Den Norderlandske Folkedans- og spelmannsstemna
Eit referat i "Den 17de mai"

Den 3. nordiske folkedansstemna var i Oslo 6. -10- juli 1922. Leikarringen i BUL hadde hovudansvaret for stemna, og dei stilte med 12 par på framsyningane. Det var totalt 704 påmelde dansarar, av dei 155 svenske og 16 danske. Det var 7 svenske speølemenn og 36 norske.

Vi som strir og strevar for det nasjonale atterreisingsarbeidet er sumtid modlause. Ikkje så sjeldan heller. Vi synest det monar så lite, ja det kan gå lange tider vi synest det ikkje sig fram det minste, vi er liksom nede i båredalane. Så kan det koma storbårer og lyfta oss opp så vi ser langt attende og langt frametter, og då ser vi det ber rette vegen, med fin fart, vi ser vi er komne lengre enn vi trudde.

Stemnene i Noregs ungdomslag har jamt vori slike båretoppar som skaut oss fram og lyfte oss opp til utsyn som vi ikkje toer tru på føreåt.

Kvar sumar førde Noregs ungdomsslag oss opp på ein slik båretopp, så sør i landet, så aust i landet, og så midt i landet. Og alltid såg vi kor det bar frametter. I alle landsluter.

Mange grudde for kvar ny stad vi kom til, og fleire enn elles grudde i år, for den norske hovudstaden.

Då den fyrste norderlendske dansarstemna var i Stockholm for to år sidan, var det mange som las dei store Stockholms-blada med undring og glede. Du stor verda slik stas dei gjorde på folkedansen. Dei fylte teig etter teig, og sume fylte heile fyrste sida.

Når kjem vi så langt her i landet, tenkte mange. Når vil den norske hovudstaden ta imot ei folkedansstemne på denne måten. Vi veit dei som sa det kom ikkje til å verta i deira tid.
Der er berre to år sidan.
Og så det som har hendt no. Desse to dagane i den norske hovudstaden!
Er det ikkje som ein draum?

Den som i ein sein nattetime skriv dette har freista fylgja med i alt det som har hendt desse to stemnedagane. Han har ferdast mellom dei nasjonalkledde og vorti lyft opp på den stemningsbåra  der dei har vori. Han har og blanda seg med tilskodarane, og helst slike å rekna med. Då Sven Moren tala sterkt og tungt norsk på Bygdøy laurdag, vaar det to-tre som ikkje kunne melta det, og då den store danseflokken frå Bjørgvin kom fram og stelte seg opp til folkevisedansen same kvelden der ute var det tre bergensedamer som drog på nosa og sa: "Akk det er striler! Nei dem vil vi sannelig ikkje se på."  Og ein av finaste matstadene i byen nekta å servera to damer i nasjonalbunader - før dei fekk visse for at dei to damene og han dei var i lag med, var folk med namn som har god klang i alle Norderlanda.

Men dette er om lag alt vi veit om av slikt.
Og kva er det mot alt det herlege vi har vorti vitne til.

Det har vore  to vedunderlege dagar. Menneske i tusental har vori lyfte på veldige stemningsbårer, og har vorti rivne med slik at dei ikkje gløymer det snart.

Ein stor part av Kristiania-pressa har vore svært velviljug, mest likså viljug som Stockholms-pressa for to år sidan og blada i København i fjor. Og den som har ferdast mellom dei 20 000 Kristiania-borgarane som har samla seg kringom folkedansframsyningane desse to dagane kan ikkje vera i tvil om at her er grobotn for det nasjonale også i denne byen, og at vårløysinga er nærare enn dei fleste trur.

Vergudane ser og blidt på det nasjonale, er det likt til. Laurdagen rann med eit solskinsver som det er lenge sidan vi hadde maken til. Men så hadde no sola noko omframt å skina på den dagen og. Aldri har det i Noreg vore sett ei slik  stemnelyd som den på friluftsteateret laurdags føremiddagen. Det var fullt til siste plass, og det var ein lyd som sola kunne bera byrg av å skina på. Det er ikkje for sterkt å seia at her var av den friskaste og fagraste ungdomen i Norderlanda samla, kledde i herlege festbunader dei aller fleste. Og slik dei kunne syngja: "Å leva det er å elska"! Og diktarar har denne fylkingen, det kunne ingen vera i tvil om når dei høyrde Sven Moren-prologen som Sigurd Eldegard las opp. Talarar har dei og. Føraren for den norske fylkingen, Olav Midttun, heldt ein ypparleg opningstale, og den svenske forfattaren, børsdirektør Belfrage, vart ikkje svar skuldig. Sterkt og djervt tala svensken. Vi vil vinna over alt det sure og ufriske i tida, sa han, og han sa det slik at dei unge kjende at dei hadde både modet og makta til det. Dansken kom med sitt gode humør, vi er ikkje mange i Danmark enno, sa han, men berre vent.

Så bar det til Leikarvollen, med dei tre norderlandsske flagga i brodden for den fagre ungdomsflokken, medan eit halvt hundre fotografar knepte og sveiva og ville festa dette draumesyne til filmen.

Og så byrja dansen. Fyrst kom Bondeungdomslaget i Nidarors med ein sekstur frå Namdalen. Det var ein av dei mest stilfulle dansane som var å sjå. Bondeungdomlaget i Oslo dansa friskt, Bondeungdomslaget i Stavanger fekk stemning i folkevisedansen, endå  så liten flokken var, og Ervingen og Bondeungdomslaget i Bjørgvin hadde  største ringen og dansa godt. Så kom danskane. Eit humør som ingen av dansarringane frå grannelanda, med morosame bunader og lette trøysame dansar; men berre ein liten flokk. Svenskane kom etterpå med 4 ringar. Kvar ring kom med 5 dugande spelemenn i brodden, og dei svenske bunadene er så ljose og glade, og det er slikt spelande liv over dansen deira at ingen kan stå for det. Vel samøvde er dei og, kjem nett frå ei stor dansarferd gjennom Sverike. Eit Oslo-lag, "Dalebu", fylkeslaget "Varden" og fylkeslærarskeidet dansar jamt og godt.

Så kjem hallingane. Med noko nytt. Ein norsk dal dansar ei stund og så ein annan, og kvar har sitt å fortelja, om seg sjølv og om dalen. Noko liknande med Heddalsringen, den mest stilfulle av dei norske ringane. Store staute gutar med grøne trøyer og svarte brøker, alle som ein. Drustelege droser, dei og i tolleg einslaga bunader med ein herleg fargesamansetning. Jau, her finst då gamal nedervd kultur i landet! Og så kjem det eit par frå Dag i Skien og dansar springar. Ho er i brurebunad frå Heddal, visst. Det er ein fargefest. Og slik dei dansar! Sidan kjem Sørlands-ringen og dansar ein folkevisedans som riv meir med enn alle dei hine folkevisedansane. Dei er så unge at flest alle i denne ringen, og det er noko inderleg ungt og tirande friskt over dansen deira.

Når alle dansarringane er ferdige kjem ein til å sjå på klokka. Ho er 5! Og ein har ikkje smaka matbiten sidan kl 7 om morgonen. Men ein har ikkje komi i hug mat før. Attmed meg sit ei elegant dame som sumtid seier no fyrst skjønar han kor fælt dei dansar i Amerika.

Klokka 6 ber det på torget. Ei stor folkemengd der og. Sven Moren talar. Han har lesi i "Nationen" det soknepresten i Hurdal har skrivi om norsken på Eidsvollgymnaset, og han er ikkje blid. Kven har gjevi desse folka mandat til å tala for austlandsungdomen? Nei, vi vil vera norske i Noreg  som dei er svenske i Sverike og danske i Danmark! Leve ungdomen i Norderlanda!

Kirsten Flagstad syng norske folkeviser, og så kjem Delsbostintan med fäladbobodpipa og songar og risper frå Hälsingland, så det lid lenge før ho får lov til å slutta. Sidan får beste spelemennene diplom  og fagning,  og etterpå vert det dansa til seint på kveld for store folkemengder både på torget og på leikarvollen, og stemninga er ypparleg.

Sundag føremiddag hadde ein av aspektane til Meteorologisk  institutt dirigert hit ei dugeleg regnbløyte frå Atlanterhavet. Det kom berre ein og annan dropen om føremiddagen, så folk hadde våga seg ut trass i den grå himmelen. Då den nasjonale ungdomferda gjekk frå Akershus til Frogner om føremiddagen, er ei veldig folkemengd ute og såg på stasen. Det var eit fagert fylgje. Norskdomsstrevarane kjende seg glade og byrge, både dei som såg på og dei som var med. Ein kunne sjå store vaksne karar doggast i augo.

Og Kristiania-folk i tusental trassa gråveret og strøymde inn på Stadion. Klokka 1 var det nærpå fullt.

Dansarane kvilde litt i Frogenerparken. Så kom dei: ei herleg festferd med silkefaner og spelemenn i brodden. Og 12000 menneske klappa, mange svinga med hattar og lommedukar  og sume ropa hurra. Fyrst ein gong rundt Stadion og ut. Så kom svenskane inn att, heile flokken og fram på det store dansegolvet midt på stadion. Trauste og trygge kom dei og dansa slik at alle gløymde gråveret. Ingen fekk slik fagning som dei, og dei var vel verde all fagninga dei fekk. Etterpå var det danskane, og endå så få dei var på den store plasen gjorde dei like for seg og fekk mykje fagning. Så kom dei norske borna med kommunistflagget i brodden jamsides det gulraude gamalnorske. Og dei song og dansa dei norske folkevisene kløkkjande vent. Sist kom alle dei norske dansarane, kring 300 var det vel. Bunaden er meir mørkdemde enn dei svenske og danske, og dansane er meir vedkjømlege. Det er ikkje slik festivitas som over svenskane; men å sjå dei dansa "Bendik og Årolilja" i tre veldige ringar, dei eine inni hin, var ei oppleving. Det var som eit hav i storm med skum på båretoppane kvar gong dei kvitkledde gjentearmane vart retta i veret. Medan dei dansa tok det til å hølgjeregna; men både lyden og dansarane heldt ut, og "Matvisa" vart dansa med humør, endå dei fleste dansarane heldt på å verta gjennomvåte. Svenskane let seg heller ikkje skræma av regnet. Dei stelte seg opp til æresvakt då nordmennene gjekk ut med god marsjtakt etter "Flaumen går". Ingen som åtte kjensle kunne anna enn verta teken. Nokre tusen menneske trassa regnet og var til slutt. Mellom dei såg ein menge av landsens fremste menn i politikk, kunst og næringsliv. Og der var mange utlendingar, såleis den engelske ministeren i Kristiania.

Og der var ikkje ein misljod å høyra.
Tekne var også dei som ein god time etterpå fylte Frelsar-kyrkja og høyrde på den herlege norske gudstenesta presten Freihow heldt der. Var det mange slik gudstenester å høyra, ville ingen kom til å klaga over tome kyrkjer.

Aulaen var overfylt kl. 8 og dei danske, svenske og norske dansarane og spelemennene gjorde det godt. Børsdirektør Belfrage heldt ein festleg tale for ungdomen, og det var ei høgtidsstund då han kunngjorde at Svenska folkdansringen hadde kåra Hulda Garborg til fyrste heiderslagsmannen sin og Delsbostintan til den andre. Aulaen har høyrt mykje sterk fagning, men snautt maken til den i går.

Festn for Hulda Garborg i Rokokkosalen hadde og samla mykje folk. Lærar Austbø las opp ein prolog han sjølv hadde skrivi til ære for heidersgjesten. Sidan tala professor Koht for det store arbeidet Hulda Garborg hadde gjort med å reisa songdansen. Han slutta med at vi er glade i Hulda Garborg, for di ho har gjort oss glade. Olav Hoprekstad gav eit utsyn over det litterære arbeidet år Hulda Garborg. Austbø la ein laurberkrans om hovudet på heidersgjesten. Sidan var det talar av Oddmund Vik, Thyra Freding og fleire. Fru Garborg takka for æra som var synt henne, og til sist gjekk songdansen med liv og lyst. Då vi gjekk derifrå i 1/2-tida om natta ljoma "Å køyra vatn, å køyra ved" gjennom salen.

I dag  (måndag) ver det festing på Rødkleiva og Frognersætra. Sidan vert det vel ned i båredalen med strisjorta og havrelefsa. Men så kjem vi atter opp på båretoppen om ei tid.

Sæle dei som unge! er!