Isleik 2010 - bilete frå stemnet - Del 2  Tingvellir / Geysir /Gullfoss

Eit flott stemne på Island 6 - 18 juli 2010
Det var ca 370 deltakarar totalt på stemnet. Av desse var 145 frå Noreg, og 34 av dei att frå Symra. Det var også mange frå Færøyane og Grønland (ca 25 frå kvart land). Færrast var det frå Sverike. Stemnet hadde sin base på Hagaskoli nokså nær sentrum av Reykjavik. Dei fleste ting foregjekk der eller tett ved, til dømes i Nes kyrkja og i konsertsalen til Filharmonien. Elles var det framsyningar i sentrum av Reykjavik laurdag og på Folkemuseet på andre sida av byen søndag. Det meste av tida var det strålande ver, men laurdag regna det litt. Elles var det som vanleg mange turar å vere med på. Før sjølve stemnet byrja var det også turar, den lengste av dei varte i 4 dagar og gjekk til Vestfjordane på nordvestkysten. Her var det mange nordmenn med. Heile stemnet vart eit gild oppleving for alle, og folkedanslaget i Reykjavik la ned eit stort arbeid for at alt skulle fungere bra, både før og under stemnet.
Det var to bussar som reiste til Tingvellir/Geysir/Gullfoss den dagen vi reiste

Fleire deler av Isleik 2010 (kjem snart):

Turen til Vestfjordane
Turen til Tingvellir, Geysir og Gullfoss.
Turen til Vestmannaeyar.
Turen til Den blå Lagune.
Glimt frå Hagaskoli
Glimt frå Opninga, Høgmessa, Nordisk framsyning, spelemannskonserten og Avslutninga.
Framsyningar i sentrum av Reykjavik
Framsyningar på Folkemuseet
Glimt frå Reykjavik
Diverse

Helsing Vebjørn

  

PHer står vi på den gamle lovseiarstaden - som var i bruk som samlingsstad for Island i ca 900 år i samanheng. Imponerande! Ein tredal av lovene vart framsagt kvart år. Her var lovgjeving og dømming. Karar vart dømt til halshogging og kvinner til drukning i dammen litt bakafor. Guiden Lotta i raud vest, fortel.
 

Her er forkastninga i bakgrunnen.
  

Eit bra bilete av Strokkur - 10-12 meter til vers.
 

Vi er komne til Gullfoss. Her fekk vi først god suppe på restauranten, og etterpå skulle vi sjå på fossen. Elva som lagar fossen kjem frå isbreen Langjøkull som vi ser i bakgrunnen med ei fin perlerad av fjelltoppar framføre.
  

Her ser vi den øvste delen av Gullfoss. Fossen er freda etter fin innsats av grunneigarkvinna som ikkje ville selje fossen i si tid..
  

Øvste fossen på nært hald
   

Inger Frøydis i framgrunnen
  

Helge og Kari skal ta bilete.
   

Inne i kyrkja. Biletet på altarveggen var imponerande. Tor til høgre.
   

I Hveragerdi var vi også innom eit forsøksgartneri, der dei også dyrka eksotiske plantar og frukt - mannen til guiden vår Lotta dreiv det. Vi var til slutt også innom ein kafe der vi kjøpte is.
   


Kart over Tingvellir/Gullfoss-turen
  


 Litt av landskapet første dag
   

Den kjente utsikten ved Tingvellir, teke frå den nye utsiktsplattforma. Vi ser den mørke kløfta mellom Europa og Amerika. I bakgrunnen kyrkja og hotellet.
   

Vi spaserte nedover kløfta, og bilane køyrte rundt, så vi slapp å gå tilbake.
      

 Spruten kom i det same vi kom framtil, så vi fekk ikkje med oss heile. Det er geysiren Strokkur vi ser, han spruta ca kvart femte minutt.
   

 Eit oversiktsbilete over geysirområdet. Den gamle Geysir ligg til venstre for biletkanten og er nesten ikkje aktiv lenger. Rett fram er Strokkur.  Inger Frøydis i framkant.
  

 Med Kari i framgrunnen blir vel fjella endå meir imponerande.
  

Her ser vi begge dei to imponerande fossefalla.
  

Det ryg bra frå den nedste fossen som fell ned i den kilometerlange kløfta. Vi ser også den lange rada med turistar.
  
Nokre av Symraflokken: Petter, Anne Grete, Anne Lise, Gunnar, Hilde, Einar og Wencke. Erik i bakgrunnen.
   

På veg tilbake til Reykjavik stoppa vi på Skolholt, som har vore bispesete i mange hundre år. Her er folk på veg opp til kyrkja.
  

Nokre mil frå Reykjavik stoppa vi også i Hveragerdi - ein garnarby basert på jordvarme. Her er vi innom eit av gartneria.