Om korleis gamal reinlender oppstod i 1906
Slik fortel Jon Borgan i "Hugmål"

Påsken 1906 var eg ein tur i Stockholm, seier Borgan. Eg vitja Paul Norr som arbeidde der den tid. Norr var med i folkedansarbeidet der borte, og eg var med han og lærde fleire svenske folkedansar, såleis Trekarspolka og Schottisch. Då eg kom heim, gjekk vi gjennom desse dansane på hybelen hans Bø og tok dei med på skeidet i Bondeungdomslaget. Dansane vart vel omtykte. Nokon god læremeistar var eg nok ikkje, seier Borgan, for Schottischen var ikkje så rein svensk, men det som seinare er kalla Gamal Reinlendar. Kva songar vi dansa den gongen? Ja det er det ikkje godt å hugse alle, men det var nå Per spelemann, Kråkevisa, Mass og Lasse, Dalebu Jonson, Sjurdarkvædet, Ormen Lange, Falkvor Lommanson, Pål sine høner, Bukkevisa, Olav Liljekrans og i seinare tid (1909-1910) Bendik og Årolilja, Inga Litimor og andre.