Hardingfele-makarar

Innleiing
Det er vanleg å tale om to sentra for hardingfelebyggjing i Noreg: Vestlands-tradisjonen i Hardanger/ Hordaland og Telemarks-tradisjonen i Bø. Tradisjonen i Hardanger sæleg knytt til Botnen- karane er den eldste, og vart vidareutvikla av folk av Hellandætta i Bø.
Andre liknande sterke tradisjonsliner i hardingfele-byggjing har vi ikkje. Men det har seinare vore mange dugande hardingfele-makarar i ulike deler av Sør-Noreg. Fremst mellom desse står Gunnar Røstad, som budde meste av si tid i Oslo, og kanskje var den fremste av alle felemakarane i Noreg. Fremste felemakaren i dag er Magne Kvamme (1941-) som har fått gull på Landskappleiken både for fele og hardingfele.

Les også om Helland-ætta her.

Her er omtale av ein del kjente feler/hardingfeler.

 
Den eldste hardingfela
Den eldste tidfesta hardingfela er laga av Ola Jonson Jaastad (1621-1694), lensmann i Ullensvang i 1650- og 60-åra. Fela er tidfest 1651, og finst no ved Historisk Museum i Bergen - frå 1996 på utlån til Hardanger Folkemuseum. Det har vore noko tvil om dateringa av denne fela. Fela har berre 2 understrenger som var vanleg på dei gamle hardingfelene. Desse felene var også ein god del mindre enn vanlege fiolinar. Jaastad-fela er fint utforma, og må byggje på ein eldre felemakar-tradisjon. At det fanst ein slik eldre tradisjon blir også styrkt av at det finst endå eldre feleskrin, såleis eit frå Voss med årstalet 1512.
 
Det finst fleire teoriar om grunnlaget for hardingfela. Den eine går ut på at hardingfela er ei "etterlikning" av den klassiske fiolinen. Kanskje har kunnskapen kome til Bergens-området frå england/Skottland, der det var fleire fiolintyper med understrengjer. Men det skal og vere gode grunnar til å tru at ho har utvikla seg parallelt med fiolinen frå eldre nordiske  mellomalder-instrument som fidla og gigja. Utan tvil har hardingfela blitt sterkt påverka av fiolinen ikkje minst når det gjeld storleik og form. Hardingfela har også mange trekk felles med den europeiske filinvarianten viola d'amore som var i bruk på 1500 og 1600-talet, og hadde mange under-strenger.
 
Hardingfeleprosjektet
Norsk Folkemusikklag står for dette storstilt prosjekt som tar sikte på å samle og systematisere mest mogeleg kunnskap om utviklinga av hardingfela i Noreg. Norsk Kulturråd står for hovudfinansieringa. Dei mest sentrale i prosjektet er Bjørn Aksdal, Jan Petter Blom, Jostein Mæland og felebyggjarane Olav Vindal og Sigvald Rørlien. Data om feler og feleskrin blir registrert på data, og ein tar i bruk moderne metodar til å tidfesta instrumenta og skrina - mellom anna  såkalla dendron-kronologi (årring-analyse), og likeeins bruk av skriftekspertar og kunsthistorikarar.
   
Andre tidlege felemakarar i Hordaland

Anders Andersen (ca 1690- )  frå Hardanger laga feler , også hardingfeler. Sønene hans 
Lars Andersen (1741- ) og 
Hans Andersen (1744 -) var begge dugande felemakarar som budde i Bergen.
Engel Olsen Bjortveit (1756-1832) frå Kinsarvik var ein dugande felemakar.

Anders Heldal (1811-1897) frå Hosanger dreiv felemakarverkstad i Bergen og var kjent som ein dugande felemakar, og mange nytta han til å vøle feler, såleis også Ole Bull. Han laga mange feler som vart mykje brukt på Vestlandet.

Knut Øvretveit ( - 1924) frå Lindås laga i alt kring 1000 feler og fekk fleire prisar for felene sine. Både faren, bestefaren og sonen var også spelemenn og laga feler.

Johannes Bårdsen Tveit (1786-1847) frå Samanger var ein av dei aller beste og mest produktive felemakarane på si tid. Felene hans vart kalla "Tveita-feler" eller "Samanger-feler" og mange gode spelemenn nytta felene hans. Tveit var oldefar til komponisten Harald Sæverud.
  
Eldre felemakarar i Valdres
I  Valdres laga dei mest feler i Botna-tradisjon.

Torstein Belgumsøygarden, Ulnes og sonen Nils Belgum (Øygarde)var felemakarar. To av Nils sine feler finst på Valdres Folkemuseum, ei etter Ola Hamre (Brøtaguten) og ei etter Jørn Røn.

Lars M. Krøsshaug (1785-1839) og sonen 
Lars L. Krøsshaug var felemakarar.
Knut N. Dale (1838-1912) laga feler. 

Knut Ø. Rudi (1878-1972) Skammestein, Austre Slidre, var kjent spelemann, og er den mest kjende felemakaren i dalen i nyare tid. Han laga første fela medan han gjekk på folkeskulen. Han gjekk i lære hjå Kleven i Oslo, og lærde også av Røstad. På jubileumsutstillinga i Oslo i 1914 fekk han gullmedalje for arbeidet sitt. I 1920-åra var han også i Wien for å lære meir, og dette vart yrket hans. Rudi er særleg kjent for strengespinninga si, og strengene hans vart nytta av nærsagt alle spelemenn. Han vart æresmedlem i LfS i 1958. 
Botnen-karane
Isak Botnen (1663-1759) - Isak Nielsen Skaar, er den første store, som det finst skriftlege kjelder om, og budde først i Vikøyr og sidan i Ålvik. Isak var fødd på garden Skaar, så dette etternamnet står på sume av felene hans. Det vert fortalt at Isak ikkje ville lære felemakarkunsten til sønene sine, men at Trond stal seg til lærdom gjennom eit kvisthol i veggen, og at han først på dødslega til faren fekk læra korleis den viktige fernissen skulle lagast. Visstnok finst det i dag ca 15 kjente Isak-feler igjen. Den eine frå 1751 tilhøyrde i si tid den kjende spelemannen Ola Håstabø (1826-99) frå Granvin i Hardanger. Isak laga både flatfeler og hardingfeler. Hardingfelene hadde eit varierande tal understrengjer, mest 2, men heilt opp i 6. Det blir fortalt at Isak  rundt 1680 skal ha fått fatt på eit eksemplar av ei fidla, eit strykeinstrument frå mellomalderen. Gjennom ein tilflytt autstlending fekk han også tidleg kjennskap til den klassiske fiolinen. Ei hardingfele utan lok bygd av Isak i 1692 skal vere den nest eldste hardingfela ein veit om i dag (finst på Hardanger Folkemuseum).

Trond Botnen (1713-1772) var den einaste av sønene til Isak som gjorde feler. Han var svært dugande og laga ca 1000 hardingfeler og vart ein svært velhalden mann. Felene hans vart selde ikkje berre på Vestlandet, men også til dalane autafjells i Valdres, Hallingdal, Numedal og Telemark. I 20-årsalderen vart han gift med Guro Olsdotter, enkja på Flatabø i Kvam, og flytta dit og overtok garden i 1742. Etter det nytta han namnet Trond (Isakson) Flatabø. I dag finst det att 30-40 Tronda-feler. Den eldste norskprodusete fiolinen ein kjenner i dag er laga av Trond Flatabø i 1764 (finst på Hardanger Folkemuseum). Felene til Trond er mindre enn faren sine, som nærma seg den klassiske fiolinen i forma.

Sjovat Steinestø var gift med dotter til Isak Botnen og lærde å byggje feler av verfaren, men var ikkje så flink som Isak og Trond.
Les også det interessante stykket om "Viol-Makeriet" i Hardanger frå 1766.

Botnen-felene vart selde over store deler av sør-Noreg, ikkje minst på marknadane i Røldal, i Lærdal og på Kongsberg og vart på den måten spreidd.

Den rike tradisjonen etter Botna-karane heldt seg ikkje så godt på Vestlandet, men vart vidareutvikla i Telemark.

Den eldste norskbygde fiolinen vart laga av Trond Botnen i 1764, og er no å finne på Hardanger Folkemuseum i Utne.
 
Telemarks-tradisjonen
Dei første Telemarks-felene vart truleg laga kring 1750. Det første felemakarnamnet ein kjenner er Karl Rue (1742-1829), truleg av dansk ætt. Han laga mange gode feler, og hadde sin eigen ferniss, men felene hans var framleis små og hadde to understrenger.
Ein annan tidleg felemakar var Olav Gullbekk ( - 1836), far til Sterke-Nils. Hans feler var ikkje så gode og fine som dei til Rue.

 
Helland-tradisjonen i Bø
Jon Eirikson Helland I (1790-1862) var den første felemakaren i denne slekta. Han var også spelemann, og lærde noko felebygging av spelemannen Øystein Langedragen i Seljord og meir av Olav Gullbekk. Felene til Jon var framleis små og hadde veik tone.

Erik Jonsson Helland (1816-1868) var eldste sonen til Jon og vart den som i stor mon utvikla hardingfela frå Botnafele til moderne hardingfele. Han viste tidleg stor givnad for å lage feler og fekk vere med faren i verstaden. Han tok tidleg til å eksperimentere med nye felevariantar - større og med fleire understrenger. I 1861 fekk han statsstipend og reiste til Danmark for å lære meir om felebygging. Han var også i Kristiania. I 1864 laga han ei av dei beste felene sine - Kjempa - som har vore eigd av fleire gjeve spelemenn, mellom andre Leif Sandsdalen, Halvor Borgen og Gunnulf Borgen. Eirik døydde berre 52 år gamal, men hadde då omskapt hardingfela til slik vi kjenner henne i dag.

Dei to sønene til Erik - Jon Eriksson Helland (1849-1869) og Knut Erikson Helland (1851-1880) - hadde begge stor givnad for felemakarkunsten, og laga ein del feler, men dei døydde tidleg berre 20 og 29 år gamle.
Gunnar Olsen Helland (1852- ) frå Bø vart gift med tvillingsyster til Knut Helland, og overtok både garden og felemakarverkstaden og namnet Helland. Han vart ein flink felemakar og vann mange premiar.

Gunnar Helland hadde 4 søner som vart felemakarar.
Olav G. Helland (1875-1946) - den eldste sonen til Gunnar - var truleg den fremste av alle felemakarane i slekta og laga mange svært gode feler og vann mange premiar. Han budde frå 1896 på Notodden og hadde verkstad der. Mange heldt hans hardingfeler for å vera dei beste i landet, jamsides dei til Gunnar Røstad.

Dei to neste brørne  Knut (1880-1920) og Gunnar (1889?-) reiste til Amerika og dreiv som felemakarar der under firmanamnet "Helland Brothers".
Jon G. Helland (1897-) - den fjerde av brørne - var ein del år utanlands, slo seg så ned i Notodden og dreiv saman med broren Olav.

Eilef Jonson Steintjønndalen (1821-1876) var bror til Erik Helland, og arbeidde saman med faren og broren i verkstaden. Då han gifta seg, kom han til ein plass under Folkestad i Bø, og tok namnet der. Han laga feler heile livet, sers vene feler, men ikkje så gode som broren Erik.

Knut Eilefson Steintjønndalen  (1850-) var også ein flink felemakar og laga svært fine hardingfeler.
Broren Jon Eilefson Steintjønndalen var også ein framifra felemakar.
Knut K. Steintjønndalen (1887-1969) er den siste av dei kjende felemakarane i Helland - Steintjønndalen-slekta. Han laga opp mot 1000 feler.
   
Gunnar Røstad (1874-1947)
Mange reknar Gunnar Røstad som den fremste hardingfelemakaren i landet. Han var frå Øvrebø litt nord for Kristiansand. Han byrja tidleg å lage feler - flatfeler. Røstad lærde og å spele flatfele og seinare også hardingfele mellom andre av Leif Sandsdalen. Av han lærde han også å lage hardingfeler. I 1895 reiste han til Kristiania, og budde sidan der det meste av livet sitt. Han lærde felemakarkunst av fleire felemakarar i Kristiania mellom andre A.C.Kleven. Han rekna seg som utlærd frå ca 1900, og etter 1908 var han felemakar på heiltid resten av livet. Han rekna 133 hardingfeler og 268 flatfeler for å vere meisterarbeid - alle laga etter 1900. Men han hadde også laga mange gode feler før. Ei av den beste felene hans vert kalla Dronninga og vart laga i 1914. Mange av dei fremste spelemennene i vårt hundreår har Røstadfeler og tykkjer at dei er endå betre enn Hellandfelene. Les meir om Gunnar Røstad her.
 
Torleiv Frøysaa (1867 - 1949) (bilete)
var felemakar og spelemann frå Hornnes i Aust-Agder. Han var av gamal spelemannsætt  og både faren, bestefaren og fleire av brørne hans var spelemenn, med røter frå Frøysaa i Iveland. Som ung lærde han både Frøysaa-spel og spel frå Frøyrak, særleg av Pål O. Frøyrak. Han tok utdanning som lærar og busette seg på Gjøvik der han budde storparten av livet. Han spela orgel nokre år, men sidan var det interessa for felespel og felebygging som dominerte. Han reiste rundt om i landet og lærde spel av mange kjende spelemenn, som Wilhelm Sorteberg, Gunnulf Borgen, Torkjell Haugerud, Arne Bjørndal, Haldor Meland, Sjur Helgeland, Truls Ørpen og andre. Han deltok på kappleikar og gorde det godt. omkring 1900 fekk han interesse for felebygging. Etter å ha dreve litt for seg sjølv, var han ei tid hjå Kleven i Oslo og ei tid hjå Gunnar Røstad som han rekna for viktigaste læremeisteren sin. Han bygde om og reparerte ein god del fiolinar, men av nybygging vart det berre hardingfeler. Han har truleg bygd ein del over 100 til saman, mange av dei med svært høg kvalitet. Frøysaa slutta som lærar i 1927 og flytta attende til Hornnes der han omkom i ein brann 82 år gamal. Dei fleste av desse opplysningane er henta frå boka om Gunnar Røstad som Kjell Chr. Midtgaard ga ut i 1997.
   
Ole G. Skogly (1866 - 1939) (bilete)
frå Råengrenda i Krødsherad var ein god spelemann og felebyggjar. Han lærte spel i Krødsheradstradisjon, men seinare også telespel mellom andre av Torgeir Torgeirson ("Tarjei By'n"), sonen til Myllarguten som verka som musikar og pianostemmer i Christiania. Han byrja å lage feler, og lærde i Christiania ført av sambygdingen Kleven og seinare av Gunnar Røstad. Han budde på fleire ulike plassar, og sume av felene hans er signerte Ole Haugen eller Ole G. Grønlid. Mange av felene han laga hadde sers god tonekvalitet, og nokre usignerte feler han ein trudd har vore Røstad-feler. Dei fleste av desse opplysningane er henta frå boka om Gunnar Røstad som Kjell Chr. Midtgaard ga ut i 1997.
     
Andre felemakrar
Hans Johnsen Tjønn (1877-1962)
var særleg oppteken av teorien rundt avstemming av hardingfela. Saman med sonen Jon H. Tjønn dreiv han feleverksemd i mange år i Telemark, og var ei tid mellom dei mestproduserande felemakarane i landet.

Jon H. Tjønn (1899-1966)
Han dreiv først felemakarverkstad saman med far sin i mange år - og seinare etter at faren døydde. Mot slutten av verksemda laga han ein del av sine beste feler. Jon var særleg original og skapande i formgjeving og dekor.


Anders C. Kleven (1855-1909)
frå Krødsherad, var ein svært dugande felemakar som dreiv den kjende verkstaden og instrumenthandelen sin i Oslo. Mange kjende felemakarar gjekk i lære hjå han, til dømes Gunnar Røstad, Knut Ø. Rudi og Torleiv Frøysaa. Les meir om han her.
 

Sveinung Gjøvland
frå Åmli

Anders Ødegaarden (1871-1943)
Han er truleg den best kjente felemakaren i Numedal. Han skal ha laga 700-800 feler.  Han var i Amerika to bolkar og laga mange feler der også. Han var også ein god spelemann og heldt mange konsertar.


Gjermund Strømmen (1898-1975)
er den mest kjende felemakaren i Numedal i nyare tid. Han skal ha laga ca 300 feler.
 

Olav K. Venås
var frå Gransherad.

Anders Aasen (1909-1985)
Aasen var fødd og oppvaksen på den kjente fjellgarden Kjeåsen i Eidfjord. Seinare busette han seg i sjølve Eidfjord.  Han hadde ulike yrke, mellom anna rammemakar, breførar, skifabrikkarbeidar og anna. Som felemakar var heilt sjølvlært og laga første fela i 1922. På 1950-talet og først på 60-talet hadde han ein aktiv bolk som felemakar. Så var det pause i nokre år til han tok arbeidet opp att ført på 70-talet dei siste 15 åra laga han mange feler.  Aasen-felene blir rekna som svært gode. I sine siste år budde han i "kunstnarbustaden" etter Nils Bergslien. Aasen var ein smålåten og fåmælt mann som levde nokså avstengt både geografisk og sosialt, men gjennom grundige studiar skaffa han seg inngåande kunnskapar, også om felebygginging. Verkstaden til Aasen er seinare komen attende til Eidfjord som del av Olaf  G. Bu sin treverkstad.
 
Lars Hoem (1782-1852)
Han slo seg ned som fiolinmakar i Kristiansund ca 1820 og bygde om lag 500 feler. Han lærde seg felemakarkunsten då han sat i fengsel i England 1809-14. Anders Gjendem ga ut ei lite hefte om Lars Hoem i 1971. Felene til Hoem var av god kvalitet, men svært mange har vorte øydelagde.
Sigurd Øverås (1890-19??)
Han budde på Dale ved Kristiansund. Han var ein dugande spelemann og organisator, men mest kjent er han som felemakar. Det var i 1920 han byrja laga feler, og reiste sidan og studerte felebygging i Sverike, Tyskland, Østerike og Tjekkoslovakia. Gjennom 50 år bygde han nærare 700 feler. han var elles sløydlærar i Bremsnes i 30 år. Første fela han laga selde han til Nils Hestnes, og vart taksert til heile 600 kr. Øverås stod i brodden då Nordmøre Spelemannslag vart skipa i 1932, og han gjorde ein god innsats som formann der i mange år. Han var elles domar på ei lang rad kappleikar rund om i fylket. Han hadde også programinnslag i radioen. For arbeidet sitt med folkemusikken fekk han kongens fortenstmedalje.
    
Sverre Sandvik (1918-1993)
Han var frå Bremanger, men flytta til Tinn i 1955 og hadde yrket sitt i varehandelen. I 1977 vart han pensjonist og byrja som felemakar. I 1983 gav han ut boka "Vi byggjer hardingfeler" - den første boka av dette slaget. I løpet av ein 20-års periode bygde han ca 400 feler. Han laga både feler og hardingfeler.
 
Håvard Kvandal (1911-19)
Han var frå Kvandal i Hardanger. Han tok tidleg til med felemakararbeid attåt sitt vanlege arbeid, og var stort sett sjølvlærd, men lærde noko av felemakarar i Telemark. Han vart seinare felemakar på heiltid, og mange av dei beste spelemannene har nytta hans feler. Han var heidererslagsmedlem i LfS og fekk kongens fortensmedalje i gull i 1991. Av elevane hans kan nemnast sonen Harald Kvandal i Nordfjord, Olav Vidal ved Hardanger Folkemuseum og Bjarne Instanes i Bergen.
 
Arnulf Langfjell (1926-1999)
frå Nesodden. Han laga første fiolinen i 1957. Han kom skikkeleg i gang i 1977-78 og har etter det laga 111 fiolinar. Stilte ut fele første gong på Landskappleiken i 1981, og mange gonger har han fått førsteplass på utstillingar, og har også stilt ut i utlandet med gode resultat. Han vann skandinaviske konkurransar. Han er kjent for å lage fiolinar med svært god tone. Dei første 37-38 fiolinane bygde han etter ei Guarneriusform, men gjekk seinare over til ei Kantuscher-teikning. Fleire av musikarane i Oslo filharmoniske kjøpte seg feler av Langfjell. Han døydde brått etter at han datt og slo seg.
   
Malvin Sølvberg (1932 - 2003)
Han var spelemann, og felemakar ved sidaa av at han var bonde og snikkar i fjelli i Stryn. Han laga i alt 34 feler og hardingfeler. På feleutstillinga under Landskappleiken i Oslo 1981 fekk han beste premie. Han var stort sett sjølvlærd som felemakar. 
  
Felemakarar i dag
Det finst i dag fleire gode fele- makarar som lagar hardingfele. Ei miljø for felemakrarbeid kan vi tala om ved Folkemuseet på Fagernes og ved Hardanger Folkemuseum i Utne. På Fagernes er tradisjonen særleg knytt til felemakar Olav Viken (1921-) og i Hardanger til Håvard Kvandal (1911-) og arvtakaren Olav Vindal. Ikkje minst har desse miljøa gjort eit viktig arbeid med å rigge og sette i stand eldre feler.

Olav Viken (19   ) Fagernes har sett i stand felene til mange kjende spelemenn, og han har fått svært mykje ros for arbeidet sitt. Han har også bygt og vølt svært mange langeleikar. På instrument- verkstaden der finn vi no unge arvtakarar: 
 Knut Opheimsbakken, Sigvald Rørlien og Oddrun Hegge.
 
Karl Johan "Kalle" Karlsen (19-), pensjonert lensmann i Søndre Land har laga ca 80 feler, også ein del hardingfeler. Han har også laga mange knivar.
 
Olav Vindal (-)
Felemakar ved Hardanger Folkemuseum. Teke over etter Håvard Kvandal. Han er med i "Hardingfeleprosjektet".
   
Sigvald Rørlien (-) Voss
Felemakar. Verkstad på Voss. Har vore domar i felebygging på mange kappleikar. Er med i "Hardingfelepsosjektet".
  
Harald Kvandal (19
sonen til Håvard Kvandal arbeider som felemakar ved Folkemuseet på Sandane i Nordfjord.
 
Magne Kvamme (1941-) 
frå Hønefoss er ein internasjonalt kjent fiolinbyggjar på heiltid, og er den fremste i Noreg i dag. Han bygg både fiolin, bratsj , cello og hardingfele. Har vunne mange internasjonale prisar, og den einaste som har vunn gull for fiolin på Landskappleiken i 1993. (sjå intervju Spelemannsbladet 7/98). I  2002 fekk han gull for ei hardingfele på Landskappleiken i Vågå, den første i "moderne" tid. Fela er ein kopi av ei Olaf G. Helland-fele frå tidleg i 1930-åra. Kvamme har ofte delteke med fiolinane sine på store utstillingar i utlandet - utstillingar med 10 - 200 deltakarar. Han har aldri vore dårlegare enn nr 17, og er difor å rekne som ein av dei beste i Europa. I Ludvika i 1992 fekk ahan gull  og likeeins i Karlsborg i 1998. Han har ein 3. plass frå Praha i 1993, ein 7. plass frå Mittenwald i 2001 og 4. plass frå Poznan i 2001.

Alt då han gjekk i gymnaset laga han to fiolinar. Han studerte norsk, tysk og pedagogikk og arbeidde som lærar i realskole og ungdomsskular på Ringerike. På 70-talet arbeidde han med å bygge feler på deltid, men frå 1985 har han hatt det som heiltidsjobb. Kvamme har lært det meste om fiolinbygging frå litteraturen, men har vore på kort vitjing hjå Arne Hjort i Kjøpenhavn, og fått hjelp av norskamerikanaren Kaare Bolgen. Han har også gått på felemakarkurs som LfS arrangerte på Voss og Fagernes.  Vossingen Johan Opheim vekte interessa hans for hardingfeler. Hardingfelene hars er i hovudsak i tradisjonen etter Helland og Røstad. 
 
Einar Løndal (1914-)
Han er mest kjent  som ein dugande spelemann - son av Svein Løndal  og bror av Kjetil Løndal. Telemark. Han har i mange år dreve å laga hardingfeler på fritida. Etter at han bygde nytt hus, han har hatt felemakarverkstad i huset sitt på ned-sletta i Tuddal.

  
Hauk Buen (1933-)
Hauk Buen frå Jondalen er mest kjent som ein av våre fremste utøvarar på hardingfele. Han har det meste av livet vore interessert i felebygging - ein arv frå faren Anders og bestefaren og morbroren Jon H. Tjønn - og dei siste 20 år har det teke mykje av tida hans, og han har bygt ei rad hardingfeler. Han har særleg vore interessert i tonereinleik og klangharmonien i fela.
 
Harald Lund (1939-)
Fødd i Trondheim, utdanna sivilingeniør frå NTH, har budd i Osloområdet i lang tid, og arbeidd mellom anna ved EB og Oslo tekniske skole. Han byrja byggje feler i 1972, då han kopierte Gjøvland-fela til Søren Skaar. Han har arbeidd mykje med tonedanning og avstemming av feler. Fram til 1998 hadde han laga ca 35 hardingfeler og 10 fioliner. Lund har fått mange medaljer på feleutstillingar, og vunne landsutstillingar.
 
Mona Junker Ellingsen (1966-)
Ho har fiolinverkstad i Vestby i Akershus. Ho har fagbrev frå Chemnitz i Tyskland der også ho ettast frå. Ho gjekk og studerte på Instrumentskolen på Jeløya og i Tyskland. I år 2000 hadde ho laga 5 fiolinar, ei hardingfele og nokre andre instrument (sjå Spelemannsbladet 2/2000)
 
Anders Buen (1970-)
Anders Buen er son til Knut Buen og bur i Oslo. Han reparerer og lagar feler og hardingfeler i familietradisjon, dvs Tjønn/Buen-tradisjon. Knut Buen lagar dekoren på felene.
 
Erling Aaning (1925 -)
er frå Opp-Stryn men har budd i Oslo-området det meste av sitt vaksne liv. Han byrja å lage feler som godt vaksen, og som pensjonist har han laga knapt 100 feler - dei fleste av dei hardingfeler. Biletet viser han med den fela som Knut Trøen har kjøpt.
Salve Håkedal (19??
Håkedal er budett i Birkeland og har dreve som fiolinmaker frå 1984, og har laga over 100 fiolinar. Han har også laga ein del hardingfeler.

   
Hornaas Musikk i Oslo
Dette er ei kjent musikkforretning som Ragnvald A. Hornaas etablerte i Storgata i Oslo i 1908. Han var frå Bjørkelangen, og  hadde i nokre år reist rundt å selt instrument - harpeleik  og torader då han byrja butikken.  Sonen Ragnvald Hornaas (jr) overtok butikken i 1952 og seinare 3. generasjon med Stig Hornaas. Rundt 1975 spesialiserte forretninga seg på akustiske instrument og god service. Hornaas driv både butikk, en gros og verkstad. Det betyr at dei sel instrument, dei sel materialar til dei som bygg instrument, og dei bygg og reparerer instrument. Rundt 1940 byrja Åsmund Kleven, sonen til Anders C. Kleven frå Krødsherad, med verkstaddrift og reparasjonar av alle slags instruement. Arvid Flaen byrja hjå Hornaas i 1963 og Rudi Kreul frå Aust-Tyskland i 1965. Etter Kreul overtok Sevald Bismo frå Skjåk som felemakar i 1994.
I fleire generasjonar har Hornaas vore ein sentral stad for spelemenn og felemakarar.
  
Børre Lunde (1916-)
Lunde er frå Stryn og har frå 1961 laga innpå 90 feler. Han er sjølvlærd og arbeidde som veterinær før han vart pensjonist.
  
Grand Instrument sel ulike instrument
www.grandinstrumenter.no