Litt
om stemnet:
NU-stemnet er Noregs Ungdomslag (NU) si årlege
stormønstring. I 2001 er det Bygdelagssamskipnaden
(BLS) som arrangerer stemnet, som får tilhald i Asker, bygdebyen
litt vest for Oslo. I BLS omfattar både Oslo og Akershus. Stemnet
skal ha Garborg-profil, 2001 er som kjent Garborgår. Arne og
Hulda Garborg budde i mange år i Asker, på Labråten som nå er
museum.
Heimeside for NU-stemnet 2001 her.
Påmeldingsfrist er 1. mai 2001
BLS:
Telefon: 22982110
Telefax: 22982119
Adr: BLS,Nordahl Brunsgt. 22, 0165 Oslo
Garborgåret: www.garborg.no
|
Programmet blir planlagt:
BLS medler at programmet for stemnet er under utarbeiding, under
leiing av Torunn Hernes
Bjerkem. Nokre foreløpige stikkord: Førstemne, Korseminar,
Utstillingar, Garborgseminar, Barneparkering og familieaktivitetar,
Ope Ungdomshus, Stildansball, Fleirkulturell ssmeltedigel,
Haugtussa folkedansteater, Festkveld, Nattdebatt, Nattdans,
Organisasjonstorg, Stemnemarknad, SMITS, Framsyningskappleik, Kven
veit gameshow, Treffpunkt for barn, ungdom, veteranar..., Leikfest,
Nattkonsert, Stemnegusteneste, Hovudstemne, Bunadtog, Skalkefest,
Etterdans, ..
|
Biletreferat
frå stemnet
finn du her.
|
|
|
|
Mange nemnder i arbeid:
Huvudnemnd, Programnemnd, Økonominemnd,
Administrasjon, Innkvartering, Matnemnd, Informasjon, Teknisk nemnd.
Trykk her for oversikt over alle.
|
"Frå Hulda
til Heimen"
Bunadutstillinga på Asker Museum i samband med NU-stemnet , vart
opna 1. mai, og viser mange interessante bunader og bilete frå
Hulda Garborg sitt bunadarbeid. Ågot Noss, nestor i norsk
bunadforskning, og dagleg leiar for Heimen Elisabet Stabell, opna
utstillinga. Asker folkedanslag vise nokre dansar med
Hulda-tilknytning og Asker mannskor song. Her er fleire glimt frå
opninga.
|
Folkedansteateret
Haugtussa
I Asker kulturhus blir det urpremiere fedag 6. juli kl 15.30 og
18.30 og laurdag 7. juli kl 16. Billettar kr 180, tlf 66909671.
Regi ved Kjell Klausen og Sigurd Aae Klausen og musikk ved Benjamin
Kehlet. Mellom dei som er med er Øyonn Groven Myhren som Haugtussa,
Jon Anders Halvorsen som Jon og Steinar Hernes som Haugkallen, og
dansarar frå BUL og BLS. Dette blir eit storhende, så her må
du skaffe deg billett!!
|
Hovudnemnda:
Stemneleiar er Heidi
Grymyr og Økomomileiar Knut
Kjønaas Programleiar Torunn
Hernes Bjerkem
Nestleiar program Kjersti
Flatåker.
Leiar Admn: Torstein Solberg
Leiar Info: Svein
Bjørkås
Leiar Tek/Tek: Lars Ole
Ørjasæter
Leiar Tek/Rigg: Arild
Engen
Leiar Tek/Deko: Anne M.
Skafløtten
Leiar Innkv.: Reidunn
Lid Lysgaaard
Leiar Mat: Benedicte
L. Mortensen
Leiar Mat: Frank-Olaf
Holm
Nokre av leiararplassane står førebels
opne.
|
Det trengst fleire i nemndene!
Alle i BLS som kan tenkje seg å gjere ein
dugnadsinnsats før og under stemnet, kan melde seg til Alf
Steinar Nekstad.
|
|
|
|
|
|
Dersom du har noko nytt om
stemnet, eller har kommentarar Trykk
her og send!
|
Smakebitar frå programmet
Onsdag 4. juli: Førstemne
Torsdag 5. juli: Den store kurs- og seminardagen
Fredag 6. juli: Stemneopning
Laurdag 7. juli: Stemnemøte
Søndag 8. juli: Tradisjon, høgtid og avskjed
|
Sommarball
på torsdag
Torsdag kl 19 i Bondihallen, med Christiania Thour og
Runddansensemble. Dessertbuffe ca kl 21 og slutt kl 00.30. Her er
danseliste:
Feansese , Kvadrilje, Lancier frå Austlandet, Mølledans, Figaro
der alle dansar, Fandango frå Austlandet, Sekstur II frå Namdalen,
Hopser med vals frå Namdalen, Trondheimar frå Ofoten, Åttetur
frå asker, Stjernetur frå Østfold, Firetur frå Stange, Hopser
frå Ogndalen, Figaro fra Namdalen, Lang Menuet frå Væggerløse
(dansk), Vals med kjede, Jamaica, Spanish Jeepsie, The Geud Man of
Ballingigh, Mignon, Pompadur, Bruu nr 4, pluss noko runddans -
kanskje som kotiljong.
|
Stildanskurs
Torsdag kl 10-14 vert det stildanskurs, med dei mest uvante dansane.
Dag Vårdal spelar og Per Kristian Elvestad og Folke Flatland
rettleier.
|
Dansekurs
Songen i Songdansen
Fredag kl 10-14 underviser Geir Egil Larsen og Agnes Buen Garnås i
songdans-song. Dei vil gje nytt liv og nye perspektiv på songgen
vår.
|
|
|
|