Haralds Illustrerte danseviser

Harald Aadnevik er ein kjent dansar i folkedansmiljøet i Oslo og Bergen. Han er frå Bergen, men har no i mange år budd i Oslo, og har vore aktiv særleg i Oslo Songdanslag og i Laget i Folkemusikk. Han er ein framifrå teiknar og illustratør. Han har eige atelier i Oslo og har illustrert ei rekkje ulike bøker, særleg lærebøker. Han har også teikna ei rad utøvarar i folkemusikk- og folkedansmiljøet. Harald er glad i å syngje, og er svært oppteken av songdans, ikkje minst folkevisene våre. I Oslo Songdanslag har han gjennom mange år illustrert ein del av dei store visene som har vore brukt i laget. Desse illustrasjonane har vore brukte i "Fantefylgje" - lagsbladet til Oslo Songdanslag, og dei har blitt svært godt mottekne av medlemene. Dansarane der fortel også at det er mykje lettare å lære teksten til visene når ein ser på illustrasjonane.

Sidan det i år er 100 år sidan Hulda Garborg starta med folkevisedansen, og Oslo Songdanslag i år også feirer 80 år, var det ei fin anledning å få realisert eit ynskje som Harald har hatt i lang tid: Å samle illustrasjonane mellom to permar og trykke dei, slik at dei kunne nå ut til eit større publikum. I samarbeid med Oslo Songdanslag blir no denne draumen realisert. Før jul i 2002 vil boka vere ferdig. For at resultatet skal bli så godt som råd, har Harald teikna alle illustrasjonane på nytt og utstyrt dei med fargar. Vi som har sett teikningane, veit at resultatet er svært bra.

Til saman vert det mellom 12 og 15 folkeviser i alt. Mellom visene finn vi til dømes "Herr Sinclar", "Beltet mitt", "Horpa", "Liti Kjersti" og mange andre. Også teksten til visene og notane er tekne med. Biletet viser nokre små utklipp av illustrasjonane. (Trykk på biletet så blir det stort.)

Dansevisene blir å få i to utgåver: Ei "praktutgåve" med stive permar, og ei rimelegare utgåve utan stive permar. Prisen blir kr 160 for den finaste og kr 120 for den rimelegast. Innhaldet er sjølvsagt nøyaktig det same i begge.

Vi tør påstå at dette er ei bok som alle som er glade i norsk folkedans og folkemusikk må kjøpe. Og det er ei svært fin gåve i mange høve, til dømes som julegåve. Vi kjenner ei jente som har bestilt 10 stk, og eit ektepar som har bestilt 15 stk! Vi reknar også med at mange bibliotek vil kjøpe boka. Boka høver godt som ein inngangsport til folkevisene våre. Ikkje minst høver det godt for barn.

Du kan bestille boka på denne måten (husk å oppgi  kor mange av kvar type):

a) Skriv til Johs Kolltveit, Kløfterhagen 93, 1067 Oslo
b) Send e-post til Johs Kolltveit: jk@forskningsradet.no

(Johs Kolltveit er leiar i Oslo Songdanslag.)

 

Vebjørn Bakken