Nokre bilete frå Symra sin tur til USA august 2008

Frå turneen med buss til Junction City, Portland og Poulsbo
(From the tour with bus to Junction City, Portland and Poulsbo)
Tilbake til hovudsida

Etter at vi kom til Seattle frå San Francisco og hadde vore der i 3 dagar, reiste vi med buss på ein danseturne til Junction City der vi overnatta to netter, reiste så nordover att til Portland, der vi overnatta ei natt, og så vidare til Poulsbo, der vi også overnatta ei natt, og så tok vi ferje tilbake til Seattle neste morgon. Den veka vi var i Junction City var det Nordisk folkedansstemne der, og kvar dag var via til eit av dei nordiske landa. Då vi hadde framsyning på fredag, var det finsk dag. Christine Anderson hadde ordna med kontakt med dei lokale leikarringane, og over alt fekk vi overnatte i private hus. Overalt vart vi svært godt mottekne og hadde det fint både på stemnet og hos dei lokale vertane.
I Junction City hadde vi to framsyningar på den store scena, kl 15 og kl 19. Begge gongene gjekk det fint og vi fekk skryt av mange. 
I Portland og i Poulsbo var opplegget tilsvarande og mottakelsen like fin. Vi hadde framsyning i begge byane, og det gjekk fint. I Poulsbo hadde vi også 2 timar med instruksjon.

After arriving at Seattle from San Francisco and having stayed there for 3 days, we went by bus on a dance tour to Junction City, where we stayed for two nights, drove then north again to Portland, where we slept one night, and then to Poulsbo, where we also slept for one night, and then we took the ferry back to Seattle the next morning. The week we visited Junction City, Nordisk Folkedansstemne took place, and each day was dedicated to one of the nordic countries. When we had our performances on Friday, which was the Finnish day. Christine Anderson had arranged contact with the local leikarrings, and we had the opportunity to stay i private houses. Everywhere the reception was very good, and we had a good time both at the stemne and by our local hosts.
In Junction City we had two performances at the big stage, at 3 pm and 7 pm. In both cases the performances were good, and we were praised by many.
In Portland and Poulsbo the arrangement was similar to that in Junction City, and we were received very well. We had performances in both cities, and everything turn out well. In Poulsbo we also led a 2 hour workshop on Norwegian folk dances.

 


Her er vi klar utanfor losjen i Seattle, og ventar på bussen. Aud og Oddvar med ryggen til, Agnes til høgre.
  

Her ser vi glimt frå bussen. Bak ser vi Benjamin spele. Iblant spela også Solvor og Halvard. Fremst sit Jørgen og Agnes, og deretter Aud, jarle, hilde og Petter.
  

  
Etter nokre timar, litt sør for Portland, stoppa vi ved eit stort fint vinslott, Willamette Valley Vineyards, som også hadde utsiktstårn. Her var det lunch (innkjøpt felles) og vinsmaking. Her ser vi lunchbordet på terassen. Frå venstre Tore, Inger O., Marianne, Anne Grete, Ingrid, Jarle, Jørgen, Inger Frøydis og Hallvar.


Her er vinsmakinga i full gang - 6 ulike vinar. Visstnok var ikkje alle like gode.
       
  
Då vi kom til Junction City vart vi møtt av "sjefen" for Symras besøk der Caroll og Don Nilesen og ved deira elektriske forretning. Herifrå masjerte vi til ein lokal losje og fekk middag - ekte kjøtkaker.
 

Her frå eit av dei andre middagsborda i Junction City: Anders, Hilde, Benjamin og Marianne.
   

Om kvelden gjekk vi rundt på stemneområdet og her var det masse boder og mykje rast å få kjøpt. Og på to scener var det framsyning av folkedans heile dagen, og vanleg dans om kvelden. Her ser vi Inger Frøydis, Anders, Marianne, Inger og Hallvar.
  

Vebjørn seier nokre innleiande ord før framsyninga tar til.
        

Her er det ein lokal leikarring som viser sine kunster på den store scena. Biletet er teke bakfrå.
  

Dette biletet er frå innleiingssekvensen
   

Her er framsyninga i gang
    

 Her dansar vi gamal reinlender
   

Her er det Fransese
         
 

Kørsdans frå Valdres
        

Her er det hagefest heime hjå Peggy Potterf i Junction City. Oddvar leier allsangen, Benjamin spelar gitar, Marianne og Hallvar i framgrunnen, og Anders, Inger Frøydis og Solvor i bakgrunnen.
  

På hagefesten, frå venstre Ingrid, Jørgen, Anne Grethe, Anders, Tore, Marianne, Benjamin, Inger, Halvard
  
 

Her skålar vi for Caroll Nilsen (rødt beger) for ho har førebudd alt så vel for Symra sitt besøk. Fremst: Jørgen, Ingrid, Live, Einar og Grete.
  
  

   På hagefesten var det både songdans og stordans, og til slutt dansa vi Fanitullen. Petter og Vebjørn viste Oksdansen. Og Benjamin spela så Fanitullen framifrå.
  

Her er det også allsang, i framgrunnen marianne, Benjamin, Hallvar og Gunnar. I bakgrunnen Jørgen, Anders og Inger Frøydis.
     

Vi tar avskjed med huset og husfrua der vi budde - Carol og Tom Endersby - hyggjelege vertar som overalt elles. Frå venstre Carol og sonen på 14 år og Inger Frøydis. Tom stod på stand på messa.
   

Avskjed og avreise ved huset til Carol og Don Nielsen. Frå venstre Ingrid, Einar, Carol og Grethe.
  

 
Vi er komne til Portland, utan stopp på turen, difor ein time for tidleg. Folk fekk seg lunch i nærleiken av losjen. her er vi på kinarestaurant litt nede i gata: Benjamin, Marianne, Inger Frøydis og Anders

 

 

 


Det var nokre timar før det skulle vere middag og framsyning og våre vertar budde eit stykke utafor byen. Difor gjekk vi på vandring langs dei mange løftebruene ved elva. Inger Frøydis og Sandra Miller.
 

Her får vi oss middag i kjelleren på losjen i Portland.
 

Mange vil ta ein titt på bilete og film på Marianne sin PC. Frå venstre Ingrid, ?, Einar, Tore, Inger og Live. Gro sit i sofaen.
    

Inger Frøydis var heldig og møtte ein slektning som budde i Portland og som ho ikkje hadde sett før, men dei hadde sendt epost til kvarandre.
  

Inger Frøydis møtte også ei barndomsveninne som ho ikkje hadde sett på mange 10-år. Ho heitte også Frøydis - "bare Frøydis".
      

Så er framsyninga i gang også i Portland i losjen der. Det var ganske varmt!
 

Her dansar vi RotnheimsKnut
 

Her går vi marsj og skal byrje med Fandango
     

Her er vi visst i gang med ein ril? Etter framsyninga var det triveleg dans for alle.
     

Så barst det heim til vertsfolka Sandra og Gary Miller. Her er det blitt ny dag og vi ser Inger Frøydis og vertinna  Sandra framfor eit skap med mange ting frå Skandinavia, særleg frå Sverike. var president i foreninga for Scandinavian heritage, og dei streva med å samle pengar til eit museum/brukshus for norden-samarbeidet. Ho hadde slektningar i Sverike og hadde vore i Sverike og Noreg mange gonger.
  

På veg til Poulsbo passerte vi den kjente Takoma brua som datt ned, men som er bygd opp att. I Poulsbo vart vi møtt med mange norske flagg og velkomenn-plakatar. Her ser vi plakaten på den flotte losjen til Sons of Norway.
   

I Poulsbo hadde vi 2 timars instruksjon i norsk folkedans, og det var mange som møtte opp.




   

Så vart det dekka til god middag, og her ser vi eit av middagsborda. I framgrunnen Inger Frøydis, Linda og Fred Aalto. Linda og Fred  rettleier Leikarringen for dei vaksne.
  

Så er framsyninga i Poulsbo også i gang.

 

Frå framsyninga i Poulsbo. Petter, Inger, Gro og Peder dansar Stjernetur.

 

På framsyninga i Poulsbo var det som vi ser også mange born som såg på, og det var ekstra hyggjeleg!
Inger, Gunnar, Inger og Peder.

Frå slutten av Stjerneturen - valsen. Vebjørn, Inger Frøydis, Petter, Hilde, Inger og Peder.
   

Her er det Inger Frøydis som syng Ro fjorden.
    

Her dansar vi Gilleråsen frå Nordmøre. I næraste oppsettet: Agnes og Thor (fremst), Inger Frøydis og Vebjørn og Inger og Hallvar.

 
 
Her dansar vi Fransese.
 

Det er frukost i Poulsbo - heime hjå vertane våreFred og Linda Aalto. Dei hadde god kjennskap til nordisk folkedans og hadde budd i Finland i ca 10 år.
 

Her ser vi på utsikta frå ferja bakover.

 

Dagen etter tok vi ferja frå Poulsbo-halvøya inn til Seattle. Det var fin utsikt frå ferja i alle retningar.
Her er Marianne, Benjamin og Inger Frøydis.

Vi nærmar oss Seattle med si fine "skyline" i downtown.
Dermed var ein strålande rundtur slutt - vi hadde møtte mange hyggjelege folk, flinke dansarar, trivelege vertar over alt!