"Gamle" nyheter frå 2004

Nyheter

NFD er skuffa over det endelege Statsbudsjettet
Det erdelege Statsbudsjettet vart slik som instillingane gjekk ut frå for folkemusikk og dans. Det vart ikkje løyvingar til folkemusikk-scene, men det vart uttrykt støtte til tanken om ei slik scene. Elles ser NFD/Kvinten det som eit positivt teikn at Arbeiderpartiet/SV/Senterpartiet gjekk inn for monaleg større løyvingar til nokre formål som ikkje fekk støtte: kr 700000 til riksscene, eit tilsvarande beløp til Noregs Ungdomslag sitt folkedansarbeid, LFS ei styrking på 200 000 og "Bygda dansar" ville fått ein sum på ca 2 millionar kroner. 
 (30/12-04)
"Kvinten" summerer opp folkemusikk/dans-året 2004
Kvinten kom med nytt nr i dag (nr 5/6) - det er som kjent lagsavisa til Norsk folkemusikk og danselag. På leiarplass skriv leiarar Halvard Kaasa og dagleg leiar Jan Lothe Eriksen at 2004 er eit merkeår, og at 2005 kanskje kan bli eit jubelår. Dei meirner at i 2004 har det vore nokre viktige gjennombrot for sektoren: - Stortinget slo fast at nasjonalstaten har ei særleg plikt å ta vare på folkemusikk og dansetradisjonane i landet vårt. - Kulturkommiten i Stortinget vedtok samrøystes å støtte initiativet om å få ei nasjonal scene for folkemusikk og folkedans. - Lanseringsprogrammet IntroFOLK vart etablert. - Kulturministeren kravde minst 35 % norsk musikk i NRK. - NFD vart godkjend som rettshavarorganisasjon i Gramo. - NFD fekk pengar til ein ny festival i Agder. - Organsisasjonane innan feltet samarbeider betre for å oppnå betre resultat overfor myndigheitene. Men dei ser også teikn på minkande samarbeidsvilje i einkelte organisasjonar.
 (30/12-04)
Dansedronning på Otta Aldersheim fyller 100 år
Gudbrandsdølen/Dagningen har vore hjå dansedronninga på 100 Mathilde Bergum. Ho spelar munnspel og torader til dans. Les meir her.
 (30/12-04)
Kjell Bitustøyl kritisk til NRK Østafjells si satsing
TV-kanalen hadde føre jul ei halvannan times sending frå Folkekulturstudiet på Rauland, og Kjell Bitustøyl har kommentert sendinga i avisa Hallingdølen. Les her kva han skriv.
 (30/12-04)
"Kjerringa med Staven" fekk Nittedal kommunes kulturpris for 2004
Avisa Vardingen har eit lengre intervju med leiaren i laget Anne Hval Jensen, som også er med og instruerer i laget. Den offisielle prisutdelingen skal finne stad måndag 31. januar. I leikarringen er det i dag 43 medlemer. Les meir her.
 (30/12-04)
Hemsingane i Valdres  med plate «Solé sprett»
To foreldre og tre born Hemsing i Valdres gjev ut plate. Mor Bente Hemsing har vore distriktsmusikar ein tiårsperiode frå 1988 og ho  har i lang tid drøymt om å gje ut ei plate med folkemusikk frå Valdres. Stordelen av dei 20 låtane har ho arrangert sjølv. Det vart ei samling tradisjonsmusikk i spenstig innpakking, seier ho til Avisa Valdres. Les meir om den nye plata her.
 (30/12-04)
Folkemusikkarkivet i Telemark driv omfattande innsamling av folkemusikk
Dette arkivet er ikkje gamalt, innsamlinga starta i 1988, og er knytta til arkiva i Bø og i Rauland. Det var Kjell Bitustøyl som starta innsamlinga. Opptaka omfattar over 12.000 lydkutt frå meir enn 1400 utøvarar. Mesteparten er lagra på DAT-kassettar som gir god lydkvalitet. Leiar for Folkemusikkarkivet Kari Lønnestad seier til Vest-Telemark Blad at det ikkje er leveringsplikt til arkivet. Noko lydmaterial kjem frå private, og frå Norsk folkemusikksamling i Oslo har ein fått einskilde ting i kopi. Vona er at det skal bli økonomi til å lagre alle kutta med folkemusikk på harddisk. Det vil betre tryggleiken, og gjere lagringa meir haldbar. Les meir her.
 (30/12-04)
God jul til alle!
Vi ynskjer aller lesarar og bidragsytarar ei god jul! 
Helsing Vebjørn Bakken
 (23/12-04)
Folkemusikkfestivalane får litt meir i stønad frå Kulturrådet
Stønaden til festivalane innan folkemusikk går litt opp frå 2004 til 2005. Sidan Førdefestivalen er overført til Statsbudsjettet (og får monaleg meir pengar), gjer vel det sitt til at det blir litt auke. Sailor's Wake får i 2005 støtte for første gong. Tilskota for 2005 er slik (tala for 2004 i parentes): Den norske folkkemusikkveka Ål kr 500 000 (450 000), Jørn Hilme, Fagernes 250 000 (200 000), Kalottspel 100 000 (50 000), Nordsjøfestivalen Sailor's Wake 100 000 (0), Osa-festivalen Voss 150 000 (125 000), Telemarkfestivalen Bø 750 000 (700 000). Les meir her.
 (20/12-04)
Folkemusikklina i Valle er nedlagt
På siste møte i Aust-Agder fylkesting vedtok dei å leggje ned folkemusikklina i Valle. Grunnkurset og VKI blir ikkje sett i gang neste år, men dei som no går på VKI får halde fram på VK II neste år, og dermed blir det heilt slutt. Det betyr at 20 elevar forsvinn frå bygda og over 10 lærarar blir overflødige. Grunnen til at lina blir lagt ned, er den dårlege søkinga til skulen dei to siste åra. I staden blir det oppretta eit nytt tilbod ved skulen: eit VK II kurs i gull og sølvarbeid med plass til 15 elevar. Les meir her.
 (17/12-04)
Norsk Trekkspillarkiv er ein realitet
Norsk Trekkspillarkiv er ei stifting med ideelt formål og vart oppretta 24. august 2004 av interessegruppa "Norsk Trekkspillhistories venner". Formålet er å samle mest mogleg om norsk trekkspelhistorie - komposisjonar, litteratur, plater/CD, trekkspel etc, og gjere dette kjent for publikum. Dei er også i ferd med å lage eiga heimeside på Internett.
 (17/12-04)
Åsne Bergset frå Veggli fekk kulturprisen i Rollag
Tildelinga gjekk føre seg på Lågen Gospel sin julekonsert på Veggli samfunnshus. Ho fekk prisen for langvarig innsats for folkemusikken og den eldre songtradisjonen i Numedal. Ho har i mange år dreve med opplæring av yngre, mellom anna i Numedal spel- og dansarlag. Både Åsne Bergset og elevane hennar har vore med på mange kappleikar og oppnådd  gode resultat. Prisen er på 15000 kr og diplom. Bergset er også med i gruppa "Mot normalt". Meir her.
 (17/12-04)
Mange nye festivalar for populærmusikk får støtte frå Norsk Kulturråd
Kulturrådet gjev tilskot til 15 nye festivalar for 2005, dei felste innan populærmusikk. Noko av auken kjem at at Førdefestivalen er blitt knutepunktfestival og er dermed overført til Statsbudsjettet, og det frigjer kr 1,65 mill kroner. Les meir her.
 (17/12-04)
Norsk Kulturråd har delt ut stønad til 74 ensemble for 2005
Til saman er støtten på 9,5 millionar kroner. Mellom dei som har fått er Majorstuen. Les meir her.
 (17/12-04)
Odd Nordstoga og Gåte aktuelle artistar på NRK-nett
På nettsida til NRK under Musikk har dei ei liste på ca 30 artistar som dei kallar "aktuelle artistar", der dei skriv ein biografi om artisten eller gruppa. Av slike som driv med folkemusikk-relaterte ting, er det Nordstoga og Gåte som har kome med.
 (15/12-04)
Ikkje noko folkemusikk i utanlandssatsinga til UD
I jubileumsåret 2005 har UD satsa 30 mill kroner på å presentere norsk kultur utanlands. Det omfattar mellom anna Leif Ove Andsnes, norske jazzmusikarar og Den norske opera. Men ingen folkemusikk. Ola K. Berge i Norsk Folkemusikkformidling er svært skuffa over at folkemusikarar ikkje er med. Han skriv om dette i Ballade. Les artikkelen hans her.
 (15/12-04)
Odd Nordstoga fekk Prøysenprisen for 2004
Odd Nordstoga fekk prisen for eigne tekstar og melodiar av høg kvalitet. I tekstane nyttar han telemarksdialekta si på ein suveren måte og viser stor musikalitet og originalitet. Gudny Hagen fekk teskjekjerringprisen.
 (15/12-04)
UD's reisestønad til konsertar i utlandet er fordelt
UD deler kvart år ut ein del midlar til støtte for dei som har konsertar i utlandet. Stønaden for hausten er no fordelt,  til saman 505 000 kroner til 37 søkjarar. Samla for 2004 er det fordelt 1,04 mill kroner til 77 av søkjarane. Fem av prosjekta i haust var innan folkemusikk, mellom dei Kirsten Bråten Berg, Unni Løvlid og Majorstuen. Les heile lista her.
 (13/12-04)
LfS vil ha "særlag" med i organisasjonen
På siste Årsmøtet foreslo styret endringar i føresegnene for å leggje til rette for å få særlag inn i organsisasjonen. Styret hadde foreslått at særlag skulle ha høgre representasjon på Årsmøtet enn vanlege lokallag. Styret trekte framlegget, og det vart vedteke at representasjonen skulle vere lik.
 (12/12-04)
Same deltakaravgift for spelemannslag og dansarlag på Landskappleiken?
På Årsmøtet til LfS i Molde kom det fram kritikk mot den store auken det har vore i deltakaravgifta i lagspel på Landskappleiken. Det var ulike meiningar om dette. Tidlegare har spelemannslag betalt mindre fordi det vart forventa at dei skulle spele på kappleiken. Saka vart oversendt styret, med føringar om redusert og gradert deltakaravgift.
 (12/12-04)
Vanskeleg Strategiprosess i Landslaget for Spelemenn?
Landslaget for Spelemenn hadde nyleg årsmøte på Molde, og der skulle styret i LfS leggje fram strategiplanen for framtida. Av referatet i Spelemannsbladet (8/2004) ser det ut til at strategiprosessen har vore vanskeleg for landslaget. Leiaren Randi Skeide sa rett ut at det var uklokt å la ein av dei som sjølv var meldlem i LfS (Klaas von Ommeren), stå for arbeidet. Det burde ein ekstern konsulent ha gjort. Ho beskreiv prosessen slik: "Vi har blitt analysert og provosert og spela opp mot kvarandre, og resultatet av samlingane har ofte vore vanskeleg å kjenne att for oss som har vore med i prosessen." Det fekk også konsekvensar for val av nytt styre. Klaas von Ommeren var foreslått som 2. varamann, men trekte seg før valet vart gjennomført, og grunngav det mellom anna med at strategiplanen vart "vingeklippa" dagen før. Han var skuffa over endringane og mangel på mål i styret sitt framlegg til arbeidsprogram sett i relasjon til den opphavlege strategiplanen. Torbjørn Lyngestad frå Telemark vart valt til 2. varamedlem. 
 (12/12-04)
Felespelaren Sturla Eide kritisk til folkemusikkmiljøet
Stural Eide er folkemusikar på heiltid, og heldt foredrag om det på representantskapsmøtet i Rådet for folkedans og folkemusikk i haust. Han har danna Flukt Kulturformidling saman med trekkspelaren Øyvind Farmen. I eit intervju i Spelemannsbladet (8/2004) fortel han at det er ein travel jobb å skulle leva av å vere folkemusikar. Han rettar også kritikk til folkemusikk-miljøet fordi dei ikkje stiller opp på konsertar og tilstellingar. Han seier at folkemusikkmiljøet verkar å vere for misunnelege. Felespelaren Sturla Eide har tidlegare spela i Sturla Eides kvintett, Strengfolket, Åsmund & Sturla, Sturla/Andreas og Flukt.
 (12/12-04)
Fristen for "Unge folkemusikarar" går snart ut
Det nye lanseringsprogrammet for unge folkemusikarar "INTROfolk" har kort påmeldingsfrist. Frisen er 7. januar 2005. Både solistar og grupper kan delta. Solister må vere i alderen 19 - 30 år, og for brupper må gjennomsnittsalderen ikkje ver over 27 år. Det skal plukkast ut ein finalist på kvar av dei 4 store festivalane (Førde, Bø, Ål og Kåfjord) og vinnaren skal kårast på Hilmefestivalen. Med i juryen er  leiaren Helge Skansen (Rikskonsertane) og dessutan Annbjørg Lien, Øyonn Groven Myhren, Asgaut Bakken og Ola K. Berge.
 (12/12-04)
Vellukka Internasjonal kulturkveld ved Lågendalsmuseet
Det var heilt fullt i salen då den internasjonale kulturkvelden vart halden nyleg. Her var det musikarar frå alle verdens kantar i aksjon. Les meir her.
 (11/12-04)
Folkemusikklina ved Vinstra vidaregåande er redda
Det har vore stor usikkerheit om lina kunne halde fram som før etter at tilskotet var sløyfa i statsbudsjettet. Skulen har fått bekrefta frå
Nasjonalt samordningsutvalg at lina no vert redda. Rektor Åge Lesjø sier at det har vore omfattande kontakt med Utdanningskomiteen på Stortinget for å redde folkemusikklina. Les meir her.
 (11/12-04)
Eit steg nærare målet for Førde-Festivalen
I framlegget til statsbudsjett for 2005 vart det foreslått at Førde-festivalen skulle bli Knutepunkt-festival. Kulturkomiteen har i si innstilling gått inn for dette, og då er det svært truleg at det blir vedteke, og det er 14. februar i 2005. Kunstnerisk konsulent for festivalen Hilde Bjørkum er godt nøgd med dette, som betyr langt meir pengar frå det offentleg til drifta. Les meir her.
 (11/12-04)
Spelemannsbladet nr 8/2004 delvis på Internett
Også denne gongen legg Spelemannsbladet ein del av innhaldet ut på Internett. Vi finn desse sakene:
Leiarartikkel , Valle videregåande med nødrop, Årsmøtet i LfS, Fargerikt talent med ”ljøsblått” i botnen, Ser fram til to nye år på akademiet, Gåte på Rockefeller. Spelemannsbladet her denne lekkja.
 (11/12-04)
"Spindel" med konsert i Oslo onsdag 8/12 kl 21
Konserten er den iste på "Fabrikken" i år. "Spindel" har vakse frå å vere to hardingfeler - Liv Merete Kroken og Sigrid Moldestad - til fem personar: I tillegg til felene har dei fått Olav Tveitane (kontrabass/gitar/cisster), Dagfinn Andersen ( trøorgel, piano) og Ivar Kolve (percusjon). Om plata "Spindel" skriv Knut Utler i Aftenposten slik: ”Spiller med en slik råhet at man bare blir sittende å gape!”.
 (08/12-04)
"NRK Alltid Folkemusikk" opna i dag
Klokka 20  i dag starta den nye kanalen, og første innslag var ei vise om Guro Heddeli med den gilde kvedaren Bjarne Øverbø. I timen før hadde det vore opning av kanalen, og det kunne vi sjå på Nett-TV. Her fekk vi presentert eit flott nyskreve verk til opninga. Verket er laga av Jorun Marie Rypdal Kvernberg og ho hadde med seg gruppa Tindra og spelemannen Bjørn Odde. Elles var kringkastingssjefen i aksjon og sjølvsagt Leiv Solberg. For å lytte på kanalen på Internet går ein til adressa nettradio.nrk.no og veljer mellom kanalane der "Alltid folkemusikk". Eller går inn på www.nrk.no og veljer nettradio.
 (07/12-04)
Religiøse folketonar ein viktig del av folkemusikken på Sunnmøre
Avisa "Dagen" har intervjua Jostein Fet som er 80 år og har fått Fylkeskulturprisen og Kongens fortenstmedalje i gull. Han har gjort eit stort arbeid med å samle inn og utgje folkemusikk frå Sunnmøre og han er framleis aktiv. Les meir her.
 (07/12-04)
Oppfølgjingsseminar om "dans og musikk med kort 3'ar"
28-29 januar blir det seminar om bygdedans og spell i områda med "kort 3'ar". Finnskogspols står her som ein typisk representant, men omfattar musikk og dansar frå Rendalen til Aust-Agder, og både i Norge og Sverike. Ånon Egeand blir lærar i spel og Bjørn Sverre Hol Haugen  i dans, og mange andre vil bidra med sine tradisjonar. Påmelding til Tone Eidsvold  tlf: 99531605. Sjå og "Alt som skjer".
 (07/12-04)
Stort og breitt SAFFA-kurs på Sørmarka 15-16 januar 2005
SAFFA står for "Samarbeidsorganet for folkemusikk og folkedans i Akershus" og i mange år har dei arrangert kurs i folkemusikk og dans.
Det vert danse- og samspelskurs (instruktør Vegar Vårdal), toraderkurs (instruktør Inge Gjevre ), Elverums-/Finnskogpols (instruktørar: Veslemøy Nordset Bjerke og Bjørn Sverre Hol Haugen / musikk: Mats Berglund), Rørospols (instruktørar: Alix Cordray og Stein Vidar Tellebon / musikk: Jørgen Skancke Langen og Olav Luksengård Mjelva), dans á la carte (Hadelandsspringar, B-salskvadrilje, enkle byttedansar og engelske smådanser), lynkurs i songdansteknikk/fleirstemt song (Carl Høgset) og fest laurdagskvelden.  Påmeldingsfrist onsdag 15. desember 2004. Info: saffa@online.no
 (07/12-04)
Vi du bli "Årets unge folkemusikar"?
I "reklamen" heiter det:
Er du ung og lovande folkemusikar som syng/spelar norsk eller samisk folkemusikk? Då er dette noko for deg! I N T R O – f o l k - kårar ”Årets unge folkemusikar” i juli 2005. Premien er lansering av vinnaren i 2005 og 2006. Søknad og demo sendast: Norsk folkemusikkformidling v/Ola K. Berge, Postboks 440 Sentrum, 0103 Oslo. Søknadsfrist er 7. januar 2005. For meir informasjon: www.rikskonsertene.no  Dei som står bak tiltaket er: Norsk folkemusikkformidling – Folkemusikkscena – Rikskonsertene - i samarbeid med: Den norske folkemusikkveka på Ål, Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, Telemarkfestivalen, Riddu Riððu, Jørn Hilme stemnet, Osafestivalen, Norsjøfestivalen ”Sailor’s Wake” og Kalottspel.
 (07/12-04)
Laget for Folkemusikk i Oslo: Hanne Kjersti Yndestad skal underhalde
Laurdag 11. desember kl 19.00 er det Julefest i Laget for Folkemusikk, i Sagene festiviteshus, Holstsgt 3. Kvedaren Hanne Kjersti Yndestad vil halde konsert, og etterpå vert det Vossakorv og dans. Påmelding innan 8. des til
Inger Frøydis Bakken, Ifbakken@online.no, 22620103/91830447.
 (06/12-04)
Tysdag 6. desember 2004: Ein merkedag for norsk folkemusikk
Denne dagen startar NRK radio sin nye DAB-kanal "NRK Alltid folkemusikk". Det blir den første kanalen på NRK som sender berre på DAB-radio og på Internett. For å få inn sendingane treng ein altså den "nye" typen radio, som ein no til dømes kan kjøpe på Elkjøp, eller ein treng Internett og lytte på Nett-radio. I motsetning til Alltid Klassisk og Alltid Nyheter, blir Alltid Folkemusikk ein rein digitalkanal. Førebels går berre nattsendingane over det riksdekkande dab-nettet.  Sendingane på dagtid blir distribuert over det digitale nettet i Oslofjordregionen. Ca 70% av folket i landet vil kunne få inn desse sendingane.Den offisielle opninga går føre seg  i studio 19 på Marienlyst med eit direkteshow, leia av Leiv Solberg. Opninga kan følgjast på NRK Nettradio, DAB digitalradio og det kan sjåast i NRK Nett-TV. I folkemusikktimen sist søndag vart Solberg intervjua om den nye kanalen, som vil få ulike "programprofilar" som varierer gjennom dagen og gjennom veka. Les meir her. I ei pressemelding frå Noregs Ungdomslag seier folkedansleiar Marianne Dahl: "Vi vonar at kanalen vil vise breidda i norsk folkemusikk og samstundes ta pulsen på folkemusikk- og folkedansmiljøet ved å spreie både gamal og ny folkemusikk". Også NFD har sendt ut ei pressemelding der dei understrekar kor viktig det er at NRK no gjer sitt store materiale tilgjengeleg for eit stort publikum. Sjå her.
  (06/12-04)
Svært vellukka julekonsert ved Musikkhøgskolen i Oslo
Musikkhøgskolen tok i år sin største sal i bruk til årets julekonsert med  studentar og lærarar ved Norges Musikkhøgskole, og i salen var det mykje folk om enn ikkje fullsett. Tilhøyrarane fekk vere med på ein variert og morosam konsert med høg kvalitet. Studentar frå Ole Bull Akademiet og Rauland-Akademiet var også med. Det var mange høgdepunkt ein kunne peike på, men timelærarane Håkon Høgemo og Jan Beitohaugen Granli gjorde som vanleg fin innsats. Gjermund Larsen og Andreas Bjørkås hadde eit spennande samspel i ein "Limerock av Marc O'Connor" (sjå biletet), og Larsen hadde også eit spennande jazz-prega samspel med jazz-pianist Helge Lien. Det var mange andre fine innslag som vi kunne nemnt. Etter konserten var det dans i Levin-salen. Fin dansemusikk og eit godt dansegolv! Her kan du sjå bilete av alle dei andre som deltok på konserten.
 (05/12-04)
Geir Egil Larsen frå Verdal 60 år
I dag 5/12 fyller folkemusikaren og dansaren Geir Egil Larsen frå Verdal 60 år. Han har i 30-40 år vore sentral i norsk folkemusikk og folkedans. I denne perioden har han stått sentralt i utviklinga av norsk songdans og ofte hatt kurs for folkedansarar både sentralt og lokalt, mellom anna i lokale polstradisjonar. I folkemusikken har han særleg vore dugande på eldre folkemusikkinstrument, og vunne Landskappleiken på 4 ulke instrumenttyper, mellom anna tussefløyte og bukkehorn. Gjennom mange år har han hatt ca 1200 skulekonsertar - i Norge mest, men også i Sverike. I mange år reiste han mykje saman med Hans W. Brimi. Han har også vore med å gjeve ut fleire plater, mellom anna i samarbeid med Hilmar Alexandersen. Heilt frå 1972 har han vore dirigent for Verdal mannskor. For sitt omfattande arbeid for folkemusikk og folkedans har han fått mange prisar, mellom anna Verdal kommunes kulturpris, Hilmar Alexandersens musikkpris og Rff-prisen.
 (05/12-04)
"Fond for lyd og bilde" sine løyvingar for 2004
Dette fondet deler ut pengar til fonogram, turnear, konsertar, komponering, film og videoproduksjon og til marknadsføring. Det vart i haust delt ut 13,5 mill kr og i alt var det 321 søkjarar. I alt i 2004 har 615 søkjarar fått tilskot, og 3000 har søkt. Nokre har også gått til folkemusikk. Vi ser til dømes Bente Ingholm Hemsing med Hemsing CD, og ein CD med Tone Juve, og ein CD med Jon Faukstad og Per Sæmund Bjørkum. Likeeins Laila Yrvum med tatervise-CD. Norsk kvedarforum har også fått stønad til ein konsertserie med folkemusikk. Og Etnisk Musikklubb til ein CD med Helge Mykheim. Les meir her.
 (03/12-04)
Kven skal styre Folkemusikkarkivet for Telemark?
Folkemusikkarkivet i Telemark har til no vore dreve av Telemark Fylkeskommune i samarbeid med kommunane. Arkivet har to avdelingar , ei i Bø og ei i Rauland. Det er Telemark Musikkråd som har driftsansvaret. Spørsmålet er om Telemark museum kan overta. Les meir her.
 (03/12-04)
Notane til Askerladdens "Tettbygde strøk" er no å få
Heftet er eit funn for dei som spelar torader, ettersom heile 17 av låtane kan spelast på torader. Plata til Askerladden har også blitt spela mykje i NRK TV sporten, i sendingane frå Beitostølen. Sjå heimesida til Askerladden: www.askerladden.no
 (03/12-04)
Spennande folkemusikkkveld på Norges Musikkhøgskole laurdag 4. desember
På høgskolen i Oslo er det først konsert frå kl 18.00, og etterpå er det dans heilt fram til kl 24. Det er lærarar og elevar ved folkemusikkstudiet som deltar. Og her er mange kjente namn: Jan Beitohaugen Granli, Steinar Ofstad, Håkon Høgemo, Camilla Granlien, Helge  Lien. Desse er timelærarar. Dessutan mange flinke studentar, også frå Ole Bull Akademiet. NRK P2 gjer opptak av konserten.
 (03/12-04)
Oslo Songdanslag avslutta hausthalvåret med Sivle-kveld
Siste måndagen i november var det avslutningskveld i laget føre jul. Og kvelden var via Per Sivle - det er i år 100 år sidan han døydde. Karl-Anders Hovden heldt eit svært interessant kåseri om diktaren og mennesket Per Sivle - eit svært tragisk og dramatisk liv på mange måtar. Hovden er sonesonen til presten og diktaren Anders Hovden, som var beste venen til Per Sivle.  Elles vart fleire av songane til Per Sivle nytta - både ved bordsetet og på dansegolvet. Den faste spelemannen Knut Trøen sytte som vanleg for framifrå musikk. I laget har dei den praksisen at alle får merke når dei har vore med eit antal år som er deleleg med 5. "Eldst" av dei som fekk merket denne gongen var Kolbjørn Røste, som har vore med i laget i 50 år! På biletet ser vi  Magne Østerhagen (til venstre) overrekkjer merket til Kolbjørn Røste (til høgre), medan leiaren i laget Johs Kolltveit ser på.
   (02/12-04)
Framleis uklart om Husfliden i Oslo
Det kom som eit stort sjokk for mange at Husfliden i Oslo gjekk konkurs tidlegare i haust, ikkje så lenge etter at dei hadde flytta til nye lokale tett inntil Karl Johans gate. Husfliden har dreve i meir enn hundre år i Oslo. Men no er det to ulike grupper som gjerne vil starte opp att med Husfliden-butikk. Den eine gruppa har si forankring i Oslo Husflidslag medan den andre gruppa ugfår frå Husfliden-utsala på Lillehammer, i Trondheim og i Mandal. Begge partane har lagt fram planar for kva eit Husfliden-utsal i Oslo må innehalde for å kunne overleve. Stikkord her er bunader og garn og gåver, innpakka i tidsrett design. I siste nummer av Norsk Husflid søkjer Husfliden Oslo AS etter "kreative, utadvendte og spreke butikkmedarbeidarar". Så får tida vise om det blir eit eller to nye Husflidsutsal i tillegg til Heimen.
 (29/11-04)
Prøysen med folkemusikalsk vri
May Britt Andersen har kome med ny Prøysen-plate, som vi fekk høyre eit par kut av i folkemusikktimen for ei veke sidan. Sume av visene der ville ho skulle ha "folkemusikk-preg", og difor var det ein folkemusikarar som var med å laga lydbiletet på fiolin - Gjermund Larsen. Kanskje det kan vere opptakten til at folkemusikarar kan bli brukt i større grad som studiomusikarar på "vanlege" plater?
 (28/11-04)
Viktig folkemusikktradisjon også frå Vestfold
Sandefjordsdamene Ellen Lohne og Tone Krohn har gjeve ut CD'en "Barneball", med folkemusikkstoff for barn - stoff henta frå eige fylke. CD'en består av songar, songleikar og regler, og er fine å bruke når dei reiser rundt til skolane med "Den kulturelle skolesekken". Les meir her.
 (27/11-04)
CD'en "Søttenplassingen" med brørne Larsen slept i Oslo
Det er det første plata som dei to gjev ut i lag og med solo og samspel. Dei har tidlegare vore med på fleire andre plater. Det er plateselskapet Ta:lik frå Valdres som står bak utgjevinga, og det er deira 14. CD. Musikken på plate er frå Trøndelag, og mykje er etter spelemannen Hilmar Alexandersen. Les meir her.
 (27/11-04)
Rekordoverskot for Landsfestivalen i Gamaldansmusikk
Oppdal spell og dansarlag sit att med 350000 i overskot etter sumarens festival. Og det er arrangementsleiar Knut Erik Godtland svært godt nøgd med. Det vart selt nesten 1000 dagsbillettar i tillegg til 863 gjennomgangsbillettar . Meir enn 6.500 personer var innom portane i løpet av 4 hektiske festivaldagar. På opningskonserten onsdag var det 650 besøkande, på kulturkvelden heile 795 og på meisterkonserten var det 200 som måtte følje konserten på monitor utanfor lokalet. Samla omsetning på festivalen var  på kr 2.222.930. Meir her.
 (27/11-04)
Vellukka Prøysenkveld i  leikarringen Haugtussa
Leikarringen hadde invitert andre lag til ein Prøysenkveld med dans og song og forteljing. Og det vart svært vellukka, fortel leiaren i Haugtussa Anne Mona Sjølyst til Østlandets blad. Les meir her.
 (27/11-04)
Musikklina på Vinstra vgs med fin kyrkjekonsert
I alt 60 ungdomar frå musikklina på Vinstra vidaregåande skole var med då dei heldt sin tradisjonelle kyrkjekonsert i Sør-Fron kyrkje. Folkemusikkensemblet spela som vanleg feiande flott skriv gudbrandsdølen/Dagningen. Meir her.
 (27/11-04)
Jostein Fet har fått Fylkeskulturprisen i Møre og Romsdal for 2004
Jostein Fet (80)er spelemann og har lagt ned eit stort arbeid med å samle tradisjonsstoff om spel og spelemenn i heimefylket sitt. Fet er frå Sykkylven, men har budd store deler av livet sitt i Volda. I 11 år av si pensjonnisttid har han vore sentral i arbeidet med å etablere folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal, og for ei tid sidan gav han ut det ruvande verket Folkemusikk i Møre og Romsdal. Les meir her.
 (23/11-04)
Annette Skullestad (19) frå Kongsberg har gitt ut torader-CD
Plata heiter "Vorspiel" og inneheld 16 ulike låter - ei blanding av gamaldans og irsk musikk. Ho går i år på Tonheim folkehøgskole, og har fått ein del speleoppdrag i Hamar-distriktet. Les om det her.
 (23/11-04)
Sjokoladekappleik i Bø i Telemark
Det var mange unge spelarar og dansarar som var med på den nye kappleiktypen: "Sjokoladekappleik". Deltakarane får visstnok sjokolade i ulike former som premiar. Les meir om kappleiken her.
 (23/11-04)
Kristian Gården (80) frå Vågå er framleis spelekåt
Ja, slik står det i avisa Gudbrandsdølen/Dagningen om den dugande og lettliva spelemannen. I eit lengre intervju i avisa fortel han laust og fast om eit langt spelemannsliv. Les her.
 (23/11-04)
35 barn frå Follo ved Oslo lærte om folkedans og folkemusikk
Spelemannslaget De Frilynde stod bak dagsseminaret på  Dyrløkkeåsen skole for unge som har dreve med fiolin . Det var eit samarbeid med kulturskolane, og med stønad frå Musikkverkstedordninga. Vedgard Vårdal var kursleiar, og Marianne Tomasgård i Ski skal følgje opp kurset fram til neste hovudkurs om eit år. Talet på deltakarar var mykje høgre enn i fjor då det berre var ei handfull. Meir her.
 (20/11-04)
Miniseminar om organisasjonane og særlaga innan folkemusikken
I siste nr av Kvedarforum (3/04) skriv Jarnfrid Kjøk eit referat frå eit miniseminar som var ein del av Munnharpefestivalen 2004 på Fagernes i slutten av september. Av dei store organisasjonane var LfS og NFD representert, og av særoganisasjonane var Norsk Lur og Bukkehorn lag til stades, saman med Norsk Kvedarforum og Norsk Munnharpeforum. Noregs Ungdomslag og Norsk Folkemusikklag var ikkje til stades. Spørsmålet var om dei små særorganisasjonane var til skade for folkemusikkarbeidet i landet. Både LfS og NFD meinte at svaret på det var nei, men at det vart oppfordra til samarbeid. LfS syntest likevel at det ideelt sett burde vore ein organisasjon med parallelle strukturar, ein forbundsstruktur, slik som innan idretten.
 (20/11-04)
Olea Crøger (1801-1855) sine folkemusikkoppteikningar i bokform
Norsk Folkeminnelag står bak boka som vert presentert på ein festkveld på Sandvin i Bør 26. november kl 19.30. Her vil Brynjulf Alver, Reimund Kvideland og Astrid Nora Ressem snakke om arbeidet med boka. Med boka følgjer også ein CD der Agnes Buen Garnås (kveding) og Gøril Ramo Håve (langeleik) syng og spelar frå samlinga. Boka kostar kr 398. Olea Crøger prøvde å få utgittt samlingane sine i 1842, men det lukkast ikkje. Resultatet var at dei vart tekne inn i andre samlingar, ofte utan skikkelege kjeldetilvisingar, og det har difor vore vanskeleg å få eit rett inntrykk av det store og viktige innsamlingsarbeidet ho gjorde. Den nye boka vert difor å rekne som ei bot for ein historisk urett som er gjort mot Olea Crøger. 
 (20/11-04)
NFD kommenterer forslaget om å stryke ordninga "Unge musikere" frå statsbudsjettet
I Ballade skriv Jan Lothe Eriksen at det er merkeleg at ein no foreslår å legge ned ordninga. Tvert i mot hadde han vona at ordninga no skulle utvidast til å omfatte unge folkemusikarar. Han skriv vidare: "På denne bakgrunn har Norsk Folkemusikk- og Danselag i samarbeid med bl.a. Ole Bull Akademiet, Valle vidaregåande skule og Musikernes fellesorganisasjon inne en søknad i Utdanningsdepartementet om en utbygging av talenttilbudet til også å omfatte forsøksordning med talentskoletilbud i folkemusikk." Les meir her.
 
(19/11-04)
Elias Akselsens bok "Deilig er jorden"
I haust har det kome ein biografi om folkesongaren og tateren Elias Akselsen skriven av musikkjournalist i VG Stein Østbø. Boka har fått noko blanda kritikk. I Ballade er det eit lengre intervju med forfattaren. "Egentlig er Elias' liv en skillingsvise, og skillingsvisene er ikke akkurat ukjente for føleri og sentimentalitet" seier Østbø. Ballade har også gjeve att eit kapittel frå boka, og det kan du lese her.
 (19/11-04)
"Majorstuen" jaktar på ny spelemannspris, spår avisa Nordland
Dei skriv om den nye CD'en til Majorstua, og vil ikkje bli forundra om dei på ny får spelemannspris. Les meir her.
 (19/11-04)
Det ser mørkt ut for folkemusikklina i Valle
Fylkeskommunen har sendt ut melding om at det ser ut til at lina må leggjast ned. Det kjem av at staten foreslår å redusere stønaden til landslinene, mellom dei våre to folkemusikkliner, men også søknaden til folkemusikklina er dårleg. Les meir her.
 (19/11-04)
Tre generasjonar Sandland i Brunkebekk har laga 1000 feler
Endre E. Sandland (75) er felemarkar og Varden har intervjua han. Både farn og særleg farfaren Endre E. Sandland (1877-1926) var spelemenn og felemakarar, og til saman har dei bygt innpå 1000 feler. Les meir her.
 (18/11-04)
Spelemannen Ottar Kåsa (20) intervjua i Varden
Ottar Kåsa frå Arabygdi i Telemark, og ein av våre lovande unge på hardingfele. Tipp-tipp-tipp-oldefar hans var Myllarguten. Han budde på slutten i Myllarheimen, der Ottar Kåsa har vore turistguide i nokre år. Han har vunne både C- og B-klassa på Landskappleiken, og læraren hans Per Anders Buen Garnås trur han snart vil kome opp i A-klassen. Les meir her.
 (18/11-04)
Toraderspelemann Arild Berge (32) tapte kampen mot kreften
Han og søstra, som også har fått magekreft, stod fram i Bergens Arbeiderblad for ei tid sidan. Arild har to sigrar på Titanofestivalen på torader. Les meir her.
 (18/11-04)
Oddrun Klemmetvold og Anders Sødahl i Brekken har fått kulturpris
Røros kommunes kulturpris for 2004 har gått til dette samboerparet for deira innsats for å bevare rørospolsen. Dei har gjennom mange år dreve polsopplæring i skulen. Les meir her.
 (18/11-04) 
Mange ville lære pols i ei snøggvending i Oslo
På folkedanskvelden sist søndag var det såkalla "Minikurs" frå kl 18 til kl 19.30. Denne gongen var det Oslo Songdanslag som baud inn til kurs i pols med Anne Grethe og Rolf Bjørgan som instruktørar (biletet). Det var nesten 60 deltakarar på minikurset og kurset måtte flyttast frå Halli til Storsalen. Også på folkedanskvelden etterpå var det mykje folk, 101 betalande, og det er meir enn vanleg. Her var det Østerdølenes spellmannslag som sytte for musikken, og det vart mange polsar!
 (17/11-04)
Invitasjon til Nyttårsmoro på versefot på Øystre Slidre-mål
I Øystre Slidre satar dei stort på nyttårsmoro, både 6. dag og nyårskvelden. Det har kome invitasjon på vers. Les berre her!
 (15/11-04)
Einar Olav og Gjermund Larsen med plateslepp på Fabrikken i Oslo 24 november
Den nye CD'en heiter Søttenpassingen og blir slept med konsert og overraskingar på Fabrikken. Plata inneheld både gamle slåttar i Verdalstradisjon og visetonar etter Hilmar Alexandersen. Dei to brørne er mellom dei fremste av våre unge folkemusikarar og har allereide fått mange prisar og lovord for spelet sitt - og ikkje minst for samspelet sitt. Fabrikken ligg i Nedre gate 7 og konserten startar kl 21.
 (16/11-04)
Fleire CD'ar innkjøpt av Kulturrådet i 2004 enn i 2003
Norsk Kulturråd har gjennomført 2. runde av Innkjøpsordninga for norske fonogram. Det vahttp://www.robin.no/~kulander/vibaa/index.html
rt innkjøp i alt 72 CD'ar av totalt 252 vurderte. I alt i år er det innkjøpt 147 CD'ar mot 81 i 2003. Nokre CD'ar innan folkemusikk kom også med i 2. omgang: Embrikt Bergaplass, Knut Buen, Dvergemål, Halvorsen/Bruvoll, Gunnlaug Lien Myhr, Hans Haugen, Flukt, Odd Nordstoga, Karl Seglem, Sturm und Drang, Nico Valkeapää. Det blir innkjøpt 460 eller 580 eksemplar av kvar CD. I utvalsnemnda i år sit Berit Opheim for folkemusikk (Rff). Les meir her.
 (14/11-04)
Gautefallfestivalen den beste nokon gong
Gamaldansfestivalen vart nyleg arrangert for 13. gong, og med stor suksess. Primus motor Svein Bjørnsen er alt i gang med å planlegge ny festival. I alt var mellom 1000 og 1200 menneske innom. Les meir her.
 (13/11-04)
Juniorspelemannslaget i Sandefjord har vore i aksjon for dei eldre.
Dei har spela for dei eldre på Nygård sykehjem. Les meir her.
 (13/11-04)
Gåte og Knut Buen skal ha utekonsert i mars på Notodden
Konserten skal vere på utescena Myrens Dam. Gåte har som kjent nyleg gjeve ut ny CD "Iselilja", og den har fått svært god mottaking slik som første CD'en "Jygri". Det er Varden som fortel dette.
 (13/11-04)
Vågåtreffen arrangert for 28. gong
Treffsjef Jan Visdal er godt nøgd med treffen. Magne Bø (80) fekk Vågåfatet for sin omfattande innsats som spelemann, komponist og arrangør. Det var i alt 35 grupper og lag som deltok under treffen og ca 1000 publikumarar. Les meir her.
 (13/11-04)
NRK snart klar med folkemusikk-kanalen
Som meldt tidlegare arbeider NRK med å lage ein kanal som sender folkemusikk heile tida. Det er ein såkalla digital radiokanal (DAB-kanal), og han vil starte 7. desember. Men du treng ein digital radio for å få han inn (eller på Internett). Elkjøp har no i sal 4 ulike radio-variantar som kostar mellom 1200 og 2000 kr. I løpet av året vil NRK dekke ca 70% av landet med DAB. Les meir her, og meir her.
 (13/11-04)
LfS-styret snur: Poengsummar tilbake på kappleikane
Styret i Landslaget for Spelemenn har vedteke at det frå 2005 igjen skal bli poeng under døming på kappleikar. I ein prøveperiode på 2 år har dei vore borte. Men ei spørjeundersøking viste at medlemene ville har poenga tilbake, og no har styret lagt vekt på det. Les meir her.
 (13/11-04)
Bra norsk deltaking på folkemusikkmessa VOMEX  2004
Mellom dei som var på messa i år finn vi Karl Seglem med si nye plate, Lene Furuli frå Førde-festivalen, Stine farstad frå Musikkoperatørane, og Ola K. berge frå Norsk Folkemusikkformidling. Les meir her.
 (12/11-04)
Randi Skeide attvald som leiar i Landslaget for Spelemenn for tredje året
Saman med seg i styret har ho Jan H Lislien, Frode Rolandsgard, Jorun Marie R Kvernberg og Solbjørg Tveiten. Årsmøtet vedtok eit omfattande arbeidsprogram med store og ambisiøse prosjekt i fokus. Nokre stikkord: Folkemusikkscena, Folke:larm, Folkemusikkpris, Sjokoladekappleik, Landskappleik / Landsfestival. Les meir om dei ulike tiltaka her.
 
(12/11-04)
Barnegruppa i leikarringen "Kjerringa med staven" har fått kulturpris
Gruppa har fått Nitedal kommunes kulturpris for 2004. Varingen har vore på innstig hjå gruppa som har Kjersti Gullvåg Halse som leiar. Meir her.
 (11/11-04)
Folkemusikk break for dei unge i Vinje
Tidlegare i år har alle elevane i Vinje i 1. - 7. klasse fått undervisning i gangar, springar, kveding, hardingfele og folkemusikk break. På eit danseseminar i helga var det folkemusikk break som samla størst interesse. Les meir her.
 (11/11-04)
Studentavisa i Tromsø skriv pent om norsk folkemusikk
Ei rik skattekiste, skriv dei mellom anna. Meir her.
 (11/11-04)
Gla'dansen i Asker med dans ein onsdag i månaden på Asker Museum
Askerladden spelar til dans og Odd og Genec lar det svinge. Datoane er slik: 10. november, 8. desember, 12. januar, 9. februar og 9. mars. 
 (11/11-04)
Folkemusikksenter "Bø i Felemark" ved Bø museum
I Bø i Telemark skal det opprettast eit folkemusikksenter ved Bø museum. Bø kommune har sagt ja til å bidra med 150 000 kr over 3 år til ei prosjektstilling, og vonar at Telemark Fylkeskommune, telemark museum og Norsk Kulturråd vil vere med på speliselaget. Kostnadene trur ein blir ca 1,5 mill kroner. Les meir her.
 (11/11-04) 
Majorstuen over heil side i Aftenposten aften
Gruppa Majorstuen spelar i kveld i Oslo, og lanserer ny CD. Dei får brei omtale i Aftenposten der dei vert intervjua over ei heil side. Les meir her.
 (10/11-04)
BUL i Nidaros si oppsetting av av "Peer Gynt" får strålande kritikk
Sist laurdag var det premiære på stykket som BUL set opp i samband med at laget er 100 år.
Amund Grimstad i Klassekampen skriv at dette er ”eit halsbrekkande prosjekt, men BUL er ikkje mørkredd, og har aksla vanskelege prosjekt før”. Frida Holsten Gullestad skriv i kritikken i Adresseavisen mellom anna at ”Mange modige grep er tatt for å få «Peer Gynt» til å føles nytt og friskt, samtidig som BULs historiske ånd bevares” og vidare at ”I noen av scenene virkelig gnistrer forestillingen av originalitet og kreativt overskudd”. Om musikken til Larsen-brørne skriv Klassekampen: ”Det er eit verkeleg imponerande stykke arbeid. Musikken passar som hand i hanske til oppsettinga og bør så absolutt få eit liv etter dette”. Stykket blir spela kvar dag fram til laurdag 13. november. Meir her. Biletet syner
Peer Gynt (Magnus Lie Hetland) og Solveig (Ingvild Kvale Sørenssen). Fotograf: Arne Kristian Gansmo, BUL i Nidaros.
 (09/11-04)
INTRO-folk blir presentert på "Fabrikken" i Oslo onsdag 10. november
Rikskonsertane, Norsk fokemusikkformidling og Folkemusikkscena presenterer INTRO-folk på Fabrikken (Nedregt 7) i Oslo kl 13.30.
Kulturminister Valgerd Svarstad Haugland og Rikskonsertenes konsertsjef Helge Skansen skal vere med. Dessutan spelar plateaktuelle Majorstuen.  INTRO-folk er eit heilt nytt lanseringsprogram for unge lovande folkemusikarar der det overordna målet er å styrke norsk og samisk folkemusikk. INTRO-folk kårer ”Årets unge folkemusikere” i juli 2005.  Les om lanseringa her.   Og her.
 (09/11-04)
(12/11-04)
Gratis CD til alle med joggesko og joggedress
Majorstuen slepper på onsdag 10. november sin nye CD "Jorun Jogga" på "Fabrikken" i Oslo. Konserten er i egi av OsloFOLK.
 (09/11-04)
Bø-kappleiken samla mange deltakarar - mange av dei unge
Bø-kappleiken har røter heilt tilbake til vår aller første kappleik i 1888. Og både deltakarlista og publikumstalet var denne gongen svært høgt.Det var både lokalkappleik og fylkeskappleik for Telemark på ein gong.  Les meir her.
 (04/11-04)
Osa-festivalen får rosande omtale i  mange aviser
Festivalen vart opna av Vargjerd Svarstad Haugland, og tidlegare direktør for festspela i Bergen Bergliot Jonsdottir heldt tale. Tingingsverket som den nye kunstnariske leiaren Steinar Ofsdal hadde ansvaret for, fekk noko blanda mottaking. . Her er referansar til nokre omtalar: Bergens Tidende, Bergens tidende, BT, og BT.
 (04/11-04)
Deler av siste Spelemannsbladet på Internett
Spelemannsbladet nr 7/2004 er kome ut, og nokre av artiklane derifrå er også tilgjengeleg på Internett, slik det har vore vanleg i seinare tid. Vi finn desse artiklane der:
Leiarartikkel - Folkemusikkens hus - LfS – framtida og verdiane - Solid opptur for Distriktskappleiken - Nordisk Polsfestival på Melhus
 (04/11-04)
Einar Olav og Gjermund Larsen tildelt "Osa-prisen" for 2004
Prisen vart utdelt i samband med Osl-festivalen for eit par dagar sidan. Prisen har berre blitt delt ut tre gonger før, etter at Sigbjørn B. Osa oppretta prisen i 1988. Det var dotter hans Liv Bernhoft Osa som delte ut prisen. Meir her.
 (04/11-04)
Norsk Folkemusikkformidling med ny presentasjons-CD
Den nye CD'en der det i alt er26 kutt, er den tredje i rekkja. Katalogen til Norsk folkemusikkformidling tel no over hundre namn og det er soloartistar og grupper herifrå som vi finn på CD'en. Han skal presenterast på messa VOMEX i Essen denne veka. Meir her.
 (04/11-04)
Mange gode orkester spelar på Folkedanskveldane i Oslo
Folkedanskveldane i BLS-garden i Oslo har no eksistert i 40 år, og sjølv om frammøtet er dårlegare enn i "gamle dagar", er det oftast knapt 100 dansarar som finn vegen dit om søndagskveldane. Også i haust er det mange gode orkester som spelar:  søndag 7. november – Husk gammeldansorkester  søndag 14. november – Østerdølenes Spellmannslag  søndag 21. november – Husk gammeldansorkester ssøndag 28. november – Veggpryden  søndag 5. desember - AskerLadden Les elles om folkedanskveldane her.
 (04/11-04)
Nils Øklands nye CD "Bris" godt motteken
Aftenposten (4/11) skriv fint om den nye CD'en, som er den andre CD'en til Nils Økland på avantgarde-selskapet Rune Grammofon, som også presenterer platene hans ute i den store verda. Dette er typisk "crossover" musikk, der Økland på hardingfele har med seg dugande (jazz)-musikarar. Den førre plata til Økland "Straum" har selt 3500 eksemplar og fekk til dels svært god kritikk i utanlandske blad. Han er elles månadens artist på Norsk Folkemusikkatalog. Lanseringskonsert 8. november.  Les meir om han her. Totalt er dett tredje plata til Økland.
 (04/11-04)
"Låvende saker" fekk årets bygdeturismepris for 2004
I august 2000 starta Nina og Øystein Rudi med programmet "Låvende saker" på garden sin i Gudbrandsdalen. Her skulle det bli folkemusikk, blues, pøbb og folkefest. Nyleg fekk garden bygdeturismeprisen for 2004. Les meir her.
 (31/10-04)
For unge lovande folkemusikarar: INTRO-folk
Rikskonsertene, Norsk folkemusikkformidling og Folk emusikkscena inviterer til mottaking med presentasjon av INTRO-folk på Fabrikken (Nedre gate 7, Oslo), onsdag 10. november 2004 kl 13.30. Kulturminister Valgerd Svarstad Haugland og Rikskonsertenes konsertsjef Helge Skansen er med  i lanseringen. I tillegg spelar plateaktuelle Majorstuen. 
 (31/10-04)  Endra 04/11-04
Fin minnekonsert for Ola Opheim 16. oktober
Vågå Spell og dansarlag arangerte ein fin minnekonsert for denne allsidige musikaren som hadde slikt godt dansespel. Les meir her.
 (31/10-04)
Situasjonen for landslinene (mellom anna i folkemusikk) i "Utdanning"
I siste nr av fagbladet for lærarar "Utdanning" blir situsajonen til landslinene teken opp etter at Statsbudsjettet er lagt fram. Både i Valle og på Vinstra er dei bekymra for situasjonen. Hovudlærar i Valle Monika Antun og rektor Per Kristiansen trur begge at det blir vanskeleg å overleve dersom fylkeskommunane overtar ansvaret for landslinene. I Valle er 2 av 3 folkemusikkstudentar frå andre fylke. Det ser ut til å by på problem å rekruttere elevar nok til ei heil klasse. Tom Willy Rustad, som no er leiar for folkemusikkstudiet ved Norges Musikkhøgskole, seier at dei to landslinene er viktige for rekrutteringa både til Høgskolen,  Rauland, Ole-Bull Akademiet og Universitetet i Oslo. I år var det 11 søkjarar til høgskolen innan folkemusikk, og av dei kom 3 inn. På Vinstra er det 9 folkemusikkelevar på kvart årstrinn, og dei går saman med dei andre elevane på studieretninga "Musikk, dans og drama". Dersom fylkeskommunen må ta over heile ansvaret for lina på Vinstra, vil det koste 2 millionar kroner. For begge landslinene vil det bety 6 millionar. Både i Valle og på Vinstra ventar dei i spenning på handsaminga av statsbudsjettet.
 (28/10-04)
NU med "guide" for etablering av kulturarbeidsplassar i distrikta
Aaste Kveseth, som vi også kjenne r frå folkemusikktimen, har vore engasjert av NU i eit prosjekt for å kunne etablere kulturabeidsplassar i distrikts-Norge. Det har resultert i "Kulturetablererpakka" som skal hjelpe dei som vil i gang, og som vil prøve å leve av kulturarbeid. Heftet gjev ei innføring i ulike tema som ein etablerer lurer på, som å søke om stønad, utvikle ein ide, marknadsføre tenestene sine og mangt anna. I "Ungdom" (3/2004) er Live Karin Liaskar frå Volda intervjua, og fortel at ho gjerne vil ta i bruk etablererpakka frå NU. 
 (25/10-04)
Guro Hernes tilsett som folkedanskonsulent i Noregs Ungdomslag
Guro Hernes (28) frå Oslo har lang røynsle som dansar og instruktør. Si "grunnopplæring" har ho frå BUL i Oslo. Ho har også vore sentral i Noregs Ungdomsring og er "nøkkelindstruktør i NU. Ei sentral oppgåve for den nye konsulenten blir å synleggjere folkedansen i samfunnet, og i samarbeid med Leikarringen i BUL i Oslo å arbeide for å få folkedansen inn i skuleverket i Austlands-området. Ho skal også arbeide med å bygge opp ein database over spelemenn og instruktørar i NU. Dette les vi i siste nummer av "Ungdom" (3/2004).
 (25/10-04) 
Mange deltakarar på Oslo-kappleiken
Det var deltakarar frå mange stader i Sør-Noreg på kappleiken som Langet for Folkemusikk skipa til laurdag 23. oktober. Per Anders Buen Garnås (Bøheringen) vart best i hardingfele klasse A med Jan Beitohaugen Granli (Øystre Slidre) på neste plass og Torgeir Straand (Bøherdingen) på tredje. I spel hardingfele klasse B kom Ottar Kaasa (Falkeriset) på første og Øystein Velure (Ål) på andre. I vokal klasse A kom Unni Løvlid først, så Camilla Granlien, med Gro arneng på tredje og Jon Anders Halvorsen på fjerde. I spel fele klasse A var det berre ein deltakar: Hans sandum (Flatlusa). I spel fele klasse B kom erlend Viken (Opdal) på første plass. I open klasse vart Hans Sandum og Terje Rusten (Heidal) best. Dans fele klasse A var vunnen av Anne Grete og Rolf Bjørgan og i klasse B vann Eli Skyberg og Tore Kinn. Liv bergset og Nils Øyvind Bergset vann dans hardingfele klasse A, og Kjerst Aasen og Svein Aasen klasse B. Østerdølenes Spellmannslag vann lagdans senior. Les meir her.
 (24/10-04) (12/11-04)
Folkemusikklina i Valle er trua med det nye statsbudsjettet
I budsjettet blir det foreslått at Landslinene skal få støtte per elev. I år er berre halvparten av elevplassane i Valle oppfylt, så det kan bety mindre tilskot. Les meir her.
 (24/10-04)
Kvinten nr 4 er å finne på nettet (deler av bladet)
Meldingsbladet til NFD, Kvinten, er ute med nr 4, og legg 4 av artiklane ut på nettet. Mellom anna skriv dei at Oslo er det naturlege valet for ei riksscene for folkemusikk og folkedans. Les artiklane her: Hovudstaden eit naturleg val, - Seminar om Folkemusikkens hus, - Festivalutviklar tilsett, - Ny bok om draumkvedet, - Kva er norsk musikk? 
 (24/10-04)
Folkedansarar frå Torpo skal danse laus og springar for heile Europa
Dette foregår under Junior Grand Prix på Lillehammer 20. november. Det er i alt 10 dansarar som skal vere med, og Martin Myhr er leiar for gruppa. Les meir her.
 (24/10-43)
Einar Olav og Gjermund Larsen (Verdal) lagar ny musikk til Peer Gynt
Folkemusikk, folkedans og bunadar blir meir enn berre krydder når BUL i Nidaros set opp sjølvaste Peer Gynt i sirkustelt på torget i Trondheim 6.-13. november. Larsen-brørne Einar Olav og Gjermund komponerer ny musikk til heile stykket og spelmannslaget i BUL spelar i lag med Einar Olav. Dansarar frå folkedanslaget, songarar frå songlaget og skodespelarar frå teaterlaget går i blanding og levandegjer både folketradisjon og Ibsens dramatiske verk på ein gong. Storsatsinga skal markere BUL sine 100 år som kulturinstitusjon i Trondheim. Les meir hjå BUL og i Adressavisa. På biletet ser vi tre av dei sentrale personane (frå venstre): Einar Olav Larsen, Inga E. Bruteig (regi-ass.)og Karstein Solli (regi)
 (23/10-04)
Ny plate frå "Gåte" blir svært godt motteken
Den kjente folke-rock gruppa har nettopp kome med ny plate: Iseliljaiselilja. "Mektig tiltalende" skriv Aftenposten i dag, og gir plata terningkast 5. Vi siterer frå avisa: "De har skapt sitt eget moderne og magiske univers basert på en stolt folkemusikalsk arv. Gåte er grensesprengende i sin omgang med folkemusikken". På plata er det 10 låter. I tillegg til folkeviser, nyttar dei denne gongen også tekster av Astrid Krogh Halse. Dei har også med ei vise som Knut Buen har laga, les her.
 (19/10-04)
Trekkspeljenter med hund blir TV-kjendisar
Det er fire spelande jenter med hund som skal delta i Tore Strømøy sitt program "Noen bedre". Programmet blir sendt laurdag 23. oktober. Les meir her.
 (19/10-04)
Ny CD med NRK-innspelingar med jubilanten Eivind Moe
Plateselskapet Ta:lik har plukka ut 17 av dei beste slåttane som eivind Moe spela inn i NRK i åra 1948, 1952 og 1956, altså i ein periode da ein kan rekne med at han var på topp både teknisk og kunstnarleg. (Han vann landskappleikane i 1939 og 1948, begge gongene i Oslo.) Den 20. november ville den tidlegare banksjefen fylt 100 år. Stein Versto har skreve ein fin artikkel om Eivind Moe og spelet hans. Les meir her.
 (19/10-04)
Øvingar til neste års skodespel på dyrskuen i Seljord i gang
Det blir eit tidsbilete frå garden Sandsdalen der den kjente spelemannen bur. Mellom dei som øver er Knut Buen. Les meir i Varden.
 (19/10-04)
Sandar barneleikarring drar til Uvdal på stemne.
I alt er det om lag 25 medlemer i barneleikarringen, fordelt på to aldersgrupper. Les meir her.
 (19/10-04)
Folkemusikkfestival på Haukeliseter også neste sommar
Skandinavisk Folketone vart arrangert for første gong sumaren 2004. 70 artistar og 180 besøkande deltok på festivalen - langt mindre enn dei 1000 som arrangøren hadde vona på. Arrangøren er Haukeli Fjellstue. Underskotet i fjor vart på heile 185 000 kr. Ansvarleg for festivalen blir også neste år Maria Ohlsson. Ho fortel til Varden at det blir færre artistar, men eit like godt arrangement. Les meir her.
 (19/10-04)
Sigdal vil blåse liv i gamle songtradisjonar
Sigdal Speløemannslag og Halvor Kvisle vil sette i gang kurs i gamle lokale songar. Les meir om det her.
 (18/10-04)
Meir frå Fylkeskappleiken i Møre og Romsdal
Fylkeskappleiken på Tingvoll hadde 150 deltakarar. Her kan du lese meir om både unge og gamle kappleiktråvarar.
 (18/10-04)
Torgeir Straand frå Bø vart best under Seljordskappleiken
Han var eit poeng føre Leif Rygg frå Voss som kom på andreplass i hardingfele klasse A. Deretter kom Anders Buen garnås og så Trygve Vågen. Ottar Kaasa frå Vinje vart best i B-klassen. Les fleire resultat her.
 (18/10-04)
Birgit Rike Lund har fått statens stipend for eldre fortene kunstnarar
Vistnok som den første kvedaren nokon gong har ho fått dette stipendet for eldre kunstnarar. Ho er frå Setesdal, men har seinare flytta ut til kysten. Det er tradisjonen frå heimetraktene ho ber vidare til nye generasjonar kvedarar. Ho underviser til dømes regelmessig både på den vidaregåande skulen i Valle og på Ole Bull akademiet på Voss. Ho vart også intervjua i siste folkemusikkhalvtimen.
 (18/10-04)
Hardingfela kan også nyttast som refleks!
I Bø har dei hardingfela i kommunevåpenet, men dei har også hardingfele som refleks. Les meir om det her.
 (18/10-04)
Sogn og Fjordane-ringen i Oslo med fest og gild bok
Førre helg feira ringen 50 år med ein gild jubileumsfest.  Samtidig kunne dei også presentere ei jubileumsbok på over 300 sider. Boka gjev eit godt bilete av livet i ringen gjennom desse 50 åra. I hovudsak er stoffet oppdelt etter emne, og det er fleire forfattarar som har vore med å laga boka: Dagfinn Aa, Bjarne Hestenes, Olav Kvam, Hilmar Nummedal, Ragnhild Slyngstad og Turid G. Torkildsen. Boka gjev eit godt inntrykk av kvardag og fest i ringen gjennom skiftande tider. Det er spesielt fint at dei har fått med eit rikt biletmateriale, dei fleste bileta faktisk i fargar. Dette er ei bok som mange i folkedansmiljøet i Oslo og i heimefylket Sogn og Fjordane vil sette stor pris på.
 (14/10-04)
Finn Vabø har fått kongens fortenstmedalje i gull
Den kjende spelemannen Finn Vabø i Bergen fekk under Vestlandskappleiken tildelt kongens fortensmedalje i gull.
 (14/10-04)
Vellukka spellemannstreff på fru Haugans Hotell i Mosjøen
Gro Ravnå er arrangør for det femte treffet av dette slaget, der spellemenn frå Helgeland og deler av Trøndelag var samla. Det var 70-80 musikarar fordelt på 14 grupper. Begge dagane var det ca 100 som løyste billett til dansane. Les meir her.
 (12/10-04)
Torbjørg Aas Gravalid (88) deltok på minnekonserten etter Eivind Mo i Seljord
Ho er intervjua av Telemark Arbeiderblad, der ho mellom anna fortel om og spelar på den fela ho brukte gjennom eit langt kappleikliv, men som ho selde då ho slutta å delta på kappleikar i 1970-åra. Fela er ei svært god Venås-fele som Bjørn Laupsa-Borge fra Numedal eig no. Elles fortel avisa at minnekonserten vart ei rik oppleving. Ikkje minst var det fint å høyre dei to vestlandsspelemennene Knut Hamre og Leif Rygg i samspel. Les meir her.
 (12/10-04)
Trekkspelaren Ola Sandum (62) fekk Grotlitreffprisen 2004
Sandum og hans orkester var midt i konserten då utnemninga kom. Han vart heidra for 50 års innsats for trekkspelet og tradisjonsmusikken. Les meir her.
 (12/10-04)
Oslo-kappleiken er laurdag 23. oktober 
Denne tradisjonsrike kappleiken som Laget for Folkemusikk byr inn til foregår som vanleg i Storsalen i BLS sitt hus i Nordahl Brunsgt 22. Det blir tevling i spel, dans, vokal, bygdedans durspel, og open klasse. Påmelding til nils-oyvind.bergset@nilf.no
eller kappleiksdagen frå kl 10.30. Kappleiksfesten på kvelden begynner klokken 20.00 og foregår på Sagene Festivitetshus (Holstsgate 3) på Torshov. 

 (12/10-43)
Fylkeskappleiken for Møre og Romsdal på Tingvoll 
Det er svært mange som har meldt seg på kappleiken, særleg unge. Tidens Krav og Aura Avis har skreve om kappleiken på førehand.
 (12/10-04)
Statsbudsjettet: Landslaget for Spelemenn misnøgd med budsjettet
I ei pressemelding skriv LfS: "Det er knapt nok smular  i auke til folkemusikksektoren i regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2005." Dei skriv vidare: "Opposisjonspartia Ap, SV og Sp har gått inn for eit skikkeleg kulturløft i åra framover. Det skal bli interessant å følgje med på kva dei vil gjere med Kulturbudsjettet under si behandling no i haust." Les meir her.
 (07/10-04)
Statsbudsjettet: Noregs Ungdomslag er misnøgd med budsjettet
"Dette er eit slag i ansiktet. Staten tar ikkje ansvar for den norske kulturarven. Folkedansen i Noreg fortener mykje betre, fortvilar Åge Avedal, leiar i Noregs Ungdomslag". Slik innleier NU si pressemelding om budsjettet. Og vidare: "Fleire rapportar slår fast at folkedansen er i krise. Samtidig lovar ein samla kulturkomité i Kulturmeldinga eit krafttak for danseforma. Dette er løftebrot frå regjeringa." NU peikar også på at midlane til vakenoppleæring er gått kraftig ned: "No forsvinn nye åtte millionar. Dermed har støtta til studieforbunda blitt redusert med 54 millionar kr dei fire siste åra." Les meir her.  NU er også sterkt misnøgd med løyvingane til kulturhus: "Regjeringa bryt nok ein gang med Stortinget sitt vedtak om meir pengar til kulturhus. I 2002 vart kulturlivet lova 175 millionar til lokale og regionale kulturhus innan 2005. Om forslaget til statsbudsjett blir vedtatt, blir det toppen 48 millionar." Les meir her.
 (07/10-04)
Statsbudsjettet: NFD er misnøgd med løyvingane til folkemusikk og dans
I ei pressemelding seier leiar Halvard Kaasa i Norsk Folkemusikk og danslag at dei er "skuffa og vonbrotne" over budsjettet. Han peikar på at det er ingen ting til ei riksscene for folkemusikk og dans, og heller ikkje noko auke til Arrangør- og turnenettverket Den norske Folkemusikkscena, til Turnestøtte for folkemusikk og folkedans (har stått uendra sidan 1991), og ikkje til Eksportstøtte og utanlandsprofilering. Halvard Kaasa set no sin lit til at Stortinget vil følgje opp dei løfta dei har kome med tidlegare. Meir her
 (07/10-04)
Statsbudsjettet: Kraftig auke i løyvinga til Førdefestivalen
Førdefestivalen er frå 2005 foreslått til knutepunktfestival. Det betyr at det statlege årlege tilskotet blir auka til 2 mill. kroner, over ein million meir enn i 2004. Ein knutepunktfestival får 60% tilskot frå staten og 40% frå regionen, så det offentlege tilskotet blir dermed 3,3 mill. kroner. Her er link til pressemelding frå Kulturdepartementet.
 (07/10-04)
"Tryllefløyten" blir norsk folkemusikkopera
Aftenposten fortel i dag at Rikskonsertane skal i samband med unionsoppløysinga 1905 satse stort på oppsetting av ein folkemusikkvariant av "Tryllefløyten" av Mozart. Det blir eit samarbeid med svenske Riksteatern og Västanå Teater. Det blir premiere på Den norske Opera 14. oktober 2005. Regissør blir Leif  Stinnerbom. Det blir mange av dei fremste folkesongarane våre som skal delta. Avisa nemner desse: Odd Nordstoga, Aasmund Nordstoga, Berit Opheim, Øyonn Groven Myhren, Jon Anders Halvorsen, Agnar By, Gro Kjelleberg Solli, Marit Mattisgard og Kirsten Bråten Berg. Oppsettinga skal på turne i både Noreg og Sverike i alt 50 stader.  Stein Versto har omsett librettoen til nynorsk, og Magnus Stinnerbom og Daniel Sanden-Warg står for musikkbearbeidingane. Musikken står den svenske gruppa Harv for. Les i Rikskonsertane og i Aftenposten.
 (02/10-04)
Bok om Elias Akselsen kjem ut om ei veke
Visesongaren Elias Akselsen skal ha ei rekkje konsertar i kyrkjer før jul. Den 27. november blir han den første tater som syng i Nidarosdomen. Boka om han heiter "Deilig er jorden" og er skreven av VG-journalist Stein Østbø. 
 (02/10-04)
Norsk musikk har framgang i Noreg
På Norges offisielle albumliste har norsk musikk ligge på toppen i 21 av dei 22 siste vekene. Odd Nordstoga har vore på topp mange veker. Han har selt flest norske album med  138 000. Andelen av norsk musikk som er selt har auka frå 17 til 24%.
 (02/10-04)
Bygdaliv - Lagsavisa for BUL Molde - klagar over dårleg frammøte på øvingane
Det har vore dårleg frammøte på folkedansøvingane i BUL Molde, les vi i lagsavisa for BUL Molde. Dei har også andre nyheiter å fortelje om. Les her.
 (02/10-04)
150 på minnekonserten etter Øystein Ellefsen
Konserten var i Lågdalsmuseet. Det var mange kjente spelemenn og dansarar som deltok i minneprogrammet, mellom dei Hauk Buen, Knut Myhran, Øyvind Brabant, Vidar Lande  og Johannes Sundsvallen. Les meir her.
 (02/10-04)
Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen fekk Skjæaasen-prisen 2004
Dei fekk prisen på Tones 47-årsdag. Medan ektemannen er i Kina.  Prisen vert delt ut annakvart år. Tidlegare har Erik Bye og Halvdan Sivertsen fått prisen. Les meir her.
 (02/10-04)
Trondheim toradergruppe gjev ut CD med eigenkomponert musikk
Gruppa er 15 år og gjev ut CD med eigenkomponert musikk. Les meir her.
 (02/10-04)
Selstreffprisen til Leif Løchen
For sin store innsats med registrering av gamle folkemusikkinstrument fekk Leif Løchen (83) Selstreffprisen 2004. Han har hatt ein finger med i det meste , når det gjeld folkemusikk her til lands, hevdar avisa GD. Les meir her.
 (02/10-04)
Nordnorsk folkemusikk lever, hevder Ola Graff
Ola Graff er konservator ved Tromsø Museum, og har i Troms Folkeblad  sagt at folkemusikken i landsdelen lever og er like viktig som folkemusikken i til dømes Telemark. Det finst rundt 10 000 melodiar og rundt 30 000 manusskrifter på Tromsø Museum. Ola Graff er åleine på museet som arbeider med folkemusikk. til neste år skal han gje ut ei bok som handlar om nordnorsk tradisjonsmusikk. Meir her.
 (2/10-04)
"Fant og Fente" og "Frifot" gjorde stor lykke på Fabrikken i Oslo 23 september
Fant og fente er ei gruppe med 4 dansarar (jenter) og 4 musikarar som lagar ei moderne forestilling basert på norsk folkemusikk. Dette var den første "offentlege" framsyninga deira, og publikum sette stor pris på det dei høyrde og såg.
Ikkje mindre begeistring vart den svenske folkemusikkgruppa Frifot til del. Det er første gongen at denne gruppa spelar i Oslo, og dei legg no ut på ein 10 dagars turne i Norge og i Sverike. Det var ein særs variert og vel presentert konsert. Den kjente musikaren Ale Møller spelar ei sentral rolle i gruppa.
 (23/09-04)
Lene Furuli ny direktør for Førdefestivalen
Lene Furuli (33) frå Sarpsborg arbeidde i sumar som artistkontakt under Førdefestivalen. No er ho tilsett som direktør for festivalen. Ho er sjølv spelkvinne (flatfele), og fortel til avisa "Firda" at ho no har fått seg ein ny hobby: hardingfele. Les  intervjuet med henne her.
 (22/09-04)
Frode Rolandsgaard svarar på kritikk av Hilme stemnet frå Bernt Balchen
For ei tid sidan hadde Bernt Balchen synspunkt i avisa Valdres der han kritiserer utviklinga som har skjedd med Jørn Hilmestemnet dei siste åra. I avisa svara Frode Rolandsgaard på kritikken. Han peikar på at talet på deltakarar og ikkje minst publikum har auka sterkt dei siste åra. Også den offentleg stønaden  har auka kraftig frå 20000kr til 600000 kr på få år. Han peikar også på at tradisjonar er noko som stadig endrar seg, men at stemnet framleis legg størst vekt på solospelet med trasisjonelt stoff. Han ynskjer Bernt Balchen velkommen attende til slike konsertar på stemnet. Frode Rolandsgard er styremedlem i Jørn Hilme stemnet.
 (22/09-04)
"Folkedansteateret" set opp stykket "DEN GRØNE RIDDAREN" i Oslo
Premiære på dette stykket som er bygt på eit evventyr av Asbjørnsen og Moe er 1. oktober, i BUL sine lokalar i Rosenkrantzgt 8. Premiære kl 18. Det blir også framsyningar laurdag 2. oktober og søndag 3. oktober. Folkedansteateret er eit ensemble med tilknytning til BUL i Oslo, og Kjell og Sigurd Klausen er sentrale personar. 
 (22/09-04)
"Fant og Fente" og "Frifot" har forestilling i Oslo 23. september
Den norske gruppa "FANT OG FENTE" skal saman med den svenske folkemusikkgruppa FRIFOT ha forestilling på Fabrikken på Grünerløkka i Oslo (Nedre gate) torsdag 23.sept. kl.20.00. "Fant og fente"  er tradisjonell folkedans og -musikk i moderne innpakning. Med ungdommeleg friskheit og kreativitet, men med respekt for tradisjonen, blir det tradisjonelle til eit moderne uttrykk. Dei 4 dansande jentene og tre spelande gutane har hausta mange lovord  både i Norge og Danmark. Det gruppa gjer kan vere eit av svara på korleis folkedansen kan finne eit spennande scenisk uttrykk. Les meir her. Forestillinga blir også vist i Sandefjord 4. oktober.
 (21/09-04)
Ca 100 frammøtte på seminaret om ei folkemusikk/dans scene i Oslo
Det var stort sett semj om at det er behov for eit folkemusikk og folkedanshus i Oslo. Alle dei store organisasjonane var representert. Det var mange tankar framme om korleis ein kan fylle eit framtidig hus med aktivitet. Sume meinte det var naturleg at også innvandrarkulturen fekk sleppe til, og at ein ikkje måtte tenkje på å verne norsk folkemusikk og folkedans, men la det bli ein viktig del av verdsmusikken og verdsarven. Les meir her.
 (21/09-04)
Jostein Mæland frå Voss fekk Rff-prisen for 2004
Han fekk prisen for ein lang og god innsats for både folkemusikk og folkedans. Han er både spelemann og dansar og organisasjonsmann. Han har skreve og redigert fleire bøker og mange artiklar, mellom anna 50-årssoga til Landslaget for spelemenn. Han var ein god ven av spelemannen Sigbjørn B. Osa, og var med då Ole Bull Akademiet vart grunnlagt. Ved Ole Bull akademiet var han rektor heilt til han gjekk av i 2003. Prisen er på kr 10000. biletet er frå Rff. Prisen vert delt ut i Trondheim 17. oktober.
 (21/09-04, 23/09-04))
Rekordstor deltaking på distriktskappleiken i Lom
I alt 650 deltakar var med då Lom spel og dansarlag skipa til Distriktskappleiken - dvs kappleiken for feledistrikta. Tilskiparlaget gjekk sjølv til topps i lagspel. I tre dagar bar bygda Lom sterkt preg av kappleiken. I fele klasse A vart Andreas Bjørkås best, med Aslak Brimi på andreplass og Knut Kjøk på tredje. I gruppespel senior vart Ingunn Valldal, Leif Arne Nydal og Britt Elise Skram frå Møre og Romsdal best, og i lagdans senior toppa Røros folkedanslag I lista. Les her kva avisa GD skriv og kva NRK skriv. Her finn du heile resultatlista.
 (21/09-04)
 Rekordstor deltaking på distriktskappleiken i Lom
I alt 650 deltakar var med då Lom spel og dansarlag skipa til Distriktskappleiken - dvs kappleiken for feledistrikta. Tilskiparlaget gjekk sjølv til topps i lagspel. I tre dagar bar bygda Lom sterkt preg av kappleiken. I fele klasse A vart Andreas Bjørkås best, med Aslak Brimi på andreplass og Knut Kjøk på tredje. I gruppespel senior vart Ingunn Valldal, Leif Arne Nydal og Britt Elise Skram frå Møre og Romsdal best, og i lagdans senior toppa Røros folkedanslag I lista. Les her kva avisa GD skriv og kva NRK skriv. Her finn du heile resultatlista.
 (21/09-04)
Rekordstor deltaking på distriktskappleiken i Lom
I alt 650 deltakar var med då Lom spel og dansarlag skipa til Distriktskappleiken - dvs kappleiken for feledistrikta. Tilskiparlaget gjekk sjølv til topps i lagspel. I tre dagar bar bygda Lom sterkt preg av kappleiken. I fele klasse A vart Andreas Bjørkås best, med Aslak Brimi på andreplass og Knut Kjøk på tredje. I gruppespel senior vart Ingunn Valldal, Leif Arne Nydal og Britt Elise Skram frå Møre og Romsdal best, og i lagdans senior toppa Røros folkedanslag I lista. Les her kva avisa GD skriv og kva NRK skriv. Her finn du heile resultatlista.
 (21/09-04)
Kirkelig Kulturverksted feirer 30 år med stor konsert 24. september
Kirkelig Kulturverksted med Erik Hillestad i spissen feirar 30 år som landets eldste uavhengige plateselskap. Det blir ein ein-dags festival. Mange kjente artistnamn skal vere med, mellom dei kjente folkemusikarar som Susanne Lundeng, Sondre Bratland og Knut Reiersrud. Les meir her.
 (14/09-04)
"Samstemt" ber om 100 mill. til musikk i Statsbudsjettet for 2005
Gruppa "Samstemt" består av desse organisasjonane: LfS, NFD, Fono, Norsk Jazzforum, Norsk rockeforbund, GramArt og NorgesNettet. Dei har levert ei oppmoding til regjeringa om ei samla tiltakspakke på 100 mil på statsbudsjettet i 2005. Dette reknar dei som eit første steg på vegen om målet på 300 mil. til musikk i 2007. Hovudbodskapet deira er: "Ta vare på og dyrke talenta, levande musikk til alle, større tilgjengelegheit for norsk musikk, auka kompetanse gir meir og betre kultur for pengane, musikk har eit enormt næringspotensiale, sjangersamarbeid gir stor synergieffekt." For folkemusikken representeret framlegget ein auke på 12 mill. i 2005 i tillegg til auka midlar til innkjøpsordninga, distribusjon og satsing på kulturbasert næringsutvikling til musikktiltak. Det er Magnar Sundt som skriv om dette i siste nr av Spelemannsbladet.
 (14/09-04)
Foreninga Oppegårdsdansen med store planar for hausten
Laget i Oppegård ved Oslo driv med gamaldans, og hadde sitt 30-års jubileum i fjor, og har knapt 70 medlemer. Frå 14. september skal dei starte kurs. Torbjørn Kjærnsmo er leiar i laget og har blitt intervjua av Østlandets blad.
 (07/09-04)
Unge folkemusikarar frå Telemark på turne i Irland
I avisa Varden finn vi eit referat frå turneen til Irland, der mellom andre Torgeir Straand var med. Les meir her.
 (07/09-04)
Spennande møte mellom klassisk musikk og folkemusikk på Ole Bull festivalen
Festivalen er 29 -31 oktober. Mellom dei kjente musikarane som skal delta er Åge  Kvalbein og Øyonn Groven Myhren og Marit Mattisgard. Les meir her.
 (07/09-04)
Siri Dyvik klar med sin første CD
Siri Dyvik er lækjar, men brukar det aller meste av fritida si på å spele hardingfele. Den nye CD'en, hennar første, heiter "So va da gjort". Det er ei solo-CD, for det meste springarar. Les her kva Haugesund avis skriv.
 (07/09-04)
Idedugnad om folkemusikkens hus i Oslo i dag 7. september
Det er Norsk Folkemusikk og danselag saman med Forum for folkemusikk og folkedans som arrangerer opa høyring om riksscene for folkemusikk og folkedans. Det blir spennande å høyre kva som kjem ut av høyringa. Les meir her.
 (07/09-04)
Folkedanskvldane i Oslo i BLS-garden i gang igjen 12. september
Folkedanskveldane i Oslo har vore kvar søndagskveld frå tidleg på 1960-talet. I våre dagar er det mest gamaldans på desse kveldane, men det er oftast også litt turdans og ein halvtime med songdans når musikken tar pausen sin. Dei siste åra har det vore mang gode musikkgrupper som har sytt for musikken, og slik er det framleis. Ofte er det eit kort kurs i ein bygdedans eller stildans eller songdans før sjølve folkedanskvelden. Dessutan er det svært rimelege inngangpengar - godt under ein 100-lapp. Den 12. september er det Askerladden som spelar. Her er oversikt over folkedanskveldane.
 (07/09-04)
Bygdelagskoret i Oslo jubilerer - 75 år - med konsert i Jacob kirke
Bygdelagskoret skal ha 75-års Jubileumskonsert 19. september i "Kulturkirken Jacob" kl 19.00-20.00.  Konserten vil ha hovudvekt på norske folketonar, men vil også omfatte ein del utanlandske folketonar.  Koret har jobba mykje med å utvikle ein folketoneklang, og vi trur konserten vil få fram dette.  I tillegg til at dirigenten Anne-Line Sandegren har lagt ned mykje arbeid i å førebu konserten, har vi også engasjert songar og skodespelar Paul Åge Johannessen til å legge opp regi for konserten. 
 (02/08-04)
Det blir 3 festivalpub'ar i Førde i haust
Også i haust blir det folkemusikkpøbb i Førde, Treskeværket på Rica Sunnfjord Hotel er framleis fast pub-scene. Bruvoll og Halvorsen er først ute, seinare dobbel dose Larsen frå Verdal og ein internasjonal trio "Son, dos og sass". Meir om programmet og artistane her.
 (02/08-04)
Mange danselag og leikarringar startar med øvingane og med kurs
Mange lag og leikarringar startar i desse dagar haustsesongen. Sume lag har også kurs som startar om lag samstundes. I Valdreslaget i Oslo startar til dømes nybyrjarkurs i Vadresspringar måndag 13. september kl 18.0 - 19.30 i BLS-garden. Fleire av dei vanlege leikarringane har hatt vanskeleg for å få nok folk til nybyrjarkurs i gamaldans og folkedans dei siste par åra. I haust har 4 ringar (Symra, Leikarringen i BUL, Oslo songdanslag og Sogn og Fjordane ringen) gått saman om eit felles kurs - det blir eit helgekurs i oktober. For Oslo: Sjå kursoversikten til BLS.
 (02/09-04)
Trispann med plateslepp i Oslo 8. september
Platesleppet er på Fabrikken Nedregt 7 (overfor Blå) kl 21. Arrangør er OsloFolk. Folkemusikktrioen byr på norsk og svensk folkemusikk. Det er to som syng - Linn Korssjøen og Aasmund Nordstoga - og Åsmund Reistad på strengeinstrument. Det er del av ein månadlang turne, mellom anna med Triakel på Nordsjøfestivalen. Meir her.
 (02/09-04)
Ale Møller blir "ukens artist" i NRK P2
Frå 6. september blir den kjente svenske musikaren Ale Møller ofte å høyre i radio. Han er kjent frå mykje nyskapande innan både svensk og norsk folkemusikk, mellom anna ein CD med Gunnar Stubseid. Han turnerer nå med Ale Møller band rundt heile verda.
 (29/08-04)
Barneleikarringen ved Folkemuseet i Molde like aktivt som før
Romsdals budstikke har vitja museet og sett at turistane synest både dansen og museet er ein flott plass i sommarvarmen. Leikarringen består av 50 born, dei aller fleste jenter. spelemannen er Olav P. Hjelvik. Han er 84 år, og har spela for leikarringen i ei årrekkje. Les meir her.
 (27/08-04)
Haustens vakraste eventyr avvikla på Hvam gard?
I helga var det folkemusikk og folkedans som prega det gamle fine museumsområdet på Nes. Les kva avisa skriv.
 (26/08-04)
Nordsjøfestivalen for 6. gong 26-27 august
Nordsjøfestivalen kan by på eit allsidig og spennande program og fleire av våre fremste folkemusikarar: til dømes Susanne Lundeng band, Odd Nordstoga, Åsmund Nordstoga, Kirsten Bråten Berg, Vegar Vårdal, Gro Kjelleberg Solli, Astrid Skarpengland. Les også intervju med Tor Einar Fromeide som står i spissen for tiltaket.
 (26/08-04)
Fele- og toradersamling i Rendalen 22-23 oktober
Tanken er at dette skal bli ein årleg tradisjon.
Fleire opplysningar hjå Thomas Nilssen dragspel@frisurf.no  eller Tove Hagen tovefele@start.no 
 (26/08-04)  
Imponerande forestilling om felespelaren Malena-Knut
Alvdal spell- og danselag presenterte i helga ei imponerande forestilling om den tradisjonsrike felespelaren Malena-Knut. Eit 50-talls utøvarar svingte seg på Husan-tunet til flott spel av Malena-Knut i Olav Kjernmoen sin skikkelse. Ola Jonsmoen har skreve teksten til forestillinga. Meir her.
 (26/08-04)
Travel tid for Rådet for folkemusikk og folkedans
I ei pressemelding fortel dei at dei går ein aktiv haust i møte. Sentret har fått EU-støtte til ein europeisk intensivprogram for danseanalyse, det arbeider med mange studietilbod, både ein bachelor, ein master og 4 vidareutdanningstilbod.  For å kunna ta seg av denne og annan etablert aktivitet søkjer Rff-sentret i desse dagar etter informasjonsmedarbeidar og kontorleiar. Rff-sentret søkjer etter kontorleiar/ informasjonsmedarbeidar i 50 % stilling. Stillinga er eit engasjement ut 2004, men kan bli utvida og forlenga. Meir her.
 (24/08-04)
Norsk Kulturråd har delt ut 1,4 mill. kr til lokale musikktiltak
Ved 3. tildeling vart det delt ut 1,4 millionar kroner til musikktiltak som har til formål å aktivisere det lokale musikklivet. Totalt var det 147 av 223 søknader som vart innvilga, og total søknadssum var ca 6 mill. Det er nokre, men ikkje så mange folkemusikk-tiltak som har fått støtte. Mellom dei få er Førde-festivalen, Setesdals spelemannslag, Seljord spelemannslag, Trøndelag Folkemusikklag og Valdres Folkemusikklag. Meir her.
 (20/08-04)
Folkemusikkdagane i Porsgrunn i år berre ein dag 28. august
Folkemusikkdagane i Porsgrunn har kvart år heilt sidan 1961 vore siste helga i august. Spelemannlaget Vårlengt har vore tilskipar, og dei har merka nedgang i interessa siste åra, så i år blir det kappleik og konsert berre ein dag. Konserten blir med spelemannen Leif Neset, som var med å starte folkemusikkdagane i 1961. Les intervju med Leif Neset her.
 (20/08-04)
Internasjonal folkedans under Gamle Hvam-dagen søndag 22. august
På Gamle Hvam Museum er det aktivitetar frå 11 til 18. Først friluftsgusteneste, frå 12.30 startar det opp med ulike folkedans- og folkemusikk-aktivitetar. Meir her.
 (20/08-04)
Internasjonal folkedansfestival i Oslo 20-21 august
Festivalen er i samband med at Norsk Folkemuseums Dansegruppe feirer 50 år. Søndag er det på Folkemuseet det skjer, med jubileumsforestilling kl 15. Det er dansarar frå Noreg, Wales, Portugal og Albania. Dansegruppa som feier 50 år vart starta i 1954 av Signe Kjellberg. Gruppa består i dag av ca. 100 dansarar fordelt på fleire trinn frå 6 år til vaksen alder. Reportoaret er bygt opp rundt norske dansetradisjonar, med hovedvekt på bygdedansar og varierte turdansar. Dagleg leiar er Bodil Ousdal, og spelemannen nyttar hardingfele. Meir her.

 (21/08-04)
Nytt kurs i norsk folkeleg dans
Det nye kurset går vintern 2004/2005, og utgjer 15 studiepoeng. Det svarar til 3/4 år fulltidsstudium. Det blir 5 obligatoriske samlingar, dei fleste i Vågå og ei i Trondheim. Eksamen i april. Vegar Vårdal er hovudlærar attåt Ami Petersson  og Martin Myhr i tillegg til fleire spelemenn og instruktørar. Meir info her.
 (18/08-04) 
Felespelar og operasongar får proffkontrakt
Det er Andreas Ljones frå Lillehammer og Kristin Brækken frå Lesja som får ei toårig proffkontrakt med Oppland fylkeskommune, og verdien er kr 200000 på kvar. Tanken er at dei skal få utvikle karrieren sin medan dei bur i Oppland. Det var i alt 19 som søkte. Les meir her.
 (18/08-04)
Flott finale i Kalottspel
Meir her.
 (18/08-04)
Åge Avedal (24), ny leiar i NU, vil gjere folkedansen til statussymbol
Den nyvalde leiaren i Noregs Ungdomslag vil profilere NU på ein friskare og yngre måte enn før, sjølv om det framleis skal vere plass til gamlingar i skinnvest. Han er intervjua i Nationen. Les her.
 (18/08-04)
Danseforestillinga er "dampande erotisk" skriv Telemark arbeiderblad
Forestillinga er "Den som rulla' ette' golve'". NRK beskriv samdansen til Hæge Manheim og Øystein Romtveit som eit "ståande samleie". Forestillinga vart vist under førdefestivalen og blir no vist i Telemark. Regien for forestillinga har Hæge Manheim og Martin Myhr.  Meir her. Også her.  Og her.
 (18/08-04)
Sogn gamldansfestival i Gaupne avvikla med mykje musikk og dans
Les meir her.
 (18/08-04)
Helga Normann Møller og Tom Berg gifter seg i Trysil
Og det er far hennar som er prest, spriv Østlendingen. Meir her.
 (18/08-04)
Bø Juniorspelemannslag på stor festival i Irland
Musikkfestivalen Fleadh Cheoil na hEireann er ein av dei største musikkfestivalane i europa. Laget skal på ein ni dagar lang turne i Irland i slutten av månaden. I fjor var det 220000 publikumarar og 10000 utøvarar samla under festivalen. Meir her.
 (18/08-04)
Spennande song- musikk og dansehelg i Rogaland 24-26 september
Det blir ei fin kurshelg med framifrå lærarar, til dømes: Liv Merete Kroken, Sigrid Moldestad, Øyunn Groven Myhren, Anders E. Røine og andre. Kursleiar er
Ruth Anne Moen, Folkemusikkarkivet for Rogaland, Tlf. 52 79 29 55(a) / 52 79 75 21(p) Epost.
 (18/08-04)
Framleis plassar ledig på kvedarseminaret i Trondheim 10 - 12 september
Norsk Kvedarforum skipar til kvedarseminar i Trondheim 10-12. september der tema blir songtradisjonar frå Midt -Norden og Olavstradisjonen i kyrkjeleg og folkeleg form. Konsert fredag kveld med Henning Sommerro, Anne Kleivset, Frode Nyvold, Tone Hulbækmo, Emma Härdelin og Tone Juve. Lærarar på seminaret. Skriftleg påmelding innan 19.august til Jarnfrid Kjøk, Vallegt.17B, 0540 Oslo - epost: jarnfrid@online.no  Kursavgift: kr. 1000,-/ 850 (medl.av Norsk Kvedarforum) til konto 4459 06 30559.
 (18/08-04)
Representantskapsmøtet 2004 i Rff i Trondheim 15. - 17. oktober
Helga startar på fredag med eit møte mellom utdanningsinstitusjonar i folkemusikk og folkedans, og eit miniseminar om "Bygda dansar" (sjå nedanfor). På dagtid laurdag er sjølve representantskapsmøtet. Om kvelden blir det konsert ved studentar ved Ole Bull Akademiet, før festmiddagen om kvelden, der det også blir utnemning av vinnar av Rff-prisen. Søndag blir det presentasjon av vinnaren, samt ein presentasjon ved  Sturla Eide Sundli: "Å leve av folkemusikk. Korleis byggje opp ei karriere som frilans folkemusikar". Eit spennande program!
Interesserte kan vende seg til Rff-senteret.
 (17/08-04)
Danseprosjektet "Bygda dansar" held fram i Møre og Romsdal
Pilotprosjektet "Fjordapuls" var i Sogn og Fjordane, og var nyleg avslutta etter 3 år med den fine danseteaterframsyninga "Meistermøy". Det var fleire fylke som var interessert i å ta neste etappe i prosjektet, men det gjekk altså til Møre og Romsdal, under namnet "Snu nordvest".
Det blir eit samarbeid mellom Rff-sentret, Norsk senter for folkemusikk og folkedans i Trondheim, Møre og Romsdal folkemusikklag og ungdomslaga i fylket. Snu nordvest arbeider med tradisjonsdans; ulike dialektformer av springdans og polsdans frå Møre og Romsdal, halling, runddansformer og mykje anna. Ein rettar seg særleg mot ungdom i vidaregåande skule, med kurs og opplæring. Sigurd Johan Heide frå Grytøya i Troms og Live Karin Liaskar frå Volda skal vere dansepedagogane, og spelkvinne blir Britt Elise Skram frå Vestnes. Ho har tradisjonsbakgrunn frå fylket og utdanning frå Norges Musikkhøgskole. Dagleg leiar ved Rff-sentret, professor Egil Bakka som er prosjektansvarleg og han har utvikla prosjektforma. Første Instruktørsamling blir i Molde, 20.-22. august på Romsdalsmuseet. For meir informasjon kontakt Live Karin Liaskar tlf. 9057 80 75.
 (17/08-04)
Ope seminar for Riksscene for folkemusikk og folkedans i Oslo 7. september
Det opne seminaret/idedugnaden er eit samarbeid mellom NFD og Forum for Folkemusikk ogFolkedans. Det er i Parkteatret scene, Olaf Ryes plass 11, 0552 Oslo kl 14 - 18. Innleiarar er Erling Lae, Odd Are Berkaak, Mette Brantzeg, og Stein Olav Henrichsen. det blir også innslag frå LfS, frå NU og frå NFD. Etterpå idedugnad og debatt. Les meir her.
 (16/08-04)
Norsk Kvedarforum med Kvedarseminar om song frå Midt-Norden
Norsk Kvedarforum skipar i samarbeid med Trøndelag Folkemusikklag og Bakke Menighet til kvedarseminar i Trondheim 10.-12. september. Tema er songtradisjonar frå Midt-Norden og Olavstradisjonen i kyrkjeleg og folkeleg form. Laurdag og søndag blir det kvedarverkstad med Tone Hulbækmo og Frode Nyvold, medan det fredag blir konsert i Rådsalen med Henning Sommerro, Anne Kleivset, Frode Nyvold, Tone Juve, Tone Hulbækmo og svenske Emma Härdelin. Meir her.
 (15/08-04)
Susanne Lundeng fekk Europapris i folkekunst
Europaprisen for folkekunst fra Alfred Toepfer Stiftung F.V.S. går i år til den norske folkemusikaren Susanne Lundeng. Prisutdelingen gjekk føre seg den 7. august 2004 under musikkfestveka på den nordnorske øya Fleinvær. Prisen er på 83000 kr. Toepfer-stiftelsen roser Lundeng fordi ho lagar ein syntese av det moderne og det tradisjonelle, og meiner at ho har ei musikalsk kraft som "gir basis til en ny type folkemusikk". På nettsida skriv stiftinga mellom anna: "Den karismatiske fiolinspilleren Susanne Lundeng, som stammer fra Nordland i Nord-Norge, snakker man om som et naturtalent i den beste betydning av ordet. Inspirert av landskapet og tradisjonen i Lofoten bestemte Susanne Lundeng seg for musikken allerede i en alder av ni år, og begynte å ta fiolinundervisning av spillemennene i denne regionen. Raskt utviklet hun sin helt egen stil. Komposisjonene hennes som både alvorlig og med humor har vevet inn sporene til mange musikkstiler, begeistrer i dag lyttere langt utover de norske grenser. Turneer førte musikeren og bandet hennes til utlandet, 2003 bl.a. til Tyskland. Hun har utgitt mange CD-er. derunder "Vals Til En Rød Fela" (Walzer für eine rote Geige; 2000) og "Forunderlig Ferd" (Wunderbare Reise; januar 2004)." Les meir her.
 (15/08-04)
"Frigg" med vellukka konsert under Olavsdagane i Trondheim.
Det var folklorekveld, og i sentrum sto brødrene Einar Olav og Gjermund Larsen frå Verdal. Sammen med fem finske vener utgjer verdalingane gruppa Frigg. Folkemusikarne har ei plateutgjeving bak seg, og planen er eit nytt album i september. Les meir her.
 (15/08-04)
Knut Buen med populært innslag på Blusfestivalen på Notodden
Vistnok for første gong var det folkemusikk på festivalen, og Buen vart vel motteken av publikum. Han fekk også med seg Notodden Bluesband. Les meir her. Og her.
 (15/08-04)
"Rusk" med fin konsert i Gravberget kirke
Gruppa består av Unni Løvlid (song), Vegar Vårdal (fele)og Frode Haltli (trekkspel) og dei fekk god mottaking for musikken frå Solør-traktene. Les meir her.
 (15/08-04)
NY CD med opptak etter Hans Haugen (1900–1973) frå Susendal
I 1955 gjorde NRK opptak av felespilleren. Plateslepp var det under Kalottspell i Målselv 6. august. Det er plateselskapet Ta:lik som står bak, og prosjektleiar har vore Ragnhild Furebotten, kjent felespelar frå mellom anna Majorstuen. CD'en inneheld både solospel og ein kvartett med Hans Haugen. Les meir her.
 (15/06-04)
Vellukka avvikling av Setesdalskappleiken
Sigurd Brokke i Setesdal Spelemannslag seier til Agderposten at han er godt nøgd med kappleiken, som har røter heilt attende til 1908. I alt var det ca 60 deltakarar. Ingebjørg K. Bøs minnepremie gjekk til beste utøvar under kappleiken uavhengig av klasse, Torgeir Straand frå Spelemannslaget Bøheringen. Straand stakk også av med eit rosemalt fat for innsatsen som beste felespelar. Knut Breivegen frå Setesdal Spelemannslag vann ein kubbestol som beste utøvar i hardingfele klasse B. Meir her.
 (15/08-04)
Folkemusikkfamilen Lohne Rognved intervjua i Bergens Tidende
Familien frå Osterøy ved Bergen var korpsfamilie som heilt gjekk over til folkemusikk.  Dei tre jentene Johanna (24), Solveig (22) og Sigrid (13)spelar fele, medan Eirik (17) syng. Han vart best i klasse C på landskappleiken i år. Les meir her.
 (15/08-04)
Magne Bø utnemt til æresmedlem i LfS under Landsfestivalen på Oppdal
Under Landsfestivalen vart Magne Bø frå Dombås utnemt til æresmedlem i LfS i tillegg til Knut Hamre som vart utnemt under Landskappleiken i Eidfjord. Gjennom eit langt liv (80 år) har Magne Bø lagt ned eit stort arbeid som spelemann, komponist, arrangør, domar, tradisjonsbærar og mykje meir. Han har ført spelemannstradisjonen etter faren Sylfest Bø vidare. Han har også vore sterkt engasjert i kor og korps som utøvar og dirigent. Han har vore med i kjente gamaldansgrupper som Uhens kvintett og Dovrekvintetten. Han har ikkje deltatt så mykje på kappleikar, men vann landskappleiken på vanleg fele kl A på Røros i 1970. Han har vore musikalsk leiar både i Dovre og i Otta spelemannslag i mange år. Meir her.
 (07/08-04)
Middelalderkonsertar annankvar onsdag i Oslo Ladegård
Frå Oslo kommune har vi fått tilsendt denne informasjsonen:
"Ladegårdens middelalderkontor arrangerer konserter i Oslo Ladegård annenhver onsdag kl. 20.00 hele året. Program legges ut på Oslo kommunes hjemmesider med adresse: http://www.kultur-og-kontorbygg.oslo.kommune.no/default.asp?page"
 (07/08-04)
Trekkspeltreffet på Polleidet med storinnrykk
Les meir om treffet her.
 (06/08-04)
Kalottspel i Målselv med friskt program
Det er dobbelt så mange konsertar som før, og frå heile Barentsregionen. Les meir her.  Og her.
 (06/08-04)
Odd Nordstoga fekk Folkemusikkprisen 2004 under festivalen i Bø
Det er Posten Norge som står bak prisen som blir delt ut for første gong i år. Prisen skal kvart år delast ut under Bø-festivalen. Les meir her.
 (06/08-04)
Den 15. Telemarkfestivalen svært vellukka
Det var i overkant av 3500 selde billettar og 6500 besøk og ser ut til å gå med 100 000 kr i overskot. Om lag 150 artistar og over 150 frivillige har deltatt i festivalen. På konserten med Odd Nordstoga var det ca 1000 selde billettar, og det er ny rekord. Elles var det mange som høyrde på familien Buen/Buen Garnås, og opninga med Shabana Rehman og Aasmund Nordstoga var også svært vellukka. Les meir her. Les også her.  Og her.
 (06/08-04)
35 ungdomar samla til opplæring på UngFolk i Seljord
Ungdomane er mellom 9 og 18 år frå heile Sør-Noreg, og får opplæring i spel, dans og kveding. UngFolk blir arrangert av Telemark Folkemusikklag i samarbeid med folkemusikkarkivet i Telemark og Telemark Musikkråd. Seminarleder Tone Jorunn Tveito fortel til Varden at seminaret er svært pooppulært. Les meir her.
 (06/08-04)
Musikaren Sven Olav Lyngstad gjev ut CD med bryllupsslåtter på hardingele
Sven Olav Lyngstad frå Verdal  er klassisk musiker som til dagleg musiserer og underviser i Trondheim. Han har lært seg sspele hardingfele og saman med andre har han spela inn ein CD med bryllupsslåttar. Les meir her.
 (06/08-04)
Susanne Lundeng inviterte til skikkeleg gamaldans
Gamaldans er ikkje det ho spelar mest, men på moloen i Bodø slår ho til. Les meir her.
 (06/08-04)
Meistermøte i Meldal kirke laurdag 29. juli
Dei meistrane som møtest er Knut Buen, storebror Sturla Eide og veslesøster Gunnhild Eide. Les her.
 (06/08-04)
Internasjonal Folkedansfestival i Lillestrøm siste veka i juli
Det er Leikarringen Peer Gynt i Lillestrøm som er vertskap for den internasjonale folkedansfestivalen. Festival er det kvart femte år. I år kjem det dansarar frå 4 ulike land i tillegg til Noreg. Mellom dei er dansarar frå Østerrike og Finland. Dei ulke dansegruppene får blant anne vist dansane sine på torget i Lillestrøm. Peer Gynt er ein leikarring med ca 30 aktive dansarar. Meir her.
 (06/08-04)
Folkekulturfestivalen 2005 skal vere i Kirkenes!
På Folkekulturfestivalen 2004 på Beitostølen var det offentlegjort at neste år skal stemnet vere i Kirkenes i Finnmark.  På Beitostølen vart
NU-flagget høgtidleg overlevert til Bjørn Karlsen frå Finnmark UL. Festivalen har fått namnet "Grenselause dagar" og vil finne stad 21.-24. juli 2005. Meir her.
 (05/08-04)
Folkekulturfestivalen 2004 på Beitostølen gjennomført på ein fin måte
I tre dagar og netter sette 450 deltakarar på folkekulturfestivalen sitt preg på Beitostølen helga 30. juli - 1. august. Av dei viktigast innslaga nemner vi leikfesten med Sven Nyhus kvartett (fullt hus!), gruppa "Fjøgl" viste den morosame kabareten sin, Noregs Ungdomsring hadde framsyning av dans, BUL i Nidaros vart vinnar av Framsyningskappleiken, Festivalrevy instruert av Tom Sterri, nattdans til dei seine nattetimar, møte med forfattarar og sjølvsagt Festivalfinale med talar og høgdepunkt frå dagane før. Biletet som viser BUL i Nidaros er teke av
Tina Vilenica i NU. Meir her. Les også i Avisa Valdres.
 (05/08-04)
Åge Avedal frå Leirvik i Sogn ny leiar i Noregs Ungdomslag
Åge Alvedal er ung (24 år), men har likevel ei lang og brei røynsle frå ungdomslagsarbeid både lokalt og sentralt. Han vart vald samrøystes på Årsmøtet i NU på Beitostølen under Folkekulturfestivalen. Det siste året har han vore leiar i Barne og Ungdomsrådet, og dermed vore med i styret i NU.
Han har i fire år studert historie, medievitskap og samanliknande politikk. No ser han fram til å ta fatt på leiaroppgåva. Han ønskjer å gjere NU til ein meiningsberar i samfunnet som folk lyttar til.
- Vi må gjere det vi kan for å bli ein større aktør i kulturpolitikken. Vi må vere med og prege debatten og setje dagsorden. Vi vil tene mykje på å vere synlege på den kulturpolitiske arenaen, både innanfor organisasjonen og utanfor. Det seier han mellom anna i ein kommentar. Biletet er teke av Tina Vilenica i NU. Meir her.

  (05/08-04)
Knut og Jørgen Trøen fekk Haldor Røynes ærespris for 2004
Brørne Knut og Jørgen Trøen fekk under årets Jørn Hilme stemne Haldor Røynes ærespris for 2004. Knut er spelemann og har det meste av livet budd i Oslo. Gjennom eit langt liv har han lagt ned eit stort arbeid for folkemusikken på mange område, som leikarringspelemann, som leiar for gamaldansorkester, som slåtteformidlar av godt Valdres-spel og mykje meir. Den yngre broren Jørgen har gjort sin største innsats som dansar, han har vore mellom dei fremste i Valdres-springar gjennom mange 10-år. På biletet ser vi Knut Trøen. Les meir her.
 (5/08-04)
Ny rekord for Jørn Hilme-stemnet med 6400 besøkande
Med sine 44 år er stemnet den eldste folkemusikkfestivalen i landet. I fjor var det 6200 besøkande og i år altså 6400. I år var det 20 konsertar, teater, dans og kurs av ulike slag. 117 musikarar stilte på kappleiken. 
 (30/07-04)
Byrådsleiar Erling Lae vil ha folkemusikkscene i Oslo
I eit intervju i Aftenposten (tysdag 27/7) seier byrådsleiaren at han støttar ønskjet om ei nasjonal scene for folkemusikk og folkedans i Oslo. Som hovudstad for heile landet bør Oslo også ha ei scene for folkemusikk. Lae vil gjerne bidra, men pengane må kome frå staten, seier han. Det er svært hyggeleg at Lae støttar denne scena, seier Jan Lothe Eriksen i NFD. Etter samtale med Kulturdepartementet skal NFD undersøke nokre aktuelle lokale i Oslo. Til dømes Schau-kvartalet nedst i Grünerløkka. Eriksen synest at det i 2005 bør bli ei avklaring. Erling Lae fortel elles at han heilt sidan tenåra har vore tribuneslitar på mange kappleikar. Sist helg var han til stades på Jørn Hilmestemnet. Lae seier at "Det er forunderlig at vi ikke har en folkemusikkscene fra før. Det sier noe om usynliggjøringen av folkemusikk i det etablerte kulturliv". Les her.  Og her.
 (30/07-04)
Folkemusikken på leiarplass i Aftenposten!
Onsdag 29. juni er ein liten merkedag for folkemusikken og dansen i hovudstaden. Aftenposten Aften spanderer heile leiaren sin på folkemusikken og dansen sine kår i Oslo. Dei skriv at byrådsleiar Erling Lae går heilhjarta inn for ei nasjonalscene i Oslo. Men har har ikkje noko pengar å støtte med. Pengane må kome frå staten, seier Lae. "Gjenoppdagelsen av etniske røtter i musikken har fått bred appell, også overfor et yngre publikum i storbyens uteliv", står det mellom anna i leiaren. "Oslo er den kommunen i landet hvor det bor flest mennesker med tilknytning til folkemusikk- og folkedanstradisjonen", skriv dei. Dei skriv elles at nasjonalscena også må inkludere dei mange utanlandske musikarane som tar ssin kultur med seg til landet vårt. 
 (29/07-04)
Sommeråpent i NRK: Flott reklame for folkemusikken og Buen
Onsdag 29. juli vart heile familien Buen (Garnås) presentert i Sommeråpent frå Aker Brygge på NRK TV1. Det vart fin reklame både for utøvarane og for folkemusikken. Takk til NRK!
 (29/07-04)
Spørjeundersøking på Landskappleiken: fleirtal for poeng og finalespel
Under Landskappleiken vart det gjennomført ei spørjeundersøking blant deltakarane, og resultata er refererte i Spelemannsbladet 5/2004. Heile 83% var positive til resultatlister med poeng. Det var også stort fleirtal (91%) for fortsatt finalespel, men motstand mot å utvide det til nye klassar. Det var også fleirtal for å behalde noverande skilje på 18 år mellom junior og senior klassane. Elles var det fleirtal (65%) for å slå saman danseklassane (fele/hardingfele). Styret vil sende spørsmåla ut på høyring og rådføre seg med fagutvala før det blir trekt konklusjonar.
 (25/07-04)
Biografi om Odd Nordstoga
NRK har skreve ein biografi om den populære artisten. Les her..
 (25/07-04)
Norges Bygdeungdomslag vil ha momsfritak for dansearrangement
Slik reglane er i dag er det momsfritak for konsertar, men ikkje dersom folk dansar til musikken dei høyrer på. Dette meiner NBU er urettferdig og dobbeltmoral. NBU har nyleg hatt landsmøte på Hellerudsletta utafor Oslo. Meir her.
 (25/07-04)
Telemarkfestivalen ventar storinnrykk og bygger ny scene ute
Det er populære namn som Odd Nordstoga og Kaizers Orchestra som gjer at arrangørane bygger ny utandørsscene i sentrum med plass til 1000 tilskodarar. Odd Nordstoga skal spele 30. juli og Kaizers 31. juli.
 (25/07-04)
Dobbeltside med fokus på norsk folkemusikk i Aftenposten 25. juli
"Fela fenger igjen" skriv Aftenposten. Dei har reportasje frå Strunkeveko i Valdres og prøver å finne ut kvifor interessa for folkemusikk har auka kraftig i det siste. Det er sjølvsagt vanskeleg å finne noko sikkert svar. Arne M. Sølvberg trur tl dømes at det er fordi musikken no er så mykje meir tilgjengeleg enn før, og at folkemusikken har ei eiga innebygd kraft. Nokre meiner at grunnen er at folkemusikarane går nye vegar - skaper ny musikk på gamal grunn. Dei brukar Gåte, Odd Nordstoga og Annbjørg Lien som døme.
 (25/07-04)
Nye reglar for kvalifisering til A-klassen i dans
Det nye er at dersom ein dansar kvalifiserer seg til A-klassen i ein dans/ei taktart, så blir han/ho automatisk kvlifisert i alle dansar. Tidlegare måtte ein kvalifisere seg for kvar dans separat.
 (24/07-04)
Askerladden med ny CD: "Tettbygd strøk"
CD'en inneheld låtar frå repertoaret deira i 2003/2004. Dei kom mellom anna på 3. plass i Landsfestivalen i 2004. Les meir på heimesida deira.
 (24/07-04)
Førdefestivalen 2004: Talet på selde billettar var 13000
Festivalleiinga har etter sterkt press offentleggjort talet på selde billettar, og det er i år 13000. Festivalen har i alle år operert med nemninga "besøkstal", som i år var ca 30000. Dette inkluderer også fribillettar, og publikum som var med på gratiskonsertar. Les meir i Firda.
 (24/07-04)
"Folkemusikarane er ei menighet" seier Sveinung Sundli i "Gåte"
Gåte har oppstått på tross av folkemusikkfestival
ar, ikkje ved hjelp av dei, meiner Sveinung Sundli. Han synest både Landskappleiken og Landsfestivalen bør fornye seg. "I finalespillet får musikerne minuspoeng hvis de ikke holder seg innenfor tradisjonen. Slike konkurranser kunne Sundli helst vært foruten." Dette seier han til Adressavisa. Men Randi Skeide i LfS er heilt usamd. Les meir her.
 (24/07-04)
Landsfestivalen 2005 blir på Harpefoss i Gudbrandsdalen
Neste år blir Landsfestivalen i hjarta av gamaldans-Norge: Harpefoss 7 mil nord for Lillehammer. Her finn du heimesida til festivalen.
 (24/07-04)
Landsfestivalen i gamaldansmusikk i Oppdal med rekordoppslutning
Leiaren for hovudkomiteen Knut Erik gotland er godt nøgd med heile festivalen. Det var ca 4000 tilreisande og dei ventar økonomisk overskot. Kristin Gravaune frå Oppdal vann gull i solo durspel for junior, og aarnstein Fjerdingen frå Skjåk vann solo durspel for senior. I klassen andre instrument vann Ingrid Schei Stuhaug frå Naustdal medan seniorgullet gjekk til Jorun Marie Kvernberg frå Oslo."Over stok og steen" frå Hamar vann open klasse, og Jotullaget frå Fåberg vann gruppespelklassen. I lagspel vart Heidal spel- og dansarlag best. Les meir her.  Les meir her. Les meir her. Les meir her. Les herLes her. Les her. Les herHeile resultatlista her.
 (24/07-04)
Aftenposten skriv om auka interesse for folkemusikk
Fredag 16. juli skriv Aftenposten at fleire , ikkje minst unge, likar folkemusikk. Dei nemner mellom andre Odd Nordstoga, Jan Beitohaugen Granli, Øyonn Groven Myhren, Åse Teigland og Gjermund Larsen som døme på folk som er populære. Dei har også intervjua rektor ved Ole Bull-akademiet Gunnar Stubseid, som fortel at akademiet årleg har 500-600 studentar frå høgskolar og universitet på ei vekes innføringskurs i norsk folkemusikk. Han fortel også at om eit til to år vil dei sette i gang eit toårig studium i folkedans på same vis som kvedarskulen og spelemannsskulen. Meir her.
 (23/07-04)
Usemje om besøkstal i samband med Førdefestivalen
I eit intervju i Firda 7. juli opplyser marknadssjef Torill G. Faleide at det var 30000 besøkande på festivalen, og at dei ikkje vil offentleggjere kor mange billettar dei har seldt. Dette har vore praksisen ved festivalen gjennom mange år. Dette talet på besøkande utgjer kor mange som har vore på konsertar, medrekna utearrangement og gratiskonsertar. På slike konsertar er det 2-3 personar som gjer eit overslag over kor mange som er til stades og tala er difor usikre. I same intervju seier i hovudutvalet for kultur i Fylkeskommunen, Norvall Nøringset at når ein ikkje vil oppgje talet på selde billettar, kan ein  lett skape inntrykk av at ein har noko å skjule. Men i eit intervju med same avisa same dag seier styreleiar i festivalen Lidvin M. Osland at dei likevel vil leggje fram talet på selde billettar. Avisa skriv at Norsk Kulturråd har opplyst at salet av billettar i 2002 var ca 14000. Her verkar det som marknadssjef og styreleiar ikkje har snakka godt nok saman.
 (10/07-04)
Norsk Folkemusikkformidling satsar på eksport av folkemusikk
Det er første gong at nokon satsar på folkemusikkeksport som næring og ikkje som kulturformidling, seier leiar i Norsk folkemusikkformidling Ola K. Berge. Det nye prosjektet skal gje grunnlag for betre inntekt for dei som er profesjonelle folkemusikarar og dei som stasar på folkemusikk. NFF søker no om stønad på 3 millionar kroner til eit femårig prosjekt som skal marknadsføre norsk folkemusikk i fire satsingsland: Japan, England, Tyskland og Spania. Målet er ein ambulerande minifestival som spelar i dei norske ambassandane i dess landa. 
 (10/07-04)
Åpen seminar for "Riksscene for folkemusikk og folkedans" i Oslo
NFD i samarbeid med Forum for folkemusikk og folkedans inviterer til eit ope møte i Oslo tysdag 7. september kl 14-18. på Parkteateret scene Olaf Rye plass 11. Påmelding innan 1. september på tlf 22423290. Les meir her.
 (10/07-04)
Seks søkjarar til stillinga som prosjektutviklar i Agder
Som kjent har Norsk folkemusikk og danselag lyst ut ei stilling som skal førebu ein festival i Kristiansand. NFD melder at det er seks søkjarar til stillinga, og tilsettinga vil skje med det første.
 (10/07-04)
Samarbeid mellom folkemusikk og dans organisasjonane: "Samstemt 2005"
"Kvinten" melder at organisasjonane bak "Sanstemt - om taktskifte i pop, rock, jazz og folkemusikk" arbeider no med ei tiltakspakke for 2005 med tanke på statsbudsjettet. Det blir her krav om stsing på arrangørnettverket "Den norske Folkemusikkscena", på "Riksscene for folkemusikk og folkedans" og auka satsing på  til tiltaksmidlane for folkemusikk og folkedans og meir pengar til festivalar, ensemblar, innkjøpsordning og eksporttiltak.
 (10/07-04)
Unni Løvlid med barnehage-prosjekt i Møre og Romsdal
Prodkuksjonsselskapet Metrofon har fått 150000 kr av Norsk Kulturråd for å gjennomføre prosjektet i 10 barnehagar i Møre og Romsdal frå hausten 2004. Initiativtakar og fagleg leiar for prosjektet er kvedaren Unni Løvlid. Tanken er at barn i fylket skal bli kjent med eigne tradisjonar inn folkemusikk, dans og song.
 (10/07-04)
Folkemusikk Nord vert styrka med kr 50000 frå Norsk Kulturråd
Nettverket Folkemusikk Nord vart oppretta i oktober 2001 og skulle arbeide for alle aktørane innan folkemusikk og folkedans-feltet. Dei organisasjonane som deltar er Nordnorsk senter for folkemusikkforskning, Nordnorsk folkemusikksamling, Nordnorsk folkedans- og folkemusikkråd (NU), Nordnorsk Folkemusikksenter i Målselv.
 (10/07-04)
NRK: Planlegg radiokanal med berre folkemusikk!
I eit intervju med "Kvinten" fortel radiosjef Nils Heldal at frå 2005 blir det ein eigen radiokanal med berre folkemusikk.  Dette blir ein såkalla DAB-radio, ein digitalkanal der ferdige kutt ligg klar til "automatisk" utsending. Dersom du bur i Oslo eller Akershus og har digitalradio, kan du høyre sendinga på radio. Andre må høyre det over Internett. Leiv Solberg har det siste året arbeidd på full tid med dette prosjektet, der musikken baserer seg på NRK sitt rikhaldige folkemusikk-arkiv. Det blir tre typer opptak som blir sendt: gamle folkemusikktimar, nyare opptak, og ei A-liste med ferske folkemusikkinnspelingar. Elles kan Heldal forsikre at folkemusikktimen ikkje er trua, korkje på kort eller lang sikt. Les her.
 (10/07-04)
Ole Ekornes døde 4. juli 82 år gamal
Han skal bisettast i Vestre krematorium  onsdag 14. juli kl 12.30. Ole Ekornes var i mange 10-år ei leiande kraft innan folkedansen i BUL i Oslo, ja i heile landet. Han var i ei lang rekkje år den fremste rettleiaren i Leikarringen i BUL, og la ned eit stort arbeid for ringen. Han var ein sers dugande songar og dansar, programleiar, ungdomsleiar og organisasjonsmann. Han var også med i mange teateroppsettingar. I mange år var han lærar i folkedans på Noregs Ungdomslag sine årlege rettleiarsamlingar, og i mange samanhengar gjorde han ein svær innsats for den frilynde ungdomsrørsla. Av yrke var han målar og illustratør, og gjorde eit stort arbeid med å illustrere på ein framifrå måte folkedansbøkene til Klara Semb, ikkje minst Songdansboka. Som faren måla han også mange faner. I seinare yrkesår arbeidde han i NRK. Han vart æresmedlem i Leikarringen i BUL i 1969 og og i BUL i 1989.
 (07/07-04)
"Fjøgl" har premiere i Stavern 8. juli
Den populære gruppa med jenter frå Nordfjord har premiere på "To feler og en diva" i Galeiskur nr 16 i Stavern. dei skal spele kvar kveld 8 - 22 juli og 26-29 juli kl 20.30. Dette står annonsert i avisene.
 (07/07-04)
Odd Nordstoga har selt 100000 plater av "Luring"
Odd Nordstoga (31) er intervjua i VG, som fortel at plata har passert 100000 selde eksemplar. Han toppar VG-lista for 10. gong. Av tidlegare plater har han ikkje nådd meir enn 4000 eksemplar. 
 (07/07-04)
Totalt 30000 besøkande på Førdefestivalen
I ei pressemelding blir det fortalt at det var fleire på konsertane i år enn tidlegare år. På opningskonserten var det heile 2400.  Fem av konsertane var heilt utselde. Sidan starten for 15 år sidan har Førde hatt besøk av over 3000 artistar frå over 100 land. I år var 16 land representert. Det blir elles peika på at det var mange unge artistar med i år. Det dårlege veret gjorde at det var færre på utekonsertane.
 (07/07-04)
Gamle trekkspelfavorittar  på CD
Både Ebbe Jularbo og Arnstein Johansen har kome på CD. Ebbe Jularbo ga i 1985 ut LP'en "Livet på finnskogarna" og den har no kome på CD. Arnstein Johansens CD heiter "Vals i C" og det er 16 av dei beste låtane hans som kom på 50- og 60-talet på 78-plater. Det er sikker mange som gler seg over desse nye CD'ane.
 (01/07-04)
Tunsberg leikarring ville ikkje eige lokalet Sverretun
Det var ekstraordinært årsmøte i ringen for å ta stilling til om dei skulle bli medeigar i "SVerretun". Tilbodet kom frå Motorførernes Avholdsforbund (MA) Tønsberg. Men dansarane synest dei var for få og for gamle til å ta på seg eit slikt økonomisk ansvar. Les her.
 (01/07-04)
NM i trekkspel 2004 avvikla i Malm i Nord-Trøndelag 23-27 juni
Påmeldingane til tevlingane var dei største sidan 1998. Her kan du sjå nokre bilete frå stemnet. Resultata frå tevlingane kan du lese her. 
 (01/07-04)
Unni Boksasp (32) samlar folkesong-stoff frå Tinn
Folkemusikktradisjonen i Tinn er meir enn hardingfeleslåttane etter Luråsane og Knut Dahle. Også gamalt visestoff er å finne, både nedskrive og på voksrull, seier Unni Boksasp som samlar inn og systematiserer med tanke på å gi ut materialet. Ho tar for tida hovudfag på musikkhøgskolen i Stockholm. Elles har ho og husbonden Ola Berge flytta heim til farsgarden hans på Miland. Les meir her.
 (01/07-04)
Sparebanken Vest gir 450000 kr til folkemusikktiltak
Folkemusikkfestivalen fekk 200000, medan 250000 går til ein samproduksjon mellom folkemusikkmiljø i Hordaland og Sogn og Fjordane som skal oppførast i 2005. Sidan 1998 har banken gjeve 100 mill kr til allmennnyttige tiltak. Meir her.
 (01/07-04)
Førdefestivalen: Opning i dag med dronning Sonja
Avisa Firda har intervjua nokre av dei mange dugnadsfolka i Førde. Mellom anna les vi at rådmannen var skeptisk til ein festival i byrjinga, men no brukar han ferien til dugnadsarbeid. Les meir her. På dagsrevyen fekk vi også eit innslag frå opninga av festivalen.
 (01/07-04)
Førdefestivalen: Hylland Eriksen kritiserer deler av presentasjonen
Sosialantropolog Hylland Eriksen kritiserer Festivalen for faktafeil og for måten dei presenterer artistane på. Ideen om ein internasjonal folkemusikkfestival er flott, men må bli gjort med respekt, seier Eriksen. Leiar for festivalen avviser kritikken om at dei ikkje har god kompetanse til å velje ut artistar. Les meir her.
 (01/07-04)
Landskappleiken: Kor stor rolle spelar domarane?
"Alle" veit at døming av spel og dans eit stykkje på veg er subjektiv. Når ein les lista over dans hardingfele klasse A sperrar ein likevel opp augo: Dei som har vore dei aller fremste dei siste åra, kom denne gongen på sisteplass. Paret frå Voss som vann kongepokalen med Rull i 2002, kom denne gongen på siste plass med den same dansen. Nei - eg var ikkje til stades - så eg kan ikkje døme - men ein lyt undrast likevel?
 (30/06-04)
Landslaget for Spelemenn informerer medlemene om "strategien sin"
LfS har i fleire år arbeidd med ein strategiplan for organisasjonen. I desse dagar har dei sendt ut eit medlemsblad "Folkemusikk.no" som informerer medlemene om nokre hovudaspekt ved strategiplanen. Ein vil legge meir vekt på informasjon både innetter og utover. Det vil også bli Chat for ungdom på Internett. Sumaren 2005 kjem ei "jobbmesse" for første gong - ho har fått namnet "Folkelarm" og vil vere i Oslo. I oktober i år (2-3) blir det eit medlemsseminar på Gardermoen, der ulike sider ved strategiplanen vert drøfta vidare. Les meir på www.folkemusikk.no 
 (30/06-04)
Landskappleiken: Dølane vil heller ha gamaldans!
Det er tidlegare leiar i LfS Trond-Olav haug som seier det til GD. Han trur at mange døler vel bort Landskappleiken til fordel for Landsfestivalen i Gammaldansmusikk. Sjølv om det er bra mange deltakarar på Landskappleiken frå Gudbrandsdalen, ville han gjerne hatt fleire. Og serleg trengst det fleire dansarar. Les meir her.
 (30/06-04)
Landskappleiken: Magnar Storebekken fekk gullmedalje for fløytesett
Han fekk 375 poeng for fløytene sine - eit svært godt resultat. Elles var det Nils K.F. Nilssen som fekk høgst poengsum for utstilte hardingfeler. Også Peder Myrvang og Asbjørn Fonn fekk sølvmedalje for sine hardingfeler. Meir her
  (30/06-04)
Landskappleiken: Avisene fortel om ein sers vellukka kapppleik
Folketalet i Eidfjord var om lag firedobla under kappleiken. Det var ca 1400 som deltok i tevlingane. Ca 1400 var det også som såg på finalen i klasse A hardingfele i Eidfjordhallen. Denne hallen vart også nytta til den gilde opningskonserten tidlegare i veka. til saman var det 450 med i dugnadsgjengen. Den gamle fjordbåten "MS Granvin" var også eit vellukka tiltak. Bjarne Instanes stilte ut felene sine, og her kunne ein få kjøpe feler av beste slag: Røstad-feler, helland-feler, Aasen-feler og Kvandal-feler med prislapp heilt opp til 70000kr. Dette og meir til fortel Hardanger Folkeblad.
 (30/06-04)
Landskappleiken: Marit Steinsrud, Gjøvik, best i langeleik senior
Medan Hanne Bjørnødegård var best i juniorklassen. I gruppespel på langeleik vart Brøtagutadn best. I lagspel fele vart Østerdølenes Spelemannslag best, og i hardingfele vart "Knut Heddis Minne" best. I lagdans senior vart Småjondølane best. Open klasse vart vunnen av Berit Opheim.   Alle resultata her.
 (30/06-04)
Landskappleiken: Unni Myrheim og Ole Aastad Bråten best i dans hardingfele
Dei to frå Øystre Slidre vart best i dans i A-klassen hardingfele. På neste plass kom Gunnlaug Lien Myhr og Geir Helge Espeset. I dans fele klasse A kom Asbjørg Hustveit Sølvberg og Arne Sølvberg på førsteplass med Bjørn Sverre Hoel Haugen og Veslemøy Nordset Bjerke på neste plass. I lausdans vart Tom Løvli best med Eivind Bakken på neste plass.  Sjå heile lista her.
 (28/06-04)
Landskappleiken: Gro Kjelleberg Solli best i vokal klasse A
Gro Kjelleberg Solli vart best i vokal folkemusikk klasse A, føre Jon Anders Halvorsen og Kjell Hove. I B-klassen vart Åsmund Nordstoga best, Hege Nylund på andre plass og Monica Kolskår på tredje. I C-klassen vart Eirik Lohne Rognved best, føre Ingebjørg Harman Bratland og Sigrid Kjetilsdotter Jore. Les heile lista her.
 (28/06-04)
Landskappleiken: Kongepokalen til Jan Beitohaugen Granli
Jan Beitohaugen Granli frå Øystre slidre vann Kongepokalen på Landskappleiken i Eidfjord. Han vart også best i hardingfele klasse A. Etter han kom Leif Rygg frå Voss og Åse Teigland frå Hardanger. I vanleg fele klasse a vart Astrid Sulheim, Lom, best, med Aslak Opsahl Brimi på 2. plass og Andreas Skeie Ljones på tredje plass. I spel hardingfele klasse B vart Ottar Kaasa, Falkeriset, best, med Arne Anderdal og Anders Eikås på dei neste plassane. I B-klassen vanleg fele vart Andreas Bjørkås, Oppdal, best, med Nina Owren Furuli på 2. plass og Marit Rusten og Vegar Vårdal delte tredje plassen. Heile resultatlista her. Les også kva GD skriv. Les også her.  Her er kva Telemark arbeiderblad skriv.
 (28/06-04)
Jonsokkvelden: Kvedar hadde konsert på Akershus festning
Gruppa Kvedar, som også hadde med seg Birgitte Grimstad og nokre dansarar frå Nolsøy på Færøyane. KVEDAR, som  består av Marianne Maans/Finland, Aiva Insulander/Sverige, Eli Storbekken, Halvor Håkanes og Agnes Buen Garnås/Noreg, kvo frå dei eldste gåtevisene med røter i Eddadiktinga, bergtakingsvisene frå seinare mellomalder samt skjemteviser i ulike variasjonar. Til slutt var det færøydans der også publikum fekk vere med. Det vart ein fin konsert, men det vart mindre intimt enn ein kunne ynskje seg, etter som avstanden mellom scene og publikum var stor. Litt vind laga også nokre lydproblem. 
 (24/06-04)
Bygdelagsstemnet avvikla i fint ver på Norsk Folkemuseum
Den 2. helga i juni hadde som vanleg BLS sitt årlege sumarstemne på Norsk Folkemuseum. Dermed var det folkedans og folkemusikk i alle tun heile dagen. Det var barna som stod i sentrum ved opninga på friluftsteateret. Elles var det mange ringar og lag som dansa i ulike tun. Bygdelagskoret og Oslo Songdanslag hadde dette året felles konsert/ framsyning. Elles var det stildans ved Bærum Balselskab. I desse dagane hadde Folkemusseet ei stor utstilling om samarbeid mellom Russland og Noreg i 1000 år. Det kjente biletet der Krustsjov og Gerhaardsen dansar Per spelemann med medlemer i Oslo Songdanslag var brukt som logo for utstillinga og vist i stort format. Ei av dei som dansa med Krustsjov var Ellen Røste, og på biletet ser vi henne framfor det kjente biletet. Nokre fleire bilete frå stemnet her.
 (20/06-04)
Kristin Koljedal Bjørkedal frå Kleppe fekk stipend i kveding
Kristin Kojedal Bjørkedal frå Kleppe fekk 10.000 kroner i stipend frå SR-bank i Sandnes fordi ho driv med kveding. Ho vil bruke pengane til å reise til Telemarkfestivalen. Ho går på musikklina ved Lundehaugen vidaregåande skule og er russ i år. Les meir her.
 (19/06-04)
Svært stor interesse for Førdefestivalen
Allereide no er det seldt fleire billettar enn i toppåret 2002, fortel direktør for festivalen Hilde Bjørkum. Ho trur at programmet i år appelerer til mange grupper publikum. Les meir her.
 (19/06-04)
Ung felespelar for prispengar: kr 35000 og kr 15000
Felespelaren Øystein Nilsen (17) har fått pris for unge lovande folkemusikarar på kr 15000, og no har han også fått eit legat på kr 35000 , der er Barkveds legat for unge strykarar i Rogaland. Han har nyss kjøpt seg fele for kr 50000. Han vart best i Vestlandskappleiken for musikarar under 18 år, og fekk 6. plass under Landskappleiken i Gjøvik. Les meir her.
 (19/06-04)
Årbok for norsk folkemusikk er rett rundt hjørnet
I år er Ole Bull Akademiet på Voss via stor plass. Det er Norsk Folkemusikk og Danselag som gjev ut denne årlege publikasjonen, der det er mykje gilt stoff. Les meir her.
 (19/06-04)
Dei satsar utradisjonelt på Landskappleiken i Eidfjord 23-27 juni
Det er Bergens tidende som skriv det. Det blir lyrikk både av Olav Hauge og Jon Fosse lese av Hildegunn Riise. Tre konsertar, musikalsk cruise med veteranbåten "Granvin", utstilling av gamle feler kjem i tillegg til dei vanlege tevlingane.
Det største prosjektet er opningskonserten «Under hardinghimmel», som skjer i Eidfjordhallen torsdag 24. juni. Les meir her.
 (19/06-04)
Fine konsertar men lite folk på "Skandinavisk folketone" i Haukeliseter
Den nyaste av dei norske folkemusikk-festivalane går av stabelen denne helga i Haukeliseter. I TA les vi at det er flotte konsertar og fornøgd publikum, men tilhørarane kunne det godt vore fleire av. Men sjef for festivalen Maria Ohlsson seier at det blir liknande festival også i 2005. Les meir her. Les om festivalen også her.
 (19/06-04)
Ny CD frå "Dvergemål": "Song i himmelsalar" i sal frå 25. juni
Dvergmål byd  no fram eit utval viser, rim og helgasongar av  salmeskalden Elias Blix (1836-1902). Dvergmål er fire av dei mest særprega kvedarane i Noreg sett saman til ein frodig kvedarkvartett: Jon Anders Halvorsen - song og harmonium,  Marit Mattisgard - song og langeleik, Øyonn Groven Myhren - song, lyre og seljefløyte og Turid Spildo - song og hardingfele. SONG I HIMMELSALAR vert sleppt på Landskappleiken fredag 25. juni. Minikonsert kl 12.00 i Eidfjord gamle kyrkje i samband med sleppet. Heile konserten får du med deg om du kjem på  Jørn Hilme-stemnet på Fagernes torsdag 22. juli kl. 21.00: www.hilme.com
CD'en får du også kjøpt hjå:  www.grappa.no
 (19/06-04)
"Tre begrædelige piger" månadens album i Etnisk Musikklubb
Dei tre pigene er Gro Kjelleberg Solli, Britt Elise Skram og Ingunn Stræte Sørbøen. Dei framfører triste ballader og sørgelege kjærleiksssongar, og diverse anna. No er dei månadens album i Nordisk profil på Etninsk Musikklubb.
 (17/06-04)
Ny CD frå gruppa "Triakel": "Sånger från 63 grader N"
Den populære svenske trioen Triakel kjem no med si tredje CD. Denne gruppa har song, trøorgel og fele, og det er Emma Härdelin som særmerkjer gruppa med sin fine song. Sidan starten i 1995 har gruppa turnert i over 50 land i Europa og Nord-Amerika. Og i sumar står Sverike og Norge på programmet. Den nye CD'en er ein av månadens album i Nordisk profil i Etnisk Musikklubb.
 (17/06-04)
Gruppa "Skrekk" har kom med ny CD: Skrekk!
Gruppa skrekk består av tre kjente frilans folkemusikarar:  Camilla Granlien (Hamar) Tone Juve (Trondheim)og Åse Teigland (Utne). Dei har alle studert ved folkemusikkstudiet i Rauland, Høgskolen i Telemark, og Ole Bull Akademiet, Universitetet i Bergen. Det var ved Ole Bull akademiet at samarbeidet starta. Songane og slåttane på CD-en er lært frå kjelder i Gudbrandsdalen, Trøndelag, Hardanger, Telemark, Sogn og Norsk Visearkiv. Arrangementa er utforma av musikerne i fellesskap. Plata kjem på Grappa. CD-platen består av skillingsviser og balladar. I desse visene finn ein mange sterke historier og flotte melodiar. med på plata er også Anders Erik Røine både som produsent og gjestemusikar.
 (12/06-04)
Samarbeid mellom "Gåte" og Knut Buen på den nye CD'en deira
Knut Buen har komponert og skreve tekst til rundt 100 melodiar dei siste åra, og det er ei av desse "Kjærleik" som Gåte vil ha med på CD'en. Og dette synest Knut Buen er flott. Den kjende spelemannen og Gåte har også samarbeidd tidlegare på Roskildefestivalen i Danmark. Les meir her.
 (12/06-04)
Folkedansarane i Asker har fått nytt dansegolv
Dei har gjort ein stor dugnadsinnsats og lagt nytt dansegolv av stein utafor låven på Asker Museum. Les meir her.
 (12/06-04)
Programprofilen til Folkemusikkveka i Ål drøfta i Hallingdølen
I avisa Hallingdølen har det vore ulike innspel så omhandlar programprofilen til Folkemusikkveka. Ikkje alle er heilt nøgd med tilstandane, og sume synest det eer for små utfordringar for hallinga sjølve. Les meir om det her.
 (12/06-04)
Mange ulike kurs å delta i på årets Telemarkfestival
Arrangørane fortel at du til dømes kan lære munnharpespel, eller om ikkje det er eksotisk nok, magedans. Les her og finn ut kva du kan lære.
 (12/06-04)
BUL Kongsberg feirar 80 år med besøk av venskapsringar
I helga hadde dei besøk av leikarringar frå vennskapsbyane Køge i Danmark og Kristianstad i Sverige. Dei har vitja kvarandre fleire gonger før, og kjenner kvarandre godt, seier leiar i BUL Kongsberg Ingar Vaskinn. Les meir her.
 (12/06-04)
Den nasjonale "Drømmeprisen" på kr 10000 til Eva Marie Woldmo (21)
Ho er frå Noresund, spelar torader, og er svært dugande på sitt instrument. Ho har ei lang merittliste bak seg: Ho vann open internasjonal klasse under NM i gamaldans 2000, vann "Vinterkappleiken 2004" og blitt Norgesmeister på durspel 6 gonger. Lokale prisar og tevlingar har ho vunne eit utal gonger. Ho tar no Bachelor-grad i folkemusikk og folkekunst ved Høgskolen i Telemark. Les meir her.
 (12/06-04)
Bygdelagsstemnet på Folkemuseet i Oslo søndag 13. juni
Heilt frå 1948 har bygdelaga i Oslo hatt sitt årlege sumarstemne på Folkemuseet på Bygdøy i Oslo. Programmet startar kl 12.45 med stemnetog og så er det program framover dagen heilt til kl 22.30 om kvelden. Vi får sjå Barnelaga i BLS og i BUL vise dansane sine, Bygdelagskoret syng, og mange leikarringar og lag viser dans rundt om i ulike tun og på torg heile dagen. Frå kl 18.00 er det dans for alle på Torget, og seinare på kvelden er det Folkedanskveld på plattingen ved kafeen. Dette stemnet er eit fint høve både å oppleve det flotte museet og dans, musikk og song rundt om i "dei tusen tun". Heile programmet her.
 (11/6-04)
Smektande dansk folkemusikk - dansemusikk
For nokre veker sidan fekk vi tilsendt CD'en "Balance" frå Etnisk musikklubb - ei av platene i Nordisk profil. Dansk folkemusikk er vel ikkje det som er mest spennande alltid - men denne plata er verdt å lytte til! Det er to unge jenter som spelar, Tove de Freis og Malene D. Beck. Dei spelar fiolin og piano og det gjer dei på ein overbevisande måte. Dette er musikk ein blir glad av å lytte til eller danse til.
CD'en vann førsteprisen i Danish Music Awards Folk 2004 som beste nykommer.
 (11/6-04)
Dobbelt-CD og bok om setesdalsmusikken av Vidar Lande
På Etnisk Musikkforlag gjev Vidar Lande ut ein dobbelt-CD med tilhøyrande bok om musikk frå Setesdal. CD'en heiter Sordølen, og vil offisielt bli lansert under Landskappleiken i Eidfjord. Vidar Lande er frå Bygland og har heile liver dreve systematisk slåttesamling i Setesdal. Det materialet han no gjev ut er alt nyinnspelingar der han sjølv spelar. Det som blir gjeve ut no utgjer mindre enn halvparten av det han har spela inn. Og 2/3 av dette materialet er ikkje tidlegare utgjeve. Boka som fylgjer med gjev ei brei framstilling av tradisjonsliner og utviklinga av musikken i Setesdal. Her er også mange bilete, og myter og overtru, også om tittelslåtten Sordølen. Gunnhild Tømmerås er gjesteartist og syng slåttestev til nokre av slåttane. Dette ser ut til å bli ei gild lansering som mange har venta på og gler seg til.
 (9/06-04)
Berre folkemusikk til eksamen i "Musikkorientering" i vidaregåande skole
I faget "Musikkorientering" på studieretning "Musikk, dans og drama" var det i år berre folkemusikk i oppgåvene. I dette faget er det nå 24 timar førebuingstid, så elevane kunne før eksamen lytte på ca 20 kutt med folkemusikk av diverse slag. Sume synest eksamen var vanskeleg og litt snever. Særleg andre hovuddelen. Her skulle elevane svare på kvifor det synest som bruk av folkemusikk i rock og jazz er meir utbreidd i våre dagar enn bruk av folkemusikk i klassisk musikk. Ja, ikkje så lett å svare på for elevane?
 (06/06-04)
"Vindens hjul" i fullsett Stangvik kyrkje
Folkemusikkmessa til Henning Sommero vart vel motteke. I denne messa blir folkedans og folkemusikk framført i kyrkja. Les meir her.
 (04/06-04)
Shabana Rehman skal opne årets Telemarkfestival
den kjente standup-komikeren Shabana Rehman skal halde opningstalen under festivalen 29 juli til 1. uagust. Ho er mest kjent for løftet sitt av mullah Krekar, men leiaar for festivalen Øystein Akselberg seier at ho var ynskt som festivalopnar før det. Les meir her.
 (04/06-04)
Drømmestipend til Kristin Granaune (17)
Kristin Granaune får Norsk Tipping sin Drømmestipend på kr 10000. Prispengane skal ho mellom anna nytta til privattimar på sitt instrument som er torader. Les meir her.
 (04/06-04)
Gjermund Larsen (23) får  årets Øivind Berg minnepris
Gjermund Larsen er kjent som vinnar av Landskappleiken, som medlem i gruppa "Majorstuen" og tolkar av musikken frå sitt heimedistrikt i Trøndelag, ikkje minst musikken etter Hilmar Alexandersen. Prisen blir utdelt under Peer Gynt-stemnet på Vinstra 30. juli. Les meir her.
 (4/06-04)
Songdansen i sentrum når Sølja på Hamar feirer 30 år
Folkedanslaget Sølja på Hamar veirer 30 år med ei heil veke  i miden av juni 12-19 juni. Veka har fått mottoet "Danse mi vise - teikne min song". Grunnen til dette er at dei originale illustrasjonane til Harald Aadnevik og Kjell Klausen blir stilt ut i byen. Dei to kunstnarane ga for to år sidan ut bøker med illustrerte folkeviser. Veka blir opna laurdag med dans i gater og på torg. Kl 13.30 blir det offisiell opning der Aadnevik fortel om teikningane sine i Magasinet Østre Torg. Så vil Vebjørn Bakken og Oslo Songdanslag med kåseri og dans sette songdansen inn i ei historisk ramme. Dei andre dagane resten av veka er det ulike program med songdansen og folkevisene i sentrum. Meir her.
 ( 02/06-04)
Gitaristen Roar Vangen gir ut CD: "Streng"
Han held platesleppkonsert onsdag 2. juni kl 19 på Public Bar Triaden på Lørenskog. Plata består av 10 eigenkomponerte kutt som er sterkt påverka av folkemusikk Sjå meir her.
 (31/05-04)
Ny festival: «Skandinavisk folketone» på Haukeliserter 16-19 juni
Sjef for tiltaket
Maria Ohlsson fortel at dei no bygg ladets høgste scenegolv. Folkemusikkfestivalen er førebudd i 2 år og er ikkje meint å vere ein komkurrent til Bø-festivalen, men eit supplement. Ikkje mindre enn 140 artistar skal vere med på festivalen. Dei håper på 1000 menneske kal kome. Les meir her.

 (31/05-04)
Rudi gard opnar sommarsesongen i pinsa
Det er femte året på rad at familien Rudi i Sør-Fron ønskjer velkomen til gards. Sist sommar hadde dei omkring 6 000 menneske innom – ei tredobling samanlikna med året før. I løpet av eit par veker ferdigstiller dei eit nytt servicebygg på rundt 300 kvadratmeter. Det inneheld toalettanlegg, kjøkken, lager og serveringsplass på uteterasse med flott utsikt utover bygda. Les meir her.
 (31/05-04)
Landsfestivalen i gamaldansmusikk til Melhus i 2006
Melhus var tilhaldsstad for Landsfestivalen i 2001, og det var ein stor suksess. No får dei festivalen også i 2006, frå 19 -23 juli. Arrangør er søndre Trondhjems spelemannlag og festivalsjef Arild Hoksnes. Les meir her.
 (31/05-04)
Kan Schou-bryggeriet bli tilhaldsstad for folekmusikkens hus i Oslo?
BI skal om eit års tid flytte frå dei gamle Schou bryggeri sine lokale til Nydalen, og det er aktuelt å lage eit Kulturbryggeri i lokala. Ei nasjonal scene for folkemusikk og folkedans, 50 øvingsrom og danseskole, kino og Dansens hus eg aktuelt å legge her. Men dette er berre på tankestadiet ennå. Les meir her.
 (31/05-04)
Jan Beitohaugen Granli vart Fanitull i Ål
Det av i alt 12 deltakarar i årset Fanitullkåring i Ål. Tre av dei kom til finalen, og dei fekk vi høyre i dagens folkemusikktime. Best, og 15000 kr rikare, var Jan Beitohaugen Granli, Andreas Bjørkås fekk 2. plass (kr 10000) og Per Anders Buen Garnås nr 3 (kr 5000). Buen Garnås har vunne tre gonger før.
 (30/05-04)
Prisauken på instrument på fly kan knekke festivalar
Den store prisauken på overvekt med SAS Braathens kan knekkje ryggen på mange norske festivalar. Det seier direktør for Førde internasjonale folkemusikkfestival, Hilde Bjørkum til NRK. Prisen for å ta med eit instrument kan auke frå 500 kr til 5000 kr og det er dramatisk. Les meir her.
 (29/05-04)
"Spelemanns-Idol" på Dyskuplassen i Seljord under Telemarkstreffen
Den årleg trekkspeltreffen i Seljord kastar seg på "Idol"-bølgja. Men dei vil ikkje ha slike tilstandar som i Bergen der det er snakk om million-honorar, fortel prosjektleder Reidar Skogheim, som ventar 6000 menneskje til konserten med Odd Nordstoga med fullt band. Treffen finn stad 18 - 20 juni for 22. gong. Les meir her.
 (29/05-04)
Svært vellukka Folkemusikkveke i Ål
Vistnok vil veka slå alle tidlegare publikumsrekordar og andre rekordar, fortel dagleg leiar for veka Bjarne Lien til NRK. Han trur det kjem av eit stor og omfattande program ulike stader i Hallingdal. Men samtidig får veka kritikk av ordføraren for å vere lite folkeleg, og etterlyser til dømes ein folkemusikkpubb. Les meir her.
 (29/05-04)
På Oppdal kjøper dei telt til 1,2 millionar kroner til Landsfestivalen
Oppdal spell- og dansarlag har stifta eige selskap, Oppdal utleieservice AS, og kjøpt inn eit komplett arrangementstelt på 1000 kvm til 1,2 millioner kroner. Dagleg leder i selskapet er Lars Rise, som også er arena-ansvarleg i hovudkomiteen for Landsfestivalen i Gammaldansmusikk 14.-18. juli. Les meir her.
 (29/05-04)
Blømingsfestivalen i Kinsarvik arrangert for 14. gong
På denne festivalen står gamaldansen sentralt, og dei kårar "Vestlandets beste gamaldansorkester". I år var det "Hålandslaget" som vann føre "3-B". Les meir her.
 (29/05-04)
Eksamenskonsertar ved Noeges Musikkhøgskole
torsdag 27. mai hadde både Ragnhild Furebotten og Synnøve S. Bjørseth eksamenskonsertar på Norges Musikkhøgskole. Ragnhild på fele og Synnøve på hardingfele. Synnøve spela musikk får heimefylket Sogn og Fjordane, Valdres og Telemark og hadde med seg Nils Øyvind Bergset på torader. Ragnhild spela eit breitt utval av norsk folkemusikk og ho hadde med seg fleire utøvarar på ulike instrument.
 (29/05-04)
Barnedansfestival på Folkemuseet då dansegruppa fylte 50 år
Ved Folkemuseet i Oslo på Bygdøy fyller Barneleikarringen 50 år, og det vart for første gong skipa til  barnedansfestival på Norsk Folkemuseum i går. I tillegg til museets eigea dansegruppe, deltok Småjondølenes danselag i Kongsberg og Åssiden leikarring i Drammen, og dansarar frå Bærum. Les meir om festivalen her.
 (29/05-04)
Folkemusikk på TV: Fleire program enn på lenge
Det er ikkje kvardagskost med folkemusikk eller folkedans på TV. Men dei siste dagane har det vore bra på TV1 i NRK. På sjølvaste 17. mai, rett etter dagsrevyen, fekk vi det nesten times-lange programmet om hardingfela. Her var det mykje fint, sjølv om det kanskje vart noko raske skifte iblant. Dei to siste dagane tysdag 25. og onsdag 26. mai fekk vi så folkemusikk i programmet Megafon, som er eit musikkprogram på sein kveldstid. Tysdag fekk vi mellom anna høyre Daniel Varg som no bur i Setesdal, vi fekk intervju med Røine-karane i Ta:Lik plateselskapet frå Valdres, og fekk sjå delar av musikkvieoen med Jan Beitohaugen Granli, og vi fekk eit innslag med Susanne Lundeng. Onsdag var heile programmet via folkerockbandet Gåte. Mellom anna opptak frå Roskildefestivalen i fjor sumar. Positive takter frå NRK TV!
 (26/05-04)
Oslo Konserthus set opp ny musikkpris - men ikkje for folkemusikarar
Oslo Konserthus set opp ein ny musikkpris på kr 150 000 for musikarar innan klassisk, jazz og pop/rock, men ikkje folkemusikk. Konserthusdirektøren innrømmer at det var ubetenktsomt, og at folkemusikk kanskje kan kome med seinare. Meir her.
 (17/05-04)
Fin eksamensforestilling i "Norsk Folkelig Dans"
På Hersleb skole i Oslo var det avsluttande eksamensforestilling for dei elevane som i vinter har deltatt på kurset "Norsk Folkelig Dans", som Vegard Vårdal har hatt det faglege ansvaret for. I løpet av året har dei hatt 6 samlingar, som oftast i Vågå. Deltakarane har fått generell danseøving ved sida av at dei har fordjupa seg i ein spesiell dans eller dansetradisjon. Eit par danseformer har alle fordjupa seg i: Halling, Rull, Vågåspringleik. Eksamensforestillinga hadde elevane sett saman sjølv, der dei i grupper eller parvis viste "sine" dansar. Jentene var i fleirtal, og dei  dansa ofte gut. Mellom dei dansane vi fekk sjå var Telegangar, Rendalspolsk, Springdans frå Vestfold, Drevjapols, Sykkylvsspringar og Valdresspringar. Det var mange som møtte fram for å sjå på framsyninga, som var både morosam og fin. Jorun Marie Rypdal Kvernberg sytte for flott musikk til alle dei ulike bygdedansane. Eksamenskandidatane fekk stor applaus for framsyninga si, og det fekk også spelekvinna og Vegard Vårdal.
 (16/05-04)
Stildans på opninga av Bogstad Hovedgård i Oslo
Den 16. mai opna Bogstad Gård for publikum i strålande vårver. Det var mykje folk til stades, og dei fekk også sjå stildansarar frå Symra vise fram ulike kontradansar under leiing av Per Kristian Elvestad.
(Klikk på biletet så blir det større)
 (16/05-04)
(foto: Erik Skogen)
"Go'foten" i Oslo treng instruktør
Go'foten melder at dei treng instruktør til 30 ungdommelege veteranar på Slemdal skole i Oslo. Go'foten driv med gamaldans/runddans. Øving onsdagar. Kontakt: Verena Dehlie eller Anders Bull
22 14 36 32 22 14 85 98
 (16/05-04)
Osafestivalen vert 29-301oktober 2004
Osafestivalen på Voss består av seminar, kurs og konsertar med både klassisk musikk og folkemusikk. Det er eit samarbeid mellom Ole Bull Akademiet, Voss Spelemannslag, Voss Ungdomslag og Orkesteret Fossegrimen.
Nytt av året er det at festivalen har fått eige programråd. Steinar Ofsdal er kunstnerisk leiar og har med seg Frode Thorsen og Einar Mjølsnes. Nytilsett Undervisningsleiar ved Ole Bull Akademiet Kari Margrete Okstad er dagleg leiar for festivalen.
 (16/05-04)
Over 200 000 kr til folkemusikken i Oppland 
Det er Avisa Valdres som foer ei tid sidan meldte at Musikkverkstedordninga deler ut over 529000 kr til 32 musikktiltak i Oppland. Og det er folkemusikken som får mest - totalt 222100 kr. Mellom dei største beløpa nemner vi: Strunkeveka 40 000, Vågå Spel- og dansarlag 35000 til innstrument, Valdres folkemusikklag 22000 til kurs og musikkutstyr, Øystre Slidre spel- og dansarlag 51700 til kurs og instrument. Det er tidenes beste tildelingi Oppland sidan ein starta med denne ordninga, seier dagleg leiear for Norsk Musikkråd i fylket einar Nielsen. Musikkverkstedordninga støttar aktivitetar innan jazz, rock, folkemusikk og verdsmusikk. Av 50 søknader vart 32 innvilga. Norsk Muiskkråd administrerer også Frifond Musikk, som i år vil dele ut 34 millionar på landsbasis.
 (13/05-04)
Sommarkursa i Noregs Ungdomslag er 5.-11. juli på Inderøy
Sommarkursa i NU er på Sund folkehøgskole på Inderøy i Nord-Trøndelag 5. -11. juni. Her er det mange kurs å velje i. Mellom anna Instuktørkurs i folkedans, Kurs i Bygdedansen i Noreg, og Kurs i Polsdans frå Trøndelag og Kurs i Springar og Rull frå Voss. Det er også kurs i Turdansspel og kurs i Leik og læring. Les meir om kursa på NU sine heimesider.
(12/05-04)
Eksamensdans for studentane i folkedans
Søndag 16. mai skal studentane på studiet "Norsk folkelig dans" vise sin eksamenskonsert med dans og musikk. Dette studiet er gjennomført for første gong i år, og Vegar Vårdal har vore fagleg ansvarleg. På eksamenskonserten vil han spele saman med Jorun Marie Kvernberg. Forestillinga er på hersleb skole, herslebsgt. 20, kl 16, og det er gratis inngang.  Meir info: Folkekulturforbundet tlf 61238050. Studentane er:
Anderberg, Nina, Dahlin, Sara, Didriksen, Siri, Hernes, Steinar, Hogenäs, Johan, Franzèn, Johanna, Holen, Silje Nygaard, Kvam, Ingfrid Foss, Larsen, Stine Østby, Liaskar, Live Karin, Pedersen, Lill Hege, Pérez, Mattias, Roland, Stian, Rust, Randi, Schinstad, Torill K., Sjølyst, Anne Mona, Skoglund, Stine, Skrede, Vidar, Ström, Brita, Sunde, Kristin, Aarvik, Asbjørn
 (12(05-04)
Folkedans i Oslo 17. mai
For dei som vil danse folkedans i Oslo 17. mai er det fleire tilbod å velje i. På Universitetsplassen er det (folke)dans for alle frå 18.14 til 20.04. Etter det er det berre å gå rett til Storsalen i BLS-huset der det er folkedanskveld. "De frilynde" syter for god musikk, og det blir gamaldans, med litt tur dans og litt songdans.
Elles dansar Leikarringen i BUL på Karl Johan før barnetoget - for dei som berre vil sjå. Fleire av leikarringane dansar for gamle og sjuke på ulike institusjonar i og kring Oslo. Det gjeld iallfall Symra, Oslo Songdanslag og Sogn og Fjordane ringen.
 (12/05-04)
Spelmannslaget i BUL Nidaros fylte 50 år
Laget jubilerte i helga 23-25 april. Fredag kveld var det medlemer som møtte "gamle" medlemer i laget. Laurdag var det speling på byen, konsert, middag og dans, og speling på Sverresborg folkemuseum søndag. Alle spelemannslag i Trøndelag var invitert til spelsamlinga. Les meir her.
 (04/05-04)
Dårleg oppslutning om Hilmar Alexandersen festivalen i Steinkjer
Til saman var det berre seldt 350 billettar etter 4 dagar med festival, skriv Trønderavisa. På konserten med Laila Yvrum var berre 15 stolar i salen fylt. Heller ikkje på dei to store festkveldane, med Åge Alexandersen på opningskvelden, og på utdelinga av Hilmarprisen var det stort over 150 frammøtte. Hilmarprisen gjekk til verdalingen Geir Egil Larsen (59) for sin store innsats for tradisjonsmusikken. Les meir her
 (04/05-04)
Dronning Sonja opnar Førde-festivalen
"For første gong i Førde-festivalen si 15-årige historie vil ein representant for Kongehuset stå for den offisielle opninga av festivalen. At Dronning Sonja i sitt hektiske sommarprogram prioriterer å komme til Førde, er svært gledeleg både for festivalen og for byen, som dermed får ein optimal start på sommarens musikalske fyrverkeri." Det skriv festivalleiinga i ei pressemelding. Meir om festivalen her.
 (04/05-05)
Aftenposten: Nordstoga luktar ikkje gamp
Odd Nordstoga med band får eit stort oppslag i aftenposten etter den vellukka konserten dei hadde i Fabrikken i Oslo, der det var fullt hus. Aftenposten skriv at Nordstoga mikser tradisjon og nyare tonar på ein elegant og folkeleg måte. "Landet har fått noe så sjeldent som en kvalitetsbærer med bred folkelig appell, en ung mann med ett bein i tradisjonen og begge armene utstrakt mot det som måtte komme" skriv dei vidare i det nesten to siders store oppslaget.
 (4/05-04)
Tre begrædelige piger med ny CD: "Til deg"
Folkemusikkgruppa "Tre Begrædelige Piger" har i vinter spelt inn CD på KVARTS forlag, og onsdag 5. mai har dei plateslepp på debutplata "Til deg". Dette er tre friske jenter som har sin heilt spesielle spelestil som folkemusikkgruppe. ”Til deg” er ein produksjon med stor spennvidde, frå triste kjærleikssongar til oppmuntrande slåttar. Tre Begrædelige Piger legg vekt på å bevare folkemusikktradisjonen, men samtidig tilføre noko nytt.  Dei hentar repertoaret frå heimtraktene sine, Nordmøre, Romsdal og Hallingdal. Plata blir lansert som ein del av ein konsertturne: 2. Mai: Rauland, 3. Mai: Fagernes, 4. Mai: Ål, 5. Mai: Oslo m/sleppefest!, 6. Mai: Ålesund, 7. Mai: Oppdal, 8. Mai: Eidsvåg. Dei tre pigene er Ingunn Stræte Sørbøen (Hallingdal), Gro Kjelleberg Solli (Nordmøre) og Britt Elise Skram (Romsdal). 
 (28/04-04)
Prima musikk på Folkedanskveldane i BLS i Oslo
Folkedanskveldane i BLS er kjent for dei fleste som driv med folkedans. Desse kveldane blir arrangert kvar søndagskveld kl 19.30 til 10.45 kvar søndag i Halli, med unntak av sumarstida. No er det tre kveldar igjen, og med god musikk: 2. mai spelar Østerdølenes Spellmannslag, 9. mai er det Bærum Spelemannslag og 17. mai er det De frilynde. Det er nesten gratis å kome inn: langt under 100-lappen! Les meir her.

 (28/04-04)
Målselv kommune lyser ut 3 stillingar som distriktsmusikarar
Målselv ønskjer å prøve ut ei ordning der distriktsmusikergruppa blir orientert mot folkemusikk. "Tre stillinger lyses derfor ut som engasjement for skoleåret. Stillingene vi bestå av 50% undervisning i kulturskolen og 50% utøvende. Den utøvende delen av virksomheten vil bestå av skolekonserter, i samarbeid med musikk i Troms og deres produsent, egne produksjoner og samarbeid med lokalt kulturliv". Meir informasjon: kulturskolerektor, tlf:  77 83 77 49 /  97 11 94 87. Søknadsfristen er 30. april. Info også her.
 (28/04-04)
Bunaden bør vere sydd i Noreg!
Norsk Husflid sin nye bunadundersøkelse viser at 75% av befolkninga synest bunaden skal vere sydd her i landet og ikkje utanlands, og mellom dei som har bunad er det tilsvarande talet 79%. Dei fleste meiner også at bunaden bør ha ei geografisk tilknytning: 88% av dei som har bunad meiner det, medan 73% av dei som ikkje har bunad meiner det same. Dei spurte meiner også at tradisjon er viktig for bunaden, og 86 % av dei spurde meiner det er viktig at bunaden blir sydd rett i forhold til teikningar og tradisjon.
 (28/04-04)
Mange har bunad: 69 % av kvinnene og 39 % av mennene
Norsk Husflid har gjennomført ei bunadsundersøking som viser desse tala. Ei  tilsvarande undersøking  i år 2000 viste at 55% av kvinnene og 7 % av mennene hadde bunad. Dette er såleis ein kraftig auke på 4 år, spesielt når det gjeld mennene. Det er flest på Sør/Vestlandet som har bunad (68%), og Oslo/Akershus kjem på andre plass (57%). Elles viser det seg at det er fleire som har bunad dersom dei har høg inntekt og dersom dei har høgare utdanning.
 (28/04-04)
Prosjektleiarstillinga i NFD er utlyst
Norsk Folkemusikk og Danselag har utlyst ei stilling som prosjektleiar for eitt år  (100%). Prosjektleiaren skal førebu ein årleg festival i "Klassisk tradisjonsmusikk" i Kristiansand/Agder. Ein tar sikte på at første festivalenskal vere i 2005, og festivalen skal også innehalde fagseminar og kulturpolitisk konferanse. Søknadsfrist er 20. mai. Les meir her.
 (28/04-04)
Vellukka stildanskveld på Eidsvoll laurdag 25 april
Det var ca 60 personar tilstades på stildanskvelden på Festiviteten ikkje langt frå Eidsvollbygninga. God mat vart servert på Nebbenes. Det var Marita Ramstad som var primus motor for stildanskvelden. Av folk som var til stades har vi fått høyre at det var ein svært triveleg kveld, med ei blanding av stildans og turdans. Marita leia dansekvelden på eig fin måte. Kvelden hadde eit litt meir "nøkternt" preg enn eit vanleg "stildansball". Det var til dømes ikkje levande musikk denne gongen. Les meir her.
 (27/04-04)
Knut Buen til Bluesfestivalen på Notodden 5-8 august
I fjor var han med på Roskildefestivalen og i år blir det blues på Notodden for den allsidige musikaren. Han skal som kjent også delta på Telemarkfestivalen. Les meir her.
 (25/04-04)
"Fjøgl" til Stavern til sumaren
Østlands posten fortel at den omtykte trioen skal opptre i Stavern til sumaren. Meir her.
 (25/04-04)
Folkemusikkarkiv på Røros tar form
På Røros er Olav Luksengård Mjelva, Mary Barthelemy og Leif Ingvar Ranøien i ferd med å etablere eit folkemusikkarkiv for rørosregionen. Det held til på eit gamalt vaktmesterkontor i Kurantgården. Her har dei dei siste månadane samla lydopptak av slåttar, bilete frå regionens musikkhistorie, viser, noter og annan dokumentasjon om spellmenn og spellmannsliv. Les meir her.
 (25/04-04)
Norsk Kulturråd har løyvd 310 000 til innspeling av folkemusikk
Som døme på løyvingar kan vi nemne: Norsk Munnharpeforum får 50000 kr til to nye CD'ar med opptak frå 1936 til i dag. Etnisk Musikklubb får også 50000 til innspeling av verdsmusikk frå Noreg. Trygve Bolstad og plateselskapet Ta:lik får kr 40000 til CD og videoprodkuksjon. Ragnhild Furebotten gjev ut arkivopptak med Hans Haugen (1900.1973) frå Susendal og får 25000. Les her.
 (25/04-04)
Åge Alexandersen opnar Hilmar-festivalen i Steinkjer 28 april
Dei to arrangørane Hallgeir Modell og Leif Terje Nilsen har fått eit godt opnings-namn på festivalen der mange musikarar med tilknytning til Hilmar Alexandersen vil delta. Også filmen "Tradra – i går ble jeg tater" vil bli vist. Av mange gode artistar nemner vi  Einar Olav Larsen, Tone Juve, Helge Husby, Aslak Brimi og Laila Yrvum og mange gode orkester, mellom dei "Hølkelgaddan" frå Tingvoll. Det blir også kurs i dans og song under festivalen. Les meir her.
 (25/04-04)
Programmet for Jørn Hilme stemnet 19-25 juli er presentert
Stemnet tar mål av seg å vere noko meir enn ein kappleik og eit utstillingsvindu for valdreskultur sa stemneleiar Ola N. Døvre då styret presenterte programmet. Styret vil at festivalen skal gje rom for overraskingar og nye uttrykk, og inviterer næringslivet med som aktive støttespelarar. Budsjettet i år er på kr 800 000. Av det kjem 200 000 frå Norsk Kulturråd og berre 100 000 frå næringslivet. Kor mykje Fylkeskommunen og Region Valdres vil bidra med er ikkje avklart. Dagleg leiar for festivaeln (40% stilling) Solveig Hårdnes seier dei vil satse meir på marknadsføring. I år vert det totalt 20 konsertar. Vi kan nemne Dvergemål som kjem med Blix-programmet, Tore Bruvoll/Jon Anders Halvorsen med ballader og viser, Leif rygg med solokonsert, familien Liahagen med "From Hemsedal with love", og Trygve Bolstad vil presentere sin nye CD. Pål Bratås frå Hamar og brørne Anders og Niels Røine skal fylle hovudkonserten med bestillingsverket "Rispo". Les meir her.
 (25/04-04)
Sinikka Langeland og Ove Berg har fått finsk kulturpris
Dei to har fått kulturprisar frå "Kulturfonden för Finland og Norge", kr 25000 kvar. Prisane er delt ut i samband med at fontet er 25 år. Prisen er gjeven for arbeidet dei to har gjort gjennom sanrt 15 år for å fremje kulturutvekslinga mellom dei to landa. Dei to har røter i den felles finsk-norske kulturtradisjonen på Finnskogen. Her inngår også bruken av det finske nasjonalinstrumentet katele som eit viktig element. Dette les vi i Aftenposten.
 (25/04-04)
Bente Hemsing frå Valdres kjem med ny CD
CD'en kjem i byrjinga av sommaren og heiter "Sole-sprett". Det vert arrangert tradisjonsmusikk frå heile Valdres: salmar, sullar, og slåttar  spela på hardingfele, vanleg fele og langeleik. Medmusikantane på plata er resten av femilien Hemsing, i tillegg til Helge Nordbakken, Anders Røine, Stein Erik Tafjord og Harald Høyvik. Opptaka er gjort i Studio Stabbur. Det er meir å finne om dette og anna "Hemsingstoff" på dei nye heimesidene deira: www.hemsing.no.
 (25/04-04)
Andreas Ljones skal satse på verdsmusikk i London
Som den første på hardingfele kom han inn på Diplomstudiet på Musikkhøgskolen, og i vår vert han ferdig med studiet, og skal snart ha eksamenskonsertar. Den 27. mai skal han opptre i Trondheim med Trondheim symfoniorkester. Han har tidlegare spela i Geir Tveitts "Tri Fjordar" og "Fossegrimen" av Johan Halvorsen, og var med på å framføre nykomponerte verk på utimafestivalen. For at hardignfela skal kome betre til sin rett i eit orkesterverk, har han fått felemakaren Harald Lund til å byggje ei ny konserthardingfele. For å nå fram i eit hardt verds-musikk-marked vil han skape seg eit spesielt "image", og satse på Andreas Ljones Band for å nå fram til dei unge. Les meir her.
 (25/04-04)
Odd Nordstoga får svært gode kritikkar for plata "Luring"
Odd Nordstoga har nyleg gjeve ut ei soloplate som ligg i grenselandet mellom pop og tradisjonsmusikk. Han har fått stort sett 5 som terningkast for plata i dei store avisene, også 6. Måndag 3. mai står han og bandet hans på scenen på Fabrikken på Grünerløkka for å spille fra sitt nye album. Han har også fått nye nettsider: www.nordstoga.no. Han bur no i Oslo. I bandet hans er desse med: Geir Sundstøl - pedal steel, mandolin, dobro etc., Daniel Sandén Warg - fele, gitar, hardingfele
Thomas Tofte - banjobass, Erik Holm - trommer, perkusjon.
 (22/04-04)
Bjarne Ljones døydde 7. april vel 90 år gamal
Spelemannen Bjarne Ljones (1913-2004) var frå Ulvik i Hardanger, men budde det meste av livet på Ås i Akershus der han frå 1954 var professor i fruktdyrking på Landbrukshøgskolen. Han var ein framifrå kjennar sv speltradisjonar og spelemenn på Vestlandet, særleg hardanger og Voss. Han har skreve mykje om desse emna i mange blad og bøker, og har halde ei rekkje engasjerande foredrag om desse emna som han var den fremste kjennaren av.  Han var også med å stifta "Apalhagen spelemannslag" på Ås, og var i mange år medlem i Laget for folkemusikk i Oslo.
 (21/04-04)
Noregs Ungdomslag med vellukka Fagseminar
I helga 16-18 april gjennomførte NU sitt årvisse fagseminar på sørmarka utafor Oslo. Det var i alt 150 deltakarar til saman, det same som det har vore dei siste 3 åra. Det var fagseminar i Folkedans, i Bunad, i Teater og i Media, i tillegg til at sentralorganisasjonen avvikla Landsråds-møte (med leiarane i fylkeslaga). Det var mange aktuelle aktivitetar å vere med på. Mellom anna var det pedagogiske metodar for dei som skal lære bort folkedans, og det var drøfting av folkedansen si stilling i NU. Vi fekk også høyre  prosjektleiaren Asgaut Bakken fortelje om Folkemusikkscena, og Aaste Kveseth fortelje om "Kulturarbeidsplassar i distriktet".  Elles var det sjølvsagt sosialt samvær og mykje dans for dei som var med på Folkedansmøtet. Elles var mykje av tida på Folkedansmøtet nytta til "utvikling av eigen dansestil, og her var Aimi Peterson Dregeli, Vegard Vårdal og spelemannen Fredrik Lundberg lærarar.
 (18/4-04)
Folkemusikkscena i Oslo - OsloFOLK - flytter til Fabrikken på Grünerløkka
Samtidig med at dei offentleggjer vårprogrammet melder dei frå om at dei flytter tilskipingane til Fabrikken på Grünerløkka. Flyttinga har samanheng med at Folkemusikkscena endrar litt på profilen sin, og alle konsertane blir no profilert som OsloFOLK (også det som før var FolkemusikkPØBBEN). Det er leiaren for Folkemusikkscena Nils Øyvind Bergset som fortel dette til Ballade. På Fabrikken er det større plassen enn på Bør og
Børsen der pøbben heldt hus før. Av programmet framover kan vi nemne Odd Nordstoga med band, Tre begrædelige piger og gruppa Slagr. Les meir her.
 (18/4-04)
Berit Opheim og BIT20 på turne til Russland
For eit par dagar sidan reiste dei, og skal ha to konsertar i Moskva og ein i Volgograd, og til slutt ein i Rostov. Les meir her.
 (18/4-04)
Folkedrakter frå 1890 til 1920 er tema på utstilling på Evju Bygdetun
For hundre år sidan kunne ein bruke tversoversløyfe eller stråhatt til Telemarksbunaden. Det er mellom andre interessante ting på denne bunadutstillinga. Les meir her.
 (18/4-04)
Ho reiser frå Japan for å lære å spele hardingfele
Tre gonger for året reiser Japanske Rio Yamase reiser til Norge tre gonger i året for å lære seg å spele hardingfele.Hallvard Kvåle i bærum er læremeister og ho lærer etter "gamlemåten".Les meir her.
 (18/4-04)
Raulandstudent gjer djupdykk i folkemusikken i Sunndalen på Nordmøre
Studenten heiter Øystein Sandbukt og er i ferd med å gjennomføre eit omfattande studieprosjekt om sunndalsk folkemusikk. Det gjer han som avslutning på Mastergradsstudiet. Les meir her.
 (18/4-04)
Det nye NFD-styret vart konstituert
I det nye styret er desse med: Halvard Kaasa - leiar, Helene Høye - nestleiar, Maria Høgetveit Berg - skrivar, Tarjei Haugen - kassastyrar og Tore Bolstad - styremedlem. Varamedlemmene er Minna Wetlesen, Åshild Vetrhus og Jon Anders Halvorsen. Dei vedtok også å lyse ut ei eittårig prosjektstilling i 100% til å førebu fagseminar og festival i Kristiansand/Agder-regionen. Les meir her.
 (18/4-04)
Gamaldansgallaen i Vågå 7-8 mai lovar godt
Fleire av våre aller beste orkester kjem til gallaen, og du finn oversikt over programmet her.
 (18/4-04)
120 nordiske folkemusikkstudentar samla på Raulandakademiet
Det har aldri vore så mange som studerer folkemusikk i norden som no. Og nyleg var 120 av dei samla til seminar på Raulandakademiet. I år er det 13 skular som deltar, medan det i 1999 var berre 6, fortel den norske koordinatoren Frode Nyvold, som også er lærar ved Raulandakademiet. Det årlege internasjonale møtet heiter NORTRAD, og i år var det Noreg sin tur. Det er særleg mange som studerer folkemusikk i Sverike og Finland. Les meir her.
 (18/4-04)
Nye viktige arkivopptak av spelemenn funne i Valdres
Elisabeth Kværne ved Valdres Folkemuseum har gått igjennom ein stor bunke med lydbandopptak frå garden Bergsrud i Hedalen. I dette materialet har ho funne ei mengd ukjent tradisjonsstoff med spelemenn, sogeforteljarar og tradisjonsbærarar i Sør-Aurdal. Ho karakteriserer funnet som oppsiktsvekkjande og svært gledeleg. Les meir i Oppland Arbeiderblad og i Avisa Valdres.
 (18/4-04)
Ny CD med Odd Nordstoga i desse dagar: "Luring"
Den nye CD'en har fått namnet "Luring". Les meir her.
 (16/04-04)
Ingrid Søyland fekk folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane
For sin gode innsats for folkemusikk og folkedans fekk ho folkemusikkprisen på Fylkeskappleiken på Hermannsverk. Les meir her.
 (16/04-04)
Les på Internett: Stortingsinnstilling nr 155
Dette er innstillinga der maellom anna folkemusikk og folkedansens stilling er omhandla i kulturmeldinga. Les her.
 (16/04-04)
Sinnikka Langeland og Kåre Nordstoga med fin konsert i Oslo domkirke
Vi hadde gleda av å vere til stades under den fine konserten 1. påskedag. Dei to fine artistane song og spela frå den siste CD'en som kom nyleg - "Påsketona". Sinnika Langeland har fått ein svært godt tak også på den religøse folkesongen, med tekstar stort sett frå Kingos Salmebok, og tonar etter ulike kjente tradisjonskjelder, særleg Andris Vang frå Valdres. Nordstoga spela til dels folketonane åleine, dels som akkomangement til songen. I tillegg spela han ulike stykke av Bach. Den fine konserten hadde fortent eit langt større publikum enn det som var til stades i domkyrkja. 
 (16/04-04)
Oppdal satsar på topp deltaking på Landsfestivalen i gamaldansmusikk
Landsfestivalen går for seg i Oppdal 14-18 juli 2004, med Oppdal Spell og Dansarlag  som arrangør. Dei satsar mykje på å få gilde premiar til dei beste i dei ulike klassane, og vonar på den måten å samle alle dei beste gamaldansorkestera i landet. Dei prøver å la ein del av premieringa blir 8-9 godt betalte spelejobbar. Dei vil også satse på at gamaldansen i større grad kjem inn i radio og TV-program. Dessutan vil dei vende seg direkte til dei beste gruppene for å prøve å få dei med på festivalen. Det er marknadsansvarleg for Landsfestivalen Klaas von Ommeren som fortel dette til spelemannsbladet (2/2004).
 (12/04-04)
Fjernsynsprogram om hardingfela blir sendt 17. mai 2004
På sjølvaste nasjonaldagen blir det sendt eit 50 minuttars fjernsynsprogram på NRK 1om hardingfela, laga av Leiv Solberg. Programmet er ein del av ei internasjonal satsing i regi av EBU, den europeiske kringkastingsunionen. Ein kan difor venta at programmet blir sendt i mange land. I programmet får ein mellom andre høye Hauk Buen og det blir intervju med felemakaren Sigvard Rørlien. Ein vil også ta ein titt på vår eldste hardingfele - Jåstadfela frå 1651 som er på Bergen museum. Leiv Solberg har laga mange frernsynsprogram før, mellom anna 70 halvtimes program for NRK 2 i serien "Halvbror te reven".
 (12/04-04)
Vibå spelemannslag har fylt 30 år
Spelemannslaget har medlemer frå heile Rogaland, men har eit tyngdepunkt i sødelen av fylket. Gaute Hadland har vore musikalsk leiar i alle dei 30 åra. Gjennom åra har musikk frå eige fylke vorte ein viktigare del av repertoaret, og for nokre år sidan ga laget ut første CD'en sin "Fela i ura" med folkemusikk frå Bjerkeim. Dei har markert jubileet med turne, konsertar og jubileumsfest.
 (12/04-04)
Spelemannen Jørgen Østvang (1918-2003) er død
Han døydde i desember 2003. Østvang var frå Os i Østerdalen, men vart vart buande i Vang der han var lensmann. I mange år var han fast spelemann for Leikarringen i Østerdalslaget i Hamar, og i 1971 starta han saman med andre Spellmannslaget Leik. Her la han ned eit stor arbeid både som musikalsk leiar og som administrator. Han arbeidde og mykje for dei såkalla Toneheim-seminara, og hadde i mange år nybyrjarkurs i felespel. Han skreiv også ein del eigne slåttar. Han fekk Hedemarkprisen i 1981, vart æresmedlem i Hedemark Folkemusikklag i 1991 og Vardenprisen i 1992.
 (12/04-04)
Viser og slåttar frå Vesterålen: "Kvitare enn svanen"
Det er Sigrid Randers-Pehrson og Torill Karijord som har skreve denne boka om folkemusikk og viser i Vesterålen. Utgjevar er "Musikksamarbeidet i Vesterålen", er på 144 sider og har ein vedlagt CD. CD'en inneheld 47 kutt, og av dei er det 9 slåttar. Vokalinnslaga er ved Sigrid Randers-Pehrson og Leif Egil Andreassen spelar fele.
 (12/04-04)
Songtradisjonar frå Follo i ny bok av Tone Holte
Tone Holte har i fleire år samla songtradisjonar i Follo, bygdene sør for Oslo på austsida av fjorden. Tanken er at det skal kome felire bøker med innsamla materialet. Den første boka heiter Olafs sangskatt og er eit skriftleg materiale som Olaf Kristiansen (1896-1985) etterlet seg. Han vaks opp på ein husmannsgard, og det er songar av ulike sjangrar fram til andre verdskrigen som er med. Boka presenterer både tekst og notar. Sjå også på nettstaden Roskva.
 (12/04-04)
Dokumentarfilmen "Tandra" har fått god mottaking
Denne dokumentarfilmen handlar om tatarane sin lagnad i Noreg. Filmen har fått god mottaking og vart også vist på TV. Musikarane Elias Akselsen, Lasse Johansen, Laila Yrvum, Karl Sundby og Åge Alexandersen har sentrale roller i filmen.
 (10/04-04)
Sinnikka Langeland og Kåre Nordstoga med "Påsketona"
Dei to har teke for seg påskebodskapen og gjeve ut ei plate der Nordstoga spelar bearbeidingar av J.S. Bach og Langeland syng norsk og nordiske tradisjonsmusikk knytt til påska. CD'en kjem på "Nordic Sound". Dei to spelar frå plata i Oslo Domkirke 1. påskedag kl 19.30
 (11/04-04)
Øystre Slidre spel- og dansarlag med aktiviteten på topp
Vi har fått tilsendt eit oversyn som viser at det er mange og varierte aktivitetar i gang i laget. Døme: Nybyrjarkurs i Torader, Samspel i Hardingfele annakvar torsdag, Samspelkveldar på langeleik, Fredagsdans første fredagen i kvar månad, "Følkepøbb" på Beitostølen onsdagen i påskeveka og på Fossheim 8. mai, Song og songleikar for barn kvar laurdag på Herangtunet, Songkveldar annankvar søndag i Spelemannsstogo, Dansekveldar annankvar søndag i Spelemannsstogo, Helgekurs i Valdresspringar og halling (Solhaug 30/4 og 2/5) i Spelemannsstogo, "Lått og leven" for elevar i kulturskulen og andre. Det kan ta pusten frå nokon kvar! Informasjon: Stian Roland., tlf 90722690
 (02/04-04)
Laget for Folkemusikk i Oslo har konsert og vårfest 7. mai
Det blir Folkesangkonsert ved elever på Norges Musikkhøgskole
Sted: Holsts gate 3 - Sagene Festivitetshus. Elles blir det dansespel ved dugande spelemenn: Mari S. Ljones, Andreas Bjørkås, Ola Hilmen, Gjermund Larsen, Erland Viken og Olav Christer Rossebø. Staden er Holsts gate 3 - Sagene Festivitetshus kl 19.
 (02/04-04)
Noregs Ungdomslag stort sett positiv til innstillinga om Kulturmeldinga
I ein kommentar til innstillinga frå Kulturkomiteen på Stortinget seier dagleg leiar i NU Marit Jacobsen at Stortinget endeleg har fått auga opp for frivillig kulturliv. Ho seier vidare at "
Innstillinga til kulturmeldinga syner ei vending i norsk kulturpolitikk i høve til frivillig kultur. Det er gledeleg at verdien av frivillige kulturorganisasjonar har fått så brei omtale og er trekt fram på så mange område." Ho er også glad for at Frifondmidlane framleis skal delast ut av organisasjonane. Innstillinga inneheld fleire gledelege kapittel for Noregs Ungdomslag. Folkekulturen har òg fått stor plass, særleg folkedans og folkemusikk. I tillegg til at dei går inn for å støtte opprettinga av ei nasjonal scene for folkedans. Jacobsen er likevel lei seg for at fleirtalet i komiteen går inn for at 60% av overskotet av tippemidlane skal kunne gå til nasjonale kulturbygg, og ikkje til lokale bygg, som ordninga i utgangspunktet var tiltenkt. Det kan føre til mindre tilskot til ungdomshusa. Les meir her.
  (02/04-04)
Mykje gjevt og fint til Førdefestivalen i sumar
Festivalleiinga her sendt ut ei pressemelding der dei fortel om jubileums- programmet sitt. Det blir mellom anna gjensyn med den populære sigøynermusikkgruppa Taraf de Haïdouks frå romania som vitja festivalen i 1993. Elles er det vekt på musikk frå Karibia:  Asere frå Cuba, Petrona Martinez frå Columbia, Joaquin Diaz frå Dom. Republikk, Los Camperos de Valles frå Mexico og Ebony Steelband frå Trinidad. Også spennande norske grupper: Gaup/Reiersrud/Fliflet/Hamre har konsert i Førdehuset fredag 2. juli. Spennande er også den norsk-finske gruppa Frigg med brørne Gjermund og Einar Olav Larsen i spissen. Elles blir det premiere på "Meistermøy", gode lokal artistar som Øyvind Lyslo og Arne Sølvberg, familiekonsert med Ofsdal/Aw/Sereba. Les meir her.
 (02/04-04)
Kulturkommiteen støttar samrøystes ei Nasjonal Scene i Oslo-området
Stortingets kulturkomite har avgjeve innstillinga si om kulturmeldinga, og dei støttar samrøystes tanken om å få i gang ei nasjonal scene for folkemusikk og folkedans i Oslo-området. Komiteen meirer vidare at førde Internasjonale folkemusikkfestival må få status som knutepunktsinstitusjon, og påpeiker at folkedansen bør finne sin naturlege plass i skulen. Les meir her.
 (31/03-04)
Få, men ivrige deltakarar på gamaldanskurs i Sande
Det er 12 deltakarar på det 6 veker lange kurset i gamaldans. Det er Gammeldansens venner som arrangerer kurset og instruktørar er Turid og Magne Sørøy som også instruerer folkedans i mange andre ringar. Les meir her.
 (29/03-04)
Håvard Bergland har laga hardingfele av jern
Telemarkingen Bergland er ein dugande smed, og har laga verdas einaste hardingfela av jern. Han trur ikkje han vil selje fela, og veit ingen pris. Les meir her.
 (29/03-04)
Nordsjøfestivalen "Sailor's Wake" vekkjer oppsikt i Storbritannia
University of Newcastle upon Tyne ber om å få sende ein flokk studentar til Farsund for å spele under årets festival. Les meir i Farsund Avis og på Festivalsidene.
 (29/03-04)
Glede over at AP, SV og SP vil gje 1% til kulturen
Stortinget behandlar kulturmeldinga som vart lagt fram for nesten eit halvt år sidan. Dei tre partia går inn for å bruke 1% av statsbudsjettet til kultur. På ei pressekonferanse på Blå la dei fram dokumentet "Det store kulturløftet" - ein visjon for kultursatsinga framover. Her handla 6 av 15 punkt om musikk. Trond Giske fortel at dei i arbeidet har hatt stor nytte av "Samstemt"-dokumentet som vart overrekt til politikarane 1. mars. Bak dette dokumentet sto desse sju organisasjonane: Norsk Rockforbund, Norsk jazzforum, Norsk Folkemusikk og Danselag, Landslaget for Spelemenn, NorgesNettet, Gramart og Fono. Les meir her.  Og også her.
 (29/03-04)
Hallvard Kaasa attvald som leiar i Norsk folkemusikk og danselag
Laget hadde årsmøte 20. mars. Før årsmøte hadde det fore ei spørjeundersøking mellom medlemene og eit stort fleirtal av dei som svara var godt nøgd med den retninga organisasjonen styrer i. Med i styret kom
Maria Høgetveit Berg
Tore Bolstad, Tarjei Haugen, Helene Høye,
1.vara: Minna Wetlesen,
2.vara: Åshild Vetrhus, 3.vara: Jon Anders Halvorsen. Meir her. Her finn du også det nye arbeidsprogrammet.
 (29/03-04)
Ale Møller band på Cosmopolite søndag 2. april
Ale Møller er ein av dei fremste i svensk folkemusikk og verdsmusikk. Han har også samarbeidd med norske folkemusikarar, mellom andre Gunnar Stubseid. Les meir her.
 (29/03-04)
Trekkspelproblem for Håvard Svendsrud
Trekkspelaren skulle ha mange konsertar i USA, men då han kom dit stod han utan trekkspel, og heldt på å måtte avlyse 18 konsertar. Men så blir det seinare meldt at trekkspelet er kome til rette att i Amsterdam. Les meir her.
 (27/03-04)
Jon Anders Halvorsen og Tore Bruvoll gjorde lukke i Tyskland og Nederland
Dei to har halde konsertar i fleire byar og har fått svært fine kritikkar. Les meir her.
 (27/03-04)
Flott midnattskonsert i Bø kyrkje 
Den 19. mars var det ein fin konsert der med gjermund Larsen og Odd Nordstoga. 150 menneske deltok. Les meir her.
 (27/03-04)
Thomas Nilssen får kulturprisen i Løten
I samband med utdelinga er det konsert i Løten kirke laurdag 27. mars kl 17. Her deltar gruppa "Over Stok og Steen", kvedaren Hege Nylund frå Trysil og sangarar frå kammerkoret Collegium Vocale. Les meir her.
 (27/03-04)
 
BUL Molde har fått nettbasert medlemsblad: Bygdaliv
Det er Lars Staurset som står bak tiltaket. Han sender  ut til melding om bladet til alle som han trur har interesse av innhaldet. I det siste nummeret (nr 3/04) står det mest om Årsmøtet i Romsdal Ungdomssamlag, der det var uråd å finne ny leiar på det ordinære årsmøtet etter Heidi Løkingholm, så leiar må veljast på framhald av årsmøtet. Her finn du siste medlemsbladet.
 (27/03-04)
Folkemusikkpøbben "Siglar" i Ålesund med spennande program
Pøbben har fått fast tilhald i Teaterfabrikken. Fredag 26. mars spela Gabriel Fliflet og Ole Hamre
. Torsdag 1.april kjem Eli Storbekken med programmet «Nattergalen», med seljefløytespill og kveding. Laurdag 24. april kjem P.A. Røstads gammaldansorkester, årets kappspelvinnarar, og torsdag 6.mai "Tre begrædelige piger", som består av Britt Elise Skram på hardingfele, Gro Kjelleberg Solli på vokal/fløyte og Ingunn Stræte Sørbøen på trekkspel. Då skal pigene også være CD-aktuelle. Les meir her.
 (26/03-04)
Ragnhild Furebotten på pøbb i Oslo måndag 29. mars
Ragnhild Furebotten er frå Saltdalen i Nordland og har nyss fylt 25 år. Ho spelar i Majorstuen,.Saman med gitarist Tore Bruvoll og trekkspelar Stian Aase utgjer ho gruppa Draugtøva, og ho har også duo saman med Jorun Marie Rypdal Kvernberg. Ho har gått på folkemusikk i Telemark i 2 år og avsluttar i vår 4 års studium ved Norges Musikkhøgskole. Ho har også studert i Danmark og spelar såleis også dansk folkemusikk. Frå sumaren 2004 vil ho arbeide som freelancer. Les meir her.
 (26/03-04)
Titanofestivalen på Vinstra den 25. i rekkja
Festivalen går av stabelen på Vinstra 30. juni til 4. juli. Då vert det NM i gammaldans og durspel, men også irsk folkemusikk, dansebandkveld, titanorevy og sjølvsagt burskspel. Anlegget er rusta opp med nye sanitæranlegg og betre festivalhall.
 (23/30-04)
Hardtrening i Kristiansand spel og dansarlag føre Folkemusikkdagane
Sist laurdag og søndag var det Folkemusikkdagar i Kristiansand, og Fedrelandsvennen har vitja spelemannslaget som har øvt hard. Dei fortel at Halvdan Furholt har gjeve frå seg den musikalske leiinga i laget til Hilde Strømsnes (28) frå Osterøy. Les meir her.
 (23/03-04)
Fjordapuls med førpremiere i Oslo på førestillinga "Meistermøy"
Det var hyggeleg å vere til stades på førestillinga "Meistermøy" som er avslutninga på prosjektet Fjordapuls. Fjordapuls er namnet på det første prosjektet innan "Bygda dansar", og har vore i gang i nærpå 3 år. Her har eit 30-tal ungdom i slutten av tenåra fått lære seg lokale dansevariantar, og dette har resultert i "Meistermøy", som skal ha premiere på Førdefestivalen 4. juli, og skal seinare visast på Jørn Hilme stemnet. 
Det var feiande flott ungdommeleg danseteater vel hundre tilskodarar fekk oppleve på Kunsthøgskolen 20. mars. Førestillinga er bygt rundt eventyret "Meistermøy", og tale, dans, musikk og song smelta saman til ei gild forestilling på ein knapp time. Leif Stinnerbom har hatt regien, med Sigurd Aae og Kjell Klausen som assistentar, og Arne Sølvberg og Elin Grytting har vore musikalske leiarar. Egil Bakka og Siri Mæland ved Rff har vore dansefagleg ansvarlege. Dei ungdomane som hadde dei berande rollene (Eli Johanne Mjellem som Meistermøy, Åsmund Ulvedal som guten, Atle Hoff som risen og Åsta Urdal som forteljaren) gjorde ein fin innsats. Musikk-ensemblet på 7-8 feler, med Arne Sølvberg i spissen, gjorde sine ting fint, og bidrog sterkt til det gode resultatet. Dei mange fine kostymene hadde Inger Stinnerbom teikna. Rff står bak prosjektet "Bygda dansar" og "Fjordapuls" har fått økonomisk stønad frå Norsk kulturråd og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Vi trur at "Bygda dansar" kan vere eit av fleire positive tiltak som kan vere med å hjelpe fram interessa for norsk folkedans. Her er eit par bilete: Bilete1, bilete2, bilete3.
 (21/03-04)
Seks blad Buen på årets Telemarkfestival
programmet for Telemarkfestivalen er kome, og det blir mellom anna Buen-galla, med brørne Knut og Hauk Buen og søster Agnes Buen Garnås, og dei tre barna til Agnes, Per Anders, Ingvill og Jon Elling. Elles skal Anne Hytta lage bestillingsverket. Festivalen er frå 29. juli til 1. august. og er den 15. i rekkja. I alt skal det delta 140 artistar og det blir 21 konsertar i alt.
 (16/03-04)
Kjell Bitustøyl fekk Telemark mållag sin målpris for 2003
Det er særleg for god språkbruk i Spelemannbladet og som leiar for Telemarkfestivalen han har fått prisen. Les meir her.
 (16/03-04)
Annbjørg Lien og Ole Bjørn Rasch trivst godt på Sørlandet
Det skriv fædrelandsvennen som har hatt eit langt intervju med dei to musikarane som er godt kjent mellom anna frå *Bukkene Bruse". Sonen Nicolai er no 7 månader, skriv avisa. Di to, ho frå Sula ved Ålesund og han frå Elverum angrar ikkje på det valet dei gjorde for to år sidan, å flytte frå Oslo til Kristiansand. Les meir her.
 (16/03-04)
Vestby Historielag byr på folkemusikk frå Follo
PÅ kultursenteret i Vestby prestegard var det tradisjonsmusikk å høyre. Follo Gammeldansensemble i samarbeid med Saaner salongorkester spelte musikk som er bevart etter familien  Nordskaug. Anton Nordskaug (1872-1968) og brødrene Andreas (1905-1993) og Arne (1916-1992) spela mykje tradisjonsmusikk og noko eeer også blitt nedskreve i seinare år. Les meir her.
 (16/03-04)
Anne Mona Sjølyst i Haugtussa Leikarring er ein humørfylt dansepedagog
Det skriv Østlandsposten, som har hatt ein samtale med henne og fleire andre i ringen. Les her om det dei fortel.
 (16/03-04)
Sjokoladekappleiken i Seljord og Bø vart svært vellukka
Dette er ein årleg kappleik der dei aller yngste får vist seg fram både med sspel, kveding og dans. Både Telemarksavisa og Varden fortel om vellukka tilskipingar også i år.
 (16/03-04)
Over 400 6.-klassingar dansa folkedans i Tromsø
Over fire hundre 6. klassinger frå ni av skulane i byens fekk med seg dans, konsert og film då dei inntok Kulturskolen og Tromsø museum den 17. mars. Tiltaket var del av den kulturelle skolesekken.  "Danselæreren fekk elevene med på hallingkast og andre spreke øvelser som minnet mer om break enn folkedans" står det i referatet. Les meir her.
 (16/03-04)
Tone Hulbækmo er vekas artist i NRK P2 i veka 15 - 19 mars
Ho blir difor å høyre kvar dag i P2 i NRK torsdagar kl 09.30.
 (14/03-04)
"Dansedronning" Marita Ramstad (48), Hamar, har fått fire søstre og ein bror
Hamar Dagblad skriv 6. mars i eit stort intervju om folkedansaren Marita Ramstad som i fjor fekk vite at ho har fire søstre og ein bror i Sverike, og ho som før trudde ho var einebarn! Det gjekk 47 år før ho fekk vite dette. Ho voks opp i Rælingen. Ho er ein ivrig folkedansar, ikkje minst ivrar ho for stildansen, og dansar i fleire ringar på Hamar. Les meir her.
 (12/03-04)
"Fjordapuls " med førpremiere i Oslo 20. mars
Prosjektserien "Bygda dansar" har i Sogn og Fjordane vore i gang i 2 år, og der heiter prosjektet "Fjordapuls". Danseprosjektet skal avsluttast med ei forestilling som skal visast i sommar på Førdefestivalen søndag 4. juli. Forestillinga, som har fått namnet "Meistermøy" skal også visast på Jørn Hilme stemnet på Fagernes i sumar. Men førpremiere blir det altså i Oslo laurdag 20. mars på Kunsthøgskolen i Oslo, Fossveien 24. bilettpris kr 100/50. Det er i alt 36 spreke ungdomar som i tekst, song, dans og musikk viser fram kjærleik og draum. Leif Stinnerbom har regien.
 (12/03-04)
Topp musikarar på Folkemusikkpøbb i Oslo måndag 8. mars
Denne kvelden er det tre av våre aller fremste hardingfelespelarar Leif Rygg, Knut Hamre og Håkon Høgemo som spelar på "Prøverøret" Bør og Børsen i Trondheimsv. 13 kl 20.30 (dørene opnar kl 20). Pris kr 50.  Dei kallar seg "Slåttetrioen". Til saman har dei vunne Landskappleiken 14 gonger!   Meir her
 (05/03-04)
Songdans i sentrum i Oslo søndag 7. februar 
I forkant av BLS sin faste søndagsdans - Folkedanskvelden - vert det ei fin anledning å danse songdans. Då vert det frå kl 18.00 og utover ca 2 timar ein songdans-dugnad der alle med sans for songdans får rikt høve til å utfalde seg. Det blir ei blanding av små og store viser, ei blanding av gamalt og nytt. Songdansen har det som kjent blitt mindre av i seinare år, så truleg vil mange nytte høvet til ei god songdans-økt.
 (05/03-04)
Flott solidaritetskonsert for Afganistan
Folkemusikkkonserten til inntekt for musikkinstrument til Afganistan vart ei gild oppleving. Både musikarar og andre stilte opp gratis for at inntektene frå forestillinga skulle bli størst mogeleg. Det var nokså mange til stades, sjølv om Lindemannsalen på Norges Musikkhøgskole hadde plass til langt fleire. Både dei utanlandske musikarane og dei norske presterte på høgt nivå. Det var Lf S som stod bak konserten, og Randi Skeide og Jorun Marie Rypdal Kvernberg var programleiarar. Biletet viser Majorstuen i aksjon. Her er bilete av Odd Nordstoga og Øyonn Groven Myhren
 (5/03-04)
Heile 150 born på Lurvelegg sin leikfest
Det var born frå heile Austlandet som deltok på Barneleikarringen Lurvelegg sin leikfest på Hamar i slutten av februar. Les meir om den fine festen her.
 (29/02-04)  
Norske folkemusikarar gjev pengar til instrument til Afganistan
Den 2. mars kl 20.00 er det konsert i Lindemannsalen på Norges Musikkhøgskole til inntekt for musikkinstrument til folkemusikarar i Afganistan. Folkemusikken i afganistan har hatt dårlege kår i mange år, og dei manglar instrument. Det er mange flinke musikarar som deltar på konserten, mellom dei Odd Nordstoga, Knut Reiersrud og Anne Hytta. Les meir her.
 (29/02-04)
Einar Løndal fylte 90 år laurdag 28. februar
Den kjente spelemannen fylte 90 år nyleg, og det vart også markert i folkemusikkhalvtimen dagen etter. Vi fekk haure gamle opptak med spelemannen, og faktisk også eit lite intervju med faren Svein Løndal frå 1944, der han også spela ein slått, vistnok det einast opptaket NRK gjorde med han. Einar Løndal har spela inn ca 150 nummer i NRK.
 (29/02-04)
Andreas Ljones vil bli ein internasjonal artist
Han byggjer opp si eiga merkevare, skriv Gudbrandsdølen/Dagningen. Til hausten flyttar han til London, og vil bli ein internasjonal artist utan traust folkemusikkstempel. Han spelar i Majorstuen, som vann Spelemannsprisen for eit par dagar sidan. Les meir her.
 (29/02-04)
Folkemusikkkonsert i Eivind Grovens orgelhus laurdag 6. mars
Mange gode musikarar som "Huldraleiken", Bernt Balclhen, Tore Bolstad, Knut Trøen, Niels Røine, Kjell Chr. Midtgaard, Reidar Skjelkvåle, Eiliv Groven Myhren, Dagne Groven Myhren og Magne Myhren.
 (29/02-04)
Første folkemusikkpøbben på Fagernes 
I samarbeid med Den norske folkemusikkscena skipa Valdres Folkemusikklag til konsert med fleire flinke musikarar som Per anders Buen Garnås, Ingvill Marit Buen Garnås  og andre. Les meir her.
 (29/02-04)
Folkemusikkdagane i Ål opnar 17. mai
Den Norske Folkemusikkveka 2004 i Ål opnar på 17. mai, og det skulle gje ei fin ramme rundt opninga. Les meir her.
 (29/02-04)
Folkemusikk-hus og folkemusikkscene i Oslo?
Professor i antropologi Odd Are Berkaak har laga ei utgreiing om ei ny nasjonal scene for folkemusikk og folkedans på oppdrag frå Norsk Folkemusikk og danselag. Berkaak konkluderer med at det bør opprettast ei slik nasjonal scene for trasisjonsmusikk og dans. - "Slåttemusikken og dansen er unik for vårt land, den finnes bare her", seier han til Ballade. Fredag 25. februar vart utgreiinga presentert for presse og publikum i Oslo, og overlevert til kulturkomiten i Stortingen som i desse dagar handsamar Kulturmeldinga som skal behandlast i Stortinget 1. april. Les også her.
(29/02-04)
Folkemusikkpubben i Trondheim på Babylon er populær
Folkemusikkpuben i Trondheim hadde stappfullt hus (110+) med "Frigg" i februar. Den 15. mars er det  "Sver" - 2 svært dyktige ungdommer fra Røros-trakten, Olav Mjelva, fele, og Leif Ingvar Ranøyen, torader. I tillegg til alle de andre dyktige musikerne som hiver seg med i spillet. Frå 19.00 og utover. Gratis inngang. Info: morten.often@ngu.no
  (29/02-04)
"Majorstuen" vann Spellemannsprisen
I klassen for folkemusikk og gamaldans vart Majorstuen best i det direktesendet showet på TV2. Elias Akselsen var nominert i klassen viser, men han vann ikkje. 
 (29\02-04)
Ole Paus og folkemusikarar på Sunndalsøra
Ole Paus og Oppdal Spelemannslag har hatt konsertar saman på sunndalsøra og på Oppdal. Det er kyrkjene som er konsertarena denne gongen. Les meir her.
 (21/02-04)
Grundsetmart'n også i år 4-6 mars 2004
Denne martnaen var lenge den største og viktigaste i landet. Han går no føre seg på Mart'nsplassen i Eleverum sentrum. Også i år er det mykje folkemusikk og dans å høre og delta i, og fleire kurs mellom anna i finnskogspols og elevrumspols og polska frå Dalarna. Mellom dei orkestra som deltar finn vi Hæppy Skvett, Fiin Aargang, Vågå sp.lag, Falu spelem.lag og Mats Berglund m.fl.
 (21/02-04)
Hardingfelevideo på amerikansk TV
I samband med plata til Jan Beitohaugen Granli sumaren 2003 vart det også laga video. Denne vann kortfilmfestivalen Zoomin i fjor haust, og plata har blitt nominert til Spellemannsprisen. Plateselskapet ta:lik har no fått ei avtale med det amerikanske Tv-selskapet LinkTV om visning av musikkvideoen i USA. LinkTV er eit TV-selskap som har spesialisert seg på å sende nyheter og reportasjar frå heile verda til USA. Les meir her.
 (21/02-04)
Folkedans også "Midt i Musikken"?
Onsdag 18. februar var Pernille Amdahl frå "Midt i musikken" på besøk hjå Leikarringen Symra i Oslo, og spurde nokre av aktørane der korleis det står til med interessa for folkedans, og kva tankar ein gjer seg i miljøet om utviklinga. "Midt i Musikken" er ein fast programpost i NRK P2.
 (19/02-04)
Haugesund: Folkedans er moro, men vi treng fleire unge
I Haugesund Avis har dei vore på innstig på ei leikøving i Turnhallen i Leirvik. Her har dei snakka med yngstemann Harald Arne Veisdal frå Sagvåg som er 35 år, og som gjerne vil ha med fleire på sin alder. Les meir her.
 (19/02-04)
Nordsjømusikk frå Rogaland på pøbb i Oslo
Gruppa Geitungen spelar på "Prøverøret" bør og Børsen i Oslo. Med i gruppa er Vidar S. B. Skrede (1980), Olav Christer Rossebø (1981) og Håvard Ims (1982). Dei har sin bakgrunn få Rogaland der dei mellom anna spela saman i rogaland Ungdomsring. Les meir her.
 (19/02-04)
Vinterens bygdedansfest i Oslo vert laurdag 20. mars
Også i år går tre av dei bygdelaga i Oslo som driv med bygdedans saman og lagar til bygdedanskveld. Det er Valdreslaget, Numedalslaget og Hallinglaget. Mange dugande spelemenn vil syte for musikk, til dømes Ola Hilmen og Gunnar Amundsen (Valdres-spel), Bård Vegard Bjørhusdal ( Numedal og Telemark),  Hilde Kirkebøen og Ulf-Arne Johannessen ( Hallingdal) og  runddans til Sverre Gjevre m/orkester. Festen er i Folkets Hus på Kjelsås.
 (19/02-04)
Jarnfrid Kjøk attvald som leiar i Norsk Kvedarforum
Laurdag 14. februar var det årsmøte i Norsk kvedarforum i Oslo. Jarnfrid Kjøk vart attvald som leiar.
 (19/02-04)
Stildans - kva er det?
På rettleiarsamlinga i Oslo 15. februar vart det peika på at nemninga stildans ikkje har noko "offisiell" betydning. Likevel er det tydeleg at ho vert brukt - og ein kan lure på kva dansar som blir omfatta av stildansbegrepet. Det vart peika på at "kontradans" var ei meir presis nemning, og at sume lag nyttar det ordet. Slik ordet stildans vert brukt i praksis, omfattar det dansar som i hovudsak har si rot i danseskuletradisjonen. Her finn vi kontradansar (rekkjedansar og kvadriljer), men også ei lang rekkje pardansar. Sume av dansane (som Fransese, Kvadrilje, Lancier, Sekstur I etc) er dansar som i mange år har vore nytta i leikarringane, og som også står i retteliingsbøkene til Noregs Ungdomslag. Men mange av dansane har ikkje vore brukt i leikarringane før, og mange av desse kjem til oss frå stildansmiljøa i Sverike og Danmark. Mange av dansane vert elles tekne frå gamle nedteikningar av dansar, frå England, Noreg og andre nordiske land.
 (19/02-04)
Rettleiarsamling i Oslo 15. februar
Ca 30 folkedans-rettleiarar og folkedansinteresserte deltok på samlinga i BLS søndag 15. februar. Dette var tredje gongen at Folkedansnemnda i BLS skipa til ei slik samling. Formålet med samlinga var tredelt: - bli kjente med kvarandre og oppleve god dans saman, - lære nye og gamle dansar av kvarandre , - drøfte ulike sider ved temaet "Korleis revitalisere folkedansen?". Mellom dei ting som kom fram var at songdansen har dei siste åra fått mindre plass enn før i leikarringane, og at stildansen har fått eit breiare rom.
 (19/02-04)
Grenland Stildansgruppe med vellukka stildansball
Laurdag 14. februar skipa Grenland Stildansgruppe til stildansball på Heistad. Telemark Arbeiderblad har reportasje frå ballet. Det var rundt 100 deltakarar. Stildansgruppa øver ein gong for månaden, og dei tel 37 medlemer i alt. Les meir her.
 (17/02-04)
Vårsøghelg i Stangvik kirke søndag 15. februar
Henning Sommero sitt dansespel "Vindens hjul" skal då framførast med Dalakopa og Bel Canto koret frå Sandefjord. Folkedans-messa  har tidlegare mellom anna vore framført i Nidrosdomen. Les meir her.
 (15/02-04)
Triakel og Trispann på OsloFolk 18. februar
Dei to vokalgruppene opptrer på
OsloFolk, Parkteateret (Olaf Ryes plass 11) kl 21.00 (dørene åpner 20.00)kr 120,-/80,- Triakel er ei svært omtykt gruppe som har gjeve ut 2 CD'ar "Triakel" og "Vintervisor". Gruppene heldt konsert saman på Ål-stemnet i fjor. Les meir her.
 (15/2-04)
"Tiriltunga" med nyutgjeving av CD - "Kåte Ungdomsdagar"
Denne vokalgruppa gjorde stor lukke med sin song midt på 1980-talet. Med i gruppa var Kari Lønnestad, Gunnlaug Lien Myhr og Heidi Løvlund. Heidi døydde i 1999 av kreft. Dei ga ut ei LP-plate i 1985 og ein CD i 1992. Den nye CD'en inneheld LP-plata og deler av CD'en i tillegg til nokre radioopptak. Deler av overskotet går til Heidi Løvlunds minnefond. CD'en kan tingast hjå Kari Lønnestad 35953527 eller Gunnlaug Lien Myhr 32083379
 (14/02-04)
Felemakarverkstaden til Anders Aasen open uner Landskappleiken
I Eidfjord er felemakarverkstaden til den kjente felemakaren Anders Aasen teken vare på og ligg midt i Landskappleik-området. Her blir det "ope hus", og eigaren vil fortelje soger om felemakaren. Folk som har Aasen-fele blir bedne om å ta dei med slik at dei kan bli registrert og fotografert.
 (14/02-04)
Ola Stave frå Ål ny annonsekonsulent i Spelemannsbladet
Ola Stave er torader-spelemann og var med i styret i Landslaget for Spelemenn frå 1999 til 2002.
 (14/02-04)
Mastergradsstudiet i Rauland går "etter planen"
Spelemannsbladet som har intervjua sjefen for studiet, professor Vidar Lande, og han fortel det. Det er til saman 14 studentar på det nye studiet, 7 i folkemusikk og 7 i folkekunst, og av desse er heile 5 frå utlandet. Det er fleire deltidslærarar ved studiet, som til dømes Leiv Solberg, Frode Nyvold og Odd Aare Berkåk og Sondre Bratland.
 (14/02-04)
Ole Bull Akademiet tilbyr nytt studium fram til Bachelorgrad
I tillegg til spelemannsskulen og kvedarskulen, som no har eksistert i mange år og blir kalla Tradisjonsmusikk I, lyser Akademiet no ut Tradisjonsmusikk II. Dei skal her ta opp 6 studentar frå hausten 2004. Studiet er 2-årig og legg stor vekt på samspel og arrangering. På Tradisjonsmusikk I tar dei opp 8 nye studentar. Søknadsfristen er i begge høve 15. mars. Les meir her.
 (14/02-04)
Landskappleiken skal bli ein attraktiv lanseringsstad
Landslaget for Spelemenn vil at Landskappleiken skal utvidast til også å bli ei lanseringsarena for dei som vil gje ut plater, video og bøker med folkemusikk/dans-tilsnitt. Dei som vil delta på denne måten på Landskappleiken må medlde frå innan 15. mars. www.landskappleiken.no .
 (14/02-04)
Open klasse på Landskappleiken skal begrensast
Det har vore open klasse på Landskappleiken to gonger før. I Vågå var det første gongen, og passe mange var med. PÅ gjøvik vart klassen alt for stor, og konserten to svært lang tid, og difor har ein innført begrensing. Dei som vil vere med må sende inn ein demo innan 1. april, og innan 20. april vert det bestemt kveln som skal få delta. Les meir på www.landskappleiken.no 
 (14/02-04)
Programmet "Halvbror til reven" har sagt takk for seg
Programmet som Leiv Solberg har hatt ansvaret for på P2 i 12 år blir ikkje å høyre meir. Dei første åra hadde han programmet saman med Jørn Jensen og dei siste åra saman med Knut Reiersrud. I nokre år vart det også laga fjernsynsprogram med same tittelen. Eit av dei programma Solberg no arbeider med er eit TV-program om hardingfela, fortel han i siste nr av Spelemannsbladet.
 (12/02-04)
Spelemannen og organisatoren Jon Stuvøy (1915-2003) er død
I Spelemannsbladet 1/04 skriv Johan Vaa minneord om Jon Stuvøy.  Stuvøy var frå Hjartdal i Telemark og gjorde på mange måtar ein stor innsats for folkemusikken i Telemark og i landet. Han sat i styret for Landslaget for Spelemenn frå 1967 til 1973, dei tre siste åra som formann. Han skreiv også ei rad artiklar om emne frå folkemusikken, og laga eit 30-tals program i NRK. Han var heiderslagsmedlem i Spelemannslaget Vårlengt, i Telemark Folkemusikklag og i Landslaget for Spelemenn.
 (12/02-04)
Spelemannen og dansaren Ragnvald Lunde er død (1914-2003)
I siste nr av Spelemannsbladet (1/04) les vi at den dugande spelemannen og dansaren Ragnvald Lunde frå Hornindal døde i oktober 2003. Saman med kona Anna la han ned eit stort arbeid for musikken og dansen i heimbygda, og vart ein viktig formidlar av det gamle spelet i bygda. Han komponerte også eigne slåttar, ca 50 i talet. Han spela både hardingfele og vanleg fele. Han var heiderslagsmann i Hornindal spelemannslag, fekk Hornindal kommune sin første kulturpris i 1986, og Sogn og Fjordane folkemusikklag sin folkemusikkpris saman med kona. Dei to vart også heidersmedlemer i Landslaget for Spelemenn i 1979,  og han fekk kongens fortensmedalje i sølv. Arne M. Sølvberg skriv fine minneord om Ragnvald Lunde.
 (12/02-04)
Folkedans-rettleiarar har samling i Oslo 15. februar 2004
Rettleiarar i folkedans og andre danseinteresserte samlast til Rettleiarsamling i BLS-huset i Oslo 15. februar 2004, kl 12 -18. Meininga med samlinga er å møtast og bli kjent med kvarandre for dermed lettare å kunne samarbeide. Vidare vil dei lære kvarandre dansar som fungerer bra, og dei vil også drøfte folkedansen si stilling: "Kva kan gjerast for å revitalisere folkedansen?". Som kjent er det problem i mange lag med dårleg interesse for øvingar og kurs. Vil du vite meir, eller melde deg på, så send epost til Vebjørn Bakken.
 (08/02-04
Øyunn Groven Myhren intervjua i Vårt Land
I samband med den nye og første solo-plata si, er oslojenta intervjua. Les meir her.
 (09/02-04)
Ingunn Skjellfoss samlar inn  songar frå Østfold
Ho er folkemusikkstudent , frå Hobbøl og har i to år samla songskattar frå Østfold. Så langt har ho funne 200 songar. Les meir her.
 (08/02-04)
Ingebjørg Bø ny styrelear for Telemarksfestivalen
Etter at Kjell Bitustøyl trekte seg som leiar i fjor etter 5 år , er det no klart at Ingebjørg Bø (26) vert ny styreleiar. Ho er frå Bø, bur der og tar hovudfag på høgskolen i bygda, er både kvedar, dansar og spelemann. Dei andre i styret er: Hilde Pedersen, Hans Frømyr, Ailin Aastvedt, Anders Røine, Per Johan Nordvik, Lina Væthe, Otto Christian Dahl, Birthe Slåtta Riis og Line Amdal. Les meir her.
 (08/02-04)
Spelemannbladet nr 1 /2004 med nokre artiklar på Internett
Det siste nr av Spelemannsbladet har lagt nokre av artiklane sine ut på Internett. I tillegg til Leiarartikkelen, kan du lese om Landskappleiken som lanseringsarena, om Open klasse på Landskappleiken (der det blir kvalifisering), om Mastergradsstudiet i Rauland og om Astri Skarpengland som er kvedar og "Stammeleiaren". Les dette her.
(08/02-04)
Midtnorsk Folkemusikkfestival i Steinkjer 13-15 februar
Det er over 100 musikarar påmeldt frå Trøndelag og over 100 frå Finland og Sverike. Også vinnarane av Kappspell 2003 skal delta. Les meir her.
 (08/02-04)
Sunnmøre Spelemannslag 10 år og med ny CD
Laget feirar 10 år med å gje ut ein CD i Samarbeid med Folkemusikkarakivet i Møre og Romsdal. Det er slåttar og religiøse folketonar frå Sunnmøre, både springdansar og nokre gamaldansmelodiar.
 (08/02-04)
Månadens Album på Etnisk Musikklubb: Indre Sunnfjord spelemannslag
Indre Sunnfjord Spelemannslag har gjeve ut ei ny plate på plateselskapet til Etnisk Musikklubb. På CD'en er det eri blanding av slåttemusikk og runddansmusikk frå Sogn og Fjordane. Det er mange dugande solistar med på plata, til dømes Joar Skorpen, Synnøve S. Bjørset, Gro Marie Svidal, Ellen Th. Thunland, Anders Eikås, Sigmund Eikås, og hardingfeletrioen Svevnlaus.
 (08/02-04)
Ragnhild Knudsen spela hardingfele i Kina
Ragnhild Knudsen, lektor ved folkemusikkstudiet på Rauland og hardingfelelærar i Seljord, var ein av to norske utsendingar på ICTM sin verdskonferanse for folkemusikk. Det var første gong at denne konferansen vart halden i Kina. Over 300 delegatar frå 34 land å finne ut kva dei kunne lære av kvarandre om folkemusikk og folkemusikk-  forskning i alle land. Les meir her.
 (28/1-04)
Folkemusikktreffen i Vågå er helga 30. januar - 1. februar
Det er 19. gongen på rad at Vågå Spel- og Dansarlag skipar til "Folkemusikktreffen" midtvinters. Sentrum for treffet er som vanleg Vågå Hotell. Det blir dans frå to scener, buskspel, sosialt samvær og dans. Fast innslag er også kursa, i år vågåspringleik med Knut Odnes og felekurs ved Øystein Rudi og Thomas Lomundal, og hallingkurs ved Magne Kleiveland. Dessutan kurs i kontrabass ved Ketil Sandum. Les meir her.
 (21/01-04)
Kappspell 2003 slo svært godt an blant fjernsyns-folket
Dei fire TV-programma som gjekk føre jul og i romjula vart svært godt mottekne av publikum, skriv NRK.  Dei fire programma hadde eit snitt på 566.000 sjåarar, og ein gjennomsnitteleg markedsandel på 42,5%. Så folk set pris på gamaldans også på TV. Vi får vone at NRK tar sine eigne høge sjåartal på alvor, og sender meir folkemusikk og gamaldans på TV. Les meir her.
 (21/01-04
Ny kjelde-CD for Innherred i Trøndelag ferdig
Den nye CD'en - den tredje i rekkja, blir lansert på eit seminar i Verdal fredag 23. og laurdag 24. januar. Det er Trøndelag folkemusikklag som står bak arbeidet. Meir info: Trygve W. Skavhaug, Markvegen 24, 7600 Levanger, tlf 95759508
E-post: <mailto:trs@hint.no>trs@hint.no 
 (15/01-04)
Folkemusikkpøbb og så i Tromsø!
Det er  Foreningen Folkemusikkpøbb i Tromsø og KulturHuset som står bak tiltaket med pøbb. Opningsdatoen er 30. januar og samlingane vil vere på Teaterkafeen. første gongen er det ein trio frå Tromsø som spelar: Julie Alapnes Normann på fele, Arnt Ivar Alapnes som trakterer gitar, og Pål Thorstensen på bass. Vidare utover våren er det pøbb 27. februar, 19. mars, 30. april og 28.mai. Detaljar her.
 (15/01-04)
NRK lover at P2 vil bestå i noverande form i lang tid framover
Dagleg leiar i Norsk folkemusikk og danselag Jan Lothe Eriksen er redd at ny konkurranse i radio-verda vil endre også P2 bort frå sin gode kulturprofil. Nils Heldal, radiosjef i NRK, hevdar at det ikkje er grunn til å frykte ei slik utvikling. Les her.
 (11/01-04)
Askerladden jubla for tredjeplassen i Kappspell 2003
Det relativt nye ganaldansorkesteret var svært lukkelege for den 3. plassen dei fekk. Les om det her.
 (11/01-04)
Susanne Lundeng med ny CD 20. januar
Det er hennar 5. studioalbum og heiter "Forunderlig ferd". Ho har skrev dei fleste låtane sjølv og som den førre plata kjem denne på Kirkelig Kulturverksted. På lanseringsdagen blir det konsert i Jacobskirken i Oslo. Les her.
 (11/01-04)
Folkemusikklubben Columbi Egg feier 5 års jubileum 17. januar
Då skal Helge Jordal synge Bergensviser i Logehaven. Til vanleg held klubben til i på Ludvig bar på Hotell Neptun måndagar kl 20.30. Men denne gongen flytter dei til større lokalar. Leiaren  for Columbi Egg, Gabriel Fliflet er intervjua i Bergens Tidende.
 (11/01-04)
Sandarringen feira sitt 10. Stildansball 3. januar
Det var 72 dansarar til stades på Jubileumsballet, der Sandar Spelemannslag med 10 manns orkester spela. Det gjekk føre seg i dei fint restaurerte lokala til Sandefjord kurbad. Solfrid Røed var ein dugande leiar for det vellukka ballet. Les meir her.
 (11/01-04)
Øyonn Groven Myhren får god kritikk i Telemark Arbeiderblad
Ho kom nyleg med ny CD som berre inneheld slåttetralling - frå Telemark og frå Hallingdal. Det kunne lett blitt kjedeleg og monotont skriv avisa men slik er det ikkje. Les meir her.
 (11/01-04)
Auke i søkjertala til Norges Musikkhøgskole
Skulen melder om ei gledeleg auke (15 %) i søkjertala til kandidat- og mastergrad-studiet, særleg gjeld det jazz og folkemusikk. Les her.
 (11/01-03)
Tvillingsøstrene Kjersti og Rønnaug Tingelstads viste seg fram på TV
Dei to 18 år gamle tvillingane frå Vingelen i Nord-Østerdalen går på Holmen videregående skole. På Olavskonserten frå Trondheim sspela dei fele og song på ein svært overbevisande måte. Arbeidets Rett har eit langt intervju med dei to folkemusikk-talenta.
 (11/01-04) 
Arne M. Sølvberg ny leiar i Rådet for folkemusikk og olkedans
Det vart stor utskifting i Rff - heile 6 av dei 7 medlemene i rådet er skifta ut. Den einast som er att av det gamle styret er Ruth Anne Moen, som no har blitt nestleiar. Lisa Halvorsen og Jan Petter Blom går ut pga høg alder, medan Brit Håland, Elisabeth Kværne, Øystein Ovrum Rudi og Asbjørn Tyssen takka nei til attval av ulike grunnar. I det nye styret finn vi desse: Sondre Bratland, Unni Løvlid, Tonje Winje, Vegard Opheim og Bjørn Lien. Den nye leiaren er kjent spelemann, dansar og bonde frå Nordfjord, og er også med i styret i Landslaget for Spelemenn. Det nye styret skal fungere i 4 år. Rådet har tidlegare vore styre for den offentlige stiftelsen Rådet for folkemusikk og folkedans ved NTNU i Trondheim, men no skal stiftelsen opprette eit eget styre. Les meir i Nationen som har intervjua den nye leiaren.
 (11/01-04)
Bent Jacobsen i Dalakopa får Røros kommune sin kulturpris for 2003
Han er dansk, kunsterisk leiar i Dalakopa, komponist, musikar, plateprodusent og mykje anna. Les eit langt intervju med prisvinnaren i Arbeidets Rett.
 (11/01-04)
Nominasjonane til Spelemannsprisen er offentleggjort
I kategorien Folkemusikk/Gamaldans er desse tre nominert: Jan Beitohaugen Granli med "Lite Nemmar", Majorstuen (biletet) med "Majorstuen" og Sturla/Andreas med "Glimmer". Dessutan er Elias Akselsen  med "Her kommer dine arme små" nominert i klassen viser. Vidare er Hallvard Bjørgum & CO med  «Free Field» nominert i Åpen klasse. Spelemannsprisutdelinga vil gå føre seg i Chatau Neuf den 28. februar. Les meir her.
 (05/01-04)
Boka om Sigbjørn Bernhoft Osa omtala i Fedrelandsvennen
Gunnar Stubseid si bok om spelemannen Osa har fått brei og positiv omtale i Fedrelandsvennen. Dei har også intervjua Stubseid. Les her.
 (03/04-04)
NU intervjua i Klassekampen
Som vi har meldt før fekk Noregs Ungdomslag i år fast plass på "Kulturbudsjettet" påStatsbudsjettet med 300 000 i stønad. Etter fleire års hard kamp har altså NU for første gong fått direkte stønad over Statsbudsjettet. Fordi NU har satsa på arbeid i alle årsklassar har dei tidlegare falle utanfor mange stønadsordningar. Klassekampen har intervjua NU om dette. Les her.
 (03/01-04)
Flott julekappleik på Høydalsmo 3. juledag
Spelemannslaget Sullarguten feira sin 20. julekappleik på tradisjonelt vis 3. juledag. Det var også 25-årsdagen for spelemannlaget. Torgeir Straand frå Bøheringen vart beste spelemann. Elles har det teke videoopptak frå alle dei 20 kappleikane, og eit utdrag av desse vart vist i år. Meir her.

 (3/01-04)
Godt nytt år!
Vi ynskjer alle lesarar og bidragsytarar til folkdedans.com eit godt nytt år!
Beste helsing Vebjørn Bakken
  (3/01-04)