Nokre bilete frå Symra sin tur til USA august 2008

Frå opphaldet i San Francisco
(From the stay in San Francisco)
Tilbake til hovudsida

Den 19. august reiste 18 stk frå Gardermoen via Stockholm og Chicago til San Francisco. 6 stykker (Ingrid, Jørgen, Anne Grete og Tore, Agnes og Kari) hadde reist eit par dagar før til Las Vegas og dei kom til San Francisco med bil seinare på kvelden.Til saman var vi altså 24. Vi budde alle på hotell Renoir, nær Cicic Centre, ein grei stad i sentrum av byen. Frukost var ikkje inkludert, så kvar morgon måtte vi på byen og finne litt mat. Elles deltok dei fleste på dei ulike aktivitetane som var planlagt: Vintur til Napa Valley, Tur til Muir (Redwood-skog) og byen Sausalito, tur til det nedlagde fengselet Alcatraz, hagefest i San Jose med medlemer av leikarringen Nordahl Grieg, tur med Cable Car og tur til den norske sjømannskjerka. Elles var dei fleste med på båttur på San Francisco Bay og under Golden Gate, tur til "The most crooked street in the world", sightseeing med buss, tur til Chinatown og Fishermans Wharf, og shopping rundt om i byen. Veret i byen var fint heile tida - betre enn vanleg - sjølv om det var litt kjøleg om kvelden (ca 15 C), og det bles ein del. Difor kjøpte neste alle seg ekstra billege vindjakker til ca 100 kr. I det heile vart opphaldet i byen ein strålande start på USA-turen. Tore hadde bestillt bilettar til dei ulike aktivitetane på Internett og han ordna opp i mange ting under turen.

August 19 18 from Symra went by airoplane from Gardermoen, via Stockholm and Chicago til San Francisco. Six people (Ingrid, Jørgen, Anne Grete, Tore, Agnes and Kari) left a couple of days earlier for Las Vegas, and they came to San Francisco by car in the evening. Thus we were a total of 24. Vi stayed all at the hotel Renoir, an OK place in the center of the city, close to Civic Centre. Breakfast was not at the hotel, so we had to find something to eat in the streets around. Most of us participated in the planned activities: Wine tour to Napa Valley, trip to Muir (Redwood  forest) and the small town Sausalito, trip to the former prison Alcatraz, garden party in San Jose with members of the Nordahl Grieg Leikarring, trip with the Cable Car and visit at the Norwegian Seaman's church. Most also joined on sightseeing with boat on San Francisco Bay and under the Golden Gate, a visit to "The most crooked street in the world", sightseeing the town by bus, visit at Chinatown and Fishermans Wharf, and shopping in the town. The weather was nice every day - better than normal - but it was a little cool at night (about 15 C), and a little windy. Therefore allmost all bought an extra wind jacket for about 100 kr. The stay in the town thus was a splendid start of the USA tour. Tore had ordered tickets to the different places on Internet, and he organized a lot of things during the trip.


 


Her vantar vi på flyplassen i Chicago. Ein enorm plass!
Vi starta frå Fornebu tidleg (frammøte kl 6!), flaug til Stockholm og vidare til Chicago. Fremst Jarle, Gunnar og Anne Lise. lenger bak: Peder, Inger O., Inger V., Grete, Einar og Trond.


På flypaassen i Seattle, vi venter i samla flokk på flyplass-toget.
Trond, Hallvar, Aud, Inger Frøydis, Einar, Gro, Marianne, Anders, Live, Oddvar, Anne Lise, Gunnar og Peder.
  

Middag andre kvelden i San Francisco. Dei fleste møttest på ein restaurant litt opp i gata vi budde ved Market Street. Peder, Trond, Gro, Jarle, Aud, Inger O., hallvar, Anne Lise, Gunnar, Inger Frøydis og Oddvar.



 

Vi er på veg i buss til Muir. Vi passerte då Golden Gate-brua, som her er fotografert frå bussen, før vi kom til brua.

På veg inn i Redwood-skogen i Muir. Det vart ein av dei finast opplevingane.
  

Vi er på veg innover i Reddwood-skogen. Svære dimensjonar over alt.
  

Nokre som spaserer i Redwood-skogen. Frå venstre Anne Grete, Inger Frøydis, Gro, Grete, Marianne og Jarle.
  

Nokre til som har stoppa opp under vegs i redwood-skogen. Frå venstre Gro, Einar, Grete, Anne Lise, Inger O, Inger V., hallvar, Oddvar og Inger Frøydis.
  

Store dimensjonar over alt. Peder, Inger Frøydis,
  

På plass inn mellom nokre tre: Anders, Marianne, Inger Frøydis og Vebjørn
  

På veg attende frå Muir hadde vi også havblikk
  

På veg tilbake frå Muir stogga vi nokre hyggjelege timar i Sausalito - ein liten rikmannsby på andre sida av San Francisco Bay. Det minna oss om strendene i Italia eller Frankrike.Her får vi mat på ein italiensk restaurant. Anders, Inger Frøydis, Agnes, Peder, Oddvar, Marianne, Inger V., Tore, Einar og Grete.
  

Vi spaserte litt på stranda, og kom forbi det flotte treet. Inger Frøydis, Anders og Marianne.
  

Vi tok ferja tilbake til San Francisco - i strålande ver og med fin utsikt i alle leier.
   

Her ser vi deler av Alcratraz frå båten idet vi fer forbi.



 

På ferja tilbake til San Francisco hadde vi fin utsikt til fangeøya Alcatraz.
  


 

Vi budde like ved Civic Centre, og her ser vi frå Market street. Live, Inger Frøydis, Gro og Aud.
   

Dei fleste var med på båttur på San Francisco Bay. Her er vi på veg under Golden Gate-brua.
  

Her ser vi golden Gate frå ein annan vinkel. Peder (til venstre) fotograferer også.
   

På båtturen gjekk vi rundt Alcatraz på nokså nært hald. Marianne fotograferer.
  

Her ser vi også Alcatraz på nært hald.
   

Mange tok Cabel Car - her står vi i ein times kø ved Fishermans Wharf for å kjøpe billett. Fremst: Anders, Marianne, Oddvar, Inger Frøydis.
   
 
Her køyrer vogna avgårde - fullt både inni og utapå.
    

Slik gjekk det for seg når vogna snudde - med handemakt.
   

Ein ellermiddag var vi invitert til hagefest hjå ein av medlemene i Nordahl Grieg Leikarring i San Jose. Det var eit stykke sør for byen, og det tok nokså lang tid å kome dit, men vi hadde ein som henta oss.
Oddvar, Anne Lise, Jarle, peder, Gro, Inger V., Hallvar, Ingrid, Jørgen, Tore og ?.
  

Her er vi på plass på spleisefesten i San Jose. Det var mykje god mat å få. Einar, Trond, Inger, Aud, Anders, Hallvar, Inger O., Jarle og Agnes.
  

Vi møtte mange med slekt i Noreg, og som hadde vore på dans i landet vårt.
?, Inger Frøydis, ?, Marianne.
  

To dugande på torader, hallvar og ?, sytte for fin dansemusikk i San Jose.
   

Her er alle dei dugande spelemenn/kvinner i gang med norsk folkemusikk - dansemusikk.
?,?,?,?,?
  

Det vart også ein del songdans i San Jose. Men her er det visst ein musikkdans som er i gang.
  


Søndag vart det tur til Sjømannskjerka. Vi kom så vi fekk vere med på gudstenesta. Etterpå var det sjølvsagt vafler og anna godt. Inger, Einar, Grete, Anders, Marianne og Inger Frøydis.
   


Her dansr vi songdans i Sjømannskjerka under kirkekaffien. Jarle, Live, Oddvar, Inger Frøydis, Vebjørn, Marianne, Anders, Kari, Trond, Peder.
Peder traff også kjentfolk frå sine heimetrakter på Kjerka.
  

Meir songdans. Vi dansa Ung Åslaug og Mellom bakkar og berg. Gro, Jarle, Live, Oddvar, Inger Frøydis, Vebjørn, marianne, Anders, Trond, Inger V., og Peder.

Sjømannkjerka låg fint til i bakkane ovanfor fishermans Wharf. Her ser vi utsikten frå terassen Inger Frøydis, Aud og Tore.
  

Her er vi på veg til Alcatraz - den kjente tidlegare fangeøya, nå museum. Dei fleste var med på turen, det var fleire vekers ventetid på bilettar.

Her ser vi ein av dei kjente fangekorridorane med fleire etasjer.
  

Framfor eit par av cellene. Vi vart styrt rundt av eit informativt lysband. Agnes, Live og Kari.
   

Det var strålande utsikt frå fengselet inn mot byen.
   

På veg inn att mot San Francisco.
  

Dei fleste tok ein tur til "The most crooked street in the World"
  


Her er utsikt frå The most crooked street - Marianne og Anders



  
 
Her går vi og spaserer i Chinatown - Inger Frøydis
   

Her står Marianne og Inger Frøydis framfor inngangsporten til Chinatown.
  

Union Suare var ein sentral møteplass i byen - med mange butikkar! Her får vi oss litt mat der - Marianne, Anders og Inger Frøydis.
  

I strøket der vi budde var det mange uteliggarar - men dei var veldig hyggjelege. Her er Inger Frøydis saman med ein gjeng av dei. Dei ville gjerne ha ei visky for biletet!
  

Så er det slutt på ferien i San Francisco og vi er på flyplassen på veg mot Seattle. Peder, Inger V., Einar, Marianne, Anders, gunnar, Inger Frøydis, Aud, Jørgen, Tore og Anne Grete.