Viktige hendingar i folkemusikk- og folkedans-soga

2009
- Folkekulturfestivalen, det gamle NU-stemnet - får statsstøtte som festival for første gong. Festivalen er dette året på Hamar.
- Årsmøtet i Norsk folkemusikk og danselag vedtar å stø styrets forslag om å arbeide for å opprette ein felles folkemusikk og -danseorganisasjon saman med LfS.
- Eit nytt 3-årig utøvarstudium i folkedans startar første gong som eit samarbeid mellom NTNU og Ole Bull Akademiet på Voss.
- Dansegruppa Frikar deltar i Grand Prix finalen i Moskva saman med Alexander Rybak, og dei vinn finalen med historisk klar margin.
- Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk blir arrangert samordna på Geilo/Ål fordi det var vanskeleg å finne arrangør for Landskappleiken.
- Det blir bestemt at prosjektet "Bygda dansar" blir starta opp i Buskerud under namnet "xxx" med Martin Myhr som lokal prosjektleiar.
- Som avslutning på "Hardingfeleprosjektet" kjem boka"Hardingfela" av prosjektleiaren Bjørn Aksdal. Boka summerer opp Hardingfeleprosjektet.
- "Norsk Langeleikforum" vert starta på Fagernes under Hilme-stemnet som ein landsdekkande frittståande organisasjon. Turid Berge vert første leiaren.
- Boka "Norden i dans - folk - fag - forskning" kjem ut utgjeven av
Nordisk forening for folkedansforskning. Ei omfattande populærvitskapleg bok om dansen i norden og med mange historiske sitat.
 
2008
-
Frå 1. januar blir Bunad- og folkedansrådet omorganisert, og blir administrativt underlagt Valdresmuseea på Fagernes. Direktøren Gunn Jensberg sluttar og Anne Kristin Moe (27) blir seksjonsleiar.
- Årsmøtet i Landslaget for Spelemenn går inn for å lage ein ny organisasjon for folkemusikk og dans i Noreg.
- Styret i Norsk folkemusikkk og danselag og årsmøtet i LfS går inn for ein ny organisasjon for folkemusikk og dans i Noreg
- Serien "Norsk folkemuskk" som NRK og RCA ga ut på 1950-, 60- og 70-talet kjem ut på nytt i samarbeid med Talik. Dei 3 første CD'ane av i alt 19 kjem i desember.
- Bandet Valkyrien Allstars har stor suksess med CD og konsertar. I løpet av året har dei ca 200 konsertar og får platinium for CD'en sin. Dei blir årets folkemusikkartist på Folkelarm 2008.
- For første gong blir Nordiske mesterskapet i folkemusikk avvikla i Sälen  i Sverige. Deltakarar frå  Sverige, Finland, Danmark og Noreg. Olav Mjelva  vann soloklassa.
- Professor Egil Bakka blir  utnemt til kommandør av St. Olavs Orden. Det blir også arrangert eit seminar ved NTNU  ”Dansearven i spenningsfeltet mellom kulturvern og forsking”.
- Noreg Ungdomslag sitt danseprosjekt "Sans for dans 2009" kjem i gang med 8 dansarar
- Løken-utvalet legg fram innstilling om støtteordningar innan feltet rytmisk musikk, der nye prinsipp for tilskotsordningane blir foreslått.
- Stortingsmelding 21om rytmisk musikk blir lagt fram, med mange positive ting også for folkemusikk. Bygger delvis på Løken-utvalet, som la fram utgreiing om støtteordningar.
- Eit statsbudsjett med mykje positivt for folkemusikk og dans blir lagt fram. Tilskotsordning for arrangørar (10 mil), Riksscena får 4,5 mill., ensemblestøtta får 3 mill meir, Førdefestivalen får 4 mill, RfF 9,3 mill.
- Hallinggruppa "Frikar" med Hallgrim Hansegård som leiar, kjem til finalen i TV2 si konkurranse "Norske Talenter".
- Sigrid Bø og Jarnfrid Kjøk gjev ut boka "Lekamslyst - Om erotikk i norsk folkediktning".
-
2007
- Folkemusikkfestivalane Folkelarm og Hilmar Alexandersen Folkemusikkfestival får for første gong støtte av Norsk Kulturråd
- Norsk Folkemusikk og danselag vedtar nye vedtekter som også opnar for tradisjonell runddans.
- Festivalen Årinn får endra innhald og form, og blir arrangert på fleire stader i landet i mindre format enn før.
- Rikscene for folkemusikk og dans kjem i gang med Jan Lothe Eriksen som dagleg leiar og Ellingsen som styreleiar. Dei får 1 mill over statsbudsjettet for 2008.
- Lene Furuli blir konstituert som dagleg leiar i Norsk Folkemusikk og danselag.
- Styret i Rådet for folkemusikk og folkedans får ei heilt ny samansetjing. Leiarane i dei store folkemusikk/dans-organisasjonane får ein sentral plass. Leiar for rådet blir Lene Furuli som er leiar i NFD.
- Bandet Valkyrien Allstars får enormt stort sal og mykje oppmerksomheit om første CD'en sin.
- Noregs Ungdomslag gir ut kurspakka "Danselyst", ei kurspakke i folkedans for å lære opp lærarar i skuleverk og barnehage (DVD og CD'ar)
- Prosjektet "Bygda dansar" blir starta opp i Oppland under namnet "Lea deg" med Stian Roland som lokal prosjektleiar.
 
2006
- Folkelarm blir arrangert for 2. gong, med endå større internasjonal deltaking. Det blir igjen ein stor suksess.
- Dei siste førebuingane for etableringa av Riksscene for Folkemusikk og Folkedans blir gjort. Utvalet legg fram si endelege innstilling 14. desember.
- Hilmar Aleksandersen folkemusikkfestival i Steinkjer etablerer seg som ein viktig folkemusikkfestival, trass i at festivalen går med underskot.
- Det første norske bunadleksikonet kjem ut, med omtale av over 400 bunader i 3 store bind. Bjørn Sverre Hoel haugen er redaktør, og det kjem på Damm forlag.
- 8-mm filmane som Egil Bakka tok opp av norske bygdedansar på 1960-talet vert overført til digital form ved Rff.
- Plateprodusenten og spelemannen Hallvard Kvåle - mannen bak plateselskapet Heilo - får FONO sin Bjøllesaupris. Kvåle døyr ved slutten av året.
- Norsk kulturråd sine midlar til lokale musikktiltak fell bort (skal erstattast av lokale midlar frå kummuner) under sterke protestar frå folkemusikk-organisasjonane.
- Andreas Ljones og Hallgrim Hansegård er med i den store Peer Gyntoppsettinga i Egypt som avslutninga på Ibsen-året.
- Unni Løvlid blir den første "Årets folkemusikkartist" under Folkelarm 2006.
- Gruppa "Valkrien All Stars" får Grappas debutantpris og kjem dessutan til finalen i "Kjempesjansen" i NRK TV. Debutantprisen vert utdelt for første gong.
- Første bindet av "Folkemuikk og folkemusikkutøvarar i Noreg" kjem ut, 10 år etter at bind 2 kom ut. Bindet får god mottaking i motsetning til bind II.
- Det nordiske stemnet Nordlek 2006 vart avvikla i Gøteborg. Fint ver og vellukka stemne, men noko færre deltakrar enn før.
- Magny Karlberg sluttar etter 26 år som leiar for Bunad og Folkedraktrådet. Ny direktør blir Gunn Jensberg. Dette året blir det også snakk om å flytte Rådet frå Fagernes til Trondheim.
- "No er katten døde" - ei ny songdansbok frå Nord-Noreg blir lansert med 40 songdansar.
- Egil Storebekkens musikkpris vert delt ut for første gong. Han går til Geir Egil Larsen for sin allsidige og framifrå bruk av ulike eldre folkemusikkinstrument.
- Det blir mykje oppstyr og skuldingar om plagiat i samband med debutplata til Helene Bøksle "Elverhøi".
- Sverre Halbakken gjir ut CD-en "Østerdalens rumba" og avsluttar med det eit omfattande dokumentasjonsarbeid om gamalpolsen i Østerdals-traktene.
 
2005
- Folkelarm blir arrangert for første gong i Fabrikken i Oslo, i samarbeid med Oslokappleiken. Folkelarm blir ein stor suksess.
- Ein eigen platepris for folkemusikk vert delt ut for første gong under Folkelarm. Landslaget for Spelemenn står bak.
- Stiftinga Rådet for folkemusikk og folkedans vart omorganisert og får eige styre.
-
Det blir klart at det blir etablert ei Riksscene for folkemusikk og folkedans i Schoukvartalet i Oslo. Statsbudsjettet inneheld 1,5 mill. kr til dette.
- Årinn blir skipa til for første gong, delt mellom Kristiansand og Valle. Norsk Folkemusikk og danselag står bak
- Den store folkemusikk/dans-baserte operaoppsetninga "Tryllefløyta" blir sett opp med stor suksess. Eit samarbeid mellom norske og svenske kunstnarar i samband med 1905-markeringa.
- Operaen "Den fjerde nattevakt" blir oppført på Den Norske Opera med viktige element frå folkemusikken. Sven Nyhus spela rørosmusikk.
- Prosjektet Bygda dansar blir utvida til Møre og Romsdal med "Snu Nordvest".
- Kvedaren og sylvsmeden Kirsten Bråten Berg blir utnemt til Riddar av 1. klasse av St. Olavs orden
- Agnes Buen Garnås får Kulturrådets ærespris på kr 300 000.
- Magasinet Bunad startar opp med 2 nummer per år. Redaktør Heidi Fossness.
- Lindemans samla oppskrifter blir gjevne ut både i bokform og på CD. Ein stor konsertserie med kvedarkonsertar "I Lindemans fotefar" blir gjennomført.
- Manger Folkehøgskule i Hordaland startar med ei line for folkemusikk og ei line for folkedans. Lina for folkedans er den første i sitt slag.
- Rikskonsertane innfører lanseringsprogrammet Intro-FOLK etter mønster frå tilsvarande program for jazz og klassisk musikk. I samarbeid med folkemusikkorganisasjonane og mange festivaltilskiparar. Majorstuen vinn.
  
2004
- Radiokanalen "NRK alltid folkemusikk" startar i desember. Folkemusikk døgnet rundt i DAB-radio og på Internett.
- Førdefestivalen blir knutepunktsfestival, og får dermed  løyving over statsbudsjettet, og får større tilskot.
- Folkemusikklina ved Valle vg skole blir bestemt lagt ned frå 2005, pga få søkjarar. Berre VKII line frå hausten 2005.
- Det blir bestemt at poengsummar igjen skal oppgjevast på Landskappleiken, men gradsystemet (1. ,2. og 3. premie) blir borte.
- Eit nytt Mastergradsstudium i dansevitskap startar opp ved Universitetet i Trondheim. I samarbeid med universiteta i Stockholm og Kjøpenhavn.
- Ole Bull Akademiet startar med eit påbygingsstudium fram til bachelorgrad - Tradisjonsmusikk II
- Radioprogrammet i P2 "Halvbror til reven" sluttar etter 12 år på lufta. Hovudansvarleg var Leiv Solberg.
- Vidar Lande gjev ut ein dobbelt-CD med folkemusikk frå Agder. Han spelar sjølv og har samla musikken. Også teksthefte.
- Folkemusikaren Odd Nordstoga slår igjennom med CD'en "Luring" med folkemusikkinspirert rock. 
- Folkedansprosjektet "Bygda dansar" sitt pilotprosjekt "Fjordapuls" vert avslutta etter 3 år med forestillinga "Meistermøy"
- Norsk Folkemusikk og Danselag legg fram utgreiinga "Riksscene for folkemusikk og folkedans" av Odd Are Berkaak.
 
2003
- Vidar Lande vert utnemnd som professor i Folkekultur ved Akademiet i Rauland, og det blir høve å ta hovudfag ved akademiet.
- Gunnar Stubseid gjev ut ein biografi om spelemannen Sigbjørn Bernhoft Osa.
- Laget for Folkemusikk i Oslo fyller 100 år - eldste spelemannslaget i landet. Dei gjev også ut Jubileums-CD.
- Deltidsstudiet "Norsk folkelig dans" over eit år startar for første gong - Vegar Vårdal er hovudlærar - ca 20 studentar
- Noregs Ungdomslag får direkte stønad av kulturmidlar over statsbudsjettet for første gong (kr 300 000) etter mykje lobbyarbeid.
  
2002
- Sven Nyhus vert utnemd til Riddar av St. Olavs Orden for sin store innsats for norsk folkemusikk. Han er den fjerde musikaren som får denne æra i landet (før: Arne Nordheim, Åse Nordmo Løvberg, Ingrid Bjoner)
- For første gong byrjar ein folkemusikar på diplomstudiet ved Norges Musikkhøgskole. Det er Andreas Skeie Ljones på hardingfele.
- Open klasse for første gong på Landskappleiken i Vågå.
- Randi Skeide vert vald som den første kvinnelege leiaren i LfS. Ho er A-klassing i dans frå 1977 og dei site 13 åra vore rektor på Vidarheim barneskule i Øyer.
- Kongepokalen vert utdelt for første gong på Titanofestivalen på Vinstra. Gruppa "Svåviltlaget" frå Røros vinn pokalen.
- NU-stemnet blir for første gong skipa til av ei sentral nemnd, lagt til Beitostølen, og kalla Folkekulturfestivalen.
- Norsk Kvedarforum blir skipa, med Jarnfrid Kjøk som første leiaren.
  
 2001
- NU har svært dårleg økonomi, etter at reglane for offentlege tilskot vart endra. Dei 3 siste månadane i året er alle på NU-kontoret permiterte
 - Norsk Kulturråd legg fram utgreiinga "Om folkemusikk og folkedans i det seinmoderne Noreg" av Georg Arnestad.
2000
- Den Norske Folkemusikkscena, eit 3-årig samarbeidsprosjekt mellom LfS og NFD startar. Scena skal hjelpe til med å arrangere folkemusikk-konsertar o.l. Randi Torgersen blir leiar.
- Den nordiske folkedansstemna - NORDLEIK 2000 - blir arrangert i Stavanger.
- Boka "Ein bauta i tonar" gitt ut på 100-årsdagen for fødselen til spelemannen Anders Kjerland (1800-1889) frå Granvin. - - Første prisen frå Kjerlands minnefond (skipa i 1991) vart utdelt til Knut Hamre. I tida 1930-79 spela Kjerland inn 481 (!) opptaksnummer for NRK.
   
1999
- Sven Nyhus gjev ut ein CD-boks med 132 polsar frå Røros-området.
- Agder Folkemusikkarkiv vert offisielt opna på Setesdalsmuseet i Valle, med Harald B. Knutsen som styrar. I 1993 kom det i gang prøvedrift med delt tilhald mellom Bygland og Åseral.
- Dette året kjem musikken til "dei reisande" - taterane - fram i lyset. Mellom anna gir Elias Akselsen ut ein CD og i 2000 kom Laila Yrvum med ein CD.
- Boka "Folkemusikken i Møre og Romsdal" av Jostein Fet dokumenterer grundig folkemusikken i dette fylket.
- Boka "Det tilla og det læt" av Paul Breiehagen redigerer ei svært grundig gjennomgang av folkemusikken i Hallingdal.
- Det blir innført "Finalespel" på Landskappleiken. Dei tre beste på fele og hardingfele går vidare til finalespel søndag, og då er det også pengepremiar. Det skjer på Oppdal og Tron Westberg vinn finalespelet og får også kongepokalen.
- Høgskolen i  Nesna startar med grunnfag i etnomusikk, og i 2000 startar dei med mellomfag.
 
1998
- Norsk Folkemusikk-katalog vert oppretta. Ein Internett-katalog over profesjonelle folkemusikarar. Norsk Folkemusikkformidling driv katalogen, og LfS og NFD samarbeider om tiltaket.
- "Strunkeveko" i Valdres blir arrangert første gong, i forkant av Hilme-stemnet. Det er eit breitt opplæringstilbod for unge i norsk folkemusikk og dans.

 
1997
- Folkemusikklina ved Vinstra vg skole startar opp, etter at lina ved Fagernes vart nedlagt to år tidlegare.
- Fløytivalen, ein ny festival i Sigdal, blir arrangert første gong.
- Landslaget for Spelemenn fyller 75 år, og lagshistoria for dei siste 25 åra kjem ut, skriven av Ingar Ranheim. Lfs har no 161 medlemslag, og 5232 enkeltmedlemer, 590 av dei er under 14 år.
- Kjell Bitustøl frå Rauland /Bø vert redaktør av Spelemannsbladet.
- Øystein Gaukstad utgir sangtekstane som Lindeman skreiv opp i 1860- og 1870-åra.
  
1996
-
Boka "Folkemusikk og folkemusikkutøvarar i Noreg" kjem på Notabene forlag. Boka vart kritisert for alvorlege manglar og eit tilfeldig utval av utøvarar. LfS stod bak utgjevinga.
- Norsk Lur- og Bukkehornlag blir skipa.
- Plateselskapet Grappa kjøper opp selskapet Heilo som Halvard Kvåle har dreve.
- Folkedansstudiet ved NTNU blir utvida til mellomfagsnivå. Tidlegare har det vore grunnfag.
- Sven Nyhus gjev ut boka "Lyarslåttene i Valdres" og ein dobbelt CD. Boka omhandlar 53 lydarslåttar etter 11 spelemenn.
- Arne Fredriksen, med støtte av mange organisasjonar, startar plateklubben "Etnisk Musikklubb" som gjev ut norsk, nordisk og utanlands folkemusikk/verdsmusikk. I 2000 starta dei også plateselskap.
- Landskappleiken i Vågå er den største nokon gong. Det var over 500 startnummer med over 1600 deltakarar og ca 7000 tilreisande.
- Noregs Ungdomslag gir ut jubileumsboka "Ungdomslaget" i samband med at Noreggs Ungdomslag er 100 år..
     
1995
- NRK i samarbeid med plateselskapet Grappa gjev ut ein serie på 10 CD'ar med opptak frå NRK-arkivet. Leiv Solberg er redaktør og produsent. Opptaka dekkje alle former for folkemusikk frå heile landet.
- Den første munnharpefestivalen vert arrangert for første gong - på Fagernes.
- Det tredje bandet i "Feleverket" vert ferdig - Nordfjordslåttar. I alt 457 slåttar. Olav Sæta og Reidar Sevåg er redaktørar.
- BARNLEK 1995 - det nordiske barnestemnet (barn over 10 år) er på Gjøvik. Turid Mørk Øvstaas er sentral drivkraft.
- Den store biografien "Høyrer du Tårån"om Torkjell Haugerud og hans musikk kjem. Forfattar er Asbjørn Storesund.
- Den særmerkte og viktige boka av og om spelemannen Erling Kjøk "Ei Spelmannsoge" kjem, skriven av dottera Jarnfrid Kjøk.
- Folkemusikksenteret i Buskerud, Prestfoss i Sigdal, opnar ved Sigdal og Eggedal museum. Harald B. Knutsen er første folkemusikkonsulenten.
- Arild Hoksnes frå Romsdal blir redaktør i Spelemannsbladet. Han slutta i 1996.
   
1994
- Folkemusikken og folkedansen får ein god framskuv i samband med OL på Lillehammer, der folkemusikk og dans fekk ei sentral rolle både under opninga og i andre samanheng. Rasmus Stauri er koordinator.
- Norges Musikkhøgskole opnar for studium i folkemusikk på fele/hardingfele.
- "Handlingsplan for norsk folkemusikk og folkedans", som alle dei sentrale organisasjonane er med på, vert lagt fram.
- Ole Bull Akademiet på Voss får nytt fint nybygg, mellom anna ein fin konsertsal - Osa-salen.

    
1993
- Gruppa "Bukkene Bruse" kjem med sin første CD (Arve Moen Bergset, Annbjørg Lien og Steinar Ofstad)
- Læreboka "Fanitullen" - ei innføring i norsk og samisk folkemusikk - blir utgitt. Redaktørar er Bjørn Aksdal og Sven Nyhus.  CD'en kom i 1995.
- Dateringsprosjektet for Eldre hardingfeler er i gang. Ole Bull Akademiet og Historisk Museum UiB står bak. Dei får i år 130 000 frå Norsk Kulturråd.
- Den nyinnstifta Rff-prisen blir utdelt for første gong, og Knut Buen er ein verdig vinnar.
- Landsfestivalen i Gamaldansmusikk i Vågå er den største til nå med over 1000 påmelde deltakarar og 22 500 selde billettar.
- Landskappleiken på Lillehammer varte ei heil veke og var ei stor mønstring året føre OL. Magne Kvamme vann utstillinga for hardingfele og fele, og i fele fekk han gullmedalje - den første i fele nokon gong.
  
1992
- Osa-festivalen på Voss blir arrangert for første gong.
- Folkedansbladet "Norsk Dansarliv" startar opp, med NU som utgjevar. Tiltaket varte berre i 2 år, pga at det vart for dyrt.
1991
- Den reviderte rettleiingsboka til Klara Semb "Norske Folkedansar. Turdansar" kjem, boka mange hadde venta på lenge. Det var ei nemnd nedsett av NU som reviderte boka. Klara Semb hadde testamentert rettane til rettleiingsbøkene sine til NU i 1966.
-
Susanne Lundeng kjem med si første plate, og set Nord-Noreg på folkemusikk-kartet.
- Gruppa "Utla" gjev ut første plata si.
- Første årgangen av "Årbok for norsk folkemusikk" kjem ut. Det er NFD som står bak.
- Dei to første binda av "Feleverket" er klar for trykking. Olav Sæta har gjort mykje av arbeidet.
- Den nyoppretta Hilmar Alexandersens Musikkpris vert utdelt første gong til spelemannen Knut Hamre.
- Plateselskapet NORCD startar av Karl Seglem. Dei gjev ut jazz og folkemusikk.
- Den såkalla Stafset-samlinga kjem ut. Samlinga inneheld ei rad springdansar og folketonar frå nordre Sunnmøre (Skodje og Vatne mest), nedteikna av K.J. Stafset i byrjinga av 1900-talet.
  
1990
- Den Internasjonale folkemusikkfestivalen i Førde blir skipa til for første gong
- Telemarkfestivalen blir skipa til for første gong
   
1989
- Annbjørg Lien kjem med si første solo-CD.
- LfS får kontormedarbeidar i tillegg til dagleg leiar. Gunn Gausemel (1989-90), Anne Røine (1990-91) og Jorun Hagen (1992-)
   
1988
- Folkemusikklina ved Fagernes vg skole startar opp. Ho vart nedlagt igjen i 1995.
- Honndalstausene gir ut den første plata si. Dette reint kvinnelege spelemannslaget vart starta i 1983.
- Trond-Ole Haug vert tilsett som redaktør i Spelemannsbladet i 50% stilling etter Gunnar Stubseid. Stillinga vart utvida til heil stilling i 1990. Haug slutta i 1994, og Arild Hoksnes vart redaktør 1994-96, og Kjell Bitustøl 1997- .
- Nordisk Folkedansstemne - Nordleik - er i Bergen. Det er i alt ca 5000 deltakarar. BUL Bergen og BUL Ervingen er lokale tilskiparar.
   
1987
- Norsk Folkemusikk og Danselag vert skipa 14. mars. Odd Austrheim vert første leiaren.
- Denne hausten kjem Folkemusikkstudiet i Rauland i gang.
- Det er for første gong Framsyningskappleik på NU-stemnet, i Steinkjer.
 
1986
- Vågå-treffen blir arrangert for første gong.
- LfS vedtar med 58 mot 22 stemmer å starte med Landsfestival for Gammaldans. Den første var i Førde og vart ein suksess.
- I høve 90-årsjubileet gjev NU ut boka "Ungdomshuset", redigert av Lillian Eltvik Dyrnes, Gunvor Hals og Jan Kløvstad.
 
1985
- Den reviderte rettleiingsboka til Klara Semb "Norske Folkedansar. Songdansar" kom, boka mange hadde venta på lenge. Det var ei nemnd nedsett av NU som reviderte boka. Klara Semb hadde testamentert rettane til rettleiingsbøkene sine til NU i 1966.
    
1984
- Mo i Rana får folkemusikkarkiv for landsdelen.
- Mo-kurset i Jølster blir arrangert første gongen. Opplæring i spel og dans.
 
1983
- Knut Buen startar plateselskapet "Rjupesekken". Det får seinare namnet "Buen Kulturverkstad".
- Plateselskapet "På norsk" vert etablert. Det måtte gå inn etter nokre få år.
- Sogn og Fjordane etablerer ofentleg folkemusikkarkiv. Frå 1986 vart det ein del av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
- Kong Olav fyller 80 år, og over 100 spelemenn spelar Kongeslåtten framfor Slottet. Slåtten var komponert av Arne Sølvberg.
   
 
1981
1980
LfS får fast tilsett sekretær (seinare kalla dagleg leiar) med tilhald i Oslo. Ingar Ranheim er den første (1980-84), seinare Magnar Sundt (1984-93), så Bjørn Åsland (1993-96), Dag Vårdal (1996, vikar) og igjen  Magnar Sundt (1996-)
- Første året med kongepokal på Landskappleiken, og Ivar Schølberg Vågå/Ålen vinn den.
 
1979
- Gruppa "Slinkombas" gjev ut plata "Slinkombas" og får også spelemannsprisen dette året.
1978
- Plateselskapet "Heilo" vert etablert av spelemannen Halvard Kvåle. Det gir i åra framover ut mange folkemusikkproduksjonar. Selskapet vart oppkjøpt av Grappa i 1996.
- Kvedarboka "Ei vise vil eg kvede" kom ut, samla og redigert av Hanne Kjersti Buen, Agnes Buen Garnås og Dagne Groven Myhren.
- For første gong vert Årsmøtet i LfS halde utan tilknytning til  Landskappleiken.
- Brekkendagan vert arrangert for første gong. Eit svensk-norsk spel-og dansetreff utan tevlingar.
- Gunnar Stubseid frå Setesdal vert redaktør av Spelemannsbladet. Han slutta i 1987.
   
1977
"Ole Bull-Akedemiet" på Voss vert oppretta etter initiativ av Sigbjørn Bernhoft Osa. Akademiet samarbeider med Universitetet i Bergen, no Grieg-akademiet. Det gjev opplæring i norsk folkemusikk til musikkstudentar og andre. Frå 1996 kom det i stand 2-årig fulltids-opplæring av spelemenn - "Spelemannsskulen", og frå 1998 tilsvarande for vokal folkemusikk -  "Kvedarskulen".
  
1976
- Nordisk Folkedansstemne, Nordleik, er i Trondheim.
- Birgit Døvre, Valdres, vert redaktør av Spelemannsbladet. Ho slutta i 1978.
  
1975
- Det første kvedarseminaret vert halde i Rauland.
- Nordlek - samarbeidsavtalen mellom 10 nordiske organisasjonar - vert underskreven.
 
1974
- Det er kvedarkurs på Club 7 i Oslo, med Dagne Groven Myhren og Agnes Buen Garnås som lærarar. Slike kurs har det vore i mange år frå slutten av 60-talet.
 - På Landskappleiken i Oppdal blir det separate domsnemnder for hardingfele og flatfele både i dans og spel. For spel vart det gjennomført året før.
   
1973
Rådet for folkemusikk og folkedans får eit sekretariat og flytter inn i kontorlokala ved Ringve Museum i Trondheim. Egil Bakka vert leiar ved senteret. Rådet er både eit rådgjevande organ for staten, og eit senter som driv forskning, opplæring og formidling.  Sjølve Rådet har 7 medlemer og 7 varamedlemer. Senteret er sekretariat for Rådet. Seinare vart Bjørn Aksdal tilsett som leiar for folkemusikk-seksjonen.
- Landslaget for Spelemenn fyller 50 år, og lagshistoria skriven av Jostein Mæland kjem ut. LfS har 60 medlemslag og ca 600 enkeltmedlemer.
Ola Grøsland, Vågå /Oslo, vert redaktør i Spelemannsbladet. Han slutta i 1975.
   
1972 
- Rådet for folkemusikk og folkedans
vert oppretta, og får året etter sekretariat.
  
1971
- NRK Fjernsynet har ein fin programserie om norske bygdedansar ved Lise Foss og Hallgrim Berg
- NU gjev ut 75-årsskriftet "Ung i 75 år" redigert av Oddvin Lundanes og Sigmund Moren.
 
1970
- Egil Bakka gjev ut rettleiingsboka "Danse, danse lett", der han nyttar ny terminologi i beskrivinga av dans.
- Klara Semb døyr - ho som meir enn nokon anna hadde arbeidd for songdansen og turdansen.
  
1969
1968
1967
-
Noregs Ungdomslag får eige barnelag. Drivkrafta bak var leikrådgjevar Turid Mørk Øvstsaas. Første tilsette barnelagssekretæren var Else Elise Sætre.
- Det første lands-barnestemnet i NU vert halde i Uvdal.
  
1966
- Boka " ... og fela ho let ..." av Arne Bjørndal (1882-1965) og Brynjulf Alver kjem ut. Ei bok om norske spelemenn og tradisjonsliner i musikken. Boka hadde Bjørndal arbeidd med lenge og kom ut eit år etter han døydde.
 - Kommunane i Valdres går saman om ei instruktørstilling i folkemusikk. Torleiv Bolstad får stillinga og flytter frå Oslo tilbake til Valdres.
- Første "Folkedansgilda i Bergen" vaert halde i regi av Ervingen. Seinare, i 1975, vart "Folkedansgilda i Bergen" ein eigen organisasjon.
 
1965
- Sigbjørn Bernhoft Osa får Kongens fortenstmedalje i gull for sin innsats for folkemusikken.
- Det 3. norrøne stemnet på Færøyane. NU organisert båttur di med skuleskipet  "Gann" og 178 menneske er med på ein sers vellukka tur. Å leige båen kosta 140000.
    
1964
Klara Semb fyller 80 år, og blir heidra med boka "Ho tok oss med" redigert av Kristoffer Sælid. NRK laga eit TV-program om henne. 
  
1963
- Den 20. Nordiske folkedansstemna er i Oslo. Det vart ei sers vellukka stemne, der 3000 dansarar deltok. På avslutningfesten i Sjølysthallen var det 2040 til bords.
  
1962
1961
- Jan Petter Blom frå Rjukan skriv si magisteravhandling om bygdedansen - som den første i landet.
- Johs. A. Dahle gjev ut ein biografi om Hulda Garborg
 
1960
Jørn Hilme stemnet vert skipa til for første gong på Fagernes.
  
1959
1958
- Det første bindet av "Hardingfeleverket" kjem. Det 5. bindet kom i 1967. . Det 6. bindet (dobbeltbind) kom i 1979 og det 7. (dobbeltbind) og siste i 1981. Til saman har dei 7 binda (6 og 7 er dobbeltbind) 1895 oppteikningar. Det var Norges allmennvitenskaplige forskningsråd som gjorde opptaket i 1954. På 70-talet tok Norsk Folkemusikksamling over arbeidet. Dei som har arbeidd med verket er: Arne Bjørndal, Truls Ørpen, Eivind Groven, O.M. Sandvik (kort tid), Olav Gurvin, Reidar Sevåg, Jan Petter Blom og Sven Nyhus. Dei tre førstnemnde hadde gjort hovudarbeidet med innsamlinga av slåttar. Sven Nyhus gjorde mykje av arbeidet med dei to siste dobbeltbinda.
 
- For første gong erdet tevling i kveding på Landskappleiken. Det var på Notodden, og Torbjørg Aamli Paus vinn.
- Klara Semb gjev ut første retteliingsboka i songleikar og turdansar for born "Danse danse dokka mi". Det var siste rettelingsboka ho gav ut.
- Festspillene i bergen lagar i stand eit folkloreprogram med namnet "Dans rpte fela". Programmet var seinare på turne i USA og andre stader.
   
1957
- Sven Nyhus er ferdig med å nedteikne 130 polsar frå Røros-distriktet etter 7 års arbeid.
- Olav Gurvin (1893-) vert utnemt til første professoren i musikkvitskap her i landet.
- På årsmøtet i Tynset fjernar NU forbodet mot moderne dans på møta i ungdomslaga.
   
1956
- Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag får kontor ("Skrivarstove") kvar for seg. Dei hadde hatt sams kontorhald frå starten i 1913.
  
1955
- Ei stor internasjonal folkedansstemne vert skipa til i Oslo. BUL i Oslo, med Aasmund Svinndal i spissen, står for mykje av det praktiske arbeidet. Svært mykje folk ser på dei mange tilskipingane, og det er visstnok over 10000 på eit arrangement på Folkemuseet. Stemnet ga mykje god reklame for folkedansarbeidet i Oslo.
  
1954
1953
Dette året gir NRK i samarbeid med plateselskapet RCA ut 22 plater med norsk folkemusikk. I åra 1953-74 vart det gjeve ut ein serie plater med dette selskapet. Frå 1958 vart det EP-plater (55 til saman), og frå 1969 LP-plater (22 til saman). Rolf Myklebust er ansvarleg.
 
1952
Spelemannen og fiolinisten Rolf Myklebust (1908-1990) byrjar som programsekretær i NRK, med ansvar for Folkemusikkhalvtimen. Han gjorde ein stor innsats for folkemusikken i NRK både på fele, hardingfele og vokal, og reiste rundt i landet og gjorde svært mange opptak med lokale kjelder.
- Den 16. Nordiske Folkedansstemna er i Oslo. Samla var det ca 2500 deltakarar, 500 svenskar, 200 danskar og vel 400 frå Finland. Tilskipingar i Rådhuset, på Jordal Amfi (7000 tilskodarar) og Folkemuseet (knapt 12000).
1951
-Norsk Folkemusikkinstitutt blir oppretta. Namnet blir seinare endra til Norsk Folkemusikksamling.
 
1950
- Arne Bjørndal (1882-1965) gjev samlinga si med norsk folkemusikk til Universitetet i Bergen som ein del av Universitetsbiblioteket. Bjørndal var styrar for samlinga til han døydde. Frå 1968 vart samlinga ein del av Nordisk institutt (med Gunnar Rugstad som amanuensis 1968-72), og frå 1975 ein del av Etno-folkloristisk institutt. Frå 1972 til 1979 var det ulike vikarar i amanuensis/styrar-stillinga (Gunnar Stubseid, Wigdis J. Espeland, Leiv Solberg), så Tellef Kvifte (1979-80) og så Ingrid Gjertsen (1980-).
 
1949
- For første gong i "moderne tid" er det tevling i dans på Landskappleiken (Bø i Telemark).
 
1948
- Norsk Folkemusikklag vert stifta, etter at O.M.Sandvik året før var med i London på stiftingsmøtet for ICTM. Sandvik var leiar heilt til 1965. Laget heldt seminar/årsmøte kvart år og gjev ut skriftserie.
- Den 15. nordisk folkedansstemnet i Malmø.
  
1947
- Leikarringen i BUL byrjar å gje ut folkedansbladet Olivant. Bladet hadde i åra framover mykje godt stoff om norsk folkedans.
- Steinar Kyvik gjev ut ei bok om fel og felemakarar: "Soga om fela"
1946
- Leikarbeidet i NU blir organisert annleis enn før, med eit nokså frittståande Leiklag. Ola Straumsheim blir første formannen. Dei hadde også ei ordning med godkjenning av leiklærarar. Ein freistnad på å få dansarane i LfS med i "laget" førte ikkje fram. Denne ordninga varde til 1956, då det vart innført Leikråd, nærare integrert med resten av NU.
- Den 14. nordiske folkedansstemnet er i Stockholm.
- Årsmøtet og Landsstemnet i Trondheim. Det er 469 utsendingar på årsmøtet - rekord gjennom alle tider. Det var ca 2000 stemnedeltakarar. Kronprins Olav talar på Hovudstemnet på Stiklestad på nynorsk for ca 15000 tilhøyrarar. Det er andre gongen han talar på NU-stemne, den første også på Stiklestad i 1930.
 
1945
1944
1943
1942
- LfS legg ned arbeidet og formann og redaktør Leif Semb laut flykte til Sverike. Spelemannen Olav Evju frå Telemark vart sett inn som formann av NS-styresmaktene og fungerte resten av krigen.
- Noregs Ungdomslag kjem under såkalla kommissarisk leiing, dvs vart overtekne av nasistane. 
1941
Første nummer av Spelemannbladet kjem ut. Eldsjelene bak er Leif Sem frå Heddal og Kåre Solheim frå Gjerstad. Det kom berre to stensilerte utgåver før det vart stoppa av tyskarane. Men det starta opp att hausten 1946 med Leif Løchen i spissen, og sidan har det kome utan avbrot. Frå 1982 har bladet vore eit frittståande folkemusikkblad med LfS som eigar og drivar.
   
1940
1939
- Det blir liv i Landslaget for Spelemenn att, etter at det hadde ligge ned nokre år. Frå no av var LfS i praksis eit sjølvstendig lag utan tilknytning til NU.
- Ein stor internasjonal folkedansfestival vert halden i Stockholm i august.
 
1938
1937
- Den 13. nordiske stemna er i Aalborg
1936
1935
- Den 12. nordiske stemna i Halmstad.
  
1934
- Den 11. nordiske folkedansstemna var i Finland. 600-700 detakarar totalt, og berre 25 frå Noreg.
  
1933
1932
- Den 10. Nordiske folkedansstemna er i Oslo. BUL hadde hovudansvaret. Ca 800 dansarar til saman, 24 frå Færøyane, det same frå Danmark og 114 frå Sverike. Festar i Aulaen, St.Hanshaugen og Folkemuseet.
- Samnemnda for Studiearbeid vert skipa. NU tar på seg sekretariatet gratis.
- Den såkalla "Hardigfeletrioen" byrjar med Sigbjørn Bernhoft Osa, Eivind Groven og Alfred Maurstad som medlemer. Dei spela ofte i radio.
  
1931
- På etterjulsvinteren byrjar Eivind Groven i det private Kringkastingsselskapet (i 1933 omdanna til Norsk Rikskringkasting)for å stelle i stand eit halvtimes program med "nasjonalmusikk" kvar laurdag. Dette var direkte-sente program. I 1934 vart grunnen til NRK sitt folkemusikkarkiv lagt då dei første grammofonopptaka vart gjort. I 1936 fekk NRK sin første filmopptakar. Groven styrte folkemusikkhalvtimen heilt til 1946 (opphald 1942-45). Så var Sigbjørn Bernhoft Osa eit år, så Steinar Kyvik (frå 1951 som programsekretær i heil stilling) og så O.M. Sandvik resten av 1951, og frå 1952-78 Rolf Myklebust. I 1952 fekk NRK mobilt utstyr (buss) og kunne gjere opptak både på lakkplater og magnetofonband. Folkemusikkhalvtimen i NRK fekk svært mykje å seie for norsk folkemusikk.
 
1930
- Hovudstemnet til Noregs Ungdomslag er på Stiklestad, og Kronprins Olav talar til ein stor festlyd på nynorsk.
1929
Spelemannslaget "Fjellbekken" vert skipa i Bergen, med Jon Rosenlid (1891-1974) som musikalsk leiar i mange år.
  
1928
- Den 7. nordiske folkedansstemna er i Bergen.
  
1927
1924
- For første gong er det vanleg fele med i tevlingsprogrammet på Landskappleiken. Olav Moløkken vann.
- Noregs Ungdomslag gjev som gåve til Færøyane kvadboka "Gylta bok" redigert av Jhannes Patursson. Boka kom i ny utgåve i 1979.
- Sonen til Myllarguten Torgeir Torgersen gir ut slåttesamlinga  "Møllerguttens Slaatter"
 
1923
- Landslaget for Spelemenn vert skipa i Bergen som eit frittståande særlag i Noregs Ungdomslag. Arne Bjørndal vart første formannen og var det heilt til 1936. Arne Bjørndal, Rikard Berge og John N. Dahle gjorde opptaket.
- Oslo Fylkeslag av Noregs Ungdomslag vart skipa med 9 bygdelag og 2300 medlemer. Aslak Tonna vart første formannen. I 1927 kjøpte laget eige hus i Nordahl Brunsgt 22, der det vart Heim for landsungdom, lagsrom, festsalar, kontor og kaffistove.
- Den 4. nordiske folkedansstemna halden i Gøteborg i samband med den store verdsutstillinga der. Det var 1600 deltakarar frå Sverike, Noreg, Danmark, Åland og Tyskland.
- I etterkant av folkedansstemnet i Bergen skipar NU til ei vidgjeten ferd til Nordkapp med "Hardangerfjord". Det var 150 med då dei starta i Bergen, sume kom til under vegs. Årsmøtet var i Harstad.
- Edvard Os gjev ut ei skjemtesam bok "Stemneskrå" der han mellom anna fortel frå den hendingsrike "Nordkappferda" same året.
- Musikkforskaren Erik Eggen gir tar doktorgraden med avhandlinga "Skalastudier over skalaens genesis på Norrønt område".
   
1922
- Første utgåvene av rettleiingsbøkene til Klara Semb kjem ut. Først "Norske folkedansar I. Dansevisor" med totalt 50 viser og så "Norske Folkedansar II, Rettleiing um dansen" på 166 sider. Desse bøkene kom etter kvart i mange nye opplag og utgåver og fekk mykje å seie for arbeidet med songdans og turdans.
 - Den tredje nordiske folkedansstemnet vert skipa til i Oslo. Leikarringen i BUL hadde hovudansvaret. Stemnet vart svært vellukka og skapte stor interesse for folkedansen.
- På Årsmøtet i Oslo skifter NU namn frå Norigs Ungdomslag til Noregs Ungdomslag.
  
1921
- Leikarbeidet i Noreg vart fast organisert gjennom Noregs Ungdomslag på eit leikrådsmøte i Trondheim, i samband med årsmøtet i NU.
- Lektor O.M. Sandvik (1875-1976) tar doktorgraden med avhandlinga "Nordk folkemusikk, særlig Østerdalsmusikken"
- O.M. Sandvik og Gerhard Schjelderup (red) utgir "Norges Musikkhistorie" bind 1-2.
 
1920
Den første nordiske folkedansstemna vert halden i Stockholm. Frå Noreg møtte vel 20 dansarar, med Henrik Gjellesvik som spelemann. Dei norske dansarane og spelemannen gjorde stor lukke på stemna.
 
1919
- Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo vert skipa som fast særlag. Ringen får svært mykje å seie for framvoksteren av leikarbeidet i landet. I mange år framover var Leikarringen ein framsyningsring med avgrensa medlemstal.
- O.M. Sandvik (1875-1976) gjev ut ei stor samling folkemusikk "Folkemusikk i Gudbrandsdalen" (auka utgåve i 1948). I 1943 kom samlinga "Østerdalsmusikken" (ny utgåve i 1979). Han har også gjeve ut andre samlingar med folkemusikk. Han starta for alvor innsamlingsarbeidet sitt i 1911.
- Den frittstånde folkedansorganisasjonen "Den norske Folkeviseringen" vert skipa i Oslo. Ringen voks snøgt og hadde over 7000 medlemer i 1923, men dovna så fort bort igjen.
1916
- Medlemsbladet til Noregs Ungdomslag "Norsk Ungdom" kjem ut første gongen. 
1914
- På Frogner i Oslo er det denne sumaren ei stor jubileiumsutstilling  (1814 - 100 år), og her vert det kvar dag i 3 månader vist norsk folkedans for eit stort og entusiastisk publikum. Klara Semb stod for danseringen og Kjetil Flatin spela til bygdedansen.
  
1913
- Hulda Garborg gjev ut heftet "Norske dansevisur", med nye og auka utgåver i 1917, i 1920 og i 1923
- Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag får fast kontor (saman) - Skrivarstova i Oslo. Løytnant Edv. Os vert første skrivaren. 
- Det felles meldingsbladetbladet til NU og Noregs mållag "Bodstikka" kjem ut for første gong.
  
1912
-  Knut Liestøl og Moltke Moe gir ut samlinga "Norske folkeviser fra middelalderen".
 
1911
- Den andre norrøne stemna. Denne sumaren skipar Vestmannalaget i Bergen til ei stor ferd til Færøyane med ca 70 deltakarar på den vesle båten "Namsos". Mange kjende personar var med, både leiarar som Anders Hovden, spelemenn som Kristiane Lund, dansarar som Olav Torshaug og Klara Semb.
- Det norske Spellaget med Hulda Garborg i spissen reiste i 1911 og 1912 rundt om i landet på 3 turnear og viste teater og folkedans. Dette gjorde at interessa for folkedansen auka kraftig mange stader.
 
1910
1909
- Bondeungdomslaget i Bergen blir skipa. det var utbrytarar frå Ervingen som skipa laget.
   
1908
- Det første norrøne stemnet blir arrangert på Voss samtidig med Årsmøtet i NU. Det er 100 frå Færøyane, og ca 8000 tilhøyrarar på hovudstemnet.
1907
- For første gong er det stemnetalarar på Årstemnet i NU. Stemnet er på Jaren og Riksråd Jørgen Løvland og seminarlærar Severin Eskeland talar.
- Sven Moren gjev i samarbeid med NU ut boka "Songbok for skular og ungdomsslag". Ho kom seinare i mange opplag og vart mykje brukt.
1906
1905
1904
Heftet "Norsk Nationalmusikk fra Aalen og Røros" av nedteikna av spelemennene Anders Haugen og Johannes Reitan vart utgjeven.
   
1903
- Spelemannslaget Huldreleiken i Oslo vert skipa,  med spelemannen og felemakaren A.C. Kleven som leiar. I 1931 vart namnet Laget for Folkemusikk. Dette er eldste spelemannslaget i landet.
- Den første norske danseferda til utlandet. Hulda Garborg med dansarar, dei fleste frå BUL, og spelemannen Olav Moe reiser til Stockholm og viser norsk songdans og bygdedans. Framsyningane vekkjer stor oppsikt og blir vel mottekne.
- Den første utgåva av heftet "Songdansen i Nord-Landi" av Hulda Garborg kjem ut.
- Hulda Garborg og Halvdan Koth gjev ut eit praktisk hefte "Norske folkevisor I" der Hulda Garborg skreiv ei utgreiing om folkevisedansen, og der det også var 14 viser med tonar til.
- Hulda Garborg gir ut heftet "Norsk Klædebunad. Ny utgåve i 1905 (6000 eks.) og eit større hefte i 1917 med 100 bilete og 8 mønsterteikningar.
- Johan Halvorsen gir ut eit hefte med 17 slåttar som han skreiv ned etter Knut Dahle etter initiativ frå Edvard Grieg. Samtidig gir Grieg ut sine kjente bearbeidingar av slåttane.
 
1902
- Hulda Garborg viser for første gong offentleg songdans på eit møte i Bondeungdomslaget i Oslo, der Arne Garborg tala om songdansen i Norden. Dette blir rekna som starten på songdansen i Noreg i moderne tid.
- Hulda Garborg er om sumaren på ein studietur til Færøyane, ein tur som får mykje å seie for arbeidet hennar med songdansen.
- På heimvegen frå Færøyane dansar Hulda Garborg med medlemer i Ervingen på Valestrand. Første songdansen i Ervingen/Bergen.
- Om hausten er det stor Målmarknad i Bergen. Huda Garborg kjem og hjelper til med songdansen, og eit kurs kjem i gang som varer heilt til jul med Einar Bø og Arne Hatlestad som lærarar. Dette er starten på folkedansen i Ervingen.
- Det blir arrangert kappleikar  både i Oslo, i Ål, i Ålesund (første gong) og i Tinn (første gong)
 
1900
- Bondeungdomslaget Ervingen i Bergen vert skipa, over same lest som Bondeungdomlaget i Oslo, med utgangspunkt i Vestmannalaget
- Vestmannalaget i Bergen skipar til eit kurs i nasjonale dansar med Einar Bøe som lærar. Det første i Bergen (?).
  
1899
- Bondeungdomslaget i Oslo vert skipa, det første i landet. Klaus Sletten var første formannen og var med eit kort avbrot formann heilt til 1916. Laget fekk svært mykje å seie for framvoksteren av "leikarbeidet" i landet.
- Bernt Støylen si samling "Norske barnerim og leikar" kjem ut. (Faksimileutgåve i 1975)
 
1898
- Songboka "Norsk songbok for ungdomsskular og ungdomslag" kjem ut for første gong.
   
1896
- Noregs Ungdomslag vert skipa i Trondheim med deltaking frå  9 fylkeslag. Peter sSotsvik (1862-1924) vert første formannen.
- Vestmannalaget i Bergen skipar til den første "Landskappleiken" i Noreg i huset til kunstnarane Olav og Frida Rusti. Det møter 17 deltakarar frå Hordaland og Sogn og Fjordane. Sjur Helgeland vert best.
 
1893
- Dei første fylkeslaga av frilynte ungdomslag vert skipa.
1892
- Den første store ungdomsstemnet vert halde på Voss. Tiltaket vart sers vellukka. Store ungdomsstemner om sumaren vart etter kvart vanleg mange stader i landet.
  
1884
Heftet "100 norske Polskdanse (Springdanse) fpor Violin samlede fra Røros og Omegn" av A. Reitan og A. Haugen. 
  
1888
Den første kappleiken i landet vert arrangert i Bø i Telemark.
 
1876
Ludvig Mathias Lindemans koralbok  til M.B. Landstads salmebok blir godkjent for bruk i kyrkja. Får mykje å seie for salmesongen.
  
1872
Den første viseboka av Holst og Seip "En liden Visebok" kjem ut. Denne kom seinare ut i mange reviderte utgåver.
  
1868
- Det første frilynte ungdomslaget ein veit om vert skipa i Sel ( i Frosta  1870, Botngrenda i Hardanger i 1870)
- Den første songboka for skular  og lag av Lars Skeide kjem ut.
1865
Tyskaren Carl Scharts (1807-1883) gjev ut "VIII Norske Slaatter for Hardangerfele" i Bergen. Dette er første originaloppskrifter av norske hardingfeleslåttar. Dette er rike og gode oppskrifter som han skreiv opp etter Myllarguten i 1850 då han var i Bergen og spela på Ole Bull sitt Teaterer der Scharts var kontrabasist. Mellom  slåttane er "Nordfjorden", "Hildalen", Sellanden"og "Geitaslåtten".
  
1862
Halvdan Kierulf gir ut heftet "25 Utvalgte norske Folkedans for Piano udsatte". Eit betydeleg verk i Kierulfs produksjon.
  
1860
Ludvig Mathias Lindeman får livslangt statsstipend for å samle inn og publisere norske folkemelodiar.
 
1853
- Den første samlinga til L.M. Lindeman  "Ældre og nyere Fjeldmelodier" kjem ut. Her var det stoff som Ludv. M. Lindeman hadde samla frå 1948, og som Olea Crøger hadde samla i Telemark i 1830-åra. Lindeman heldt fram med innsamling til fram på 1870-talet.
  
1851
Ludvig Matihias Lindeman dreg på si andre ferd for å skrive opp norske folkemelodiar - telemark, Hardanger, Bergen og Hallingdal.
  
1850
- På våren er Myllarguten i 3 månader i Bergen og spela mellom anna saman med Ole Bull i det nyopna teateret hans "Det Norske Theater i Bergen" i mars og april. Myllarguten var også fleire gonger saman med Bull på sumarstaden Valestrand. Bull ville ha Myllarguten med på utanlandstur, men han ville heller heim til Telemark. Det var på denne tida at Carl Scharts skreiv opp ein del slåttar etter Myllarguten, sjå året 1865.
- C.P. Riis sitt syngespel "Til Sæters" med F.A. Reissiger sine arrangement av norske folketonar blir oppført på Christiania theater og vekkjer stor begeistring.
- Ole Bull startar sitt teatet "Den Nationale Scene" i bergen, det første norskspråklege teateret, med vekt også på nasjonal musikk og dans
  
1849
Myllarguten (Torgeir Augundson, 1801-1872) spelar på den  vidgjetne konserten i Losjen i Kristinania 15. januar. Ole Bull. arrangerte konserten.
  
1848
- Ludvig Mathias Lindeman får støtta av Universitetet i Oslo for å skrive opp folkemelodiar. Han reiser i Valdres, Vågå og Meldalen. Andris E. Vang i Valdres er han beste kjelde. Han skriv opp 86 salmetonar og 83 verdslege melodiar.
- Halvdan Kierulf koponerer mannskorverket "Brudeferden i Hardanger" (tekst av A. Munch). Verket har viktige innslag av halling og gangar.
    
1843
- Olea Crøger har klar ei samling folkeviser, men manuskriptet vart borte på uforklarleg vis: "Norske folkeviser samlede af en norsk Dame, gjennomseet og forsynet med den nødvendige ordforklaring af Pastor Thønnesen, samt med Melodier af Organist Lindeman"
  
1842
- Andreas Peter Berggreen utgir (1842-1855) 4 bind med "Folkesanger og Melodier".
   
1841
- Ludvig Mathias Lindeman utgir sine første folkemelodiar i boka "Norske Fjeld-Melodier"
  
1840
- Jørgen Moe og Ludvig Mathias Lindeman gir ut ei folevisesamling med både tekstar og melodiar.
  
1838
- Ole Andreas Lindemans koralbok blir autorisert for bruk i Den norske kyrkja.  Fekk mykje å seie for salmesongen.
1833
- Ole Bull bruker hardingfela på ein offentleg konsert i Paris "souvenirs de Norvege" kalla han potpourriet med norske slåttar og folketonar.
   
1831
Første gongen Ole Bull møtte Myllarguten var denne sumaren i Bergen. Myllarguten var ofte i Hardanger, men denne sumaren reiste han også til Bergen. Der fekk Ole Bull høyre han spele, og vart svært oppglødd av spelet. Han bad han heim og vart med Bull ut til samarstaden hans Valestrand og var der i fleire dagar. Bull skreiv opp nokre slåttar, mellom andre springaren "Nordfjorden" og hallingen "Hopparen".
 
1815
- Musikaren Lars Roverud (1776-1850) gir ut skriftet "Et Blik på Musikens tilstand i Norge". Roverud fekk mykje å seie for utvilinga av folkesongen i Noreg.
   
1812
- Danskane Rasmus Nyerup og Knud Lyhne Rahbek gir ut (1812-1814) ei stor samling "Udvalgte danse Viser fra Middelalderen". Sammlinga inneheld også nærare 30 norske melodiar.
  
1801
Spelemannen Myllarguten (1801-1872), eller Torgeir (Tarjei) Augundsson Øygaarden, vert fødd. Han blir rekna som landets fremste spelemann gjennom tidene og påverka slåttespelet og einkeltslåttar på ein avgjerande måte. I samarbeid med Ole Bull heldt han konsertar som gjorde slåttespelet kjent blant byfolk.
 
  
1780
- Det nest eldste trykte dokumentet med norsk folkemusikk kom ut i Paris av franskmannen Jean Benjamin de Laborde (1734-1794). Det norske stoffet finst 2. bindet i eit verk med tittelen "Sur la musique anciennet et moderne", og dei norske slåttane har tittelen "Danse des Paysans dans le Diocese de Bergen en Norvege" (Bondedans frå Bergen bispedøme i Noreg). I alt er det 16 slåttar og 6 døleviser. For det meste er det folkelege slåttestev og songtonar. Laborde har truleg fått tak i stoffet frå den danske organisten A.W. Hartmann, som igjen truleg har skreve dei opp etter norske studentar i Kjøpenhavn.
  
1766
I eit blad "Efterretninger fra Adresse-Contoiret i Bergen i Norge" nr 46 1766 står det eit svært viktig og mykje omtala stykkje om hardingfelebyggjeing i Hardanger. Tittelen på stykkje er "Efterretning om Viol-Mageriet i Vigøers Prestegield i Hardanger". forfattaren til stykkje er ukjend.  Heile stykkjet står her.
1759
Dette året døyr Isak Nilsson Botnen (1663-1759) frå Kvam. Han er den første store hardingfelemakaren i landet  i "moderne" tid. 
  Isak laga både flatfeler og hardingfeler. I dag finst det ca 15 hardingfeler etter han. Av sønene vart Trond Botnen (1713-1772) ein svært dugande felemakar og laga ca 1000 hardingfeler og vart ein svært velhalden mann Felene hans vart selde både på Vestlandet og Austlandet. I 20-årsalderen vart han gift med Guro Olsdotter, enkja på Flatabø i Kvam, og flytta dit og overtok garden i 1742. Etter det nytta han namnet Trond (Isakson) Flatabø. I dag finst det att 30-40 Tronda-feler. Sjå meir her.
  
1740
- Det eldste dokumentet om norsk instrumental folkemusikk er "Den underjordiske", slåtten som vart oppskreven etter at han vart hørt i berget" på Kyrkje-Byrkjeland i Fana ved Bergen julaftan 1695. Slåtten vart oppskreven av kantor ved Domkyrkja i Bergen Hinrich Meyer. I 1740 vart så slåtten og historia trykt av komonisten Johan Mattheson (1681-1764) i Hamburg under tittelen "Etwas neues unter der Sonnen oder das Untererdische Klippen-Consert in Norwegen". Arne Bjørndal meiner det i stor grad er hallingen "Rotnheims-Knut" som går igjen i "Den underjordiske".
  
1651
Den såkalla Jåstadfela ved Universitetet i Bergen er truleg den eldste hardingfela ein veit om. Inne i fela står det "Ole Jon-sen Jaastad 1651". Fela er lita, 57,3 cm lang, og har berre to understrenger. Jåstad var fødd i 1621 og nemnd i 1649 og 1667 og budde i Ullensvang fortel Arne Bjørndal.  Konservator Bernhard Færøyvik (1886-1950) og Arne Bjørndal opna og granska fela i 1942. Bjørndal fortel at "Namnesetelen er fest til botnen med same slag lim som fela frå fyrst av var sett saman med. Namnet og årstalet rita inn med same slag blekk, av same hand og på same tide. Årstalet 1651 er ekte."