Bilete frå Bygdelagsstemnet på Bygdøy 10. juni 2001

Det var fint ver då Bygdelagssamskipnaden i Oslo hadde sitt tradisjonsrike sumarsstemne Få Folkemuseet på Bygdøy. Det var dans og musikk "over alt", men vi hadde venta litt meir publikum ein så fin sumarsøndag. Nedanfor finn du nokre glimt få dansen under stemnet.
 

Det var oppmarsj, og her er det Leikarringen Symra som dreg forbi.
 

Her er begge barnelaga i aksjon, Barnelaget i BLS og i BUL.
 

Her dansar den minste gruppa til Barnelaget i BLS
 

Også her er det den minste gruppa til Barnelaget i BLS som trør dansen.
 

Rolf Bjørn Iversen (venstre) og Knut Trøen
 

Her dansar Oslo Songdanslag firetur i Teletunet. Knut Trøen spelar.
 

Symra viser her fram songdans i Teletunet. Elles var det spelemannen Knut Trøen som spela til musikkdansen.
 

Her dansar Telelaget i Teletunet. Det passar bra!
 

Ein kar i Setesdalsbunad kviler seg på benken i skuggen.

Inger Frøydis Bakken i ny Valdresbunad!
 

To bunader frå Valdres - Inger Frøydis Bakken og Knut Trøen.
 

Her er også fotografen fotografert!