Profilar i norsk folkedans

Mali Furunes (1888-1968) (bilete)
Mali Furunes er fødd i Vestnes i Romsdal og lærde folkedans som liten mellom anna på prestegarden (!) i bygda og møtte der også folkehøgskolelæraren Ola Aasmundstad. Mali kom til Molde som tenestejente og kom med i ungdomslaget. Ho vart med på den første turneen til Det Norske Teateret i 1913. I 1914 hadde ho første kurset sitt i folkedans for NU, og ho reiste sidan land og strand rundt og heldt kurs i folkedans og folkeviseleik - særleg i Nord-Noreg.  Ho var  kjent som ein svært dugande instruktør. I 1919 fekk ho dottera Margrete og vart einsleg mor. I 1928 vart Mali engasjert av det nyoppretta Folkemuseet i Molde - Romsdalsmuseet - og starta der landets første barneleikarring. Barneleikarringen var flink og vart godt kjent og ho dreiv han i 40 år - nesten til ho døydde. Mali budde om sumarane på museet og vintrane reiste ho som danseinstruktør. Ho laga også dansemåte sjølv til nokre songdansar. Etter krigen vart det slutt på den omfattande reisinga, og ho arbeidde då ihuga med å rekonstruere romsdalsbunaden og sydde bunader. Ho la ned eit stort arbeid med bunader for Romsdalsmuseet. For arbeidet sitt fekk ho kongens fortensmedalje i 1951.
 
Ragna Øygard () (bilete)
Rolf Warme ( )  (bilete)
Liv Midttun (1931-1998) (bilete)
Ho var frå Eivindvik i Sogn og kom tidleg med i ungdomslagsarbeidet i heimbygda, og i slekta hennar var det mange ihuga ungdomslagsfolk og folkedansarar. Ho tok realskulen i Balestrand og husmorskule på Voss og arbeidde ei tid som handarbeidslærar i Bergen, og var aktivt med i folkedansarbeidet både på Voss og i BUL Bergen. I 1955 byrja ho å arbeide på NU-kontoret og var frå 1956 til 1964 var ho leikleiar i NU og reiste mykje rundt i laga og heldt kurs. Denne tida samarbeidde ho også nær med "nestor" i folkedansen Klara Semb. Ho la osgå ned eit stort arbeid med å halde kurs for leikrettleiarar. Etter at ho slutta i NU, var ho lærar i forming på fleire folkehøgskolar både på Nordmøre, Buskerud og Hallingdal folkehøgskole på Gol. Etter vidareutdanning var ho i mange år faglærar i forming på Åsane. Også etter at ho slutta i NU hadde Liv Midttun heldt ho mange kurs i folkedans. Ho utførte mange oppgåver for folkedansarbeidet i NU, og var ein aktiv deltakar på mange NU-stemne. Ho la også ned eit stort arbeid i revisjonsnemnda for "Norske folkedansar" både boka med songdansar og turdansar.
 
Signe Five (1877-1953) (bilete)
Var frå Five gard i Stod ved Steinkjer og voks opp i ei familie med sterke norskdomsrøter. Faren Eilert Five starta eit av dei første ungdomslaga på bygdene i 1873. Signe gjekk på Mære jordbruksskole og på Industriskolen i Oslo. Etter at ho såg leikframsyning med leikarringen til  Det norske spellaget i 1912, melde ho seg på leikkurs og vart snøgt ein dugande dansar. Ho byrja snart sjølv å halde leikkurs i Trøndelag, og gjorde det i mange år. Likeeins var ho lærar på mange kurs for leikleiarar i fylkeslaga. Ho la også ned eit stort arbeid for å gjenskape og ta i bruk att dei gamle trønderbunadane og dei fine kvitsauma pannelina.
    
Johan Austbø (1879-1945)
Austbø var lærar, dansar, kjøkemeister, folkekulturformidlar og diktar. Han voks opp i Ikjefjorden i Sogn , vart lærar, gift med Karolina Bøthun frå Fresvik, budde ei til i Os ved Bergen, men flytte seinare til Skotselv i Øvre Eiker der han var lærar og budde resten av livet. Han var ein ihuga norskdomsmann, var aktivt med i ungdomslag og leikarbeid og i Den norske folkeviseringen i byrjinga på 1920-talet. I 1939 song han nokre folkeviser i Folkemusikkhalvtimen, mellom anna visa "Den svalande vind" som han hadde skreve teksten til sjølv. Denne visa vart seinare kjent som ei folkevise frå Telemark då Lillebjørn Nilsen song ho inn på plate på 1970-talet.