Isleik 2010 - bilete frå stemnet - Del 5 Glimt frå Hagaskoli

Eit flott stemne på Island 6 - 18 juli 2010
Det var ca 370 deltakarar totalt på stemnet. Av desse var 145 frå Noreg, og 36 av dei att frå Symra. Det var også mange frå Færøyane og Grønland (ca 25 frå kvart land). Færrast var det frå Sverike. Stemnet hadde sin base på Hagaskoli nokså nær sentrum av Reykjavik. Dei fleste ting foregjekk der eller tett ved, til dømes i Nes kyrkja og i konsertsalen til Filharmonien. Elles var det framsyningar i sentrum av Reykjavik laurdag og på Folkemuseet på andre sida av byen søndag. Det meste av tida var det strålande ver, men laurdag regna det litt. Elles var det som vanleg mange turar å vere med på. Før sjølve stemnet byrja var det også turar, den lengste av dei varte i 4 dagar og gjekk til Vestfjordane på nordvestkysten. Her var det mange nordmenn med. Heile stemnet vart eit gild oppleving for alle, og folkedanslaget i Reykjavik la ned eit stort arbeid for at alt skulle fungere bra, både før og under stemnet.


Diverse glimt frå Hagaskoli. Nordmennene var innkvartert på 4 ulike rom - Norge 1-4. Vi var på rom Norge 2. Der var det i alt 11 personar, så vi hadde rimeleg bra plass.

Fleire deler av Isleik 2010 (kjem snart):

Firedagars tur til Vestfjordane
Turen til Tingvellir, Geysir og Gullfoss.
Turen til Vestmannaeyar.
Turen til Den blå Lagune.
Glimt frå Hagaskoli
Glimt frå Opninga, Høgmessa, Nordisk framsyning, spelemannskonserten og Avslutninga.
Framsyningar i sentrum av Reykjavik
Framsyningar på Folkemuseet
Glimt frå Reykjavik
Diverse

Helsing Vebjørn

  


Den første natta budde færøyingane i roma tvers over gangen, og då måtte det bli dans den første kvelden.
 

Dansen er i full gang
  

Lilja Petra spelar eit par slåttar. Ho er med i danselaget i Reykjavik, og spela mellom anna for dei svenske dansarane når dei hadde framsyning og når dei hadde danseleiing.
 

Eit glimt frå matsalen, som var skolens aula og kantine. Dei fleste fekk frukost og kvelds her, og mange også lunch.
  

Køen til matfatet var ofte lengre enn dette. Oddny har fått sin porsjon.
  

Fleire bilete frå Norge 2. Gro, Bibbi, Kari, Helge, Inger Frøydis, Gunnar, Anne Lise og Grete.
   

Frå Norge 2. Helge viser videoopptak frå den Nordiske framsyninga.
   

Avreise utafor Skulen. Bent til venstre er sjef for Isleik 2010. Anne Lise og Gunnar skal reise på torsdag allereide.
   

Erik seier nokre velvalde takkens ord.
   

To av dei som fortener takk: Kolla og Aasta
  

Så var det klemmerunde.
 

Vi er i ferd med å installere oss på eit av dei norske roma - Norge 2. Vi ser mellom andre Peder, Inger, Kari, Helge, Gunnar og Anne Lise.
   

I gangen utafor Norge 1: Kjell, Randi, Inger og Dag.
   

Og her går færøydansen fint på gangen.
      

 I kroken i gangen var det ofte folk om kveldane, og då vart det fleire kveldar song, dans og spel. Her er det Benjamin  som stemmer fela. Dei to svenske ungdomane i framgrunnen. Dei hadde stor suksess med ein av dei svenske dansane på fellesdansen.
   

 Her har alle installert seg på Norge 2. Einar i framgrunnen og Anne Lise og Gunnar bak.
  

 Eit bilete til frå matsalen - Dag, Kari, Kjell, Eli Irene, Gunnar og Grethe (i biletkanten).
  

I kiosken selde dei snacks og drikke, men også diverse suvenirar og ullvarer. Inger Frøydis og Inger var mellom dei flittigaste kundane. Det er Aasta som står bak disken.
  

Frå Norge 2. Inger Frøydis, Gunnar, Anne Lise, Inger og Peder.
  
Benjamin, Lars Petter og Lilja Petra øver på eit program.
  

Dei fleste i Symra reiste på fredags morgon, før avslutningskvelden. Difor samalst vi på kontoret for å seie takk til arrangørane for eit strålande fint stemne. Her er det Benjamin som spelar ein slått.
  

Erik overleverer ei lita gåve til stemnegeneralen Bent. Sigurdjon tar bilete.
  

Nye klemmar.