Nokre bilete frå pinsa i Stockholm 2009 - fotograf: Per

Tilbake til hovudsida
Flott Viljan-tur i strålande sommarsol
Det var ein svært vellukka tur på alle måtar til Viljans Stockholm i pinsa 2009. Det var 25 deltakarar på turen. Vi kom fram til Farsta gård ca 11.30 etter ein fin bussturfrå Oslo. Dei fleste budde på Farsta gård, vi disponerte to bygg, så det var godt om plassen. Laurdag var det ein spennande tur til Uppsala, der vi fekk omvisning på museet Gustavianium til det gamle universitetet - det eldste i Norden. Så var det rusletur langs den fine byelva, med innlagt god lunch. Så tilbake til bussen, der mange også nytta høve til å sjå nærare på den gamle domkyrkja med dei to tårna. Frå Uppsala reiste vi litt utanfor byen til Carl von Linne's Hammarby - sommarbustaden hans på 1700-talet. Der smakte det godt med kaffi og kaker og det var fint å gå mellom høge tre i den svale parken. Så gjekk turen tilbake til Farsta, og det vart middag, og hyggjeleg samkvem på låven, norsk og svensk dans, og norsk og svensk musikk. Her vart det også ei triveleg overrasking: Vi fekk sjå glimt frå pinsa 1971 då Viljan vitja Oslo. Sissel og Ludvik hadde laga ein video frå besøket basert på gamle smalfilmopptak. Søndag brukte vi det meste av tida på Skansen. Viljan og Symra hadde ei felles framsyning på 45 min på den fine restaurerte dansebanen på Bollnäsbanan, og det gjekk heilt fint, sjølv om temperaturen var i høgste laget. Benjamin spela på framsyninga, og under dansen på laurdag. Han kom litt seinare og reiste litt før oss andre, han var eigentleg på gjennomreise frå Oslo til Narvik. Det var flott han kunne vere med! Så vart det lunch på Skansen, og anledning til å tørke våte skjorter. Så gjekk turen til den trivelege vesle Trädgårdstorp i Tullinge der det vart middag og samkvem med norsk og svensk dans. Måndags morgonen vara det avreise kl 10, med vanleg avskilsrituale. Og turen tilbake til Oslo gjekk fint. Sjåfør Svein sytte for triveleg og sikker busstransport. Veret var strålande heile turen, med temperatur kring 25 grader. Folket i Viljan hadde lagt opp til ein svært fin helg, med mykje god og heimelaga mat, og eit spennande og godt program Ein minnerik tur for oss alle. Ekstra gildt å få sjå att gamle vener og treffe nye! Biletet viser alle (?) frå Symra og Viljan søndags kvelden. Trykk på biletet så blir det større. Vebjørn leia framsyninga på Skansen og Dag leia den norske dansen om kveldane. Desse bileta er det Per frå Viljan som har teke.


Vi er på tur til Uppsala.    
                     

Utafor Universitetet i Uppsala
  

Utafor Universitetet i Uppsala.
 

Det gamle universitetet i Uppsala
  

Vi ventar på at bussen skal gå
  

Vi får oss mat i Uppsala
 

Vi får mat.
    

Bjørg og Erik utafor Domkyrkja.
  

Frå testeret i det gamle universitetet - no er det museum.
  

Vi har reist frå Uppsala, og er komne til Hammarby - Carl von Linne sin sommarstad
  

Her blir det gode kaker og kaffi.
  

Det er tydelegvis rift om kaffien og maten.
 

Alle vil ha mat.
   

Blomster må vere eit bra motiv her!
    

Hovudhuset til Linne. No er det museum her.
  

Vi har komne fram til Trägårdstorpet
  

Også her var det mykje god mat.
   

Frå bordsetet.
 

Også frå bordsetet.
      

Mykje godt her!
 

Mange har god matlyst.
  

Erik har noko å seie.
  

Ei blå gåve frå Symra
  

Her blir det kaffi og kaker også.
  

Musikken gjer seg klar
 

Etter kaffien skulle alle fotograferast
  

Vebjørn tar bilde
  

Dei som sat på det store biletet
 
 

Curre B. er komen og skal dele ut blomar.
  

Her er det den dugande nemnda som får takk.
  

Så er dansen i gng!
   

Her er det visst stordans
 

Vi er i gang med avslutningssangen - "Du kan høra .."
  

Det er slutt på Trädgårdstorp for denne gongen. Så attende til Farsta.
  

Det er søndag, vi er komen til Skansen og skal øve på Tingvallen banan.
   

Vebjørn og Micke følgjer nøye med på eitkvart.
  

Det nærmar seg øvinga på programmet
 

Men vi er ikkje heilt klar enno.
 

Folk slappar av før øvinga.
  

Symra ser på medan Viljan øver
  

Så er det Symra sin tur. Vebjørn informerer om programmet.
  

Vi er i gang med "Eg ser deg"
 

Fortsatt "Eg ser deg"
  

Så er det gamal reinlender
  

Fortsatt gamgal reinlender
  

Knefallsturen i reinlender også her

 
 

Her er det Hans og hånån
   

Og gamal reinlender igjen
 

Vi dansar reinlender her også?
  

Framleis er det reinlender
  

Knefallsturen i reinlender
  

Ikkje alle løfter like høgt i Gamal reinlender.
  

Benjamin spelar og Viljan ser på
  

Her øver Viljan
 

Viljan øver
   

Viljan tar mot applausen frå Symra
   

Symra er i gang med øvinga igjen
   

Symra og Viljan øver på fellesdansen til slutt - Schottis från Söder
  

Og også her.
  

Her øver vi også Schottis från söder
  

Alle spelemennene syter for felles musikk
 

Nå er den eigentlege framsyninga i gang på Bollnäsbanan på Skansen
  

Symra er i gang
   

Vi dansar Fandango
   

Nokre ser på både Viljor og Symror
   

Viljan dansarRänningen


 

Symra dansar del II - Kørsdans frå Valdres
  

  
Kørsdans frå Valdres

 

Framleis Kørsdans frå valdres
  

Her er det visst Åremålsdagen
  

Åremålsdagen her også
  

Eikerril
  

Eikerril her også
  

Framleis Eikerril

 

Eikerril framleis
 

Eikerril
   

Eikerril
  

No er det Nordmørspols
   

Også her er det Nordmørspols
 

Og her er det Nordmørspols
   

Og Nordmørspols
  

Her er det Rørospols





 

Og her er det rørospols
  

Og endå ein Rørospols
   

Her dansar Symra Åremålsdagen
  

HDet er mat på Farsta gård - fint dekka bord overalt.
   

Det er mykje god mat å finne her!
   

Ved matbordet
  

Så er det dans på Ladan
   

Dans i Ladan
    

Vi masjerer
  

Sissel får takk av Curre for Video frå 1971
  

Det er visst pause i dansen
  

Her er det Symra som får lov å øve på framsyninga si
  

Kaffi og noko attåt
   

Pause medan Symra øver
   

Det er ikkje slutt på kaffien ennå