Glimt frå Nordlek 2009 i Lahti 30/6 - 4/7-2009

Eit fint stemne i Lahti!
Nordlek 2009 i Lahti vart eit svært vellukka nordisk stemne
Det gode veret og dei fine lokala gjorde sitt til at det vart eit svært vellukka stemne i Lahti i Finland. Rett nok kom det ein del regn under hovudstemnet på laurdag, slik at avslutninga vart flytta inn i Hallen. Men elles var det strålande ver heile tida. Desverre var det også denne gongen ein klar nedgang i deltakartala. I Gøteborg i 2006 var det ca 4000 deltakarar, men denne gongen var det berre 2500. Av desse var over halvparten frå Finland. Frå Noreg var det 300 og frå Danmark berre vistnok berre 200 og frå Sverike heller ikkje så mange. Det var 26 frå Færøyane og 26 frå Island.

Frå Leikarringen Symra var vi vel 30 dansarar, så mange av bileta viser situasjonar der Symra-folk er med. Dei fleste frå Symra reiste med buss, og på bussen var det også ein del andre som ikkje er med i Symra, mellom andre nokre frå Moss Leikarring og nokre av ungdomane som er med i NU-prosjektet Sans for dans. Busssjåføren Svein og reiseleder Marita gjorde ein fin innsats slik at bussturen gjekk trygt og vel organisert både fram og tilbake. Eit fleirtal av av Symragjengen låg på klasserom på den store yrkesskolen like ved Lahti Hallen, som var hovudarena for stemnet. Det var kort avstand til hallen, men vi låg nokså trongt, 26 stk på eit klasserom, mellom dei 4 stk frå Hordaringen. I romma ved sidan av var det folk frå Danmark, Sverike og Island og Færøyane, og det vart ein del svært fin Færøydans saman med dei frå Færøyane. Solvor var Symra si spelkvinne på turen.

Det er Vebjørn Bakken som har teke dei fleste bileta, så det forklarar nok at utvalet av bilete er svært skeivt og ikkje representativt for heile stemnet.
Bileta er stort sett i kronologisk rekkjefølgje.

Resten av bileta kan du finne her.
   

I Ørebro var det lunch på Scandic Hotel Väst. Her er nokre av deltakarane.

Nokre fleire som får lunchen sin.
  

Og endå nokre til.
 

Det ser ut til at maten smakar.
     

Her er endå nokre til
  

Det var små bord så det vert mange bilete frå lunchen.
    

Her er det sjåføren Svein og reiseleiar Marita som får seg mat.
    

Meir lunch!
    

Og endå eit.
  

Her er siste lunch-biletet. Det er fotografen som manglar.
    

Gunnar og Inger-Lise var ut då sola gjekk ned.
     

Det var ein fin solnedgang utanfor Svenskekysten.
 

Her er vi komne fram til Lahti Hallen, og vi venstar på Stemnepapira.
     

Her er det fleire som ventar.
  

Her skal vi bo. Det er litt fortvilslse når vi forstår at det skal vere 26 personar i dette klasseromet. Men det skal nok gå. Berre å sette i gang med innredninga, slik vi har gjort på mange Nordleik-stemne før.
   

Her er det fleire som er i gang med utpakkinga.
     

Så var det å kome i bunaden og vere med på opninga av stemnet tysdag. Det starta med andakt i den fine kross-kyrkja på bakken ovafor torget i byen.
 

Vi er utafor kyrkja. Her er nokre veteranar som alle var med i Oslo i 1963. Olav og Aud til høgre har vore med på alle Nordlek etter det.
      

Det blir gjort klart til opningstoget. Peder ber flagget.

    

Torun held opningstale på torget.
   

Det vart reist midsumasrsstong på torget  - ei gåve til byen.
  

Den norske delen av opningstoget frå torget til Hallen.
  

Her ser vi også eit utsnitt av toget.
    

Dei fleste som skulle på ballet var med på øvingane på onsdag. Det var i alt 8 timar øving på onsdag og i tillegg mange timar på torsdag. Men torsdag var det nok mange som droppa øvingane.
    

På torsdag var det Nordisk Spelemannskonsert,

Her har vi den danske gruppa saman med Vegar Vårdal frå Noreg.
  

Færøyingane er i gang med eit av sine dansespel.

Her dansar dei bandadansen
  

Og her er færøyingane ferdige med sin dans
 

Den norske gruppa "Fant og Fente" med 4 dansande jenter og 3 spelemenn var med på tre av konsertane. Her ser vi nokre bilete frå framsyningane deira.
 

Fant og Fente
  

Fant og Fente
 

Fant og Fente
  

Fant og Fente
  

Fant og Fente
  

Fant og Fente
 

Fant og Fente
  

Fant og Fente
  

Fant og Fente
  

  
Resten av bileta kan du finne her.

 

Første stoppen på bussturen var ved Elvestadkrysset i Trøkstad, der 6 personar frå Moss kom med på bussen.
   

Her vart det også servert kaker og kaffi.
  

Nokre av dei som får seg kaffi og kaker.
    

Endå eit bilete frå stoppen ved Elvestadkrysset.
  

Vi er komne til ferjeterminalen i Stockholm og nokre kortar tida med litt songdans.
  

På ferja hadde dei fleste bestilt middag - og den smakte godt. Her frå eit av borda.
  

Her eit anna bord på ferja.
  

Og her endå eit.
  

Og endå eit.
   

Tore synest visst at maten er god.
  

Og det synest visst Gunnhild også.
  

Og Erik likeeins.
  
 
Vi nærmar oss kaia i Helsinki.
  

Her ser vi litt frå opninga i Hallen
      

Gjensyn med folk frå USA - Poulsbo.
  

Det har blitt kveld og kveldsmaten er på bordet
     
Det må mat til. Og det var mange fine restaurantar i området ved torget.
  

Fleire som får seg god mat.
   

Frå ein av dei mange konsertane - dette er frå Konserthuset - Norden spelar og dansar.
   

Her er det Danmark som viser dans.
  

Torsdag morgon var mange med på omvisning i Lathi med innleigd guide. Her ser vi hoppbakkane.
  

Her er eit liknande motiv.
    

Kors-kyrkja var neste stopp. Her ser vi guiden fortelje.
    

Det ser ut til at folk lyttar!
      

Desse høyrer også nøye etter.
  

Den første bibelen på finsk var utstilt, og Gunnar og Aud studerer han.
   

Her er vi utafor kyrkja.
     

Vi ser nedover frå kyrkja mot torget og rådhuset.
    

Tredje stoppen var Sibelius konsert salen. her frå vestibyla.
  

Også frå Vestibylen i Sibelius konsert huset.