Nokre bilete frå Symra sin tur til USA august 2008
(Some pictures from Symra's trip to USA August 2008)

 
Tilbake til hovudsida

Frå 30 juli til 19. august var Symra på tur til Vestkysten av USA - i San Francisco først og deretter i Seattle-området.

Først var det 6 dagar "ferie" i San Francisco, og så var det turne i Seattleområdet. Der var vi mest i Seattle der vi budde privat hjå medlemer i leikarringane der, mest Leikarringen til Leif Erikson Losje i Seattle.

Men vi var også på ein 4 dagars tur til Junction City, Portland og Poulsbo, før vi kom attende til Seattle. På denne turneen var det 4 framsyningar.

Attende i Seattle var det om kvelden såkalla Laksemiddag i Leif Erikson losjen og framsyning etterpå med påfølgjande dans.

Så hadde vi eit par dagar i Seattle med diverse "sightseeing". Mellom anna var dei fleste med på ein svært fin dagstur til fjellet Mt. St. Helens.

Turen til vestkysten i USA vart avslutta med ei helg på Camp Brotherhood - det såkalla Norsk Folkedans stemne 15. - 17. august. Her var det samla folkedansarar og instruktørar frå mange stader i USA og Canada, og Symra skulle lære bort norske folkedansar, folkemusikk, folkesong og bunader.. Camp Brotherhood ligg ute i skogen ca 10 mil nord for Seattle. Der har Norsk Folkedans stemne halde til i 20 år.
Desse bileta er tekne med Vebjørns kamera, så utvalet er nokså skeivt.

From July 30 to August 19 Symra had a trip to the west cost of USA - first in San Francisco and then in the Seattle area.
First we had 6 "holidays" in San Francisco, and then on a tour in the Seattle region. Most of the time we stayed in Seattle, wher we were accomodated privately by member of the Leikarrings, mostly the Leikarring of Leif Erikson Lodge in Seattle.
But we also embarked on a 4 day trip by bus til Junction City, Portland and Poulsbo, before we returned to Seattle. On this tour we had 4 performances.
Back in Seattle, in the evening we participated in the socalled Salmon Dinner at Leif Erikson Lodge, followed by a performance and public dance.
Then we had a couple of days in Seattle with sightseeing. Most of the group participated in a one day very nice bus trip to Mt St. Helens.
The tour to the west coast of USA finished with a weekend at Camp Brotherhood - the Norsk Folkedans stemne August 15 - 17. Here  folk dancers and instructors from many places in USA and Canada were gathered, and Symra was going to teach Norwegian folk dances, folk music, folk songs and folk costumes. Camp Brotherhood is situated in the woods about 70 miles north of Seattle. Norsk folkedans stemne has been there for 20 years.
The photos are taken with Vebjørn's camera, so the selection is quite biased.

Vebjørn
 


Frå overfarten til USA og opphaldet i San Franscisco

Frå Seattle

Frå Bussreisa til Junction City, Portland, Poulsbo og attende til Seattle.

Frå Norsk Folkedans stemne på Camp Brotherhood siste helga.
 

 

Introduksjon til framsyningane/ Introduction to the performance

Brosjyre med framsyningsprogrammet/ Handout with program of performance

 

Referat frå turen: notes from the trip