Nokre bilete frå Symra sin tur til USA august 2008
Turen til vestkysten i USA vart avslutta
med ei helg på Camp Brotherhood - det såkalla Norsk Folkedans stemne 15.
- 17. august. Her var det samla folkedansarar og instruktørar frå mange
stader i USA og Canada, og Symra skulle lære bort norske folkedansar.
Camp Brotherhood ligg ute i skogen ca 10 mil nord for Seattle. Der har
Norsk Folkedans stemne halde til i 20 år. Stemnet vart ei travel, men
svært hyggjeleg oppleving. The trip to the west coast of USA was finished with a weekend at Camp Brotherhood - the so called Norsk Folkedans stemne 15 - 17 august. Here folk dancers and instructors from many places in USA and Canada were gathered, and Symra was going to teach norwegian folk dances. Camp Brotherhood is situated in the wood about 10 Norvegian mil north of Seattle. Norsk Folkedans stemne has been there for 20 years. The stemne turned out to be a very busy, but very nice experience. |
Hovudbygget blir kalla Warren-senteret. Her ser vi nokre av deltakarane ved inngangen. I framgrunnen Benjamin, Anne Lise, Gunnar og Jarle (med fele). |
Symrafolket og ein del andre budde i fine rom i ei stor "campinghytte". Her ser vi frå verandaen at det er viktig å få tørka bunaden og anna tøy. |
Frå ein av instruksjonstimane - Vebjørn og Inger V. instruerer og Solvor spelar. |
Frå ein annan instruksjonstime |
Her er det dans om kvelden |
Frå eit av romma. Marianne ordnar og Vebjørn slappar av
|
Norske og amerikanske spelemenn i fint samspel om kvelden: Solvor, Nancy, Benjamin, Bill og Christine. |
Her er det dans på laurdagskvelden - mange har bunad pga framsyning og fotografering. Lory og Larry dansar til venstre. |
Marianne vinkar frå "balkongen" |
Christine Andersson var leiar for Norsk Folkedans stemne, og hjelpte Symra med å organisere og tilrettelegge heile opphaldet i USA. |
Larry var ein sentral person i organiseringa av stemnet - her i fin Sunnfjordbunad. Han gjorde også videoopptak av dansane som vart instruert i og av Symra si framsyning. |
Larry gjev beskjed om eitkvart. Som vi ser var det varmt under stemnet |
Her lærer vi songdans |
Inger Frøydis traff ei som hadde røter i Valdres - Karen Thompson i Grieg Lodge #15 Portland. |
Inger Frøydis og Christine |
Laurdag ettermiddag var det fotografering - her er alle frå Symra (nokre hadde då reist attende til gamleleandet). |
Nesten det same som ved sida av |
Frå Poulsbo var det mange flinke dansarar - dei fleste born. |
Her er gruppa frå Canada |
Ei samling dansarar med bunad frå Hallingdalsområdet frå venstre Live, Lory, Hallvar, Gro og Inger O. |
Nokre med Trønder-bunad. Bill, Hilde og Anders. Bill (til venstre) hadde ansvaret for lydopptaka, og var ein ihuga spelemann |
Nokre med Sunnmørsbunad - frå venstre: Petter, Gerry Folkestad, Karin Gustafsen og Vebjørn. |
Inger Frøydis og Vebjørn saman med husverten Virginia Stout |
Leikarringen som arrangerte campen - Leikarringen i Leif Erikson Lodge i Seattle |
Nokre frå Symra kviler seg under kveldsdansen (frå venstre) Peder, Jarle, Gro, Marianne, Anders, Hilde og Inger. |
Leikarringen frå Canada viser eit par dansar laurdagskvelden |
Nokre av dei unge viser Tretur frå Fana med variasjonar |
Dansarane frå Poulsbo viser nokre av sine dansar |
Nokre av dei unge viser det dei har lært i Hallin-kurset |
Dansarane frå Poulsbo viser ein dans til |
Nokre av dei unge viser sine halling-kunstner |
Her skal hatten ned! Marianne held stonga. |
Her blir hatten borte! |
Dei fleste spelemennene som var med på allspelet: Benjamin, ?, ?, Solvor, Halvard, Lory, ?, Nancy, ? og Bill. |
Benjamin spelar Fanitullen |
Dei som var med i hardingfeleklassen: Bill, ?, Solvor og ? |
Søndag fekk Christine ei gåve frå Symra for alt ho hadde gjort for å tilretteleggje turen for Symra. Det var ei brosje som Anders hadde laga. |