Spelemenn og rettleiarar før og nå

Tilbake til hovudsida

Innhald
Innleiing

Spelkvinne og spelemenn i Symra

Rettleiarane vår 

Andre spelemenn før
Andre rettleiarar før
Liste over spelemenn og rettleiarar

 


Innleiing
I ein leikarring har spelemannen og rettleiaren svært viktige oppgåver. Både den faglege standarden og trivselen i ringen er svært avhengig av dei.

I Symra har gjennom åra hatt mange flinke spelemenn og rettleiarar. Mellom tidlegare spelemenn står Jon Tryti og Knut Trøen i ei særstilling. Jon var fast spelemann i ringen frå 1967 til 1994. Med unntak av fem år var Jon alle desse åra spelemann på øvingane.Til saman godt over 20 år. I tillegg var Søren Skaar fast spelemann på kurs og framsyningar i nærpå15 år. Kåre Limseth på trekkspel var også ein trufast spelemann på ei lang rad festar og folkedanskveldar, og på kurs. Knut Trøen var fast spelemann i Symra i åra 1984-89 og 1996-sumaren 2002.

Rettleiarane har alltid hatt kortare fartstid. Av dei som har vore rettleiar lengst er vår eigen Dag Evensen - som har rettleidd i to periodar til saman over 5 år.  Helge Holmin som var rettleiar i 5 år på første delen av 1980-talet. Hausten 1998 og året 1999 hadde Brit Håland hovoudansvaret for rettleiinga.På 2000-talet har Vebjørn Bakken, Inger Frøydis Bakken, Dag Evensen, Marianne Dahl/Anders Saxhaug og Per Kr. Elvestad rettleidd mykje.
til toppen av sida


Spelkvinne og spelemenn i Symra
Solvor Sundsbø har vore fast spelkvinne på øvingane i Symra frå hausten 2002. Ho har i mange år spela i Bærum spelemannslag og spelar også ein del for Sogn og Fjordane ringen. Ho spelar både hardingfele og vanleg fele. Ho har utdanning i klassisk fiolinspel. I dag spelar no mest folkemusikk. Våren 2002 spela ho saman med Knut Trøen på ein del av øvingane i Symra, seinare mest åleine. Ho har dei siste åra også spela på øvingar i bygdedansar. Frå 2005 har Benjamin Kehlert også spela saman med Solvor på eindel av øvingane. Benjamin spelar mest fele, og har spela for ringen på fleire utanlandsturar og framsyningar. Han spelar også på øvingar i Leikarringen i BUL Oslo og i gruppa "Fant og fente". Lars Petter spelar trekkspel og er også ofte med og spelar på øvingar i ringen. På kaffikveldar og festar har vi ofte eit heilt orkester der alle tre spelar saman. På biletet ser vi frå venstre Benjamin, Solvor og Lars Petter.
Dei siste åra har Solvor vore den faste spelkvinna i laget, delvis saman med andre på trekkspel eller fele.

til toppen av sida


Rettleiarane våre 
Heilt frå starten i 1960 til 2001 har det normalt vore ein rettleiar som har hatt ansvaret for instruksjonen på øvingane i Symra. Eit par år frå hausten 2001var det ikkje vore fast rettleiar på øvingane, men ei blanding av rettleiarar frå Symra og eksterne "gjesterettleiarar". Mellom gjesterettleiarane finn vi Folke Flateland, Brit Håland, Astrid Skrindo og Victoria Carlsen/Bjørn Carlin,  Guro Hernes, Turid og Magne Sørøy og Anne Hval Jensen/Geir Halstensrud. Av medlemene er det Vebjørn Bakken, Per Kristian Elvestad og Marianne Dahl/Anders Saxhaug, Inger Frøydis Bakken og Dag Evensen som inngjekk i rettleiarteamet. Frå 2005 har det vore medlemer i ringen som har stått for rettleiinga. Det er Marianne Dahl/Anders Saxhaug, Dag Evensen og Vebjørn Bakken/Inger Frøydis Bakken. Sjølv om det er fleire rettleiarar som deler på oppgåvene, blir det kontinuitet i rettleiinga. For kvar semester blir det sett opp eit "kjerneprogram" som består av 10 songdansar og 10 musikkdansar og som det blir lagt ekstra vekt på det halvåret. I tillegg repeterer vi dansar frå året før og øver regelmessig på "framsyningsdansane" våre og andre dansar som er vanleg i bruk i folkedansmiljøet.


Dag Evensen

Marianne Dahl

Anders Saxhaug

Inger Frøydis Bakken

Vebjørn Bakken
til toppen av sida

 

Andre spelemenn før
Knut Trøen
Dei siste 10-15 åra har Symra er så heldig å ha Knut Trøen som fast spelemann. Som leikarring-spelemann er han truleg i dag den mest allsidige i landet. I åra 1984-89 var Knut fast spelemann på øvingane i Symra. I 1996 overtok Knut som einaste spelemannen i ringen etter Svein Knoff, og spelar no både på øvingar, kurs av ulike slag og på framsyningar.
Knut Trøen er frå Vestre Slidre i Valdres, fødd i 1932. Han lærte å spele hardignfele då han voks opp der. Første fela fekk han som 2-åring - det var faren Torgeir som laga den. Faren var også den første læremesteren hans, men etter kvart var det Lars Bjerke og Harald Fylken han lærde mest spel av i heimegrendene.
Knut kom til Oslo i 1950. Han byrja straks i laget for Folkemusikk. På den tida var det Kjetil Løndal og Torleiv Bolstad som var leiarar der, men det var Gullik Kirkvoll Knut lærde mest spel av her i Oslo. Heilt frå 1960 til i dag har Knut meir og mindre fast hatt gamaldanstrio. Mannskapet har varierte ein del gjennom åra. Den første tida var det ofte saman med Kåre Limseth, og Bjørn Stenerud og Brustad. Seinare oftast saman med Åge Grundstad. Trioen til Knut spela i desse åra på ei lang rad festar og folkedanskveldar i Oslo og bygdene omkring. Knut fortel at tidleg på 60-talet var han saman med Kari Nussle på piano på folkedanskveldar i Halli. "Eg stod på ein stol og spela utan høgtalar. Det var så varmt at det rann både av meg og fela. Men det var moro lell."
Saman med Åge Grundstad spela Knut inn ein serie med turdansar og gamaldansar for Noregs Ungdomslag. Desse er no overført til CD. I 1978 spela han - saman med Grundstad/Melbostad/Karlson - inn ei plate/kasett med gamaldans frå Valdres.
Knut byrja ikkje å spele for leikarringar før i 1962. Det var for ungdomsringen i BUL - berre ei kort tid. Så byrja han i Sogn og Fjordaneringen i 1963 og var fast spelemann der heilt til 1977. Nokre år spela han også for Barneleikarringen på Folkemuseet og for Leikarringen i BUL. I 1984 byrja Knut som fast spelemann for ulike ringar i BUL, og han spelar der enno.
 
Knut har ofte vore med leikarringar utanlands som spelemann. Til saman 9 gonger har han vore på spelferd i USA - 8 av gongane med SAS-ringen. Ein gong til Korea og Japan og ein gong til Kuwait - også med SAS. Ein gong spela han med Vancouvre Symfoniorkester då har vitja leikarringen der. I 1975 var han i Wien med Sogn og Fjordaneringen. I 1995 var han med Symra som spelemann på turen til Praha og NeuBrandenburg saman med ungjentene Liv Merete Kroken og Liv Antun, og i 1997 til Nordleik i Wasa. Mange andre utanlandsturar med fela har det også blitt gjennom mange år mellom anna Nordleik i Odense og i Vejle. Hausten 1999 byrja Knut som fast spelemann på øvingane i Oslo Songdanslag.

Knut har vunne 1.-premie på kappleikar i alle tre klassane, B- A- og C-klassen. Han spela seg opp i A-klassen på landskappleiken på Notodden i 1963, etter at han var eit år heime i Valdres. Men Knut har ikkje vore nokon trottig deltakar på kappleikar.

Då Knut byrja som spelemann i Symra første gongen i 1984, hadde han spela ein del for Symra, men ikkje så svært mykje. Det var på ein del framsyningar, og nokre folkedanskveldar. Knut les ikkje notar, men likevel spelar han "alt". Han er ein svært allsidig spelemann. Han spelar til mange ulike bygdedansar, så vel som alle slags turdansar og gamaldans. Sumaren 2002 overlet Knut den faste spelemannsjobben i Symra til Solvår Sundsbø, men spela framleis på festar kaffikveldar og framsyningar i ringen. På julefesten i 2002 vart han utnemnd til æresmedlem i Symra.

Som mange andre spelemenn har Knut mange feler. Han hadde i mange år ei Røstadfele som han kjøpte i 1966 for kr 4500, men som han selde for ei tid sidan. Ei Gunnar Helland fele laga i 1932 fekk han kjøpt billeg av Gullik Haugen. Han har også ei Jon Tjønn-fele, ei Frøysa-fele og ei laga av Kjetil Flatin i tillegg til feler som faren laga. Dei siste par åra har han spela mykje på ei fele som Erling Aaming har laga. Her er eit bilete av fela og felemakaren.

I kring 2000 spela Knut inn ei rad slåtter og runddansar for Folkemusikknemnda i Valdres. Til saman er det ca 150 nummer med gamalt Valdresspel som dermed er teke vare på for ettertida.

Jon Tryti
Av tidlegare spelemenn i Symra står Jon Tryti  (bilete til høgre) i ei særstilling. Første gongen han spela for Symra var på eit julebord på Gildevangen i 1963. Han spela på sitt første kurs i ringen i 1966. Frå nyttåret 1967 vart han fast spelemann i Symra, og det var han - fem av åra saman med Knut Trøen - til måtte slutte av helsegrunnar sumaren 1994. Til saman blir det 27,5 år! I tillegg til å spele på øvingane og kaffikveldane, spela Jon også på ei lang rad kurs - nybyrjarkurs, vidaregåande, bygdedanskurs, rekkjedanskurs og anna. Han har også spela på eit utal framsyningar, på svært mange festar og folkedanskveldar, og på mange turar innanlands og utanlands. Sjå også spesiell omtale av Jon Tryti.

Ein annan trufast spelemann i Symra var Søren Skaar (bilete til venstre). Søren var ikkje spelemann på øvingane, men han var fast spelemann på ei lang rad kurs og framsyningar. Søren byrja i Symra i 1970 og var fast tilknytta ringen i nærpå 15 år. Søren spela på i alt 27 offentlege kurs for Symra. Søren var oppvaksen i ytre Sogn - fødd i 1905, men etter lang tid i politiet i Lofoten flytta han til Kjeller der dei bygde hus på heimegarden til kona Karly. Som pensjonist arbeidde han på Universitetet på Blindern. Søren spela også for andre ringar, Særleg Peer Gynt ringen på Lillestrøm, og var i mange år med i Vestlandsgruppa i Laget for Folkemusikk. Søren spela hardingfele. Søren var ein svært triveleg spelemann som alle i ringen sette stor pris på. Av bygdedansar spela han mest vestlandsspringar og rull. Søren døydde i mai 1998.

Kåre Limseth (bilete til høgre) er vel kjend i Oslo-området for alle som har vanka i folkedansmiljøet dei siste 30 åra. Han spelar trekkspel og budde på Movatn. Ved årsskiftet 1996/97 flytta Kåre og kona Esther Marie til Haugesund - heimbyen hennar. Kåre og Esther gifta seg i 1987. Saman med andre - svært ofte Jon Tryti - eller åleine har han sytt for god dansemusikk på eit utal kaffikveldar, leikfestar, folkedanskveldar og kurs i mange ringar, særleg i Oslo og Movatn, men også i grannebygdene og vidare omkring. Kåre spela også mykje saman med Knut Trøen og andre felespelarar.
På slutten av 50-talet stifta Kåre Sørbråten Leikarring på Movatn og var spelemann der heilt til han flytta. Det var på ein kulturkveld der - med dansarar frå Oslo Songdanslag - at Jon og Kåre i 1963 trefte kvarande og spela saman første gongen. Det vart starten på 32 års speling saman for Kåre og Jon. Kåre har rekna ut at dei i desse åra spela saman ca 1000 kveldar! Aller mest spela dei i Songdanslaget. Dei 2-3 siste åra spela Jon og Kåre saman også på øvingane i Songdanslaget. Men Kåre og Jon spela også svært ofte saman i Symra.
Av yrke er Kåre målar og dekoratør. Han restaurerte ei lang rad offentlege bygg, mellom anna Slottet, Akershus festning, Nasjonalteateret og Universiteta i sentrum og på Blindern, og er den leiande eksperten på dette i Noreg. Svært mange i leikmiljøet i hovudstaden saknar den blide og dugande spelemannen.

Den aller første spelemannen i Symra var Ivar Medås (bilete til høgre). I 1960 var han nyss komen til Oslo, og hadde byrja å spele i BUL. Medås var flink å spele hardingfele, hadde godt humør og var ein spilloppmaker. Han song også viser og spela gitar. Medås spela det første året i Symra. Han spela også på ein del folkedanskveldar.

Den andre spelemannen var Sigurd Frogner (bilete til venstre) frå Numedal. Han var og er ein dugande spelemann på hardingfele, og spela i Symra i vel eit år 1961-62. Han vart også brukt av NU sentralt. Vinteren 61/62 var han på spelferd til USA. han flytta attende til Numedal i 1963.


Den tredje spelemannen var den dugande setesdølen Søren Nomeland (bilete til høgre) som spela frå hausten '62 til Jon Tryti overtok på nyåret 1997. Søren var alt då ein velkjend spelemann mellom folkedansarane i Oslo. Han hadde spela i BUL i mange år, og på mang leikfestar og folkedanskveldar både i Halli og i Teatersalen. Han var og flink å danse gangar. Framover til først på 70-talet, då han flytta til Seljord, var Søren kanskje den aller mest brukte spelemannen i Oslo.

Hausten 1984 overtok Knut Trøen (bilete til venstre) som  spelemann på øvingane i Symra, og vart fast spelemann i ringen saman med Jon Tryti. Frå hausten1989 bytta Jon og Knut roller, og Jon Tryti spela på øvingane att fram til sumaren 1994.
Hausten 1994 og i 1995 var Svein Knoff fast spelemann i Symra. Halve vårsemesteret 1996 var Liv Merete Kroken spelemann, før Knut Trøen overtok ved påsketider 1996 og var spelemann til sumaren 2002. Då overtok Solvår Schneider.

Halvard Opheim frå Hallingdal har vore medlem i Symra frå tidleg på 80-talet. Han lærde seg å spele torader i vaksen alder og vart snart ein dugande spelemenn. Han har vore med i "Symraorkesteret" i mange år og frå tidleg på 2000-talet vart han fast spelemann på gamaldans/folkedans-kursa i Symra.

til toppen av sida

Andre rettleiarar før
Eli-Brit Johnsen (bilete til høgre) frå Porsgrunn var første rettleiaren i Symra. Vinteren før hadde ho vore leikeliar i NU, men måtte slutte fordi "halsen hennar ikkje tolde røyninga" som det stod i Norsk Ungdom. Ho var i Symra i vel eit halvt år.

Astrid Hole (bilete til venstre) var frå Oslo, men hadde røter på Sunnmøre. Ho hadde dansa mykje i BUL og var røynd rettleiar. Vart i 1965 gift med Dag Hernes, og var i mange år ihuga med i BUL, ihuga i arbeidet med bunader, og i nokre år også redaktør i Olivant.Ho rettleidde i Symra i ca eit halvt år.

Hausten 1961 var Målfrid Arne (bilete til høgre) rettleiar. ho var dotter til den kjende folkehøgskulestyraren ved Møre folkehøgskule Einar Arne. Ho var nett komen til Oslo frå ei danseferd i Edenburgh, og vart aktivt med i BUL og Sunnmøringen. I 1964 gifta ho seg med forfattaren Pål sundvor, og dei flytta seinare til Bergenskanten.

Den første mannlege rettleiaren var sogningen Arne Ohnstad (bilete til venstre) - også han BUL-mann. Han hadde dansa i framsyningsringen der i mange år. Seinare flytta han til Molde og budde der til han døde ca 1990. Han rettleidde i 1962 og 1963.

Våren 1964 rettleidde romsdalingen Audun Toven (bilete til høgre) - den første frå eigne rekkjer. Han var allsidig og flink både som dansar, spelemann, songar og rettleiar, og var flink til å få folk med seg. Utpå hausten reiste Audun til USA og slo seg seinare til der. At han reiste var eit tap for den unge ringen.


Hausten 1964 og våren 65 rettleidde sognejenta Liv Midttun (bilete til venstre). Ho hadde vore fast tilsett leikleiar i NU frå 1957, og både då og seinare har ho vore ein av dei sentrale personane i NU sitt arbeid med folkedansen.

Frå hausten 1965 til sumaren 1967 var gausdølen Helga Holte Olsen (bilete til høgre) rettleiar. Ho hadde dansa svært mykje i BUL, og hadde lang røynsle som rettleiar og var ein svært dugande dansar. Ho gjekk på leiklærarkurset på Voss i 1947 med Klara Semb og Ola Straumsheim som lærarar. Seinare var ho sjølv lærar på mange kurs. Ho var den første fast tilsette leikleiaren i NU til Liv Midttun overtok i 1957. Helga har også seinare lagt ned eit stort arbeid for folkedansen - særleg i BUL.


Hausten 1966 og våren 1967 var sunnmøring og Symra-medlem Kari Salvesson (bilete til venstre) rettleiar sume gonger til bytes med Helga Holte Olsen. Kari flytta seinare til Valdres og har vore lærar på den vidaregåande skulen på Fagernes.

Vinteren 1966/67 var også Ole Ekornes (bilete til høgre) rettleiar i Symra. Han rettleidde Draumkvede for ei utvald gruppe dansarar. Han var ein svært velrøynd dansar og rettleiar frå BUL og frå ei lang rad kurs i NU, og svært flink songar. Han er elles kjent som illustratør av mange rettleiingsbøker.

Hordalendingen Signe Nygård (bilete til venstre) rettleidde hausten 1967 og våren 1968. Ho var med i BUL frå 1950, og rettleidde Framsyningsringen i mange år og Barneringen, og i hordalaget. Ho gjorde ein stor innsats for leikarbeidet i BUL på 50-, 60- og 70-talet.

Magne Bell (bilete til høgre) rettleidde nokre månader hausten 1968, så overtok broren Noralf Bell (bilete til venstre) og hadde oppgåva til sumaren 1970. Bell-brørne hadde dansa mykje i BUL i Oslo og i Trondheim. Dei var oppvaksne i Sunnfjord og på Sunnmøre. Noralf vart også medlem i Symra. Noralf flytta seinare til Trondheim og deretter til Molde og har dreve med folkedans og rettleiing der.

Arild Degrum (bilete til høgre) var rettleiar i 3 år, frå hausten 1970 til sumaren 1973. Arild var frå Enebakk, hadde dansa i Oslo Songdanslag i 10 år, og var rettleiar der og i andre ringar - Ås Landbrukshøgskole og SAS-ringen - i mange år. Han var godt omtykt som rettleiar.

Hausten 1973 og våren 74 var Symras eigen Erik Hestnes (bilete til venstre) rettleiar. Erik hadde då vore aktivt med i Symra frå 1969 - før det i BUL og Hordaringen. Erik var oppvaksen i Aurdal. På 70- og første helvta av 80-talet var Erik ein av dei mest sentrale dansarane i Symra og gjorde ein stor innsats på mange område, som rettleiar, framsyningsdansar og kurslærar ikkje minst. Han var også rettleiar i 1985 og våren 86 og formann i 1979 og 1980. Erik har vore ein ivrig deltakar på Nordleik og Isleik.

Hausten 1974 overtok formannen i Symra - Vidar Fanavoll (bilete til høgre) - som rettleiar, nestformannen skulle fungere som formann. Vidar var frå Lofoten, hadde vore aktiv i Symra 2-3 år, og vart ståande som rettleiar i 4 år til sumaren 1978. Vidar var vel omtykt som rettleiar, var også med i symraorkesteret som habil på tussefløyte. Han flytta seinare til Porsgrunn, men har stundom vore med på samkomer i ringen.

Hausten 1978 var rettleiinga dugnadsarbeid av medlemer i ringen: Bjørn Solberg, Erik Haugros, Thorvald Rud, Anne Marcussen og Ingunn Fanavoll Øie. Dugnaden var ikkje så vellukka - det var vanskeleg å få kontinuitet i arbeidet.

Våren og hausten 1979 var Karin Lyng (bilete til venstre) frå Vestvågøy rettleiar. Ho hadde dansa i Håløygringen, vore rettleiar der og i Inn-Trøndelag. Ho var ein del sjuk, og Erik Hestnes måtte vikareiere ein del.


Våren 1980 var Aud Karin Fosstvedt (bilete til høgre) rettleiar. Aud hadde vore ein av dei mest aktive dansarane sidan ho byrja i Symra i 1969. Ho hadde dansa folkedans også før, både heime i Hordaland og i Bergen. Også i heile tida etter har Aud vore aktiv i Symra - ikkje minst har ho gjort ein stor innsats om kurslærar og framsyningsdansar.

Helge Holmin (bilete til venstre) vart rettleiar frå hausten 1980 og vart ståande i 4,5 år - ny rekord i Symra. Helge var oppvaksen på Vestlandet, kom til Oslo i 1963, hadde dansa mykje i Songdanslaget og i Hordaringen - også som rettleiar - og hadde vore reiseinstruktør i Valdre og Firda Ungdomslag. Han var også aktiv korsongar - mellom anna i Con Amore.

Erik Hestnes (bilete til høgre) rettleidde frå våren 1985 til sumaren 1986, sjå omtale ovanfor. Han var den første som rettleidde to bolkar i Symra. Dag Evensen vikarierte nokre gonger for Erik når han var borte.

Hausten 1986 og våren 87 var Brit Håland (bilete til venstre) rettleiar. Hausten 1998 vart ho på nytt rettleiar i Symra, og hadde hovudansvaret for rettleiinga H98 og året 1999 (med Vebjørn Bakken og Dag Evensen som vikarar). Ho hadde dansa i Oslo Songdanslag i nesten 20 år, hadde vore leikleiar i NU i fleire år og lærar på sumarkurs. I åra etter har ho også vore ein svært aktiv folkedansar, mange år rettleiar i songdanslaget , ei tid i Høgdaringen, og hatt mange oppdrag for NU. Brit er frå Oslo og har svært lang og allsidig røynsle både som folkedansar, rettleiar og administrator innan ulike greiner av folkedans og folkemusikk. Brit byrja å danse i Oslo Songdanslag i 1969, og denne ringen har vore den faste basen hennar gjennom alle år. Her har ho vore rettleiar i mange år og halde mange kurs av ulike slag. Ho har også dansa mykje framsyning og vore med på turar i inn og utland. For eit par år sidan tok ho studiet i folkedans ved Universitetet i Trondheim. Brit har også rettleidd i andre ringar, seinast i Høgdaringen. I fleire år var Brit tilsett i NU og hadde ansvaret for folkedansen der. Seinare har ho ofte vore nytta som lærar på ulike kurs i NU, både sumarkurs og andre. Brit dansar fleire bygdedansar, og har vore domar i dans på kappleikar. Ho har også arbeidd mykje i Nordleik, i Rådet for folkemusikk og folkedans (der ho i 1999 vart leiar), og hatt andre tillitsombod. I det sivile har Brit arbeidd mest med barne- og ungdomsarbeid i kommunane, for tida i ein av bydelane i Oslo. Brit bur i Oslo.

Hausten 1987 overtok Symras eigen Dag Evensen (bilete til høgre) som rettleiar og stod til sumaren 1991. Han var også rettleiar frå påsketider 96 til sumaren 98. Han var også vikar-rettleiar hausten 98 og våren 99. Han er den som har hatt lengste arbeidsdagen som rettleiar i Symra. Første kontakten med folkedans fekk han på eit kurs i gamaldans i laget Ryggsekken våren 1979 med Hans Nussle som rettleiar. Dag syntest dette var moro, og hausten 1979 byrja han på folkedanskurs i Symra. Det var heile 50 deltakarar på kurset. På julefesten på Skytterkollen same hausten fekk han så første kontakten med resten av Symra-miljøet. Han byrja på øvingane i Symra i 1980, og allereide same året gjekk han på rettleiarkurs.
Dag lærde fort, og alt året etter var han sjølv rettleiar på nybyrjarkurs i Symra. I åra etterpå var han lærar på fleire kurs i folkedans. Dag vart kjend som den som kunne alle versa på alle songdansane. Ikkje minst kunne han ei mengd vers på stordansvisene. Dag er godt likt som rettleiar. Han har ein roleg, litt avslappa stil. Han har ein lun humor og morosame kommentarar og er alltid godt førebudd til øvingane. Dag har også vore rettleiar på kurs i Fransese og Lancier og på mange framsyningsøvingar. 

Hausten 1991 byrja Johan Einar Bjerkem som rettleiar i Symra og heldt på til sumaren 1994. Han var frå Trøndelag, og trass sine unge år var han ein svært røynd dansar og rettleiar. Han hadde dansa i BUL Oslo og Trondheim. Det følgde ein frisk vind med Johan Einar - han fekk dansarane med seg og hadde morosame kommentarar og påhitt. Han er ein dugande dansar, flink å syngje, flink i rekkjedans og å skipe stordans. Både då og seinare har han hatt mange oppgåver for NU - også som leiar for folkedansnemnda og som leiar i NU.
torunh.jpg (8871 bytes)

Hausten 1994 var Torun Hernes Bjerkem rettleiar i Symra. Ho overtok etter mannen sin Johan Einar, og mora Astrid Hernes hadde også rettleidd i Symra tidleg på 60-talet. Torun var ein dugande rettleiar med lang røynsle frå folkedansen både før og etter tida si i Symra.
signemarie.jpg (9574 bytes)
Våren 1995 var Signe Marie Hernes rettleiar - søster til Torun. Til liks med Torun har Signe Marie dansa mykje i BUL. Ho spelar også fele i Østerdølenes spelemannslag. Seinare har ho vore med i Folkedansnemnda i NU.



Klara Lie var rettleiar nokre månader hausten 1995. Ho var frå Trøndelag og hadde dansa nokre år i BUL.


Utpå seinhausten 1995 overtok Tom Skjeltorp som rettleiar. Tom er frå Østfold, men hadde dansa i mange år i BUL Nidaros, og teke folkedansstudiet i Trondheim. Han hadde også rettleidd i BUL Nidaros. Han slutta ved påsketider 1996.


Frå påske 1996 overtok Dag Evensen som rettleiar att og var det til sumaren 1998. Sjå nærare omtale ovanfor.

Frå hausten 1998 overtok så Brit Håland som rettleiar att og var rettleiar også våren 1999 (med Dag Evensen og Vebjørn Bakken som faste vikarar). Hausten 1999 delte Brit Håland og Vebjørn Bakken på rettleiinga. Brit  var også rettleiar på 80-talet (sjå omtale ovanfor). 

 Våren 2000 overtok Vebjørn Bakken som rettleiar og var det til sumaren 2001.  Vebjørn byrja med folkedans i Hordaringen i 1967, men skifta over til Symra i 1969 og har vore med der sidan. Han gjekk på sumarkurs i NU i 1970 og har etter det vore rettleiar på ei rad kurs både i Symra og andre stader. Han har dei siste åra rettleidd på ulike kurs i Symra i bygdedansar frå Møre og Romsdal og Vestlandsspringar. Vebjørn har  dansa mykje framsyning. Han var leiar i Symra i 1990-91 og i 1994, har vore redaktør for bladet og elles hatt mange oppdrag for ringen. Vebjørn er frå Vatne på Sunnmøre, og har budd i Oslo sidan 1963.
      Hausten 2001 fekk ikkje styret nokon fast rettleiar. Resultatet vart at Vebjørn Bakken, Per Kristian Elvestad og MarianneDahl/Anders Saxhaug tok på seg rettleiinga som ein dugnad.

Frå våren 2002 fekk vi ei ordning med gjesterettleiarar frå andre ringar kombinert med at dei faste "virkarrettleiarane" frå Symra tok nokre øvingar. Gjesterettleiarar våren 2002 var Folke Flatland, Astrid Skrindo (bilete til høgre). Ho er Oslojente men har slektsrøtene på begge sider frå Hallingdal. Ho har heile livet dansa mykje i BUL, der ho også har vore rettleiar for barnegrupper.Seinare på våren overtok Victoria Carlsen og Bjørn Carlin gjesterettleiarar. Dei har rettleidd i BUL. Victoria har dansa i mange år i Sogn og Fjordane ringen, medan Bjørn mellom anna hadde dansa i BUL Nidaros i fleire år. Per Kristina Elvestad, Vebjørn Bakken og Marianne Dahl/Anders Saxhaug rettleidde også nokre gonger.

Hausten 2002 hadde ringen same ordninga som om våre. Gjesterettleiarane var Folke Flatland (BUL), Guro Hernes (BUL) (bilete til venstre), Anne Hval Jensen og Geir Halstensrud ("Kjerringa med staven") (bilete heilt til høgre)og Turid og Magne Sørøy (Noreg, Drammen) (bilete til høgre). "Vikarrettleiarane" var dei same som om våren. Vi fekk lære mange nye og interessante dansar av dei nye rettleiarane.

Våren 2003 hadde også ringen same ordninga med gjesterettleiarar og vikarrettleiarar. I 2003 rettleidde også Bjørn Sverre Haugen eit par gonger i Pols frå Finnskogen.

I 2004 og 2005 var rettleiinga delt mellom rettleiarar frå ringen: Inger Frøydis Bakken, Vebjørn Bakken, Dag Evensen, Per Kristian Elvestad og Marianne Dahl/Anders Saxhaug. I tillegg har Britt Håland vore fast med i rettleiargruppa. I 2005 har dessutan Torill Schinstad (bl.a. slengpolska) og Dagfinn Aa (Binsjöpolska) rettleidd. Seinare hadde Inger Frøydis Bakken, Vebjørn Bakken, Dag Evensen, og Marianne Dahl/Anders Saxhaug rettleiinga til våren 2014. Frå 2015 har Dag Evensen, Per Kr. Elvestad og Marianne Dahl delt på rettleiinga.

til toppen av sida


Liste over spelemenn og rettleiarar i Symra
Rettleiar Tidsrom Rettleiar Tidsrom Spelemann Tidsrom
Eli-Britt Johnsen H60-V61 Aud Fosstvedt V80 Ivar Medås H60-V61
Astrid Hole V61 Helge Holmin H80-H84 Sigurd Frogner H61-H62
Målfrid Arne H61-V62 Erik Hestnes V85-V86 Søren Nomeland H62-H66
Arne Ohnstad V62-H63 Brit Håland H86-V87 Jon Tryti V67-V84
Audun Toven V64 Dag Evensen H87-V91 Knut Trøen H84-V89
Liv Midttun H64-V65 Johan Einar Bjerkem H91-V94 Jon Tryti H89-V94
Helga Holte Olsen H65-V67 Torun H. Bjerkem H94 Svein Knoff H94-H95
Kari Salvesson H66-V67 Signe M. Hernes V95 Liv M. Kroken V96
Signe Nygård H67-V68 Klara Lie H95 Knut Trøen V96-V02
Magne Bell H68 Tom Skjeltorp H95-V96 Solvår Sundsbø H02-
Noralf Bell H68-V70 Dag Evensen H96-V98    
Arild Degrum H70-V73 Brit Håland H98-V99    
Erik Hestnes H73-V74 Brit Håland/ Vebjørn Bakken  H99     
Vidar Fanavoll H74-V78 Vebjørn Bakken V00-V01    
Medlemer (5 stk) H78 Vebjørn Bakken,
Per Kr. Elvestad,
Marianned Dahl/
Anders Saxhaug
H01    
Karin Lyng V79-H79 Astrid Skrindo
Victoria Carlsen/
Bjørn Carlin
Vebjørn Bakken,
Per Kr. Elvestad,
Marianned Dahl/
Anders Saxhaug
V02    
Folke Flatland
Guro Hernes
Turid og Magne Sørøy
Anne Hval Jensen og Geir Halstensrud
Vebjørn Bakken,
Per Kr. Elvestad,
Marianne Dahl/
Anders Saxhaug
H 02
    Vebjørn Bakken,
Per Kr. Elvestad,
Marianne Dahl/
Anders Saxhaug
Brit Håland
Inger Fr. Bakken
Bjørn Sverre Haugen
V/H03    
    Dag Evensen
Vebjørn Bakken,
Per Kr. Elvestad,
Marianne Dahl/
Anders Saxhaug
Brit Håland
Inger Fr. Bakken
V/H04, VH-05    
    Dag Evensen
Vebjørn Bakken,
Marianne Dahl/
Anders Saxhaug
Inger Fr. Bakken
V06-H14    
    Dag Evensen
Per Kr. Elvestad
Marianne Dahl
 
V15-    
til toppen av sida