Balldans i Kristiania og på Grand
Litt om dans (stildans) i Kristiania i gamal tid

Innleiing
Fredag 22. juni 2007 har Leikarringen Symra og Noregs Ungdomslag stildansball i Speilsalen på Grand hotell i Oslo. Ballet er ein del av Folkekulturfestivalen til NU 22-24 juni. Christiania Tour og runddansensemble syter for musikken og Marita Ramstad er danseleiar. I samband med dette er det naturleg å gje nokre små glimt frå balldansen si historie i hovudstaden. I vårt land er det her balltradisjonane er sterkast og mest varierte, sjølv om det også finst rike balltradisjonar i andre byar som Bergen og Trondheim og på storgardar til dømes på Austlandet og i Trøndelag.

Litt om Grand hotell - Karl Johansgt. 31
Hotellet Grand ligg sentralt på Karl Johan, tvers overfor Stortinget og Eidsvolls plass. Det var konditor Julius Fritzner starta Grand hotell i 1874 og var leiar til han døydde i 1882. Sonen Kristian Fritzner overtok så og dreiv hotellet til 1897. Då gjekk hotellet ut av privat eige, og framover var det gjerne utanlandske direktørar. Hotellet har heilt sidan det starta i 1874 hatt ein svært sentral plass både som hotell og som samlingsstad og festlokale, ikkje minst for kunstnarane. Dette var ikkje hotellet for folk flest, det var for dei rike og kjende frå inn- og utland. Når viktige personar kom til byen, var det på Grand dei skulle bu, og på Grand dei skulle feste. Her har til dømes mange fredsprisvinnarar teke i mot folkets hylling, og her vart også Roald Amundsen og Fritjof Nansen hylla etter sine polferder. Ikkje minst var Grand Cafe den sentrale samlingsplassen for mange av våre kunstnarar frå 1880-åra og framover, som Henrik Ibsen, Edward Munch, Christian  Krogh og ei rad andre. Og Rococcosalen var den overdådige festsalen - ballsalen - der mange flotte ball, karneval og festar har vore haldne gjennom tidene. Men også dei ulike restaurantane i huset var viktige samlingsstader -  Speilen, Palmen, Kjelleren og Grillen. Det var Wilhelm Krogh som utsmykka Grand, han var ein kjent dekorasjonsmålar og teatermålar ved Christiania Theater. Han utsmykka  også Rococcosalen i 1894.

Då hotellet starta i 1874 var det langt mindre enn i dag. Det hadde før vore den herskaplege  privatboligen til professor og lækjar Christen Heiberg, bygt i 1842, og var lenge byens dyraste gard. I første etasje budde i ei årrekkje professor Anton Martin Schweigaard - ein av dei leiande menn ved universitetet og i byen. Til samanlikning kan nemnast at Slottet vart påbyrja i 1830 og var ferdig i 1848. Stortinget var ferdig i 1866, Nasjonalteateret i 1899 og 1892 vart gasslyktene erstatta av elektrisk lys på Karl Johan. Konsertlokalet til Brødrene Hals opna i 1880 i nærheita av Grand. 1886 vart 3 rom slått saman til ein større spisesal – den seinare Speilsalen. Salen vart frå starten kalla ”den røde sal”. Det var først i 1898 at salen fekk speil. I 1888 vart nabogarden – Fuhrgarden - kjøpt og innlemma i hotellet. Hotellet vart utvida også i 1894 og fekk då også ein stor festsal - den overdådige Rococcosalen. I 1911-13 vart igjen hotellet sterkt ombygt og utvida og fekk det karakteristiske tårnet og den kvite granitten frå Sogn. Under krigen okkuperte tyskerane ein stor del av hotellet, og leiinga samarbeidde med okkupasjonsmakta.   I 1957 vart hotellet råka av ein katastrofebrann og store deler av hotellet gjekk tapt - ikkje minst hotellets juvel Rococcosalen. Hotellet vart bygt opp att og stod ferdig i 1961. Speilsalen vart om lag som før, men Rococcosalen fekk ei enklare utforming enn før, sjølv om det framleis var ein staseleg sal.

Det var sjølvsagt fleire hotell i byen. Ca 1880 var det i den gamle bykjerna ( ”kvartalet”) Victoria hotell (mest brukt av turistar), d’Angleterre og Britannia. Hotell Royal låg ved Jernbanetorget og Scandinavie nederst i Karl Johan. ”Søstrene Larsen”, Boulevard og Hotel Westmister låg i Universitetsgata. I 1929 fekk Grand og den store konkurrenten hotell Bristol same eigarar. Hotel Bristol starta opp i 1920. Bristol har også store ballsalar, til dømes Den Mauriske Hall. Hotell Continental som starta i 1900 vart også ein viktig konkurrent.

Grand Cafe var meir for "folk flest" og ikkje så eksklusivt som resten av hotellet. I 1880-åra var kafeen i stor grad  prega av ”Bohemane” med Hans Jæger i spissen. Dei hadde sin daglege gang der - i ”Dagligstuen” som kafeen vart kalla. !890-åra var prega av Henrik Ibsens daglege turar til Grand Cafe. Henrik Ibsen kom attende frå utlandet i 1891. Han budde ei tid på Grand. Seinare var han stamgjest på Grand Cafe som han besøkte to gonger for dagen, om formiddagen og om ettermiddagen, og hadde sin faste plass – ein stol med innskrifta ”Reserveret for dr. Ibsen”. Han var alltid presis, folk kunne stille klokka si etter han, vart det sagt. Heilt til 1900 då helsa vart for dårleg etter eit slag, gjekk han regelmessig til sin stamkafe, slik han hadde gjort det i utlandet. Han var gjerne innom avisrommet og las aviser ein times tid. Bjørnstjerne Bjørnson gjekk ikkje på kafeen, men det var iblant store festar for han i Rococcosalen. Ivar Åsen kom gjerne utpå kvelden og fekk ein konjakktoddy - han døydde i 1896. Per Sivle var det ofte i 1890-åra. Og Knut Hamsun vart iblant også på Grand. Hadde han fått forskot på ny bok slo han seg skikkeleg laus. I lang tid var Christian Krogh ein regelmessig og ruvande gjest på Grand Cafe. Per Krogh har måla kjente måleri på Grand Cafe, utført i 1928 og montert til opninga av den ombygde kafeen i 1932. Jau, Grand Cafe var den fremste kunstnarkafeen i hovudstaden. Men den første tida hadde han sterk konkurranse av den første kunstnarkafeen i Kristiania - Kafe Engebret (starta i 1857)  på Bankplassen ikkje langt frå Christiania Theater og Den gamle Losjen. Frå 1899 då Nasjonalteateret vart opna, vart Theatercafeen også viktig som kunstnerkafe. Reatauranten er ein del av Hotell Continental. Før Grand si tid var den Gamle Logen på grev Wedels Plass den faste staden for store ball. Logen vart opna med eit stort borgerball i 1839 med kong Carl Johan og kronprins Oscar som heidersgjester. Her vart også det første Kunstnerkarnevalet halde. Harald Herresthal har skreve om karneval og maskeradeball i Kristiania.

 

Ball på Grand
Dei to store fine salane på Grand, Rococcosalen og Speilesalen (Speilen), har gjennom åra vore brukt til ei rad ball og karneval. Kanskje mest kjent er det årlege såkalla kunstnerkarnevalet som frå 1905 vart halde i Rokokkosalen på Grand. Før hadde det vore ulike stader, som Losjens store sal og ”Dramatikken” (Centralteateret). Glanstida for karnevalet var var før 1. verdskrigen. I 1914 var det heile 1200 deltakarar på karnevalet. Danseskulane heldt ofte avslutningsball på Grand. Det var veldedighetsball og  ”Balselsakabet Foreningen” hadde i mange år avslutningsballet sitt her.
Skal vi også ta med at Bærum Balselskab har hatt juleball på Grand i Rococcosalen i 2005 og 2006. I våre dagar har studentar og andre skipa til såkalla "Operaball" eller maskeball etter mønster frå liknande ball i Europa i gamle dagar. Desse balla har vore i Den gamle Losjen.

Vi tar med nokre sitat om ball og maskeradar på Grand frå boka "Hundre år på Grand" som Mentz Schulerud skreiv til 100-årsjubileet i 1974.
 
Etter storbrannen i 1957 sa danselærar major Hjalmar Svae: ”Min danseskole har holdt barneball i Rococcosalen siden 1913. Det første ball glemmes ikke. Tusener av mennesker har hatt den opplevelsen i Rococcosalens vakre ramme …”

Tidlegare ordførar i Oslo og Grand-patriot Rolf Stranger fortel frå sine unge år tidleg på 1900-talet:
”Men  Rococcosalen, det var naturligvis det gjeveste – å få komme på avslutningsball der! Som kavaler!
Når danselærer Engh og hans danskfødte hustru født Glückstad holdt avslutningsball i Rococcosalen trengtes det kavalerer – og jeg var en av dem. Han, i sin elegante fløyelsjakke, hun i sin staselige kjole, førte opp – i polonaisen. Og siden var det først og fremst vals, naturligvis ,enkevalsen. Det var jo Enke-feber i den tid da Ingolf Schanches Danilo på Nationaltheateret slet ut den ene enke efter den annnen …”
Turdanser? ”Naturligvis, francaise, og lancier, vi figurerte og så over mot vår vis-a-vis. Og så var det da polka og mazurka og rheinlender og pas de quatre. Og det nyeste nye: ”Washington Post”. Siden kom enda nyere – one-step, det var så amerikansk og radikalt moderne at mange mødre og fedre syntes det var rent for galt. Men siden kom two-step og Boston og den synkoperte cake-walk i 2/4 takt og ragtime og jazz og jeg vet ikke hva – og på toppen av det hele kom Per Krogh og hans søster Nana og Jean Heiberg og Lucy Vidil hjem fra Paris med tango’en like før verdenskrigen –”

"Per Krohg og Lucy Vidil danset tango på Bokken Lassons Chat Noir i 1913-14, og tangofeberen gikk over byen og landet; i pressen ble det livlig diskutert om ikke dette egentlig var en direkte usedelig dans. Per og Nana Krohg danset også cake-walk som oppvisning på Grands kunstnerkarneval – det var nesten like stor sensasjon som tango. Dansegleden – dansegalskapen! sa byens rystede fedre og tanter – utfoldet seg ingensteds så frigjort som på Speilen og især i Rococcosalen, på kunstrernes karneval, på baller og i de store selskaper." 

"Veldedighetsball var den gang ennå et begrep – det mest kjente var Petra Sands soireer til inntekt for hennes barnehjem. Da møttes byens kjentfolk i Rococcosalen til det første foreningsball. Der gikk det altsammen meget stilfullt og verdig for seg, og de nye løsslupne danser, som den farlig sanselige tango, hadde ikke trengt seg inn her, hvor major Damm førte en streng kommando. Ikke ennå."

"Men den mest celebre og mest eksklusive årlige begivenhet var naturlivis avslutningsballet i ”Balselsakabet Foreningen” , som hadde vårt unge kongepar som sine høye beskyttere. Så sant de kunne, var både kong Håkon og dronning Maud til stede, og dronning Maud åpnet alltid ballet ved å lede polonaisen. Ballselskapet var så fornemt og eksklusivt at det ikke nyttet å søke om medlemskap – man kunne bare håpe på den skjebnens og styrets gunst som bestod i at man en vakker dag fikk en diskret henvendelse om at man kunne bli medlem, om man ønsket det. For en ung mann som Rolf Stranger var det en virkelig stor stund, da den dag opprant, og en enda større stund naturligvis når man siden kunne tre inn i Rococcosalen til det første foreningsball. Der gikk det altsammen meget stilfullt og verdig for seg, og de nye løsslopne danser, som den farlig sanselige tango, hadde ikke trengt seg inn her heller."

"Men ellers var tangosmitten svært utbredt, også i Rococcosalen. Premierløytnant Svae begynte med sine ”Aftner”, eller The dansant, Norgenbladet kalte det ”tango te”: ”Igaar lød atter Tangoens festlige Toner gjennom Rococcosalen, og atter samledes store Skarer Tangotilbedere paa det bonede Gulv.” Dessuten demonstrerte hr. Svae stadig andre nye danser, som riktignok ikke alle slo igjennem i selskapslivet. En av dem var italiensk ”Furilana”. Ryktet fortalte at det var pavens dans. Rettere sagt, da tangoen ble demonstrert for paven, hadde han uttrykt sitt mishag, ”Dans heller Furilana!” sa han. ”Den danset jeg da jeg var ung!” Svae danset den da også fullkomment og under almindelig beundring, men journalisten bekjenner at for vanlige dansere virket den lovlig vrien: ”Man holdt sig til Boston og One-step, men først og sidst Tango, Tango!”

Mentz Schulerud har også ei morosam historie om Ernst Günther, som var den første svenske ministeren i Norge  i 1905:
”Inntil han hadde skaffet seg bolig og kontorlokaler, tok han inn på Grand, og 9. desember 1905 kjørte han derifra til slottet. Mange skuelystne stod utenfor mens Günther i sitt stille sinn sammenlignet denne demokratiske ekvipasje med den ”kungliga sjuglasvagn” som bruktes ved slike anledninger i Stockholm.
Samme aften var ministeren buden på ball i ”Balselskapet Foreningen” i Rococcosalen, og i sine ”Minnen” har han gitt en fornøyelig skildring av kong Håkons og dronnings Mauds første besøk på Grand og i denne forening. Den var jo efter norske forhold svært så fornem, men i den svenske diplomats øyne bare understreket den det demokratiske i norske forhold: ”Balen bevistades av konungen och drottningen. Societeten bestod av ungefär samma element som under kung Oscars tid, tilökad med diplomatiska kåren. Vid jämförelse med det mycket talrika svenska hovet var ju det norska hovets fåtalighet alldeles frappant.
På denna bal dansades ännu icke de nu moderna danserna utan gamaldags vals, polka, fransäs og til och med lancier. Jag hade redan då upphört att dansa, men då jag blev anmodad att i en lancierkvadrilj dansa vis-a-vis konungen och drottningen, ansåg jag mig icke kunna vägra att efterkomma denna anmodan, ehuru jag var medveten om min okunnighet om turerna. Lyckligtvis fick jag tilfälle att uppbjuda en dam – den lika vackra som älskvärda fru Dorothea Løvenskiold – som välvilligt förklarade att hon nog skulle sörja för min instruksjon om turerna. Redan i början av dansen visade det sig emellertid att icke heller kungen och drottningen kunde turerna, varför kvadriljen ofta ”gick sönder”, men kungen förstod att ta situasjonen humoristisk, så att vi dansade i alla fall och hade mycket rolig, och vår munterhet spred sig också til de åskådare, som samlat sig omkring för att åtse den kungliga kvadriljen. Kungen deltog med liv och lust i dansen, och jag kunde icke underlåta att i hans hurtiga maner se en viss likhet med hans morfar Carl XV.
 
Dans i Kristiania på slutten av 1700-talet og byrjinga på 1800-talet
Det er ikkje så mykje skrifteleg å finne om dansen mellom borgarskapet i Kristiania på denne tida. Ein del er å finne i memoarboka "Gamle Dage" som Conradine Dunker (1780-1866) skreiv og som vart trykt i 1871. Conradine vart bortgifta berre 15 år gamal. Ho skriv svært levande om livet blant sosieteten i Christiania på slutten av 1700-talet. Ho var ein svært flink og sentral amatørskodespelar, var søster til astronomen Christopher Hansteen (1784-1873), og dotter til Johannes Mathias Hansteen (1744-1792) frå Danmark og Anne Cathrine fødd Treschow (1754-1829). Nokre minne frå denne tida "Fra Tyveaarene og lidt mere" skreiv også dotter til Conradine Dunker, Wilhelmine Ullmann (1816-1915), som ei tid var gift med Jürgen Nicolai Axel Ullmann (1813-1863). Dei hadde borna pedagogane Ragna Nielsen (1845-1924)  og Viggo Ullmann (1848-1910).

 I 1763 starta den første avisa i Kristiania - Norske Intelligens-Sedler - og her står ein del annonser der norske og utanlandske danselærarar ("dansemestre") fortel om kva dansar dei gir opplæring i. Desse danselærarane kom gjerne frå Danmark eller Sverige og var her forholdsvis kort tid (til dømes om sumaren), og nokre få vart verande lenger. H .J. Huitfeldt ga i 1876 ut boka "Christiania Theaterhistorie" der han fortel om teater, dans og musikk i Kristiania fram til 1810, særleg om tida fra ca 1770 og framover. Mykje informasjon finst også i boka ”Det musicalske Lyceum og konsertlivet i Christiania 1810-1838” (Oslo 2002) av Børre Qvamme. Like eins finst det mykje stoff i ”Norges Musikkhistorie” (Cappelen 2000-2001).
Elles kan vi minne om at dansen var ein viktig del av undervisninga ved Militærakademiet i Kristiania. Alle som skulle bli offiserar måtte både då og tidlegare lære seg å danse og gode manerar. Nokså mange av dei som var med på dansescenene i teateroppsetningane var var offiserer.

På denne tida var det i Kristiania gode tider for dei som dreiv handel og sjøfart, særleg trelasthandel og jernverk. I dei aller finaste kretsane i byen var det mange som interesserte seg for musikk, teater og dans og hadde private teaterforestillingar og musikkoppføringar. Og dei hadde eit svært omfattande selskapsliv der motedansane frå Europa vart mykje brukt, både i dei private samkomene og i dei ballselskapa som etablerte seg. Mellom dei leiande familiene var Anker og Collett som begge var svært rike, det var familen  Paul Thrane som hadde mange born som var svært aktive musikantar, og Enevold de Falsen (-1808) som var far til  Christian Magnus Falsen ("grunnlovens far"). Svært sentral i musikklivet vart også Hans Hagerup Falbe (1772-1830) som kom til  Kristiania i 1809 frå Kjøbenhavn og etter kvart vart Stiftsamtmann i Akershus og statsråd (1822). Falbe var ein flink pianist og komponist. Han skreiv mange kantatar, også dansemusikk (feiarar, vals). Hans Hagerup Falbe og Paul Thrane var gift med kvar si søster, døtrer til den svært rike Paul Clausen. Av andre sentrale familier kan nemnast Tullin, Elieson, Monsen og Mathiesen. Elles var stadsmusikantane også sentrale i musikklivet, Peter Høeg (1723-95) på slutten av 1700-talet og Frederik Christian Groth frå 1795 og utover.

Frå slutten av 1700-talet vart det i dei største byane skipa ulike musikalske og dramatiske selskap som tok seg av organiseringa av dette arbeidet, men likevel var det mykje som føregjekk i private heimar hjå rike kjøpmenn med god plass. I Kristiania høyrer vi om ”Det musikalske Selskab” (1771-1794), Det dramatiske Selskab (1799-1839), Det musikalske Lyceum (1810-1838) og Det borgerlige dramatiske Selskab (1806). Men først ute var Bergen, som då var største byen i landet, med ”Det musikalske Selskab (1765), Det dramatiske Selskab (1794) og Det harmoniske Selskab (1809-1843). I Trondheim var det liknande selskap, og likeeins i Drammen, Kristiansand, Stavanger, Drammen og Tromsø. I Kristiania var mange av forestillingane i den såkalla "Grendsehaven" som var eit privat konsertlokale som Collett bygde i Grensen. Collett hadde også den fine garden Ullevål og jaktslottet Fladeby. På Fladeby var det i ei årrekkje vanleg at ein del av dei rikaste familiane med Collett og Anker i spissen feira jule- og nyttårshelga, og då var det mykje dans men også ulike typer forestillingar.

Den dansen som var særleg omtykt denne tida var menuett. Men vi høyrer også ofte om "Engelske danse", "Franske Contra-Danser, "Skotske riller" eller såkalla "Feiere", Allemande, og frå ca 1800 kjem også vals. Elles vart det også undervist i såkall "Solo", som nok var det vi i dag kallar ballett. Av Klubber og Danseselskap blir desse nemnde: De norske Brødres Klub, det aarlige forenede Balselskab, Harmonien samt ”Friheden”.

 

Nedanfor tar vi med ein del sitat frå  boka "Christiania Theaterhistorie" som gjeld dans.

Hausten 1969 kom ekteparet Michael Stuart og madame Stuart til Kristiania og heldt forestillingar av ulike karakter. Ho skulle opphalde seg lenge i Kristiania og fekk ein del å seie i kunstlivet. I februar (i marknadsveka) offentleggjer ho:
”Skulde nogen have Lyst til at lade deres Børn undervise i at holde en færdig Takt i en Menuet, da tilbyder Mad. Stuart sig at undervise Jomfruerne og Monsr. Stuart de unge Messieurs”. Dei to bosette seg i Kristiania og starta gjestgiverhuset ”London skjenk”. Men Herr Stuart døydde straks etter. I 1770 kom også Martin Nürenbach til Kristiania og gjer kjent at ”som for faa Dage siden er her ankommen til Byen, og som saavel her i Stiftet som i Danmark og paa andre Steder har aflagt Prøver paa hans Færdighed i at danse og i andre konstige Legems-Øvelser, tilbyde Publico sin Tjeneste at undervise voxne og Børn at danse saavel Menuets som Engelsk-Danser og Solos.” Året etter tilbyr han også undervisning i dans.

I "Christianias Theaterhistorie" les vi frå året 1771-72 om dansemeister Andreas Lie:
”Da det pa denne Tid og senere var temmelig almindeligt, at de, der toge Danse-Information, ogsaa undervistes i kunstigere Danse og Solos, hvori f.Ec. Krigsskolens Elever stadig øvedes, og da dette senere vil sees at komme de dramatiske Forestillinger til gode, bliver det ogsaa nødvendig her at gjøre lidt Rede for de Dansemestre, som i denne Periode opptradte i Christiania. Allerede i November 1771 averterer Dansemester Lie, der at flere er anmodet om at komme til Christiania for at give undervisning i Dans, at da han har en Mængde Scholarer ”i denne Egn” (der ikke nævnes), kan han ei komme før i Januar 1772, og vil da være at finde hos Mad. Sal. Coya, hvor han vil undervise i 1)Menuet efter allernyeste Franske Maade, 2) Engelskedanse med sine rette originale Trin, udkomne i dette og forrige Aar, 3)Franske Contra-Danser, 4) Skotske Riller, 5) Solo med 12 Forandringer. Han tilbyder ogsaa Information i Engelsk. – Andreas Lie bosatte sig i Christiania og døde der 1813 som Stadsmægler; Fru Dunker meddeler i ”Gamle Dage” (s 74) nogle Notiser om ham.”

Frå året 1772-73 står det om dans:
”Af optrædende Dansemestre kan mærkes N. Brandt, logerende hos Sr. Ole Holm, der i Slutningen af Juli 1772 tilbyder Information i Menuet, Engelske og Franske Contradanse, Menuet-Dauphin, Solo, Pas de deux etc. efter de rette Regler, udgivne ved Danseacademierne, ”da her hidtil kun har været en, der forstod at informere efter den rette Methode, og dennes Ophold var for kort, til at nogen ret perfectionereseig, saa at kun de, der have lært udenlands, kune danse rigtig.” – Et par Uger senere tager Dansemester Hanemann til Gjenmæle mod denne Selvros, der ”stinker langt verre end et forfulet Hul efter en forloret Næse”, da Brandt laster den, hvis Capacute han ikke kjender. Han mener at give Beviser paa, at han forstaa at informere i Dans, og har derfor altid hav nok af Informationer, men i Luftspring underviser han ikke. – I den følgende Uge tilbyder Brandt at aflægge Prøver paa sin Dygtighed og mener, ”at den forvandlede Musqueter er en Charlatan”, har manglet duelige Læremestre.  – I Marts 1773 tilbyder Lie Information i Dans og Engelsk”

I året 1789-90 skriv Jess Ankers kone i eit brev til sin mann:
”Alle Ting spaaede en triste Vinter her i Christiania, men intet mindre: Baller, Concerter og Comedier afvexle hinanden; var jeg ikkun frisk nok til at tage Del i disse Glæder!”

I 1790-91 står det å lese:
”I Slutningen af Marts 1791 averterer ”Directeur” Walcke, at han informerer i Dans, ”Ikke alene efter Kunstens Regler i de enkelte Danse nen ogsaa i Figure, Menuetter og de nyeste Franske Contra-Danse med alle de theatralske Pas, som der til ere nødvendige for at danse med Smag og Orden”.
I 1791 vart Sven H. Walcke informasjonsmeister i dans ved det kongelege militære Akademiet.

I året 1794-95 står det:
”Sven H. Walcke, Informationsmester i Dans ved det kgl. Militaire Academie, tilbyder om Høsten 1794 Undervisning i Dans og tilføier til Slutning: ”At  mine Bestræbelser ene og alene sigte til Ungdommens Dannelse og Sædernes Forbedreing, smigrer jeg mig med, det respective Pubicum skal være overbevist om.” 

I året 1795-96 står det:
”Dansemester F. Hassel fra Kjøbenhavn, der har været adskillige Steder i Europa, deriblant som Solodanser ved det kongl. Theater i Berlin i 3 Aar, tilbyder fra Octbr. ”Informtion i Dans efter den nuværende Methode baade med Tourer og Navne.” Ligeledes sælger han ”Engelske Danse med alle Stemmer og trykte Tourer til, som kan bekommes hos ham for Aaret 1796, naar de blive bestilte 8 Dage forud.” 

I året 1798-99 står det:
”Den eneste Danselærer, der nævnes i Christiania denne Vinter, er den ovenfor omtalte S. H. Walcke.

 I 1799-1800 står det:
”E. Jernberg, der i 15 Aar har været Danser og Figurant ved det kgl. Theater i Stockholm og nu er antaget som Dansemester ved dt Norske militaire Institut, tilbyder i Septbr. Og Octbr. S. A. Han opprettede ved samme Tid en Drengeskole paa 16 Elever, hvori ogsaa gaves Undervisning i Dans og Musikk (paa Violin og Blæseinstrumenter).”

I eit referat frå Fladeby i 1800 av ein engelskmann H. Lord Brougham, står det mellom anna:
”Efter Maaltidet trak man sig tilbage til det næste Værelse, hver Herre førende sin Dame, som han kyssede paa Haanden; derpaa fulgte Caffe og Tobak, siden The, saa Julelege eller en Dans, Kort og Tobak, Aftensmaaltid, Optog, Dans og Kort, Afskedtagen med Vert og Vertinde med Kysa f samtlige Gjæster. Den sidste Nat holdtes en tarvelig Maskerade istedenfor Optog; nogle af Tjenerne dansede Hallingdans, ”en meget underlig, vild Dans fra det indre af Landet af umaadelig Vanskelighed, udfordrende stor Styrke og Behændighed”; Dansen forklares hovedsakelig at foregaa på Hælene og Tæerne, rundt i Værelset, idet Deltagerinden hvirvles rundt, og Danseren hopper og svinger sig over hende. (Kommentar fråforfatteren: Brougham sammenblander her Halling og Springdans) Til Broughams Forundring dansede en af Damerne denne Dans med en Tjener.

I året 1802-03 står det:
”Af Dansemestre forekomme kun S. Walcke, der underviste i Menuet, Contradans med Franske Trin, Allemande og Engelske Danse med nye Trin samt en ganske ny Valsning med flere Par paa engang, samt Ole Holmen ved Korsveien, der bl. a. underviste i ”Allemande med hele og halve Forandringer.” I Juni tilbyder O.G.F.Bagge, Danser ved det kgl. Theater i Kjøbenhavn,i Løbet af 3 Maaneder Undervisning i Menuets en deux et en quatre, Alemandes, Valser, Contredanse francois et allemande, Skotske Danse og, om forlanges, treatralsk Dans. 

I året 1803-04 står det:
”Af Danselærere omtales kun de ovenfor oftere nævnte Sven Henrikk Walcke, der i Novbr. 1803 maatte overgive sit Bo til Skiftebehandling, samt Ole Holmen.” 

I året 1805-06 står det:
”I Juli 1805 optræder J.P.Strømberg, der senere kom til at spille en saa betydelig Rolle i Byens Theaterhistorie, første gang i Christiania. Han tilbyder da og hele den fpaafølgende Vinter ”Undervisning i alle Slags nu brugelige Danse som Menuet, Contredanse, Engelske Danse, la nouvelle Allemande, Valsen, Skotske Danse, elle de saakaldte Feiere med de nye moderne pas de glissande en variation og pas ballotte.” Han giver tillige Undervisning i alle Slags Solo- og Theatre-Danse af hva Navn og Charakter som helst. ”At opofre alt det, som staar i min Magt til mine Elevers Fortgang og Dannelse er min Pligt; men at vinde Bifald udgjør min Ære.” Han bor hos Mad. Walcke i Kirkegaden. For øvrig informere S.H.Walcke, boende hos Skipper Møller i Kirkegaden, og Ole Holmen i Grændsen fremdeles i Dans.”
- Af Klubber og Danseselskaber nævnes gjennem den hele Vinter følgende: De norske Brødres Klub, det aarlige forenede Balselskab, Harmonien samt ”Friheden”.

I året 1806-07 står det:
”Som Danselærere virkede denne Saison Ole Holmen, der lover foruden Dansen ”ikke at spare Ømhed og Dannelse”, og som vistnok døde denne Vinter S.H.Walcke og J.P.Strømberg, der om Høsten 1806 bekjentgjør , at han ”er bleven forsynet med nye og smukke Tourer”, samt at han ”underviser i de nyeste Franske Trin til 2/4 Tact samt den nu i Paris brugelige Menuette figure avec balance entournent (!) foruden Engelskdanse, Skottiske eller Feiere, Contredans, Menuette, la nouvelle Allemande og Valse; alleslags Solo af forskjellige Charajterer samt alle Sorter Croiseringer og pas de battement”. Til Efterretning for Forældre tjener, at han ”i Hensyn til Børnenes Stilling og Dannelse følger Mons. Gallodiers Methode som den nyeste og mest berømte, idet den, naar den efterleves, giver fri Maner uden Coquetterie, et rankt Legeme uden at synes stiv og forandrer, savidt det er mulig, den vuggende og skjæve Gang til let og behagelig.”  Senere nævner han foruden de overanførte ”Theaterdanse i forskjellige Charakterer som Solo serieux, innocente, frappant serieux og comique.” – I Juni 1807 tilbøde Bruun og Funch, Dansere ved det kgl. Theater i Kjøbenhavn, Begyndere og viderekomne Undervisning i ”de for nærværende Tid i Hovedstadens fornemste Cirkler mest brugelige Danse og nyeste Trin.” – De samme Balselskaber som tidligere, med Undtagelse av ”Friheden”, nævnes ogsaa denne Vinter. 

I året 1807-08 står det:
”Af Danselærere nævnes de oftere omtalte: Walcke og J.P. Strømberg, den sidste underviser ”i nye, moderne Pas: Chasse battues, Chasse Trois.pas og Chasse battues en tournant, tilligemed flere Variationer i to Fjerdedels Tact eller de her saa kaldede Feiere”, samt endelig Madame Stømberg, der underviste Fruentimmer i Dans. – Af Selskaber og Klubber nævnes i denne Vinter ”Det forenede Balselskab”, Norske Brødres Klub og ”Foreningen”.” 

I året 1808-1809 står det:
”Af Danselærere nævnes i 1808 Walcke og Ole Holmen, i 1809 Madame Strømberg. – Af Balselskaber omtales kun det forenede Balselskab.
 

Dans og selskapsliv i Christiania på 1850 og 1860-talet fortalt av historikaren og geografen Yngvar Nielsen

Yngvar Nielsen (1843-1916) var historikar og geograf. Han var leiar for Etnografisk Museum 1877-1916 og frå 1890 professor i geografi ved Universitetet iOslo. Han skreiv ei mengde artiklar og bøker om historiske og geografiske emne og var ein av våre første fotturistar, og kjent for si Reisehaandbog over Norge som kom i 12 opplag mellom 1879 og 1915. Han var aktiv høgremann og ein konservativ historikar. Han skreiv mykje om tida kring 1814, og skreiv fleire store biografiar, også ein om eidsvollsmannen grev Herman Wedel Jarlsberg, som også vart Noregs første statthaldar i åra 1836 -1840. Yngvar Nielsen var son av telegrafdirektør Carsten Tank Nielsen, og gift med barnebarnet til grev Wedel Jarlsberg. Yngvar Nielsen var god ven med kong Oskar II og var lærar for borna til kongen.

På sine eldre dagar ga han ut fleire "Erindringsbøker" mellom dei "En Christianiensers erindringer fra 1850- og 60-aarene". Her skriv han svært detaljert om personar og hendingar frå denne tida, mellom anna om selskapslivet i Christiania. Her kan du lese nokre avsnitt frå denne boka. Som det framgår var Yngvar Nielsen ein svært aktiv deltakar i det finare selskapslivet i Christiania på 1860-talet, og ein ivrig balldansar. Men han skriv ikkje noko om kva dei dansa på desse mange balla. Dei fleste ball han omtaler gjekk føre seg i heimane til rikfolk i byen eller i sumarbustadane deira. Men han fortel også at det vart gjort freistnad på å halde offentlege ball i byrjinga av 1840-talet i det nybygde Losjebygget. Han fortel også litt om det fine "Ballselskabet Foreningen".