Den 6. mai hadde gruppa Kvarts ein
svært vellukka konsert i Konserthuset i Oslo, Vesle sal. Konserten
var den siste dette semesteret i ein serie, og det var ikkje så
svært mange frå folkemusikkmiljøet til stades. Men likevel var
det mykje applaus og god stemning. Det var folkemusikk på
kammerkonsertvis, og vi fekk samspel i mange ulike variantar, ein
del gamaldans, litt springleik, brudemarsjar, og delar av
tingingsverket til Ål-stemnet i 2000. I gruppa finn vi Jo Asgeir
Lie på trekkspel, Øystein Ovrum Rudi på fele,
Tom Willy Rustad på bass, torader, gitar og munnharpe og Erlend
Styve på gitarar.
|
tre av dei fire i aksjon |
Her er alle fire i gang: Erlend Styve , Øystein Ovrum
Rudi, Jo Asgeir Lie Tom Willy Rustad |
Erlend Styve og Tom Willy
Rustad |
|