"Gamle" nyheter frå 2009

Tilskot til festivalar og musikk/danse-grupper
Tilskota frå Norsk Kulturråd til festivalar og musikkgrupper ligg nå føre. Mest i festivalstøtte får Telemarkfestivalen med 90 000, så Jørn Hilme stemnet med 80 000 og Folkemusikkveka i Ål med 70 000. Mellom gruppene toppar Majorstuen med 300 000 kr, deretter Kvarts og Tindra med 200 000 kr både i 2010 og i 2011, og Gjertruds sigøynerorkester med 200 000 kr, og det same får Unni Løvlis orkester. Deretter Flukt og Slagr med 150 000 kr kvar. Les heile lista her.
 (21/12-09)
Nytt namn på Spelemannsbladet?
I samband med opprettinga av den nye folkemusikk og folkedansorganisasjonen er det aktuelt å gje Spelemannsbladet nytt namn. Du kan vere med å avgjere namnet på bladet. Fire namn er lansert: Folk, Folkemusikk, Spelemannsbladet og Spelemann. Her kan du gi di stemme.
 (20/12-09)
Gramo registrerer kven som vert mest spela
I år er musikkbruken i radiokanalane P4, RadioNorge, NRK-kanalene P1, P2, P3, distriktskontorene, Sami Radio, Alltid Klassisk, Folkemusikk, Jazz og mP3 registrert. Nytt dette året er registreringa av dei to musikkanalane NRK Folkemusikk og Jazz.  Knut Buen er den mest spelte norske artisten når ein ser på speleminutt. Les meir her.
 (20/12-09)
Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen: Dagleg leiar ledig
Stillinga som dagleg leiar i den nye Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen som vart skipa i november er lyst ut. Dagleg leiar er ansvarleg ovanfor styret og vil ha det administrative ansvaret for drifta av Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen. Arbeidet omfattar mellom anna kulturpolitisk arbeid, oppfølging av planar og budsjett, og ansvar for dei tilsette. Søknadsfristen er 20. januar 2010. Les meir her.
 (20/12-09)
Kongens fortenstmedalje til Kåre og Åslaug Herdlevær
Folkedansinstruktørane Kåre og Åslaug Herdlevær frå Os ved Bergen har fått kongens fortenstmedalje i sølv for sitt langvarige og gode arbeid for folkedansen. Dei er framleis aktive instruktørar. Kåre var mellom anna med i revisjonsnemnda for folkedansbøkene til Klara Semb. Vi gratulerer!
 (08/12-09)
Austnorsk folkemusikksenter har starta arbeidet
Austnorsk folkemusikksenter skal arbeide med kompetansehevingstiltak, særleg knytt til virkeområda arrangement, kurs, festivalarbeid, produksjon og produsentoppgåver. Det vart stifta 30. oktober 2009 og med i styret er Ole Aastad Bråten, styreleiar, Randi Skeie, nestleiar, Eirik Høyme Rogn, styremedlem, Frode Rolandsgard, styremedlem og Camilla Granlien, styremedlem. Varamedlemmer er Ellen Persvold, Erling Lae og Arne Moslåtten. Bente Hemsing frå Aurdal er tilsett som dagleg leiar. Kontorplassen er ved Valdres folkemuseum. Austnorsk folkemusikksenter bygger på kompetansemiljøa ved Valdres Natur- og Kulturpark, Jørn Hilme-stemnet, Valdres Sommersymfoni og Vinjerock. Dei samarbeider med to andre kompetansesenter på austlandet: Østnorsk jazzsenter i Oslo og Delta Øst, eit pop- og rocksenter på Lillestrøm. Les meir her.
 (08/12-09)
Styret i den nye Folkemusikkorganisasjonen
Her kan du finne bilete og opplysningar om dei som kom med i styret for den nye folkemusikk og folkedansorganisasjonen.
 (08/12-09)
Den nye leiaren intervjua av Hallingdølen
Maria Høgetveit Berg (68) er den nye leiaren i den nyskipa folkemusikkorganisasjonen. Berg har nyleg slutta som kultursjef i Ål, og har tidlegare vore aktivt med i begge dei gamle organisasjonane Landslaget for spelemenn og Norsk folkemusikk og danselag. Ho er nyleg intervjua av Hallingdølen, og fortel der om kva som er viktig å få gjort i tida som kjem. Berg fortel at det er 7,5 årsverk med tilsette, og at det snart skal lysast ut stilling som dagleg leiar i organisasjonen. Ho strekar under dei store endringane som har skjedd på folkemusikkområdet i seinare tid, med utdanning på høgt nivå, mange festivalar, mange profesjonelle folkemusikarar. Men ho strekar også under kor viktig det er med amatørane, og at dei og dei profesjonelle kan arbeide i same organsisasjon. Les heile intervjuet her.
 (08/12-09)
Kongens sølv til spelemannen Knut Trøen
Spelemannen Knut Trøen frå Valdres har fått tildelt Kongens fortenstmedalje i sølv for sin store innsats som spelemann. Tildelinga skjedde på julefesten til Leikarringen Symra i Oslo den 5. desember 2009. Den største innsatsen har Knut gjort som spelemann for mange leikarringar og lag i Oslo gjennom mange år. Med trioen sin har han sytt for god dansemusikk på eit utal dansefestar og leikfestar. Han var tidleg ute med å spele inn turdans og gamaldans på band og seinare på CD, og det har vore til stor hjelp for leikarringar og gamaldansklubbar i heile landet. Knut har også ofte spela i radio og har spela inn ei lang rekkje slåttar for Folkemusikkarkivet i Valdres. Knut har vore spelemann på ei rekkje turar i utlandet. Han er A-klasse-spelemann, men har ikkje vore nokon trottig kappleikspelemann. Han har vore domar på kappleikar og ofte spela for kappleikdansarar. Knut er æresmedlem i fleire lag, mellom dei leikarringen Symra. For nokre år sidan fekk han Haldor Røines ærespris. Knut er fødd i Slidre i 1932, men flytta alt som 18-åring til Oslo der han har budd det meste av livet. Han flytta attende til Valdres i 2008. På grunn av sjukdom har det blitt mindre offentleg speling dei siste åra. Vi gratulerer Knut Trøen med heideren!
 (06/12-09)
Ny folkemusikk og folkedansorganisasjon er danna
Det er i helga starta ein ny organisasjon for folkemusikk og folkedans i Noreg. Maria Høgetveit Berg er valt til leiar i den nye organsisasjonen. Ho er tidlegare kultursjef i Ål og tidlegare leiar i Noregs Mållag. Dei to leiarane i Landslaget for Spelemenn og Norsk folkemusikk og danselag er valt til nestleiarar.- Nils Øyvind Bergset og Åshild Vetrhus. Solbjørg Tveiten og Sigurd Johan Eide er også valt inn i styret (for eit år). Dessutan er Aslak O. Brimi og Tor Stallvik valt for 2 år. Varafolk er torunn Raftevold Rue, Marte Frihetsli og Dag Hovde Sture (alle for eit år). Foto: Frode Rolandsgard.
 (22/11-09)
Leikarringen i BUL feira 90 år
Den eldste leiarringen i Oslo, og ein av dei eldste i landet, feira 90 år. Det har dei gjort heile helga 20-22 november. Heile laurdag og deler av søndag var det ein heil serie med ulike kurs både for vaksne og born. Alt frå svenske polskor til Capoeira, frå danske slåttar til Gæliske og skotske folkesongar, og mykje meir. Det har også vore framsyningar, med Fant og fente og forestillinga "Ril rundt Nordsjøen", med deltakarar frå Noreg, Danmark, Sverike, Irland og Skottland. Om kvelden var det leikfest med ca 130 deltakarar. På tradisjonelt vis var det turdans, songdans, gamaldans og bygdedans. Dei fleste stilte i sin finaste bunadstas. Som døme på det ser vi Marianne og Toril, to av fentene i Fant og fente. Her er eit bilete frå polska.  Og her frå "Ril rundt Norsjøen".
(22/11-09)
Flott barokkdans i Oslo på Riksarkivet

Riksarkivet er vel ikkje den staden ein ventar å oppleve fin barokkdans frå 1700-talet - fransk hoffdans. Men under arkivdagane i november fekk vi sjå framifå dans og musikk. Dansen var ved Elizabeth Svarstad, Kari Anne Bjerkestrand og Torkel Bråthen, og musikken ved Vegard Lund på lutt og Maren Elle på fiolin. Ikkje minst fine var kostymene som var laga av Anne B. Solli. Det er ikkje ofte ein kan oppleve så fin dansing her i landet, og aktørane fekk velfortent bifall. Her kan du sjå fleire bilete frå framsyninga:     Bilete1    Bilete2
 (15/11-09)
Martin Myhr får Hilmarprisen 2009
Folkedansaren og hallingdansaren Martin Myhr frå Torpo/Trysil får årets pris for sin store innsats for norsk folkedans. Myhr har gjennom svært mange år vore mellom dei fremste hallingdansarane i landet. Han har delteke på ei lang rekkje kappleikar med beste resultat, og han er no medlem av dansegruppa frikar. Han har vunne Landskappleiken i halling heile 7 gonger. Han har vore svært mykje brukt i ulike teateroppsettingar med folkemusikkinnslag, og vore instruktør i mange samanhengar, både i reine hallingkurs og i folkedansteater. Frå 1980 fram til i dag har han gjennomført ca 2200 skulekonsert, ein del også i utlandet. Frå 1987 har han gjennomført ca 1050 forestillingar med Putti Plutti Pott. No er han tilsett i halv stilling som lokal prosjektleiar for "Bygda dansar" i Buskerud. I 1995/96 hadde han som første folkedansar statens arbeidsstipend, og frå 2008 har han statens garantiinntekt for kunstnarar. Han har også fått stipendet "Fylkeskunstnar i Buskerud".  Han er 48 år og like sprek som før. Prisen blir delt ut under Hilmarstemnet i Steinkjer 23. november.
 (23/10-09)
Ny folkemusikk- og folkedansorganisasjon i haust?
I ei sams pressemelding frå styret i landslaget for Spelemenn og Norsk folkemusikk og folkedanslag serer dei frå om at dei tilrår årsmøta i dei to laga å vedta at det blir ein ny organisasjon. Dette skal avgjerast av Årsmøta i dei to organisasjonane. Begge møta skal vere i Drammen 20-22 november. LfS har ordinært årsmøte, medan NFD kallar inn til ekstraordinært årsmøte.
Styra sette tidlegare i år ned ein organisasjonskomite samansett av Nils Øyvind Bergset – styreleiar i LfS, Åshild Vetrhus – styreleiar i NFD, Solbjørg Tveiten – nestleiar i LfS og Arnfinn Bjerkestrand – styremedlem i NFD. Denne gruppa presenterer no vedtekter, budsjett, prinsipp- og arbeidsprogram for den nye organisasjonen. Dokumentet kan lesast her.
 (19/10-09)
Statsbudsjettet: Folkemusikk og dans ein budsjettvinnar?
Kulturdepartementet hevdar at folkemusikkfeltet er mellom dei prioriterte områda. Men dagleg leiar for Rikssecnen Jan Lothe Eriksen er ikkje nøgd. Riksscenen har fått ein auke på 13,4 millionar til 18 mill kroner, men det er langt mindre enn dei 27 minn som vart søkt om seier han til Ballade. Her er nokre tal frå budsjettet:
Tilskotet til Riksscenen for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans aukar med 13,4 millionar kroner til 18 millionar kroner.
Rådet for folkemusikk og folkedans får auka sitt tilskot med 1 million til 10,3 millioner kroner.
Førde Internasjonale Folkemusikkfestival og Ole Bull Akademiet får i 2010 auka sine tilskot med 100 000 kroner kvar til 4,1 millionar kroner og 3,2 millionar kroner. I tillegg tilskotsauker under Norsk Kulturråd:
Kompetansesentra for rytmisk musikk: 2 mill. kr
Tilskotsordning for musikkfestivalar: 1 mill. kr
Tilskotsordning for musikkensemble: 4 mill. kr
Arrangørstøtte: 2 mill. kr
Musikarstøtte: 2 mill. kr
Innkjøpsordning for musikk: 2,5 mill. kr
Tilskotet til landsomfattande musikkorganisasjonar blir auka med om lag 3 millionar til 26,8 millionar kroner.
 (17/10-09)
Gunnar Rødal fekk også Kongens fortenstmedalje i sølv
I samband med at Gunnar rødal fylte 75 år 14. oktober fekk han også kongens fortenstmedalje i sølv for sin innsats for norsk folkedans. Han har vore tilsett som reiseinstruktør i Noregs Ungdomslag i 35 år og både før og etter det har han halde kurs i folkedans, og i munnharpe og lur. Det blir i alt nær 50 år. Til saman har han undervist meir enn 218000 elevar. Prisen vart utdelt på bygdahuset i Malmefjorden. Les meir her.
 (17/10-09)
Gunnar Rødal fyller 75 år
I meldinga frå BUL Molde ser eg at Gunnar Rødal fyller 75 år onsdag 14. oktober, og at det skal vere ope hus på Vonheim i Malmefjorden frå kl 15 for dei som vil gratulere han med dagen. Det er vel ingen som har lært så mange å danse folkedans som han, og lært folk å bli glad i dansen. Og han er framleis aktiv, til dømes på Folkekulturfestivalen på Hamar sist sumar. Så det er sikkert mange som gratulerer, redaktøren i denne spalta inkludert.
 (12/10-09)
Lien og Rasch med ny CD: Gode kritikkar
Annbjørg Lien og Bjørn Ole Rasch si nye plate "Come home" kom i førre veka og i Aftenposten i dag får plate terningkast 6 av Svein andersen. På denne CD'en som dei to ahr planlagt i lang tid, er det mest sjølvkomponete låtar, men også nokre tradisjonelle. Svein Andersen skriv til slutt: "Come Home er nyskapende, med en melodiøs tilgjengelighet som bør nå langt utover folkemusikk-miljøet".
 (12/10-09)
Folkekulturfestivalen skiftar namn til Folkedansfestivalen
Det årlege sumarstemnet i Noregs Ungdomslag har i nesten alle år heitt NU-stemnet. Dei siste åra har namnet vore Folkekulturfestivalen. Frå 2010 skal namnet vere Folkedansfestivalen. Han skal også delvis skifte innhald. Nå skal det bli ein rein folkedansfestival. I 2010 skal han vere i Bergen 1-4 juli. Det har alltid vore slik at Årsmøtet i NU har vore samtidig med stemnet. Dette skal også endrast. Landsmøtet som det nå skal heite, skal vere på våren. I 2010 vert det 23-25 april.
 (03/10-09)
Debatt om Folkelarmprisane 2009
Arne Sigurd Haugen er i eit innnlegg i Hallingdølen svært kritisk til årets Folkelarmprisar, særleg er det klasseinndelingane han er kritisk til, og kallar det for demokratisk teater. På Folkemusikk.no kjem Kjell Bitustøyl med eit langt tilsvar der han forsvarar juryen og folkelarmprisane.
 (03/10-09)
Ny CD med Sjur Hesjevoll
Under Vestlandskappleiken denne helga var det plateslepp med Sjur Hesjevoll: "Hardingfelespel frå Jostedal". Og ein fin konsert der kjente namn som Erna og Svein Skjerdal, Leif Rygg, Synnøve Bjørset, Helene Bolstad og Håkon Høgemo. Les meir her.
 (03/10-09)
Hardingfeler på nett: www.hardingfeler.no
Hardingfeler på nett presenterer eit utvalg feler henta frå hardingfeleprosjektet si samling av registrerte instrument. Nettpresentasjonen skal vere eit supplement til boka "Hardingfela - felemakerne og instrumentets utvikling" skrevet av førsteamanuensis Bjørn Aksdal og utgitt i 2009 (Tapir).Professor emeritus Jan Petter Blom har det redaksjonelle ansvaret for internettprosjektet. Den grafiske presentasjonen av bilder og anna informasjon om instrumenta er utarbeidd av Ragnar Bøe. Aksdal og Blom var begge med i prosjektgruppen som sto for registreringsarbeidet under hardingfeleprosjektet saman med felemakerane Sigvald Rørlien og Olav Vindal.
 (26/09-09)
"Fant og fente" med ny forestilling 10. oktober i Oslo
Den nyskapande spel- og dansegruppa "Fant og fente" har fått pengar av Norsk Kulturråd til å utvikle ei ny forestilling. Forestillinga heiter "Rand" og får premiære i Teatersalen, BUL, Rosenkrantsgt. 8, laurdag 10. oktober kl 19.00. Etterforestillinga blir det dans til fantane. "Fant og fente" hara arbeidd med eit scenisk folkedansuttrykk sidan 2002, og har hatt fleire forestillingar i inn- og utland. Gruppa består av fire av våre fremste unge folkemusikarar og 4 dugande dansane jenter som varierer danseuttrykket på mange ulike måtar. Men alt er bygt på folkemusikk og folkedans. Trykk på biletet så blir det stort. Foto: Fant og fente.
 (24/9-09)
Årets folkemusikar 2009: Kouame Gerard Sereba
Under Folkelarm i Oslo vart Kouame Gerard Sereba.
Sereba er fødd i Elfenbeinskysten i Vest-Afrika . Her var han aktivt med i flere ulike kulturgrupper og reiste over store deler av Afrika før han kom til Norge i 1984. Her har han dreve med musikk / dans/ drama i ulike sammenhengar. Fra 1987 var han tilsett som musikkaktivitetsleiar ved det Internasjonale barnekunstmuseet i Oslo i 4-5 år. Han turnerer nå over heile landet med konsertar og musikk-workshop og spelar saman med bror sin i gruppa ZILAKO. Sereba har gitt ut fleire plater og har sidan 1991 vore med i musikkprosjektet " Frå Senegal til Setesdal " med Kirsten Bråten Berg, Bjørgulv Straume, og Solo Cissokho. I fjor var Valkyrien Allstars årets folkemusikar for første gong, og det var dei som stod for utnemninga i år. Biletet er frå prisutdelinga på Folkelarm.
 (20/09-09)
Folkelarm 2009: Fint å samle alt i eit hus!
Frå torsdag 17. til søndag 20. september har Folkelarm vore det sentrale folkemusikkarrangementet i landet. Det er ikkje slik at det har sett sitt prog på Oslo, men det har innteke "Soria Moria" kulturhus fullstendig og også hatt eit par tilskipingar andre stader. Mange fine artistar og grupper har fått vise seg fram, og mange fine konsertar. Det var fornuftig å samle "alt" på ein stad. Vi fekk mellom anna vere med på konserten til Frigg, den finsk-norske gruppa med brørne Larsen. Det var full trøkk, og dei vart svært godt mottekne av publikum. På eit par av "låtane" var det også eit "prosjekt-kor".
Laurdag var det utdeling av Folkelarmprisane. Carl Petter Opsahl var programleiar, han var også med i juryen. Det var endra ein del på klasseinndelingane. Eg vil tru at ein del av vinnarane kom overraskande på mange. I klassen "Solo" vann Daniel Sanden-Warg og Sigurd Brokke med "Rammeslag II" (plateselskapet Etnisk). Dei andre nominerte her var Åse Teigland ("Stille"/NorCD), Olav Luksengård Mjelva "Fele/hardingfele", Etnisk) og Gro Marie Svidal ("Hardingfele", Etnisk).
I klassen "Gruppe" fekk  Eli Storbekken prisen for "Maros" (Heilo). Dei andre nominerte her var Fotefar og Håvaard Lund ("Fest", Kirkelig), Hått ("B-Burger, Talik) og Glima ("Tårånn" NORCD). I klassen Dokkumentasjon fekk Lasse Ovlla - Ole Larsen Gaino prisen for "Ludiin muitalan" (DAT). Dei andre nominerte var Karl-Fant med "Spelemannsarven" (Talik), Gudmund og Magne Manheim med "Manheimspel (Talik) og Serien "Norsk Folkemusikk" (Talik). I klassen Gammaldans/Tradisjonalist fekk  Aslak O. Brimi og Erlend Viken prisen med "Duo" (Talik). Dei andre nominerte var Berit Opheim Versto/Karl Seglem med "Draumkvedet" (NORCD), Marit Gaup Eira og Risten Sara Gaup med "Ipmelachi halddus" (DAT) og Rannveig Djønne "Spelferd heim" (Djønno). I "Crossover" fekk Becaye Aw med "Sibi" (Etnisk) prisen. Andre nominerte var Tassili med "Latebkish" (Talik), Elisabeth Vatn "Piper on the roof" (Heilo), Terje Isungset "Hibernation" (All Ice) og Svein Westad/Durga Khatiwada "Meeting in the Mountain" (Etnisk). Årests produsent var ny for året og der var det ikkje nominasjonar. Det var Johan Sara Jr. som fekk prisen. Truleg var dei vonbrotne både i "Etnisk" og "Talik" som hadde mange av dei nominerte platene. På biletet ser vi Erlend Viken (t.v.) og Aslak O. Brimi.
 (20/09-09)
Ingar Ranheim får Rff-prisen for 2009
I ei pressemelding heiter det:
"Rådet for folkemusikk og folkedans har tildelt Ingar Ranheim frå Valdres Rff-prisen for 2009.  Prisen går dermed til en person som har utmerket seg på svært mange områder innen folkemusikk- og folkedansfeltet, både som utøver, pedagog, fagperson, forsker og organisasjonsmenneske.
Ingar Ranheim er av mange først og fremst blitt sett på som stordanseren, både i springar og laus (halling).  På 1970- og 80-tallet var han alltid i toppen på resultatlistene fra kappleikene, og han var med på utallige turneer og forestillinger/konserter både i inn- og utland, bl.a. gjennom Rikskonsertene.  Ranheim er også kjent som en svært dyktig spelmann på langeleik.  Her er han blant de fremste i landet – stø i tradisjonen og kjennetegnet med et følsomt, lekende og dristig spill.  Platen På langeleik, der han spilte sammen med bl.a. Elisabeth Kværne, fikk Spelemannsprisen i 1985.  I 1994 kom platen på CD, og da med et tillegg med Ingar Ranheims solospill på langeleik
Tilknytingen til Valdres folkemuseum har vært sterk i store deler av livet til prisvinneren.  Det var der han startet som danser, og der har han i mange år hatt sin faste arbeidsplass.
Ingar Ranheim er en nasjonal kapasitet innenfor danse- og tradisjonsformidling.  Han er åpen, han er analytikeren, og han har blitt brukt som foreleser og instruktør innenfor den høyere utdanningen i folkemusikk og folkedans ved flere av utdanningsinstitusjonene våre.  Ranheim har selv tatt initiativet til og utført faglig arbeid innenfor folkemusikkfeltet, både som arkivar, konservator og direktør for Valdres folkemuseum.
Som organisasjonsmann har han hatt en rekke verv og arbeidsoppgaver, bl.a.: leder i Valdres folkemusikklag, styreverv i Norsk folkemusikklag, sekretær for Landslaget for Spelemenn og styreleder i Landslaget for Spelemenn.
Rff-prisen blir tildelt av Rådet for folkemusikk og folkedans til personer som har gjort en ekstraordinær innsats på områdene folkemusikk og/eller folkedans.  Prisen ble innstiftet i 1993 og har siden blitt utdelt hvert år.  Prisen er på kr. 15 000 samt et steinmotiv og blir utdelt under Representantskapsmøtet i Rådet for folkemusikk og folkedans i Trondheim 15. oktober." Bilete: Rff.
  08/09-09
Valkyrien Allstars med ny CD: "To måner"
Denne polulære gruppa har no kome med sin andre CD: "To måner", på Grappa. Det er no to år sidan den første plata.  Plateselskapet Grappa skriv: "Snart har det gått 2 år siden musikkritikerne slapp løs massive lovord for Valkyrien Allstars første selvtitulerte album. Tuva Livsdatter Syvertsen, Erik Sollid og Ola Hilmen har sammen med bandmedlemmene Martin Langlie og Magnus Larsen nå videreført sitt særpregete lydbilde/sound og gått opp nye spor i både folkemusikalsk og eksperimentell retning." og vidare: "I løpet av høsten og vinteren vil det bli både Norges- og Japanturné, foruten en rekke store og små offentlige og private opptredener. Utlandet har venta lenge på Valkyrien Allstars. Etter nyttår braker det løs."
 (02/09-09)
Dansegolvet på Riksscenen blir bra!
I desse dagar driv dei og legg golv i sal og scene på Riksscenen i Oslo, og Hallgrim Hansegård, Sigurd Johan Heide og Martin Myhr har testa golvet, og dei meiner det blir bra. Elles er bygginga av det nye huset i rute. Huset skal overleverast i november, og då startar montering av diverse utstyr. Les meir her.
 (01/09-09)
Kim Andre Rysstad vart vinnar av INTRO-folk 2009
På Nordsjøfestivalen i Farsund var det finale i INTRO-folk 2009, og det var kvedaren frå Setesdal Kim Andre Rysstad som vart utropt til vinnar og Årets unge folkemusikar 2009. Dei to andre finalistane var Nordafjells og Eplemøya songlag. Det var leiar for Rikskonsertane Åse Kleveland som stod for utnemninga. Ho var leiar i juryen som i tillegg hadde desse medlemene: Steinar Ofsdal, Unni Løvlid, Gunhild Tømmerås. Om vinnaren uttaler juryen: "Kim André Rysstad er tro mot tradisjonen samtidig som vi opplever en tydelig ambisjon om å utvikle og utvide denne. Vi er overbevist om at denne unge kvederen bærer i seg muligheten til å utvikle et særegent uttrykk preget av sin personlige fortellerevne, tilstedeværelse og musikalitet. Han har et uttrykk som både vil berøre og begeistre mange i årene som kommer." Vinnaren av INTRO-folk eit skreddarsydd lanseringsprogram som Rikskonsertane står for. Programmet  inneheld konsertar på lanseringsfestivalane i INTRO-folk, turné i Norge, samt ulike profilerings og promoteringstiltak. Rysstad er tredje vinnaren i INTRO-folk. Første var Majorstuen og andre var Benedicte Maurseth. Les meir om utnemninga her. Biletet er frå semifinalen på Fagernes.
 (01/09-09)
Den ellevte Nordsjøfestivalen vel gjennomført
Det var ikkje det beste veret i Farsund då Nordsjøfestivalen gjekk av stabelen. Men det blir meldt at publikum ikkje let seg stoppe av litt regn, og nokre arrangement måtte flyttast innandørs. Les meir om opninga av festivalen her. Mange gode solistar ag grupper var med, mellom dei  Vegar Vårdal, Unni Boksasp og Annbjørg Lien til svenske Ranarim, skotske Maeve Mackinnon, engelske Jackie Oates, finske Tsuumi Sound System og finalekonsertar i INTRO-folk 2009.
 (01/09-09)
Utøvarstudiet i folkedans er no i gang
I ei pressemelding får vi vite at det er oppretta 6 studieplassar er oppretta ved den nye studieretninga i dansevitskap, Utøvarstudium i Tradisjonsdans ved NTNU. Det første kullet med studentar har no vore i gang i ei veke. Studietilbodet er ein del av BA-studiet i dansevitskap med den nyoppretta studieretninga Utøvarstudium i tradisjonsdans. Studiet er eit samarbeid mellom Institutt for musikk ved NTNU, Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Rff-sentret) og Ole Bull Akademiet (OBA). Håvard Engell, tidligare profesjonell dansar og tidligare tilknytt Olympiatoppen har i fleire dagar inspirert, motivert og vist vegen for studentane til å nå målet for studiet: Studiet skal utdanne tradisjonsdansarar på eit høgt kunstnarleg nivå som skal kunne arbeide som solistar eller i ulike kunstnarlege eller pedagogiske samanhengar.

Martin Myhr (dansar/FRIKAR), Ami Petersson Dregelid
(Folkedanspedagog/dansar), Sigurd Johan Heide (prosjektleiar Bygda Dansar), Kari Margrete Okstad (OBA) og Siri Mæland (Rff) dannar grunnstamma i lærarstaben. Professor i dansevitskap Egil Bakka er fagleg ansvarleg, og har saman med Gunnar Stubseid (rektor ved OBA) vore drivkrafta bak opprettinga av studiet. I tillegg til Håvard Engell, vil studentane læra av FRIKAR dance company, Hallgrim Hansegård, Leif Stinnerbom, og gjestelærarar frå samtidsdans/teaterdansfeltet i Noreg. Ein viktig del av studiet vil vera meisterlære, slik tradisjonsmusikkstudiet ved OBA har praktisert det. Studentane vil få møta og gå i lære hos ulike tradisjonsdansarar og tradisjonsdansmiljø, i tillegg til å få studera eldre tradisjonsdansarar på film ved Rff-sentret.
Studentane som er tekne opp ved studiet er:
Mathilde Folke-Olsen (Molde), Anna Liv Skjelten Gjendem (Molde), Bjørnar Blaavarp Heimdal (Numedal), Inga Myhr (Trysil), Torill Pedersen(Grytøya, Troms) og Magni Rosvold (Fusa, Hordaland). Meir infowww.rff-sentret.no  og www.ntnu.no/studier/dansevitenskap/bdans .
Fotoet viser elevar og lærarar ved studiet (Foto:Rff)
 (31/08-09)
Seks norske artistar på "Showcase Scotland" i januar 2010
Bransjetreffet Showcase Scotland er ein del av den skotske festivalen Celtic connections. Dei norske artistane som skal vere med er Gjermund Larsen Trio, Unni Boksasp Ensemble, Synnøve S. Bjørset, Majorstuen, Valkyrien Allstars og Skaidi. I 2010 vil fokuset vere på Noreg, og dei seks artistane vil spele minst ein konsert kvar. Spotlight Norway 2010 er eit samarbeid mellom Norsk folkemusikkformidling, Den norske ambassaden i London og Music Export Norway, og går føre seg i Glasgow 28.- 31. januar 2010. Les meir her.
 (19/08-09)
Spennande program på "Gamle Hvam" 23. august 2009
På museet "Gamle Hvam" i Akershus er det kvart år ait arrangement som blir kalla "Gamle Hvamdagen". Det startar kl 11.00 og varer til kl 17.00. Dagen startar med friluftsgudsteneste kl 11-12. Seinare på dagen er det ulike innslag med dans og musikk vedleikarringen Springar'n og Ullensaker spellemanslag, Nitelva spellemannslag og De Frilyndte spelar opp til dans. "Vanitas juveler" vil vise eksotisk magedans. Senere på dagen vil det vere dans med barna, samt dans ved Moulineten stildansgruppe, spelemenn frå Norsk Folkemuseum og innslag frå leikarringen Per Gynt. Du kan lese meir om de ulike aktørene som skal danse og spele på SAFFAs hjemmesider.
 (19/08-09)
Norsk Kvedarforum med seminar om dei reisande sin song
Det blir fokus på den vokale folkemusikken til romanifolket. Seminaret vil foregå 4. – 6. september i Folketeateret i Halden Teateret, og er eit samarbeid mellom Norsk Kvedarforum, Norsk Folkemusikklag, Østfold Musikkråd og Halden historiske samlinger. De reisendes organisasjoner er representert gjennom utøvarearog foredragsholdarar. Nærare 20 songarar, musikarar, foredragsholdararog fagfolk frå heile Norden er invitert. Les meir her.
 (19/08-09)
Vellukka forestilling TidarÅ med Frikar i Gudbrandsdalen
Forestillinga TidarÅ som Frikar har hatt i ein foss i elva Frya har fått svært god mottaking. Forestillinga byggjer på karakterane Solveig og Peer i Peer Gynt. Både dansen, musikken og lyssettinga og sjølve dansescena gjorde stort inntrykk på publikum. Mellom dei fremste dansarane var Sigbjørn Rua, Anders Aasberg, Silje Onstad Hålien og Hallgrim Hansegård. Og mellom musikarane Andreas Ljones, Gunhild Sundli og Terje Isungset. Ljones har stått for musikken og Hallgrim Hansegård for koreografien. Les meir her  Les også omtale i Oppland Arbeiderblad og i NRK.
 (15/08-09)
Nordafjells vidare til finalen i INTROfolk
Under Kalottspel møttest Nordafjells og Einar Olav Larsen Trio i den tredje semifinalen i INTRO-folk. Og det var gamaldansgruppa Nordafjells som gjekk av med sigeren. Dei to andre som har kome til finalen er Kim Andre Rysstad og Eplemøya songlag. Finalen er laurdag  29. august på Nordsjøfestivalen i Farsund.
 (15/08-09)
Seminar om folkedans som scenisk uttrykk
Riksscenen arrangerer laurdag 19. september og søndag 20. september eit seminar om folkedans som scenisk uttrykk: "Ein annan dans ..". Målgruppe for seminaret er alle med bakgrunn frå folkedans/ tradisjonell dans og har erfaring med  - eller ønskjer - å skape noko for scenen. Seminaret skal gje inspirasjon og stimulere til å utvikle folkedans som scenisk uttrykksform.  Folkedansarar, koreografar, folk frå ulike folkedans- og ulike etniske dansemiljø er velkomne. Leiarar på seminaret er kunstnarleg leiar Indra Lorentzen og foledanskonsulent Ami Dregelid. Søknadsfrist for å bli med er 17. august. Seminaret er i TRAFO - Oslo teatersenter
. Meir informasjon her: www.riksscenen.no
 (14/08-09)
Eit nasjonalt senter for haradingfela i Hardanger?
Det blir arbeidd med å få til eit nasjonalt senter for hardingfela i Hardanger. Frå før veit vi at det er etablert eit senter i Bø i Telemark med vekt på hardingfelebyggartradisjonane der. Og det kan bli tale om eit samarbeid. Les meir om dette her.
 (01/08-09)
Forslag til låtar på presentasjons-CD?
Under Womex i Kjøpenhavn i oktober skal det lanserast ein presentasjons-CD med tradisjonsmusikk frå Noreg. Dei som har forslag til låtar som skal vere med, kan sende dei inn. Sjå meir her.
 (01/08-09)
Telemarkfestivalen 2009: Svært vellukka og i økonomisk balanse
Den 20. Telemarksfestivalen i Bø vart vel motteken av publikum. Det var eit breitt program, ei blanding av norske og utanlandske artistar som vanleg og variert i innhald og form. Odd Nordstoga opna festivalen, og Annbjørg Lien avslutt med ein fin Borgja-konsert. Festovalen rapporterer om mang fulle hus, til dømes trakk Vamp/Eliza Carthy om lag 800 på Skogen fredag kveld – og fleire konsertar var fulle – t.d. 150 på Internasjonalt folkemusikkmøte og 450 på Frikar. Elles fortel festivalen at konsertane vart vel mottekne av publikum:  "Folkemusikkasylet med Jon Fosse, Knut Hamre og Skaìdi – via intimkonsertane på Bø Museum – til Vamp, Eilza Carthy og Valkyrien Allstars på Skogen Gård. Midnattskonserten ved Oterholtfossen med bandet Valravn og låvekonserten med skotske Julie Fowlis Band overraska og rørte mange. Fjorårets bestillingskomponist Kossa Diomande trollbatt ungane i Galleri Stadskleiv, medan Øyonn Groven Myhren imponerte og bergtok publikum med årets bestillingsverk Runartromma." Telemarkfestivalen har eit budsjett på ca 2 mill i 2009. Årets festival har 20 arrangement og engasjerer om lag 100 artistar, profesjonelt lyd- og lysteam og om lag 150 frivillige som kvart år legg ned stor innsats. Les meir her.
 (01/08-09)
Kristian Fjellanger valt til ny leiar i Noregs Ungdomslag
Kristian Fjellanger (31 år) frå Lindås i Hordaland vart under Årsmøtet til Noregs Ungdomslag på Hamar valt til ny leiar i NU. Han har lang fartstid i organisasjonen både
som medlem, tillitsvald og tilsett. Han har særleg arbeidd med teater. Noregs Ungdomslag har ca 17000 medlemer og 400 lokallag. Organisasjonen eig 350 ungdomshus. Hovudaktivitetane er folkedans, teater, bunadsarbeid og barne- og ungdomsarbeid. Les meir her.
 (01/08-09)
Fin midnattskonsert i Domkirkeruinane på Hamar
Under Folkekulturfestivalen på Hamar i månadsskiftet juli/august var det natt til laurdag ein gild konsert i Domkirkeruinane på Domkirkeodden. Artistane var Sinikka Langeland, Toril Nybrott, Tone Hulbærmo og Hans Fredrik Jacobsen. På biletet kan vi sjå dei fire artistane motta velfortent applaus etter den gilde konserten. Klikk på biletet så blir det større. Fleire bilete frå konserten finn du her.
 (01/08-09)
Fint tradisjonsball under Kulturfestivalen 2009
Kulturfestivalen til Noreges Ungdomslag er i år på Hamar i månadsskiftet jul/august. Fredag var det mellom anna eit ball i tradisjon slik det var vanleg før på Hedemarken. Det var eit fint gjennomført ball med 90 deltakarar i sine finast ballklede frå 1800-talet. Salen, maten danseleiinga og musikken var heilt på topp. Musikken var det gruppa Over stok og steen som sytte for. Her kan du sjå ein del bilete frå ballet.
 (01/08-09)
Nokre resultat frå Hilme-festivalen på Fagernes
I spel hardingfele klasse A var det berre to deltakarar, og det var Jan Beitohaugen Granli som kom to poeng føre eleven sin Ragnhild Hemsing. I spel på vanleg fele klasse A var Astrid Sulheim best (einaste deltakar). I dans hardingfele klasse A var det 12 par som deltok, og best vart
Sissel Rudningen og Håkon Tveito / Hallingspringar føre Kjersti Aasen og Svein Aasen / Numedalsspringar. I dans fele klasse A var det berre eit par og det var Anne Elise Bøhle og Thor Herman Bøhle / Pols fra Østerdalen. I spel hardingfele klasse C vart Andris Hemsing best (14 år). I lagdans senior vart Østerdølenes venner best. Og i langeleik senior vart Ingvild Lie best. Og i durspel senior vart Inge Gjevre best. Her kan du finne alle resultata.
 (29/07-09)
"Norsk langeleikforum" vart skipa under Hilme-stemnet på Fagernes
Laurdag 25. juli var Norsk Langeleikforum stifta som ein sjølvstendig organisasjon. Eit interimstyret hadde jobba ei tid med å førebu skipinga. Det blir ein organisasjon på line med Norsk kvedarforum og Norsk bukkehornlag. Som leiar for forumet vart vald turid Berge frå Valdres. Som styremedlemer vart vald Marit Steinsrud, Sigurd Braathen, Gunnvor Hegge og Ingar Ranheim.
 (29/07-09)
Vellukka Jørn Hilmefestival på Fagernes
Det var rekordmange deltakarar på årets Jørn Hilme-stemne. Det har vore ca 9000 besøk på dei ulike arrangementa. Det var rekordmange deltakarar på kursa og på Strunkeveko i forkant av stemnet. Elles var det svært god oppslutning om dei mange fine konsertane. Tingingsverket med Kvarts og Hemsing-systrene  vart spela for tre fulle kyrkjehus. Danseforestillinga ”The Snuff Grinders” med Frikar var det også stor interesse for og sameleis for dei mange intimkonsertane i dei små stovene på folkemuseet. Utandørskonserten på Jaslangen  med Kirsten Bråten Berg, Arild Andersen, Bendik Hofset og fleire trekte ca 500 tilskodarar langt oppe i den mektige Valdres-naturen, sjølv om det var i kaldaste laget både for artistane og for publikum. På sjølve kappleikane var det til dels lita deltaking. I A-klassen var det til dømes berre to deltakarar på hardingfele, berre ei på vanleg fele og ingen i vokal folkemusikk. Men på langeleik var det mange. Det var som vanleg ein stor dugnadsinnsats, og ca 250 var i sving. Les meir om kappleiken på heimesida deira.
Her kan su sjå mange bilete frå festivalen.
 (29/07-09)
Laura Ellestad frå Canada fekk Torleiv Bolstads minnestipend
Under Jørn Hilmestemnet på Fagernes fekk Laura Ellestad (26 år) Torleiv Bolstads minnepris. Ho er frå Canada, men har slektsrøter i Valdres og busette seg i Røn for 5 år sidan. Ho går no på Ole Bull akademiet på Voss. Det meste av spel har ho lært av Tore Bolstad. Ho skal ha lært seg 150 slåttar frå Valdres.
 (29/07-09)
IntroFOLK 2009: Kim Andre Rysstad vart andre semifinalist.
Under Jørn Hilmestemnet på Fagernes vart Kim Andre Rysstad dømt føre Filibuster. Begge hadde to fine forestillingar, men Rysstad vart altså dømt først.  Siste semifinale er den 6. august under Kalottspel i Målselv. Der er det gruppa Nordafjells frå Oppdal som møter Einar Olav Larsen Trio frå Verdal. De tre finalistene møtes så  den 29. august under Nordsjøfestivalen i Farsund i slutten av august. På biletet ser vi Kim Andre under semifinalen. Det var første gongen han sjølv brukte gitar som akkompngement på ei scene.
 (29/07-09)
Første finalist i INTRO-folk: "Eplemøya songlag"
Under Førdefestivalen var det Eplemøya songlag som vann over felespelaren Marie Forr Klåpbakken frå Vinstra. "En usedvanlig sterk vokaltrio som har funnet et originalt uttrykk som det blir spennende å følge i årene framover", skriv juryen, som består av Steinar Ofsdal, Johan Sara Jr., Unni Løvlid og Anne Moberg. Eplemøya Songlag består av Liv Ulvik, Wenche Losnegård og Anja Eline Skybakmoen. Neste semifinale er under Jørn Hilme-stemnet på Fagernes den 25.juli. Der møtes gruppa Filibuster og kvedaren Kim André Rysstad frå Setesdal. Siste semifinale er den 6. august under Kalottspel i Målselv. Der er det gruppa Nordafjells frå Oppdal som møter Einar Olav Larsen Trio frå Verdal. De tre finalistene møtes så  den 29. august under Nordsjøfestivalen i Farsund i slutten av august.
 (14/07-09)
"Sans for dans 2009" si forestilling !Grymt har blitt godt motteken
NU sitt prosjekt Sans for dans har resultert i ei forestilling som heiter !GRYMT. Forestillinga hadde premiære under Nordleik i Lahti og vart godt motteken. Sans for dans er eit talentutviklingsprosjekt for unge folkedansarar. Åtte dansarar blir plukka ut på grunnlag av søknader og prøvedansing. I løpet av 4 samlingar lagar dei ei forestilling i samarbeid med profesjonelle dansepedagogar og musikarar. Sans for dans 2009 er det tredje i rekkja, og Martin Myhr og Bente Hjellum Syvertsen har vore danseleiarar og Einar Olav Larsen og Vegar Vårdal har hatt ansvaret for musikken. Forestillinga skal også visast under Folkekulturfestivalen i Hamar 30.juli-2. august., Nordsjøfestivalen i Farsund 27.-29.august og Hilmarfestivalen i Steinkjer 6.-9. november. Les elles meir på Heimesida til Noregs Ungdomslag.
 (14/07-09) 
Ingvill Marit Buen Garnås kritiserer domarane på NM i vokal folkemusikk
I eit innlegg kritiserer kvedaren Buen Garnås domarene på NM i vokal folkemusikk fordi dei ikkje har lagt vekt på dei tradisjonelle kvalitetane i vokal folkemusikk. Domarane denne gongen var Elin Grytting, Ole Arnfinn Hagen og Jarnfrid Kjøk. Buen Garnås meiner at Ingebjørg Harmann Bratland som kom på topp, fekk for god utteljing. Buen Garnås skriv også i ein kommentar at Jarnfrid Kjøk meinte det var usemje mellom domarane om døminga. Kari Malmager støttar i eit tilsvar Buen Garnås fordi ho vågar å ta denne diskusjonen. Les meir her. Også Landslaget for Spelemenn ved leiar og nestleiar har svara på Buen Garnås sitt innlegg. Les meir her.
 (09/07-09)
Tildeling av stønadsmidlar frå RFF
Andre omgang med stønadsmidler til formidling og tiltak ligg no føre. Totalt vart det delt ut 150 000 til 13 av 28 søknader for formidlingsstøtte og 342 000 på 23 søknader til tiltaksmidlar.
Anne Kleivset: LUSSI LANGNATT, kr. 10000 Osafestivalen: Konsertar, kr. 15000.
Formidlingsstøtte:
Kvedarseminaret 2009: "En gang var vi som vinden", kr. 10000
Tone Hulbækmo: Huldrenatt, kr. 10000
"Hjem jeg lenges" v/ Solbjørg Tveiten: PREMIERE "Hjem jeg lenges" , kr. 10000
Stiftinga Seljordspelet: Seljordspelet 2009, kr. 10000
Nordsjøfestivalen i Farsund: Norske konserter, kr. 15000
Jørn Hilme-stemnet v/ Valdres folkemusikkarrangement AS: Folkemusikkscena i Valdres, kr. 10000
Torgeir Straand: Konsetrar i stavkyrkjene, kr. 10000
Hilmarfestivalen: Frikar til 900 barn og ungdommar, kr. 15000
Irene Tillung: Lanseringsturné, Frøholm/Tillung, kr. 15000
Jørn Hilme-stemnet, Valdres folkemusikkarrangement AS: Den so lea se ette gølvé, kr. 10000
Seljordkappleiken 2009: Konsert, kr. 10000 
Tiltaksmidlar:
NORDAFJELLS: CD-prosjekt med Nordafjells, kr. 10000
Ståle Paulsen: Plateutgjeving., kr. 5000
Sinnsykt bra alternativ: SBA helgesamling høst 09, kr. 10000
Synnøve S. Bjørset: CD, Synnøves Skrangleorkester, kr. 10000
Norsk Munnharpeforum: kurs / festivalstønad, kr. 5000
Rigmor Tollan: "Lur- og lokkestevne 60 år", kr. 16000
Etnisk Musikklubb: Sturla Eide CD Medal i Orkladal, kr. 10000
Etnisk Musikklubb: 2CD dokumenterer kvensk trad., kr. 10000
Etnisk Musikklubb: Gamle toner – nye klanger, kr. 10000
Osafestivalen: Seminar Osafestivalen 2009, kr. 20000
Folkemusikkarkivet for Rogaland: Folkemusikkhelga 2009, kr. 20000
Geitungen: CD-innspilling med Geitungen, kr. 10000
Telemark Folkemusikklag: UngFolk sommarkurs i folkemusikk, kr. 20000
Gjermund Kolltveit og Mary Barthelemy: Romani musikkforskning, Norge, kr. 6000
Knut Egil Kristiansen: Veva Vedmål - Opplæring trad.mus, kr. 20000
Nordsjøfestivalen i Farsund: Temadager, konserter og parade, kr. 20000
Noregs Ungdomslag: NUR-folkedans, kr. 20000
Noregs Ungdomslag: NUR-spel, kr. 20000
IRIS film: Dokumentarfilmproduksjon , kr. 25000
Hilmarfestivalen: Vising tradisjonsdans på kino, kr. 10000
tilTelemark, Torgeir Straand: Digitalisering av privatarkiv, kr. 25000
Arbeidsstipend:
 Øyonn Groven Myhren: Runartromma, kr. 20000
Torunn Raftevold Rue: Slåttar frå Vest-Telemark, kr. 20000
 (09/07-09)
Vellukka Nordleik 09 i Lahti første veka i juli 2009
Eit strålande ver gjorde sitt til at Nordleik i Finland vart eit gilt stemne for edei 2500 deltakarane frå heile Norden. Talet på deltakarar var likevel skuffande, i Gøteborg for 3 år sidan var det 4000, og for eit par 10-år sidan var det 9000 deltakarar. Men finnane hadde arrangert stemnet på beste måte, med fine lokalitetar og korte avstandar. På Nordleik er det det sosiale samværet som står i fokus, ved vekt på aktivitetar innan dans og folkemusikk. Men det er også mykje anna, kurs i både, dans, spel og handverk, utflukter, konsertar av ulike slag og PR-oppvisningar og bunadtog gjennom byen. Neste Nordleik skal vere i Noreg - i Steinkjer, som er den minste byen som nokon gong har hatt dette arrangementet. Det var 300 deltakarar frå Noreg, og frå Danmark og Sverike var det færre enn det brukar vere. Her kan du sjå ei lang rekkje bilete frå stemnet.
( 08/07-09)
Nokre resultat frå NM i folkemusikk og folkedans
Kongepokalen gjekk til beste dansepar i hardingfele senior, og det var Ulf-Arne Johannessen, Ingunn Stræte Lie Ål spel- og dansarlag.
heimesida for NM i folkemusikk og folkedans blir det kvar dag offentleggjort resultat frå dagen før. Vi kan nemne nokre resultat:
I spel fele senior vart Øystein Rudi Sør- Fron spel- og dansarlag best, med Aslak Opsahl Brimi Lom spel- og dansarlag på andreplass og  Andreas Bjørkås Oppdal spell- og dansarlag på tredje.
I spel hardingfele senior vart  Jan Beitohaugen Granli Øystre Slidre spel- og dansarlag best, på andreplass kom  Gro Marie Svidal Indre Sunnfjord spelemannslag  og på tredje Olav Luksengård Mjelva Ål spel- og dansarlag.
I vokal senior vart  Ingebjørg Bratland Vinje dansarring (139) best, føre Kim André Rysstad Setesdal spelemannslag (137) og Lajla Renate Buer Storli Hardanger spelemannslag (135) og Camilla Granlien Ringebu spelmannslag (133) og  Ingvild Lie Øystre Slidre spel- og dansarlag (133).
I lausdans senior vart Ulf-Arne Johannessen Ål spel- og dansarlag best føre Sigbjørn Rua Småjondølenes dansarlag og Anders Aasberg Geilo spelemannslag.
I dans hardingfele senior vart  Ulf-Arne Johannessen, Ingunn Stræte Lie Ål spel- og dansarlag best, føre Sissel Egelandså Rua, Sigbjørn Rua Småjondølenes dansarlag og Atle Hoff, Mari Andrea Ness Gaular spelemannslag.
I spel hardingfele junior vart Tor Gjermundson Hoslemo Setesdal spelemannslag (121) best, føre Johanne Flottorp Sørlandets spelemannslag (110) og Guro Kvifte Nesheim Bærum spellemannslag (108).
I spel fele junior vart Sander Tingstad LfS (107) best, føre Mads Kuraas Glåmos spellmannslag (106) og Torje Bjørke Sør-Fron spel- og dansarlag (105).
I gruppespel vart Haugerud, Fingarsen og Evje best, føre Syvers orkester og Nordafjells og Gamlebanken Spelemannslag og  Nye Ringnesin og Husk.
I dans fele senior vart Bjørn Sverre Hol Haugen og Veslemøy Nordset Grenselaust best, føre  Anne Berit Heide og Sigurd Johan Heide Sinnsykt Bra Alternativ og  Martin Myhr og Margrete Nordmoen Trysil Knut dans- og spelmannslag.
I lausdans junior vart  Ola Narverud Småjondølenes dansarlag (89,5) best.
I dans fele junior vart Berit Aarøen, Ørjan Fjellkårstad Spelemannslaget Fjelljom Springar frå Nordfjord (78) best.
I fløyte senior vart Steinar Ofsdal Laget for folkemusikk Sjøfløyte  (127)   beste og han kom også på andreplass med  Seljefløyte (126).
I munnharpe senior vart Thov Gudbrand Wetterhus Numedal spel- og dansarlag (129) best.
I langeleik senior vart Lise Lunde Brennhagen Vårflaumen spel- og dansarlag (114) best.
I lagdans senior vart Småjondølenes Dansarlag 1 Numedalsgangar (91) best, føre Ål og Geilo spelemanns- og danselag 1 Hallingspringar (88) og Vårflaumen spel- og dansarlag Valdresspringar (87).
I durspel/trekkspel senior vart  Øyvind Sandum Vågå spel- og dansarlag  best, føre Kristin Gravaune Oppdal spell- og dansarlag    og Rikke van Ommeren Oppdal spell- og dansarlag.
I open klasse vart Nina & Audun best føre Blåmann Blåmann, Vrang,  Kvedarkvintetten  og  Bjart.
 (28/06-09)
Egil Storebekkens musikkpris 2009 til Steinar Ofsdal
Folkemusikaren og fløytespelaren Steinar Ofsdal (1959) har fått Egil Storebekkens musikkpris 2009 for sin store innsats innan norsk folkemusikk, først og fremst som fløytespelar på ulike typer fløyter. Ofsdal vart interessert i folkemusikk alt på 1960-talet, og var særleg inspirert av Eivind Groven og Egil Storebekken. Han har vore med på ei rad plater og CD'ar. Saman med Per Midtstigen ga han i 1989 ut plata Sjøfløyta, som dei fekk Spellemannprisen for. Same året byrja samarbeidet med Annbjørg Lien og Arve Moen Bergset i folkemusikkgruppa Bukkene Bruse, som har utgitt en rekkje plater.  I 1997 ga prisvinneren ut platen Seljefløyta sammen med Hans Fredrik Jacobsen og Hallgrim Berg. Prisvinneren har også samarbeidd med en rekkje musikarar innenfor andre sjangrar, bl.a. Lars Klevstrand, Lillebjørn Nilsen, Sissel Kyrkjebø og Secret Garden. Han har også gjeve ut lærebøker i folkemusikk og fløytespel. I seinare år har han også samarbeidd mykje med kinesiske musikarar. Utdelinga av prisen skjer i Tolga 26. juli.
 (27/06-09)
Ny heimeside for folkemusikk og folkedans: www.folkemusikk.no
Det er Landslaget for Spelemenn og Norsk folkemusikk og danselag som går saman om den nye nettportalen for folkemusikk og folkedans. Adressa er den same som LfS hadde før. Portalen er basert på dei heimesidene som dei to organisasjonane hadde frå før. Målet er at portalen skal fungere som ein samlingsstad og møteplass for alle aktørane innan folkemusikk og -dans i Noreg.

 (27/06-09)
Hilde Kirkebøen med debut-CD: Tjednbalen.
Ho hadde plateslepp under NM på Geilo. Kirkebøen er ein dugande dansespelemann som meistrar hallingspelet godt. Ho har lært av spelemenn som Øyvind Brabant, Egil Syversbråten og Magne Myhren og har budd i Oslo frå 1994. Her har ho vore fast spelemann for Hallinglaget. CD'er kjem på Etnisk Musikkforlag.
  (27/06-09)
Den mangfaldige scenen får fin omtale i Dagbladet
Den mangfaldige scenen er eit teater- og danseprosjekt for barn og ungdom som BUL i Oslo og Det Norske Teateret står bak. Dagbladet har sett ei av framsyningane deira, og gjev dei terningkast 5 og fin omtale. Les meir her.
 (16/06-09)
Førdefestivalen nærmar seg: 2-5 juli
Førdefestivalen er vår største og viktigaste Folkemusikkfestival, og er også knutepunktfestival. Dei minner om at festivalen nærmar seg, og at mottoet i år er World voices med 300 artistar frå 23 land. Les meir her.
 (15/06-09)
Romsdal Budstikke: Flott minnekonsert for Peter L. Rypdal
Med Ola og Jorun Marie Kvernberg i spissen vart det ei fin feiring av Petter L. Rypdal sin 100 års dag. Les meir her
 (15/06-09)        
Ny tildeling frå Fond for utøvande kunstnarar
I tildelinga i juni går 318 000 kr til folkemusikk. Her er lista:
Kurs/seminar
Navn Poststed Innv.beløp
Norsk Munnharpeforum HORTEN 6.000
Støttetiltak
Navn Poststed Innv.beløp
Folkelarm OSLO 25.000
Musikk
Navn Poststed Innv.beløp
Folkemusikkscena i Valdres FAGERNES 30.000
Hulbækmo, Tone TOLGA 40.000
Kvernberg, Jorun Marie Rypdal OSLO 17.000
Osafestivalen VOSS 20.000
Storbekken, Eli OSLO 20.000
Telemarkfestivalen BØ I TELEMARK 30.000
Fonogram
Navn Poststed Innv.beløp
Etnisk Musikklubb KONGSBERG 20.000
Etnisk Musikklubb KONGSBERG 30.000
Furebotten, Ragnhild MOEN 30.000
Larsen, Gjermund OSLO 30.000
Vatn, Elisabeth OSLO 20.000
 (15/06-09)
Egil Bakka fekk NTNUs Internasjonaliseringspris for 2009
Bakka er professor ved NTNU i dansevitskap og direktør ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Prisen skal delast ut til "en ansatt ved NTNU som gjennom sin vitenskapelige virksomhet, undervisning og/ eller forskning, har bidratt til å gjøre NTNU internasjonalt fremragende" Prisen vart oppretta i 2006 og utdelt 3. juni.
 (11/06-09)
Mange deltakarar på NM i folkemusikk og dans på Geilo/Ål
To veker før FolkemusikkNM startar  er det registrert 1755 enkeltdeltakarar på 487 startnummer. Som kjent er Landskappleiken og Landsfestivalen for gamaldans slått sman i år, og då er det ikkje rart det blir mang deltakarar.
 (11/06-09)
Dansaren og organisatoren Ola Hjelle er død
Ola Hjelle (1928-2009)  frå Vestre Slidre er død og vart gravlagd i Slidredomen 3. juni. Etter utdanning som offiser budde han på Voss og saman med kona Sigrid Olga var han aktiv i spelemannsmiljøet der, mellom anna som formann i Voss Spelemannslag 1960-1962. Etter at dei flytta til Oslo, var han mykje med i Laget for Folkemusikk, og var leiar for laget og for  Landskappleiken i 1981. I 1975-1979 var han leiar i Landslaget for spelemenn. Han var også eit år leiar i NFD. Han og kona flytta tilbake til Valdres i 1988, og la der ned eit stort arbeid for folkemusikken og dansen, og som lokalhistorikar. Han var første leiaren i Vestre Slidre folkemusikk- og dansarlag. Hjelle var ein dugande dansar, instruktør og domar på kappleik. Ola Hjelle var også formann for Norsk Folkemusikk- og Dansarlag eit år. I 1991 fekk han Haldor Røines ærespris, og i år 2000 vart han æresmedlem i Landslaget for spelemenn.  Han fekk kongens fortenstmedalje i gull i 2007.
 (11/06-09)
Per Åsmund Omholt tar doktorgrad om norsk slåttemusikk
Avhandlinga hans, som han skal forsvare for PHD-graden ved Universitetet i Bergen 16. juni heiter " ”Regional og typologisk variasjon i norsk slåttemusikk – en kvantitativ tilnærming med et historisk perspektiv”. Han har nytta eit nyutvikla dataprogram for å analysere 500 noteoppskrifter av slåttar frå helgeland i nord til Agder i sør. Dermed kan konkrete, strukturelle trekk i musikken studerast, og i avhandlinga fokuserar på både det formelle og tonale og rytmiske trekk. Per Åsmund Omholt (1963) er frå  Veme på Ringerike. Han er tilsett ved folkemusikkstudiet Rauland, i dag Institutt for folkekultur ved Høgskolen i Telemark (HiT), der han nå arbeider som høgskolelektor. Omholt har hovedfag i etnomusikologi fra år 2000 ved Griegakademiet, UiB. Han er også utøvende musikar på hardingfele, fløyte, gitar og i kveding / sang. Les meir her.
 (08/06-09)
Bygdelagsstemnet i Oslo vel gjennomført
Den første søndagen i juni har Bygdelagssamskipnaden i Oslo gjennomført sitt sumarstemne på Folkemuseet. I år feirar stemnet 60 år. Bygdelagssamskipnaden er Noregs Ungdomslag sitt fylkeslag. Som vanleg var det mest vekt på å presentere folkedans, men teateroppsettingar var også å sjå. Og det var t som vanleg lagt vekt på at borna skulle sleppe til med sin dans. På biletet ser vi Folkemuseet si eiga dansegruppe i sving. Stemnet starta med messe i stavkyrkja og tog gjennom museumsområdet frå Torget til den nye Festplassen. Her vart det dans ved dei ulike barnelaga i BLS og BUL, og teater. På slutten av kvelden var det framsyning av stildans ved Symra si stildansgruppe, det var folkedans på Torget for alle, og til slutt Folkedanskveld på Festplassen og bygdedans på kafe-plattingen. Regnet heldt seg unna heile dagen, så veret kunne ein ikkje klage på. Men vi kunne ynskt fleire turistar mellom tilskodarane. Her er nokre fleire bilete frå BLS-stemnet.
 (7/06-09)
"Hardingfela" - ei viktig bok for norsk folkemusikk
For nokre dagar sidan kom boka "Hardingfela" som Bjørn Aksdal har skreve om hardingfela si utvikling og ikkje minst om felemakarane. Boka er skriven på grunnlag av det store hardingfeleprosjektet som Aksdal har vore leiar for frå 1993 og framover. Aksdal skriv i forordet at boka skal ha vitskapleg karakter, men også vere retta mot eit meir generelt publikum. Eg synest han har lukkast bra med denne målsettinga. Det er viktig å få ei samla framstilling av soga om hardingfela (framover til slutten av 1800-talet) sjølv om mykje av stoffet sjølvsagt er kjent frå tidlegare. Eit viktig bidrag til ny kunnskap kjem frå nye dateringsmetodar som har vore brukt både på ein del av dei eldste felene og feleskrina. Både C14-metoden og årringsanalyse har vore gjennomført ved dei beste laboratoria. Til saman der det registrert og undersøkt 361 hardingfeler og 55 ulike hardingfelebyggjarar er omtala. Den eldste fela, Jaastad-fela, har namnesetel frå 1651, og dette årstalet har vore omstridt. Men konklusjonen synest vere at årstalet truleg er rett. Truleg finst det også ei fele som er laga i 1692. På 1700-talet er det registrert drygt 50 feler, og kanskje er det 20 feler til som er laga før år 1800. Eit viktig nybrottsarbeid ligg i omtalen av feledekoren, eit område av norsk folkekunst som det tidlegare er vist svært liten interesse for reint vitskapleg. Boka kjem på Tapir akademisk forlag og kostar 350 kr. Ho kan mellom anna kjøpast på Rff-senteret.
 (05/06-09)
"Lea deg" med framsyning på Rudi Gard 6. juni
Den 6. juni skjer det mykje på Rudi Gard. Det skal vere hallingkurs med Mads Bøhle og felekurs med Aslak Brimi og Øystein Rudi Ovrum. Dessutan vil prosjektet "Lea deg" ha ei folkedansframsyning utanom det vanlege. Framsyninga heiter "Tverrsnittt", og deler av denne vart også vist under folkemusikkdagane i Ål. I tillegg til over 30 ungdomar i alderen 15-19 år er det musikk ved Jan Beitohaugen Granli, Inge Gjevre og Stein Villa saman med musikalsk leiar Nina Fjeldet. Sigurd Heide er koreograf. Meir  informasjon: www.bygdadansar.no www.rudigard.no .
 (04/06-09)
Usemje i Øystre Slidre om støtte til Frikar-akademi
I dag var saka også på P2 NRK, der ordfører i Øystre Slidre Gro Lundeby vart intervjua om dei ville støtte planane som hallgrim hansegård har om å bruke den gamle skulen i Rogne til Akademiet. Kommunen meinte dei hadde kome med fleire gode tilbod i saka. Tilbod hadde det vistnok også kome frå fleire andre kommuner.
 (04/06-09)
Fin framføring av Hansegård og Hemsing ved Festspillene i Bergen
Som ein del av ein større konsert hadde samburaparet Hallgrim Hansegård (28) og Ragnhild Hemsing (21) eit 12 minutt langt koreografert danseinnslag. Hemsing spela musikken Yr av komponisten Lasse Toresen og Hansegård dansa ein sjølvlaga hallingbasert koreografi. Valdresfirmaet Arne og Carlos hadde sydd kostymene. Konserten vart også sent på TV, og både musikken og dansen vart framført på ein framifrå måte, etter vårt syn.  Les meir om det heile på Kjendis.no der det også er intervju med dei to aktørane. Ragnhild Hemsing studerer for tida klassisk fiolin i Wien, medan Hansegård bor i Oslo.
På kjendis.no  fortel Hansegård også om planar for Frikar i tida framover: "I tillegg til "Yr"-forestillingen, er forestillingen "TidarÅ" en hovedsatsing for "Frikar".
- "TidarÅ" er en danseforestilling av Per Gynt, med dans i stedet for replikker, og med fokus på miljøvern og økologi, forteller Hallgrim. Stykket settes opp i Gudbrandsdalen i sommer.
"Frikar" skal også være med på Alexander Rybaks sommerturne, de skal opptre med forestillingene «The Snuff Grinders» i sommer, og de skal er en del av Nasjonalballettens program på Operaen i mai neste år."
 (29/05-09)
Ny bok om hardingfela av Bjørn Aksdal: Hardingfela
Fo
r første gong kjem det ei bok som grundig tar for seg utviklinga av hardingfela i landet vårt og om dei mange dugande felemakarane rundt om i mange bygder. Stor vekt er det sjølvsagt lagt på den tidlege utviklinga i Hardanger og på den seinare utviklinga i Telemark/Bø med Helland og Steintjønndalen-slektene. Mange av resultata i boka byggjer på det store Hardingfeleprosjektet. Bjørn Aksdal er førsteamanuensis og fagansvarleg for musikk ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans i Trondheim. Han har vore leiar for hardingfeleprosjektet frå 1990-talet. Meir info ved: www.rff-senteret.no. Der kan vi også få kjøpt boka. På biletet spelar Hauk Buen hardingfele.
 (29/05-09)
Strid mellom hallingar og valdrisar om hallingdansen
I alle år har det vel vore strid mellom hallingdal og Valdres om hallingen, kvar han har oppstått, kvar namnet kjem frå og kvar tradisjonen har vore sterkast. Striden finn vi også i Hallingdølen der  Martin Myhr uttalar at namnet må kome frå Hallingdal. Les meir om dette her.
 (29/05-09)
Styrereferat frå Landslaget for folkemusikk av 23 april 2009
Her er referat frå styremøtet den 23. april. Styret i LfS har gjort vedtak m.a. om Folkelarm, NM, Landskappleiken 2011 og omorganiseringsprosessen. Referatet finn du her .
 (29/05-09)
Ny runde med innkjøp av fonogram frå Kulturrådet
Norsk kulturråd har gjennomført 2. innkjøp i 2009. I tillegg til nokre av CD-ane i NRK-nyutgivingsserien, har mellom andre fjorårets landskappleikvinnar Olav Mjelva, og den eksperimentelle plata til Nils Økland og gruppa Vintermåne fått støtte.
 (29/05-09)
Kvarts og KORK med ny CD
Til Folkemusikkveka på Ål i Hallingdal laga Kvarts eit bestillingsverk som vart framført med Kringkastingsorkesteret (KORK) med Birger Mistereggen, Berit Opheim Versto og Sondre Bratland. No har konsertane komne som CD, og vart lansert på årets Folkemusikkdagane. Meir info her:
 (29/05-09)
Daniel Sanden Warg vart årets Fanitullvinnar
Vinnaren av årets Fanitullpris gjekk i år til Daniel Sanden Warg frå Setesdal/Sverike. Han flytta til Setesdal for ein del år sidan for å lære felespel og bli sylvsmed.
 (26/05-09)
Frikar kjem også til Hilmarfestivalen
I ei pressemelding blir det opplyst at Frikar kjem med ei stor gruppe på 7 mann til Hilmarfestivalen i Steinkjer 12-15 november 2009.
- Hilmarfestivalen sikra seg heldigvis gruppa før dei vann i Moskva. No får festivalgjengarane og Trønderar høve til å sjå denne spektakulære gruppa live i eit stort sceneshow fredag 13. november. NTE stiller opp med ein god sponsoravtale som gjer at vi kunne sikra oss akkurat desse dansarane, seier ein glad festivalsjef, Johan Einar Bjerkem. Men først skal altså Frikar med Steinkjer på ei eksklusiv turneliste, erobre verda med sin stiliserte hallingdans. Dei er allereie invitert til fleire TV-show i USA, og dei skal erobre Russland og Tyskland i første omgang.  ­- Eg trur hallingdans har endå større potensial enn Riverdance. Den er meir variert og spektakulær. Mange kan kjenne seg igjen i leiken i denne dansen, sjøl om det i utgangspunktet er veldig typisk norsk, seier Hallgrim Hansegård. Sjå også  www.frikar.com .
 (25/05-09)
Ingebjør Sørbøen fekk Jens A. Myros minnepris
Prisen blir delt ut under  Folkemusikkveka i Ål og gjekk i år til den unge hallingjenta Ingebjør Sørbøen. Prisen på 20 000 kr går til utøvarar under 20. Les meir her.
 (25/05-09)
Brimi og Viken med ny CD: Duo
Aslak O. Brimi og Erlend Viken er to av våre fremste unge folkemusikarar, begge med solid utdanning, slektsrøter i norsk folkemusikk, og begge har gjort det godt på kappleikar siste åra. I forrige veke ga dei ut CD saman. Det meste på plata er samspel, men litt solospel får vi også. Svein Andersen i Aftenposten kallar det "Durablelig samspill" og gir CD'en terningkast 5. CD'en var presentert på Mir i Oslo for nokre dagar sidan. CD'en er innspela i Lom på plateselskapet Talik.
 (25/05-09)
Olav Luksengård Mjelva med nu CD:
Tittelen på debut-CD'en er Fele/hardingfele, Røros/Hallingdal, slept under Folkemusikkveka i Ål nyleg.  Dette er ei svært fin plate frå ein av våre aller beste unge utøvarar. I fjor vart han best på Landskappleiken. Han er oppvaken på Røros, men mora er frå Hallingdal, og i seinare år har han difor også byrja med hardingfele. Det er ei svært fin plate med tradisjonelle slåttar frå dei to områda.  Her kan du lese eit langt intervju med Olav Luksengård Mjelva (25). Plata er utgjeven på Etnisk Musikklubb.
 (25/05-09)
Mykje ros og god PR også for Frikar
Alexander Rybak er det sjølvsagte midtpunktet i Grand Prix, men Frikar får også mykje ros og god reklame for sin flotte innsats. Dei som er med Frikar denne gongen er  Hallgrim Hansegård, Sigbjørn Rua og Torkjell Børsheim. Dersom du vil lese meir om sjefen sjølv, Hallgrim Hansegård frå Valdres, Rogne i Øystre Slidre, kan du her lese eit langt intervju med han i førre nummeret av Spelemannsbladet.
 (18/05-09)
Alexander Rybak og Frikar vart suverent best i Moskva
Det var ikkje nokon tvil i Moskva: Noreg var suverent best i Grand Prix. Alexander Rybak fekk heile 16 topp-poeng og vann sigeren med svært klar margin, det klaraste nokon gong. Etter som melodien Farytale har folkemusikkpreg og Frikar med Hallgrim Hansegård, Sigbjørn Rua og Torkjell Børsheim. langt på veg dansa norsk halling, får vi ta dette som ein siger også for norsk folkemusikk og dans. Gratulerer alle involverte! Her kan du sjå det norske innslaget på YouTube. Og i dag renn nettavisene over med Grand- prix stoff. Sjå til dømes i VG.
 (17/05-09)
Åsmund Nordstoga på P2-scena og Folkemusikktimen
NRK har nyleg gjort opptak med Åsmund Nordstoga og Abildsø Spelemannslag med publikum på P2-scena, med stor suksess, om vi skal tru folkemusikk.no. Les meir her.
 (17/05-09)
Alexander Rybak og Frikar vidare til finalen i Grand Prix
I Moskva gjekk som venta Alexander Rybak og Frikar vidare til finalen i Grand Prix i dag torsdag. Så er det berre å vente i spenning på finalen laurdag.
 (14/05-09)
Sju CD'produksjonar får støtte frå Fond for lyd og bilde
I første søknadsrunden i år er det 7 CD-produksjonar som får til saman 410 ooo kroner. Dei er:

Fonogram produksjon

Prosjekt

Sum

Etnisk Musikkklubb AS

CD med Kvensk musikk

60 000

Gjertruds Sigøynerorkester

CD med Gjertruds Sigøynerork., crossover

60 000

Grappa Musikkforlag AS

CD med Valkyrien, folkemusikk

90 000

Hamre, Knut

CD med Knut Hamre, folkemusikk

30 000

Ims, Håvard

CD med Geitungen, folkemusikk

70 000

NorCD

CD med Sturla Eide, folkemusikk

40 000

ta:lik DA

CD med Tindra, folkemusikk, barn

60 000

Spennande folkemusikktime søndag 10. mai
Då blir det musikk og informasjon om Karl Fant - ein av dei mest legendariske folkemusikarane i Noreg. han døydde for over 150 år sidan, men er framleis svært aktuell både på CD og bok. Mary Barthelemy har både skreve bok og vore med på CD-utgjeving og det blir intervju med henne. Dessutan blir det spennande musikk frå Bylarm i år der vi høyrer Trioen ”Gammalgrass”. Les meir her.
 (09/05-09)
Oppladning med styrke i Moskva
Alexander Rybak og Frikar er som kjent i Moskva og skal delta i Grand Prix. Vi har høyrt at Frikar under prøvene har dansa så kraftig at scenegolvet svikta. Det lovar bra.
 (09/05-09)
Positiv omtale av norsk folkemusikk i Aftenposten
I Aftenposten 3. mai har Svein Andersen ein lang kommentar over to heile sider med overskrifta "Tradisjonsmusikk på offensiven". Han skriv både om den "nye" folkemusikken representert til dømes av Valkyrien, og om den tradisjonelle folkemusikken. Han startar artikkelen slik: "Signalene har vært der lenge. Vi opplever det i TV-ruten, på radio, gjennom plateutgivelser, konserter og i mediene forøverig: Folkemusikken får en større oppmerksomhet i folks bevissthet, om vi er klar over det eller ikke. hardingfela og trasisjonsmusikkens særegne lydbilde er noe fleere musikere flørter med og benytter seg av. Den nye interessen er mer enn kun et ønske om å tilsette litt annerledes og eksotisk krydder til musikken"
  (04/05-09)
Nytt påmeldingssystem for Landslaget for Spelemenn
Landslaget for spelemenn har utvikla eit nytt IKT-system for påmelding til kappleikar. Det er no under utprøving på eit par mindre kappleikar, og skal takast i bruk på Landskappleiken i sumar. Les meir her.
 (04-05-09)
Unni Boksasp ensemble på turne
Ho har eit ensemble med ei rad kjente musikarar:  Trygve Brøske, Olav Luksengård Mjelva, Jorun Marie Kvernberg og Magne Vestrum. Den første delen av mai er dei på turne i midtnoreg, mest på Nordmøre der Boksasp kjem frå. Dei spalar musikk frå cd-en "Songar frå Havdal" med tradisjonelle songar frå Nordmøre i nye arrangement. Les meir her
 (04/05-09)
Tilskot til folkemusikarar frå "Fond for utøvende kunstrere"
På styremøtet 24. april vart det innvilga 196 søknader og til saman ca 6 mill kroner. Til folemusikk/dans vart det til saman innvilga støtte for 504 000 kr. Dei som vekk støtte var:

Reisestøtte
Børsheim, Annlaug BERGEN 6.000
Noregs Ungdomslag OSLO 12.000
Økland, Nils HAUGESUND 6.000
Kurs/seminar
Norsk Kvedarforum NESODDTANGEN 20.000
Ål Kirkelege Fellesråd ÅL 30.000
Musikk
Arven etter Ragnarock OSLO 30.000
Folkelarm OSLO 40.000
Garnås, Agnes Buen BØ I TELEMARK 30.000
Kalottspel RUNDHAUG 30.000
Norsk Folkemusikk- og Dansela OSLO 15.000
Dans
Kalottspel RUNDHAUG 40.000
Fonogrammer
Eide, Sturla FANNREM 30.000
Eplemøya Songlag OSLO 35.000
Etnisk Musikklubb KONGSBERG 30.000
Nordafjells LILLEHAMMER 40.000
Østfold Musikkråd FREDRIKSTAD 40.000
Musikkteater
Seljordspelet SELJORD 50.000
Vågen, Trygve K. RAULAND 20.000
 (29/04-09)
Landskappleiken 2011 blir i Seljord
Landslaget for Spelemenn har bestemt at Landskappleiken 2011 blir i Seljord.
Seljord Spelemannslag byrja i februar i fjor arbeidet med å utarbeide eit forprosjekt for mogleg arrangering av Landskappleiken 2011. Spelemannslaget fekk 40.000 kroner av Seljord kommune til forprosjektet.Ein måtte avklare fleire utfordringar før søknaden vart sendt LfS. Kappleiksarenaer, overnatting, dugnadsmannskap og økonomi måtte vere sikra. Landskappleiken har utvikla seg til å verte eit svært arrangement.
I løpet av fem kappleiksdagar er det venta 1.400 deltakarar og om lag 5.000 tilreisande elles. Det trengst mellom 400 og 500 dugnadsfolk, fortel Sara Telnes Fjågesund til Vest-telemark blad. Les meir her.
 (28/04-09)
Ulike meiningar om ny Folkemusikkorganisasjon
Ballade har intervjua to sentrale aktørar etter at også NFD gjekk inn for å skipe ein ny folkemusikkorganisasjon. Kvedaren Ingvill Marit Buen Garnås er ambivalent til en ny organisasjon, seier ho til Ballade. Ho synest at "Paraplymodellen" er underkommunisert Ho ser på paraplyløsninga som ein måte å vidareføre det gode drivet i dei små organisasjonane, samtidig som ein kan få bete samkøyring og orden i den bransjerelatert virksomheten. Jan Lothe Eriksen, som er tidlegare dagleg leiar i NFD meiner "Det er helt avgjørende hva slags struktur de velger, og at de sikrer at de ulike områdene de jobber med får plass i organisasjonen", Lothe Eriksen er nå leiar for den nye Riksscena.  Les heile intervjuet her.
 (27/04-09)
Vellukka HF-stemne på Elverum i helga
Hedemark Folkemusikklag sitt årsstemne vart gjennomført på Elverum i helga. Det var 150 deltakarar i det gamle lærarskulehuset. Les meir her .
 (27/04-09)
Sverre Halbakken skriv om polsk-variantar i Østerdalsområdet
Halbakken slår i avisa eit slag for Gammelpolskens Venner som to år på rad har opna Grundsetmart'n. "Her danset fem par ulike varianter samtidig med stor suksess. På Grensefestivalen Dansen mellom elvene lærer vi hvert år bort en ny variant gammelpols. Slikt blir det liv av", skriv Halbakken. Les innlegget hans her.
 (25/04-09)
Majorstuen innstengt av svineinfluensa i Mexico
Den norske folkemusikkgruppa Majorstuen er på
Womex-messen i Mexico City, men dei vart sitjande delvis på hotellet pga svineinfluensaen som herjar i området, og har ført til 70 dødsfall. Les meir om dette her.
 (25/04-09)
Åsmund Nordstoga aktuell med CD og konsertar
Åsmund Nordstoga er aktuell med ny CD: "Ein visefugg" som betyr ei samling med viser. Han har plateslepp i Oslo på Parkteateret 18. april og skal vere med i Grosvold på TV1 fredag 17. april. Og han er med på opningskonserten for Den nynorke festspela onsdag 24. april i Ørsta saman med Abildsø spelemannslag. Les meir her.
 (17/04-09)
Arne Bendiksen er død - les lang artikkel i Ballade
Arne Bendiksen fekk på mange måtar mykje å seie for norsk populærmuskk gjennom mange 10-år. Han spela også ei rolle for folkemusikken. Les her ein lang artikkel om hans rolle i Ballade.
 (17/4-09)
Folkemusikktimen 19. april: Olav Luksengård Mjelva
Olav Luksengård Mjelva (25) er ein av våre unge dugande folkemusikarar. Han har vakse opp på røros, men har også slektsrøter i Hallingdal, og spelar både fele og hardingfele - Rørosmusikk og Hallingdalmusikk. Han er også CD-aktuell. Han starta å spele som sjuåring, han har gått på folkemusikkstudiet på Rauland og har gått på Ole Bull akademiet, og tok då hardingfele som biinstrument. I fjor vann han Landskappleiken som beste hardingfelespelar. Han har også vunne Fanitulltevlinga under den Norske Folkemusikkveka på Ål. Han har vore i NRK og spela inn slåttar. Han prøver å livnære seg som frilansmusikar og er mellom anna aktuell i gruppa Frikar. Les meir her.  Sjå også i Hallingdølen.
 (17/4-09)
Agnes Buen Garnås: Skal bunaden og folkemusikken droppast?
I eit innlegg i Ballade er Agnes Buen Garnås kritisk til deler av utviklinga innan folkemusikken. Ho er kritisk til at berre det som blir presentert som "nytt" blir prioritert. Les heile artikkelen her.
 (14/04-09)
Dronning Sonja skal opne årets Førdefestival
Dronning Sonja skal opne årets jubileumsfestival (20 år) 2 - 5 juli. Ho er festivalens høge beskyttar og har opna festivalen ein gong tidlegare, i 2004.
 (13/04-09)
Kristin Hille Valla ny styreleiar for Førdefestivalen
Kulturdepartementet har utnemnt fylkesmannen i Oppland, Kristin hille Valla til ny styreleiar for førde Internasjonale Folkemusikkfestival.Den tidlegare senterpartipolitikaren er fødd i Årdal og oppvaksen i Hafslo. Hille Valla er no busett på Lillehammer. Ho leia Miljøverndepartementet i Syse-regjeringa (90-91) og var direktør for Kommunenes Sentralforbund 1990-2000.  Fylkesmannsembetet i Oppland har ho hatt sidan 2001.Kulturdepartementet har også utnemnt Geir Nygård, Vågsøy, til styremedlem, og i tillegg til dei to statlege representantane har styret for Førdefestivalen denne samansetjinga: Margrethe Henden Aaraas (Førde kommune), Mari Andrea Ness (Sogn og Fjordane fylkeskommune), Sturla Bell Fossen, Rune Lotsberg og Jens Brekke (Representantskapet).
 (13/04-09)
Dronning Sonja kjem til Landskappleiken
Dronning sonja er som kjent beskyttar for Landslaget for Spelemenn og ho har meldt frå at ho kjem til Geilo/Ål laurdagen 27. juni 2009. Sjå meir her.
 (13/04-09)
Eli Ulvestad tilsett som Generalsekretær i Noregs Ungdomslag
Eli Ulvestad (33), frå Vatne på Sunnmøre, er tilsett som ny generalsekretær i Noregs Ungdomslag. Ho har i mange år vore aktivt med i NU, og hatt mange ulike verv i organisasjonen. Ho det siste har ho arbeidd som økonomi og personalrådgjevar hjå Barneombudet. Ho er tidlegare assisterande generalsekretær i Landsrådet for Norges barne- og Ungdomsorganisasjonar (LNU), Ho er også medlem i Fordelingsutvalet, som fordeler grunnstøtta til barne- og ungdoms-organisasjonane på vegne av Barne- og Likestillingsdepartementet. Ho fortel litt om sjeg sjølv i eit intervju på NU si heimeside. NU er ein organisasjon med ca 15000 medlemer, og det er i alt 5 tilsett på kontoret deira i Oslo. (Biletet er frå Barneombudet si heimeside)
 (03/04-09)
Diverse stipend til folkemusikarar
Det er 5 folkemusikarar som har fått arbeidsstipend frå "Statens arbeidsstipend for kunstnarar". Statens arbeidsstipend for kunstnere er no avgjort, og tilsaman 5 folkemusikarar har fått arbeidsstipend. Det er også delt ut kr. 154 000 i diverse stipend. Dei fem som har fått dei store stipenda er: Løvlid Unni OSLO har fått kr 186 000, Bråten Ole Aastad FAGERNES kr 186 000, Maurseth Benedicte BERGEN kr 186 000, Kvernberg Jorun Marie Rypdal VOLDA kr 186 000, Hytta Anne OSLO kr 186 000. Heile lista finn du her.
 (02/04-09)
20 års jubileum for Telemarksfestivalen 16.- 19. juli 2009
Telemarkfestivalen feirar 20 år med eit rikt og variert jubileumsprogram. Som vanleg blir det ei fin blanding av norsk og internasjonal folkemusikk. Bestillingsverket Runartromma av og med Øyonn Groven Myhren er eit av dei nyskapande innslaga festivalen legg opp til. På utescena vil publikum få møte Vamp, Eliza Carthy med band, Frikar and the Snuff Grinders og Valkyrien Allstars (som kjem med ny plate til våren). Ein stor opningsgalla leia av Knut Buen vil sparke det heile i gang – følgt av Folkemusikkasylet, der forfattaren sjølv - Jon Fosse les frå Andvake, medan venen og spelemannen Knut Hamre vil sette tonar til Fosses store drama frå den lille romanen. Festivalen held fram med solokonsertar på Bø Museum, der publikum vil få høyre Gunnlaug Lien Myhr og Marit Vågen Lilleland kvede, og Ottar Kåsa vil spele konsert. I Gullbring vil publikum få møte Knut Buen, Knut Hamre, Trygve K. Vågen, Anne Hytta, Torgeir Straand, Marit Vågen Lilleland og Per Anders Buen Garnås heidre spelemannen Håvard Gibøen – høve er at det er 200 år sidan den store spelemannen blei fødd. Den avsluttande Borgjakonserten syter Annbjørg Lien for.  Les meir på www.telemarkfestivalen.no
 (02/04-09) 
Kranselag for nybygget til Riksscenen
riksscenen for folkemusikk og folkedans kunne nyleg feire kranselag, idet nybygget har fått ferdig taket. Kulturminister trond Giske var til stades, og det var fleire kunstneriske innslag, mellom anna dansarar frå gruppa Frikar. Bygget skal vere klart til overlevering i byrjinga av november og opninga er planlagt  på nyåret i 2010. Les meir om kranselaget her.
 (30/03-09)
Tilskot til folkemusikktiltak frå Norsk Kulturråd
Tilskota for siste tildelingsrunde er no klare. Dette gjeld tilskot til innspelingar, bestillingsverk, born og unge og ein del andre ordningar. Dei største tilskota er på heile 110 000 kr og gjeld bestillingsverk til Hilme-stemnet (Kvarts 110 000 kr). Elles er det mange tilskot til CD-produksjonar. Sjå heile lista her.
 (30/03-09)
"Lea deg" i Oppland har hatt flott tur med Hurtigruta
Prosjektet av "Bygda dansar" i Oppland heiter "Lea deg", og dei har nyleg gjennomført ein svært vellukka tur med Hurtigruta, der dei også har fått møte folkedansarar og publikum under vegs. Dei som var med på turen med  MS Nordkapp 22. til 28. mars var Stian Roland, Tone Voldhaug, Silje Onstad Hålien, Inge Gjevre og Sigurd Heide. Ungdomar fra Lea de: Ådne Kolbjørnshus frå Valdres – dansar og akrobat, Inga Myhr frå Vinstra vgs – dansar og felespeilar, Kenneth Lien - dansar og munnharpespiller, Ingrid Lingaas Fossum frå Valdres - dansar,  Espen Støveren Johansen frå Jevnaker/Hønefoss - dansar, Sigrid Skjelkvåle Aaboen fra Skjåk - dansar, Bjørn Kåre Odde fra Lom - dansar og felespelar, Siw Iren Bruøygard frå Lom - dansar og felespelar. Les meir på: www.bygdadansar.no  eller www.rff-sentret.no. Les pressemeldinga frå gruppa her.
 (30/03-09)
Semifinalistane til INTRO-folk er nå klare
Det er tredje gongen Rikskonsertene, Norsk Folkemusikk- og Danselag, Landslaget for Spelemenn og flere folkemusikkfestivaler inviterer unge folkemusikarar til å tevle om å bli Årets unge folkemusiker. Vinneren vil få eit skreddarsydd lanseringsprogram i eit år.Formålet med INTRO-folk er å styrke norsk og samisk folkemusikk. Den heldige vinnaren blir kåra under Nordsjøfestivalen i Farsund, 27. – 30. august i år. Juryen for INTRO-folk 2009 var Steinar Ofsdal, Johan Sara Jr., Unni Løvlid og juryleiar og direktør for Rikskonsertene, Åse Kleveland.  Semifinalistene er:
 Eplemøya Songlag (Vokaltrioen Liv Ulvik, Wenche Losnegård og Anja Eline Skybakmoen. 
Filibuster (Folkemusikkgruppe med Erlend Viken på fele, Mona Hansen på fløyte, Olav Christer Rossebø på fele, gitar og mandola og Mari Skeie Ljones på fele.)
Nordafjells (Gruppe frå Oppdal med Andreas Bjørkås på fele og hardingfele, Even Rødhjell på trekkspel, Øyvind Sandum på torader og trekkspel, Knut Sneve på kontrabass og Gaute Iversen på gitar.)
Einar Olav Larsen Trio ( Einar Olav Larsen på fele, Daniel Trustrup Røssing på piano og Audun Larsen på kontrabass.)
Kim André Rysstad (kvedar fra Rysstad i Setesdal.)
Marie Forr Klåpbakken (frå Vinstra,  felespelar)
 (29/03-09)
Vil du studere dans /dansevitskap ved NTNU?
Vi har fått tilsendt info frå NTNU med opplysningar om ulikekurs i dans og dansevitskap som dei tilbyr. Det eine tilbodet er Tradisjonskunnskap folkedans I og II (Tidlegare Folkedansstudiet), med 30 studiepoeng over 1 år. Det er samlingsbasert med 2-3 samlingar i halvåret. Søknadsfrist er 15. april og målgruppa er folkedansarar, instruktørar, kulturarbeidarar etc.
Du kan også vere heiltidsstudentt i folkedans i 2009/2020 ved å kombinere fleire emne: Tradisjonskunnskap 1 og 2 (30 poeng) + Innføring i norsk folkedans (15 poeng) og Norsk Folkelig dans (15 poeng) eller Dansens historie og estetikk (15 poeng).
Du kan også ta 3-årig bachelor-studium i dansevitskap. Her er det to studieretningar: Dansevitskap og Utøvarstudium i tradisjonsdans. Dette siste er i samarbeid med Ole Bull akademiet og er 3-årig. Studiet er samlingsbasert dei to første åra, og ha undervisning kvar 3. veke i tredje året. Les meir om dette i skrivet frå NTNU.
 (27/03-09)
Fleirtal for ny folkemusikkorganisasjon i NFD
På årsmøtet i Norsk Folkemusikk og danselag nyleg vart det fleirtal for styret sitt framlegg om å arbeide for å etablere ein ny felles organisasjon for  folkemusikk og dans i Noreg. Det var 17 som røysta for og 9 som røysta mot. "
Styret er glade for at årsmøtet har gitt oss mandat til vidare arbeid i retninga me har starta på, og no ser me fram til å komma i gong med arbeidet med forslag til strukturar, vedtekter og føremål for ein ny organisasjon.  Me ynskjer utvikle ein ny struktur i dialog  med medlemene i organisasjonane og feltet elles, slik at me saman kan skape gode løysingar for folkemusikken og -dansen i framtida," seier styreleiar Åshild Vetrhus. Det nye styret i laget ser slik ut:
Åshild Vetrhus – leiar (attval)
Åse Teigland – styremedlem (ikkje på val)
Anders Buen – styremedlem (ikkje på val)
Arnfinn Bjerkestrand – styremedlem
Tellef Kvifte – styremedlem
Jan Petter Blom – 1.varamedlem (attval)
Hege Nylund – 2. varamedlem (attval)
Sigurd Heide – 3. varamedlem.
 (26/03-09)
Ny CD frå gruppa Glima: "Tåran"
Gruppa Glima består av Torunn Raftevold Rue (hardingfele),
Ragnhild Knudsen (fele, hardingfele) og Helene Waage (cello). Dei har spela saman sidan 1997. Dei spelar det ein kan kalle kammermusikals folkemusikk. Det nye albumet "TÅRÅN" er produsert av Tellef Kvifte. SLEPP-konsert er måndag 30. mars på Colombi egg i Bergen. Les meir her.
 (26/03-09)
Interesse for å danse svensk polska
Laurdag 16. mai blir det rikt høve til å danse polska i Oslo. Det er  Symra som inviterer til dansefest i Nordahl Brunsgt 22 kl 19.30-22.30. Det er Bo Carlin som er primus motor for tiltaket. han har fått tre medlemer av Boda Spemannlag
- Knapp Karin Norrfors, Knapp Brita Pettersson og Knapp Britta Pettersson - til å ta turen til Oslo denne kvelden. I tillegg til polska blir det også vanleg norsk folkedans. Carlin er ein sann polska-entusiast og reiser ofte dei mange mil til Sverike for å vere med å danse når Orsa Spelemannslag har sine øvingar.
 (24/03-09)
Nordleik 2012 blir i Steinkjer
I siste nummer av "Ungdom" les eg at Nordleik i 2012 blir i Steinkjer. Nordleik går som kjent på omgang mellom dei 4 nordiske landa, og neste gong er det altså Noreg sin tur. Sist det var i Noreg var det i Stavanger. Men ørst er det som kjent Nordlek  2009 i Lathi i Finland.
 (24/03-09)
Ny giv i BUL i Nidaros kan "Ungdom" fortelje
I siste nummer av Ungdom står det ei 3 siders reportasje frå ting som skjer i Bondeungdomslaget i Nidaraos. Dette laget er mellom dei største NU-laga i landet med ca 250 medlemer, og med særlag innan teater, folkedans, folkemusikk, song og barne/ungdomsteater. I Spelemannslaget er det 24 medlemer frå 20 til 80 år, fortel påtroppande leiar i laget Silje Sølvberg. Påtroppande leiar i Folkedanslaget Hill-Aina Steffenach fortel at det har vore ein liten downperiode i folkedanslaget, men at dei no er på veg opp att og satsar friskt, mellom anna med sumartur til Skottland. Dei har både vaksenring, familieparti for dei aller yngste og eit barneparti, i tillegg til veterandans. Folkedanslaget har også eit godt samarbeid med Rff-senteret i Trondheim.
 (24/03-09)
Songdansar med Prøysen-viser blir samla i nytt hefte
I Ungdom les vi at det under Folkekulturfestivalen i sumar på Hamar blir lansert eit nytt songdanshefte med viser av Alf Prøysen. Det blir både viser som står i tidlegare bøker/hefte og nye viser, mellom anna viser som Folkedanslaget Sølja har teke i bruk dei siste åra.
 (24703-09)
Jan Lothe Eriksen: For lite pengar til folkemusikken!
Jan Lothe Eriksen er dagleg leiar i Riksscena. I eit intervju med Ballade seier han at det går altfor lite pengar til folkemusikken. Det har vore eit bra løft i seinare år, men langt frå nok. Dersom folkemusikken fekk det eit symfoniorkester får - ca 100 millionar, ville det vore ein god men nøysom start. Les heile intervjuet her.
 (16/03-09)
Ragnarrock i Holmenkollen med folkerock ut på DVD
Klassekampen har intervjua Liv Bernhoft Osa, dotter til den legendariske spelemannen Sigbjørn Bernhoft Osa som var med i Holmenkollen i 1973. No skal opptaka frå konserten kome ut på DVD. Les artikkelen her.
 (16/03-09)
Kim Andre Rystad intervjua i Nationen
Her kan du lese eit intervju med Kim Andre Rystad som i desse dagar er på turne på Vestlandet. Les det her.
 (16/03-09)
Søknadsfrist til Folkelarm 2009 går ut i dag
I dag 16. mars går søknadsfristen ut for å bli med på  Folkelarm 2009 og søknadsfristen til å bli med på Showcase Scotland 2010. Det er felles søknad til dei to arrangementa. Les meir her.
 (16/03-09)
Hilme-stemnet og Strunkeveko blir AS
Årsmøtet i Valdres folkemusikklag vedtok nyleg å stifte Valdres folkemusikkarrangement AS. Selskapet skal vera ein driftsorganisasjon for mellom anna Jørn Hilme-stemnet og Strunkeveko, dei to store arrangementa til Valdres folkemusikklag. Ein av grunnane er at folkemusikklaget ikkje vil bere den økonomiske risikoen som arrangementa inneber. Ved eit eventuelt stort underskot vil då berre aksjekapitalen gå tapt, og ikkje resten av eiga til folkemusikklaget. I 2008 hadde Valdres folkemusikklag eit underskot på 109 000 kr som vart dekt av eigenkapitalen som var på 214 000. Ny leiar i folkemusikklaget vart Frode Rolandsgard frå Vestre Slidre, med seg i styret har han Oddrun Hegge (ny),Gyda Grøndalen Hoffman (ny), Magne Olav Selland og Ivar Hemsing, samt Ole Aastad Bråten som er utnemnd av Valdresmusa Les meir her.
 (16/03-09)
Haldis Gjømle sluttar i Norsk Folkemusikk- og danselag
Haldis Gjømle har vore dagleg leiar i Norsk folkemusikk og danselag sidan 1. september 2008. Ho har no sagt opp stillinga si i laget. Ho sluttar ved månadsskiftet mars/april.
 (15/03-09)
Spennande seminar under Folkemusikkveka i Ål: Folkemusikk og gudsteneste
Ål kyrkjelyd har fått stønad frå Norsk Kulturråd til eit treårig prosjekt, der ein vil bruke folkemusikk til å utvikle søndagens gudstenester. Dei samarbeider med lokale musikarar og nyttar ulike instrument. Det er eit mål å stimulere lokalt kultur- og kyrkjeliv og å bryte ned kunstige grenser mellom stilartar og ulike miljø. Og dei ynskjer å inspirere andre kyrkjelydar til å bruke folkemusikk. I tida 19-20 mai vert det seminar der mange kjente folkemusikarar deltar, som til dømes Carl Petter Opsal, Jo Asgeir Lie, Olav Luksengård, Knut Reiersrud, Iver Kleive og andre.
 (15/03-09)
Bjørn Aksdal: Bør arkiva slutte med historisk dokumentasjon?
I siste nr av Spelemannsbladet (nr 2/2009) stiller Bjørn Aksdal spørsmålet om arkiva skal halde fram med å prioritere historisk dokumentasjon framfor samtidsdokumentasjon. Han skriv mellom anna: "Det er ikke lenger like lett å legitimere utgifter og tidsbruk til feltarbeid med at man skal dokumentere enda en eldre felespiller eller kveder." Han peiker på at eit aktuelt dokumentasjonsområde er innvandrerkulturane og deira musikk- og danseuttrykk slik dei framstår i møtet med det norske samfunnet.
 (15/03-09)
Nils Økland gir ut ny CD på ECM: Monograph
Nils Økland (48) gir ut ny CD på det kjente plateselskapet  EMC, og dermed blir plata tilgjengeleg i meir enn 50 land. Musikken har han skreve sjølv og han spelar også alt sjølv. På spørsmål frå Aftenposten om det er folkemusikk det handlar om, svarar han at han er "inspirert av folkemusikk".  Vidare: "Mange vil nok si at det ikke er folkemusikk jeg driver med, men hvis man analyserer den genren, vil man alltid se innflytelse fra mange hold, det er mye frem og tilbake. Jeg er opptatt av at den prosessen ikke må stoppe opp."
 (15/03-09)
Ny folkemusikkorganisasjon? Korleis blir det?
Som kjent har dei to viktigaste organisasjonane innan forkemusikk/dans LfS og NFD planar om å etablere ein ny organisasjon som skal overta oppgåvene til dei "gamle" - og kanskje erstatte dei heilt. Neste steg i utviklinga er Årsmøtet i Norsk Folkemusikk og danselag den 21. mars 2009. I siste nr av Spelemannsbladet, 2/2009 finn vi eit intervju med dei to styreleiarane Åshild Vetrhus og Nils Øyvind Bergset der dei utdjupar korleis dei tenkjer seg den nye organisasjonen, og kvifor ein ny organisasjon er viktig. Tanken er at den nye organisasjonen skal vere operativ frå 1. januar 2010, og ha første årsmøtet hausten 2010. Åshild Vetrhus fortel også at ho vil slutte som leiar i NFD dersom Årsmøtet i mars ikkje går inn for ny organisasjon. I artikkelen blir også statssekretær Halvard Ingebrigtsen referert, der han seier at det blir meir pengar å få dersom det blir etablert ein ny organisasjon.
 (13/03-09)
Ny utgåve av "Årbok for norsk folkemusikk" er ute
Årboka som Norsk Folkemuikk og danselag har gjeve ut i mange år, eit eit viktig tiltak for norsk folkemusikk. Ei ny utgåve, for 2008, er nå klar, og med mange interessante artiklar. Ola K. Berge skriv om ulike syn på tradisjon og endring i folkemusikkmiljøet - det er delar av ei oppgåve han har skreve som student. Reidar Storaas skriv om komponisten og folkemusikksamlaren Geirr Tveitt, og redaktøren Anne Hytta skriv om eit møte med spelemannen Knut Buen, som nyleg fylte 60 år. Anne Berit Klungsøyr skriv om songtradisjonar knytt til spinning, og Ruth Anne Moen skriv om  liksong-tradisjonen i Suldal i Rogaland. Som vanleg gir Turid Askjem ei oversikt over bøker,  artiklar, CD'ar etc som kom ut året før, og har med folkemusikk å gjere. Les meir her.
 (13/03-09)
Folkrock-CD med gruppa "Bergtatt"
Gruppa Bergtatt frå Sørlandet har kome med si første plate. Dette er ei blanding av rock og folkemusikk i den tradisjonen som gruppa Folque starta og som Gåte førde vidare. Platemeldaren i Bergens Tidende gjev fin omtale: "Det er ikke vanskelig å la seg bergta (et dårlig, men opplagt ordspill) av dette albumet. Her er norsk folkemusikk blandet med rock, fremført med kraft. En perfekt kombinasjon når resultatet blir som her." Les meir her.
 (12/03-09)
Interesse for dans midt på dagen i Trysil
Østlendingen kan fortelje om gode interesse for dans, midt på blanke laurdagen på gameskulen i Trysil. Les meir om det her.
 (12/01-09)
Seminar om rock og folkemusikk i Oslo 16. mars 2009
Den 17. juni 1973 opplevde 30000 Ragnarock i Holmenkollen med Sigbjørn B. Osa. Det er bakgrunnen for eit seminar om rock og folkemusikk som går av stabelen i Oslo i Nasjonalbiblioteket, Sollis plass 216. mars kl 12.00 - 16.00. Mellom innleiarane på seminaret er Saft-medlem Trygve Thue, amanuensis Trond Valberg (NB), professor Hans Weisethaunet (UiO) og musikkjournalist Sigbjørn Nedland (NRK). I samband med seminaret gir også Nasjonalbiblioteket, i samarbeid med Universal Music, ut konsertfilmen Ragnarock (1973) på DVD. Om kvelden er det Slippefest på Rockefeller Music Hall, Oslo Tid: 16. mars kl. 21:00-24:00 (dørene åpner kl. 20:00) Konferansier: Jan Lothe Eriksen  Les meir her.
 (10/03-09)
Trio Nor på turne i slutten av mars
Det er tre av dei fremste folkemusikarane i Noreg, Sverike og Finland som har slått seg saman iTtrio Nor: Knut Hamre, Anders Bjernulf og Arto Järvelä. Dei turnerer for Folkemusikkscena.Knut Hamre (1952) frå Hardanger har vunne landskappleiken  sju gonger med m.a. kongepokal frå 1981.
Anders Bjernulf (1966) fra Rättvik i Dalarna, Sverige, vart Riksspelmann i Sverige alt som 21-åring i 1987.Arto Järvelä (1964) fra Hattula i Finland grunnla han det legendariske bandet JPP i 1982 som har gjeve ut til saman 9 album og turnert over heile verda. Turneruta ser slik ut:
Mån. 23.03 Røros Folkemusikkscena på Røros Kaffistuggu
Tys. 24.03 Bø Hardingfelesenteret Pizzafjoset
Ons. 25.03 Rauland Folkemusikkscena på Rauland Årestoga
Tors. 26.03 Oslo OsloFOLK MIR
Fre. 27.03 Fagernes Valdres folkemusikklag Fagerlund
Laur. 28.03 Bergen Columbi egg / Hotel Augustin Bergenfest
Sun. 29.03 Utne Hardanger folkemuseum Utne Hotel
Les meir her.
 (09/03-09)
Synnøve Bjørset med ny CD: "Slåttar"
Synnøve Bjørset frå Jølster har etablert seg som ein av våre fremste folkemusikarar. No kjem ho med sin andre solo-CD: "Slåttar". Det er slåttar frå Sunnfjord, Sogn og Valdres, både danseslåttar og lydarslåttar. Bjørset har også vore med på ei rad andre CD'ar og er medlem av Majorstuen. Ho arbeider som frilans musikar, produsent og komponist. Ho har no også eit 2-årig arbeidsstipend frå Statens kunstnarstipend. Konsert og plateslepp er i Ålhus kyrkje, Jølster, søndag 15. mars kl.20.00 . CD'en kjem på Talik:
www.talik.no Du kan høyre deler av musikken her: www.myspace.com/bjorset  Meir her.
 (09/03-09)
Folkemusikktimen 8. mars: Jostein Nytrøen musikk
I denne folkemusikktimen får vi høyre opptak frå minnekonserten for Jostein
Nytrøen frå Vingelen i Østerdalen. Nytrøen døydde sist haust og fekk nyleg "Tolgaprisen" post mortem. Vi får mellom anna høyre broren Kåre Nytrøen fortelje, og Jørn Halbakken som lærde mange slåttar av Jostein Nytrøen. I same Folkemusikktimen får vi også høyre nykomponert musikk av Tone Hulbækmo. Les meir her.
 (06/03-09)
Forskning om kvinnlege hallingdansarar
Halldis Folkedal, som er student i faget dansevitskap, skriv masteroppgåve om kvinnlege hallingdansarar. Ho skal ta for seg kjønn, kropp og seksualitet i folkedansen. Om du har tips, ta kontakt med Halldis på halldis@nynorsk.no. Les meir her.
 (06/03-09)
Ny CD med slåtter etter Karl Fant
I dag kjem det på elverum ein CD med opptak av slåttar som har tilknytning til den vidjetne tater-spelemannen Kaarl Fant. Det er slåttar frå mange kantar av landet og spela av ei rad ulike utøvarar. Prosjektleiar er musikaren mary Barthelemy som i 2007 ga ut ei bok der ho fortel den spennande historia om Karl Fant eller Karl Rosenberg. Slåttane er spela inn av NRK og Norsk Folkemusikksamling frå 1930 til 2008. CD'en kjem ut på plateselskapet Talik. Les meir her.
 (06/03-09)
Gro Marie Svidal med plateslepp i Oslo 21. mars 2009
Platesleppet vert 21. mars på Engebret Cafe i Oslo. CD'en heiter Hardigfele og inneheld eit breitt utval av slåttar frå Jølster og Sunnfjord. Dette er Svidals første CD, og kjem ut på Etnisk Musikklubb. Svidal sjølv skriv slik om slåtteutvalet: "
Repertoaret på denne cden er mi tolking av dei gamle slåttane. Eg har henta dei fram frå notar og opptak, eller lært dei direkte frå andre spelemenn. Tolkingane er bygde på tradisjon, men også inspirasjon frå samtida og dei menneska eg har møtt. Hovudsakleg er musikken henta frå Sunnfjord og Jølster, der eg vaks opp, men eg har alltid vore nyfiken på musikk frå andre stader. Derfor var det naturleg å ta med slåttar frå ulike tradisjonsområde. Nokre har du kanskje høyrt før, andre står fram i ny drakt. Eg håpar du vil få glede av desse slåttane som på mange vis har si eiga vesle historie å fortelje."
 (06/03-09)
Hallgrim Hansegård vil satse stort i Valdres
I avisa Valdres les vi at hallgrim Hansegård vil satse stort i Valdres. Han vil kjøpe den gamle Rogne skule, som ligg nær der han voks opp sjølv, og bruke han som tilhaldsstad for både "Frikar Dance Company" og Frikarakademiet. Lokaliseringa av verksemda står mellom Oslo og Øystre Slidre. I alt er det 32 personar som står på lønningslista til Hansegård sine aktivitetar. I det siste har han hatt stor suksess med Frikar i Grand Prix og med produksjonen "The snuff grinders" under Bylarm i Oslo nyleg. Hansegård har også vore i kontakt med NTNU om å opprette eit bachelorgrad med dans som spesialstudium. Han ser også for seg eit samarbeid med Valdres vidaregåande skole og kulturskolane i Valdres. Les artikkelen her.
 (06/03-09)
Fin Arkivkveld med Knut Trøen ved Valdres Folkemusikkarkiv
Spelemannen Knut Trøen har flytta attende til Valdres etter å ha budd og verka det meste av livet i Oslo, der han har lagt ned eit formidabelt arbeid som spelemann for ringar og lag som driv med gamaldans. Nyleg var det ein arkivkveld der Valdres Folkemusikkarkiv ynskte Knut attende til Valdres.  Les meir om det her.
 
Lite folkedans i kulturskolane i Noreg
I ein ny rapport som Rådet for folkemusikk og folkedans har fått utarbeidd framgår det at berre 4,4% av kulturskolane i landet tilbyr undervisning i folkedans. I folkemusikk er det betre, nemleg 42,4%. Les rapporten her.
 (05/03-09)
Trond Mikkelsen prosjektleiar for folkemusikkprosljektet i Setesdal
I Setesdal har dei sett i gang eit prosjet for å rekruttere og mobilisere for folkemusikken og folkedansen. Det er eit samarbeid mellom  Bykle, Valle og Bygland kommunar, Setesdal regionråd, Aust-Agder fylkeskommune og Setesdal spelemannslag. Prosjektet skal gå over 3 år. Trond Mikkelsen frå Stavanger er nå tilsett som prosjektleiar.Han har bakgrunn frå kultur- og musikklivet i Stavanger, og har mellom anna vore sterkt involvert i Stavanger 2008 (kulturhovudstaden Stavanger). Trond Mikkelsen tek til i stillinga som prosjektleiar 14. april.
 (05/03-09)
Annbjørg Lien lærar for unge hardingfeletalent i Sigdal
Annbjørg Lien var instruktør på den såkalla Talentskulen i Sigdal. Det er fem kurs på Folkemusikksenteret i Sigdal. Dette var den andre avdei fem samlinger denne våren for unge talent på fele og hardingfele. Les meir her.
 (05/03-09)
Tildelingar frå Musikkutstyrsordninga
Dei som har fått tildeling i 1. omgang i 2009 kan du finne her.
 (005/03-09)
Øyonn Groven Myhren lagar bestillingsverk til Telemarkfestivalen
Øyonn Groven Myren er i ferd med å lage ei dramatisk forteljing i tonar og ord om den norske varianten av den greske myten om Orfeus og Euredike - Den norske varianten som er mest kjent er balladen Villemann og Magnhild. Det blir vakkert og dramatisk, det blir song, forteljing, harpeinstrument, klokker, ringleinstrument og runartromme - ei stor og eventyrleg klangverd.
Her er nokre opplysningar om bestillingsverka til Telemarkfestivalen:
Av festivalen sine bestillingsverk er fire gjeve ut på CD, og samtlige av dei er nominert til Spellemannpris, to har fått spellemannpris. Gjermund Larsens ”Ankomst” som er eit ektefødt barn av bestillingsverket ”Brytningstid” fra 2006, fekk spellemannpris i år. Annbjørg Lien var også nominert med ”Waltz with me” , som var bestillingsverket til Telemarkfestivalen i 2007. Mari Boine med ”Idjagiedas – In the hand of the night” var nominert i 2007, medan “Nivelkinn” med Odd Nordstoga og Øyonn Groven Myhren fekk Spellemannpris i 2003. Les meir her:
Telemarkfestivalen, Bø  (2009: 16.-19. juli).
 (26/02-09)
Alexander Rybak og Frifant fekk storsiger i Melodi Grand Prix.
Laurdag var det finale i nasjonalt meisterskap i Melodi Grand Prix i Oslo Spektrum, og det vart ein total siger til den unge felespelaren Alexander Rybak og dei tre hallingdansarane frå "Frikar" Halgrim Hansegård, Torkjell Børsheim og Sigbjørn Rua. Dei stakk av med nesten alle poenga. Mange trur at dei kan vinne også i Moskva.  Les langt intervju med Rybak i Dagbladet.  Sjå bilete og video frå sigeren her på VG.
 (22/02-09)
Reglement for Landskappleiken/Landsfestivalen i sumar
Som dei fleste veit blir Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldans i år slått saman til eit arrangement som går for seg på Geilo/Ål. No har Styret i LfS bestemt det reglementet som skal gjelde for tevlingane under tilskipingane. Her finn du dei ulike klasseinndelingane og heile reglementet.
 (13/02-09)
Alexander Rybak med "hallingslått" til Grand Prix finalen
Alexander Rybak har gått direkte vidare til den norske finalen i Grand Prix. Han har laga ein folkemusikkinspiret melodi i hallingtakt, og det er hallinggruppa Frikar med Hallgrim Hansegård i spissen som dansar i bakgrunnen. Du kan lesa meir på www.nrk.no/mgp, sjå innslaget på youtube eller lesa intervju med hallingdansgutane her Det blir sagt på NRK at Rybak skal vere favoritt til den norske finalen.
 (11/02-09)
Silje Hegg er ny leiar for Haukelifestivalen
Ho er tilsett frå 1. januar 2009. Ho er kjent som ein dugande fløytespelar og folkemusikar, mellom anna frå gruppa Blåmann Blåmann. Haukelifestivalen går føre seg 11-14 juni. Festivalen skal no omorganiserast og bli ei stifting. Les meir her.
 (11/02-09)
Ny yrkesutdanning i folkedans frå hausten
Frå hausten 2009 får vi i Noreg ei ny profesjonsutdanning i tradisjonsdans. Det er Dansevitenskap/Institutt for musikk på NTNU i samarbeid med Rff-sentret/Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Ole Bull Akademiet (OBA) som står bak opplæringstilbodet. Utdanninga er 3-årig og skal leie fram til Bachelor i utøvande tradisjonsdans. Det gir 180 studiepoeng. I tillegg kan ein så ta praktisk-pedagogisk utdanning over 1 år for å få pedagogisk kompetanse. Målet er å utdanne tradisjonsdansarar på høgt kunstnarleg nivå. Dei to første åra skal undervisninga vere samlingsbasert, medan det tredje året vert undervisning kvar veke. Undervisninga vil bli delt mellom Voss og Trondheim. Det skal takast opp 6 studentar på grunnlag av opptaksprøve. Søknader skal sendast til NTNU via Søknadsweb innan 15. april 2009. Det blir opptaksprøve i slutten av mai.  Les meir her.
 (06/02-09)
Sturla Eide utnemt til fylkeskunstnar i 2009 i Sør-Trøndelag
Fylkesutvalet utnemnte denne veka Sturla Eide (33) frå Fannrem som Fylkeskunstnar 2009. Eide arbeider som Kulturformidlar i Orkdal kommune ved sida av at han driv som frilans folkemusikar, mellom anna i gruppa "Flukt".Les meir her.  og på heimesida hans
 http://www.felespiller.no/
 (06/02-08)
Han spela slått på hardingfela på Coop i Åmot
Det gjeld den
92 år gamle Arne Nygård frå Grungedal. Då han fekk høyre at Vinje var kåra til Noregs kulturkommune henta han hardingfela og spela slåttar på COOP butikken pi Åmot. Les meir her.
 (06/02-08)
Jørn Hilme stemnet gjekk med underskot i 2008
Jørn Hilme stemnet på Fagernes gjekk i fjor med 70000 kr i underskot og Strunkeveko hadde også underskot - 20000 kr. Det er noko av bakgrunnen for at Valdres Folkemusikklag tenkjer på å etablereeit eige AS som skal stå som tilskipar for folkemusikkarrangemang i Valdres. Dagleg leiar i Valdres Folkemusikklag Solveig Hårdnes fortel om planane til Avisa Valdres.
 (05/02-09)
Nye tilskotsordningar for rytmisk musikk - også folkemusikk
Frå Kulturrådet er det kome informasjon om at det er oppretta to nye tilskotsordningar i rytmisk musikk - ei for arrangørar (10 mill kr) og ei for musikarar (10 mill kr). Dette er i samsvar med Stortingsmelding nr. 21 "Samspill Et løft for rytmisk musikk", er det i statsbudsjettet for 2009. Tellef Kvifte (Oslo), norsk folkemusikar og professor ved Universitetet i Oslo er med i utvalet som skal behandle søknadane.Meir om tilskuddsordningen for arrangører og Meir om tilskuddsordningen for musikere
 (04/02-08)
Er du "talentfull bygdeungdom som vil ha støtte"?
Då kan du søkje
Rasmus og Agnes Pettersons fond som gjev støtte til opplæring til songundervising, instrumental- og/eller teoriundervising.
Stipendbeløpa varierer mellom 2000 og 5000 kroner, og tildeling skjer annakvart år. Neste søknadsfrist er  1. mars 2009. Søknadsskjema finn du her. 
 (04/02-09)
Høyringsbrev frå LfS om etablering av ny organisasjon
Landslaget for Spelemenn har sendt ut eit høyringsbrev til medlemslaga sine der dei inviterer til ein open debatt om ein ny organisasjon for folkemusikk og folkedans i Noreg. Tanken er at den nye organisasjonen skal vere på plass frå 1. januar 2010. "Til årsmøtet 2009 vil styret legge fram ei brei utgreiing om saka slik at ein har eit best mogleg grunnlag for å gjere dei nødvendige vedtaka som må til for at den nye organisasjonen blir ein realitet" står det mellom anna i brevet. På nettadressa http://www.folkemusikk.no/content/view/1585/360/ ligg det ei utgreiing om ein ny organisasjon som eit hurtigarbeidande utval (Aarekol-utvalet) la fram. Utgreiinga vart breitt presentert på årsmøtet i haust. Les meir her.
 (04/02-08)
Hallingdansarar med i Grand Prix delfinalen laurdag 7. februar
Då skal Alexander Rybak framføre sin eigen melodi, ”Fairytale” med tre av hallingdansarane i "Frikar" Hallgrim Hansegård, Sigbjørn Rua og Torkjell Lunde Børsheim. Dei skal starte innslaget i hallingtakt. – Dette er ein særprega melodi som heilt klart går i hallingtakt, seier Hallgrim Hansegård til avisa Valdres.. – Her er det mykje bra energi som me dansarane skal prøve å formidle. Eg var nok litt avventande når eg fekk høyre at det var Melodi Grand Prix det dreia seg om, men låten var artig og under prøvene har alt fungert veldig bra  Her kan du høyre melodien YouTube . Les meir her.
 (04/02-08)
Avtale om norsk deltaking på "Showcase Scotland"  i 2010
Norsk folkemusikkformidling, Music Export Norway, og Den norske ambassade i London har nyleg inngått ein avtale med bransjetreffet Showcase Scottland. Avtalen betyr at Noreg vil få høve til å sende 5 norske artistar til ei av dei største Showcase scenene i Europa i januar 2010. - Dette er ein unik sjanse for norsk folkemusikarar til å vise seg fram på ein av dei verkeleg store arenaene, og til å knytte til seg verdifulle kontaktar internasjonalt. Samtidig er dette med på å markere og sette fokus på norsk tradisjonsmusikk i sin heilskap, seier Silje Førland Erdal, rådgjevar i Norsk Folkemusikkformidling. Les meir her
 (04/02-08)
Omorganisering av folkemusikktilboda i Valdres ?
Valdres Folkemusikklag står bak Jørn Hilme stemnet og Strunkeveko. No kallar organisasjonen inn til medlemsmøte der dei skal diskutere om å gjere festivalen og sumarkurset om til eit AS. Bakgrunnen for ønskjet om omorganisering er både å få betre styringsstrukturar og å sikre seg mot konsekvensane av store underskot. Det er eit stort økonomisk ansvar for Valdres folkemusikklag å stå bak to arrangement med eit samla budsjett på rundt 3 millionar. Eit større underskot i arrangementa kan i verste fall gjera folkemusikklaget konkurs. Les meir om dette her.  Les også her:
www.valdresfolkemusikklag.no
02/02-09)
Ny nordisk folkemusikk-CD "På tvärs"
I desse dagar kjem ein ny nordisk CD der Marit westrum og Ole Jørgen Tamnes deltar frå norsk side. Dei andre musikarane er frå Sverike og frå Finland. Les meir om CD'en her.
 (02/02-09)
Samarbeidsavtale mellom Landslaget for Spelemenn og NFD
Styra i dei to store folkemusikkorganisasjonane Landslaget for Spelemenn og Norsk Folkemusikk og danselag har inngått ei samarbeidsavtale om utveksling av informasjon og PR-tiltak av ulike slag. Eit viktig prosjekt blir å etablere ein sentral Internett-stad for folkedans og folkemusikk. Les meir her.
 (02/02-09)
Ny CD frå Gruppa Fotefar og Håvard Lund: "Fest"
Fotefar og klarinettisten Håvard Lund gjev ut ny CD med nordnorsk folkemusikk og svenske folkesongar. Musikarane i Fotefar har vore tilsett som landsdelsmusikarar i Kultur Troms i eit år. Gruppa består av Lena Jinnegren, Bendik Lund Haanshus og Ragnhild Furebotten, og dei har base i Målselv. Plata vart  sleppt på konsert på Nordlysfestivalen  29. januar. Les også her: www.myspace.com/fotefar
 (30/01-09)
Folkemusikkdagane i Våga er denne helga
Vågå Spel og Dansarlag er tilskipar for den  24. midtvintersfesten for spel- og danseglade. Tradisjonen tru blir det konsertar, kurs og dansefestar. Fredag kveld er det konsert med ”Pål Olles Väg” – den svenske spelmannstrioen Anders Bjernulf, Fredrik Lindh og Lars-Gunnar Björklund. Og det blir dans både før og etter konserten. Laurdag er det kurs på Vågåmo skule m. m. Les meir her: Vågå spel- og dansarlag.
 (30/01-09)
Folkemusikksenteret i Buskerud arrangerer kurs i folkemusikk og dans
Helga 6.-7. mars arrangerer Buskerud Folkemusikklag helgekurs i Sigdal. Det blir mange gode lærarar som Gunnlaug Lien Myhr (kveding), Sina Myhr (langeleik), Birgit Kollandsrud Friis (fløyte), Per Anders Buen Garnås (hardingfele) og Mari Skeie Ljones (fele). Påmeldingsfrist er  22. februar 2009.
 (30/01-09)
Bygda dansar går neste gong til Buskerud
Det er bestemt at neste fylket som skall gjennomføre prosjektet "Bygda dansar" er Buskerud. Det var fleire søkarar, men Buskerud har gjort eit grundig førearbeid og vart difor den som gjekk av med sigeren.  Egil Bakka er prosjektansvarleg. Det blir tilsett prosjektleder med base i Trondheim, og Martin Myhr har alt fått tilbod om jobben som lokal prosjektmedarbeider. I 2001 til 2004 gikk pilot-prosjektet "Fjordapuls" i Sogn og Fjordane, der ensemblet viste sluttforestillingen "Meistermøy".  I 2004 til 2007 gjekk det første prosjektet "Snu nordvest" i Møre og Romsdal. Folkedansrevyen "Lykkejegeren" vart vist på Folkekulturfestivalen i Trondheim, og sluttforestillinga "Tru og Utru" hadde premiere på Molde Internasjonale Jazz Festival. Begge forestillingene har hatt Leif Stinnerbom som regissør. Les meir på www.bygdadansar.no
 (30/01-09)
Søkjer du Eckbos legat for unge folkemusikarar?
Då må du skunde deg, for søknadsfristen er 1. februar 2009. Prisen vart delt ut for første gong i 2001 og blir delt ut kvart år til ungdomar under 18 år. Forslaga kan sendast til Telemarkfestivalen på eller Gullbringvegen 34 3800 Bø. Tidligare prisvinnarar er spelemannen Ottar Kaasa frå Vinje, solist på toradar Kristin Gravaune frå Oppdal, spelemannen Øystein Nilsen frå Haugesund, kvedaren Ingebjørg Harman Bratland frå Vinje, Spelemannen Thea Tunaas Bratteng frå Hallingdal, spelemannen Tor Hoslemo frå Setesdal, lausdansaren Gjermund Braaten frå Hallingdal og Gard Nergaard frå Vest-Agder.

 (30/01-09)
Benedicte Maurseth har suksess med Jon Fosse :Andvake
Benedicte Maurseth (26) vart for 2 år sidan kåra til Årets unge folkemusikkutøvar, og no har ho saman med skodespelaren Svein Tindberg laga ei forestilling av Jon Fosse sin kortroman Andvake. Forestillinga er eit samarbeid mellom rikskonsertane og Det norske teateret, og Kjetil Bang-Hansen har regien. Benedicte har laga musikken til stykkjet, og det er berre ho og Tindberg som opptrer på scena. I Aftenposten i dag får oppsettinga mange lovord. Seinar skal forestillinga ut på Rikskonsert-turne til 18 ulike stader i landet.
 (30/01-9)
Semifinalistane til "IntroFOLK" er nå plukka ut
Introfolk er ei stor satsing som rikskonsertane står bak og som kårar ein vinnar annakvart år. Vinnaren får ei pakke som skal hjelpe vedkomande i gang som artist eller artist-gruppe. Dei seks semifinalistane er nå plukka ut
I løpet av sumaren 2009 vil desse tevle på tre ulike folkemusikkfestivalar; Førdefestivalen, 2. – 5. juli, Jørn Hilme-stemnet på Fagernes, 19. – 26. juli  og Kalottspel i Målselv, 4. – 9. august, før dei tre finalistene møtes til kamp på Nordsjøfestivalen i Farsund i slutten av august. Les meir her.
 (26/01-09)
Elisabeth Vatn med sekkepipe-CD
Den nye CD'en til Elisabeth Vatn "Piper on the Roof" blir slept på MIR  den 12. februar. Det er mange andre dugande musikarar som også er med, både instrumentalt og vokalt. Les meir her.
 (26/01-09)
Oline Løvlid årets eldsjel i Sogn og Fjordane
Oline Løvlid frå Hornindal har lagt ned eit stort frivillig arbeid for folkemusikken og særleg folkesongen i heimbygda, særleg song for og med dei unge i bygda. Ho er no plukka ut til å vere Sogn og Fjordane sin representant ved opninga av kulturminneåret i Trondheim 3. februar. Det var i alt 40 innsendte forslag. Ho har stått i spissen for å gje ut video og CD med folkesongar og har fått ”Folkemusikkprisen ” frå Sogn og Fjordane folkemusikklag.
 (26/01-09)
Magnar Sundt vikarierer for Lene Furuli som Rff leiar
Rådsleiar i Rådet for folkemusikk og folkedans Lene Furuli har eit halvt års permisjon og arbeider for Flyktningehjelpa i Colombia. Som vikar fungere då nestleiar Magnar Sundt
 (26/01-09)
Ny fin konsertserie i Oslo: "Folk på Mir"
I vårhalvåret blir det gjennomført ein fin konsertserie på Cafe MIR i Oslo. Det startar torsdag 28. mai med to av våre fremste spelemenn Per Anders Buen Garnås og Olav Luksengård Mjelva. Og i alt skal det bli heile 19 konsertar, den siste 28. mai. Mellom dei som kjem etter kvart er det Majorstuen, plateslepp med gruppa Hått og plateslepp for Elisabeth Vatn, Gjermund Larsen trio, Groupa, Knut Hamre / Anders Bjernulf / Arto Järvelä, Sver, Valkyrien Allstars, Skaidi, Britt Pernille Frøholm/Sigrid Moldestad, Nomas m.fl. Meir informasjon på www.riksscenen.no , www.oslofolk.com  og www.folkemusikkscena.no/sceneprogram/2  .
 (26/01-09)
Gjermund Larsen Trio vann Spellemannsprisen 2008
I klassen folkemusikk/gammeldans var det
Gjermund Larsen Trio med plata «Ankomst» (Heilo) som vann spelemannsprisen som vart delt ut på det store TV-showet på TV2 laurdag. Dei andre som var nominert i denne klassen var Flukt - Stille Før Stormen (Etnisk Musikklubb), John Ole Morken - Slåtter Fra Hessdalen, Haltdalen og Ålen (Etnisk Musikklubb)
Ragnhild Furebotten & Tore Bruvoll - Hekla Stålstrenga (Ta:Lik). Annbjørg Lien var nominert  open klasse, men vann ikkje.
 (25/01-09)
Førdefestivalen 2009 - 20 års jubileum 2-5 juli 2009
Tema for årests festival blir
World Voices – stemmer frå heile verda. Det meste av programmet er nå klart, og det er mange spennande artistar og grupper som kjem. Desse artistane er klare for Førdefestivalen 2009:  Det Norske Solistkor, Norge, A Filetta, Korsika, Frankrike , Black Umfolosi, Zimbabwe , Eva Quartet, Bulgaria, Berit Opheim Versto, Norge, Genticorum, Kanada , Gjermund Larsen, Norge , Skàidi - Inga Juuso/Steinar Raknes, Norge
 (22/01-09)
Berit Opheim Versto er P2-artisen denne veka
Ho er mellom anna aktuell med ny CD med Draumkvedet, og er ein svært aktiv folkemusikarar. Og no er ho også ukas P2-artist.
 (14/01-09)
Jubileumsmarkering av Håvard Gibbøen 200 år.
Den
27. juli 2009 blir et feira 200-års jubileum for meisterspelemannen Håvard Gibøøen på Møsstrond i Austli, som er heimen til  Hillborg Romtveit og Trygve Vågen. Dei har laga eit lite spelstykke i "Sigurd Telnes"-stil, som ramme rundt framføring markeringa. Mellom dei som er med er
Ingvill Marit Garnås og Per Anders Buen Garnås, Øystein og Øyunn Romtveit (sjette generasjon Myllarslekt) og folket på garden Austli.
 (14/01-09)
Nye folkemusikk-CD'ar får finfin omtale
I Aftenposten i dag blir to nye folkemusikk-CD'ar meldt med svært fin omtale - begge får terningkast 5. Den eine er den nye Draumkvede-CD'en til Berit Opheim Versto og Karl Seglem (dobbelt-CD) som nyleg kom ut på NORCD. Sven andersen skriv: "To intense, nakne, facinerende og utrolig vakre tolkninger av denne middelalderballaden". På den eine CD'en synt Opheim reint solo, medan den andre inneheld musik av Seglem i tillegg til songen. Les intervju med Seglem her. Sjå også alle dei platene Opheim har vore med på. Den andre CD'en som også får terningkast 5 av Svein Andersen, er Rannveig Djønne sin CD "Spelferd heim" utgjeven på Djønno Records. Djønne spelar torader, og har gjort det i 25 år, men dette er debutalbum. CD'en inneheld slåttar frå Hardanger og Voss, men har også mange dugande gjestemusikarar med på plata, mellom dei kvedarane Kim Andre Rysstad, Tuva Syvertsen frå Valkyrien Allstars og Lajla Renate Buer Storli. Her er også uvanleg instrument som flygel og klokkespel, og hardingfele. Meldaren skriv at dette er "nybrottsarbeid som fenger". Denne CD'en kom ut i desember 2008. Les om henne og CD'en her
 (12/01-09)
No kan det søkast om pengar til folkemusikk og dans
Den 15. januar går søknadsfristen ut for å søke om stønad frå
Rådet for folkemusikk og folkedans. Den 16. januar er fristen for å søkje hjå Fond for utøvende kunstnere, medan Fond for lyd og bilde og Nordisk kulturfond har søknadsfrist 1. februar!
 (12/01-08)
Noregs Ungdomslag forlenger søknadsfristen for ny generalsekretær
Noregs Ungdomslag lyste ut stillinga som ny generalsekretaæ etter Marit Jacobsen. Søknadsfristen er no forlenga til 16. februar. Les meir her.
   (11/01-09)
Innstillinga om ny Folkemusikk/dans-organisasjon på Internett
I september 2008 la ei arbeidsgruppe fram ein rapport om ein ny organisasjon for folkemusikk/dans i Noreg. Det var styra i LfS og NFD som sette ned arbeidsgruppa. Denne rapporten er nå lagt ut på Internett slik alle kan lese han. Dei gjer framlegg om ulike oranisasjonsmodellar, ulike former å skipe organisasjonen på og framdriftsplan.  Dei som var med i gruppa var Jon Aarekol (leiar) Nils-Øyvind Bergset, Kenneth De Gala, Solbjørg Tveiten og Camilla Granlien Eivind Kaasin frå NFD var sekretær for gruppa. ”Framlegg til modellar for ein ny felles folkemusikkorganisasjon” kan du lese her.
.  (10/01-09)
Stipendiatar for eldre fortente kunstnarar - kven er det?
I alt finst det 275 slike stipendiatar, fordelt på mange ulike kategoriar. Av folkekunstnarar finn vi desse: Salve Austenå, Peder Gullikstad, Agnes Kvåle, Birgit Rike Lund, Sven Nyhus, Sinom Li, Jacob Skogum, Knut Steinsrud, Finn Vabø og Olav Øyaland. Dei som blir utnemnt må vera over 67 år og framleis aktive. Stipendet varer livet ut og er på kr 20 000 per år. Organisasjonar kan foreslå nye tildelingar, og eit styre avgjer kven som skal få. Meir info finn du her.
 (10/01-09)
Folkemusikktimen søndag 11. januar 2009
Denne dagen får vi høyre litt frå den nye CD'en som Berit Opheim og Karl Seglem gir ut med Draumkvedet. Vi får også høyre Tjugedalaren - slåtten etter Myllarguten og soga om den. Og så blir det møte med Kevin Henderson frå Shetland som har busett seg i Kragerå med sin norske hardingfelespelande kjæreste.
 (10/01-09)
Blir det spesielle reglar for døming av lagdans på kappleikar?
Til nå har ein nytta dei same skjema for døming av lagdans som ved døming av pardans solo. Landslaget for Spelemenn har nå sett ned eit utval som skal kome med forslag om nye kriterier for døming av lagdans. Dei som er med i utvalet er Jon Ellingsen, Randi Skeie og Martin Myhr. Les meir her.
 (10/01-09)
Referata frå styremøta i LfS blir lagt ut på Internett
Landslaget for Spelemenn har bestemt at dei vil legge referata frå styremøta sine ut på Internett. Det første referatet er allereide lagt ut, det er frå styremøtet den  12. desember 2008.
 (10/01-09)
Gruppa Sver på fint oppdrag i Berlin
Gruppa Sver frå Røros skal opptre under åpninga av Norges stand på Grüne Woche i Berlin 16.-18. januar. Grüne Woche er ei enorm messe som stort sett omhandler økologisk matkultur, og vart halden første gong i 1926. I 2008 var det 425 000 som vitja veka.. Åpningen av Norges stand skjer fredag 16. Om kvelden skal SVER spele i den Norske Ambassaden for politikarar, ordførarar og messedeltakarar. Dei som er med i Sver er: Olav Luksengård Mjelva - fele og hardingfele, Anders Hall - Bratsj og fele, Leif Ingvar Ranøien- torader, Vidar Berge - gitar og Jens Linell- perkusjon. Les meir her.
 (10/01-09)
Ny støtte til songen: "Sangløftet"
Sangløftet er ei gåve frå Sparebanksstiftelsen DnB Nor, og blir forvalta mellom anna av Norsk musikkråd. Til saman fem millionar kroner over to år skal bidra til å lyfte songen i Noreg. Du kan søkje online på www.sangløftet.no. Søknadsfristen er 10. februar.  
Sangløftet deler ut gåver til prosjekt gjennomført av organisasjonar, nettverk og uorganiserte grupper. Dei prioriterer prosjekt som er lokalt forankra mellom fleire samarbeidspartnarar og som er langsiktige eller har potensiale for gjenbruk. Online søknadsskjema finn du på
www.sangløftet.no
 (10/01-09)
Nominasjonane til Spellemannsprisen ligg no føre
I klassen Folkemusikk/Gamaldans er desse nominert:
Flukt - Stille Før Stormen (Etnisk Musikklubb)
Gjermund Larsen Trio - Ankomst (Heilo)
John Ole Morken - Slåtter Fra Hessdalen, Haltdalen og Ålen (Etnisk Musikklubb)
Ragnhild Furebotten & Tore Bruvoll - Hekla Stålstrenga (Ta:Lik)
I open klasse er Annbjørg Lien nominert  for cd-en "Waltz With Me" (Heilo)
 (6/1-09)
Debatten om oppretting av ny folkemusikk/folkedans-organisasjon
Denne debatten har gått føre seg lenge, og er stadig aktiv. Spenning knyter seg til Årsmøtet i NFD utpå våre. Landslaget for Spelemenn har som kjent gått inn for nyskaping. Folkemusikk.no har laga ei oversikt over viktige utspel/artiklar som gjeld samanslåing. Dei eldste er heilt tilbake til 2006. Du finn oversikta her.
 (05/01-09)
Statsbudsjettet for 2009: Mange positive ting for folkemusikk og dans
Ved starten av eit nytt år kan det vere grunn til å minne om dei viktigaste endringane som Statsbudsjettet  for 2009 inneber samanlikna med 2008:
For det rytmiske musikkfeltet (rock/pop, jazz, folkemusikk)
Norsk kulturfond:

- Tilskotsordning for arrangørar, ny poost, 10 mill.
- Tilskotsordning for musikarar, ny post, 10 mill.
- Tilskotsordninga til musikkfestivalar: auka frå 27,5 mill til 29,5 mill
- Tilskotsordninga til musikkensembler: auka frå 15 mill til 18 mill
- Innkjøpsordninga for musikk, auka frå 13 mill til 16 mill.

Post 74 - musikktiltak:
- Music Export Norway/ profilering av norsk musikk i utlandet, ny post 3 mill
- Kompetansesenter for rytmisk musikk, ny post 3 mill (pengane avsett til hausten 2009)
- Landsomfattande musikkorganisasjonar, auka frå 18,1 mill til 21,1 mill.
- Tilskotsordning for utstyr, ny post 36,5 mill (Tidlegare Norgesnettet og MVO)

Post 78 - Ymse faste tiltak
- Riksscena auka frå 2,5 mill til 4,5 mill.
- Rådet for folkedans og folkemusikk, auka frå 7,1 mill til 9,3 mill (mellom anna til nytt fylke av "Bygda dansar").

Vi nemner spesielt at
- Norsk Folkemusikk og danselag får auka støttte frå 1,7 mill til 2,6 mill (500 000 kr skal delast likt med LfS)
- Ole Bull akademiet får auke frå 2,8 til 3,1 mill.
(04/01-09)
Nasjonalt Landstadsenter oppretta i Seljord
Opprettinga gjekk føre seg på nyåret i Seljord Prestegard, i Landstadromet. Bak opprettinga ligg mange 10-års iherdig arbeid.
Senteret er organisert som ei stifting, og vona er å lokalisere senteret til prestegarden der Magnus Brostrup Landstad budde då han var sokneprest i bygda frå 1839 til 1848. Føremålet med Landstadsenteret er å ta vare på, vidareutvikle, aktualisere og formidle den kultur- og kyrkjehistoriske arven etter Landstad. Utanom ei gruppe privatpersonar står Den norske Kyrkja, Seljord kommune, Høgskulen i Telemark og Vest-Telemark Museum bak stiftinga.
Biskop Olav Skjevesland vert leiar fekk styret for Landstadsenteret Nina Alnæs, Arne Bugge Amundsen, Åge Håvik og Ingrid Gjertsen medlemmar. Les meir her.
 (04/01-09)
Det ser ut til at Buskerud kan få neste "Bygda dansar" prosjekt
Det ser ut til at Folkemusikksenteret i Sigdal får 3 mill kroner av Fylkeskommunen i Buskerud til eit "Bygda dansar" prosjekt. Det er ein føresetnad for at eit fylke skal få tildelt eit slikt prosjekt. Nå er prosjektet i Oppland, og var før det i Møre og Romsdal, medan det første var i Sogn og Fjordane. Les meir her.
 (04/01-09)
Fin festframsyning for amerikanarar i Bø i Telemark
Heile 42 deltakarar frå "Telelaget of America" har
i 10 dagar  vitja musea og andre attraksjonar i Vest-Telemark. Opphaldet vart avslutta med ei fin framsyning av framifrå Telemarkskultur, med mange dugande aktørar. Les meir her.
 (04/01-09)
Godt nytt år 2009 !
(31/12-08)