Glimt frå Symra sin tur til Neustadt  sumaren 2001

Symra på dansefestival i Neustadt 2001
Frå 26. juli til 6. august var i alt 28 dansarar og ein spelemann på ein gild folkedans-festival i Neustadt i Holstein i Tyskland. Festivalen varde frå laurdag til laurdag, og det deltok dansegrupper frå 13 ulike land, heilt frå Mexiko og Brasil, men mest frå Europa, til dømes Ukraina, Albania, Belgia, Irland, Danmark, Tjekkia, Slovenia, Polen og altså Noreg. Festivalen hadde 50-års-jubileum, den vart første gong skipa til i 1951, og det var 24. festivalen. Det er byen Neustadt som står bak festivalen, med folkedansgruppa Neustäther Volksdanskreis som "teknisk arrangør". Neustadt er ein nokså lien by med ca 16000 innbyggjarar, men om sumaren er den mange turistar der. Dei aller fleste deltakarane vart innlosjert privat, og fekk alle utgiftene dekte, bortsett frå reisa til og frå.

Spelemann for Noreg var Benjamin. Anders og Marianne hadde komponert eit framsyningsprogram for festivalen, og det vart øvt nokså mykje før avreise. Veret under festivalen var fint, bortsett frå nokre regnbyger. Det vart ein svært vellukka festival. Alle dei norske budde hjå svært trivelege folk, og hadde det som plomen i egget. Alle avstandar i byen var små, og ein kunne gå til og frå. Det meste gjekk føre seg på marknadsplassen midt i byen, der det var bygt opp ei stor scene og ei stor tribune, og i byens Realskule. Festivalen var i stor mon retta mot byens befolkning, og det var imponerande i kor stor grad folket var med på tilskipingane. Det var tydeleg at dei sette pris på dei ulike arrangementa. På det meste måtte det vere 2-3000 som såg på. Opninga av festivalen var laurdag ettermiddag, og avslutninga var laurdag kveld i veka etterpå.

Ein av dagane hadde Symra heilt dansefri, og då var det utferd til Lübeck som ligg  nokre mil unna. Onsdag kveld var det grillfest heime hjå ein av vertane. Men det sentrale var framsyningane på den store scenen. Der var det mange timar framsyning kvar dag/kveld. Det var også framsyningar i gatene og på eldreheimar, og det var bunadtog gjennom gatene, og det var kyrkjekonsert.

På denne sida vil de finne ein del bilete frå festivalen.

(Bla først nedover på venstre spalte, så høgre)

     

Vi tok Kronprins Ragnhild til Kiel, og middagen om bord smakte framifrå.
  

Skal ein på festival må det øvast grundig. Vi øvde også på ferja til Kiel. Her er det spelemannen Benjamin og programansvarlege Marianne og Anders som drøftar nokre detaljar.
    

Vi er komne til terminalen i Kiel. alle er spente og i godt humør!
  

Vi tok Kiel-ferga frå Oslo, og vart henta med buss i Kiel av Solveig og Karla. Dei to sit fremst til høgre (Karla lengst til høgre)

I Neustadt vart vi innkvartert privat. Alle var svært godt nøgd både med innkvartering og vertskap. Her ser vi gjestehytta som Inger Frøydis og Vebjørn fekk heilt for seg sjølv i hagen til Lilli og Peter.
   

Dette er frå opninga av festivalen. Vi ser scena, byens store gamle kyrkje og eit stort slepp av "fredsduer".
  

Her masjerer Symra inn til opninga av festivalen.
  

Her er vi også på vei til opninga av festivalen
  

Også dette er frå festival-opninga. Dette viser ca ein fjerdepart av tribunen. Symrafolket sit oppe til venstre.
  

Frå opninga av festivalen. Alle gruppene fekk 10-15 minutt til å presentere seg sjølv. Her er den ukrainske gruppa i sving med sitt forrykande show.
  

Her er Symra på veg inn på scena på opningsdagen - alle i ei lang rekkje.
  

Her dansar Symra ein av sine dansar på opningsdagen.
  

Her er det Mexiko som viser ein av sine dansar på opningddagen. Fargerikt og fint, og eggjande rytmer.
  

Ved frukostbordet - her budde Inger Frøydis og Vebjørn, hjå Lilli og Peter. Som hjå alle dei andre var det eit svært hyggjeleg vertskap.
   

Ein kveld var det musikk- og kor-konsert i aulaen på Realskulen. Her er det den irske musikkgruppa som spelar fin folkemusikk.
  

Også frå konserten - gruppa frå Mexiko i sving.
  

Om kveldane var det "buskspel" på Realskulen. Her er det irane som spelar sine fantastiske rilar.
  

Ein dag dansa vi på ein eldreheim - her er Symra i gang med programmet sitt.
   

Her dansar også Symra på eldreheimen.
  

Onsdag kveld var det grillkveld - her er symra og alle vertane samla i hagen til Karla og Claus Peterman. Claus var leiar i verts-folkedanslaget, og Karla var saman med dottera Solveig kontaktpersonar for Symra under festivalen.
   

Her er også eit utsnitt frå grillfesten.
   

Endå eit grillfest-bilete
   

Også her eit bilete frå grillfesten - her er det vertar vi ser.
   

  

Det var også underhaldning på grillfesten - her er det nokre frå Symra som syng og spelar.
   

Her kan vi sjå at det var moro å vere på grillfest i Neustadt.
   

Fredagskvelden var det konsert i Neustadt si gamle fine kyrkje. Frå Symra deltok Laila med song og Benjamin på fele og hardingfele. Det var ein fin konsert.
   

Etter avslutningskonserten var det samling på Realskulen som vanleg. Der var det dans, og mat og ... Her er symra-orkesteret i gang. Øyvind på tuba, Halvard på torader og Benjamin på hardingfele.
   

Og her dansar Ragnhild og Claus ein feiande reinlender.
    


 
Her er alle deltakarane frå Symra samla på eit brett. 29 i alt.



Her er spelemannen Benjamin, som gjorde ein flott innsats.
Han spela både på hardingfele og fele.
  

Eit bilete frå Reaskulen. Her er det gruppa frå Albania som øver.
  
  

Nokre av dei norske sit og ser på at gruppa frå Albania øver - vi har nettopp fått oss mat på Reaslskulen.
 

Det var varmt, og nokre av dei norske søkte til skuggen under trea - utanfor Realskulen.
 

Dette er frå bunadtoget - vi ser starten på den norske gruppa. Erik ber fana til Symra. Det var svært mykje folk som stod langs ruta og klappa når gruppene passerte.
 

Ein av dagane dansa alle i gatene. Her er ser  nokre frå Symra  på at andre grupper dansar.
 

Gruppen dansa også med publikum og med kvarandre. Her er det Inger Frøydis som dansar med ein frå Tjekkia (?)
 

Det er Symra sin tur å danse på gatehjørnet - her dansar vi Falkvor Lommannsson.
 

Her er eit bilete til frå Falkvor Lommannssson.
 

Slovenarane hadde ein særskild dans - "hattedansen" og våre to deltakarar Halvard og Øyvind vart mellom dei beste.
 

Her er det berre Øyvind og ein til (borgarmeisteren) som er att. Øyvind vart nest best av alle!
 

Tysdag var vi på tur til Lübeck. Her er mange frå Symra samla i byporten Holsten Thor.
  

Her er vi inne i domkyrkja i Lübeck
  

Harald (til venstre) var omvisar i Lübeck. Dette  er utanfor domkyrkja.
 

Alle saman åt middag på ein gamal kjent restaurant i Lübeck - Schiffergesellschaft. Maten var god og likeeins atmosfæra. Etterpå var det mange som kjøpte seg dyr og god marsjipan i byen.
  

Fredag midt på dagen hadde symra eit 40 minutts program på scena - her sit vi på tribuna og ventar på å få sleppe til.
  

Og her er vi i gang. Dette er frå opninga - Inger Frøydis syng "Rotnheimsknut"
 

Her er vi i gang med ein av dei andre dansane
 

Ikkje alle dansa heile tida - her står nokre og ventar på å sleppe til - også dette på fredag.
 

Her er gruppa frå Albania i gang med sitt program - også dette er fredag.
 

Laurdag kveld var det stor avslutning på festivalen. Her ventar Symra på at defileringa skal kome i gang.
  

Føre oss i avslutningstoget hadde vi gruppa frå Ukraina, og det var mykje å sjå på, både dansen og dansarane ....
  

Her er 3 andre spreke dansarar frå Ukraina. Alle var ca 20 år, hadde eit framifrå program og mange ulike fargerike drakter som dei bytte under framsyningane.
   

Her er det Geir og Anders som diskuterer eitkvart medan dei ventar. Det vart ein del venting ...
  

Avslutningsforestillinga er i gang, og alle gruppene skal ha sine tilmåte minutt på scenen. Her er det dansar frå Albania som førebur seg til innsats.
  

Gruppa frå Tjekkia skulle også i aksjon. Her er fire svært trivelege jenter derifrå.
  

Her er det fotografen sjølv (Vebjørn) som er avbilda med ei jente frå Tjekkia og ei frå Symra - Gro.
  

Symra var nesten til slutt, og vi venta lenge, også på grunn av ei kraftig regnbyge. Men humøret er framleis på topp. Harald (høgre) og Rune sit fremst. Harald var den som gjorde at Symra vart invitert til Neustadt; han var der med BUL i 1988.
  

Her er vi komne til avreisedagen  laurdag. Vi tar avskil med vertane våre og set oss i bussen på veg til Kiel. Dette er søndag føremiddag.
 

Også dette er frå avreisa på søndag. Det er Inger Frøydis som tar avskil med vertsskapet Lilli og Peter og Lea frå Estland.
 

Tre sentrale personar for oss norske under festivalen er med og tar avskil. alle med etternamn Peterman. Solveig (venstre) og Karla var kontaktkvinner for Symra, og Claus var pressesjef for festivalen og leiar for den lokale leikarringen.
    

På ferja til Oslo samlast vi etter middagen, og så var det takk til dei som fortente det mest. Marianne og Anders fekk gåver og klem - dei fekk begge trollkjerringar frå Neustadt. Det er Anne (høgre) og Ragnhild som deler ut gåver og klemmar.
    

 Her er det spelemannen Benjamin som får gåve og klem frå Nina. 

Og dermed var ein svært vellukka tur nesten slutt ....