Nytt om folkemusikk, folkedans og bunad

Fleire (eldre) nyheiter: Trykk her!   (Vi flytter eldre ting dit, så startsida ikkje blir for stor.)
Anders Jahres kulturpris til folkemusikarar!
Anders Jahres kulturpris på i alt 1,5 mill kroner gjekk i år til 5 norske folkemusikkarar/dansar. Det er norges største pris. Prisen vart utdelt i Aulaen i Oslo 15/9 2017. Det var ei gild forestilling og ein fin konsert og salen var nesten heilt full. Dei som fekk prisen fekk stor fagning for ein velfortent pris: Knut Buen, Kirsten Bråten Berg, Annbjørg Lien, Hallvard T. Bjørgum og Hallgrim Hansegård. Alle takka fint for den fine prisen med fine ord og kunstneriske innslag, Ein gild kveld! Meir her: http://www.ajhs.no/nyheter-og-pressemeldinger/anders-jahres-kulturpris-2017-til-utoevere-og-tradisjonsbaerere-innen-folkemusikk-og-folkedans/
(15/9-17)
Spellemannsprisen 2017
I kategorien Folkemusikk/Tradisjonsmusikk gjekk prisen i år til Anders Røine for CD'en "Kristine Valdresdatter". Det er musikk han laga til stumfilmen med same namn, I kategorien "Tonos komponistpris" gjekk prisen til Gjermund Larsen for musikken på CD'en "Salmeklang" innspela med Gjermund Larsen trio. Gratulerer til begge!
(8/2-2017)
Årets folkemusikar 2016: Aslak Brimi
Under Folkemusikkonserten i Den norske Opera i november 2016 vart det også delt ut diverse prisar. Den gjevaste - årets folkemusikar - gjekk til Aslak Brimi frå Lom. Han har dei siste åra vunne Landskappleiken på fele og gjeve ut fleire CD'ar og laga musikk til dikt av Tor Jonson mellom anna, og vore leiar for spelemannslag i Oslo. Gratulerer!
(02/12-2016)
Spelemannsprisen 2015
Prisen i folkemusikk/tradisjonsmusikk gjekk til Susanne Lundeng for hennar soloplate med musikk frå Nordland.
(01/02-2016)
Gunnar Stubseid tildelt Rff-prisen for 2015
Rådet for folkemusikk og folkedans har bestemt at spelemannen Gunnar Stubseid frå Setesdal skal få Rff-prisen for 2015. Han er ein av våre fremste spelemenn, har gjeve ut ei rad plater, mest saman med ulike andre musikarar,. Han har skreve mange bøker og biografiar, mellom anna om Sigbjørn bernhoft Osa og Ole Bull, har vore lærar, undervisningsleiar og rektor på Ole-Bull-akademiet i ei årrekkje og var i 10 år redaktør for Spelemannsbladet. Han har tidlegare motteke mange prisar for innsatsen sin for norsk folkemusikk.
 (01/10-2015)
Stilling ledig ved Hilmarfestivalen
Det er ledig ei stilling ved Hilmarfestivalen i Steinkjer som kontor- og arrangementsassistent. Søknadsfrist 8. mai.
( 02/05-2015)
Gjermund Larsen får Hilmar-prisen for 2014.
Han har i mange år, trass i ung alder, markert seg som ein av våre fremste folkemusikarar og komponistar. Han har vunne ei rekkje kappleikar, gjeve ut mange plater og detlteke på endå fleire. Han har også vore solist med fleire store orkester, både i inn- og utland. Han har diplomeksamen frå Norges Musikkhøgskole og har gått på Ole Bull akademiet. Han vann kongepokalen under Landskappleiken i 2005 på vanleg fele som den yngste nokon gong. I seinare år har han brukt mykje tid på gruppa "Gjermund Larsen trio" og gjeve ut fleire plater med eigne komposisjonar. Vi gratulerer med endå ein pris!
 (02/11-2014)
"Folkemusikkens Hall of Fame"
På Riksscenen er det no sett opp ein serie foto av kjente nolevande folkemusikarar og dansarar. Fotoa er tekne av Morten Krogvold. Dei som har fått plass på veggen, er desse: Mari Boine, Annbjørg Lien, Sven Nyhus, Knut Hamre, Martin Myhr, Knut Buen, Sinikka Langeland, Kirsten Bråten berg, Embrikt Bergaplass, Kouame Sereba og Inga Juuso. Eit fint utval. Gratulerer!
 (18/10-2014)
Velle Espeland får Rff-prisen for 2014
Rådet for Folkemusikk og folkedans gir i år prisen til Velle espeland for hans store innsats for Norsk Visearkiv. Meir her.

 (03/10-2014)
Strålande "Kong Nor"!
Mange gode krefter hadde gått saman for å lage ei forestilling med folkemusikk og folkedans til grunnlovsjubileet, mellom dei Rff, Riksscenen og Førdefestivalen. Resultatet fekk vi sjå i går 10. mai på Riksscenen i Oslo.  Og det vart ein stor suksess! Fin musikk, fin song og fin dans gjennom ein heil time, utan dødpunkt. Så nær knytta til grunnlovsjubileet var det ikkje, men kva gjer det. Leif Stinnerbom hadde regien, Sigurd Johan Heide koreografien, Eldgrim Springgard manus, Jon Anders Halvorsen komponerte ballademelodiane, Inger Stinnerbom kostymane og dei to musikarane Daniel Sandén-Warg og Anders Erik Røine var musikkansvarlege. Heile ensemblet gjorde ein flott innsats. Kvedarane Unni Boksasp og Jon Anders Halvorsen song som forventa svært fint. Silje Onstad Hålien og Torkjell Lunde Børsheim dansa framifrå og Hæge Manheim var ei imponerande trollkjerring. Og musikarane spela svært fint. Alle med interesse for folkemusikk og dans må sjå dette! I tida fram til 8. november blir forestillinga vist rundt om i heile landet på 10 plassar, mest på ulike festivalar.
 (11/05- 2014)
St. Olavs Orden til Hallvard T. Bjørgum
Spelemannen Hallvard T. Bjørgum frå Rysstad i Setesdal er av Kongen utnemnt til Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden. for sin store innsats for folkemusikken. Han har gjennom fleire 10-år vore ein av våre fremste spelemenn, har gjeve ut ei rekkje plater med musikk frå Setesdal og Telemark, har halde mange konsertar i inn- og utland og vunne mange kappleikar. Han er no statsstipendiat. Vi gratulerer med vel fortent pris!
 (25/02-14)
Bygda dansar i Akershus
Danseprosjektet "Bygda dansar" i Akershus startar opp i mars 2014. Under SAFFA sit årlege kurs/seminar på Sørmarka var det informasjon om prosjektet. No lyser dei ut to stillingar til prosjektet. Prosjektet varer i 3 år. Dei søkjer etter prosjektleiar og medarbeidar. Sjå meir informasjon her.
(20/01-14)
Spellemannsprisen til Nordstoga/Bratland
Det var duoen Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga som vann spellemannsprisen for 2013 i kategorien folkemusikk/tradisjonsmusikk med plata heimafrå. Ved utdelinga var dei i New York og kunne ikkje vere med på festen i Stavanger. Vi gratulerer! Dei andre tre nominerte i denne klassen var Mari Boine - "Gilvve gollát - sow your gold", Rydvall/Mjelva - "Isbrytaren" og Sudan Dudan - "Inntil i dag".
 (20/01-2014)
God nytt år 2014
Vi ynskjer alle lesarar eit godt nytt år 2014. Vi vonar jubileumsåret blir bra både for folkemusikken og dansen.
Helsing Vebjørn Bakken
 (01/01-2013)
Ny DVD med songdansar
I samarbeid med Symra og Oslo Songdanslag har Vebjørn Bakken laga ein DVD med dei dansane som står i heftet "Danseviser" som kom for eit par år sidan. DVD'en inneheld 24 songdansar og 2 turdansar. Dansane er slike vi har teke i bruk i Symra og Oslo Songdanslag den siste 20-årsperioden. Også andre ringar har teke ein del av dansane i bruk, det gjeld til dømes "Mellom bakkar og berg", "Menuett i mai", "Blåveispiken", "Bringebærslåtten" og fleire. DVD'en er laga for at det skal vere lettare å ta dansane i bruk. Det er vel første gongen det blir laga ein slik instruksjons-DVD med songdans. DVD'en kostar kr 100 (heftet kostar også kr 100) pluss frakt, og kan bestillast hjå Vebjørn Bakken, Granebakken 62, 1284 Oslo  (vebbak@online.no).
 (06/12-2013)
Hilmarprisen 2013 til Arne M. Sølvberg
Arne Sølvberg (63) frå  Stryn er tildelt Hilmarprisen for 2013. Arne har gjennom mange 10-år vore ein av våre fremste spelemenn, både på fele og hardingfele og har delteke på eit utal kappleikar. Han er A-klassespelemann i begge feleslaga. I 1989 vann han Landskappleiken på vanleg fele. Han er også dugande spelemann på fløyte og ein god dansar. Saman med kona Asbjørg vann han Landskappleiken i dans i 2004. Arne har halde ei rad konsertar i inn og utland, og har gjeve ut 7 eigne plater og vore med på mange andre. Arne har også gjort ein stor innsats som lærar på kurs, som foredragshaldar og som inspirator og læremeister for unge. Han har hatt mange tillitsverv i ulike organisasjonar, og har tidlegare fått Kongens fortenstmedalje for innsaten sin. Vi gratulerer med vel fortent pris!
( 09/11-13)
Ny redaktør for bladet "Folkemusikk"
Bjørn Sletten er tilsett som ny redaktør etter Knut Aastad Bråten, som tar permisjon eit år. Det var i alt 10 søkjarar. Sletten er journalist i lokalavisa Dølen i Gudbrandsdalen. Han byrjar i jobben 1. november 2013. Les meir her. Foto Anne M. Steine.
 (8/10-13)
Folkelarmprisane 2013
Folkelarmprisen har blitt delt ut sidan 2005. I år var det utdeling i desse klassane: dokumentasjon, solo, tradisjonelt samspel og open klasse, i tillegg til  Årets spelemann.  Årests spelemann vart Olav Luksengard Mjelva; han fekk dessutan til saman 3 ulike prisar. Unni Boksasp vann i Åpen klasse med plata "Kvite fuglar". I Dokumentasjon vann minneplata med stoff ette Hans W. Brimi. Minneplata Tjugedalaren, Hauk Buen 80 år vart best i Solo-klassen. I tradisjonelt samspel vann plata Isbrytaren med Rydvall/Mjelva.
(8/10-13)
Asbjørn Thomassen æresmedlem i Noregs Ungdomslag
Styret i NU utnemde 21. september Asbjørn Thomassen til æresmedlem i NU. Berre tre dagar etterpå døydde han, etter lengre tids sjukdom. Han har gjennom heile livet vore ein ihuga ungdomslagsmann, ikkje minst i Håløyglaget i Oslo. Utnemninga til æresmedlem er særleg knytta det det omfattande arbeidet Asbjørn har gjort med å registrere og fotografere faner og banner knytta til dei frilynde ungdomslaga. Det er meininga det innsamla materialet skal kome som ei praktbok i 2014. (Foto: NU.) Meir her.
 (25/09-13)
Nominasjonar til Folkelarmprisane
Laurdag 28. september blir Folkelarm-prisane for 2013 delt ut på Riksscenen. Nominasjonane er no klare. Av 40 innsendte plater er det plukka ut 12. Her kan du les dei nominerte i kvar klasse.
 (20/09-13)
Rff-prisen 2013 til Susanne Lundeng
Rff har bestemt at felespelaren og komponisten Susanne Lundeng (f. 1969) frå Bodø skal få prisen for 2013. Ho har gjennom mange år løfta fram nordnorsk musikktradisjon både som soloartist og i samspel og samarbeid med andre. Ho har fornya musikktradisjonen frå Nordland gjennom sine komposisjonar og sin formidlingskunst. Ho har sidan 1989 vore frilansmusikar. Ho spela segopp i A-klassen ved Landskappleiken i 1988, som den første frå Nord-Noreg. Ho har tidlegare fått ei rad prisar og stipend for innsatsen sin som folkemusikar, mellom anna Hilmar Alexsandersens musikkpris i 1992, Nordland kommunes kulturpris 1996, Draugen-prisen 2000 og fleire, og hatt Statens 3-årige arbeidsstipend. Gjennom åra har ho halde ei lang rekkje konsertar i inn- og utland og gjeve ut mange plater. Sjå også heimesida hennar: www.susannelundeng.no . (Foto: Guri Dahl.)
 (17/09-13)
Egil Storbekkens musikkpris til Gjøvik
Egil Storbekkens Musikkpris  for 2013 går til instrumentbyggergruppa i Gjøvik Spellmannslag. Gjennom mange år har dei lagt ned eit stort arbeid med å lage og rekonstruere gmale instrument, somlangeleikar og harper. Les meir her. Prisen blir delt ut 9. august i samband med Festspillene i Elverum.
(05/08-13)
Ivar Aasen - 200 år sidan han vart fødd
Det høver seg å minnast Ivar Aasen, og det blir gjort på mange måtar rundt om i landet, både i dag og i gjennom heile språkåret 2013. I leikarringane brukar vi også Aasen-songar. Her kan du sjå "Mellom bakkar og berg". Det er nokre frå Symra og Oslo Songdanslag som gjer opptak til ein DVD som skal kome i haust. Her ligg også "Her er det land".
 (05/08-13)
Flott Jørn Hilme-stemne 2013
Det var eit stemne prega av mange fine konsertar og fint ver. Det var satsa på kjente namn både på konsertsida, som Hekla Stålstrenga, Tre søsken Eide/Sundli, Kirsten Bråten Berg, Slagr/Camilla Granlien, Per Anders og Ingvill Buen Garnaas og Synnøve Bjørseth, og gode danseorkester som P.A. Røstad. Vi saknar vel litt større breidde på kappleiken, særleg i klasse A. Kappleiken var i år i større grad enn før delt mellom laurdag og søndag, og kanskje det  var betre å samle det på laurdag? Av tevlingsresultat kan vi nemne at Torkjell Lunde Børsheim vann laus kl A, Jan Beitohaugen Granli vann hardingfele kl A og Sturla Eide fele kl A. I dans hardingfele kl A vann Stian Roland og Tone Volhaug. Her er alle resultata frå kappleiken. Her er nokre bilete frå stemnet. På biletet ser vi dei tre søskena Sundli/Eide på utescena.
 (30/07-13)
Svært vellukka Landsfestival 2013 på Løten
Festivalen vart avslutta med fin meisterkonsert på søndag 21. juli i Løtenhallen. Festivalen vart velsigna med svært fint ver. Her fekk mange velfortente gullmedaljer i dei mange klassane for seniorar og juniorar. Det var påfallande kor mange unge det var mellom dei beste deltakarane, truleg langt yngre enn dei som var publikum. I lagspel vart Lom spelemannslag best, med Sør-Fron på andreplass og Mukampen på tredje. I gruppespel vart Veroms-laget best fylgd av Alfs og Hevd. I solo hardingfele/fele vart Aleksander Aga Røynstrond best føre Britt Pernille Frøholm og Bjørn Kåre Bråten Odde. I solo durspel sigra Kristoffer Kleiveland føre Ole Gjerde og Ingvild Seilen. På biletet ser vi hvudkomiteen somfekk mange lovord for ein fint gjennomført festival. Leiaren i FOLKorg  Tveiten ber fram takka. Fullstendig resultatliste finn du her.  Her er nokre fleire bilete frå Meisterkonserten.
 (21/07-13)
Landskappleik og Landsfestival 2014
I 2014 vert Landsfestivalen i Steinkjer og Landskappleiken på Geilo.
 (19/7-13)
Folkelarmartistane 2013 er klare
I år blir det igjen skipa til Folkelarm i Oslo etter eit års opphald. Dei 13 artistane er no uttekne. Bransjetreffet er på Riksscenen 25. - 29. september. Prosjektleiar for Folkelarm 2013 er Sigurd Reinton. Det er mange nye artistar på Folkelarm i år. Les meir her.
 (19/7-13)
Fureprisen til Erlend Apneseth
Erlend (22) fekk prisen under Landskappleiken på Røros. Prisen er på kr 50 000 og går til deltakarar på Landskappleiken under 25 år. Erlend vart nr 3 i klasse A hardingfele. I 2012 fekk han Grappas debutantpris. Erlend spelar hardingfele, er frå Jølster og har hatt ei svært snøgg utvikling som spelemann.
 (19/7-13)
Marit Stranden ny direktør for Rff
Marit Stranden er tilsett som ny direktør for Rådet for Folkemusikk og folkedans frå 1. september etter Egil Bakka som går av for aldersgrensa. Marit har vore undervisningsleiar ved Rff-senteret, har doktorgrad i biologi og har utdanning i dans og dansar folkedans. Ho har erfaring frå internasjonal forskning og undervisning.
 (19/7-13)
Knut Astad Braaten (27) sluttar som redaktør i Spelemannsbladet
Ha byrja som  redaktør i Spelemannsbladet i 2007 og byrjar som ny redaktør i Syn og Segn frå 1. desember. Han har permisjon frå stillinga i Spelemannsbladet. Stillinga som redaktør i Spelemannsbladet er lyst ut på nytt. Knut er frå Valdres og bur på Fagernes.
 (19/7-13)
"Bygda dansar" til Akershus i 2014
Akershus blir det neste fylket som skal i gang med prosjektet "Bygda dansar". Det første prosjektet i Bygda dansar-serien starta i Sogn og Fjordane i 2001. I alt er 4 prosjekt (fylke) avslutta og 3 er i gang i tillegg til eit nordisk prosjekt. I Akershus er det orgnisasjonen SAFFA som står bak søknaden om Bygda dansar. SAFFA har i mange år vore ein aktiv organisajon for å fremje samarbeidet mellom folkemusikkgrupper og danselag i Akershus. Særleg dei to siste åra har SAFFA vore svært aktiv med Marianne Tomasgård som tilsett på heiltid. Prosjektet Bygda dansar varer i 3 år, og det er ungdom på vidaregåande skule som er primær målgruppe. Prosjektet vil ha ei total kostnadsramme på drygt 3 mill. kroner. Les meir her.

  (13/06-13)
Kongens fortenstmedalje til Geir Egil Larsen
Laurdag 9. juni vart Geir Egil Larsen tildelt kongens fortenstmedalje for sin store innsats for korsang og for folkemusikk/folkedans. Han har vore dirigent for Verdal Mannskor sidan 1972, og det var dei som tok initiativet til at han skulle få utmerkinga. Geir Egil har gjennom heile livet gjort ein stor innsats for folkemusikk og folkedans. Han har vunne mange førstepremiar på store kappleikar i eldre folkemusikkinstrument, på tussefløyte og bukkehorn. Han har vore aktiv dansar og instruktør heile livet og har ofte vore lærar på NU sine sentrale kurs i folkedans. Han har og gjeve ut eit hefte med songdansar - Trønderviser. Som lærar for unge spelemenn har han også gjort stor innsats. Vi gratulerer! Sjå meir her.
 (11/06-13)
Egil Bakka fyller 70 år
Egil fyller 70 år i dag. Han er direktør for Rådet for folkemusikk og folkedans og har leia Rff sidan institusjonen starta i 1973. Han er også professor i dansevitskap ved universitetet i Trondheim. Han har stått sentralt i å utvikle ulike utdanningsprogram både i Trondheim og på nordisk basis. Bakka har gjennom dei siste 10-åra gjort ein stor innsats for norsk folkedans, særleg ved å samle inn og dokumentere ei stor mengd norske folkedansar i heile landet, dels også utanlands. Han har gjeve ut mange bøker, mellom anna lærebøker om norsk og europeisk folkedans. Rettleiingsboka "Danse danse lett", som han ga ut i 1970, har vore flittig brukt av norske folkedansarar. Han gjorde òg eit stort arbeid med å revidere Klara Semb sine rettleiingsbøker.  Egil har publisert ei mengd artiklar om folkedans og folkemusikk, halde mange foredrag og seminar og har vore ein pådrivar for internasjonalt samarbeid innan dette feltet. Han har også hatt mange ekspertoppdrag for Unesco. Han har også vore engasjert i folkedraktarbeid og immatriell kulturarv. Han er kommandør av St. Olavs Orden.
 (23. mai 2013)
Hauk Buen 80 år
Meisterspelemannen Hauk Buen frå Jondal fylte 80 år 11. mai. Han har gjennom fleire 10-år vore ein av våre aller fremste spelemenn på hardingfele, og vore læremeister for mange. Hauk var frå ein heim der folkemusikken stod svært sentralt, med broren Knut Buen og søstra Agnes Buen Garnaas. Også faren var felespelar og mora song, og fleire andre i slekta var og er dugande folkemusikarar. Hauk Buen har spela inn mange plater og ei mengd opptak for NRK, og har halde ei rad konsertar i inn- og utland. Han har vunne ei lang rad kappleikar. Han vart æresmedlem i Landslaget for spelemenn i 1991 og fekk kongens fortenstmedalje i gull i 2003. I samband med jubileet gjev Sylvartun Folkemusikk ut ein CD med opptak av jubilanten frå 1986 og dokumentar frå 1982. Biletet her er frå Ål i 2001.
 (23. mai 2013)
Folkemusikkfestivalar får nye leiarar
Ragnhild Furebotten har blitt leiar for folkemusikkfestivalen Kalottspel. Ho har tidlegare vore styreleiar i festivalen, men fråtrer i den perioden ho skal vere festivalleiar. Ho startar i eit år vikariat frå 1. juli medan Sigrunn Haugli har permisjon.
Ved Telemarkfestivalen sluttar Asgaut Bakken som leiar etter 2 år. Etter han blir det eit leiarteam - Annette Winkelmann og Kristoffer Mosfjeld.
 (23/5-13)
Diverse stillingar ledig på folkedans/folkemusikk-feltet
Dagleg leiar for Kalottspel er ledig frå 1. juli 2013. Søknadsfris 15 mars.
Organisasjonssekretær for BUL/Ervingen Bergen, vikariat, eit år frå 1. august 2013.
Instrumentmakar ved Valdresmusea, 60% stilling.
Prosjektleiar for Bygda dansar i Telemark, søknadsfrist 2. april.
Prosjektleiar for Bygda dansar i Vest-Agder, frå 1. ept 2013.
Les meir om desse stillingane her: www.folkemusikk.no  (Lyst på ny jobb)
(30/3-13)
Ottar Kaasa vann Spelemannsprisen
I klassen for folkemusikk/tradisjonsmusikk var det i år Ottar Kaasa som vann, med si første soloplate på plateselskapet Ta:lik. Ottar Kaasa vann landskappleiken både i år og i fjor. Dei to andre nominerte i folkemusikk var Annbjørg Lien og Nikko Valkepää. Les meir her.
 (30/3-13)
Ny leiar for Osa-festivalen på Voss
Tormod Kleiveland overtar som dagleg leiar for Osa-festivalen i 50% stilling er avgåande Kari Margrethe Okstad. Kleiveland er bachelor i kultur frå Høgskulen i Telemark, og har i ei rekkje år vore aktiv spelemann og arrangør. Sjå meir her.
 (26/2-13)
DVD'ar frå Nordlek i Steinkjer 2012 til sals
Det er no fleire ulike DVD'ar å få kjøpt med opptak frå siste Nordlek. Du kan få kjøpt dei her: http://butikk.nordlek.no/
 (26/02-13)
Ballade startar opp på nytt
Nettstaden Ballade.no, som også skriv mykje om folkemusikk, vart lagt ned for ei tid sidan, men gjenoppstår i mars, med Ida Habberstad som ny redaktør. Det er Norsk Komponistforening (NKF) og Norsk forening for komponister og tekstforfattere (NOPA) som står bak relanseringa, og det skal bli meir fagstoff og mindre bransjenytt i den nye utgåva. Les meir her.
 (26/02-13)
Stillinga som dagleg leiar for Rff utlyst på nytt
Egil Bakka skal bli pensjonist, og stillinga hans som leiar for Rff-senteret er lyst ut på nytt. Sjå heile utlysinga her.
 (22/01-13)
Fin eigenprodusert konsert på Riksscenen
Dei mange som var til stades på riksscenen 19. januar. Tore Bruvoll hadde fått i oppdrag av Riksscenen til å engasjere musikarar og lage ein ny konsert. Bruvoll fekk samla 8 av våre beste folkemusikarar, og dei var samla i 3 dagar og utarbeidde konserten. Det vart fortalt at Riksscena har fått 1 mill kr ekstra til slike tiltak.
 (22/01-13)
Anna Skjelten Gjendem ny dagleg leiar ved Folkemusikkarkivet ved M&R
Anna (24) er frå Molde og er folkedansar og tar utdanning innan tradisjonskunst. Det er første gongen at ein folkedansar blir dagleg leiar for Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal. Arkivet ligg i Volda og stillinga er på 50%. Anna er elles ei av dei 4 som tok eksamen i utøvarstudiet i tradisjonsdans ved Universitetet i Trondheim i haust. Les meir her. Ved utøvarstudiet presenterte ho mellom anna to "nye" dansar frå Møre og Romsdal: Hambo frå Ona og Springar frå Tafjord. Her er eit videoopptak der Anna dansar Hambo frå Ona, frå eksamen i Trondheim.
 (07/01-13)
Evaluering: "Folkelarm" bør halde fram
Bransjetreffet Folkelarm har vore skipa til frå 2005, og eit utval har no levert ein rapport om framtida for Folkelarm. Konklusjonen er at Folkelarm trengst, men at det bør gjerast diverse endringar, og treffet må få ein tydeleg profil. Dei som ar vore med i evalueringsutvalet er Jan Lothe Eriksen, Torill Faleide, Anne Hytta og Øyvin Skjerven Larsen. Rapporten blir drøfta på eit seminar i dag 7. januar på Riksscenen i Oslo. Les meir her.
 (07/01-13)
Det Norske Teatret har opna jubileumsåret
2013 er som kjent eit jubileumsår - jubileum for Ivar Aasen og for Det Norske Teatret ikkje minst. Det Norske Teatret har starta jubileumsåret alt, og har mange planar for det som skal skje vidare. Les om det her.
 (3/01-13)
"Bygda dansar" i Buskerud gjekk med overskot
Prosjektet i Buskerud vart avslutta i 2012 og sluttrapporten ligg no føre. Prosjektet "Danseru" gjekk med vel kr 100 00 i overskot. Gjennom 3 år fekk dei 3 millionar frå Kulturdepartementet, 300 000 frå Buskerud Fylkeskommune og hadde 50 000 i andre inntekter. Dei tidlegare tre prosjekta i serien var i Sogn og Fjordane, Oppland og i Møre og Romsdal. Dei gjekk alle med noko underskot.
"Bygda dansar", som Rff står bak, er no meir aktiv enn nokon gong. Det er prosjekt i gang på siste året i Nord-Trøndelag ("Trø te'"), i Aust-Agder ("Egdedans") og i Hedmark ("Lek Østa") i tillegg til eit samarbeidsprosjekt med Sverige finanisert av EU. Les meir om desse prosjekta her.
 (2/1-2013)
Eit viktig spørsmål: Kva er norsk kultur?
Vi startar det nye året med å vise til eit skriftleg svar frål kulturministeren i Stortinget i desember der ho svarar på eit spørsmål frå Christian Tybring-Gjedde om vern av vårt lands kultur og tradisjonar. Svaret frå Hadia Tajik finn du her.
 (1/1-13)
Godt nytt år 2013
Eg ynskjer alle lesarar godt nytt år!
Helsing
Vebjørn Bakken
 (1/1-2013)
Folkelarmprisane for 2012
Det er ei stund sidan dei vart utdelt i Bergen, men vi tar dei med ved slutten av året:
Årets folkemusikar 2012: Inga Juuso
Solospel: Ottr Kåsa (Ta:lik)
Tradisjonelt samspel: Arne Anderdal, Godsruta (Etnisk Musikklubb)
Dokumentasjon: Olav Snortheim (Ta:lik)
Nye prisar i år:
Årets lokallag: Seljord Spelemannslag
Årets folkemusikkarrangør: Columbi Egg, Bergen
 (27/12-12)
Erlend Apneseth vann Grappas debutantpris 2012
Erlend Apneseth (22) frå Jølster vann årets debutantpris frå Grappa. Saman med andre frå Jølster spela han på plata Jølster 2012 som kom i år. Han er A-klassespelemann. Han er den sjette vinnaren i rekkja, etter Valkyrien Allstars, Gjermund Larsen, Siri Nilsen, Frida Ånnevik og Moskus.
 (27/12-12)
Audhild Flaktveit Moxnes sin minne pris for 2012
Minneprisen for 2012 vart tildelt den unge stryningen Nikolai Storevik på kr 10 000. Prisen vart utdelt under vestlandskappleiken i år.
 (27/12-12)
INTRO-folk prisen 2012
Denne prisen vann Erlend Viken på Kalottspel.
Dei andre i finalen var Mari Skeide Ljones, Andreas Bjørkås.
 (27/12-12)
Ensemblestøtte for 2013
Desse  fekk ensemblestøtte for 2012 innan folkemusikk:
Gjertruds Sigøynerorkester, Majorstuen, Rgnhild Furubotten - aldri på en søndag, Rumi ensemble, Sigrid Moldestad & band, Tindra.
 (27/12-12)
Nettavisa Ballade vert lagt ned
Det har vore usikkert korleis nettavisa Ballade skulle vidareførast etter at eigaren  MIC Norsk Musikkinformasjon vart nedlagt. Ballade har vore ei god nettavis med uavhengig informasjon om norsk musikk, også om norsk folkemusikk. Les meir her.
 (26/12-12)
Også folkemusikkfestivalane får bra offentleg støtte
Støtta til festivalane frå Norsk Kulturråd for 2013 er no offentleggjort, og samla auke er på 3 mill. kroner. Hilmarfestivalen er mellom dei som får mest i auke - kr 75 000. Også Telemarkfestivalen, Osa-festivalen, Jørn Hilme-stemnet og Kalottspel får meir enn i fjor. Her er nokre av stønadssummane for 2013:
Folkedansfestivalen (tidllegare NU-stemnet) kr 100 000
Folkemusikkveka i Ål  kr 750 000
Hilmarfestivalen i Steinkjer   kr 575 000
Jørn Hilme-stemnet på Fagernes   kr 875 000
Kalottspel (Tromsø)  kr 275 000
Nordsjøfestivalen Farsund  kr 350 000
Osa-festivalen på Voss   kr 350 000
Telemarkfestivalen i Bø   kr 900 000
Førdefestivalen får som kjent midlar direkte over statsbudsjettet, og meir enn dei andre som knutepunktfestival. Nokre mindre festivalar får elles støtte via arrangørstøtteordninga.+
 (20/12-12)
Sigurd Reinton prosjektleiar for Folkelarm
Sigurd Reinton (40) er tilsett som ny prosjektleiar for Folkelarm. Folkelarm er det årlege bransjetreffet i Oslo for folkemusikk. Folkelarm har vore skipa til sidan 2005. Det er FolkOrg som står bak. Sigurd Reinton har arbeidd innan kulturlivet i Oslo i over 10 år, mellom anna på Det Norske Teatret, Blå og Kulturslottet Soria Moria. Han er også prosjektleiar for Musikkbyen Oslo, er produsent for TEDx Oslo og driv sitt eige produksjonsselskap Kulturselskapet.
 (12/12-12)
Oslo Songdanslag med jubileumsbok
Oslo Songdanslag feirar i år 90 år, og på julefesten sin 10. desember lansert eit jubileumsskrift. Lagssoga fortel ikkje berrre om laget, men også om folkedansen meir generelt både i Oslo og i landet elles. Boka er på 350 A4 sider, innehels 800 bilete ca 200 faksimilar/teikningar og har stive permar. Eit stort løft for eit lag med berre 30 medlemer! Boka kostar kr 400, og kan kjøpast hjå Vebjørn Bakken, tlf 90194897, vebbak@online.no. Vebjørn er også forfattaren av boka. Oslo Songdanslag er det eldste sjølvstendige laget som har hatt folkedans som sitt hovudfokus. Det vart skipa av ungdomar på austkanten i Oslo i 1922, og har har vore aktivt i alle år bortsett frå under krigen.
 (11/12-12)
Mange julekonsertar med folkemusikk kringom i landet
Desember er sjølvsagt ei blømingstid for julekonsertar, og det er mange fine konsertar også med folkemusikk. Mellom dei som er i sving finn vi Sondre Bratland, Reidun Hovrei og Frank Rolland, Majorstuen, Reppe/Storli/Morken, Bygdelagskoret i Oslo og fleire. Sjå her.

 (10/12 - 12)
Landsfestivalen i Vågå 2012 gjekk med stort overskot
Det vart heile kr 722 000 i overskot på den siste Landsfestivalen, vart det opplyst under dugnadsfesten. Pengane skal gå til rekrutteringsarbeid.  Meir her.
 (10/12-12)

Folkemusikkfestival på Norges Musikkhøgskole
I månadsskiftet november/desember inviterer Norges Musikkhøgskole til festival, i samband med at det er 200 år sidan Ludvig Matias Lindemann vart fødd. Det blir fleire konsertar, kurs i kveding og song, utdeling av Lindemannprisen til Sven Nyhus og Terje Kvam. Les meir om programmet her.
 (10/12-12)

Nytt dansetilbod i Oslo
Mange av dei aktive folkedansarane i Oslo og andre stader er  blitt pensjonistar. Danselaga Symra og Oslo Songdanslag prøver i haust å lage ein ny dansearena for dei som har fri på dagtid: "Dans på dagtid" kallar dei tilbodet som i første omgang går to måndagar denne hausten, i Halli i Nordahl Brunsgt 22 kl 13-15. Tilbodet er tenkt i første rekkje for dei som kan ein del folkedans frå før. Det er variert dans, både runddans, turdans og songdans, og kaker og kaffi/te. Vebjørn Bakken leier dansen og Hallvar Opheim spelar torader. Biletet er frå første kvelden. Neste gong er 26. november, kl 13-15.
 (15/11-2012)

Utgreiinga om norsk folkedans på 2000-talet ligg føre
Johan Einar Bjerkem fekk i oppdrag av Rff, NU og FolkOrg å lage eit utgreiing om stoda for norsk folkedans. Utgreiinga ligg no føre og kan lesast på Internett:
(15/11-2012)

Tuva Syvertsen i Valkyrien Allstars vart nr 2 i Stjernekamp
Tuva Syvertsen gjorde det svært godt i TV-programmet Stjernekamp som har gått fleire laurdagar på NRK. Ho kom til finalen og vart nr 2. Eit svært bra resultat og god reklame også for norsk folkemusikk. Gratulerer!
 (15/11-2012)

Rff-risen til Elisabeth Kværne

Prisen for 2012 er bestemt skal gå til Elisabeth Kværne (1953) for sin omfattande innsats for folkemusikk og folkedans, særleg for arbeidet med langeleik. I sitt vaksne liv har ho budd det meste av tida i Valdres, og jobba mykje på Valdres Folkemuseum på Fagernes i tillegg til at ho har vore gardbrukar i Aurdal. Ho har vore med på mange konsertar og kappleikare, og ga så tidleg som i 1985 ut plata "På langeleik". Ho har også gjort ein omfattande administrativ innsats på mange område, i ulike komitear og styre, mellom anna i Rådet for folkemusikk og folkedans i åra 1990 - 2004. Prisen blir utdelt 1. november og er på 25 000 kroner og ein plakett.
 (15/11-2012)

Nordlek 2012 i Steinkjer vel gjennomført

Midt i juli, 10 - 15, gjekk Nordlek 2012 av stabelen i Steinkjer. Det vart eit nytt vellukka stemne, og veret vart også brukbart. Det var Hilmarfestivalen som var teknisk arrangør på vegner av Noregs Ungdomslag. Det var 1850 påmeldte til stemnet, og det er meir enn sist, i Lathi for 3 år sidan var det 1600, men i tillegg var det ein god del lokalfolk som deltok på arrangementa, til saman ca 3000. (I Lathi var det ca 2500). Som vanleg var det bra med folk frå Finland, langt færre frå Sverige og Danmark. Frå Færøyane, Island, Grønland og Åland var det også kontingentar, og frå land utanom norden, særleg frå USA. Denne gongen prøvde arrangørane å finne ei balanse mellom nyskaping og tradisjon, og det lukkast dei godt med. Det var mange fine konsertar og forestillingar av svært høg kvalitet, og sjølvsagt mykje dans for alle, dansekurs og utflukter av ulike slag. Eit fint arrangement på Stiklestad inngjekk også med mykje kultur frå Færøyane og Island. NU, Nordleik og Hilmarfestivalen kan vere godt nøgd med Nordleik 2012. Neste Nordleik skal vere i Viborg i Danmark om 3 år. Her er ei samling med bilete frå stemnet.
 (20/07-2012)
Martin Myhr får Rff-prisen for 2011
Dansaren Martin Myhr (1960) frå Trysil får Rff-prisen for sitt allsidige arbeid for folkedansen, som dansar, formidlar og inspirator. Han har vunne landskappleiken 7 gonger. Sidan 1991 har han arbeidd som frilans dansar, med halling som spesiale. Sidan 1980 har han gjennomført meir enn 2000  skulekonsertar, og vore med i over 20 teateroppsettingar. Han er kanskje mest kjent frå dansekompaniet Frikar og frå familieforestillinga Putti Plutti Pott. Han har gjert ei svært stor innsats som instruktør på alle plan. Han bur no i Torpo og er gift med Gunnlaug Lien Myhr.Prisen skal delast ut 3. november. (Bilete: Lillian Grimsgård)
 (12/09-11)
Utgreiing om norsk folkedans blir leia av Johan Einar Bjerkem
Rådet for folkemusikk og folkedan, NU og Folkorg har sett igang ei utgreiing om norsk folkedans, og har tilsett Johan Einar Bjerkem til å lage utgreiinga. Til å hjelpe Bjerkem med utgreiinga har dei nedsett ei ressursgruppe: Gro Marie Svida (leiar) (Rådet), Egil Bakka (Rff-sentret), Synnøve Jørgensen (NU), Marianne Dahl (NU), Sigurd Johan Heide (FolkOrg), Frode Rolandsgard (FolkOrg). Bjerkem har brei røynsle som folkedansar, pedagog, organisator og utgreiar, og er tidlegare leiar i NU. Han er no dagleg leiar for Hilmarfestivalen. Meir her.
 (03/05-11)
Jubileumsbok: Symra 50 år
Folkedanslaget Symra i Oslo har i fleire 10-år vore ein av våre mest aktive leikarringar. I 2010 feira laget 50-års jubileum, og no ligg jubileumsboka deira også føre. Det er ei stor flott bok på over 300 sider, A4-format og over 830 bilete, dei flleste i fargar. Boka gjev ei grundig dokumentasjon av korleis laget har utvikla seg, og fortel også meir generelt om folkedansen i Noreg, slikt som NU-stemne, BLS-stemne, Nordleik og Isleik. Det er Vebjørn bakken som er redaktør og han har også gjort det meste av skrivearbeidet og tilrettelegginga for trykking. Boka er trykt i Latvia. I tilleg til boka gjev dei også ut ein DVD med ei mengd bilete frå livet i laget. Boka kostar kr 300 og DVD-en kr 100. Boka kan bestillast hjå Symra: vebbak@online.no
 (03/05-11)
Spellemannsprisen for folkemusikk til Unni Boksasp
Spelemannsprisen er nyleg utdelt og i klassen for folkemusikk/gamaldans gjekk prisen til Unni Boksasp Ensemble med plata Keramello. Dei vann ogs Folkelarms platepris for same CDen. Dei tre andre nominerte var Gjermund Larsen trio med "Aurum", Ingvill Marit Buen og Per Anders Buen med "Salme, segn og solbøn", Sondre Bratland/Annbjørg Lien med "Alle vegne". Unni Boksasp er frå Nordmøre, men bur no i Tinn. I tillegg til Unni er desse med i ensemblet: Jorun Marie Kvernberg, Trygve Bøksle, Olav Mjelva, Magne vestrum og Petter Berndale.
 (08/03-11)
God jul og godt nytt år!
Vi ynskjer alle lesarar og informantar ei god jul og eit godt nytt år!
Helsing
Vebjørn Bakken

Karin Brennesvik får Buskerud fylkeskommunes kulturpris

Prisen vert delt ut i Drammen teater 8. februar 2011. Karin Brennesvik (67) er frå Bærum/Oslo men har budd i Jondalen det meste av livet. Ho har gjennom mange 10-år vore ein av våre fremste folkedansarar, spesielt innan tradisjonane frå Telemark, Buskerud og Valdres. Ho har gjennom heile livet drive eit omfattande opplæringsarbeid, både i vårt land og utanlands, særleg i USA, og er velkjent som dansepedagog. Ho har delteke på ei lang rekkje kappleikar, og alltid med svært gode resultat. Ho er æresmedlem i FolkORG. Ho fekk si opplæring i bygdedans tidleg på 60-talet av solide tradisjonsbærarar som Gullik Kirkevoll, Kjetil Løndal og Ola Guroplass. Før ho vart 20 år vart ho danseinstruktør i NU. I 1972 starta ho Småjondølene, og har i dette laget lagt ned eit stort arbeid, som har bore rike frukter.
 (15/12-10)
Knut og Jørgen Trøen æresmedlemer i Vestre Slidre folkemusikk og danselag
Brørne Knut og Jørgen Trøen vart under ein konsert i spelemannslaget utnemnt til æresmedlemer. Knut har gjort ein stor innsats som spelemann og Jørgen mest som dansar.
 (10/12-10)
Frikar får 700 000 av Kulturrådet
Norsk Kulturråd har delt ut pengar til ulike prosjekt som frie grupper har søkt om innan dans og teater. Mellom anna har dansegruppa Frikar fått 700 000 kr til eit prosjekt der dei skal  utforske fysiske kommunikasjonsmetoder i møte med kinesiske Wushu-dansarar.
 (13/12-10)
NU lyser ut 2 prosjektstillingar
NU melder at dei vil lyse ut to prosjektstillingar til våren. Den eine gjeld Nordic Dance 2012 og den andre Kulturskoleprosjektet i Skogn.
 (10/12-10)

Ein halv million kroner ekstra til Folkedansen i NU
I eit forlik mellom regjeringspartia og KRF har Stortinget løyvt ein halv million ekstra til folkedansen. Dette vil NU bruke mellom anna til å utdanne fleire instruktørar og gjennomføre nasjonale prosjekt.
 (10/12-10)

Arne M. Sølvberg har fått Kongens fortenstmedalje i sølv
For nokre dagar sidan fylte spelemannen og dansaren Arne M. Sølvberg 60 år, og på ein konsert i regi av spelemannslaget hans Fjelljom vart han tildelt kongens fortenstmedalje i sølv. I tilegg til å vere spelemann og dansar, har Arne også gjort ein stor innsats som administrator på mange plan, både i Ladslaget for Spelemenn og i Rådet for Folkemusikk og folkedans, og ikkje minst i Fjelljom der han har vore musikalsk leiar sidan 1979. Arne har vore med på eit utal kappleikar, både på fele og hardingfele, og fått gode plasseringar. Han har halde ei rad konsertar i inn- og utland, har gjeve ut fleire plater, og vore domar på ei lang rad kappleikar. Han er også kjent som den som komponerte Kongeslåtten som vart spela utafor slåttet i høve kongens 80 års dag. Ein svært velfortent heider! Les meir her.
 (08/12-10)

Nytt om "Bygda dansar" - prosjektet
Bygda dansar er det store danseprosjektet som tar sikt på å rekruttere ungdom til å bli dugande dansarar og sceniske utøvarar. Rff står bak og dei får bra støtte frå staten. Prosjektet tar for seg eit nytt fylke annakvart år. Det siste fylke som nyleg er kome i gang er Nord-Trøndelag. Dei som har vore med så langt før er :
Fjordapuls, Sogn og Fjordane (Pilotprosjekt haust 2001 til vår 2004), Snu nordvest, Møre og Romsdal  (haust 2004 til vår 2007), Lea de, Oppland (høst 2007 til vår 2010), Danseru’ Buskerud (haust 2009 til vår 2012), Trø te,  Nord-Trøndelag (haust 2010 til vår 2013). I ei pressemelding fortel Sigurd Johan Heide at i Buskerud er Gro Marie Svidal frå Jølster tilsett som ny lokal prosjektleiar etter Marte Frihetsli, ved sida av Martin Myhr.
 (25/11-10)


Folkemusikkorganisasjonen har fått namnet FolkOrg
I ei pressemelding fortel dei at det første årdinære årsmøtet i Bergen har vedteke at organisasjonen skal ha namnet FolkOrg. Alle som sat i det gamle styret vart attvalde, dvs at Maria Høgetveit Berg held fram som leiar i organisasjonen.
 Det var heile 100 utsendingar på årsmøtet og stor interesse og engasjement. Neste årsmøte i organisasjonen blir allereide i april.
 (25/11-10)
Hilmar-prisen til Kirsten Bråten Berg

Hilmar Alexandersens minnepris går i 2010 til folkesongaren Kirsten Bråten Berg. For første gong har ein songar fått prisen på kr 10000 og diplom. Berg har gjeve ut ei lang rekkje plater, både solo og saman med andre. Nyleg ga ho ut CDen Songen med songar som blir brukt i leikarringane i songdansen. Berg har også halde ei lang rekkje konsertar, som oftast saman med andre, til dømes Arild Andersen. Berg har tidlegare blitt ridder av 1. klasse av St Olavs Orden.
 (4/11-10)
Rff-prisen 2010 til Leif Rygg
Rff-prisen for 2010 vil bli tildelt spelemannen Leif Rygg frå Voss. Leif Rygg har i ei lang rekkje år vore mellom våre fremste spelemenn. Han har vunne Lands-kappleiken i spel på hardingfele 5 gonger - 1977,1980, 1994, 1996 og 1999. Han har gjeve ut fleire plater. Han starta musikkforlaget "Spelarhaugen Folkemusikk" og har vore med i fleire folkemusikkgrupper. Han har vore med i styret i Ole Bull Akademiet i mange år, og har hatt mange tillitsverv både i Voss, på fylkesnivå og i Landslaget for Spelemenn. Prisen vert delt ut på Riksscenen 4. november.
 (09/10-10)
Helge Skansen ny dagleg leiar for Riksscenen
Frå 15. september overtok Helge Skansen som ny dagleg leiar for Riksscenen i Schoukvartalet i Oslo. Han overtok etter Jan Lothe Eriksen. Det er fem andre tilsette ved Riksscenen. Sjå her: http://www.riksscenen.no
 (09/10-2010)
Nytt dansehefte med mange nye songdansar
I august 2010 kom eit nytt dansehefte med 24 nye songdansar og 2 musikkdansar. Dansane har vore laga og utprøvd over mange år i Symra og Oslo Songdanslag. Det er Vebjørn Bakken som gjev ut heftet i samarbeid med kona Inger Frøydis, Marianne Dahl og Anders Saxhaug, Symra og Oslo Songdanslag. Vebjørn har også laga dei fleste dansemåtane.  Kunstnaren Harald Aadnevik har illustrert heftet med over 20 flotte fargeteikningar. Her finn vi mange viser som til dømes Menuett i mai, Mellom bakkar og berg, Jentelokken. Heftet kostar kr 150, og kan bestillast hjå Vebjørn: vebbak@online.no eller 90194897. Det blir også utgitt ein DVD med video av dansane.
 (01/09-2010)
Isleik 2010 var eit flott oppleving
Folkedansstemnet Isleik 2010 vart ei rik oppleving for alle som var med frå 6 til 17. juli 2010. Det var totalt ca 370 deltakarar på stemnet som folkedanslaget i Reykjavik står som arrangør for. Det var 145 frå Noreg, men også gode flokkar frå Færøyande og Grønland i tilleg til frå Danmark, Finland og Sverike. På dagtid var det mange dagsturar til ulike spennande stader, til dømes Vestmannaeyar. Om kveldane var det nordisk folkedans. Det vesle laget i Reykjavik la ned eit svært stort arbeid både med førebuing og gjennomføring av stemnet. Difor er det svært fortent at alt lukkast så vel.  Her kan du finne ei lang biletreportasje frå stemnet.
 (20/07-10)
Linda Dyrnes ny dagleg leiar i Folkemusikkorganisasjonen FolkOrg
Dyrnes (41) skal byrje i jobben 1. august. Ho er no leiar for kultur i Eidsberg kommune, og er utdanna m
edievitar frå Universitetet i Bergen. Ho har jobba i Eidsberg sidan 2001. Ho kjem opprinneleg frå Kristiansund, men har dei siste 14 åra vore busett i Mysen. Dyrnes har ikkje vore aktiv innan folkemusikk og folkedans, men er i full gang med å lytte til folkemusikk og les gamle Spelemannsblad. Ho skal pendle frå Mysen til kontoret i Oslo. Foto Trym Gulla Dyrnes
 (19/04-10)
Nytt kappleiksreglement
Folkemusikk og folkedansorganisasjonen har utarbeidd eit nytt reglement som skal gjelde for tevlingar i organisasjonen. reglementet blir likt både for Landskappleiken og for Landsfestivalen i gamaldansmusikk. Mellom dei nye tinga finn vi at alle deltakarane må vere medlemer av organisasjonen. Ingen kan stille som er synleg berusa. Alle betaler same startavgift enten dei er i lag, i gruppe eller solo. Juniorar kan få lov å stille i seniorklassen. Du kan lese heile reglementet her.
 (30/03-10)
Programmet til Førdefestivalen er no klart
I årets program vil dei sette fokus på menneskerettane. Det er ei lang rekkje kjente og ukjente namn frå utlandet og mange kjente norske gruppe, lag og solistar som er med. Det blir også to urpremierer. Les heile programmet her.
 (30/03-10)
Stor feleinteresse i Ålesund - rekordsatsing på dei unge!
Ungdomslaget Ivar Åsen i Ålesund satsar på dei unge og felespel. Dei har kjøpt inn heile 21 feler og hardingfeler og 20 munnharper og har kurs kvar tysdag framover til påske. Annakvar veke er det hallingdans. Etter første kurset fekk dei 65 påmeldte. Dei satsar over 130 000 kr på prosjektet! Ny rekord for eit lokallag på eit slikt tiltak?
 (02/03-10)
Spelemannsbladet: Nytt namn men same innhald og redaktør
Spelemannsbladet heiter no Folkemusikk, og byggjer på det gamle spelemannsbladet og Kvinten  (medlemsbladet til NFD). Knut Aastad Braaten held fram som redaktør. Han lovar at innhaldet framleis skal dekke alle sider av folkemusikk og folkedans. Han hevdar også at omgrepet folkemusikk ikkje berre dekkjer musikk men også dansen. Vel, det kan nok diskuterast. Han skriv i leiaren i 5/2010 at bladet også vil presentere, meir enn før, folkekulturelle uttrykk med rot i andre land og i våre eigen minoritetskulturar. Elles har bladet fått delvis ny layout, med mange store bilete slik vi er blitt vant med frå mange andre magasin. Elles finn vi som vanleg mange interessante reportasjar og debattinnlegg. Til dømes "Tankar rundt tradisjon" av Knut Hamre og "Folkemusikken og scenen" av Mats Johansson, eit langt portrett av komponisten Lasse Thoresen og ei reportasje om "Bygda dansar"-prosjektet.
 (02/03-10)
Heidi Elise Kvale ny styreleiar for Telemarkfestivalen
Hilde Pedersen har slutta etter tre år som styreleiar. Ho er 30 år og dagleg leiar for Kroa i Bø.Dagleg leiar Annette Winkelmann går ut i fødselspermisjon 1. februar og Ingebjørg Nordbø vil fungere som i staden hennar i 2010. Telemarkfestivalen gjekk i 2009 med eit overskot på 65000 kr, og dei fekk også auka tilskot frå Norsk Kulturråd for 2010 frå 850 000 kr til 900 000 kr. Budsjettet deira er no på 2,1 mill kr.
 (16/02-10)
Jan Lothe Eriksen ved Riksscenen sluttar
Eriksen har sagt opp stillinga som dagleg leiar for Riksscenen for folkemusikk og dans. Han har vore leiar der frå 2007. Han seier til Ballade at han er sliten etter for mange motbakkar og få unnabakkar. Han er kritisk til at departementet ikkje følgjer opp dei lovnadane som Stortinget har gjeve. I år fekk Riksscenen 18 mill kr medan dei søkte om 25,9 mill. Dette gjer at aktiviteten blir langt lavare enn ein hadde trudd. Opninga av Riksscenen blir også utsett frå i vår til hausten.Lothe Eriksen gjorde ein viktig jobb for Norsk folkemusikk og danselag før han vart dagleg leiar for Riksscenen. Les meir om dette her.
 (06/02-10)
Dagleg leiar i LfS Magnar Sundt (1955-2010) er død
Den mangeårige leiaren i Landslaget for Spelemenn, no dagleg leiar i den nye folkemusikk og folkedansorganisasjonen, døydde brått og uventa i heimen sin i Feragen 27. januar 2010. Magnar Sundt var spelemann og dansar, mellom anna i Østerdølenes spelemannslag. Med unntak av 4 år i Krødsherad, var han dagleg leiar i Landslaget for Spelemenn heilt frå 1984, og var i full aktivitet til han døydde. I hans tid vaks sekretariatet i LfS frå 1 stilling til i dag 9 stillingar i den nye organisasjonen. Magnar Sundt la ned eit stort og samvitsfullt arbeid i LfS. Han var ein stillfarande men effektiv og høgt respektert leiar. Les minneord om han her.
 (06/02-10)
Sterkt norsk innslag på festivalen Celtic Connections
Det var heile 6 norske grupper med på denne viktige festivalen i Glasgow: Valkyrien Allstars, Gjermund Larsen trio, Synnøve S. Bjørset, Skaidi, Unni Boksasp ensemble, og Majorstuen. Det var  liveopptak på BBC Radio 3, seminar, plateslepp, mottaking og jam-sessions på fes
tivalklubben. Les meir her.
 (06/02-10)
Susanne Lundeng solo på Riksscenen i Oslo
Susanne Lundeng er neste ut på den nye scena, etter at Buen og Bjørgum opna scena. Ho er sjeldan å høyre solo, så det blir ei fin anledning for dei som er i Oslo 28. januar. Konserten startar kl 20.30. Les meir her.
 (28/01-10)
Nominasjonar til Spelemannsprisen 2009
Nominasjonane er klare.
 I folkemusikk/gamaldans er desse nominert:

Daniel Sanden-Warg/Sigurd Brokke –Rammeslag 2 (Etnisk Musikklubb)
Olav Luksengård Mjelva – Fele/Hardingfele, Røros/Hallingdal (Etnisk Musikklubb)
Synnøve S. Bjørset – Slåttar (ta:lik)
I klassen barneplater:
Gjermund Larsen og Bom Basker – Går I Fjøs (Øra Fonogram)
I klassen viser:
Aasmund Nordstoga – Ein Visefugg (Warner Music Norway)
Helene Bøksle – Morild (Polydor/Universal Music)
Utdelinga skjer laurdag 6. mars i Oslo spektrum.
 (28/01-10)
Hardingfelesenter både i Bø og Hardanger?
I Bø har dei nå etablert ein organisasjon for eit hardingfelesenter, men i Hardanger har dei også planar om dette. Kan det bli tale om eit smarbeid? Sjå Bitustøyl sin artikkel.
 (28/01-10)
Stilling som folkemusikkrådgjevar
I Den nye folkemusikkorganisasjonen er det lyst ledig ei stilling som Rådgjevar i folkemusikkformidling. Rådgjevaren skal særleg arbeide mot utlandet, og dei store prosjekta. Sjå utlysinga her.
 (28/01-10)
Fin konsert opna Folkemusikkscena
Torsdag 21. januar var det opningskonsert i den minste salen på den nye Folkemusikkscena i Oslo i Schau-kvartalet. Det var ingen ringare enn Knut Buen og Hallvard T. Bjørgum som heldt opningskonserten og det var stappfullt med folk. På biletet ser vi dei to i aksjon. Det var ein intim og uformell konsert som var krydra av morosame historier og dikt. Salen hadde fin akustikk, og det er sonen til Knut Buen som har vore med som konsulent.  Det er Folkemusikkscena og OsloFOLK som står bak konsertserien i vår. Neste torsdag held det fram i same fine stil - då er det Susanne Lundeng som står på scena.
 (22/01-10)
Folkemusikk og folkedans-side for på engelsk
Sida www.folkmusic.no er under utvikling for å gje informasjon om norsk folkemusikk og norske folkemusikarar på engelsk. Sida  vil legge stor vekt på informasjon om det som skjer innan norsk folkemusikk i utlandet, men også gje informasjon om norsk folkemusikk og dans meir generelt. Sida er retta mot eit internasjonalt publikum. Det er ei vidareutvikling av det som var Norsk folkemusikkformidling. Det er folkemusikkonsulent Silje Førland Erdal som har hovudansvaret for sida.
 (11/01-10)
Noko nytt?  e-post til Vebjørn Bakken

Google - generelt søk

Eigenreklame for folkedans.com

- Alt som skjer!  "All" folkmusic and folkdance events in Scandinavia !!

- Hendingar i folkemusikk/dans
- Bruk stikkordsregisteret for å finne  fram
- Biografiar om eldre spelemenn og andre 
- Rettleiingar i dansar
- Stildanssida
- Songdanssida - songdansen 100 år

 

Ting som skjer

Alt som skjer /"All folk events"!
(i heile landet og delvis i utlandet)

 
Festivalar / "Folk Festivals"

Årvisse  store festivalar / " Yearly big Festivals"
Landskappleiken  (2018: Trysil (27 juni-01 juli)
Landsfestivalen  (2018: Skjåk (01-05 august)
Førde Intern. F.m.festival  (2018: 04 -08 juli )
Telemarkfestivalen, Bø  (2018: 10.-12. august)

Den norske Folkemusikkveka (2018: 24 - 27 mai)
Jørn Hilmestemnet, Fagernes (2018: 08 - 15 juli)
Dansefestivalen, Nord-Sel  (2015: 07-12 juli)
Låvende saker, Rudi Gard  
Nordsjøfestivalen, Farsund (2018: 30 - 02 aug/sep)
Osa-festivalen Voss
 (2018: 26 - 28 okt)
Riddu Riddu Festivalen
Kåfjord (2018: 12-15 juli)
Kalottspel, Målselv 2017: 09-13 august
HILMARfestivalen, Steinkjer (2018: 07-11 november)
Vestlandskappleiken 2017: Askvoll 13-14 okt.
Nordlek 2018: Falund, 10-15 juli
Folkelarm 2017, Oslo 16-19 november

 

Viktige lekkjer

NRK Alltid Folkemusikk
NRK Kulturkanalen P2  
·
Folkemusikktimen: Søndag 18.03-19.00
· Reprise Folkemusikkt.: Tirsdag kl. 20.30
· Jungeltelegrafen: Laurdag 14.03-15.00
  

Organisasjonar

Noregs Ungdomslag
Folkemusikk og folkedans organisasjonen FolkOrg
Rådet for folkemusikk og folkedans
Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt
NRK-folkemusikk
Norges Husflidslag
Riksscena for folkemusikk og folkedans
Norsk folkemusikklag
Nordlek
NTNU - dans/folkedans
Musikkens hus- oversikt
Dans i skolen DiS
Feleverka - Norsk folkemusikksamling
Norsk Folkemusikksamling
Norsk visearkiv
Norsk musikkinformasjon
Studieforbundet Kultur og Tradisjon
Norsk kvedarforum
Norsk munnharpeforum
Norske trekkspilleres Landsforbund (NTL)
BLS, Oslo
SAFFA, Akershus
By- og Bygdelagsforbundet
Ole Bull Akademiet, Voss
Norsk Folkedraktforum
Norsk kulturråd
CIOFF, folkedansutveksling

Gode Linkar

Folkemusikk.no
Ballade, nettavis-musikk
www.folkmusic.no  engelskspråkleg
Folkemusikkscena
Folkemusikktimen
Folkenett - plater/musikk (eng)
NRK-folkemusikk 
Lytte til musikk - kjøpe musikk Musikkonline
Etnisk Musikklubb
Spelemenn i Cyberspace
Lfs sine medlemslag
Magasinet BUNAD
Folkemusikkarkivet
Husfliden - utsal
Kulturnett.no
Hordaringen - Kva skjer?  Oversikt
Norske Festivaler   Oversikt
Norilds Musikk
www.trekkspill.no
Etnisk Musikklubb
Trekkspillarkivet
Norsk KulturhusNettverk
Gaida - Tidsskrift for Internasjonal dans
MODUS - senter for middelaldermusikk
Startsiden/Folkemusikk
Ole Bull Akademiet, Voss
Aktiv i Oslo - folkemusikk - oversikt
Aktiv i Oslo - folkedans - oversikt
Samspill - International Music Network
Nordisk folkemusikk og dans (engelsk)
Folkemusikk i Akershus
Folkemusikksenteret i Buskerud
Musikksamlingar i Norge
Valdres folkemusikklag

Nordiske linkar

Svenska Folkdansringen
Landsforeningen Danske folkedansere
ACLA svensk danerettleiing, video etc
Svenska Folkmusiklänkar
RFoD - Riksforeningen för folkmusik och dans
Heimskringla - gamle nordiske tekstar
Kultisdans (svensk, video, danserettleiing)
Dansglädje (gamaldans..)
Svensk visarkiv (svensk)
"Gröna boken" - svenske folkedansar
Skjaldesang (Danmark)
Balladeskolen (danske ballader)
Slaid Ring - dansesamskipnad Færøyane
Fótatraðk  i København
Folkemusikhuset i Stockholm

Utanlandske linkar

Dancilla - video av mange folkedansar

Hardanger fiddle association

Folk Allicance (USA)

Glimt frå tidlegare festivalar

Barnlek

Nordlek
Nordlek 2009 Lahti (30/6-5/7)
Nordleik 2012 Steinkjer 10 - 15 juli

Landskappleiken:

Landsfestivalen:

NU-stemnet/Folkekulturfestivalen:
 

Bilete


Tone Hulbækmo stiller harpa si under Midnattskonserten i Domkirkeruinane på Hamar under Kulturfestivalen til NU 31. juli 2009. Her er fleire bilete frå konserten.
  


Eit bilete frå den store bunadsparaden på Norsk Folkemuseum i samband med lanseringa av Norsk Bunadleksikon - det første leksikonet over norske bunader - over 400 til saman. På biletet ser vi bunader frå Hedemark. Her kan du sjå mange fleire bilete frå presentasjonen.
   

Andreas Bjørkås og Gjermund Larsen i drivande samspel på Norges Musikkhøgskoles julekonsert 5. desember 2004. Dei spelar ein "Limerock av Marc O'Connor". Dette var berre eit av mange høgdepunkt under konserten. Her kan du sjå bilete av alle dei andre som var med på den fine konserten.


Eit bilete frå førpremieren på "Meistermøy" i Oslo 20. mars 2004. Meistermøy er slutt-forestillinga til danseprosjektet "Fjordapuls" i Sogn og Fjordane.

   

Frå opninga av Nordlek 2003 i Næstved i Danmark i juli 2003. Dei store maskotane er godt synlege. Her finn du mange bilete frå stemnet.

  
Eit bilete frå Landskappleiken på Gjøvik 2003. Det er romsdalsparet Kjerstin og Palmer Løkseth som sit i solveggen saman med Erling Flem. Her dinn du fleire bilete frå Landskappleiken 2003.
   



Erling Aaning er ein aktiv felebyggjar. Han bur i Bærum og byrja som felemakar i godt vaksen alder. Han har laga knapt 100 feler dei fleste hardingfeler. Her ser vi han med den fela som Knut Trøen har kjøpt. Her kan du lese meir om felebyggjarar, både i notid og fortid.


Dette kjente motivet frå Røros tok vi under Rørosmarkna'n i februar 2002. Her kan du finne fleire bilete frå den spennande marknaden, med dans og pols i lange banar.
   

Hauk Buen i full konsentrasjon under konserten i lag med Olav Øyaland på Folkemusikkveka på Ål i mai 2001. Her kan du sjå mange bilete frå stemnet i Ål.
 

 

Tidlegare bilete: Trykk her!

Fleire (fleire eldre nyheter): Trykk her!

     
 
Fleire (eldre) bilete her      Fleire (eldre) nyheter her
 
Denne sida er: www.folkedans.com Tips ein ven om sida!
   
Treffteller Sist oppdatert 14/12-2017