Nordleik 2012 i Steinkjer
Midt i juli, 10 - 15, gjekk Nordlek 2012 av stabelen i
Steinkjer. Det vart eit nytt vellukka stemne, og veret
vart også brukbart. Det var Hilmarfestivalen som var
teknisk arrangør på vegner av Noregs Ungdomslag. Det var 1850 påmeldte til stemnet, og det er
meir enn sist, i Lathi for 3 år sidan var det 1600, men
i tillegg var det ein god del lokalfolk som deltok på
arrangementa, til saman ca 3000. (I Lathi var det ca
2500.) Som vanleg var det bra med folk frå Finland,
langt færre frå Sverige og Danmark. Frå Færøyane, Island,
Grønland og Åland var det også kontingentar, og frå land
utanom norden, særleg frå USA. Denne gongen prøvde
arrangørane å finne ei balanse mellom nyskaping og
tradisjon, og det lukkast dei godt med. Det var mange fine
konsertar og forestillingar av svært høg kvalitet, og
sjølvsagt mykje dans for alle, dansekurs og utflukter av
ulike slag. Eit fint arrangement på Stiklestad inngjekk
også med mykje kultur frå Færøyane og Island. NU, Nordleik
og Hilmarfestivalen kan vere godt nøgd med Nordleik 2012.
Neste Nordleik skal vere i Viborg i Danmark om 3 år.
Her er ei samling
med bilete frå stemnet.
Dei fleste bileta er med folk frå Symra og Oslo Songdanslag,
men også mange generelle bilete frå festivalen. Ein del av dei frå
Symra (og Oslo Songdanslag) overnatta på Steinkjer barneskule. Det
gjorde også fotografen.
|
Dette er frå opninga. Det er Vebjørn som ber det norske flagget.
|
Opninga. Flaggborga på veg inn.
|
Opninga. Flagga på veg ut att.
|
Frå opninga.
|
Opninga. Flaggverarane er med på Nordenfor Trondhjem.
|
Opninga. Færøyingane dansar oppe på "vaglet".
|
På Stiklestad var det Vestnordisk stemne med mykje færøydans og
islandsk dans. Her er nokre frå Symra og Oslo Songdanslag. Fleire
bilete nedover.
|
Dei tre som ikkje kom med på første bilete, laut få eit ekstra.
|
Først var det samling og orientering ut. Nils ynskjer alle velkomne.
|
Så fekk vi orientering om Stiklestad og det nye langhuset.
|
Gunnar, Liv og Inger Frøydis lytter.
|
Så fekk vi orientering om samanhengen mellom Stiklestad og Færøyane.
|
Så gjekk vi oppover til Langhuset.
|
Folk har benka seg i langhuset. Det vart fullt då færøydansen
starta.
|
Tre gudar var på plass fremst framme.
|
Etter nokre dansar fekkk vi mat ute. Islendingane er i ferd med å lage
ring.
|
Vi fekk sjå islandsk dans.
|
Inger Frøydis og mange andre ser på.
|
Nokre av dei andre frå Symra
|
Dei fleste vart med på den islandske dansen
|
Geir Egil bles på lur og andre instrument.
|
Oppe i Langhuset heldt islendingane fram med soga om Heilag Olav.
|
SigurdJon tar bilete av dei andre frå Island.
|
Vi fekk både song og tekstar
|
Så var det færøyane og færøydans igjen
|
Soga om Kark vart også dansa, og Nils orienterer.
|
Så er færøydansen i gang. Her tre svært gode skiparar.
|
Tore og Liv kunne mange vers, Anne Grethe er også med.
|
Her er dansen slutt, den siste var heile Ormen Lange.
|
To ihuga stordansarar - Tor og Åge.
|
Anne Grethe, Tore og Liv
|
Den færøyske leiaren Rasmus var godt nøgd med dansen.
|
Åge får seg ein prat med færøyingane etter dansen.
|
Gunnar var ikkje med i dansen, men hadde god utsikt frå kråa si.
|
Vi tok ein tur til Bjerkem-garden
|
Utstillinga i Bunad-stabburet var fin!
|
Her er vi i systova i 3. etasje.
|
I kulturhuset ved torget var det ei fin bunadutstilling.
|
Her skal det bli band i hår.
|
Øving til nasjonale framsyningar. Innheradspols.
|
Symra hadde framsyning på fredag. Trøndelag lokalradio (NRK) skulle
gjere opptak og kom til øvinga vår på skulen. Erik, Inger Frøydis og
Vebjørn vart intervjua. Vi ser alle dansarane saman med Johan Einar og
reporteren. Benjamin er spelemann.
|
Framsyning på Amfi. Vi stiller opp til Feiar frå Vestlandet.
|
Framsyning
|
Framsyning. Stjernetur.
|
Framsyning.
|
Framsyning
|
Framsyning
|
Framsyning
|
Framsyning. Fransese. Spelemann er Benjamin.
|
Framsyning. Fransese.
|
Framsyning. Fransese.
|
Framsyning. Menuett i mai. Vebjørn og Inger Frøydis.
|
Framsyning
|
Framsyning. Hans og hånån. Erik og Erna i midten.
|
Framsyning. Gamal reinlender.
|
Framsyning. Bjørg og Erik nærast.
|
Framsyning
|
Framsyning
|
Framsyning. Eystein og Oddny og Wenke.
|
Framsyning. Liv og Gunnar.
|
Framsyning.
|
Framsyning. Liv vinkar, og Gunnar ser på.
|
Framsyning. Anne Grethe og Tore.
|
Framsyning.
|
Framsyning, Inger Frøydis og Vebjørn.
|
Vi er komne til avslutninga kl 12 på laurdag. Færøyingane dansar.
|
Fant og Fente skulle danse på ei stor forestilling der også gruppa
Väsen deltok, og nokre av oss
andre skulle vere med på ein menuett. Her ventar vi på det.
|
Vi ventar framleis
|
Her er vi i gang med menuetten.
|
Og her dansar vi framleis menuett.
|
Pause mellom slaga, og ein kopp kaffi bak Hall 1.
|
Virginia og Eric kom heilt frå Seattle.
|
Nokre kjente fjes på benkeradene. Anne og Tor nærast.
|
Borna er i gang med si oppvisning ved midnatt.
|
Og så er det danskane som skal ta over neste gong i 2015.
|