STIL
OG KVALITET I TURDANSEN
INSTRUKTØRSAMLING/FORDJUPINGSKURS
I TRONDHEIM 9.-11. NOVEMBER 2001
Korleis gje
turdansane særpreg gjennom dansestil og dansesteg ?
Målet med instruktørsamlinga
er å gje deltakarane innføring i temaet stil og kvalitet i turdansen og
vidareutvikle eigen dansestil på området.
- ·
Vi tar utgangspunkt i
videodokumentert tradisjonsmateriale frå Rff-senteret
- ·
Vi skal sjå på tradisjonsopptak
og arbeide med stil og kvalitet i turdansen.
- ·
Steg i ril, kontradans og feiar.
- ·
Kva veit vi om utføring av steg i
turdans og kva kan vi tenkje oss ?
- ·
Kva med ny rekonstruksjon av
historiske dansar og dansestil ?
- ·
Det vil bli lagt vekt på
vidareutvikling av deltakarane sin personlege dansestil.
-
Arbeidsform
Vi vekslar mellom førelesingar,
arbeide med tradisjonsmateriale, individuell øving og gjennomgang av
dansar som vi finn i rettleiingsbøkene våre og som høver i samanheng
med steg og dansetype.
Lærarar
EGIL BAKKA, busett i Trondheim, professor
ved Musikkvitskapleg institutt og dagleg leiar ved Rådet for folkemusikk
og folkedans. Han har gjeve ut "Danse, danse lett" og fleire
andre bøker, skrifter og artiklar om folkedans.
FOLKE
FLATELAND, busett i Asker.
Han har brei instruktørerfaring frå regionale og sentrale NU-
kurs, inkludert fordjupingskurs for folkedansinstruktørar. Han har dei
siste åra arbeidd mykje med kontradansen og har vore leiar for mange større
framsyningar og andre folkedanstilskipingar.
Kursstad
Lagssalen til Bondeundomslaget i Nidaros, Søndre gt. 22B,
Trondheim.
Tid
Fredag 9. november 2001 kl 1830 til søndag 11. november 2001 kl 1400.
Laurdag kveld blir
deltakarane med på Haustleiken som BUL i Nidaros lagar til.
Pris
Kr.
1000,- inkl. mat og leikfest (men ekskl.
overnatting og frukost). Påmelding til Bondeungdomslaget i Nidaros, Brattørgt.
7, 7010 Trondheim, som også skal ha kurspengane, konto 8601 06 11492,
saman med påmeldinga.
Frist
for påmelding: 19. oktober 2001.
NB! Ver tidleg ute med påmelding,
det lettar arbeidet!
Nærare opplysningar
om samlinga kan de få hos BUL i Nidaros, tlf. 73 51 42 58,
e-post: bulinidaros@c2i.net
Overnatting
ordnar deltakarane sjølve.
Tilskipingsnemnda har henta desse tilboda:
Stad
|
Pris
dobbelt/enkelt rom inkl. frukost, kr.
|
Tlf.
nr
|
|
Home
Hotel Bakeriet
Brattørgt 2
|
990/770
|
73525200
|
Rabatt med
Choice-kort
|
Gildevangen
Hotell
Søndre gt 22B
|
850/550
|
73870130
|
Same bygget
som samlinga.
|
Munken Hotell
Kongens gt 44
|
750/595
|
73534540
|
|
Pensjonat
Jarlen
Kongens gt. 40
|
400/500/600/800/1200
med 1/2/3/4/6 pers. pr. rom.
|
73518718
|
Kvart rom har
bad, WC og kjøken. Ingen frukost inkl.
|
Trondheim
Vandrerhjem Rosenborg, Weidemannsv.41
|
560/415.
|
73874450
|
Dusj på
rommet
|
Trondheim
Vandrerhjem Rosenborg, Weidemannsv. 41
|
500/375.
|
73874450
|
Må ta med
sengetrekk. Felles dusj og toalett.
|
Lagshytta til
BUL i Nidaros
Lian
|
100 på
firemannsrom
|
73514258
|
Må ta med
sengetrekk el.lakenpose/soveposeFelles dusj og toalett. Avgrensa
plass |
Privat
innkvartering
|
Det blir
arbeidd med saka
|
73514258
|
Interesserte
kan ta kontakt.
|
Vel
møtt i Trondheim!
Helsing
BUL i Nidaros
Folkedansrådet
|