppe kan bli sterkt
skadelidande. Og at omlegginga kanskje kan ha samanheng
med at Gudbrandsdalen vil ha ei liknade ordning med det
Valdres har hatt. Om
dette skriv Valdres på leiarplass.
(17/6-01) |
Kronprins
Haakon i Fanabunad!
Dei 3-4000 som var på Valdres
Folkemuseum søndag 10. juni 2001 fekk oppleve
kronprinsen i bunad for første gong offentleg. Museet
fyller 100 år , og kronprinsen heldt ein fin tale for
jubilanten. Haakon hadde Fanabunad og Mette-Marit sin
Rogalandsbunad. Museet er som kjent eit senter for
bunadarbeid i Noreg. Også den tyske TV-kanalen ARD var
til stades og gjorde opptak til ein dokumentar om
kronprinsparet. Det blir sendt til 3-4 mill. tyskarar i
august. Les
meir her.
Avisa Valdres har funne ut at denne bunaden har
Haakon fått som gåve og berre brukt
ein gong før i bryllupet til Aleksander Ferner.
(10/6-01) |
BLS-stemnet
2001på Folkemuseet
Søndag 10. juni vart det tradisjonsrike sumarstemnet
til Bygdelagssamskipnaden i Oslo avvikla. Det var fint
ver, men ikkje så mykje folk som ein kunne ha venta.
Dagen er først og fremst prega av folkedans og
folkemusikk i ulike former. Dei to barnelaga til BLS og
BUL var i aksjon, og sameleis mange leikarringar og
nokre spelemenn. Her
kan du sjå ein del bilete frå stemnet.
(11/6-01) |
Gode
karakterar i bunadstudium!
Det var 22 studentar som fullførte eksamen i
10-vektal-studiet Drakt og samfunn. Dei som står bak er
Folkekulturforbundet, Bunad og Folkedraktrådet,
Universitetet i Bergen og Vestnorsk Kulturakademi. Frå
hausten vert det nytt kurs, søknadsfrist 10. juni 2001.
Meir info
her.
(1/7-01) |
Per
Anders Buen Garnås vart Fanitull også i 2001
Under Fanitull-tevlinga under Ål-dagane vart Per Anders
best for 3. gong. Det var rekordmange - 16 stk -
som deltok i oppspelet. I tillegg til Per Anders kom
desse til finalen: Øyvind Brabandt (som vart nr 2), Trygve
K. Vaagen (som vart nr 3), Jan Beitohaugen
Granli, Tron Westberg og Øystein Romtveit. Som kjent
har Olav Thon sett opp pengepremiar til Fanitull-tevlinga. Meir
info frå Ål-veka her.
Øystein O. Rudi hadde meldt seg på tevlinga, men
trekte seg fordi domarpanelet på 6 berre hadde
hardingfelebakgrunn.
(27/5-01) |
Nytt
folkedansstudium ved Rff
Det er oppretta eit nytt folkedansstudium ved Rff i
Trondheim. Det gjev 5 vekttal - 2 samlingar i Trondheim
i kombinasjon med internett. Studiet startar hausten
2001. Søknadsfristen er 6. juni 2001. Målgruppa er
lærarar i grunnskule og vidaregåande skule. Avgift kr
2000. Les meir her.
(29/5-01) |
Pengepremiar
på Landskappleiken 2001
I finalane (H-fele, fele kl A) får nr 1 kr 6000, nr 2
kr 4000 og nr 3 kr 2000. Elles er det premiar i tinn,
tre, rosemåling, fenalår og diverse anna.
(23/5-01) |
Løyvingar
frå Lff utdelt i april 2001
Dette gjeld tiltaksmidlane. Det kom inn 73 søknader
og søknadssummen var 1,3 mill, og det vart utdelt kr
325 000. Her
er lista over dei som fekk pengar.
(21/5-01) |
Steinar
Ofsdal med ny lærebok:
"Norsk folkemusikk og folkedans" heiter boka
som kjem på Aschehoug. Boka kostar kr 200. CD'en som
høyrer med har 53 lydkutt frå norsk folkemusikk,
kostar kr 197. I sal frå juni.
(21/5-01) |
Gullharpepris
og Åsengfløyta
er prisar som blir delte ut på Landskappleiken til
utøvarar i klasse C. I 2001 går Gullharpa til beste i
hardingfele og fløyta til beste i eldre
folkem.-instrument. Meir
her - også tidlegare vinnarar.
(21/5-01) |
Arne
Sigurd Haugen kommenterer Folkemusikken
Det er ikkje mange riksdekkjande aviser som bryr seg å
skrive om norsk folkemusikk og folkedans. Nationen er
eit unntak. Haugen
slepp i juli til med sine refleksjonar om norsk
folkemusikk.
(25/8-01) |
Ny bok av Leif Løchen:
Fra skorofele til salmodikon heiter boka som dokumenterer
musikkinstrument i Nord-Gudbrandsdalen. (mars 2001)
(mars 2001)
|
På Vågåtreffen 2001 var det også
seminar om bygdedans, med 6 innleiarar, men berre 20 deltakarar.
Her la LfS si bygdedansnemnd (Tor Stallvik, Karin Brennesvik og
Jan Petter Blom) fram eit utkast til emneplan for opplæring i
bygdedans.
(april 2001)
|
Bjørkum med ny CD
Vi les (april 2001) at Per Sæmund Bjørkum kjem med
CD'en "Berg og vatn" - med musikk frå
Nord-Gudbrandsdal, etter Pål Skogum, Torger Olstad og
Hans W. Brimi. Han har med seg Øystein Rudi, Tone
Hulbækmo, Kåre Nordstoga og Bjørn Kjellemyr som
musikarar.
(april 2001) |
Turdansar frå
Austlandet
Noregs Ungdomslag gjev no (april 2001) ut den fjerde og
siste CD'en med turdansar til bruk i leikarringane - ein
dobbel-CD. Det er Turdansar frå Austlandet. Musikarane
som er med på plata er Patrik Andersson, Hilde Sørnes,
Vegar Vårdal og Dag Vårdal og fleire. CD'ane vil koste kr 300,
men tingar du før 10. april, er prisen 250. Tinging: audun@norung.no
el tlf 22477000
(april 2001) |
Folkemusikkhalvtimen
fyller 70 år.
Jubileet skal mellom anna markerast med
jubileumskonsert. Første gong vart programmet sendt 8.
mars 1931 av Kringkastingsselskapet - forløparen til
NRK. Første program- sekretæren var Eivind Groven
(1931-1948), så Rolf Myklebust (1952-1978), Sven Nyhus
(1978-1988) og Leiv Solberg (1988-). I alt har det blitt
sendt ca 3500 program. I arkivet til NRK finst det ca
50000 kutt med norsk folkemusikk. Andre faste
postar med folkemusikk er "Halvbror til reven"
- der folkemusikken møter anna musikk, og
"Jungeltelegrafen" som handlar om
"verdsmusikk".
(mars
2001) |
Meir pengar til Norsk
folkemusikk og danselag
Nationen (2/2-01) fortel at etter at Stortinget i
januar ynskte meir pengar til folkemusikken, har Norsk
Kulturråd plussa på ein halv million til NFD. Pengane
skal særleg gå til å markedføre norske artistar i
utlandet. NFD dispnerer no kr 1.474.000 mot
tidligere 964.000.
(feb 2001) |
Bok 2001: Olav
Sataslåtten 1891-1971
Spenst, lyft og skuv heiter den nye boka om
storspelemannen frå Hallingdal. Ho er på 288
sider og kostar kr 300 + porto. Kan tingast hjå Terje
Østro 3550 Gol, tlf 32077684
(feb 2001) |
Turnestøtta - ei
"ny" støtteordning for "Formidling av
folkemusikk og folkedans" - skal Rff no
administrere. Årleg sum på kr 500 000. Søknadsfrist
er 1. mars 2001. Meir
her.
(mars
2001) |
Hallvard T. Bjørgum drog
i midten av februar 2001 til Vancouver i Canada som
invitert gjest til eit svært stort bransjetreff :
"13th Annual International Folk Alliance
Conference" . Meir
her.
(mars 2001) |
Folkemusikktimen 28.
jan. 2001 handla om Folkemusikk på Internett. Vi
fekk mellom anna høyre slåttar frå Christian
Borlaug si heimeside, frå USA
og frå Sverike. Her
finn du mange linkar til musikk på internett.
(jan 2001) |
Chateau
Neuf Spelemannslag med ny plate
Plata med namnet "Curing Norwegian
Stiffness", vert sleppt den 4. mars 2001på Soria Moria
festivalen i Oslo. Dette blir den femte CD'en til CNS.
Frå før har dei to norske "Spell" og
"Tjuvgods", dessutan Gamle Guro" på det
tyske plateselskapet Feuer & Eis, og
"Stolen Goods" på det amerikanske selskapet
North Side. Les
meir her.
(mars
2001) |
I
levande live
er namnet på ein konsertserie til Norsk
Kulturhus Nettverk. Ein liknande serie hadde dei
også i fjor. Det står kjede namn på plakaten:
Annbjørg Lien, Vamp med gjester og Sidsel Endresen. Meir
her.
Sjå også "Alt som skjer"
Her finn
du konsertruta til Annbjørg Lien, og her
til Vamp.
(feb
2001) |
Også
Jørn Hilme stemnet får festivalstøtte i 2001
for første gong. Dei andre vanlege festivalane får:
Førdefestivalen kr 1,5 mil
Osa-festivalen: 100000 kr
Telemarkfestiv: 650000 kr
Ål-festivalen: 450000 kr
(feb 2001) |
Vestafolk
til Falun 9. februar 2001
Gruppa Vestafolk frå Sogn og Fjordane, deltek på
Falun folkemusikkfestival - festivalen Norrsken 2001.
Det er 12 av dei 14 som er med i gruppa, som deltar i
Falun, med eit delvis nylaga program - og programmet er
noko annleis og stuttare enn det dei viste på
Førdefestivalen sumaren 2000. Fredag 8. februar hadde
dei generalprøve i Oslo. Her
er nokre glimt frå generalprøva.
Det vert fortalt at framsyninga i Falun gjekk svært
bra!
(feb 2001) |
Ny
stildansgruppe i Trondheim
I januar 2001 startar Leiklaget i BUL og Malvik
Folkedanslag ei stildansgruppe. Det foregår på
Gildevangen, Lagssalen søndagar:
28. januar kl 19-21.30
11. februar kl 18-19
25. februar kl 19-21.30
11. mars kl 18-19
25. mars 19-21.30
22. april 18-19
13. mai 18-19
(Kjelde: Olav Mogstad)
(jan 2001) |
Magne
Kvamme - den kjende norske felemakaren - har fått ei
framifrå heimeside, med mykje god informasjon.
(feb 2001) |
Løn
til leiaren i NU?
Tradisjonelt har alle tillitsverv i organisasjon-
ane vore uløna. No vert det drøfta i NU om leiaren
skal ha lønn - bli frikjøpt til å bruke meir tid på
å profilere organisasjonen. Det går ut høyring om
dette til laga i NU før jul 2000.
(nov 2000) |
Sølja
sitt 20dagsball 2001
på Stange ved Hamar var det 13. i rekkja, og med ny
rekord: 150 deltakarar. Stildansball er sanneleg omtykt
for tida. Her
er nokre glimt frå festen.
(jan 2001) |
Magne
Bøe si plate i Dagbladet!
Kryss i taket. Ei folkemusikk-plate vart kort omtala i
Dagbladet rett før jul 2000. Det er bilete av Annbjørg
Lien og Henning Sommerro, som deltar, og det framgår at
dette er den første norske CD med både audio- og
datafil. Både Dovre og Lesja kommuner har støtta CD'en
økonomisk. Magne Bøe er som kjent frå Dombås.
(jan 2001) |
Telemarkfestivalen
2001 har lagt fram programmet sitt. Dei lovar
ein "moderne folkemusikkfestival" med vekt
både på tradisjonsmusikk og nytt innan folkemusikken.
Det blir mellom anna "folkemusikk inspirert rock i
Myllartradisjon", det blir vekt på Balkan-musikk,
frå Irland. Opningskonserten blir Kvedar 2001 med 4
kvedarar frå Telemark.
(april 2001) |
Den
norske Folkemusikkveka på Ål er 22-27 mai.
Det blir eit omfattande
program med mange spennande innslag: Hauk Buen, Kirsten
Bråten Berg, Øyvind Brabandt, Kvarts, Majorstuen
spelemannslag ..., ja svært mange av
dei aller beste.
(april 2001) |
3
plateslepp på Ål-festivalen 2001
Ikkje mindre enn 3 plateslepp blir det på
ÅL-festivalen i slutten av mai.
Toraderspelemennene Stave, Tveito, Johannesen og
Håheim frå Hallingdal gjev ut "Brennheiten".
"Blåmann Blåmann" frå Telemark gjev ut
CD'en "Blåmann Blåmann" og gruppa Kvarts
kjem med CD'en "Filigran".
(mars 2001) |
Førde
Internasjonale Folkemusikkfestival er 5-8 juli.
Programmet har "Musikk langs silkevegen .."
som overskrift, og framståande musikarar frå Kina til
Syria. Elles mang spanande grupper og artistar -
utanlandske og norske.
(april 2001) |
Ny
katalog frå Etnisk Musikklubb
kom i byrjinga av april 2001. I nordisk profil er
månades album to spennande CD'ar: Finsk-svenske
Gjallarhorn med plata Sjofn samisk/norsk svenske Jienat
med CD'en Daja.
(april 2001) |
Håkon
Høgemo i intervju i "Dag og Tid" 15. mars 2001:
Vil ikkje delta på landskappleiken meir - har delteke
nok. Det seier Håkon i eit intervju etter
spelemannsprisen 2001.
(mars 2001) |
Jubileumskonsert
i Store Studio
Folkemusikktimen 70 år, og det blir ein gild
konsert i Store studio. Konserten vert sendt i P2 den
18. og 25. mars. Mange gode krefter er med.
Bestillingsverk også - frå Nils Økland - musikk ved
Steinar Ofsdal, Øyvind Barabant, brørne Aastad
Bråten, Einar Olav Larsen, gode kvedarar og mykje meir.
Les
meir her.
(mars
2001) |
Steinar
Ofsdal mars månads artist i Norsk Folkemusikkatalog.
Han er aktuell med læreboka "Norsk folkemusikk
og folkedans" til hausten, med CD frå heile
landet, skal på rikskonsertturne og detar på
folkemusikktimen sin jubileumskonsert. Les
meir om det her.
(mars
2001) |
Spelemannsprisen
2001: Håkon Høgemo vann!
For soloplata "Solo" på
NOR-CD.
Domarar i klassen: Vidar Lande, Gunnar Stubseid, Vegar
Vårdal, Hilde Bjørkum, Tone Winje.
(april 2001) |
OsloFOLK
- ein ny konsert- serie i Oslo. Folkemusikk- SCENA
står bak i samarbeid med kulturslottet Soria Moria på
Torshov. Første konsert med Chateau Neuf Spelemannslag
søndag 4. mars kl 21.
(feb 2001) |
Åtte
millionar til jazz, rock og folkemusikk frå årets
"Musikkverkstedsordninga" blir det meldt 1.
mars 2001. Det er Norsk Musikkråd som står for
fordelinga. 328 av 885 søknader vart innvilga, stort
sett mellom 10 og 20000 kr per tiltak. Neste
søknadsfrist er 15. november 2001. Her
er full liste over tildelingane. Det vert også
utlyst 1 mill kr til verdsmusikk, med søknadsfrist 1.
april.
(mars 2001) |
Etnisk
musikklubb fyller 5 år 8. mars, og kjem i løpet av
våren 2001 på internett. Medlemstalet har no passert
2000, og har no gjeve ut 6 CD'ar til saman. Arne
Fredriksen er dagleg leiar.
(mars
2001) |
Spelemannsbladet
1/2001 melder nytt frå LFS-styret:
- Spelemannbladet er godt, men går med for stort
underskot
- Flytting av årsmøtet til huaten blir vurdert
- Tevlingsprogrammet på Landskappleiken som før
- På Landsfestivalen vert det ikkje endring for solo
andre instrument.
(feb 2001) |
Leiar
Bjerkem: NU er ein viktig folkemuiskk- og
folkedansorganisasjon!
I nr 1/2001 av Spelemannsbladet prøver Bjerkem å
tilbakevise påstandane frå Arnestad om at NU står på
sidekanten. Han påviser at når det gjeld kurs i
folkedans er NU langt større enn LfS.
(feb 2001) |
Folkemusikk
i bryllupet?
Skal det vere folkemusikk i bryllupet til Håkon og
Mette Marit? Thor H. Bøhle har foreslått det og bede
LfS arbeide for at både dans og spel skal kome fram
under bryllupet. Styret i LfS har handsama saka og vil
spørje slottet om korleis dei stiller seg til
sprørsmålet.
(april 2001) |
Lisa
Halvorsen har slutta i NRK
Ho er blitt pensjonist våren 2001, 66 år gamal. Som
19-åring byrja ho i 1954 som midlertidg kontorassistent i
grammofonarkivet i NRK. I 1957 vart ho sekretær
for Rolf Myklebust, og i 1960 byrja ho å lage eigne
folkemusikkprogram. Ho han arbeidd i fleire
programseriar: "Folkemusikktimen", "All
verdens folkemusikk", "Jungeltelegrafen" og
"Det flyvende teppe". På Landskappleiken i
Rauland vart ho utnemt til æresmedlem i Landslaget for
spelemenn.
(april 2001)
(juli 2001) |
Finn
Vabø: 476 slåttar på CD
Spelemannen Finn Vabø (70) har spela inn
"heile" repertoaret sitt på CD-ROM, les vi i
Spelemannsbladet (2/2001). Innspelinga har vart i 5 år.
Ein stor del av dette er lite brukte runddansslåttar.
Opptaka utgjer 20 timar med musikk og historier. Reidun
Aske og Solveig Krokeide har leia arbeidet.
(april 2001) |
Verdsrekord
i Gamaldans i Sverike?
Laurdag 1. september 2001 blir det rekordforsøk i
talet på gamaldans-dansarar. Det skjer på Gammaldansens
dag og det er Svenska
Ungdomsringen som står bak tiltaket.
(april 2001) |
Calmars
notesamling
tok Kongsberg spel- og dansarlag fatt i og heldt
konsert i januar 2001. Notesamlinga er frå 1751 og er
ei av ca 20 slike frå 1700-talet i Noreg. Anne Svånaug
Haugan stod i brodden for tiltaket. Dei freista mellom
anna å vise likskapen mellom dansar i distriktet
(Numedalsspringar/Telespringar) og gamle menuettar.
Notesamlinga kan kjøpast av laget i Kongsberg. Meir
her.
(mars 2001) |
Norrsken
til Røros i 2002
1.-3. februar blir denne tilskipinga på Røros. har
normalt vore i Falun.
(april
2001) |
Får
Glåmos spelemannslag bruke siter på Landskappleiken?
Nationen (17/3-2001) har intervjua Magnar Sundt i
LfS om bruk av "andre" instrument på
Landskappleiken. "Dåm og drag" vart som kjent
diskvalifisert på distriktskappleiken på Løten fordi
dei hadde med karinett. Og no har Glåmos fått problem.
Dette blir teke opp på styremøte i LfS.
Les
meir om saka her.
Siste: På styremøtet til LfS i mars vart
føresegnene endra slik at Glåmos får delta med siter,
og Romsdal med klarinett!
(mars
2001) |
Sal/kjøp
av hardingfeler
Christian Borlaug har nyss (mars 2001) opna ei ny
heimeside for sal og kjøp av hardingfeler. Adressa er www.hardangerfiddle.com
(mars 2001) |
Gild
minnekonsert for Arne Røine
Laurdag 28. april 2001 skipa Laget for Folkemusikk og
Valdreslaget ein fin minnekonsert for Røine som døydde
før jul 2000. Det var mange til stades, og mange
varierte innslag på ulike instrument. Her
finn du glimt frå konserten.
(3/5-2001) |
"Frå
Hulda til Heimen"
Bunadutstillinga på Asker Museum i samband med
Garborg-året opna tysdag 1. mai 2001 kl 14 ved Aagot
Noss og Elisabeth Stabell. Utstillinga varer til 19
august 2001. Her
er glimt frå opninga.
(3/5-2001) |
Folkemusikkstipend
2001
Toårige arbeidsstipend gjekk til Øyvind Brabant,
Sigrid T. Moldestad og Einar Olav Larsen. Finn Vabø
fekk "stipend for eldre fortente kunstnarar",
og Reise/studiestipend til Grethe M. Rudi Bråten, (kr
30000), Sinikka Langeland (25000), Åse Teigland
(22000), Trygve K. Vaagen (23000), Bjarte Aarseth
(50000), Berit Opheim (20000).
(30/4-2001) |
Stor
munnharpe på sokkel
Framfor Valle vidaregåande skole vart ei munnharpe på
3,40 m avduka 24. mars 2001. Blir det oppføring i
Guinnes Rekordbok?
(30/4-2001) |
NRK-pris
til Elias Akselsen
I samband med 70-årsjubileet fekk han prisen for 2001
for å fremje dei reisande sin musikk.
(april
2001) |
Årsmøtet
i NFD 24. mars 2001
På årmøtet vedtok dei eit tillegg til
føremålsparagrafen: NFD skal "ivareta utøvarane
sine faglege, økonomiske, sosiale og kunstneriske
interesser". Det nye styret er slik: Hallvard Kaasa
(leiar, attval). I styret: Maria Høgetveit Berg
(attval), Harald B. Knutsen (attval), Tarjei Haugen
(vara, ny). Frå før i styret: Helene Høye, Inge
Midtveit, og vara: Tarjei Haugen, Tore Bolstad og
Norleiv Vinjerui.
(april
2001) |
Månadens
artist i mai 2001:
I Norsk
folkemusikkatalog er Kroken/Moldestad mai-artistar.
Øyvind Brabant var april-artist.
(april 2001) |
Doktorgrad
på folkemusikk
Det har Ove Larsen ved Høgskolen i Nesna i Nordland
teke, med avhandlinga "Drevja-slåttenes estetikk -
verdinormer nedfelt i folkelig uttrykksform".
(april
2001) |
NU-stemnet
2002 blir festival!
I 2002 skal NU-stemnet kallast Folkekulturfestivalen
og skal gå av stabelen på Beitostølen. Meir info
snart!
(april 2001) |
Uventa
reklame for CNS (?)
I Osloposten 26/4-2001 blir den nye plata til Chateau
Neuf Spelemannslag "Curing Norwegian
Stiffness" omtala og får terningkast 5.
"Funky folkeviser" er overskrifta. Og Tomas
von Brømsen blir sitert: "Jag blir så
fruktansvärd glad när jag hør dom"!
(april
2001) |
Stor
bunadutstilling
på Ski Storsenter, Ski, 24. - 28. april. Truleg ca
40 ulike bunader frå Voss, Tinn, Valdres, Romerike ....
Bunadekspert Randi Simensen vil svare på spørsmål.
(april
2001) |
Vikariat
som fagkonsulent i folkedans?
Rff treng fagkonsulent i folkedans, søknadsfrist
25. mai 2001. Tlf: 73596575
(21/5-01) |
Folkemusikk
i Hardanger
Den 6. kammermusikkfestivalen i Ullensvang 31 mai -
4. juni får innslag av folkemusikk. Arve Moen Bergset
blir nemnt mellom dei nasjonale størrelsane,
medan den lokale folkemusikken blir tatt vare på av
Knut Hamre, Frank Rolland og Einar Mjølsnes, skriv
Aftenposten.
(21/5-01) |
Mette-Marit
med ekte bunad?
I VG (11. mai) er Tove Gulsvik i Norges Husflidslag
og Solvår Skogen Sæterbø i Norges Bondekvinnelag
kritisk til at Mette-Marit nyttar
"fantasidrakt" i staden for bunad. I
konfirmasjonen til niesa si hadde vår komande
konnprinsesse ei drakt som var designa av Eva Lie. Eva
Lie står også bak 1000-års-drakta som har vorte
svært populær. Både Gulsvik og Sæterbø meiner at
Mette-Marit bør velje bunad ved representasjon. Dei
minner også om kor flink dronning Sonja har vore å
nytte bunad.
(10/5-01) |
Kvarts
i Konserthuset i Oslo
Det vart ein spennande og vellukka konset i Konserthuset
i Oslo 6. mai. Små
glimt her.
(13/5-01) |
OleBull
Akademiet får 3 mill ekstra
Frå Fritt ord får akademiet 3 million kr. Pengane skal
gå til vidae utbygging av akademiet.
Les meir her.
(13/5-01) |
"Eg
rodde meg ut" popvise i Serbia!
Reporteren Åsne Seierstad syng visa på ei poplate i
Serbia, og no går popvisa oppover på listene! Meir
her.
(13/5-01) |
Pris
til Hemsing-jentene i Aurdal
Søstrene Eldbjørg og Ragnhild Hemsing frå Aurdal i
Valdres har henta heim høgthengande musikkprisar frå
Tjekkia. På fiolin denne gongen, men dei spelar som
kjent også hardingfele.
(13/5-01) |
RFF
manglar pengar
Rådet for folkemusikk og folkedans har kvart år kr 500
000 til tiltak som innsamling, plateutgjevingar,
bokutgjevingar, opplæring etc., og dette beløpet har
ikkje auka etter 1992. for siste halvår var
søknadssummen ca 1,3 mill kroner, og berre 250 000 kr
til rådvelde. Rådet ber om meir midlar frå 2002. Les
meir her.
RFF har for første gong også ansvaret for å dele
ut den såkalla turnestøtten, også det kr 500 000 per
år. Dei delte no ut kr 276 000 til 18 søkjarar. Totalt
var det 60 søknader og 2,4 mill. kroner. Sjå
meir her.
(5/5-2001) |
Kroken/Moldestad
med ny plate
Den nye plata "Spindel" blir slept i Bergen
14. mai på Tracteur (Bryggen) kl 20. Les
meir om månadens artist her.
(10/5-01) |
4
bestillingsverk på Telemark- festivalen
Det eine er det Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga
som står bak, med tekstar til Aslaug Vaa. Berit Opheim
skal også framføre delvis nykomponert stoff. Like eins
kvedarane på opningskonserten, og "Den ramme
slåtten" som er eit rocka Myllargutprosjekt. Meir
her.
(5/5-2001) |
Egil
Bakka aktuell som generalsekretær i ITCM
- International Council for
Traditional Music. Han kom med i styret for nokre år
sidan. Tilsettinga vil truleg skje i vår/sommar. Meir
her.
(5/5-2001) |
Folkemusikk
og bunad på skarverennet
På årets Skarverenn var det 14000 deltakarar, og
dei vart møtt med folkemusikk og bunadkledde
funksjonærar då dei kom i mål: Kvarts spela og
Steinar Ofsdal. Dei deltok også på festen etterpå.
(5/5-2001) |
Den
Norske Folkemusikkscena
er no inne i sitt andre år av 3 prøveår. Det er
Kulturdepartementet som har gjeve pengar til prosjektet
som er eit samarbeid mellom LfS og NFD. Styringsgruppa
på 5 har 3 frå LfS (Gunn Gausemel, Per Tronsaune og
Magnar Sundt), og to frå NFD ( Jan Lothe Eriksen
og Jon Anders Halvorsen). Prosjektet har ei fast
folkemusikkscene i Oslo som fungerer svært godt.
Også folkemusikk- pøbb'ane går fint. Det er
også etablert folkemusikkscener i Bergen, Ål i
Hallingdal, Vågå, Bø og Øystre Slidre. Meir
her.
(5/5-2001) |
Trond
Ole Haug attvald i LfS
På årsmøtet på Røros 1. helga i mai 2001 i
Landslaget for spelemenn vart Haug attvald som leiar -
denne gongen for halvanna år. Årsmøtet skal heretter
vere i november.
(5/5-2001) |
Åpen
klasse på Landskappleiken ?
I talen sin til Årsmøtet i LfS gjekk Trond Ole Haug
inn for at det skulle bli opnen klasse på
Landskappleiken. Det var saka med Glåmos spellemannslag
sin siter som utløyste diskusjonen. Meir
her, og
her.
(5/5-2001) |
Utredninga
om folkemusikken og folkedansen ferdig på nyåret 2001.
Det opplyste kulturforskar Georg Arnestad på Rff sitt
representantskaps- møte hausten 2000. han står i spissen for
utgreiinga. Det var Rff, NFD, LfS og NU som bad Norsk kulturråd om
å sette i gang dette arbeidet. Arnestad har intervjua ein del
sentrale personar i miljøet. Han uttaler elles at den norske staten
aldri har teke folkemusikken og dansen på alvor, og meinte at ein
må få dette inn i den komande kulturmeldinga.
Desember 2000.
|
Plateselskapet
NORCD fyller 10 år,
og det vart markert 18. og 19. januar med konsertar. Sjefen sjøl er
Karl Seglem. Selskapet har så langt gjeve ut i alt 39 titlar innan
folkemusikk jazz. Heimesida til
selskapet er her.
|
Tore
Hansen i Bergen - mannen bak Troldspelet og Folkemusikkens venner
Han er intervjua av Nationen, og klagar over at det er lite støtte
å få.
Les meir i intervjuet her. Oktober 2000
|
Vellukka
NU-haustsamling i Bergen
I slutten av oktober 2000 var det ei breitt opplagt samling i
kulturbyen Bergen. Over 130 var samla til dei ulike seminara i
teater, bunad og folkedans. På songdansseminaret var det heile 66
som deltok.
|
Universitetsstudiet
i Bunad og samfunn
kom i gang hausten 2000 med 23 studentar, 19 kvinner og 4 menn frå
22 til 58 år melder "Norsk Ungdom" 4/2000. Det var i alt
55 søkjarar. Studiet er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen
og Folkekulturforbundet. Studentane møtes ulike stader til
helgesamlingar, såleis på Voss, Fagernes og Røros.
|
Fin
årsfest i Laget for Folkemusikk i Oslo
Det var godt frammøte til årsfesten den 14. desember 2000. Det var
minneord om mangeårig æresmedlem i laget Arne Røine, som nyss
hadde gått bort. Etter velsmakande vossakorv, vart det ein svært
fin konsert med Hauk Buen, som fekk velfortent applaus. Han fekk
også god avsetnad på den nye CD'en sin.
|
|
Ulrik
i Jensestogun 150 år
Den 5. desember 2000 var det 150 år sidan Audal-spelemannen vart
fødd, og det vart markert med jubileumsfest i Aurdal. Elisabeth
Kvære stod i brodden for tilskipinga der mellom andre Håkon Asheim
spela både runddans og springarlæte. Musikk som vart utgitt på CD
i 1992. Vårflaumen spel- og dansarlag stod bak den vellukka festen.
|
NFD-årsmøtet
2001 på vert på Folkemusikksenteret på Prestfoss 24. mars.
Her blir det ei brei drøfting av stoda for folkemusikken og dansen
ved starten av eit nytt hundreår. Det blir også konsert og dans
med Tore Bolstad, Helene Høye, Harald B. Knutsen og Lars
Underdal.
|
Ny
lærebok om norsk folkemusikk og folkedans: Ekko 1.
( Gyldendal aug 00) Dette er ei bok for studieretninga Musikk,
Dans og Drama tilpassa læreplanen av 1997. Sentrale forfattarar
om norsk folkemusikk og dans er Leif Solberg, Hilde
Sørnes og Vegard Vårdal.
|
Heftig
debatt om CD'en til Nils Økland "Straum"
Særleg i Kvinten - meldingsbladet til Norsk folkemusikk og danselag
har debatten vore liveleg, og har
no også blitt referert i Ballade. Plata har vorte godt motteken
i utlandet.
|
Nominert
til Edvardprisen for 2000
Det var 18 nominerte, og mellom dei var Annbjørg Lien for
komposisjonen W, skreve til minne om felespelaren Hans W. Brimi.
Tone Hulbækmo og Hans-Fredrik Jacobsen var også mellom dei
nominerte, for bestillingsverket Babels forståelse til fjorårets
Førdefestival, der ideen var å sameine folkemusikk frå fleire
verdsdelar. Ingen av dei to verka var mellom dei 6 som fekk prisen,
som vart utdelt 29. oktober 2000.
|
Norske
folkeviser gjennom tusen år - ei ny omfattande samling
folkeviser, redigert av Lilleba Lund Kvandal, utgjeven på Cappelen
sumaren 2000.
Les meir her.
|
Norsk
kulturmønstring i Betlehem 19 - 23 september 2000. Her deltok
Mari Boine og Oslo Kammerkor, og også gruppa Fjøgl
(Nordfjord-jentene) og dansarar frå Valdreslaget. Dei vekte
oppsikt! Aftenposten rapporterer ein flott kommentar frå ein
palestinar: "Kvifor i all verda skal jenta halde hatten så
høgt på stokken at guten har problem med å spenne han ned?"
|
Dansbeskrivningar
- ei flott svensk side
Denne svenske sida har 600-700 rettleiingar til folkedansar. Eit
verkeleg fint tiltak til støtte for alle som driv med folkedans.
Det neste må vere å få lagt inn lyd til dei ulike dansane! Og i
neste omgang også video som viser dansen! Skal vi få noko liknande
i Noreg?
|
Vellukka
trekkspeltreff i Geiranger 1-3 september 2000. Belgiaden feira
20-årsdag denne helga. Kjell Opsal og Ørskog trekkspelklubb har
vore primus motor for desse treffa på Hotel Union. I år var også
Hot Club de Norvege med.
|
Stensgårdskroken
feira 20 år hausten 1999
Stensgårdskroken spell og danselag i Nannestad feira 20 år med
stor fest og konsert 23. oktober 1999. Det er eit aktivt lag med
rundt 150 medlemer, torader- gruppe, dansegruppe og juniorgruppe.
På konserten/dansen hadde dei vitjing av nokre av dei mest kjende
orkestra i landet: Hallingdal kraftlag, Nye Ringnesin, Visdals
kvintett, dølalæte, Vågå toradergruppe og Småviltlaget.
|
Dagne
Groven Myhren fylte 60 år 19 september 2000. Ho er ei av
våre fremste kvedarar, og saman med Agnes Buen Garnås var ho med
å starta den nye interessa for vokal folkemusikk kring 1970, mellom
anna gjennom aktiviteten i Club 7. Ho er også professor i
litteratur.
|
Per
Anders Bune Garnås - drygt 20 år - vart også i år best i
Fanitullkåringa 2000 under Folkemusikkveka på Ål søndag 4. juni.
Dermed vann han kr 15000 og fekk andre napp i Olav Thons pokal. På
andre plass kom den unge overraskingsmannen Jan Beitohaugen Granli
frå Valdres, føre favoritten Knut Hamre frå Hardanger.
Under den veka festivalen varde, var det vel 3000 innom
arrangementa, ein auke på 20% frå ifjor.
Per Anders frå Telemark går på spelemannsskulen på Voss. Han er
sonen til Agnes Buen Garnås, og Knut og Hauk Buen er onklane
hans, så han har mykje å slekte på.
|
Nyoppdaga
folkemusikk frå Stordal på Sunnmøre.
Spelemann og folkeminnegranskar Jostein Fet har nyleg gjenoppdaga ei
stor samling med slåttar, religiøse folketonar, kjøkemeisterviser,
gamaldans og viser etter stordalingen musikkløytnant Peter
Jøsvold (1865-1953). Fet fann dei ved Norsk Musikksamling i Oslo.
Mykje fin musikk etter Jøsvold var også kjent frå før, og til
saman er det no ca 900 titlar etter han, 400-500 av dei frå
Sunnmøre, mest frå Stordalen. Jøsvold gav samlinga til Norsk
Musikksamling i 1940.
|
Spelemannen
Leif Neset frå Skien vart tildelt Kongens fortenestemedalje for
lang og tru innsats for folkemusikken på Porsgrunnsdagane 2000
|
Under
Jørn Hilme-stemnet i juli 2000 var det slepp på ein ny CD med
gamle opptak av storspelemannen Olav Moe frå Vestre Slidre.
Opplaget er på 1000. CD'en kjem på eit nytt plateselskap i
Valdres: "ta:lik". Distribusjon via Musikkoperatørene.
|
Kven
har makta? Bladet
Musikk Kultur har laga ei kart- legging av musikkmakta i landet.
Innan gruppa Jazz/folke/verdensmusikk kjem Egil Bakka høgt opp
både når det gjeld formell og symbolsk makt. Litt lenger nede finn
vi Trond-Ole Haug, medan Jan Lothe Eriksen "ligg langt
bak". Annbjørg Lien blir stadig viktigare som artist, og truar
snart Knut Buen som symbolet på norsk folkemusikk, blir det hevda.
Elisabeth Kværne, Sven Nyhus og Leif Rygg blir nemnt mellom dei som
er "på veg ned".
|
Torbjørg
Åmlid Paus er død
Ho var kjent kvedar og dansar frå Setesdal, og var gjennom heile
livet ein kulturberar av rang, og ein svært god ambassadør for
folkemusikken. Ho var æresmedlem i LfS, i Kristiansand
sspelemannslag og Setesdal spelemannslag og hadde Kongens
fortenstmedalje i gull. Ho var deltakar og domar på mange
kappleikar, og instruerte mykje i folkedans.
|
Tilskot
til musikkfestivalar i 2000 frå Rikskonsertane viser mellom
anna: Folkemusikkdagane Ål kr 350 000, Viser ved kanalen kr 50 000,
Førde I. folkem.-festival kr 1500 000, Telemark-festivalen kr 650
000. Totalt fekk 37 festivalar kr 20 mill.
|
Myllarguten,
fødd i 1801 eller 1799?
Den siste tida har det vore ein del debatt om Myllarguten - Torgeir
Audunson Øygarden. Som kjent blir det planlagt jubileum i 2001.
Debatten går på fødelsår, fødestad og om han var ekte eller
uekte barn. I nr 4/00 av Spelemannsbladet har Johan Vaa ein innhogg
der har tilbakeviser at fødelsåret skulle vere 1799.
|
Johan
Krogsæter frå Vatne på Sunnmøre døde 10. mai 77 år gamal.
Han var ein ihuga målmann, var aktiv i BUL/Oslo i mange år,
redaktør i Spelemannsbladet og skreiv mellom anna Leikarringen i
BULs 50-årssoge. Aktiv EU-motstandar og sogelagsmann.
|
Kvedaren
Berit Opheim (33) frå Voss har fått Forbrukersamvirket sin
kulturpris på kr 100000. for 2000. Berit er timelærar ved
Norges Musikkhøgskole og lærar i halv stilling ved Ole Bull
Akademiet. Ho har bakgrunn mellom anna frå Norges Musikkhøgskole
og Bergen Musikkon- servatorium.
|
Midlar
frå Musikkverkstedsordningen er tildelt for 2000. 8
mill. til jass, rock, folkem. og verdensm. Meir
info her, og liste over tildelingar |
|
Statsstipend for folkemusikarar
for
2000 er utdelt. Gunnlaug Lien Myhr, Alf Tveit, Egil
Ssyversbråten og Tron Westberg har fått arbeidsstipend på kr
145000, Alf og Tron toårig. Så har Mari Eggen og Sinikka Langeland
fått reisestipend på ca kr 20000.
For 1999 gjekk eittårige arbeidsstipend på kr 141000 til
Ragnhild Furholt, Håkon Høgemo, og Olav Vindal. Sturla Eide
Sundlid fekk reisestipend og stipend til eldre kunstnarar til Erling
Kjøk og Håvaard Kvandal.
|
Årets
spelemannspris. Sven Nyhus fekk heidersprisen for eit framifrå
arbeid for folkemusikken gjennom mange år. Kvarts fekk prisen for
beste plate i kategorien folkemusikk/gamaldans.
|
Sekkepipeorganisasjonen sekkepipe.com
vart skipa etter seminaret på Gjøvik i februar.
|
Sven Nyhus vart
utnemd til æresmedlem i Norsk Folkemusikklag på årsmøtet i
Bergen i februar 2000.
|
Småviltlaget vart vinnar av
Kappspell 99 på TV, med Jutullaget på andre og P.A.Røstad jr. på
tredje plass. |
|
|
|