Nokre bilete frå pinsa i Stockholm 2009

Tilbake til hovudsida
Flott Viljan-tur i strålande sommarsol
Det var ein svært vellukka tur på alle måtar til Viljans Stockholm i pinsa 2009. Det var 25 deltakarar på turen. Vi kom fram til Farsta gård ca 11.30 etter ein fin bussturfrå Oslo. Dei fleste budde på Farsta gård, vi disponerte to bygg, så det var godt om plassen. Laurdag var det ein spennande tur til Uppsala, der vi fekk omvisning på museet Gustavianium til det gamle universitetet - det eldste i Norden. Så var det rusletur langs den fine byelva, med innlagt god lunch. Så tilbake til bussen, der mange også nytta høve til å sjå nærare på den gamle domkyrkja med dei to tårna. Frå Uppsala reiste vi litt utanfor byen til Carl von Linne's Hammarby - sommarbustaden hans på 1700-talet. Der smakte det godt med kaffi og kaker og det var fint å gå mellom høge tre i den svale parken. Så gjekk turen tilbake til Farsta, og det vart middag, og hyggjeleg samkvem på låven, norsk og svensk dans, og norsk og svensk musikk. Her vart det også ei triveleg overrasking: Vi fekk sjå glimt frå pinsa 1971 då Viljan vitja Oslo. Sissel og Ludvik hadde laga ein video frå besøket basert på gamle smalfilmopptak. Søndag brukte vi det meste av tida på Skansen. Viljan og Symra hadde ei felles framsyning på 45 min på den fine restaurerte dansebanen på Bollnäsbanan, og det gjekk heilt fint, sjølv om temperaturen var i høgste laget. Benjamin spela på framsyninga, og under dansen på laurdag. Han kom litt seinare og reiste litt før oss andre, han var eigentleg på gjennomreise frå Oslo til Narvik. Det var flott han kunne vere med! Så vart det lunch på Skansen, og anledning til å tørke våte skjorter. Så gjekk turen til den trivelege vesle Trädgårdstorp i Tullinge der det vart middag og samkvem med norsk og svensk dans. Måndags morgonen vara det avreise kl 10, med vanleg avskilsrituale. Og turen tilbake til Oslo gjekk fint. Sjåfør Svein sytte for triveleg og sikker busstransport. Veret var strålande heile turen, med temperatur kring 25 grader. Folket i Viljan hadde lagt opp til ein svært fin helg, med mykje god og heimelaga mat, og eit spennande og godt program Ein minnerik tur for oss alle. Ekstra gildt å få sjå att gamle vener og treffe nye! Biletet viser alle (?) frå Symra og Viljan søndags kvelden. Trykk på biletet så blir det større. Det kjem snart mange fleire bilete frå turen.Vebjørn leia framsyninga på Skansen og Dag leia den norske dansen om kveldane.  Her er det fleire bilete frå Pinsa 2009 - fotograf er Per frå Viljan.


Frå bussen på vei til Stockholm. Svein er sjåfør som vanleg.     
                     

Nina og Dag sytte for fin song og gitarspel
  

Det er godt med nattmat etter ei lang bussreise frå Oslo. her orienterer Britt-Inger, Mikael, Tommy og Hasse om opplegget for pinsehelga.
 

Vi er komne i bussen på veg til Uppsala. Vi var innom flyplassen og plukka opp Benjamin under vegs.

Frukost på Farsta Gård den første dagen
  

Første punkt på programmet i Uppsala var omvisning på Gustavianium - det første universitetsbygget og no museum
 

Vi ventar på omvisarane i Gustavianium
    

Vebjørn på disseksjonsbordet. Der låg han også då Symra/Viljan var på tur dit i 1970.
  

Vi ser oss om i museet
  

Vi er ferdige på Gustavianium og på veg langs elva for å få oss lunch på Salt
  

Fortsatt på veg til Salt
  

Vi får oss mat på restauranten Salt - alltid god mat der sa Britt-Inger, og det stemte!
 

Eit matbilete til frå Salt
   

Det tredje matbordet på Salt
    

Det siste matbordbiletet frå Salt.
  


Vi er tilbake frå Salt, og mange har teke ein tur innom Domkyrkja
  

V ventar på at bussen skal starte
   

Desse tre på benken ventar også
 

Vi er framme på Hammarby - den fine sommarstaden til Carl von Linne. Her vart det medbrakt kaffi og gode kaker.
      


Same som til venstre!
 

Anders og Peder får seg kaffi
  

Inger og Inger Frøydis får også kaffi
  

Her har vi Dag, Anne og Astrid
  

Benjamin ser litt betenkt ut.
  

På hammarby var det hesteoppdrett, og Trond tar ein nærare sjekk
 

Hest og føll
  

Tredje hestebiletet, så nå får det halde!
  

Vi er tilbake på Farsta og spelemennene er i gang på Ladan. Curre B. styrte den svenske dansen.
 
 

Sissel og Ludvik hadde laga video frå Viljan si vitjing i Oslo i 1971. Ho blir "intervjua" av Curre
  

Vi er komne til Skansen - søndag - og vi er i gang med øvingane. Her er det Viljan som øver.
  

Spelemennene er på lydsjekk, før framsyninga.
   

Vi er klar med fane og flagg. Her er det Inger Frøydis og Vebjørn som viser seg fram. Kjertin tok mange bilete frå framsyninga med kameraet til Vebjøn. Tusen takk Kjerstin!
 

Vi marsjerer inn til framsyninga på Bollnäsbanan - som hadde fått nytt fint dekke.
  

Per fortel publikum litt om framsyninga som dei skal få sjå.
  

Vi ventar medan Per innannonserer Viljan og Symra.
   

Vebjørn fortalde nokre få ord om Symra
  

Så er framsyninga i gang - og Benjamin spelar.
 

Her er vi i gang - Symra si første avdeling - her er det visst rull.
 

Her dansr vi songdans - Hans og hånån og gamal reinlender
  

Her er det vel gamalreinlender
  

Her er det vel også gamal reinlender
  

Også her er det gamal reinlender
 

Viljan ser på medan Symra dansar
  

Gamal reinlender også her
  

Og her er det gamal reinlender
  

Knefallsturen i reinlender også her

 
 

Vi marsjerer til rekkjedans - Fandango
   

her er marsjen nesten ferdig
 

Her er Fandangoen frå Austlandet i gang
  

Framleis Fandango
  

Fandango også her
  

Fandango her også?
  

Her er vi i gang med rilsekvensen - Oppdalsril
  

Det andre oppsettet med Oppdalsril
 

Oppdalsril igjen
   

Vi har dansa oss saman til Sandsværsril. Vi ser på skjørta at det går fort!
   

Figurering i Sandsværsril
   

Sandsværsril også her.
  

Og også her.
  

Symra er ferdig med sin første del og slappar av - og Viljan er i gang med si framsyning
  

Viljan dansar Ränningen
 

Her er det også Ränningen
  

Viljan dansar Ränningen
   

Viljan dansar Ränningen
   

Her er Viljan i ferd med å starte
   

Viljan dansarRänningen


 

Viljan i sving
  

Symra følgjer nøye med når Viljan dansar
  

Også her dansar Viljan
  

Viljan i full gang
  

Viljan dansasr - kkanskje det er hambo från Farsta?
  

Astrid passar på flagget
  

Viljan dansar, har dei byrja med utdansing på polka?
  

Viljan dansar seg ut

 

Det var siste biletet frå Viljan si framsyning - Pia og Micke
 

Her er Symra i gang med avdeling 2, det er visst Kørsdans frå Valdres
   

Inger Frøydis i gang med stevet "Vårnotti"
  

Også her er det Vårnotti
   

Symra i gang med Menuett i mai?
 

Her er det visst også Menuett i mai
   

Her er det Per som tar bilete
  

Og Astrid ser på





 

Nokre frå Symra ser på medan resten dansar
  

Her er det Sissel og Ludvik som ser på
   

Her dansar Symra Åremålsdagen
  

Her er det også Åremålsdagen
   

Symra dansar framleis Åremålsdagen
   

Her dansar vi Eikerril
  

Her er det også Eikerril
   

Framleis er det Eikerril
    

Her er det Inger Frøydis og Vebjørn som dansar Nordmørspols
  

Anne-Lise og Gunnar dansar også Nordmørspols
  

Og her dansar Inger og Peder Nordmørspols
  

Og her er Inger Frøydis og Vebjørn ein gong til
  

Bjørg og Erik i fint driv
   

Og her Gro og Dag
   

Her skal vi i gang med den siste felles dansen - Schottis från Stockholm
  

Vi er i gang med siste dansen - Stockholms-schottis
   
Så var det slutt på batteriet, men Kjerstin fekk teke mange fine bilete frå framsyninga. Tusen takk!
Vi har tatt bussen gjennom byen, levert Benjamin på stasjonen og er komne til idylliske Trädgårdstorp der det siste samkvelmet er.
Her ventar vi på at middagen skal bli klar.

Middagen er i gang - god og fint tillaga!
  

Her er det middag fortsatt
  

Viljan får ei lita gåve frå Symra og Jon tar imot.
 

Det var sjølvsagt songar ved bordet, og Viljan-Symra songen måtte komponist og forfattar Hasse sjølvsagt ta opp tonen til.
  
 

Spelemennene på Trädgårdstorp er i gang med feiande fin dansemusikk. Magnus hadde fått med seg spelemenn frå si spelemannsgruppe.
 

Etter middagen skulle vi fotograferast. Her er nesten alle på plass:
  

 Her er alle samla på eit brett.
   

Litt mindre formell oppstilling
  
 

Curre B. hadde jobb som parkeringsvakt på Solvalla, men her er han på plass og dkal dele ut roser til alle som har fortent det.
Og det gjekk føre seg i typisk Currestil med mange historier.
  

Pinsenemnda i Viljan får takk for flott innsats.



 

Vi er tilbake på Farsta Gård og igjen er det kaffi og gode kaker - og avskjed med dei som ikkje kjem neste morgon.
 
  

Anders er glad for at han har fått ny luftmadrass - den gamle var lekk!

Før avreisa kl 10 nytta mange høvet til å rusle i den fine parken på Farsta Gård. Her er fire av dei.
  

Litta av den fine steinmuren i hagen.







 

Hagen var full av fine blomar.
 

Vi måtte ta bilete på troppa også denne gongen
  

Eit bilete til frå troppa.
  


Heilt til slutt var det den vanleg klemmerunden.
Så barst det heimover - etter ein strålande pinsetur.
Takk til Viljan for finfin innsats!