Songdans-sida
Sida for alle som driv med songdans

Nytt dansehefte med mange nye songdansar
I august 2010 kom eit nytt dansehefte med 24 nye songdansar og 2 musikkdansar. Dansane har vore laga og utprøvd over mange år i Symra og Oslo Songdanslag. Det er Vebjørn Bakken som gjev ut heftet i samarbeid med Inger Frøydis, Marianne Dahl og Anders Saxhaug, Symra og Oslo Songdanslag. Vebjørn har også laga dei fleste dansemåtane.  Kunstnaren Harald Aadnevik har illustrert heftet med over 20 flotte fargeteikningar. Her finn vi mange viser som til dømes Menuett i mai, Mellom bakkar og berg, Jentelokken. Heftet kostar kr 150, og kan bestillast hjå Vebjørn: vebbak@online.no eller 90194897. Det blir også utgitt ein DVD med video av dansane.
 (01/09-2010)
Jubileumsåret 2002
I 2002 er det 100 år sidan Hulda Garborg (bilete) starta med songdans i BUL i Oslo. Lite trudde ho vel at dette skulle bli starten på ei nokså omfattande "rørsle" som 100 år seinare framleis er liv laga.
Eg reknar med at dette på ulike måta blir markert rundt om i leikarringar, folkedanslag og ungdomslag. Her på www.folkedans.com vil vi også markere det på ulike vis. Mellom anna vil vi leggje inn nokre historiske "aktstykkje" - morosame og spennande artiklar og bilete frå pionertida for norsk songdans, ja for norsk leikarring-rørsle i det heile.
     
Leikarbeidet veks - fram dei første 20 åra
Her er ei framstilling av utviklinga av leikarbeidet i Noreg dei første åra, særleg korleis det utvikla seg i Kristiania, særleg knytt til Bondeungdomslaget i Oslo og til arbeidet til Hulda Garborg og Klara Semb.

   
Litt frå bladet "Symra" i 1902 og 1903
Symra var namnet på eit ungdomsblad som kom med første nummer 19. desember 1901, og var i drift i 2 år. Formannen i det nyskipa Bondeungdomslaget i Oslo (skipa 1899) Klaus Sletten (bilete) var bladstyrar. Vi tar med nokre klipp frå bladet som har med folkedansen å gjere. Klippa er henta frå "Hugmål" av Aasmund Svinndal. Hugmål kom ut i 1952.
     
Første leikmøtet i Trondheim 1921
I 1921 var det jubileumsstemne  for Noregs Ungdomslag i Trondheim - NU vart skipa der i 1896. I samband med dette stemnet vart det også kalla inn til eit Leikrådsmøte, og knapt 100 leikarar møtte.  Ein kan seie at dette vart opptaket til at NU for alvor tok leikarbeidet med i sitt arbeidsområde. Dermed vart også folkedansarane i landet organisert i ein landssamskipnad. Frå den tid vart det årvisst eit Leikrådsmøte i samband med stemnet og årsmøtet i NU. Her er meir om dette møtet.
  
Barna og Folkedansen
Dette vesle stykkje av Ragna Øygard stod i heftet "Folkedansen i 20 år. 1903-1923." som Den Norske Folkeviseringen gav ut i 1923. Ragna Øygard arbeidde mykje med borna på autkanten i Oslo.

    
I vesterviking
I 1911 skipa Vestmannalaget i Bergen til ei reise til Færøyane. Mellom dei ca 70 som var med, var også Klara Semb, og det ho opplevde der fekk avgjerande innverknad på arbeidet hennar. Også norskdomsmannen Johan Austbø var med, og han skreiv eit stykkje i heftet "Folkedansen i 20 år. 1903-1920". Her er stykkjet, med to bilete frå ferda
.
   
Litt om utviklinga i BUL i Oslo dei første åra
Kort oversikt over den snøgge voksteren til BUL, og den sterke stillinga laget fekk innan alt frilyndt arbeid og målarbeid.

   
Leikarbeidet i Bondeungdomslaget Ervingen i Bergen
Bondeungdomslaget Ervingen vart skipa i 1901 med utgangspunkt i Vestmannalaget. Heilt frå starten vart folkedansen, ikkje minst songdansen, ein svært viktig del av lagsarbeidet. I 1909 vart laget splitta og Bondeungdomslaget i Bergen vart skipa av ein del utbrytarar. I dei siste 10-åra har folkedansen fore den dominerande aktiviteten i laget - med separate greiner for vaksne, tenåringar og born. I jubileumsåret 2001 kom 100-årssoga til Ervingen skriven av mangeårig medlem Kårmund Myklebust. Her finn du eit oversyn over utviklinga av folkedansen i Ervingen, laga på grunnlag av jubileumsboka.
  
Den Norske Folkeviseringen
Hausten 1919 vart det i Oslo skipa ein frittståande organisasjon som var meint å skulle organisere alle folkedansarane i landet. Einar Øygard, som var ein dugande leiklærar og første formannen i Leikarringen i BUL i Oslo, var ein av dei sentrale bak organisasjonen. Det vart motsetnader mellom denne nye organisasjonen og BUL/NU som til då hadde vore den sentrale "basen" for  folkevisedansen og den organisrete folkedansen. I 1923 gav DNF ut eit hefte på 100 sider med ein del artiklar om DNF og folkevisedansen. Arbeidet i DNF dovna bort i løpet av 1924 og 1925. Her finn du meir stoff frå dette heftet og litt om Den norske folkeviseringen.

   
Songdansseminaret i Oslo 2002
Dette året var songdansseminaret via minnet om Hulda Garbor som starta med songdansen 100 år tidlegare. Her finn du eit kort referat og nokre bilete frå seminaret.
    


  

Artikkel av Klara Semb frå 1923
I 1923 kom eit lite hefte (96 sider), som heiter "Folkedansen i 20 aar 1903-1923" utgjeven av  "Den norske Folkeviseringen". I dette heftet skreiv Klara Semb (bilete) ein artikkel om sitt arbeid med folkedansen så langt. Denne artikkelen finn du her.
     
Diverse frå Dagboka til Hulda Garborg
Her finn du ein del sitat frå Dagboka til Hulda Garborg, ting som har med folkedans og bunader å gjere. Det er frå perioden 1904 -1914, tekne frå dagbokutdraga som vart utgjevne av Aschehoug i 1962.
   
Skildringa av framsyningsferda til Stockholm 1903
I heftet "Folkedansen i 20 aar 1903-1923" stod det eit stykke om den første unanlandsferda for norske folkedansarar, i pinsehelga 1903. Det var berre ca halvtanna år etter at Hulda Garborg byrja med songdansen. Det er ein ukjent deltakar som skreiv stykkjet. Her er også eit bilete av deltakarane. Artikkelen finn du her.
    
Den første nordiske stemna i Stockholm 1920
Den første nordiske folkedansstemna var i Stockholm i byrjinga av august. Tanken om eit slikt stemne kom  truleg opp i Oslo sumaren 1917. Då var ei gruppe svenske folkedansarar frå "Brage Gille" i Stockholm med Ernst Granhammar i spissen i Oslo heile sumaren. Dei var mykje saman med norske dansarar, særleg folk frå BUL. Asmund Svinndal  (biletet) skriv i "Hugmål" at dei var samde om det burde skipast til eit stort nordisk folkedansstemne. Det vart i Stockjholm i 1920.
Her er det som Aasmund Svinndal skriv om dette stemnet i "Hugmål"
   
"Songdansen kjem" av Hulda Garborg 1921
I jubileumsskriftet "Den frilynde ungdomsrørsla", som kom i 1921 då NU var 25 år, skreiv Hulda Garborg eit stykkje om personlege minne frå dei første åra med songdans. Dette er ein svært interessant artikkel som også fortel mykje om korleis ho tenkte og drøymde i arbeidet sitt med songdansen. Her finn du artikkelen.
 
Den Norderlandske folkedans og spelmannstemna i Kristiania 1922.
I norskdomsbladet "Den 17de mai" stod det eit referat frå dette tredje nordiske stemnet. Det første stemnet var i Stockholm i 1920 og det andre i Kjøbenhavn i 1921. Her finn du referatet.
  
Den 4. nordiske folkedansstemna i Gøteborg 1923
Her er eit kort referat frå stemnet, slik Aasmund Svinndal omtala det i "Hugmål"
  
Dans for Nobelprisvinnar Bertha von Suttner 1905
I 1905 fekk Bertha von Suttner fredsprisen og ho ville sjå norsk folkedans. Leikarringen i BUL dansa og Bjørnstjerne Bjørnson og Hulda Garborg var til stades. Dette fortel Aasmund Svinndal om i "Hugmål".
 
Om opphavet til gamal reinlender
Ein av dansarane i BUL Oslo - Jon Borgan -  fortel følgjande om korleis "gamal reinlender" oppstod. Det var i 1906. Dette står i "Hugmål".
 
Side med tekst til Færøydans
Her er ei side som inneheld teksten til ei lang rekkje av dei mest brukte dansane på Færøyane.
  
Aktuelt i 2002: Haralds Illustrerte danseviser
Teiknaren og folkedansaren Harald Aadnevik gjev i 2002 ut ei bok der han har illustrert ein del av dei vanlegaste store dansevisene. Her står meir om det