Kappleikar og kappdansar  i Vestmannalaget 
Den første i 1896

I perioden 1896 til 1914 skipa Vestmannalaget i Bergen til ei rad kappleikar og kappdansingar. Den første kappleiken var i 1896 - den aller første på Vestlandet. Seinare har laget iblant skipa til jubileumskappleikar, til dømes i 1966  (70 år etter den første) og i 1971. Direkte til kappdansane her.

Bakgrunnen for kappleikane i Vestmannalaget var nok at Ole Bull i kring 1850, då han starta teateret sitt, fekk kjende spelemenn til å spela der, mellom andre Myllarguten. Vestmannalaget vart skipa i 1868 av Henrik Krohn, og var første mållaget i landet. Laget la stor vekt på alt som har med norsk og norrøn kultur å gjera, og i blant var det også slåttespel og "nasjonaldans" på møta i laget, til dømes bergensaren  Suckow  i (1871), og seinare valdrisen Trond Eltun og vossingen Lars Osa.


den første kappleiken i 1896, om kvelden 16. mai, var det sett opp store penge-premiar, kr 100 til saman, og det melde seg 20 spelemenn. Av dei møtte 17, alle frå Hordaland og Sogn og Fjordane. Kappleiken var i det spesielle huset til kunstnarane Olav og Frida Rusti, og domarane var velvyrde bergensarar: dispasjør Frans Beyer,  konsul John Grieg og kapellmester Johan Halvorsen. Premievinnerane var:
1. Sjur Helgeland (Voss) 2. Gunnar Lundakvammen (Førde) (81 år), 3. Nils Tjoflaat (Kinsarvik). Andres K. Stedje (Dale) fekk ekstrapremie. Edvard Grieg var ein av tilhøyrarane. Det vart teke eit bilete av spelemennene der 10 av dei var til stades.
Eit langt interessant referat frå den første kappleiken kan finnast her.

den andre kappleiken i 1897 var det endå fleire og større penge-premiar, og det melde seg 48 frå store delar av Sør-Noreg. Av desse møtte 38. Domarane var dei same som året før. Spelemennene vart delt i 2 klassar: under 22 år og under 22 år. Premievinnarane var:
Senior: 1. Olav Moe (Vestre sldre) 2. Nils Tjoflaat (Kinsarvik) (81 år), 3. Peder O. Sannes (Lærdal). Ekstrapremiar: 1. Gudmund Eide (Eksingedalen), 2. Svein Lutro (Ullensvang) og 3. Ivar Langenes (Lindås)

Junior: 1. Tobias Tveiten (Lindås), 2. Nils Rogde (Ullensvang), 3. Ivar Eide (Eksingedalen)

Den 3. kappleiken var i 1898, under målmarknaden 28. juli (17. mai var det kappdans i halling). Det var færre deltakarar denn gongen (midt i slåtten), men folk både frå Telemark, Setesdal og Trøndelag.
Senior: Sjur Helgeland (Vossestrondi), 2. Hallvor Haugan (Hjartdal), 3. Andres V. Bunde (Vang i Valdres).
Ekstrapremie: Ola Mosafinn (Voss), Eivind Aakhus (Byggland Setesdal) (nett attkomen frå Amerika) og Peder O. Sannes d.y. (Lærdal)
Junior: 1. Jens A. Lonebotn (Hyllestad Sogn), 2. Hallvard J. Svartveit (Utne), 3. Nils Rogde (Ullensvang)

Sumaren 1998 var det landsutstilling i Bergen, og kappleiken den 28. juli var ein del av ei større tilskiping som Vestmannalaget fekk til og som dei kalla Olsok-stemna 1898.Det var først ei målmannsstemne den 27. juli, så kappleiken den 28. og så Olsok-stemne den 29. og 30. juli. På olsokdagen vart også Håkonshallen i Bergen offisielt opna og vigsla, og om kvelden teken i bruk til den store stemna, der det var eit gildt program. Det var talar, song og spel. Thorvald og Mally Lammers song (også Draumkvedet), Per Sivla las dikt, Hans Seland og Dore Lavik las, Lars Eskeland tala og Sjur Helgeland spela slåttar.

Til den 4. kappleiken i 1900, den 17. mai, møtte 25 spelemenn.
Senior: Olav Moe (Vestre Slidre), 2. Tobias Tveiten (Lindås), 3. Hallvor Haugan (Hjartdal), 4. Svein Lutro (Ullensvang), 4. Per Mæle (Haus).
Junior: 1. arne Bjørndal (Hosanger), Nils Rogde (Ullensvang), 3. Ivar Eide (Eksingedalen) og Johan Eikedal (Samnanger).
"Domsmennerne totte at spelet paa jamnen var i stor framgang. Serleg spela dei unge reint utifraa. Etter kappleiken spela Kari Rudi fraa Valdres nokre slaattar paa langeleik. folk lydde paa med hugnad og undring; - det var nytt og ukjent for folk her, dette mjuke, vene spelet."

Den 5. kappleiken i 1902
Senior: Olav Moe (Vestre Slidre), 2. Torkjell Haugerud (Telemark), 3. Nils Rogde, 4. Tobias Tveiten
Ekstrapremiar: Ivar Langenes og Sjur Eldegard.
Junior: Lorents Hop (Fana), Johan Eikedal, Henrik Mjaatveit (Alversund).
"Det møtte daa mellom m.a. tvo stor-spelarar autantil: Olav Moe fraa Valdris og Torkjell Haugerud fraa Telemarki. Fraa Vestlandet kom det nokre av dei gode gamle, som Ivar Langenes fraa Lindaas og Sjur Eldegard fraa Aardal i sogn. Han "Sjur i Eldegarde" - far til skodespelaren sigurd eldegard - hadde vore meister-spelemann i si tid. Men som vart det synd aa sspela paa fela i sogn, og i tjuge aar hadde han ikkje fela i hus. Paa sine gamle dagar tok han paa att, og han spela dei gamle slaattarne godt; men han vart aldri den han hadde vore.
Domsmennene totte at Mo og Haugerud stod so likt, at dei visste lite aa skilja millom deim. Dei fekk difor same premien baae, men Mo skulde hava ein liten fyremun."

Den 6. kappleiken i 1904. Det kom over 30 spelemenn, mang frå Austlandet.
Senior: 1. Aslak Lundtveit (Lunde i Telemark), Olav Mo (Vestre Slidre) og Kjetil Flatin (Seljord), 3. Hallvor Haugan, 4. Sjur Eldegard og Olav Okshovd (Øystre slidre)
Ekstrapremie: Sjur Helgeland (Voss).
Junior: 2. Henrik Mjaatveit og Lorents Hop. Ekstrapremie: Johan Eikedal.
"Dei tri beste stod so likt at dei fekk fyrste premie alle. --- Av ung-gutarne fekk ingen fyrste premi."

Den 7. kappleiken i 1906. Ca 30 spelemenn. Her er bilete av spelemennene.
Senior: 1. Aslak Lundtveit og Sjur Helgeland, 3. henrik Mjaatveit, 4. Hallvor Almannkaas (Seljord)
Ærespremie: Ola Mosafinn.
Junior: 1. Lorents Hop, 2. Sjur Øvsthus (Kvam), 3. Halldor Meland (Ullensvang). Ekstrapremie: Laura Reigstad (Valestrand) og Gerda Vangsnes (Balestrand)
"Og aldri hadde det fore so mange gode spelemenner vestantil fyrr. Serleg aatgaadd vart den 78 aar gamle vossingen Ola Mosafinn. Han hadde fore med fyrr og, men ikkje vore heppen. No fyrst kom det fram i dagen kor stor ein meister han i røyndi var, endaa han sjølv med sitt bljuge lag helst vilde gøyma seg undan. Han fekk daa og ein serskild ære-premi. ----  Det var fyrste gong det hadde vore gjentor med paa ein kappleik. Og dei spela godt. Dotter til Ole Bull, fru Olea bull Vaughan, hadde, som vanlegt, kome fraa Amerika til denne 17de mai-stemna i Vestmannalaget. Ho kom noko seint, og daa hadde gjentorne spela. Men daa ho fekk vita at der var ei jenta fraa den bygdi der far hennar hadde butt (Valestrand), daa laut ho plent faa høyra henne. Og Laura Reigstad maatte fram att og spela for Olea Bull."

Den 8. kappleiken i 1908.
Senior: Arne Bjørndal og Halldor Meland
Junior: Lorens Hop, 2. Johannes Knutsson Dale (Tinn) og Torfinn Litlere (Naustdal), 3. Karl Gudmundsson Kollstad (Manger) og Sjur Øvsthus. Ekstrapremie: Lars Augastad (Jondal) 13 år.
"I 1908 var dei ei liti ugreida med aslak Lundtveit og Sjur Helgeland, so domsmennerne fann at dei maatte setja deim ut or tevlingi. Arne Bjørndal og Halldor Meland stod so jamt at dei fekk 70 kr. i premi kvar. --- Dette året hadde det serleg møtt fram mange gode unge spelemenner; det vart difor teke noko av det som var etla til dei eldre, og lagt til dei unge --".

Den 9. kappleiken i 1910.
Senior: 1. Gunnulf Borgen (Bøherad), 2. Halldor Meland og Lorents Hop, 3. Hallvor Haugan og Karl Kollstad.
Junior: 1. Olav Aurdal (Hosanger), 2. Nils Borge (Vossestrondi), 3. Rasmus Breidstein (Hamre)

Den 10. kappleiken 1912. Berre for spelemenn under 25 år. Nokså få deltakarar.
1. Lorents Hop, 2. Jon Rosenlid (Nordfjord), 3. Henrik Gjellesvik (Haus), 4. Leiv Tomasgard (Hornindal)

Den 12. kappleiken i 1914.
Senior: 2. Sevat Satøyen (Aal), Lorents Hop og Jon Rosenlid (Nordfjord), 3. Henrik Gjellesvik, 4. Lars Hæve (Voss) og Per Berge (Voss)
Junior: 2. Per Bøtun (Fresvik) og Leiv Tomasgard (Hornidal), 3. Hans søtren (Innvik), og Ludvik Larsen (Nes i Hallingdal), 4. Anders Olsson Viki (Jølster) og Fridtjov Erneshaugen (Ullensvang).
"Til denne kappleiken hadde det møtt fram den kjende spelemannen stationsmeister Jørgen Wehn fraa Røros. Og endaa han var 80 aar gamall, so spela han sine Røros-slaattar fraifraa. Men han bruka ikkje hardingfela og kunde difor etter programmet ikkje verta med i tevlingi. -- Kappleiken i 1914 er den siste som er halden i Vestmannalaget."

Den første kappdansen - hallingdans - i 1998. På 17.-mai stemnet. Premiar i alt 150 kr. Dommarar var dispasjør Frants Beyer, kapellmester Johan Halvorsen og kaptein Oscar Lunde.
1. Matteo Pisani (Lærdal), 2. Ribe Hereid (Eidfjord), 3. Mikal Haavardstun (Fana), 4. Johannes Steinsland (samnanger).
Ekstrapremie: Andreas Hetle (Viksdalen), Andreas Hatlebrekke (Indre Holmedal) og Tollak Tveit (Sveio)
Formannen i Vestmannalaget Edv. G. Johannessen sa mellom anna dette: "Ein og annan hev longe set, at dei heimlege Dansarne vaare høyra til den arven, som "er større enn mange vil tru". No ser det so ut, at fleir og fleir verta vis med dette. Dei sjaa, at dei framande Dansarne, som hava breidt seg seg ut yver Bygderne, ikkje er anna enn berre Kraakesylv mot det Ervegullet som dei gamle gav oss til aa gøyma, men som me hava tynt burt so altfor myket av. ---
Etter sjølve kappdansen var det mange som dansa springar: gutar og jentor fraa Hardanger, Sunnfjord, Nordfjord og Fana. Paa fest-stemna i Logen vart det dansa baade halling og springar, til spel av Sjur Helgeland og Halvor Myrdal fraa Fana. Og baade byfolk og bønder fagna dei spræke dansarane på det beste."

Den 2. kappdansen - halling - i 1999.
1. Lars Lægreid (Eidfjord), 2. Olav Hereid (Eidfjord), 3. Matteo Pisani (Lærdal), 4. Ribe Hereid (Eidfjord)
Ekstrapremie: Andreas Hetle, Tollak Tveit og Andreas Hatlebrekke.

Den 3. kappdansen - halling - i 1901.
1. Lars Lægreid, 2. Olav Hereid, 3. Tryggve Ivarson (Bergen), 4. Matteo Pisiani, 5. Roar Huso (Lærdal).

Den 4. kappdansen - halling - i 1903. Deltakarar også frå Hallingdal og Valdres.
1. Jon dale (Valdres), Svein Næstegard (Hol), 3. Tore Hereid (Eidfjord), 4. Tomas S. Eldegard (Årdal), 5. Olav Hereid og Ribe Hereid.

Den 5. kappdansen - halling - i 1905.   (bilete)
1. Svein Næstegard, 2. Olav Hereid, 3. Tomas Eldegard, 4. Matteo Pisiani.
Ekstrapremie: Tore Hereid og Ingjald Haaland (skodespelaren) (Fusa)
"Paa stemna i Logen danse Svein Næstegard springar med syster si Dordei. So vent dansa hadde ingen set paa kappleikarne fyrr. Dei var mjuke og spræke og leduge baae tvo, og førde seg trygt. Og so fylgde dei fela so meisterleg. Folk var reint upp i under." 

Den 6. kappdansen - halling - i 1907.
1. Svein Næstegard (Hol), Olav Thorshaug (Gol), 3. Matteo Pisani, R.A. Vindheim (Viksdalen)
"Denne gongen hadde Svein Næstegard med seg ei onnor syster si, Sigrid. Og folk visste ikkje aa segja kven som dansa betre, ho eller Dordei."

Den 7. kappdansen - springdans - i 1908. Første gongen med noko anna enn halling. Domarar var fanejunker I. Flatebø, lærar Einar Bø og lytnant Per Tang.
Sogn og Fjordane: 1. Matteo Pisani og Ragnhild Vange (Vik), 2. Andreas Hatlebrekke og Maria Johannesdotter (Indre Holmedal)
Hordaland: 1. Berge Totland og Gurine Totland (Sæim), 2. Jon Fanavoll, Anna Fanavoll og Ragnhild Fanastøl (Fana, tremannsdans)
Hallingdal: 1. Olav Thorshaug og systra Randi Thorshaug (Gol), 2. Sigvat Tveito og Kristi Haave (Aal), svein Næstegard og systra Sordei Næstegard (Hol), Arnfinn Breie og søstra Margit Breie (Aal)
"Hovudpremien for det beste dansar-par av deim alle fekk Olav og Randi Thorshaug."
"Hallingdal: Her fann domsnemndi at alle fire dansar-pari gav ein so fin og gjennomførd dans, at dei maatte hava premi alle."
"Det var berre halling som hadde vore dansa paa dei fyrste kappleikarne. Men hausten 1908 skipa Vestmannalaget til ei stemna med kapping i springdans. Det var meiningi at dei skulde kappast det ein bygdelaget med hitt, og dansarane skulde tevla par um par. Dette vart ei fagna stemna. Mange dansarar kom det, og mykje folk som vilde sjaa paa. det var den 24de oktober kappdansen stod, og so fest-stemna dagen etter.
Dansarane var bytte i tri flokkar: dei fraa sogn og Fjordane, dei fraa Hordaland, og dei fraa Hallingdal. Fyrst dansa vestlendingarne, sume godt og sume mindre godt.

"Men so kom Hallingdølerne, og det vart ein annan Dans", skriv "Gula Tidend". "Det var kultur i deira Dans. Han var vill og var, handlaus og fast paa ein gong. Det var som dei kvilde i Takten, og so var der slik veltande Magt i honom. Og so mjukt og snjellt som dei steig. Ingi Dragning elle Skraping med Fotbladet. Endaa slik Tunge som det var i Takten, gjorde dei Rundsnuen so stødt at det var som ein Cirkel, og alltid etter Randi. Og Føterne fylgdes som det vøre eitt livande, og gjenta var so næm til aa fylgja Guten i alle Brøyte. --
Ein såg snart at Hallingdølerne dei ha sitt Mynster fyr dansen og vita korleis det skal vera, og hava tamt seg inn i det. Det er Samdansen, Rundsnuen, at han gjeng fint og trygt og stilt, som er Kulturen i det. Og der er slik ven Stigning i Dansen deira, han er so heil. Dei herifraa gjorde meir Kunster, det gjekk paa Raam. Dei hadde ikkje noko Mynster aa halda seg til. Daa er likevæl aa gjera Undantan fyr Fanedansarane, som visste kva dei vilde syna fram"
Folk fylgde livande med i dansen, og daa det var slutt, sat dei reint i spaning og undrast på korleis domen vilde falla. Medan dei venta, heldt Lasse Trædal, som sjølv er ein glup dansemeister, ein morosan tale um dei norske folkedansarne."


Den 8. kappdansen - halling - i 1908 om våren.
1. Sigvat Tveito (Ål), Syver Rollandsgard (Øystre Slidre) og Olav Thorshaug. 4. Paal Riple (Fana)
Ekstrapremie: Ribe Hereid.

Den 9. kappdansen - springdans - i 1908 om hausten
Sogn og Fjordane: 1. Matteo Pisani og Margrete Hansen (Lærdal), 2. Andreas Hatlebrekke og Helene Endresen (Indre Holmedal)
Hordaland: 1. Paal Riple og Kari Valle (Fana), 2. Karl Fanavoll og Anna Forsberg (Fana)
Hallingdal: 1. Olav Thorshaug og systra Anna Thorshaug (Gol) - hovudpremien.

Den 10. kappdansen - halling - i 1911. om våren.
1. Olav Thorshaug (Gol), 2. Sigvat Tveito (Ål), Olav Førde (Førde), 4. Matteo Pisani (Lærdal)

"Vestmannalaget hev havt mykje strev med desse kappleikarne. Men so er det og eit tiltak som hev vore laget til stor æra. Det hev gjort mykje til aa kveikja upp att hugen til norskt felespel og norske dansar kringum i bygderne vaare. Det høyrer og ser ein kvar ein ferdast.
Og adei store 17de mai-stemnorne med norsk song og tale, noske slaatar og dansar, dei hev gjeve byfolket vyrdnad for bondekunst og bondekultur. Det er reint merkelegt aa sjaa for ein samhug det nationale Bergen hev havt med desse stemnorne.
Edvard Grieg var jamt til stades paa kapp-spelingarne, og han sette stor pris paa den tonekunst han der fekk høyra. Dotter til Ole bull, fru Olea Bull Vaughan kom aar etter aar til kappleikarne heilt ifraa amerika. Og ho gav alltid ein 50-kruning til premiar. Kaupmann Chr. Kahrs og konsul A.W. Greve var og so aarvisse til aa skjota til med pengar."



Seinare har også Vestmannalaget skipa til kappleikar, åleine eller i samarbeid med andre.
I 1965 var Landskappleiken i Bergen, den største til den tid med 80 spelemenn og 150 dansarar. Denne kappleiken var det Landslaget for Spelemenn, Bygdedanslaget i Bjørgvin, Spelemannslaget  Fjellbekken og Vestmannalaget som hadde ansvaret for saman.

I 1966 var det 70 år sidan Vestmannalaget skipa til den første kappleiken på Vestlandet, i Uri. Dette vart høgtida med ein kappleik 12. og 13. november 1966 i Gimle. Dei som stod saman om kappleiken var Vestmannalaget, Fjellbekken og Bygdedanslaget i Bjørgvin. I 1970 då Bergen by høgtida 900 åra jubileum skipa dei same tre laga ein Byjubileumskappleik 7. og 8. mars. I 1971, 24. og 25. april, var det igjen minnekappleik i høve 75 år etter første kappleien i Vestmannalaget. Og ein svær kappleik vart det i 1973 då den 50. Landskappleiken var i Bergen.