Oslo-området: Pub, festival, leikarring, konsert ...

Folkedans/gamaldans interessert?
Folkedanskveldane i BLS i Oslo
Har du lyst på ein vanleg dansekveld? Då er folkedanskveldane  i BLS eit godt tilbod. Kvar søndagskveld frå 19.30 til 22.45 er det gamaldans med litt turdans og songdans attåt. Topp musikk! Og svært billeg. Nordahl Brunsgt 22. Oversikt her!
  
Interessert i å lære stildansar?
Leikarringen Symra arrangerer kurs i stildans for medlemer og andre. Hausten 2001 er det 4 fredagskveldar i Halli i Nordahl Brunsgt 22 kl 19-22.  Per Kristian Elvestad instruerer. Datoar finn du her. Det er berre å møte fram!
 
Samdansøving i Leikarringen i BUL, er til vanleg første tysdag i månaden, i Teatersalen, Rosenkrantzgt 8  kl 19.30-22.00. Desse øvingane er opne for alle. Prisen er kr 40 per gong.  Meir her.
 
Vil du lære gamaldans/folkedans? Nesten kvar kveld i veka er det kurs i gamaldans i BLS, Nordahl Brunsgt 22. Det er dei ulike ringane som held kurs og øvingar. Kontakt BLS for nærare detaljar.
  
Lyst å byrje med folkedans?
I BLS er det kvar kveld ein eller fleire leikarringar som har øving. Det er berre å møte opp, og sjå om dette er noko for deg, du blir godt teken imot. Er du heilt fersk, er det best med eit nybyrjarkurs først. Her er meir info.
 
 Kva skjer i Oslo-området???
Hva skjer i Oslo (Oslo Pro/ Tellus)
Kulturkalender Norge
Pluto - kultur heile landet
Lokalaviser i heile landet
Kultur i Aftenposten
Aktiv i Oslo

 
Oslokappleiken 27. oktober 2001
som Laget for Folkemusikk står bak.
I BLS, Nordahl Brunsgt 22
 
Også i år 2001 kom Oslo Songdanslag  til finalen i senior Kven Veit i NU. Finalen gjekk  i Asker under NU-stemnet.. Laget kom på andre plass - det same som året før. Hordalaget kom på første plass.
 
Drengeleik er ei folkedansgruppe i Oslo berre for karar. Kontakt- person Jan Heier Gulbrandsen opplyser at dei er ca 20 homofile karar som dan- sar saman to tysdagar i månaden (start 22.8.00) i BLS-garden. Dei driv grunnopp- læring særleg i runddans og pols. Dei vil ikkje vere ein konkurrent til andre tilbod, men eit supplement. Sumaren 2000 har dei dansa i homomarsjen i Oslo, World Pride i Roma og Oslo sin 1000 års feiring. Kontakt: Jan H.G. 22477072. 
Dersom du har noko nytt om å melde, eller har kommentarar  Trykk her og send!
 
På denne sida finn du nyheter om ting som skjer i og omkring Oslo.
 

Info om folkemusikkpubb etc i Oslo:
Folkemusikk-pubb, eit vellukka tiltak både i Oslo og andre stader.

FolkemusikkPøbb
Oversikt for hausten 2001 her.

Venskaben, Asker - folkemusikkonsertar
Oversikt for hausten 2001 her
 
Musikkens 3. juni dag vart grundig markert i Oslo, og på Egeertorget var det tradisjonsmusikk i regi av Laget for folkemusikk.

To av deltakarane var frå Romsdal og spela fele: Jorun Marie Kvernberg og Britt Elise Skram.
 
Folkedans langs Alna i juni 2000
I byrjinga av juni arrangerte Oslo by middelaldervandring langs elva Alna to dagar som del av 1000 års jubileet. Begge dagane dansa Leikarringen Symra. Her er glimt av spelemannen Knut Trøen plassert midt i ura.