Nokre bilete frå Symra sin tur til USA august 2008

Frå opphaldet i Seattle og turen til Mt. St. Helens.

(The stay in Seattle and the trip to Mt St. Helens)

Tilbake til hovudsida

Dei fleste av oss (24 stk) kom til Seattle frå San Francisco tirsdag 5. august med fly. Dei andre kom direkte frå Noreg, det var Hilde og Petter, Solvor og Benjamin, så til saman vart vi 29 stk. Frå Flyplassen Sea Tac vart vi frakta med privatbilar til Leif Erikson Lodge i Seattle, og der vart vi henta av våre vertar. Vi vart plassert på 17 ulike adresser.
Så var vi i Seattle i 3 dagar. Den første dagen  nytta nokre til å gjere lydopptak hos Bill av musikk og songar som skulle læraast bort på Camp Brotherhood. Alle var med då det dagen etter vart gjort video-opptak av dei dansane vi skulle lære bort.
Så var vi igjen 3 dagar i Seattle frå tirsdag 12. august til torsdag 14. august. Desse dagane kunne vi bruke til diverse. Onsdag var nesten alle med på bussturen til Mt St. Helens. På fredag reiste vi så til Camp Brotherhood. Grete og Einar reiste direkte til Noreg.
Så var vi igjen ei natt i Seattle. Søndag ettermiddag reiste vi attende frå Camp Brotherhood til Seattle og overnatta hjå vertane våre til måndag då vi tok flyet til Norge. Nokre i fylgjet reiste tilbake til Noreg direkte frå Camp Brotherhood laurdag morgon.
 

Most of us (24) came to Seattle from San Francisco on Tuesday august 5 by airplane. The rest came directly from Norway, that was Hilde, Petter, Solvor and Benjamin, so we were a total of 29. From the airport Sea Tac we were taken by private cars to Leif Erikson Lodge in Seattle, and there we were picked up by our hosts. We were distributed on 17 different adresses.
We were in Seattle for 3 days. The first day some of us made audio recordings at Bill's house of the music and the songs we were going to teach at Camp Brotherhood. The whole group participated the next day when the dances were filmed, the dances we were going to teach.
Then we again stayed for 3 days in Seattle from Tuesday august 12 to Thursday august 14. These days were free to do different things. Wenesday almost all participated on the bus tour to Mt St. Helens. On Friday we went to Camp Brotherhood. Grete and Einar went directly to Norway.
Then we had another night in Seattle. Sunday evening we went back to Seattle from Camp Brotherhood and slept overnight by our hosts to Monday. Then we took the airplane to Norway. Some in the group left for Norway directly from Camp Brotherhood Saturday morning.
 


Frå Leif Erikson Hall vart vi henta av vertane våre. Verten vår (Inger Frøydis, Vebjørn, Marianne og Anders) var Virginia Stout som budde fint til på Capitol Hill i eit staseleg, 100 år gamalt hus. Før vi kom heim, fekk vi sjå på solnedgangen over Seattle.
  

Her er vi saman med vertinna Virginia på det særmerkte kjøkenet hennar, med strålande utsikt over ei av buktene over til Universitetet i Washington og den blå fjellrekkja i bakgrunnen. Virginia, Inger Frøydis, Anders og Marianne.
  

Morgonen etter var det tur til Nordic Heritage Museum, og her er vi utafor museet.



Det var eit spennande museum som viste korleis innvandrarane hadde det den første tida. Her var også eigne avdelingar for dei ulike nordiske landa. her fotograferer Benjamin Inger Frøydis i ei indianermaske, medan anders og Marianne ser på.
  

Etter museumsturen var det spasertur og lunch ved dei enorme slusene som vistnok skulle vere dei største i verda ette Panamakanalen. Her var det også moro å sjå på laksetrappene. På biletet ser vi Vick, Marianne, Anders og Benjamin. Vicki var ein svært velvillig og hyggjeleg sjåfør og dansar med røter i Sverike.
  

Her får vi middag på kjøkenet til Virginia, og Christine er komen innom for å hente oss til lydopptak om kvelden. Inger Frøydis, Marianne, Virginia, Christine og Anders.
  

Lydopptak heime hjå Bill og Gina Boyd. Her er det Hallvar som er i sving medan Anders høyrer på. Dei som var aktive under innspelingane var Marianne, Anders, Inger Frøydis, Vebjørn, Hallvar, Solvor og Benjamin.


 

Her syng Inger Frøydis inn sine stev.
  

I bakgrunnen gjer Solvor seg klar til innspeling, Benjamin stemmer fela, Christine sjekker papira og Marianne snakkar med Bill.




 

Solvor i full konsentrasjon under innspelingane.
  

Solvor og Benjamin er i gang med innspelingane. Marianne ser på, og Oddvar tar bilete i bakgrunnen. Oddvar og jarle budde hos Bill og Gina.


 

Her er det Benjamin som konsentrerer seg.
  

Dagen etter møttest alle i Leif Erikson Hall for å gjere video-opptak. Her samlast vi på Kaffistova Symrafolk, vertar og andre som brukar å gå her. Det vart musikk og allsang! I framgrunnen Marianne, Gerry Folkestad, Inger O, Peder, og lenger bak Agnes og Kari. Mannen på trekkspel heiter ?.

Eit bilete til frå Kaffistova.Hallvar til høgre. Rundt bordet Inger O., Gerry Folkestad. Lenger bak Anne Grete, Oddvar, Tore, Marianne, Anders Inger Frøydis.







  

Allsangen er i full gang - her er det Mannen som gjekk ut etter øl som pågår. Anne Grete og Tore og Marianne syng for full hals.

 

Etterpå vart det videoopptak av dei dansane vi skulle lære bort på Camp'en i den store fine hallen, der det var svært fint dansegolv. Larry stod for opptaka, og det gjekk raskt og greitt. Larry er også rettleiar i Leikarringen i Leif Erikson Lodge.
Her er det Beth Kolle og Vebjørn som testar golvet i ein polska medan Benjamin spelar.
  

Beth Kolle er musikar, og spelar harpe og andre instrument, og har spesialisert seg på nordisk og keltisk musikk. (Sjå heimesida hennar her.)
Ho har også halde konsertar der borte saman med Kirsten Bråten Berg. Beth har vore mykje i Noreg og pratar og skriv norsk. Beth og Vebjørn.




 

Torsdags kveld var det hagefest og grilling heime hjå Elaine og Paul Everitt. Dei budde litt utafor byen i kenmore nordaust for Lake Wasington. Her ser vi nokre på den store verandaen: ?, Gunnar, Peder, Einar, Grethe og Inger O.
  

Her er det fleire som får seg mat på Hagefesten: rundt bordet: Solvor, Virginia, ?, ?, ?, ?. Ståande Anne Grete og Bill.
  

Her sit dei på rekkje og rad: Agnes, Gro, Jarle, Thor, Benjamin, Petter, Hilde, Live og Bo (ståande).
   

Inne i stova til Elaine og Paul vart det rigga til prosjektor og PC og alle fekk sjå videoen "Symra i snø" som vart laga for nokre år sidan.

Det vart musikk også. Her ser vi ?, Bill, Hallvar og Benjamin.
  
 

Etter turen til Oregon, som det er bilete av ein annan stad, kom vi attende til Seattle på tysdag. Om kvelden var det Laksemiddag og offentleg framsyning. Laksemiddagen var utseld fleire dagar føreåt. Middagen smakte utmerka, og med svært god dessert. Her er frå eit av borda med heidersgjester frå Symra: Fremst Inger Frøydis og Tore.
 

Her er det andre heidersbordet med Symra-folk. Fremst Anders og Gunnar.

 

 


Vi gjer oss klar til framsyninga i Seattle. Eit rom i 2. etasje vart brukt til felles omkledning.. Fremst Einar, Solvor og Marianne. Bak Peder, Kari, Agnes og Anders.

  

Så er framsyninga i Seattle i gang. Her er det Vebjørn som innleier. Pga felene bad vi om at ai conditioninga vart slått av, og det gjorde at det vart skikkeleg varmt!
 
  
Alle i stram givakt i innleiinga med Rotnheims-Knut.

 


  


Her skal vi starte på rullen. Fremst frå venstre: Inger Frøydis, Vebjørn, Marianne, anders, Inger og Peder.
  

Her går vi masj til Fandango. Inger Frøydis, Vebjørn, Marianne og Anders.
  

Her er vi i gang med gamal reinlender. Vi ser Hilde, Anne Lise, Gunnar, Agnes, Thor.
   

 


  
Her er det spelemann/kvinne som får vist seg fram: Benjamin og Solvor.Anne Grete og Peder fremst på kvar side.
 
   
Etter framsyninga i Seattle med påfylgjande dans bar det igjen heim att til vertane. Her er Inger Frøydis og Virginia på terassen. Marianne og Anders har no flytta til ein annan vert, ein god ven som Anders har i Seattle.

Onsdag reiste dei fleste på busstur til Mt St. Helsns, med same buss og same hyggjelege sjåfør som vi hadde på turen til Oregon. Vi speida stadig etter fjell i det fjerne, og Mt Raigner var mektig til stades over alt.
  

Vi stoppa og hadde medbrakt god lunch ved Silver Lake, etter at vi hadde teke av frå hovudvegen A5. Dette var ein fin stoppeplass.

 

Frå Silver Lake var det fin utsikt til Mt St. Helens i det fjerne, men lyset gjer at fjellet ikkje er lett å sjå.
  

Opp gjennom dalen mot Mt St. Helens stoppa vi på eit par plassar der det var utsikt mot fjeller og dalen.
Inger O. og Kari til venstre og Jørgen i midten.
  
 

Her er utsikt nedover dalen, og viser korleis lavaen har strøymt.
   

På det siste senteret var det strålande utsikt over fjellet. Her fekk vi også sett ein fil om vulkanutbrotet i 1980, som sprengde bort ein stor del av toppen av fjellet.Inger Frøydis ser på.
  

Sjølv om vi no var i ca 2000 m høgde, var det utruleg kor mange blomstrar som fanst. Inger Frøysdis og Petter på vegen.
    

Torsdag var mange på utflukt til Tillicum Village og/eller til Boeing-fabrikkane nord for Seattle. Mange nytta også anledninga til å besøke Space Needle - det høge utsiktstårnet midt i byen. Her sr vi utsikt frå tårnet mot Downtovn Seattle.
 

Fredag var det så tida komen til å dra til Camp Brotherhood. Mange som framleis var handlesugne reiste med van innom ein Factory Outlet på vegen til Camp Brotherhood. Men eg reiste saman med vertinna Virginia, og her har vi funne ein roleg rasteplass der vi får oss ein god medbrakt lunch.
  

På den same rasteplassen var det reist opp restane etter eit spesielt stort tre som hadde vakse i området og som hadde vote frakta hit og dit. her har Virginia teke bilete av meg (Vebjørn) framfor treet.
  

Etter at vi kom tilbake frå Camp Brotherhood på søndag, var det igjen overnatting hjå vertane. Vi kunne ikkje la vere å ta eit bilete av det fine romet vårt hjå Virginia, og den spesielle senga vår.
  

Her er Inger Frøydis og Vebjørn saman med Virginia framfor huset "vårt".
  

No var også Marianne og Anders attende hjå Virginia, og sidan Paul Everitt kom og hjelpte til å frakte oss til Leif Erikson Lodge, så kunne det bli bilete av alle saman: Vebjørn, Marianne, Virginia, Inger Frøydis og Anders.
Takk for eit fint opphald i huset til Virginia!